Konsultasjonsplikt i samiske saker

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Som urfolk har samane rett til å bli konsulterte i saker som gjeld dei. Regjeringa og Sametinget har inngått ein avtale om prosedyrar for korleis slike konsultasjonar skal gå føre seg.

Retten urfolk har til å bli konsulterte i saker som gjelde dei, er nedfelt i  ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar, artikkel 6. I Avtale om prosedyrar for konsultasjoner mellom statlige myndigheter og Sametinget, inngått mellom kommunal- og regionalministeren og sametingspresidenten 11. mai 2005, er det fastsett nærmare prosedyrar for korleis konsultasjonane med Sametinget skal gå føre seg. Sametingets plenum slutta seg til prosedyrane 1. juni 2005. Ved kongeleg resolusjon 1. juli 2005 blei det stadfesta at dei avtalte prosedyrane skal gjelde for heile statsforvaltninga.

Statlege myndigheiter kan også ha ei plikt til å konsultere med andre samiske interesser i tillegg til Sametinget. Det gjeld særleg i saker som rører direkte ved samiske næringar, slik som reindrifta.

 


Referat frå halvårlege møte mellom Sametinget og ministeren med ansvar for samiske saker

 


Referat frå Stoltenberg II-regjeringen: