Flora kommune - motsegn til kommuneplanen sin arealdel

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner ikkje område for campingplass på Årebrot i kommuneplanen sin arealdel for Flora kommune. Campingplassen kjem for nær ei gravrøys som er eit automatisk freda kulturminne. Motsegna frå fylkeskommunen er såleis tatt til følgje.

Saka er sendt Kommunal- og moderniseringsdepartementet med fylkesmannen sitt brev 16. februar 2017, og seinare brev 6. april 2017, for avgjerd etter plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner ikkje område for campingplass på Årebrot i kommuneplanen sin arealdel for Flora kommune. Campingplassen kjem for nær ei gravrøys som er eit automatisk freda kulturminne. Motsegna frå fylkeskommunen er såleis tatt til følgje.

Bakgrunnen for saka
Arealdelen til kommuneplanen for Flora kommune er sendt til departementet fordi det ikkje er semje om område C2. Området er på plankartet vist som byggjeområde for fritids- og turistformål og planlagt for campingplass for oppstilling av 12 campingvogner. Etter føresegnene skal området opparbeidast med campingvogner med spikertelt og tilhøyrande infrastruktur.

Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde i brev 25. september 2015 motsegn til område C2 på grunn av konflikt med automatisk freda kulturminne. Motsegna vart vedteke av fylkesutvalet 30. september 2015, og det er i vedtaket vist til at etablering av campingplassen er med på å bryte opp eit samanhengande gravrøyssystem på Årebrot av nasjonal verdi.

I dei faglege vurderingane går det fram at langs den indre kystleia i Noreg ligg det gravrøyser frå bronsealder og jernalder som har nasjonal verdi. I Flora kommune er det særskilt konsentrasjonar med slike gravrøyser på Årebrot, og campingplassen råkar den samanhengande rekka med gravrøyser her. Tiltaket vil øydeleggje opplevinga av gravrøysene i området, samstundes som det vil auke presset på å få byggje i nærleiken av andre gravrøyser i kommunen.

Bystyret vedtok planen med område C2 inne 20. desember 2016. I saksframstillinga er det vist til at grunneigaren i mange år har arbeidd for å få til ein oppstillingsplass for campingvogner i dette området. Først skisserte han plass til 19 campingvogner, så reduserte han til 12. Kommunen meiner at tiltaket vil vere med på å få til meir tilrettelegging slik at gravrøysene blir meir synlege, og dermed gjere historia om dei betre kjent. Kommunen meiner at dersom grunneigarar og campingjestar får eigarskap og stolhet til gravrøysene som er typiske og karakteristiske på Årebrot, så blir dei tatt vare på.

Mekling i saka vart gjennomført 19. januar 2017, men det vart ikkje semje.

Bystyret vedtok kommuneplanen endeleg 21. mars 2017, med rettsverknad for alle område med unntak av område C2.

Fylkesmannen sendte saka til departementet i brev 16. februar 2017. Ved fylkesmannen sitt brev 27. mars 2017 blei det endelege vedtaket frå kommunen sendt over til departementet.

Fylkesmannen rår til at campingplassen blir tatt ut av planen og at motsegna blir tatt til følgje.

Fylkesmannen viser til at campingplassen kjem tett inntil eit unikt gravminne; gravrøysa er automatisk freda etter kulturminnelova. Fylkesmannen meiner det er fare for slitasje på og skjemming av kulturminnet i strid med kulturminnelova. Den korte avstanden på 20-30 meter frå campingplassen til gravrøysa gjer at det er fare for at gravrøysa blir leikeplass, med fare for hard og uvettig bruk. Fylkesmannen vurderer det som uheldig å leggje til rette for arealbruk som vil medføre fare for øydelegging og skjemming av eit unikt og automatisk freda kulturminne.

Synfaring og møte fann stad 24. mai 2017, med representantar for kommunen, fylkesmannen, fylkeskommunen, Riksantikvaren, Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Grunneigar var med på synfaringa.

Klima- og miljødepartementet uttala seg i brev 28. juni 2017 og rår til at motsegna frå fylkeskommunen blir tatt til følgje. Departementet viser til at gravrøysa på staden er svært markant og synleg i landskapet. Terrenget er svært ulendt og nær sjøen. Tilrettelegging for campingplass blir antatt å medføre store terrenginngrep og endringar i landskapet, og gravrøysa vil bli liggjande som eit friareal mellom campingplassen og sjøen. Departementet meiner all erfaring tilseier at gravrøysa på sikt vil bli øydelagt, og at infrastrukturen vil opplevast som utilbørleg skjemmande på det automatisk freda kulturminnet, jfr. kulturminnelova § 3.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering
Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal ta stilling til om område for ny campingplass på Årebrot i kommuneplanens sin arealdel for Flora kommune skal godkjennast.

Saka blir handsama etter plan- og bygningslova av 2008. Etter § 5-4 første ledd kan berørt statleg organ fremje motsegn i spørsmål som er av nasjonal eller vesentleg regional betyding, eller av andre grunnar er av vesentleg betyding for vedkomande organ sitt saksområde. Etter § 11-16 andre ledd avgjer departementet om motsegna skal takast til følgje.

Det er motsegn frå fylkeskommunen til campingplassen fordi campingplassen kjem for nær ei gravrøys som er eit automatisk freda kulturminne etter kulturminnelova. Etter kulturminnelova § 3 er gravrøyser frå oldtida automatisk freda, og etter § 2 er det forbod mot inngrep i automatisk freda kulturminner.

Klima- og miljødepartementet tilrår at motsegna blir tatt til følgje, og Kommunal- og moderniseringsdepartementet er samd i deira vurdering av saka. Etablering av ein campingplass berre 20-30 meter frå gravrøysa vil vere klårt i strid med nasjonale interesser. Den aktuelle gravrøysa er ein del av eit samanhengande og unikt gravrøysmiljø som må takast vare på. Gravrøysa vil bli liggjande mellom campingplassen og sjøen, og bruken av området i samband med campingverksemda vil truleg føre til at gravrøysa kan bli øydelagt.

Dette er klårt i strid med kulturminnelova, og gjer at campingområdet her ikkje bør godkjennast.

Tiltaket gjeld plassering av 12 campingvogner med spikertelt og tilhøyrande infrastruktur. Kommunal- og moderniseringsdepartementet ser at dette kan vere eit positivt tiltak, men meiner det ikkje kan forsvarast ei lokalisering som inneber mogleg øydelegjing av eit verdfullt, automatisk freda kulturminne.

Etter naturmangfoldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8-12 leggjast til grunn som retningslinjer ved utøving av offentleg myndighet som gjeld naturmangfald, og vurderinga skal gå fram av vedtaket. Naturmangfald er vurdert i konsekvensutgreiinga, og det kjem ikkje fram at det er viktig naturmangfald i området.

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 11-16 andre ledd godkjenner ikkje Kommunal- og moderniseringsdepartementet Flora bystyre sitt vedtak 21. mars 2017 om arealdelen til kommuneplanen for område C2. Området blir endra frå fritids- og turistformål til landbruks-, natur- og friluftsformål.

Departementet ber om at kommunen tar inn endringa i plankartet.

For kunngjering av planen gjeld plan- og bygningslova § 11-15 andre ledd.


Med helsing

Jan Tore Sanner

 

Kopi

Flora kommune
Klima- og miljødepartementet
Riksantikvaren - Direktoratet for kulturminneforvaltning
Sogn og Fjordane fylkeskommune