Ot.prp. nr. 15 (2007-2008)

Om lov om endring i veglov 21. juni 1963 nr. 23

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for lovendringa

Veglova § 27 fyrste ledd lyder i dag slik:

«Med samtykke frå Stortinget kan departementet fastsette at det skal krevjast bompengar på offentleg veg, fastsette storleiken på avgiftene, og sette vilkår om bestemt bruk av avgiftsmidlane. Bompengane kan nyttast til alle tiltak som denne lova gir heimel for. Dessutan kan dei nyttast til investeringar i faste anlegg og installasjonar for kollektivtrafikk på jernbane, herunder sporveg og tunnelbane.»

Forutan dei meir tradisjonelle vegføremåla, gir veglova § 27 heimel for alternativ bruk av bompengar til investeringar i infrastruktur for kollektivtrafikk. Når det gjeld bruk av bompengar til drift, gir lova i dag heimel for å bruke bompengar til drift og vedlikehald av vegnettet. Lova gir derimot ikkje heimel for å nytte bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikk. Bompengeinnkrevjing er ei tidsavgrensa ordning, medan drifts- og vedlikehaldsoppgåver er permanente oppgåver. Bompengeordninga er etablert for å finansiere nærare definerte veg- og kollektivtrafikkføremål. Ordninga vil likevel òg kunne ha positive trafikale og miljømessige verknader, avhengig av utforminga av ordninga.

I lov 18. juni 1965 nr. 4 (vegtrafikkloven) § 7a er det heimel for å ta i bruk vegprising som trafikkregulerande tiltak. Lovføresegna er enno ikkje trådd i kraft, og det er førebels ikkje utarbeidd utfyllande forskrifter. Samferdselsdepartementet meiner det er naturleg at arbeidet med å få det formelle heimelsgrunnlaget på plass, blir sluttført. Departementet vil derfor arbeide vidare med ikraftsetting av lovføresegna i vegtrafikkloven § 7a, og eit forslag til utfyllande forskrifter vil bli utarbeidd og sendt på høyring.

Det er fylkeskommunane sitt ansvar å finansiere drift av lokal kollektivtransport, utanom jernbanen. I samband med det lokale arbeidet med Oslopakke 3 er det komme fram eit ønske om å kunne nytte bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikken. Oslo kommune og Akershus fylkeskommune har på denne bakgrunn fatta vedtak om å nytte bompengemidlar frå Oslopakke 3 til drift av kollektivtrafikken.

Transportutfordringane i dei største byane krev at heile transportsystemet må sjåast i samanheng. Styrking av kollektivtransporten, trafikkregulerande tiltak og investeringar i eit vegnett som reduserer lokale miljøproblem og aukar den samla framkomsten er naudsynt for å nå eit mål om effektiv og miljøvenleg transport i byane. Dei tradisjonelle bompengepakkene fungerer godt i høve til hovudintensjonen om å framskunde inve­steringar i veg- og kollektivinfrastrukturtiltak. Dagens ordning gir såleis likevel ikkje lokale styresmakter tilstrekkelege motiv til å sjå investeringar i transportsystemet, drift av kollektivtransport og arealpolitikk i samanheng. Den kommunale/fylkeskommunale økonomien i byområde med store transportutfordringar kan dessutan vere utilstrekkeleg til å gi det naudsynte løftet i kollektivtilbodet.

Det har allereie skjedd ei utvikling ved at både riksvegmidlar og bompengar kan nyttast alternativt til investeringar i infrastrukturtiltak for kollektivtransport. Ei vidareutvikling som inneber bruk av bompengar til drift av kollektivtransport kan auke moglegheitene for å oppnå ønska resultat i areal- og transportpolitikken i byområda innafor dagens ansvarsdeling.

Behovet for auka satsing på tiltak utover reine investeringar i kollektivtrafikk er stort i dei største byområda. Lokale styresmakter er i større grad no enn tidlegare, positive til å ta i bruk bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikk. I tråd med denne utviklinga er departementet positiv til ei lovendring i veglova § 27, og gjer med dette framlegg om innføring av ein heimel som opnar for å nytte bompengeinntekter til drift av kollektivtiltak. Departementet foreslår at dette kjem til uttrykk i veglova § 27 fyrste ledd ved følgjande tillegg:

«Som del av ein plan om eit heilskapleg og samordna transportsystem i eit byområde, kan bompengar nyttast til tiltak for drift av kollektivtrafikk.»