§ 6 - Tolkingsuttalelse om habilitet – Sigbjørn Gjelsvik

Brevdato: 28.06.2023

Tolkingsfråsegn om habilitet – Sigbjørn Gjelsvik   


1.   Innleiing og bakgrunn

Me viser til brev 12. juni 2023 frå Kommunal- og distriktsdepartementet med førespurnad om ei vurdering av habiliteten til statsråd Sigbjørn Gjelsvik i ei erstatningssak som departementet skal ta stilling til.

Bakgrunnen for førespurnaden er at Sigbjørn Gjelsvik sjølv nyttar dei same advokatane som no representerer klagarane i erstatningssaka. Lovavdelinga si vurdering skjer på bakgrunn av dei opplysingane som er lagt fram frå departementet som ynskjer fråsegna. Slik skildrar departementet bakgrunnen for saka:

«Saken gjelder oppfølging av en byggesak i Bergen som har pågått over lengre tid. Statsforvalteren i Vestlands dispensasjonsvedtak ble av statsforvalteren selv vurdert som ugyldig, men ble ikke omgjort pga. innrettelseshensyn. Klagerne, representert av HLT Advokatfirma AS v/advokat Bjarne Kvam, fremmet da et erstatningskrav på 2 384 537,50 kroner overfor staten v/KDD, med hjemmel i skadeserstatningsloven § 2-1, arbeidsgiveransvar. Planavdelingen (PLAN) i KDD avviste erstatningskravet. Sivilombudet ble koplet inn og ba i sin uttalelse KDD om å foreta en ny vurdering av erstatningskravet. PLAN fulgte opp dette og gjorde en ny vurdering, der vi avviste erstatningskravet på nytt. Sivilombudet ba KDD om enda en ny vurdering, med frist 5. mai. I den nye vurderingen fastholder PLAN at det ikke foreligger grunnlag for erstatning, men foreslår å dekke klagernes sakskostnader etter en analogi fra forvaltningsloven § 36. Denne vurderingen ble sendt til politisk ledelse for avklaring. Dette utløste spørsmålet om habilitet. Statsråd Gjelsvik mener selv han er inhabil til å avgjøre saken.»

Lovavdelinga har fått opplyst at Sigbjørn Gjelsvik har nytta HLT Advokatfirma AS i ei personleg tvistesak i over fire år. Gjelsvik har opplyst at han «kjenner fleire av advokatane der», men at han «ikkje [er] nær omgangsven men nokon av dei». Det er ein annan advokat enn Bjarne Kvam som i hovudsak har representert statsråden i privatsaka. Advokat Bjarne Kvam har likevel vore ein del av teamet som jobbar med Gjelsvik si privatsak i varierande grad over tid, og ein kan leggje til grunn at han har sendt rundt 30 e-postar i høve saka. Det er opplyst at advokatfirmaet truleg vil representere Gjelsvik vidare i framtida.

I vurderinga i punkt 2 blir statsråd Sigbjørn Gjelsvik i hovudsak omtala som «Gjelsvik», medan Bjarne Kvam i HLT Advokatfirma AS blir omtala som «advokaten» i «advokatfirmaet».

2.   Lovavdelinga si vurdering

Føresegna om habilitet i forvaltningslova gjeld «offentlige tjenestemenn», jf. § 10. Etter ei lovendring i 2022 gjeld lova for statsrådar både når dei handlar som departementssjef, og som medlem av regjeringa. Det er på det reine at Gjelsvik ikkje er inhabil etter dei absolutte grunnane i § 6 første ledd. Spørsmålet er om Gjelsvik er inhabil etter den skjønnsmessige føresegna i § 6 andre ledd.

Føresegna seier at Gjelsvik er inhabil dersom det ligg føre «særegne forhold» som er «egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet». I vurderinga skal ein blant anna leggje vekt på om avgjerda i saka gjev Gjelsvik, eller nokon han har «nær personlig tilknytning til», ein «særlig fordel, tap eller ulempe». Vurderinga skal vere heilskapleg, objektiv og konkret. Ein skal ta sikte på å trygge sentrale omsyn bak habilitetsreglane, blant anna omsynet til tillit til forvaltninga og omsynet til å sikre riktige avgjerder, jf. Rt. 1996 s. 64.

