Prop. 120 LS (2014–2015)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

11 Frådrag for innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar

11.1 Innleiing og samandrag

Departementet legg med dette fram eit forslag om å innføre frådrag for innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar. Når ein i det følgjande omtaler utanlandske pensjonsordningar, meiner ein ordningar som ikkje oppfyller vilkåra for sparing med skatteføremon etter ei av dei norske pensjonslovene.

Innbetalingar til norske pensjonsordningar gir på nærare vilkår rett til frådrag, jf. skattelova §§ 6-45, 6-46 og 6-47. Utanlandske pensjonsinnretningar etablert i ein EØS-stat kan òg tilby pensjonsordningar i den norske marknaden innanfor dei rammer som følgjer av føretakspensjonslova, innskotspensjonslova, tenestepensjonslova og lov om individuell pensjonssparing. Oppfyller ordninga vilkåra etter ei av dei nemnde lovene, har ein rett på frådrag etter skattelova §§ 6-46 og 6-47, på same vis som om pensjonsinnretninga var etablert i Noreg.

Ein person som kjem til Noreg for å arbeide eller utøve verksemd og som er medlem av ei pensjonsordning i eit anna land, har likevel i praksis ikkje rett til frådrag for innbetalingar til denne. Det følgjer av at ordninga normalt ikkje vil oppfylla vilkåra i dei norske pensjonslovene. Innbetalingar frå arbeidsgivar til ei slik utanlandsk ordning blir òg handsama annleis, og vil vere skattepliktig inntekt for ein arbeidstakar.

Ved å opne for sparing med skatteføremon i ei utanlandsk ordning fjernar ein samstundes moglege EØS-rettslege innvendingar mot gjeldande reglar. Etter avgjerda i sak C-150/04 Kommisjonen mot Danmark er det uklart om ein kan oppretthalde ei generell avgrensing i reglane mot utanlandske ordningar.

Departementet foreslår av den grunn at EØS-borgarar på nærare vilkår skal få frådrag for innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar. Det vil bli stilt krav om at pensjonsinnretninga er etablert i ein EØS-stat. Forslaget vil sikre ei meir nøytral handsaming av sparing i norske og utanlandske pensjonsordningar.

I tråd med forslaget vil det mellom anna bli stilt krav til at vedkomande har vore medlem i ordninga i minst eitt år før etablering av skatteplikt til Noreg, og at ordningane har gitt rett til frådrag. På same vis som i dei norske ordningane vil ein krevje at alderspensjon er hovudytinga i ordninga. Frådraget kan ikkje overstige dei innskotsgrenser som følgjer av tenestepensjonslova. Viss skattytar er medlem både i ei norsk og ei utanlandsk ordning, får ein berre frådrag under den norske ordninga.

Departementet viser til forslag til ny § 6-72 i skattelova.

11.2 Gjeldande rett

I samsvar med reglane i skattelova får ein i arbeidstilhøve berre frådrag for kostnader til sikring av pensjon knytt til ordningar etter føretakspensjonslova, innskotspensjonslova og tenestepensjonslova, jf. skattelova §§ 6-45, 6-46 og 6-47. I tillegg får ein frådrag for sparing i offentleg tenestepensjon samt i visse ordningar etablert for særlege grupper. Omtala i det følgjande vert avgrensa til dei private ordningane, som i denne samanheng er dei ordningane det er naturleg å samanlikne utanlandske ordningar med.

Pensjonsordningar oppretta i samsvar med ei av dei tre pensjonslovene gir rett til pensjonssparing med skatteføremon. Det inneber at ein får frådrag for kostnad til sikring av pensjon etter skattelova §§ 6-45, 6-46 og 6-47. Avkastinga av midlane blir ikkje skattlagd. Skattleggjing skjer først når ytinga vert betalt ut. Både avkasting og tilbakebetaling av innbetalt beløp blir då skattlagde som pensjon. Pensjon inngår, på same vis som løn, i grunnlaget for personinntekt, men med lav sats for trygdeavgift, jf. skattelova §§ 5-1 første ledd og 12-2 bokstav b. Det følgjer av folketrygdlova § 23-3 at trygdeavgift skal svarast med lav sats.

