St.meld. nr. 3 (2002-2003)

St.meld. nr. 3

Til innholdsfortegnelse

1 Hovudtrekk i finanspolitikken

1.1 Innleiing

Finansdepartementet legg med dette fram meldinga om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2002.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2002 er 691,1 mrd. kroner utan lånetransaksjonar, medan utgiftene er på 584,2 mrd. kroner. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda var på 169,2 mrd. kroner, som vart overført til Statens petroleumsfond. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 62,4 mrd. kroner. Det vart i samband med nysalderinga av budsjettet for 2002 vedteke at 53,4 mrd. kroner av petroleumsinntektene skulle inntektsførast på statsbudsjettet. Statsrekneskapen vert dermed gjort opp med eit underskot på 9,0 mrd. kroner.

Fleire forhold medverkar til at statsrekneskapen vert gjort opp med eit underskot. Mellom anna vart skatte- og avgiftsinntektene reduserte med 7,5 mrd. kroner etter nysaldert budsjett. I tillegg er overførte løyvingar frå 2002 til 2003 2,1 mrd. kroner lågare samanlikna med overførte løyvingar frå 2001 til 2002.

I denne meldinga vert det òg gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen syner rekneskapen for fondet 22,6 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Det samla overskotet i Statens petroleumsfond vart dermed 138,4 mrd. kroner i 2002. Samla sett vert statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 129,4 mrd. kroner i 2002. Ved utgangen av 2002 var kapitalen i Statens petroleumsfond 604,6 mrd. kroner.

Denne meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap som syner staten sine eignelutar og gjeld, rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og informasjon om rekneskapane for dei offentlege fonda.

I meldinga vert det gjort greie for løyvingane på statsbudsjettet og rekneskapsførde tal. Det vert òg lagt vekt på å forklare årsakene til avvik mellom budsjett og rekneskap. Avvik mellom hovudtala i budsjett og rekneskap vert nærare kommentert i avsnitt 1.4. I kapittel 2 er det eit oversyn over inntektene og utgiftene. I kapittel 3 er det gjeve nærare omtale av områda til dei einskilde departementa. I kapittel 4 er det gjort greie for utgiftene under folketrygda. I kapittel 5 er finanspostar og kapitalrekneskapen omtala, medan det i kapittel 6 vert gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.

1.2 Budsjettpolitikken

Budsjettpolitikken er forankra i retningslinene for å fase oljeinntekter inn i fastlandsøkonomien , som vart lagde fram av Regjeringa Stoltenberg i mars 2001 (St.meld. nr. 29 (2000-2001)). Retningslinene fekk brei tilslutning i Stortinget, jf. Innst.S.nr 229 (2000-2001) og inneber:

  • Petroleumsinntektene vert gradvis fasa inn i økonomien. Det vert lagt til grunn ei innfasing om lag i takt med venta realavkastning av Petroleumsfondet. Ved utrekning av den forventa realavkastninga er det lagt til grunn ei realrente på 4 prosent.

  • Ved særskilt store endringar i kapitalen i fondet eller i det strukturelle, oljekorrigerte underskotet frå eitt år til det neste, må endringa i bruken fordelast over fleire år, ut frå anslag på storleiken på realavkastninga av Petroleumsfondet nokre år fram i tid.

  • Budsjettpolitikken må medverke til å jamne ut svingingar i økonomien for å sikra ei god utnytting av kapasitet og låg arbeidsløyse.

Det er gjort nærare greie for innhaldet i det strukturelle, oljekorrigerte underskotet i boks 1.1.

Boks 1.1 Samanhengen mellom det strukturelle og det oljekorrigerte budsjettunderskotet