Ut frå det Lovavdelinga har fått opplyst, legg vi til grunn at det ikkje ligg føre ei slik «nær personlig tilknytning» til nokon i advokatfirmaet som kan føre til inhabilitet. Det er vidare etter vårt syn klart at avgjerda i saka ikkje kan gje Gjelsvik sjølv nokon «særlig fordel, tap eller ulempe».

Det sentrale spørsmålet i saka er etter dette om kombinasjonen av advokatfirmaet si interesse i utfallet av saka og tilknytinga Gjelsvik har til advokatfirmaet, samla sett utgjer «særegne forhold» som er «egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet».

Lovavdelinga har tidlegare handsama nokre saker kor tenestepersonen har ein relasjon til eit advokatfirma som representerer private i saker departementet skal avgjere. Sakene skil seg frå denne saka fordi statsrådane i dei tidlegare sakene var eller hadde vore tilsette i advokatfirmaet. Sakene kan likevel til ei viss grad kaste lys over korleis ei interesse i utfallet av saka for eit advokatfirma kan vere eigna til å påverke tilliten til at tenestepersonen vil handsame saka på ein nøytral måte.

I JDLOV-1989-3084 vart statsråd Else Bugge Fougner vurdert som inhabil i saker i departementet kor eit advokatfirma representerte private interesser. Ho var partner i firmaet. Hennar relasjon til og interesse for advokatfirmaet var difor av ein heilt annan karakter enn i vår sak. Lovavdelinga la avgjerande vekt på at partnarskapet innebar eit spesielt økonomisk og dels personleg fellesskap.

I JDLOV-2020-2179 vart statsråd Iselin Nybø vurdert som habil i ei sak som kunne få vesentlege konsekvensar for Norwegian, sjølv om ho hadde permisjon frå ei stilling i eit advokatfirma med tilknyting til flyselskapet. Det var uklart kva slags og kor sterk interesse advokatfirmaet hadde i saka. Lovavdelinga meinte at Nybø si tilknyting til advokatfirmaet uansett var for svak til å kunne føre til inhabilitet, då ho ikkje hadde hatt noka leiande stilling i firmaet, men berre hadde vore tilsett. I tillegg hadde ho stort sett hatt permisjon dei siste seks åra. Lovavdelinga viste òg til at advokatfirmaet si tilknyting til saka ikkje kunne samanliknast med posisjonen til ein part. Dette gjaldt sjølv om advokatfirmaet skulle ha sterke interesser i saka.

Ein kan generelt sett seie at eit tilsetjingstilhøve gjev ei tettare tilknyting enn eit oppdragstilhøve. Likevel kan ein klient etter omstenda leggje stor vekt på å ha ein god relasjon til advokaten sin. Det er som regel særs viktig for klientar at dei personlege interessene i eigne tvistesaker blir handsama på best mogleg måte. Som Kommunal- og distriktsdepartementet har peika på i si vurdering i brevet 12. juni 2023, vil eit over fire år langt og laupande advokat-klienttilhøve i ei viktig sak for klienten kunne skape visse band og bindingar. Me vil ikkje sjå bort frå at ei slik tilknyting etter ei konkret vurdering vil kunne føre til inhabilitet. Etter vårt syn vil dette som utgangspunkt krevje at relasjonen har utvikla seg til noko meir enn eit profesjonelt oppdragstilhøve, eller at det er særlege omstende ved saka. Me har ikkje fått opplysingar som tilseier at dette er tilfellet i relasjonen mellom Gjelsvik og advokatfirmaet eller nokon av advokatane der. 

