Rauma kommune - motsegn til reguleringsplan for Måsvatnet hyttefelt

Departementet finn etter ei samla vurdering å kunne stadfesta reguleringsplanen for Måsvatnet hyttefelt. Det er lagt vekt på omsynet til dei lokalpolitiske vurderingar som kommunen har gjort i saka.

Departementet viser til oversending av 22. mai 2014 frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Saka er i medhald av § 11 andre ledd i plan- og bygningslova sendt departementet for endeleg avgjerd. Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal har reist motsegn til planen ut frå omsynet til området sine spesielle kvalitetar knytt til natur- og friluftsinteresser. Mellom anna vert det vist til prioriteringane i Fylkesdelplan for inngrepsfrie naturområde og INON-kartlegginga.

Når det gjeld omsynet til naturmangfaldlova, skal alle saker som ikkje er ferdig handsama før 1. juli 2009, og som rører ved naturmangfald, vurderast etter lovkapittel II, Ålmenne regler for berekraftig bruk.

Departementet finn etter ei samla vurdering å kunne stadfesta reguleringsplanen for Måsvatnet hyttefelt. Det er lagt vekt på omsynet til dei lokalpolitiske vurderingar som kommunen har gjort i saka.
 

Bakgrunn for saka

Oppstart av reguleringsplanarbeidet for Måsvatnet hyttefelt vart varsla 27. november 2010. Området, som ligg mellom Skarsetra og Måsvatnet i Måndalen i Rauma kommune er ikkje regulert frå før. I arealdel av kommuneplanen er området avsett til landbruks-, natur- og friluftsområde  (LNF) sone 3. I deler av området er det opna for hytte - og fritidsbustader i samsvar med godkjent reguleringsplan. Det er i dag oppført 12 fritidsbustader og 6 naust innanfor  planområdet.

Planforslaget legg opp til å plassere 17 nye fritidsbustader i området, samt bygging av 800 m privat køyreveg frå Skarsetra inn mot Måsvatnet.

I samband med oppstartmeldinga vart det både frå fylkeskommunen og fylkesmannen si side varsla motsegn til planen, dersom det vart lagt til rette for at stien frå Skarsetra inn mot Måsvatnet blei rusta opp til køyreveg. Naturvernforbundet i Rauma kom også med merknader i samband med oppstartmeldinga.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal heldt etter andre offentlege ettersyn fast på motsegna til planen i brev av 12. oktober 2012. I brevet vert det mellom anna vist til at fylkesmannen etter første offentlege ettersyn hadde merknader til planomtalen, og at dokumentet ikkje er blitt monaleg betre ved andre offentlege høyring. Fylkesmannen ser positivt på at kommunen har tatt ut hyttene 1-3.

Når det gjeld hyttene T1-T4 (4-7 i førre planforslag) har fylkesmannen peikt på at desse bør plasserast lenger bort frå stien frå Skarsetra mot Måsvatnet, og at fylkesmannen kan trekkje motsegna mot desse dersom dette vert gjort.

Fylkesmannen peiker elles på at vegen ikkje er tatt ut av planen, og held fast på at vegen vil vere negativ for landskap og friluftsliv, som er av regional verdi i dette området.

Fylkesmannen held fast på motsegna mot vegen frå Skarsetra og fram mot hyttene T1-T4 inntil det er dokumentert at hyttene vert lagt lenger bort frå stien.

Møre og Romsdal fylkeskommune fremja endeleg motsegn i brev av 15. oktober 2012. I brevet peikar fylkeskommunen mellom anna på at dei i tidlegare fråsegner ikkje har gått i mot etablering av nye hytter, men har hatt merknader knytt til plassering og utforming av desse.

Fylkeskommunen held, lik med fylkesmannen, fast på motsegna til hyttene T1-T4 inntil ei nærare vurdering av desse ligg føre.

Om den planlagde køyrevegen sørover frå Skarsetra mot Måsvatnet uttaler fylkeskommunen at bygging av denne vegen inneber eit relativt større inngrep enn etablering av nye hytter. I Fylkesdelplanen for inngrepsfrie naturområde er fjellområde mellom Stordalen - Tresfjorden - Innfjorden og Valldalen eit prioritert inngrepsfritt område. Etter definisjonane i fylkesdelplanen vil vegbygging krympa arealet med inngrepsfri natur sørover tilsvarande lengda på veganlegget. Tiltaket vil vera i strid med målsetjinga i planen om ”i størst mogleg grad å oppretthalde inngrepsfrie område”.

Fylkeskommunen konkluderer med at køyrevegen frå Skarsetra til Måsvatnet er i strid med fylkesdelplanen for inngrepsfrie naturområde, og fylkeskommunen har difor framleis motsegn til veganlegget i reguleringsplanen.

