Forsiden

6. Reint vatn og gode sanitærforhold

Sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle

Illustrasjon for bærekraftsmål 6: Reint vatn og gode sanitærforhold

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å koordinere arbeidet med målet i Noreg.

6.1) Innan 2030 sørgje for likeverdig tilgang til trygt drikkevatn til ein overkomeleg pris for alle

6.2) Innan 2030 sørgje for tilgang til tilstrekkelege og likeverdige sanitær-, hygiene- og toalettforhold for alle, med særleg vekt på behova til jenter og kvinner og personar i utsette situasjonar

6.3) Innan 2030 sørgje for betre vasskvalitet ved å redusere forureining, avskaffe avfallsdumping og mest mogleg avgrense utslepp av farlege kjemikaliar og materiale, halvere prosenten ubehandla spillvatn og i vesentleg grad auke gjenvinning og trygg ombruk på verdsbasis

6.4) Innan 2030 vesentleg betre utnyttinga av vatn i alle sektorar og sikre berekraftig uttak av og tilgang til ferskvatn for å bøte på vassmangel og i vesentleg grad redusere talet på personar som blir ramma av vassmangel

6.5) Innan 2030 innføre integrert forvaltning av vassressursar på alle nivå, mellom anna gjennom samarbeid over landegrensene der det er aktuelt

6.6) Innan 2020 verne og byggje opp att vassrelaterte økosystem, inkludert fjell, skogar, våtmarker, elvar, vassførande bergartar og innsjøar

6.a) Innan 2030 utvide det internasjonale samarbeidet og støtta til å byggje opp kapasitet i utviklingsland innanfor verksemd og program som er knytte til vass- og sanitærforhold, mellom anna teknologi for vassoppsamling, avsalting, effektiv bruk av vassressursar, behandling av avløpsvatn, gjenvinning og ombruk

6.b) Støtte og styrkje medverknad frå lokalsamfunn for å betre forvaltninga av vass- og sanitærforhold

Dei aller fleste innbyggarane i Noreg har tilgang til nok, trygt og godt drikkevatn. Sjølv i situasjonar med uvanleg lite nedbør, er det få som opplever mangel på vatn. Utslepp av kjemikaliar og materiale som kan påverka vasskvaliteten, er strengt regulerte. God regulering av avfallshandtering bidrar òg til å verne vassførekomstar.

Majoriteten av befolkninga er tilknytt kommunale reinseanlegg, og det meste av det sanitære avløpsvatnet blir reinsa. Låg framdrift i fornyinga av leidningsnettet er ei utfordring i arbeidet for å nå berekraftmål nr. 6. Mykje av leidningsnettet for vatn og avløp er gammalt og/eller dårleg. Mange avløpsreinseanlegg oppfyller ikkje reinsekrava i forureiningsregelverket. Dette medfører utslepp av ureinsa og dårleg reinsa avløpsvatn som forureinar. I gjennomsnitt lekker 30 prosent av produsert og reinsa drikkevatn ut før det når forbrukaren. For langsam fornying av avløpsnettet fører til risiko for spreiing av ureinsa avløpsvatn til vassførekomstar og kan medføra forureining av drikkevassnettet. Det medfører fare for forureining og spreiing av smittsame sjukdommar. Enkelte stader er det òg behov for å betre situasjonen for spreitt avløp for å unngå at drikkevasskjelder blir forureina.

Å tilpasse vass- og sanitærsystem til forventa klimaendringar som auka nedbør, flaum og stigning av havnivå vil vere ei utfordring i ein del kommunar. I somme kommunar trengst det dessutan betre reservevassløysingar for å trygge ei stabil levering av drikkevatn.

Noreg har verna mange område som er viktige for vassrelaterte økosystem. Dei seinare åra er det mellom anna satsa på å restaurere myr og annan våtmark. Det er framleis mange våtmarker som treng restaurering. Verneplan for vassdrag vernar 390 utvalde norske vassdrag, spesielt mot utbygging av vasskraft. Nasjonale strategiar for restaurering av vassdrag og våtmark fram mot 2030 er under utarbeiding.

Gjennomføringa av EUs vassdirektiv i norsk rett gjennom vassforskrifta har bidratt til ei meir heilskapleg, økosystembasert og samordna vassforvaltning, med vassforvaltningsplanar som hovudverktøy. Dette har bidratt til å styrke lokal vassforvaltning, mellom anna med vassområdekoordinatorar som involverer kommunane og legg til rette for medverknad. Gjennomføring av regionale vassforvaltningsplanar skal sikre god kjemisk og økologisk tilstand i dei fleste vassførekomstar innan 2033. Statistikk tyder på at talet på vassførekomstar med god miljøtilstand har auka.

Tilgang til reint vatn, gode sanitærforhold og hygiene er avgjerande for god folkehelse. Mangel på dette bidrar òg til å halde barn og særleg jenter borte frå skulen. Omtrent halvparten av befolkninga i verda opplever alvorleg vassmangel i deler av året på grunn av klimaendringar og andre faktorar.

Risikoen for dårlegare tilgang på vatn og vassrelaterte skadar vil framleis auke. Kor stor risikoen blir, vil avhenge av kor høg den globale oppvarminga blir. Internasjonalt støttar Noreg aktivitetar for å betre tilgangen til trygt drikkevatn og tilfredsstillande sanitærforhold og god hygiene. Noregs innsats er ein del av innsatsen på andre område som helse, utdanning, mattryggleik, utvikling på landsbygda og humanitær bistand. Norske organisasjonar bidrar i dette arbeidet, og ein stor del av støtta går gjennom humanitære organisasjonar.

Norsk satsing for å ta vare på tropiske skogar bidrar òg til å verne drikkevasskjelder. Regnskogen i Kongobassenget og Etiopia er viktig for drikkevassforsyninga i Afrika, og regnskogen i Amazonas vernar viktige vasskjelder i Sør-Amerika.

Noreg ratifiserte WHO-protokollen for vatn og helse i 2004. Målet med protokollen er å sikra tilgang på nok og trygt drikkevatn og tilfredsstillande sanitære forhold. Noreg er ein aktiv deltakar i det europeiske arbeidet under protokollen, som blir leia av Verdshelseorganisasjonen (WHO) og FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE). Sjølv om situasjonen i Europa er bra på mange område, er det framleis utfordringar knytt til reint drikkevatn i enkelte land som inngår i Europaregionen under WHO. Noreg bidrar med utarbeiding av rettleiarar og opplæring med sikte på å få på plass betre vassreinsing i desse områda.

Internasjonalt bidrar Noreg til å auka kompetansen og kapasiteten for å få til ei berekraftig forvaltning av våtmarksområda i verda, ved å støtta arbeidet til våtmarkskonvensjonen med å laga rettleiing, handbøker og datasystem som kan bli brukt av alle land. Vidare støttar Noreg aktivitetar som legg til rette for felles forvaltning av grensekryssande vassdrag mellom anna i Nilen og elvane i Himalaya. Dei seinare åra er òg samarbeidet med nabolanda Sverige og Finland om felles forvaltning av elvar og vatn som kryssar grensene, styrkt gjennom avtalar og felles strategiar.