Fiskerinasjonen Noreg

Noreg er Europas største fiskerinasjon og verdas 9. største fiskerinasjon. I 2023 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 43 milliardar kroner, som vart ny rekord.

Det er fleire faktorar som påverkar verdien av det norske fisket, som kvoter, prisen på råstoff, valutasvingingar og handelspolitikk. Generelle utviklingstrekk i samfunnet har òg stor betyding for fiskeria, som den teknologiske utviklinga, den generelle økonomiske utviklinga og demografiske trendar.

Utviklinga i dei norske fiskeria sidan etterkrigstida.

Det årlege fangstkvantumet har variert naturleg med biologiske variasjonar og tilhøyrande kvotar. Enkelte periodar er sterkt påverka av kollaps i bestanden av norsk vårgytande sild og den sterke nedgangen i torskebestanden på 1980- og 1990-talet. Etter ein liten auke etter krigen har talet på fiskarar og fiskefartøy blitt redusert som følgje av auka effektivitet på grunn av teknologisk utvikling og ein styrt struktureringspolitikk. Dette har gjeve ein betydeleg produktivitetsvekst i fiskeria, og fangst per fiskar har auka frå under 10 tonn per fiskar i 1945 til nærare 220 tonn i 2023.