13. Stoppe klimaendringane

Handle omgåande for å motarbeide klimaendringane og konsekvensane av dei (basert på ei erkjenning av at FNs rammekonvensjon om klimaendring er det viktigaste internasjonale og mellomstatlege forumet for forhandlingar om globale tiltak mot klimaendringar)

Illustrasjon for bærekraftsmål 13: Stopp klimaendringane

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Noreg.

13.1) Styrkje evna til å stå imot og tilpasse seg til klimarelaterte farar og naturkatastrofar i alle land

13.2) Innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå

13.3) Styrkje evna enkeltpersonar og institusjonar har til å redusere klimagassutslepp, tilpasse seg til og redusere konsekvensane av klimaendringar og varsle tidleg, og dessutan styrkje utdanninga og bevisstgjeringa om dette

13.a) Gjennomføre forpliktingane som dei utvikla landa som er part i FNs rammekonvensjon om klimaendring, har teke på seg for å nå målet om i fellesskap å skaffe 100 milliardar dollar per år innan 2020 frå alle kjelder for å dekkje det behovet utviklingslanda har for å innføre føremålstenlege klimatiltak og gjennomføre dei på ein open måte, og fullt ut operasjonalisere Det grøne klimafondet ved at fondet så snart som mogleg blir tilført kapital

13.b) Fremje mekanismar for å styrkje evna til effektiv klimarelatert planlegging og forvaltning i dei minst utvikla landa og små utviklingsøystatar, mellom anna med vekt på kvinner, ungdom og lokale og marginaliserte samfunn

Oppfølginga av Parisavtalen dannar grunnlaget for oppfylling av FNs berekraftsmål 13. Noreg har meldt inn at utsleppa av klimagassar i 2030 skal vere reduserte med minst 55 prosent samanlikna med nivået i 1990. EU har også forsterka klimamålet sitt til minst 55 prosent. Noreg ønskjer å samarbeide med EU om gjennomføring av det forsterka klimamålet for 2030. Som eit delmål på vegen mot netto-null-utslepp og lågutsleppssamfunnet har regjeringa også sett eit omstillingsmål for heile økonomien i 2030. Dette er i regjeringsplattforma formulert som eit mål om å kutte norske utslepp med 55 prosent samanlikna med 1990. Det inneber at regjeringa har eit nasjonalt mål om å omstille både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor. Hensikta er at heile det norske næringslivet skal omstille seg i retning lågutsleppssamfunnet. Noreg har lovfesta eit mål om å bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Målet er å redusere klimagassutsleppa med 90–95 prosent innan 2050 samanlikna med utsleppsnivået i 1990.

Dei norske klimagassutsleppa er på veg ned. Dei samla norske utsleppa av klimagassar i 2022 var 48,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Det er det lågaste nivået sidan 1993, vel 13 prosent under toppnivået i 2007, og ein reduksjon på 2,4 mill. tonn sidan 1990

Noreg fører ein ambisiøs klimapolitikk. Sektorovergripande verkemiddel i form av avgifter og deltaking i det europeiske kvotesystemet er hovudverkemidla og dekkjer om lag 85 prosent av klimagassutsleppa i Noreg. Norske klimaavgifter er svært høge i internasjonal samanheng, både i utbreiing og nivå. Desse verkemidla set ein pris på utslepp og bidreg dermed til at produksjonen og forbruket blir vridd i meir klimavennleg retning. Prisinga av utslepp fører til auka lønnsemd for verksemder som finn måtar å redusere utsleppa på, og stimulerer dermed teknologiutvikling. I tillegg til kvotar og avgifter blir direkte regulering, standardar, avtalar, informasjon og subsidiar til utsleppsreduserande tiltak brukte som verkemiddel i klimapolitikken, inkludert støtte til forsking og teknologiutvikling.

Regjeringa legg årleg fram klimastatus og -plan som eit særskilt vedlegg til forslag til statsbudsjett. I planen set regjeringa tal på den berekna klimaeffekten av forslag til verkemiddel i statsbudsjettet. Regjeringas klimastatus og -plan viser korleis Noreg ligg an til å nå klimamåla og presenterer eit styringssystem og planen regjeringa har for å oppfylle måla. Klimastatus og -plan er også rapporteringa til regjeringa etter klimalova. Blant tiltaka som skal bidra til dette er ein gradvis auke i avgifta på klimagassutslepp til 2000 kroner per tonn CO2 innan 2030, rekna i 2020-prisar. Klimaplanen viser også korleis det vil bli lagt til rette for reduksjon i utslepp og auka CO2-opptak i skog og andre areal, og dessutan verkemiddel for å stimulere låg- og nullutsleppsløysingar i kvotepliktig industri.