Dei nye retningslinene for budsjettpolitikken tek sikte på ein gradvis og langsiktig forsvarleg auke i bruken av petroleumsinntekter i norsk økonomi. Frå og med 2002 skal ein tilpasse bruken av oljeinntekter slik at det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet er likt med venta avkastning av Statens petroleumsfond. Ein viktig grunn til å knyte auken i bruken av oljeinntekter til utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet og ikkje til utviklinga i det (faktiske) oljekorrigerte budsjettunderskotet, er å unngå ein budsjettpolitikk som medverkar til å gjere den økonomiske utviklinga ustabil. Det faktiske budsjettoverskotet avheng ikkje berre av budsjettpolitikken, men også av konjunktursituasjonen og noko meir tilfeldige forhold. Til dømes vil det oljekorrigerte budsjettunderskotet normalt auke ved eit konjunkturtilbakeslag, medan det vil falle i ein konjunkturoppgang. Dersom ein skulle ta sikte på å la det faktiske budsjettoverskotet følgje utviklinga i avkastninga av Petroleumsfondet, måtte ein stramme til politikken i ei nedgangstid, medan ein kunne senke skattane eller auke utgiftene ekstra i ei oppgangstid. Ein slik politikk ville medverke til å forsterke svingingane i økonomien. Ved å bruke budsjettpolitikken til å styre utviklinga i det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet sørgjer ein for at dei såkalla automatiske stabilisatorane får verke.

For å kome frå det oljekorrigerte til det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet gjer ein følgjande korreksjonar:

  • For å reinse den oljekorrigerte budsjettbalansen for verknaden av at konjunkturane skil seg frå det normale, reknar ein budsjettverknadene av at skattegrunnlaga ikkje er like med trendnivåa sine. Vidare tek ein omsyn til at utbetalingane av trygd til arbeidslause har samanheng med konjunktursituasjonen.

  • Overføringane frå Noregs Bank og staten sine netto renteinntekter frå Noregs Bank og utlandet kan variere mykje frå eitt år til eit anna utan at dette har noko motstykke i svingingar i aktivitetsnivået i Noreg. Ved utrekning av den strukturelle, oljekorrigerte budsjettbalansen korrigerer ein derfor for skilnaden mellom normalnivåa for desse storleikane og dei verkelege overførings- og rentestraumane.

  • Ein korrigerer også for endringar i rekneskapstilhøve og i funksjonsdelinga mellom staten og kommunane som ikkje påverkar aktiviteten i økonomien.

Også mange andre land nyttar utviklinga i ein strukturell budsjettbalanse som utgangspunkt for vurderingar av innrettinga av budsjettpolitikken. I tråd med dette kunngjer OECD og EU standardiserte utrekningar av strukturelle budsjettunderskot i medlemslanda. Desse utrekningane er meir summariske enn dei tala for Noreg som Finansdepartementet publiserer i budsjettdokumenta. Det metodiske grunnlaget er likevel svært likt det ein nyttar ved dei norske utrekningane.

I statsbudsjettet for 2002, som vart vedteke av Stortinget hausten 2001, utgjorde det strukturelle, oljekorrigerte underskotet 26,0 mrd. kroner. Det oljekorrigerte underskotet var rekna til 36,9 mrd. kroner. Ekstraordinær nedbetaling av gjeld m.v. knytt til at staten overtok spesialisthelsetenesta frå fylkeskommunane, auka isolert sett overslaget for det oljekorrigerte underskotet med 18,7 mrd. kroner.

Endringane i statsbudsjettet, som vart vedtekne i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2002, innebar eit strukturelt, oljekorrigert underskot på 24,8 mrd. kroner. Reduksjonen i det strukturelle, oljekorrigerte underskotet på 1,2 mrd. kroner kjem av lågare kapital på Petroleumsfondet ved inngangen til 2002 enn lagt til grunn då Stortinget vedtok budsjettet hausten 2001. Overslaget for det oljekorrigerte underskotet vart auka til 38,6 mrd. kroner. I Revidert nasjonalbudsjett 2002 vart skatte- og avgiftsinntektene m.v. frå fastlands-Noreg auka med 6,9 mrd. kroner. Når ein trekkjer frå 1,2 mrd. kroner på grunn av lågare kapital i Petroleumsfondet, vart det rom for å auke utgiftene eller redusere inntektene med 5,7 mrd. kroner.

I nysaldert budsjett for 2002, som vart lagt fram 6. desember 2002, vart det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet rekna til 29,2 mrd. kroner, som var om lag 4,4 mrd. kroner meir enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2002. Overslaget for det oljekorrigerte underskotet i 2002 vart auka til 53,4 mrd. kroner. Auken i det strukturelle, oljekorrigerte underskotet sidan Revidert nasjonalbudsjett kjem mellom anna av auka overslag for netto renteutgifter (1,3 mrd. kroner), auka overslag for utgifter til arbeidslause (0,9 mrd. kroner) og lågare skattar og avgifter (1,9 mrd. kroner).

