St.prp. nr. 30 (1997-98)

Om samtykke til ratifikasjon av ein frihandelsavtale av 19. juni 1997 med tilhøyrande vedlegg og protokollar mellom EFTA-statane og Marokko, og erklæring i samsvar med protokoll E

Til innholdsfortegnelse

1 Samandrag

Hovudformålet med ein frihandelsavtale mellom EFTA-statane og Marokko er å sikre parallellitet med EU for å oppnå same handelsvilkår som i assosieringsavtalen mellom EU og Marokko. Dette inneber at frihandelsavtalen medverkar til å sikre EU og EFTA eit tilnærma likt handelsregime i høve til Marokko. Samstundes ønskjer EFTA-statane å støtte opp om det breiare samarbeidet mellom EU og middelhavslanda med det formål å sikre politisk stabilitet og økonomisk utvikling i regionen, den såkalla Barcelona-prosessen. Ei hovudmålsetjing med det økonomiske samarbeidet er å skape eit frihandelsområde mellom EU og middelhavslanda innan år 2010. Frihandelsavtalen mellom EFTA-statane og Marokko og dei bilaterale landbruksprotokollane som er framforhandla parallelt med frihandelsavtalen må også sjåast i denne samanhengen.

Frihandelsavtalen mellom EFTA og Marokko er bygd over same lesten som EFTA sine frihandelsavtalar med dei baltiske statane. Avtalen inneheld såleis føresegner som byggjer på den seinare tids utvikling i det internasjonale handelsregimet.

Frihandelsavtalen omfattar med få unntak handel med industrivarer, foredla landbruksvarer, fisk og fiskeprodukt. Handelen med uforedla landbruksvarer er omfatta av ein bilateral landbruksprotokoll som Noreg og Marokko har inngått.

Frihandelsavtalen og den bilaterale landbruksprotokollen vil bli notifisert samtidig til WTO for å tilfredsstille kravet i GATT/WTO om at eit frihandelsområde skal omfatte hovuddelen av samhandelen.

Det vert oppretta ein komité som skal administrere og føre tilsyn med avtalen og jamleg vurdere behovet for vidareutvikling av avtalen.

Ein eigen tilleggsprotokoll er avtala mellom partane. Tilleggsprotokollen inneheld presiseringar frå ein eller fleire avtalepartar si side når det gjeld gjennomføringa av avtalen, og uttrykkjer ein erklært vilje til å utvide avtalen på visse område.

Frihandelsavtalen inneheld ein protokoll som gjev Noreg rett til ved ratifikasjon å halde Svalbard utanom det geografiske verkeområdet for avtalen, med unntak av dei føresegnene som gjeld handelen med varer. Noreg vil gjere seg bruk av denne retten.

Frihandelsavtalen er ein multilateral avtale mellom Marokko på den eine sida og EFTA-statane samla på den andre. Folkerettsleg er avtalen bindande mellom dei einskilde EFTA-statane og Marokko gjennom identiske tekstar.

Frihandelsavtalen vart frå norsk side underteikna av utanriksministeren under EFTA-ministermøtet i Genève 19. juni 1997, i samsvar med Kongeleg resolusjon av 13. juni 1997. Landbruksprotokollen mellom Noreg og Marokko vart underteikna med brevveksling på embedsnivå i Genève same dagen.

Avtalen trer i kraft første dagen i den andre månaden etter at alle statane har deponert sine ratifikasjons- eller godkjenningsdokument hos depositaren.

Til forsiden