St.prp. nr. 78 (1998-99)

Om trygdeoppgjeret 1999

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Det vert fremja forslag om regulering av grunnbeløpet i folketrygda og om auka løyvingar på statsbudsjettet for 1999 som følgje av dette.

I samsvar med Stortinget sitt vedtak ved handsaminga av trygdeoppgjeret 1998 kom partane i trygdeoppgjeret; staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg, saman til prosedyredrøftingar 27. januar, 11.februar og 9. mars i år. Resultatet av desse drøftingane er omtala i del 5, og sluttprotokollen frå drøftingane ligg ved proposisjonen.

Den 9. mars 1999, på same møte som prosedyredrøftingane vart avslutta, gjekk partane gjennom tala frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera sin rapport. Føremålet med denne delen av møtet var å kartleggje utviklinga i løner og grunnbeløp.

Drøftingsmøta om regulering av grunnbeløpet foregjekk 11. og 12. mai 1999. Møta førte ikkje fram til semje.

Regjeringa gjer framlegg om at grunnbeløpet aukar med kr 1 580 frå 1. mai i år. Dette er i samsvar med det som vart lagt fram for organisasjonane under drøftingane.

Meirutgiftene for 1999 av aukingane vert omlag 2700 mill kroner, inkludert reguleringa av statspensjonanene per 1. mai 1999, jf St.prp.nr. 77 (1998-99).