Rekneskapstala for 2002 syner at det oljekorrigerte underskotet vart 62,4 mrd. kroner, dvs. om lag 9 mrd. kroner høgare enn overslaget i nysaldert budsjett. Ein stor del av denne auken i underskotet kjem av at skatte- og avgiftsinntektene frå fastlands-Noreg vart lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Noko av denne reduksjonen kan forklarast med konjunktursituasjonen, slik at det strukturelle nivået på skatte- og avgiftsinntektene ikkje vert justert ned like mykje. Nye utrekningar syner nå eit strukturelt underskot for 2002 på om lag 36,2 mrd. kroner, jamfør tabell 1.1.

Tabell 1.1 Den strukturelle, oljekorrigerte budsjettbalansen (tal i mill. kroner)

  2002
Oljekorrigert overskot på statsbudsjettet-62 392 640
- Overføringar til Noregs Bank ut over utrekna trendnivå-4 492
- Netto renteinntekter frå Noregs Bank og utlandet ut over utrekna trendnivå-1 383
- Særskilte rekneskapsforhold1)-21 779
- Aktivitetskorrigeringar1 471
= Strukturelt budsjettoverskot-36 209

1)Dette omfattar mellom anna ekstraordinært tilskot til nedbetaling av fylkeskommunal gjeld på grunn av overføringa av spesialisthelsetenesta til staten

Den underliggjande, reelle veksten i utgiftene på statsbudsjettet utgjer om lag 3¼ pst. i høve til 2001. Dette er ein auke på ¾ prosentpoeng i høve til overslaget i Revidert nasjonalbudsjett og nysaldert budsjett. Auken må sjåast i samanheng med lågare overførte løyvingar på 2,1 mrd. kroner frå 2002 til 2003 enn frå 2001 til 2002. I tillegg syner rekneskapen ei meirutgift under enkelte kapittel. Mellom anna har nokon statlege verksemder høve til å auke utgiftene mot meirinntekter, jf. pkt. 1.4. Den nominelle, underliggjande utgiftsveksten var 7,6 pst.

Ein syner elles til at budsjettutviklinga gjennom 2002 er omtalt i St.prp. nr. 63 (2001-2002) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer på statsbudsjettet medregnet folketrygden 2002, St.meld. nr. 2 (2001-2002) Revidert nasjonalbudsjett 2002, St.prp. nr. 1 (2002-2003) Statsbudsjettet medregnet folketrygden 2003, St.meld. nr. 1 (2002-2003) Nasjonalbudsjettet 2003 og St.prp. nr. 40 (2002-2003) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 2002.

Tabell 1.2 og 1.3 syner hovudtala i dei formelle rekneskapane for 2001 og 2002.

Samla overskot på statsbudsjettet og i Statens petroleumsfond vart redusert med 129,4 mrd. kroner frå 258,8 mrd. kroner i 2001 til 129,4 mrd. kroner i 2002. Endringa i overskotet kjem fram slik:

  • Underskotet i statsbudsjettet utan petroleum auka med 60,8 mrd. kroner, frå 1,6 mrd. kroner til 62,4 mrd. kroner. Utgiftene auka mellom anna som følgje av overføring av spesialisthelsetenesta frå fylkeskommunane til staten i 2002. Staten har i den samanhengen betalt gjeld m.v. til fylkeskommunane på 21,6 mrd. kroner. Dessutan auka utgiftene under folketrygda med 17,6 mrd. kroner, frå 187,6 mrd. kroner til 205,3 mrd. kroner. Utgiftene til forsvaret auka med 4,1 mrd. kroner. I tillegg vart det overført 10,7 mrd. kroner mindre frå Noregs Bank i 2002 enn i 2001. Auken i underskotet i statbudsjettet kan òg forklarast med at det i 2001 vart ført attende 4,3 mrd. kroner frå Statens banksikringsfond til statskassa.

  • Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda fall med 74,0 mrd. kroner, frå 243,2 mrd. kroner til 169,2 mrd. kroner, mellom anna som følgje av sal av SDØE andelar. I 2001 vart 15 pst. av SDØE selt, medan det i 2002 vart selt 6,5 pst.

  • Renteinntektene og utbytet i Statens petroleumsfond auka med 5,3 mrd. kroner.

Tabell 1.2 Inntekter og utgifter utan lånetransaksjonar på statsbudsjettet og i Statens petroleumsfond (tal i mill. kroner)

  20012002
1. Statsbudsjettet
A Inntekter i alt758 440691 074
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemd268 902185 308
A.2 Inntekter utanom petroleumsinntekter489 538505 766
B Utgifter i alt516 845584 233
B.1 Utgifter til petroleumsverksemd25 66616 075
B.2 Utgifter utanom petroleumsverksemd491 178568 158
Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskot (A.2-B.2)-1 640-62 392
+ Overført frå Statens petroleumsfond40953 406
= Statsbudsjettet sitt overskot før lånetransaksjonar-1 231-8 986
2. Statens petroleumsfond
Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda (A.1-B.1), vert overført til Statens petroleumsfond243 236169 234
- Overført til statsbudsjettet40953 406
+ Renteinntekter og utbyte i fondet17 22922 573
= Overskot i Statens petroleumsfond260 055138 401
3. Samla overskot på statsbudsjettet og i Statens petroleumsfond258 824129 414

Tabell 1.3 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov (tal i mill. kroner)

  20012002
Lånetransaksjonar utanom petroleumsverksemda
Utlån, aksjeteikning m.v.80 73975 149
- Tilbakebetalingar62 47441 983
- Statsbudsjettet sitt overskot-1 231-8 986
= Netto finansieringsbehov19 49642 152
+ Gjeldsavdrag43 13947 554
= Statsbudsjettet sitt brutto finansieringsbehov62 63589 706
Nettofinanstransaksjonar knytt til petroleumsverksemda
Sal av aksjar i Statoil ASA28 2500
- Utlån, aksjeteikning m.v.14 0600
= Netto finanstransaksjonar knytte til petroleumsverksemda vert overført til Statens petroleumsfond14 1910

1.3 Endringar i løyvingane fram til nysaldert budsjett

Tabell 1.4 gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 2002, medan tabell 1.5 syner utviklinga i finansieringsbehovet til statskassa.

I 2002 er inntektsløyvingane utan lånetransaksjonar reduserte med 20,4 mrd. kroner, frå 717,6 mrd. kroner i saldert budsjett til 697,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar auka med 12,6 mrd. kroner, frå 567,7 mrd. kroner i saldert budsjett til 580,3 mrd. kroner ved nysalderinga av budsjettet.

Anslag på rekneskapen i nysaldert budsjett synte eit oljekorrigert underskot på 53,4 mrd. kroner som var 16,5 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett. Inntektene utan inntekter frå petroleumsverksemda og lån vart samla sett 509,9 mrd. kroner, som er 4,5 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. Dette kan forklarast med at overføringa frå Noregs Bank vart redusert med 8,9 mrd. kroner, medan renteinntektene og utbytet etter saldert budsjett vart redusert med 1,5 mrd. kroner. Skatte- og avgiftsinntektene auka med 4,9 mrd. kroner. Andre inntekter vart auka med 0,9 mrd. kroner netto. Utgiftene, utan utgifter til petroleumsverksemda og lån, vart samla sett 563,3 mrd. kroner, som er ein auke på 12,0 mrd. kroner frå saldert budsjett. Av dei auka utgiftene kjem 9,5 mrd. kroner av dei løyvingane som vart endra i samband med Revidert nasjonalbudsjett. Denne auken i utgiftene må sjåast i samanheng med auka overslag over skattar og avgifter frå fastlands-Noreg i samband med Revidert nasjonalbudsjett. Frå Revidert nasjonalbudsjett til nysaldert budsjett, vart skatte- og avgiftsoverslaget redusert, medan utgiftene etter Revidert nasjonalbudsjett auka med 2,5 mrd. kroner.

Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett vart oljeinntektene reduserte med 15,9 mrd. kroner medan oljeutgiftene auka med 0,6 mrd. kroner. Netto inntekter frå oljeverksemda vart dermed redusert med 16,5 mrd. kroner, frå 186,8 mrd. kroner til 170,3 mrd. kroner. Overskotet i Statens petroleumsfond vart isolert sett redusert med 16,5 mrd. kroner sidan overføringa frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet auka med 16,5 mrd. kroner frå 36,9 mrd. kroner i saldert budsjett til 53,4 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Overslaget over renteinntekter og utbyte i Statens petroleumsfond vart redusert med 1,3 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei svekking i overskotet til Petroleumsfondet med 34,3 mrd. kroner.

I 2000 vart det løyvd midlar til kjøp av pasientbehandling i utlandet. Deler av denne løyvinga vart òg overført til 2002. I nysaldert budsjett var rekneskapsoverslaget over utgiftene 475 mill. kroner høgere enn i nysaldert budsjett. I løyvinga for overføring frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet ved nysalderinga av statsbudsjettet vart det teke omsyn til denne meirutgifta ved at overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart auka med 475 mill. kroner. Nysaldert budsjett vart derfor gjort opp med eit overskot på 475 mill. kroner.

Eit samla oversyn over dei endra løyvingane gjennom 2002 er gjeve i St.prp. nr. 40 (2002-2003) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygda 2002.

Tabell 1.4 Inntekter og utgifter utan lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond 2002 (tal i mill. kroner)

  Saldert budsjettNysaldert budsjettAnslag på rekneskap ved nysalderingaRekneskap
1. Statsbudsjettet
A Inntekter i alt717 569697 186697 186691 074
A.1 Inntekter frå petroleumsverksemd203 200187 305187 305185 308
A.2 Inntekter utanom petroleumsinntekter514 369509 881509 881505 766
B Utgifter i alt567 699579 817580 292584 233
B.1 Utgifter til petroleumsverksemd16 43017 00517 00516 075
B.2 Utgifter utanom petroleumsverksemd551 269562 812563 287568 158
Statsbudsjettet sitt oljekorrigerte overskot (A.2-B.2)-36 900-52 931-53 406-62 392
+ Overført frå Statens petroleumsfond36 90053 40653 40653 406
= Statsbudsjettet sitt overskot før lånetransaksjonar04750-8 986
2. Statens petroleumsfond
Statsbudsjettet sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda (A.1-B.1)186 770170 300170 300169 234
- Overført til statsbudsjettet36 90053 40653 40653 406
+ Renteinntekter og utbyte i fondet23 60022 30022 30022 573
= Overskot i Statens petroleumsfond173 470139 194139 194138 401
3. Samla overskot på statsbudsjettet og i Statens petroleumsfond173 470139 669139 194129 414

Tabell 1.5 Lånetransaksjonar og finansieringsbehov 2002 (tal i mill. kroner)

  Saldert budsjettNysaldert budsjettAnslag på rekneskap ved nysalderingaRekneskap
Lånetransaksjonar
Utlån, aksjeteikning m.v.66 23274 65474 65475 149
- Tilbakebetalingar54 57942 16642 16641 983
- Statsbudsjettet sitt overskot04750-8 986
= Netto finansieringsbehov11 65332 01332 48842 152
+ Gjeldsavdrag47 41847 20747 20747 554
= Statsbudsjettet sitt brutto finansieringsbehov59 07179 22079 69589 706

1.4 Hovudtala i statsrekneskapen for 2002 samanlikna med anslag på rekneskap ved nysalderinga av budsjettet

I statsrekneskapen for 2002 er oljekorrigert underskot 9,0 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn ved nysalderinga. Tilbakeføringa frå Statens petroleumsfond til statskassa vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett slik at det skulle dekkje det oljekorrigerte underskotet som ein då rekna med. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 2002 gjort opp med eit underskot på 9,0 mrd. kroner.

Endringa på 9,0 mrd. kroner i høve til nysaldert budsjett kjem fram slik:

  • Rekneskapstala for skatte- og avgiftsinntektene, dagpengar og netto renteinntekter svekkjer balansen med 8,0 mrd. kroner samanlikna med nysaldert budsjett. Av dette utgjer lågare skatte- og avgiftsinntekter 7,5 mrd. kroner. Utgiftene til dagpengar er auka med 0,4 mrd. kroner.