Pensjonsordningane skal som hovudregel omfatte alle arbeidstakarar i verksemda. I tillegg kan arbeidsgivar mv. òg bli medlem. Næringsdrivande som ikkje er omfatta av innskotspensjonslova § 2-3 første ledd, kan opprette si eiga pensjonsordning med frådragsrett, jf. § 2-3 andre ledd og skattelova § 6-46 fjerde ledd.

Skattelova fastset ikkje ei beløpsgrense for frådraget. Skattelova viser til pensjonslovene, men heller ikkje der har ein fastsett beløpsgrenser. Pensjonslovene gir i staden reglar om opptening av pensjon. I utgangspunktet er det medlemen sin skattepliktige løn, utrekna personinntekt eller anna godtgjering for arbeid opptil 12 G som gir rett til opptening av pensjon, jf. føretakspensjonslova §§ 5-4 og 5-7, innskotspensjonslova § 5-5 og tenestepensjonslova § 4-2 andre ledd. Taket for opptening av pensjon gir ei øvre ramme ved utrekning av pensjonskostnaden, og denne kostnaden vil danne grunnlaget for frådraget.

Føretakspensjonslova definerer ikkje maksimale tilskot, men maksimale ytingar, jf. § 5-7. I forskrifta til innskotspensjonslova er det fastsett nærare reglar om innskotsgrenser for ordningar etter denne lova. Etter § 3-2 i forskrifta kan innskota ikkje settjast høgare enn sju prosent av løn opptil 12 G, og med eit maksimalt tilleggsinnskot på 18,1 pst. av løn mellom 7,1 G og 12 G. Dei same grensene følgjer av tenestepensjonslova § 4-7 første ledd. I tillegg får ein frådrag for visse kostnader utover den einskilde sin berekna del av årleg premie og innskot. Storleiken på frådraget vil avhenge av nivået på ytinga eller innskotet i vedkomande si ordning innanfor frådragsramma.

Viss arbeidstakarane skal bidra med ein del av årleg innbetaling, er det eit vilkår at pensjonsordninga har reglar om dette. Innbetalingar frå ein arbeidstakar kan ikkje overstige halvparten av samla innbetaling frå arbeidstakar og arbeidsgivar, jf. føretakspensjonslova § 9-4 andre ledd, innskotspensjonslova § 5-6 og tenestepensjonslova § 4-17 andre ledd. For sjølvstendig næringsdrivande mv., er taket sett til fire pst. av eit utrekna inntektsgrunnlag, jf. innskotspensjonslova § 2-3 andre ledd.

Innretningar som er etablert i ein annan EØS-stat kan òg tilby pensjonsordningar i den norske marknaden. For at ein skal ha rett til frådrag i slike tilfelle, må ordninga oppfylle vilkåra etter ei av dei norske pensjonslovene.

11.2.1 Krava etter EØS-avtalen

I sak C-150/04 Kommisjonen mot Danmark fann EU-domstolen at dei danske pensjonsskattereglane var i strid med fleire grunnleggjande fridomar i EU-traktaten. Dei danske reglane ga tidlegare berre frådrag for innbetalingar til pensjonsordningar etablert i Danmark. Domstolen kom til at dette innebar ein restriksjon på retten til å yte tenester på tvers av landegrensene, men òg på etableringsfridomen og den frie rørsla for arbeidstakarar. Domstolen viste mellom anna til at dei danske reglane kunne utgjere ei hindring for retten til fri rørsle, viss ein utanlandsk arbeidstakar allereie var medlem i ei pensjonsordning i heimstaten.

Frå dansk side blei det trekt fram fleire grunnar som kunne forsvare dei restriktive reglane, men alle blei avvist. Til grunngivinga om effektiv skattekontroll og å motverke omgåing av skattereglane meinte domstolen at ein kunne tilpasse seg gjennom kontroll av innbetalingar og krav til dokumentasjon. Domstolen nemnde òg at ein medlemsstat uansett kunne skaffe seg informasjon om betalingar til og frå ordninga, mellom anna ved hjelp av direktivet om informasjonsutveksling.

Til påstanden om at reglane var naudsynte av omsyn til samanhengen i skattesystemet (her symmetri mellom frådrag for innbetalingar og skatteplikt på utbetalingar), sa domstolen seg einig i prinsippet. Men argumentasjonen førte likevel ikkje fram, fordi symmetrien på same vis kunne bli brote ved sparing i danske ordningar – mellom anna viss ein dansk pensjonist ikkje lenger var busett i Danmark på tidspunktet for utbetaling.

Praksis frå EU-domstolen etter underteikning av EØS-avtalen gir ikkje bindande uttrykk for pliktene etter EØS-avtalen, men avgjerder frå domstolen har monaleg vekt ved tolkinga av dei motsvarande føresegnene i EØS-avtalen.

11.3 Høyringa

Forslaget har vore på høyring i perioden frå 5. desember 2014 til 9. mars 2015 og det har kome 10 høyringssvar. Fire av høyringssvara inneheld merknader. Ingen av høyringsinstansane går imot forslaget om å innføre rett til frådrag for innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar.

Landsorganisasjonen i Noreg (LO) meiner at sparing i utanlandske ordningar bør gi minst like gode rettar som tilsvarande sparing i ei norsk ordning, og er kritisk til at ein foreslår å utvide moglegheita til å stå utanfor ei norsk ordning. Skattedirektoratet har kome med fleire merknader av lovteknisk karakter og tek mellom anna opp at oppfølging av skatteplikt på tidspunktet for utbetaling, vil kunne krevje store ressursar. Pensjonskasseforeningen støttar forslaget, men går i mot vilkåra om at ein må ha vore medlem i den utanlandske ordninga i minst eitt år mv.

11.4 Vurderingar og forslag

11.4.1 Innleiing

Arbeidstakarar og utøvarar av verksemd som flyttar til Noreg og etablerer skatteplikt hit, får i dag ikkje frådrag for innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar. Skattytar må i staden kome inn under ei norsk ordning for å ha rett til frådrag for pensjonskostnader. Innbetalingar frå arbeidsgivar får òg ei anna skattemessig handsaming, og skal reknast som skattepliktig arbeidsinntekt.

Heller ikkje norske statsborgarar busett i Noreg har rett til frådrag for eventuelle innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar. Avgrensinga i retten til frådrag vil likevel først og fremst råke dei som flyttar til Noreg og tek med seg medlemskap i ei pensjonsordning frå heimstaten. Dei fleste av desse vil vere utanlandske statsborgarar.

Denne ulempa kan samstundes vere ulovleg etter EØS-retten som skjult, eller indirekte forskjellshandsaming på grunnlag av nasjonalitet. I denne samanheng er det føresegnene i EØS-avtalen artikkel 28 om fri rørsle for arbeidstakarar og artikkel 31 om etableringsfridomen, som er dei aktuelle.

Ein kan behalde restriktive reglar viss dei vert forsvarte i eit tvingande allment omsyn. På bakgrunn av avgjerda i saka mot Danmark, jf. punkt 11.2.1 er det tvilsamt om restriksjonen kan forsvarast i slike omsyn.

Departementet gjer derfor framlegg om å innføre ein regel som gir rett til frådrag for innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar. Ein viser til forslag til nye føresegner i skattelova § 6-72. Ein tek sikte på å regulere nærare reglar i forskrift. Ein viser i den samanheng til utkast til forskriftsføresegner i høyringsnotatet av 5. desember 2014.

