13. Stoppe klimaendringane
Dato: 05.04.2022
Handle omgåande for å motarbeide klimaendringane og konsekvensane av dei (basert på ei erkjenning av at FNs rammekonvensjon om klimaendring er det viktigaste internasjonale og mellomstatlege forumet for forhandlingar om globale tiltak mot klimaendringar)

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Noreg.
13.1) Styrkje evna til å stå imot og tilpasse seg til klimarelaterte farar og naturkatastrofar i alle land
13.2) Innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå
13.3) Styrkje evna enkeltpersonar og institusjonar har til å redusere klimagassutslepp, tilpasse seg til og redusere konsekvensane av klimaendringar og varsle tidleg, og dessutan styrkje utdanninga og bevisstgjeringa om dette
13.a) Gjennomføre forpliktingane som dei utvikla landa som er part i FNs rammekonvensjon om klimaendring, har teke på seg for å nå målet om i fellesskap å skaffe 100 milliardar dollar per år innan 2020 frå alle kjelder for å dekkje det behovet utviklingslanda har for å innføre føremålstenlege klimatiltak og gjennomføre dei på ein open måte, og fullt ut operasjonalisere Det grøne klimafondet ved at fondet så snart som mogleg blir tilført kapital
13.b) Fremje mekanismar for å styrkje evna til effektiv klimarelatert planlegging og forvaltning i dei minst utvikla landa og små utviklingsøystatar, mellom anna med vekt på kvinner, ungdom og lokale og marginaliserte samfunn
Globale klimautslepp held fram med å auke, og klimautsleppa i verda i perioden 2010-2019 er dei høgaste nokon gong. Det haster å kutte utsleppa og å få til ei reell grøn omstilling, også her i Noreg.
I februar 2020 melde Noreg inn eit forsterka klimamål under Parisavtalen.
Det forsterka klimamålet til Noreg er å redusere utsleppa med minst 50 prosent, og opp mot 55 prosent i 2030 samanlikna med 1990-nivået. Noreg har alt forplikta seg til å samarbeide med EU om å redusere utsleppa med minst 40 prosent innan 2030. Vi ønskjer også å oppfylle forsterkinga saman med EU, som har auka sitt mål til 55 prosent.
Vi har eit lovfesta mål om å bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. I mai 2021 vedtok Stortinget å forsterke det lovfesta klimamålet for 2050. Målet er at klimagassutsleppa blir reduserte med om lag 90–95 prosent frå utsleppsnivået i 1990.
Stortingsmelding 13 «Klimaplan for 2021–2030» frå 2021 presenterer politikk for å redusere klimagassutsleppa i perioden 2021–2030 i tråd med Noregs klimamål og i samarbeid med EU. Stortingsbehandlinga viste at det er fleirtal for hovudgrepa i klimaplanen. Dei viktigaste verkemidla for å redusere utslepp av klimagassar i Noreg er utsleppsavgifter og deltaking i kvotehandelssystemet til EU (EU ETS).
Noreg er eit av landa i verda med dei høgaste avgiftene på fossil energi. Over 80 prosent av norske utslepp er prisa, anten gjennom kvoteplikt eller gjennom avgift. Framover skal CO2-avgifta gradvis auke for alle sektorar og trappast opp til 2000 kroner fram mot 2030. I tillegg til prising vert også direkte reguleringar, standardar og tilskot nytta for å redusere utsleppa.
Stortingsmelding 13 legg fram verkemiddel som vil kunne kutte norske ikkje-kvotepliktige utslepp med 45 prosent i perioden 2021 til 2030. Med ikkje-kvotepliktige utslepp meiner vi utslepp frå transport, avfall, jordbruk, bygg og delar av utsleppa frå industri og olje- og gassverksemd. Eit offentleg utval skal greie ut vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050.
Noreg har eit nasjonalt mål om at samfunnet skal førebuast på og tilpassast klimaendringane. Klimaendringane kan alt merkast i Noreg. Mykje av infrastrukturen er bygd for det klimaet vi har vore vane med. Vi må førebu oss og tilpasse oss klimaendringane i måten vi innrettar og byggjer samfunnet på. For å styrkje klimaberedskapen set regjeringa i gong eit arbeid med ny strategi for klimatilpassing. Dette arbeidet vil skje i form av ei stortingsmelding.
Parisavtalen var eit vendepunkt for internasjonalt samarbeid på klimaområdet, og representerer saman med klimakonvensjonen eit solid rammeverk for global klimainnsats. Avtalen tredde i kraft 4. november 2016. Det overordna formålet med Parisavtalen er å styrkje den globale innsatsen mot klimaendringane. Avtalen har mål om å halde den globale temperaturauken til godt under 2 gradar celsius samanlikna med førindustrielt nivå, og å søkje å avgrense oppvarminga til 1,5 gradar.
På klimatoppmøtet i Glasgow (COP26) i november 2021 vart partane samde om å arbeide for å avgrense oppvarminga til 1,5 gradar. Parisavtalen seier òg at evna til å handtere skadeverknadene av klimaendringane skal styrkjast i landa. Det er vidare eit formål at finansstraumar skal bli meir i samsvar med ei klimarobust lågutsleppsutvikling.
Støtte til klimatiltak i utviklingsland er svært viktig for ei effektiv gjennomføring av Parisavtalen. Noreg har vore eit føregangsland i å innrette klimafinansieringa til utviklingsland på ein langsiktig og føreseieleg måte. Innmelde klimamål og planar frå utviklingslanda (Nationally Determined Contributions) gjev ei viktig føring for å innrette klimafinansieringa framover. Det er sett i gang eit arbeid for å gjere meir av bistanden klimarelevant, og for å sikre at denne bistanden mest mogleg effektivt fører til gjennomføringa av måla i Parisavtalen.
Klima- og skoginitiativet er Noregs største internasjonale klimasatsing. Initiativet har gjort Noreg til eit føregangsland i finansiering for å stanse tapet av naturskog og bidra til berekraftig arealforvaltning. Satsinga er forlengt til 2030. Klimafinansiering gjennom multilaterale kanalar som Det grøne klimafondet (GCF), Den globale miljøfasiliteten (GEF) og Verdsbanken er også viktig. Noreg gjev eit bidrag til Det grøne klimafondet på 800 millionar kroner årleg for perioden 2020–2023.
For å lukkast i arbeidet med å redusere klimagassutslepp må vi få med annan kommersiell kapital. Noreg har difor oppretta eit nytt klimainvesteringsfond. Fondet skal investere i fornybar energi i utviklingsland med mykje utslepp frå fossil kraftproduksjon, særskilt frå kolkraft. Målet er å bidra til reduserte klimagassutslepp i desse landa. Norfund får ansvaret for forvaltninga av fondet.
Klimaendringane er ikkje berre ein framtidig trussel, dei er også ein realitet i dag, og dei fattigaste og mest utsette landa blir allereie ramma av konsekvensane av global oppvarming. Innsatsen for klimatilpassing, førebygging av klimarelaterte katastrofar og kamp mot svolt er difor også ein viktig del av norsk klimafinansiering.