  • Overførte løyvingar frå 2002 til 2003 er 2,1 mrd. kroner lågare enn overførte løyvingar frå 2001 til 2002.

  • Andre inntekter er auka med 1,9 mrd. kroner

  • Andre utgifter er auka med 0,8 mrd. kroner.

På inntektssida er skatte- og avgiftsinntektene reduserte med 7,5 mrd. kroner. I tillegg syner rekneskapen meirinntekter på 1,9 mrd. kroner utan petroleumsinntekter, skattar, avgifter, renter og aksjeutbyte. Ein har då ikkje rekna inn refusjonar for auka driftsutgifter i rekneskapen som gjev meirinntekter på 1,7 mrd. kroner samanlikna med budsjettet. Dette gjeld refusjonar av utgifter til arbeidsmarknadstiltak, fødselspengar/adopsjonspengar, lærlingar og sjukepengar til statlege verksemder som ikkje vert tekne med i løyvingane i budsjettet. I tillegg vert det overført midlar frå dei einskilde fagdepartementa til fylkesmannsembeta. Også desse meirinntektene vert motsvara av auka utgifter av same storleik.

Utgiftene utan petroleumsutgifter auka med 3,2 mrd. kroner når ein ser bort frå utgiftene som vart dekte av refusjonar til etatane. Utgiftene til dagpengar auka med 0,4 mrd. kroner. Andre utgifter auka med 2,8 mrd. kroner. Dei høgare utgiftene må sjåast på bakgrunn av reduksjonen i overførte løyvingar. Nedgangen i overførte løyvingar frå 2001 til 2002 samanlikna med til 2002 til 2003 er i alt 2,1 mrd. kroner.

Rekneskapen for 2002 syner eit lånebehov på 89,7 mrd. kroner, som er 10,0 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn ved nysaldering av budsjettet. Det høgare lånebehovet må sjåast på bakgrunn av underskotet i statsbudsjettet på 9,0 mrd. kroner.

Reduserte inntekter

Tabellen syner samla meirinntekter utan lånetransaksjonar og petroleumsinntekter samanlikna med nysaldert budsjett. Hovudkomponentane er (tal i mill. kroner):

Skattar og avgifter frå fastlands-Noreg-7 533
+ Renter og aksjeutbyte-116
+ Andre inntekter1 864
= Inntektsendring før refusjonar-5 785
+ Refusjonar som gjev meirinntekter1 670
= Samla meirinntekter-4 115

Inntektene under departementa utan meirinntekter som kjem av refusjonar, vart samla sett 5,8 mrd. kroner lågare enn budsjettert i nysaldert budsjett på grunn av lågare skatte- og avgiftsinntekter. Den reelle auken i inntekter utan skattar og avgifter, er 1,7 mrd. kroner. Rekneskapen syner ofte ei meirinntekt for departementa. Mellom anna vart inntektene under Jernbaneverket og politi- og lensmannsetaten høgare enn budsjettert for 2002. Nokre departement har òg høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Elles omfattar meirinntektene under departementa mindre beløp for ei rekkje gebyr, refusjonar, sals- og leigeinntekter m.m.

Auka utgifter

Tabellen syner endringar i utgiftene utan lånetransaksjonar og petroleumsutgifter samanlikna med nysaldert budsjett 2002. Hovudkomponentane er (tal i mill. kroner):

Renteutgifter-41
+ Dagpengar368
+ Auka overføring 1)2 093
+ Reelt meirforbruk781
= Utgiftsendringar utan utgifter som vert refunderte3 201
+ Refunderte utgifter1 670
= Samla utgiftsendringar4 871

1)Det er teke omsyn til 125 mill. kroner i redusert overført løyving til pasientbehandling i utlandet.