11.4.2 Krav til pensjonstilbydar

For det særskilde frådraget for innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar foreslår ein at innretninga må vere etablert i ein annan EØS-stat. Innretninga skal samstundes ha naudsynt løyve til å utøve slik verksemd i denne staten og vere underlagd offentleg tilsyn. Viss ein utanlandsk pensjonstilbydar i alminnelegheit ønskjer å tilby tenester i den norske marknaden, må krava i norske pensjons- og forsikringslover vere oppfylte på vanleg vis. Forslaget er i samsvar med utkast til forskriftsføresegner inntekne i høyringsnotatet.

11.4.3 Pensjonsordninga

Departementet foreslår at dei same krava til pensjonsordninga som blei foreslått i høyringsnotatet, skal gjelde. Det inneber at ein berre gir frådrag for innbetalingar til ordningar som har gitt rett til frådrag i ein annan EØS-stat. Vilkåret vil òg vere oppfylt når det berre er arbeidsgivar som har betalt inn til ordninga og fått frådrag. Skattytar må òg ha vore medlem av ordninga i minst eitt år før skatteplikta til Noreg blei etablert. Til slutt krev ein at alderspensjon skal vere ei obligatorisk yting under ordninga og at alderspensjon er hovudytinga. Vilkåra vil bli regulert i ny § 6-72 i skattelova og i forskriftsføresegner.

Skattedirektoratet har i ein høyringsmerknad argumentert for at uttrykket «utanlandsk pensjonsordning» bør presiserast nærare. Mellom anna for å avgrense mot ordningar som ikkje skal gi rett til frådrag. Departementet meiner det vil vere problematisk å avgrense retten til ordningar definert som tenestepensjon. Det følgjer av at det i fleire land er mindre vanleg med tenestepensjon etablert gjennom arbeidsgivar. I slike tilfelle vil retten til å fortsette sparing i ei etablert ordning, kunne bli avskore med ein strammare definisjon. Ein bør heller ikkje i reglane avgrense mot offentlege pensjonar.

Skattedirektoratet meiner òg ein bør forklare nærare kva som ligg i at alderspensjon skal vere hovudyting. Departementet meiner ein skal forstå kravet slik at den vesentlege delen av midlane i ordninga går med til å dekkje alderspensjon for medlemene.

Pensjonskasseforeningen er kritisk til at skattytar må ha vore medlem i ordninga i minst eitt år, og til at innbetalingar til ordninga må ha gitt rett til frådrag. Foreininga viser mellom anna til at ein medlem i visse høve må tre ut av ei tenestepensjonsordning ved flytting, og teikne ny privat avtale. Departementet meiner i utgangspunktet at vilkåra er rimelege. Ein meiner òg at det er i samsvar med EØS-retten å krevje at skattytar har vore medlem i ordninga over ei viss tid, og at ordninga har vore stimulert gjennom skatteføremonar. I praksis bør ein likevel kunne opne for frådrag i dei tilfella der rettane under ei pensjonsordning vert overførte til ei anna ordning i samband med flytting mv. Kravet til at ein har vore medlem i den opphavlege ordninga i minst eitt år mv., og andre vilkår gjeld tilsvarande.

11.4.4 Subjekt for frådrag

I tråd med høyringsnotatet foreslår ein at dei nye føresegnene vert avgrensa til EØS-borgarar (statsborgarar i ein EØS-stat). Det skal òg vere eit krav for retten til frådrag at ein etablerer skatteplikt til Noreg, anten gjennom inntekt frå arbeid eller verksemd.

Forslaget omfattar dei som etablerer skatteplikt som busett etter skattelova § 2-1 første ledd. Ein foreslår òg frådragsrett for personar som blir avgrensa skattepliktige hit etter skattelova § 2-3, men berre viss heile eller tilnærma heile inntekta blir skattlagd i Noreg. Ordlyden skal i utgangspunktet tolkast på same måte som tilsvarande formulering i skattelova § 6-71 første ledd, som gjeld ordinære frådrag for avgrensa skattepliktige. Føresegna er såleis ein rettsleg standard framfor ei eksakt prosentvis grense. Det er gitt nærare rettleiing i forarbeida til skattelova § 6-71. Der føreset ein at 90 pst. av inntekta må vere skattepliktig til Noreg.

Ein skilnad gjeld likevel. Etter skattelova § 6-71 er det skattytaren si totale inntekt frå arbeid, verksemd og pensjon som skal leggjast til grunn ved ei slik vurdering. I tillegg skal ektefellen si inntekt inngå i grunnlaget. For frådrag etter ny § 6-72 i skattelova finn ein det lite rimeleg at pensjonsinntekt og ektefelleinntekt skal takast med i grunnlaget. Synspunktet byggjer på at slik inntekt normalt ikkje inngår i grunnlaget for opptening av pensjon. Ein foreslår av den grunn at det berre er skattytar si skattepliktige inntekt frå arbeid eller verksemd som skal takast med ved vurderinga.

Forslaget omfattar òg innbetalingar frå arbeidsgivar til ei utanlandsk ordning. Innbetalingar frå arbeidsgivar innanfor rammene av ny § 6-72 i skattelova skal for skatteføremål bli handsama på tilsvarande vis som innbetalingar til norske tenestepensjonsordningar. Innbetaling frå arbeidsgivar til utanlandsk pensjonsordning vil berre gi fritak frå skatteplikt når ein får frådrag etter skattelova § 6-72, jf. utkast til endring i skattelova § 5-12 sjette ledd.

11.4.5 Øvre grense for frådrag

Departementet står ved forslaget i høyringsnotatet der ein foreslår at rammene for frådraget skal følgje dei øvre grensene for årlige innskot etter tenestepensjonslova § 4-7 første og andre ledd, jf. utkast til ny § 6-72 første ledd i skattelova. Dette inneber at ein ikkje skil mellom utanlandske innskots- eller ytingsordningar. Ved administreringa av frådraget bør dette kunne lette arbeidet. Frådraget skal fordelast mellom arbeidstakar og arbeidsgivar etter storleiken på innbetalingane den einskilde dekker. Innbetalingar frå arbeidsgivar utover rammene blir handsama som arbeidsinntekt. For ein som utøver verksemd, foreslår departementet at frådraget skal avgrensast til maksimalt innskot etter innskotspensjonslova § 2-3 andre ledd, jf. utkast til ny § 6-72 andre ledd i skattelova.

11.4.6 Medlemskap i norsk og utanlandsk ordning

Innføring av frådrag for innbetalingar til utanlandsk pensjonsordning kombinert med at skattytar er (eller blir) medlem i ei norsk ordning, reiser spørsmål om det i ein periode kan innrømmast fullt frådrag under begge ordningane. Ei slik løysing vil kunne gi særs gunstig handsaming som ein bør unngå. For å hindre at ein kan spare med skatteføremon i begge tilfella, foreslår departementet at skattytar i slike tilfelle berre får frådrag etter den norske ordninga. Skattemessig handsaming følgjer då dei alminnelege reglane, og frådrag etter skattelova § 6-72 vert ikkje aktuelt. Løysinga er regulert i utkast til § 6-72 tredje ledd.

Praktiske omsyn talar for ei slik løysing og ein slepp òg å avgrense frådraget i tid. Ein unngår samstundes eit alternativ der frådraget må fordelast mellom ulike ordningar.