Mekling i saka vart gjennomført 13. desember 2013 mellom kommunen, fylkeskommunen og fylkesmannen. Det vart konkludert med at meklinga førte delvis fram. Motsegna mot køyrevegen står ved lag, men motsegna mot plasseringa av dei fire hyttetomtene T1-T4  kunne vurderast nærare av fylkesmannen når kommunen og tiltakshavar hadde vurdert dei faglege råda som kom fram under drøftingane.

Rauma kommune slutthandsama saka i møte den 18. mars 2014 og godkjende då reguleringsplanen med det vilkår at den nye tilkomstvegen og parkeringsplassen vert akseptert av departementet. Kommunen er einig med fylkesmannen om at plasseringa av hyttene T1-T4 verkar litt tilfeldig og bør justerast, men det ser ut til at tiltakshavar/forslagsstillar har ei klår meining med plasseringa, sjølv om dette ikkje kjem klårt og tydeleg fram.

Når det gjeld den omhandla køyrevegen støttar kommunen tiltakshavar. Ei forlenging av den eksisterande vegen vil i første rekke vere retta mot hytteeigarane, for å kome seg nærare hyttene med bil. Vegen er lagt etter dagens sti, tilpassa terrenget gjennom bruk av folk og dyr i mange generasjonar. Parkering/snuplass vil vere svært godt skjerma for støy og innsyn slik den er plassert.

Kommunen meiner det bør leggjast stor vekt på det lokalpolitiske skjønnet i ei sak som dette.

Fylkesmannen viser i sitt oversendingsbrev av 22. mai 2014 til at det knyter seg to uløyste konfliktpunkt til reguleringsplanen for Måsvatnet hyttefelt. Det eine gjeld køyrevegen frå Skarsetra og inn mot Måsvatnet,  og det andre gjeld plasseringa av dei 4 hyttetomtene merka T1 – T4.

I brevet vert det elles vist til at det er viktig å understreke at friluftsliv er eit viktig fellesgode som må sikrast som grunnlag for god livskvalitet, auka trivsel, betre folkehelse og berekraftig utvikling. Viktige nasjonale mål for friluftslivet inneber at friluftsliv basert på allemannsretten skal haldast i hevd, at barn og unge skal ha muligheit til å utvikle ferdigheiter i friluftsliv – og at område av verdi for friluftslivet skal sikrast slik at miljøvennleg ferdsel og opphald kan fremjast og naturgrunnlaget ivaretakast.

Den føreslegne utbygginga vil etter fylkesmannen si vurdering medføre at viktige kvalitative verdiar knytt til  natur og landskap vil kunne gå tapt, samstundes som dette også vil vere til ulempe for dei allmenne friluftsinteressene knytt til området.

Når det gjeld plasseringa av dei fire hyttetomtene T1 - T4 vil ei mindre justering her ivareta både natur- og landskapsmessige forhold, så vel som interesser knytt til friluftsliv og allmenn ferdsel.

Fylkesmannen peikar i oversendingsbrevet elles på at verken kommune eller tiltakshavar har gjort greie for moglege verknader for naturmangfald i saksframlegg eller planomtale. Det er ikkje registrert raudlista eller prioriterte naturtypar innanfor eller nær planområdet.

Etter fylkesmannen si vurdering er det innhenta tilstrekkeleg informasjon for å kunne vurdere omfang og verknader på naturmangfaldet. Samla sett meiner fylkesmannen at krav til kunnskapsgrunnlag er oppfylt, jfr. naturmangfaldlova § 8.

Ut frå tilgjengeleg kunnskap om naturverdiar og verknader av planen, finn fylkesmannen at føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova § 9 ikkje får tyngde. Tilsvarande gjeld naturmangfaldlova §§ 11 og 12.

Fylkesmannen rår etter ei samla vurdering til at motsegnene til planen vert teken til følgje.

Synfaring og møte i saka vart halde den 18. september 2014 med representantar frå kommunen, tiltakshavar, fylkeskommunen, fylkesmannen, Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Klima- og miljødepartementet (KLD) ga i brev av 5. desember 2014 uttale i saka. I brevet peikar KLD mellom anna på at Miljødirektoratet, som også tok del i synfaringa, har gjeve ei fagleg tilråding i saka. Direktoratet tilrår at motsegna knytt til hyttetomtene T1-T4 ikkje vert teken til følgje. Når det gjeld den planlagde køyrevegen kan direktoratet ikkje sjå at den har stor samfunnsnytte, og meiner at omsynet til friluftslivet i området må tilleggast størst vekt. Miljødirektoratet tilrår derfor at motsegna mot den planlagde køyrevegen vert teken til følgje.