Noreg har eit nasjonalt mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane. Norske styresmakter arbeider for å gjere samfunnet mindre sårbart for klimaendringar. Eit godt naturvitskapleg kunnskapsgrunnlag er sentralt i arbeidet med klimatilpassing. Norsk klimaservicesenter (KSS) skaffar, legg til rette og formidlar klima- og hydrologiske data for bruk i arbeidet til forvaltninga med klimatilpassing og gjev råd om bruk av data. Nettstaden Klimatilpasning.no bidreg til å spreie kunnskap om klimaendringar og klimatilpassing. Omsynet til klimatilpassing er innarbeidd i statlege planretningslinjer for klima- og energiplanlegging. For å styrkje klimaberedskapen la regjeringa i 2023 fram ei stortingsmelding om klimatilpassing. Stortingsmeldinga «Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn» inneheld planen regjeringa har for det nasjonale arbeidet med klimatilpassing for perioden 2024–2028. Stortinget handsama meldinga januar 2024, og stiller seg bak hovudgrepa i meldinga. Eit viktig formål med denne stortingsmeldinga er å byggje eit rammeverk for auka tilpassingsinnsats i og på tvers av sektorar og samfunnsområde. Eit forbetra styringssystem for det nasjonale klimatilpassingsarbeidet skal føre til at omsynet til eit klima i endring blir vurdert og implementert systematisk i alle sektorar, at arbeidet blir meir heilskapleg og betre samordna, og at vi får meir kunnskap om utviklinga i risiko og sårbarheit for Noreg og om effektar av innsats og tiltak.

Parisavtalen var eit vendepunkt for internasjonalt samarbeid på klimaområdet, og representerer saman med klimakonvensjonen eit solid rammeverk for global klimainnsats. Det overordna formålet med Parisavtalen er å styrkje den globale innsatsen mot klimaendringane. Avtalen har mål om å halde den globale temperaturauken til godt under 2 gradar celsius samanlikna med førindustrielt nivå, og å søkje å avgrense oppvarminga til 1,5 gradar. Klimaendringane er ikkje berre ein framtidig trussel, dei er også ein realitet i dag, og det er dei fattigaste og mest utsette landa som i størst grad blir ramma av konsekvensane av global oppvarming.

Norsk støtte til klimatiltak i utviklingsland er sentralt for å kjempe mot fattigdom og å nå berekraftsmåla. Støtte til arbeidet utviklingslanda gjer med å nå innmelde klimaplanar (NDC) er ei viktig føring for korleis norsk klimafinansiering blir innretta. Noreg har eit mål om dobling av klimafinansieringa frå 7 mrd. kroner i 2020 til 14 mrd. kroner i 2026. Dei siste oppdaterte tala, frå 2022, viser at Noreg allereie har nådd dette nivået, med ei total klimafinansiering på 15,5 mrd. kroner. Noreg har òg eit mål om å tredoble støtta si til klimatilpassing. Regjeringa sin strategi for klimatilpassing, førebygging av klimarelaterte katastrofar og kamp mot svolt legg føringane for ei forsterka norsk innsats for at klimasårbare samfunn skal kunne tilpasse seg eit klima i endring.

Klima- og skoginitiativet er den største internasjonale klimasatsinga og natursatsinga Noreg gjer. Initiativet har gjort Noreg til eit føregangsland i langsiktig finansiering for å redusere og reversere tap av tropisk skog og bidra til berekraftig arealforvaltning og redusert press på regnskogen frå globale råvaremarknader. Initiativet har samarbeid med mange av dei største tropiske skoglanda og har gitt betydelege utsleppsreduksjonar.

Det grøne klimafondet er hovudkanalen for klimafinansiering under klimakonvensjonen. Regjeringa gjev eit bidrag til fondet på 800 mill. kroner årleg i perioden 2024–2027. Noreg bidreg også med betydeleg finansiering gjennom utviklingsbankane, som gjev ein vesentleg og aukande del av midlane sine til klimarelaterte tiltak. 

Regjeringa oppretta i 2022 Statens klimainvesteringsfond for fornybar energi i utviklingsland (Klimainvesteringsfondet). Fondet er forvalta av Norfund og skal bidra til reduserte klimagassutslepp ved å finansiere utbygging av fornybar energi i utviklingsland med store utslepp frå fossil kraftproduksjon, særleg kolkraft. Regjeringa har òg opprette ein ny statleg garantiordning for fornybar energi med ein garantiramme på 5 mrd. kroner i ein prøveperiode på fem år frå 2024–2028. Formålet med garantiordninga er auka investeringar i fornybar energi i utviklingsland. Ordninga skal mobilisere privat kapital som bidreg til dette.