Når ein ser bort frå utgifter som vert refunderte, syner rekneskapen 3,2 mrd. kroner høgare utgifter enn lagt til grunn i anslag på rekneskapen ved nysaldert budsjett. Fleire forhold medverkar til høgare utgifter enn budsjettert. Utgiftene til dagpengar auka med 0,4 mrd. kroner frå nysaldert budsjett. Eit reelt meirforbruk på 0,8 mrd. kroner under einskilde kapittel medverkar til høgare utgiftsnivå i 2002. Det gjeld mellom anna utgiftene til kontantstøtte og uføre. Utgiftene til sjukepengar, driftstilskotet til barnehagar, medisinsk rehabilitering og sjukebehandling i utlandet vart isolert sett lågare enn budsjettert. Overførte løyvingar til 2003 vart 2,1 mrd. kroner lågare enn overføringa frå 2001.

Når ein reknar med refunderte utgifter på 1,7 mrd. kroner syner rekneskapen meirutgifter i høve til anslag på rekneskap i nysaldert budsjett på netto 4,9 mrd. kroner utan lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd.

Nedgangen i overført beløp utan lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd, var samla på 2,1. mrd. kroner. Nedgangen i overført beløp var for forsvaret 0,7 mrd. kroner, for samferdslesektoren 0,5 mrd. kroner medan det for Helsedepartementet sitt område var 0,6 mrd. kroner. Nedgangen i overført beløp for forsvaret kjem av at det vart overført 1,0 mrd. kroner meir til investeringar frå 2001 til 2002 enn frå 2002 til 2003. Nedgangen i overført beløp for samferdselssektoren kjem i stor grad av redusert overført beløp til vegformål. Nedgangen i overført beløp under Helsedepartementet må sjåast i samanheng med overført løyving til pasientbehandling i utlandet frå 2001 til 2002 ut frå fullmakt frå Stortinget.

Dei siste fem åra har overføring av unytta løyvingar (utan lånetransaksjonar) vore (tal i mill. kroner):

  Overført løyvingAuke/ Nedgang (-)
1998-19997 334-2 474
1999-20007 051-283
2000-20018 4251 374
2001-20029 131832
2002-20037 038-2 093

Auka finansieringsbehov

Utgiftene til utlån vart 0,5 mrd. kroner høgare enn rekna med ved nysalderinga. Endringa i lånetransaksjonar kjem av (tal i mill. kroner):

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond-562
Bustadlån til statstilsette441
Statens lånekasse for utdanning728
Andre utlån-112
Samla endring i utlåna495

I 2002 vart inntektene frå tilbakebetalingar 0,2 mrd. kroner lågare enn budsjettert. Dette kjem av endra tilbakebetalingar frå (tal i mill. kroner):

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond-715
Statens lånekasse for utdanning139
Jernbaneverket-196
Den Norske Stats Husbank543
Andre låntakarar47
Samla endring i tilbakebetalingane-183

Ved at netto utlån vart 0,7 mrd. kroner høgare enn budsjettert og at rekneskapen syner eit underskot på 9,0 mrd. kroner, vart statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov 9,7 mrd. kroner høgare enn ein rekna med ved nysalderinga av budsjettet.

Auka innbetaling av avdrag på statsgjeld med 0,3 mrd. kroner gjorde at brutto finansieringsbehov vart auka med til saman 10,0 mrd. kroner i høve til anslag på rekneskap i det nysalderte budsjettet.

1.5 Statens petroleumsfond

Netto inntekter av statleg petroleumsverksemd avvik slik frå nysaldert budsjett (tal i mill. kroner):

Oljeskattar og CO2-avgift-1 299
+ Inntekter frå statleg petroleumsverksemd-698
- Investeringar i statleg petroleumsverksemd m.m.-930
= Netto oljeinntekter i alt-1 066

Netto oljeinntekter frå statleg petroleumsverksemd vart 1,1 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Inntektene i statleg petroleumsverksemd, oljeskattar og CO2-avgift vart 2,0 mrd. kroner lågare medan investeringsutgiftene vart 0,9 mrd. kroner lågare.

Netto oljeinntekter er rekneskapsførte med ein sum som er 1 066 mill. kroner mindre enn rekna med i nysaldert budsjett. Ved at netto kontantstraum vert overført til Statens petroleumsfond, er brutto overføring til fondet redusert med same beløp, til 169 234 mill. kroner. Overføringa frå fondet til statskassa vert som budsjettert, noko som inneber at netto overføring til Statens petroleumsfond er 1 066 mill. kroner lågare i rekneskapen enn i det nysalderte budsjettet.

Til forsiden