I utgangspunktet vil ein utanlandsk skattytar som kjem til Noreg for å arbeide etter kvart kome inn under ei norsk tenestepensjonsordning. Ein utanlandsk arbeidstakar som flyttar til Noreg, bør likevel i større utstrekning enn i dag kunne reservere seg mot pliktig medlemskap i ei norsk ordning. På den måten kan vedkomande velje å utnytte pensjonssparing med skatteføremon i den utanlandske ordninga. I tråd med forslaget i høyringsnotatet foreslår ein derfor at ein arbeidstakar på nærare vilkår kan velje å stå utanfor den alminnelege ordninga i føretaket.

For å kunne stå utanfor medlemskap i ei norsk ordning må den utanlandske ordninga oppfylle krava etter skattelova § 6-72. I tillegg må arbeidsgivar betale inn premie eller avgift til den utanlandske ordninga. Nærare reglar vil bli gitt i forskriftene til pensjonslovene.

LO går imot forslaget om at ein kan velje å stå utanfor ei norsk ordning, i tilfella der den utanlandske ordninga ikkje gir like gode ytingar. Departementet held fast på forslaget frå høyringa og grunngivinga er at eit kriterium om like ytingar, vil bli særs vanskeleg å praktisere.

Sjølvstendig næringsdrivande kan velje om dei ønskjer å opprette ei pensjonsordning etter innskotspensjonslova § 2-3 andre ledd. På liknande vis som for arbeidstakarane vil det kunne vere ein urimeleg fordel å få fullt frådrag under to ordningar på same tid. I tråd med forslaget i høyringsnotatet foreslår departementet ei tilsvarande løysing for denne gruppa. Dette inneber at frådraget ved dobbelt medlemskap vil vere avgrensa til årlege innbetalingar under den norske ordninga, jf. innskotspensjonslova § 2-3 andre ledd.

11.4.7 Kontroll av opplysningar

Norske skattestyresmakter må kunne kontrollere at den utanlandske ordninga oppfyller vilkåra for frådrag i Noreg. For å leggje til rette for slik kontroll vil ein i forskrift stille krav om at Noreg har inngått skatteavtale eller annan folkerettsleg traktat med staten der ordninga er etablert. Ein slik avtale må gi styresmaktene rett til å krevje utlevert opplysningar frå styresmaktene i den aktuelle EØS-staten. Viss det ikkje ligg føre slik avtale, kan skattytar likevel ha rett til frådrag. I slike høve må ein leggje fram erklæring frå dei relevante styresmaktene som bekreftar dei vesentlege forholda knytte til frådragsretten. Departementet antek at det først og fremst vil vere aktuelt å få bekrefta at ordninga har gitt rett til frådrag. Skattytar må òg kunne dokumentere at andre forhold knytt til frådragsretten, er oppfylt. Det gjeld krav til sjølve pensjonsordninga, at beløpa ein krev frådrag for faktisk er betalt inn, samt om eigen person. I tråd med høyringsnotatet foreslår ein ikkje særskild regulering av ei slik opplysningsplikt. I staden må ein basere seg på alminneleg opplysningsplikt i medhald av likningslova § 4-1.

11.4.8 Skatteplikt på utbetalingar

For busette gir skattelova § 5-1 den grunnleggjande heimel til å skattleggje pensjonar mv. Skatteplikta omfattar òg pensjonsutbetalingar frå utlandet til person busett i Noreg. Skattelova § 2-3 fjerde ledd gir i visse høve heimel til å skattleggje pensjonar òg når mottakaren er busett i utlandet. Grunngivinga for slik skattleggjing er nærare omtalt i Ot.prp. nr. 20 (2008–2009) om kjeldeskatt på pensjonar. Synspunktet er at det bør vere samanheng i skattesystemet mellom på den eine sida frådrag ved finansieringa av pensjonen og på den andre sida skattleggjinga av pensjonsutbetalingar.