KLD sluttar seg til direktoratet sin konklusjon om at motsegna til dei omhandla hyttene ikkje vert teken til følgje. Det vert likevel rådd til at kommunen finn ein betre plassering av hyttene tilpassa terrenget og stien fram mot Måsvatnet, slik kommunen skisserte under synfaringa. Det vert bede om at dette arbeidet skjer i samråd med fylkesmannen og fylkeskommunen.

Når det gjeld køyrevegen meiner KLD mellom anna at denne vil ha fleire negative verknader for friluftslivet og moglegheitene for  å drive småskala friluftsaktivitetar.  Området stend i dag fram som fritt for vegar og tyngre tekniske inngrep. KLD har vurdert dei positive effektane av ein køyreveg som kommunen har peika på, mot dei negative verknadane av tiltaket. Slik saka er grunngjeve frå kommunen si side kan ikkje KLD sjå at den planlagde køyrevegen vil representere betydeleg samfunnsnytte.

Sjølv om viktige miljøverdiar vert redusert, meiner KLD at dei ikkje er av eit slikt omfang at KLD vil rå til at lokaldemokratiske avgjerder vert sett til sides.  KLD rår ut frå dette til at motsegnene mot plasseringa av hyttetomtene og køyrevegen ikkje vert teken til følgje.
 

Departementet si vurdering

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal ta stilling til om reguleringsplanen for Måsvatnet hyttefelt skal godkjennast slik den er framlagt av kommunen, eller om motsegnene til planen skal takast til følgje.

Usemja i denne saka gjeld plasseringa av dei fire hyttene på tomtene T1 – T4, samt forlenging av eksisterande køyreveg med ca. 800 m frå Skarsetra framover mot Måsvatnet.

Etter naturmangfaldlova § 7 skal det vurderast om planen rører ved naturmangfaldet. Fylkesmannen har gjeve uttale om dette i sitt oversendingsbrev av 22.mai 2014.

Departementet viser til det som kjem fram av denne uttala, der det vert konkludert med at omsynet til vurderingane etter naturmangfaldlova er tilstrekkelig tatt i vare.

Når det gjeld den omhandla hytteplassering gjeng det fram av motsegnene at både fylkeskommunen og fylkesmannen finn at dette kan løysast ved ei justering av plasseringa.

Under synfaringa av området kom det og fram at kommunen er innstilt på å endre planen slik at omsynet til plasseringa av dei fire hyttene T1 – T4 i forhold til stien fram mot Måsvatnet vert teken betre i vare. Vi støttar eit slik framlegg, som også vil vere i tråd med synspunkta til Klima- og miljødepartementet. I den samanheng ber vi kommunen ta kontakt med fylkesmannen og fylkeskommunen om det vidare arbeid med ei slik mindre endring av planen.

Usemja om den planlagde vegen i ei lengd av 800 m framover mot Måsvatnet er meir grunnleggande. Det er heilt klårt at den nye vegen vil vere eit tyngre teknisk inngrep i eit område som i dag stend fram som rimeleg urørt, og med ein natur med verdfulle kvalitetar.

Området er vurdert å ha regional verd både i fylkesdelplan for inngrepsfrie naturområder, og i verneplan for vassdraget Måna.

På den andre sida er det eit rimeleg avgrensa tal hytter i området, og det vil soleis neppe verte den store biltrafikken på vegen. Dessutan vil vegen ikkje vinterbrøytast.

Som det gjeng fram av uttala frå Klima-  og miljødepartementet må ein legge til grunn at kommunen har vurdert dei ulike konsekvensane av den føreslegne utbygginga, som nok vil ha størst verknad for lokalsamfunnet. Ut frå målsettinga om at det skal leggjast stor vekt på lokale tilhøve i arealplanlegginga og på lokale vedtak, kan vi ikkje sjå at det er grunn til å gå i mot den føreslegne forlenginga av køyrevegen frå Skardsetra mot Måsvatnet med 800 m.
 

Vedtak

I medhald av § 12-13 i plan- og bygningslova av 2008 stadfestar departementet vedtak av Rauma kommunestyre i møte den 18. mars 2014 om reguleringsplan for Måsvatnet hytteområde som vist på kart, sist dagsett 16. mars 2013. Samstundes stadfestar departementet dei tilhøyrande reguleringsføresegner.

Motsegnene frå Fylkesmannen og Møre og Romsdal fylkeskommune vert soleis ikkje teken til følgje.

Vi viser til reglane i plan- og bygningslova § 12-12 om kunngjering av stadfesta reguleringsplan.

Kommunen er orientert om departementet si avgjerd ved kopi av dette brev.

 

Med helsing 

Jan Tore Sanner

 

Kopi:
Rauma kommune
Klima- og miljødepartementet
Miljødirektoratet
Møre og Romsdal fylkeskommune