I den heilskaplege vurderinga av om det ligg føre «særegne forhold» er det òg sentralt kor sterke interesser advokatfirmaet har i saka som departementet skal handsame. Advokatfirmaet er ikkje sjølv part i saka. Me har ikkje fått opplysingar om eventuelle økonomiske interesser i avgjerda. Kommunal- og distriktsdepartementet har i si vurdering lagt til grunn at avgjerda ikkje vil ha nokre økonomiske konsekvensar for advokatfirmaet, og at sakskostnadane i den underliggande saka allereie er dekt av klienten. Sjølv om advokatfirmaet uansett vil få økonomisk kompensasjon for arbeidet sitt, kan òg «fordel, tap eller ulempe» for omdøme vere relevant i habilitetsspørsmålet, jf. JDLOV-2021-6972 og JDLOV-2013-8032. Me har ikkje annan informasjon enn at erstatningssaka er eit vanleg oppdrag for advokatane. Sjølv om eit advokatfirma kan ha nokså sterke interesser i å vinne ei sak, er det vanskeleg å sjå at karakteren av interessa er meir enn yrkesmessig og dermed at styrken av interessa er moderat.

Det er òg relevant kva slags avgjerd tenestepersonen skal treffe, blant anna om avgjerda er fullt ut regelstyrt eller i stor grad inneheld skjønnsmessige vurderingar. Det kan også vere grunn til å vise ekstra varsemd der det er spørsmål om å kritisere vedkomande ein er knytt til. Slik erstatningssaka er framstilt i brevet frå Kommunal- og distriktsdepartementet, er det fyrst og fremst tale om ei fagleg og rettsleg avgjerd. Vilkåra for erstatning, og vilkåra etter forvaltningslova § 36, er reint juridiske. Sjølv om departementet har kompetanse til å gje erstatning etter eige skjønn, er det likevel tale om ei fagleg og konkret vurdering med utgangspunkt i rettslege synsmåtar. Samstundes kan det også blant anna bli tale om å ta stilling til om utgifter til advokatane har vore naudsynte kostnadar. Ein kan hevde at det kan vere noko ubehageleg for tenestepersonen å ta stilling til arbeidet til nokon han sjølv nyttar tenester frå. Når vurderinga er av fagleg karakter, er dette etter vårt syn likevel ikkje tilstrekkeleg til at det i den konkrete saka vil liggje føre «særegne forhold» som er egna til å svekke tilliten til at statsråden vil handsame saka på ein nøytral måte.

Det kan vidare ikkje vere slik at offentlege tenestepersonar skal vike sete kvar gong deira advokatfirma eller liknande tenesteytar gjev råd til private som har saker for forvaltninga. Det vil vere lite praktisk dersom ein tenesteperson blir sett ut av spel i alle slike høve. Ein kan likevel ikkje sjå vekk frå at det kan oppstå tilfelle der relasjonen eller den konkrete saka er så spesiell at tilliten til tenestepersonen blir svekka.  

I den heilskaplege vurderinga veg det etter vårt syn tungt at verken tilknytinga mellom Gjelsvik og advokatfirmaet eller advokatfirmaet si interesse i saka er særleg sterk. Relasjonen mellom Gjelsvik og advokatfirmaet synest ikkje å vere spesielt nær eller gå ut over det reint saklege sjølv om dei har hatt tett og hyppig kontakt. Advokatfirmaet si interesse i saka er, ut frå det vi har fått opplyst, reint yrkesmessig. Sjølv om vurderinga Gjelsvik skal gjere til dels gjeld advokatane sitt arbeid, er det tale om ei fagleg vurdering utan samanheng med eigen sak.

Etter dette er ikkje advokatrelasjonen eit «særegent forhold» som er «egnet til å svekke tilliten til» Gjelsvik sin «upartiskhet» i den aktuelle erstatningssaka, jf. forvaltningslova § 6 andre ledd.

Konklusjonen er at statsråd Sigbjørn Gjelsvik ikkje er inhabil til å ta stilling til erstatningskravet mot staten. I utgangspunktet vil han truleg heller ikkje vere inhabil i andre saker der advokatfirmaet representerer ein privat part i saker som departementet handsamar, med mindre det ligg føre særlege omstende. Dette må bli vurdert konkret i dei einskilde sakene.