Eit utslag av prinsippet er at skatteplikt på pensjonar òg gjeld for pensjonsutbetalingar frå utanlandsk pensjonsordning, men berre viss det er gitt frådrag for innbetalingar etter skattelova §§ 6-46 og 6-47. Skatteplikta følgjer av skattelova § 2-3 fjerde ledd bokstav c. For å sikre god samanheng i regelverket foreslår ein å innføre tilsvarande skatteplikt når det er gitt frådrag etter skattelova § 6-72. Dette er i samsvar med forslaget i høyringsnotatet. Verknaden av slik skatteplikt vil i mange tilfelle vere avgrensa som følgje av skatteavtalar.

For ikkje-busette vil ein større eller mindre del av sparinga kunne vere knytt til frådrag i norsk inntekt. Ved innføringa av kjeldeskatt på pensjonar uttalte departementet at den nærare fordelinga av retten til å skattleggje mellom statar, egnar seg for regulering gjennom skatteavtale. Ein legg til grunn at det same bør gjelde for frådrag som er gitt i medhald av ny § 6-72 i skattelova.

11.4.9 Innberetning og innkrevjing

Opplysningar om innbetalingar

Opplysningar om innbetalingar til utanlandske ordningar er naudsynt av omsyn til at skattytar ikkje skal få doble frådrag mv.

I høyringsnotatet la ein til grunn at behovet for informasjon knytt til innbetalingar frå arbeidstakarar, kunne bli sikra gjennom skattytar si opplysningsplikt, jf. punkt 11.4.7. I dei tilfella arbeidstakaren sjølv betalar inn til ei utanlandsk ordning, har Skattedirektoratet riktig påpeikt at ein ikkje vil ha tilstrekkeleg grunnlagsdata. I slike tilfelle må skattytar sjølv krevje frådraget ved likninga. Viss arbeidstakaren blir trekt i løn for slike innbetalingar, vil arbeidsgivaren rapportere inn beløpet i medhald av likningslova § 5-2 nr. 3 bokstav a. Skattedirektoratet har opplyst at frådraget for slike bidrag skjer i trekkgrunnlaget, og ikkje gjennom eit inntektsfrådrag i samband med likninga. Riktig heimel for denne rapporteringsplikta skal derfor vere likningslova § 5-2 nr. 3 bokstav a (og ikkje bokstav b som antyda i høyringsnotatet).

Opplysningar om utbetalingar

I tråd med forslaget i høyringsnotatet foreslår ein ikkje særskilde reglar om opplysningsplikt for utbetalingar frå utanlandske ordningar i dei tilfella det er gitt frådrag etter skattelova § 6-72. Mottakar av pensjon vil ha plikt til å levere sjølvmelding, jf. likningslova § 4-2 nr. 1 bokstav a. Skattestyresmaktene kan òg ta i bruk føresegner om utveksling av informasjon i skatteavtalar. I tillegg kan ein i samband med likninga sikre seg relevant informasjon om den utanlandske ordninga mv.

Innkrevjing

Utanlandske pensjonsinnretningar mv. som ikkje driv verksemd i Noreg, er utanfor norsk skattejurisdiksjon. Slike innretningar vil derfor heller ikkje ha trekkplikt. Plikta til å betale skatt av pensjonsutbetalingar blir derfor liggjande på pensjonsmottakaren. I dei tilfella mottakaren òg har krav på pensjon frå folketrygda, er det mogleg å sikre skattekrav gjennom trekk i pensjon frå folketrygda. I tråd med høyringsnotatet foreslår ein ikkje særskilde reglar for innkrevjing av slike skattekrav.

11.5 Økonomiske og administrative følgjer

Ein antek at forslaget vil ha avgrensa provenyverknader. Sjølv om ein opnar for frådrag i samanheng med sparing i utanlandske ordningar, vil ikkje ramma for frådrag bli utvida. Forslaget vil kunne innebere noko meir arbeid ved likninga, først og fremst i samband med kontroll av innbetalingar til utanlandske pensjonsordningar.

11.6 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringane i skattelova tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2015.

Til toppen
Til forsida av dokumentet