Ot.prp. nr. 15 (2007-2008)

Om lov om endring i veglov 21. juni 1963 nr. 23

Til innhaldsliste

3 Innhaldet i lovforslaget

Bompengepakker i dei største byane er sett i verk for å løyse lokale og regionale transportutfordringar. Alternativ bruk av bompengar til drift av kollektivtrafikk er mest aktuelt i dei største byområda. Dette utelukkar likevel ikkje at dette verkemiddelet kan vere aktuelt òg i andre byområde dersom vilkåra elles er oppfylte.

For etablering av bompengeprosjekt, herunder bomringar og bypakker, blir det i dag krevd lokalpolitisk initiativ og vedtak. Det vil også vere naudsynt med slikt lokalpolitisk initiativ og vedtak for å etablere ei bompengepakke der bompengar skal nyttast til driftstiltak for kollektivtrafikken.

Inntektene frå bompengepakker skal komme dei lokale innbyggjarane til gode gjennom tiltak for å utvikle eit meir heilskapleg og samordna transportsystem. Sjølv om ikkje bompengar er ei ordning for å regulere trafikk, vil likevel eit sy­stem der bompengar nyttast til driftstiltak for kollektivtrafikk kunne føre til ei overføring av persontransport frå personbil til kollektive transportmiddel. Dette vil vere viktig for å redusere miljø- og helseulemper, avgrense arealbruken som har samanheng med transport i byområda og redusere presset på kapasiteten i vegnettet. Brukarane av vegnettet har indirekte nytte av eit betre kollektivtilbod, dersom dette fører til frigjort kapasitet i vegsystemet. Redusert bruk av privatbil i byområda kan såleis betre framkomsten i vegsystemet, noe som òg vil bidra til å redusere transport- og distribusjonskostnadene for næringslivet.

Etablering av bompengepakker i eit byområde må skje på grunnlag av planar som ser arealbruk og transportsystem for det berørte området i samanheng. Planane må vere lokalpolitisk handsama.

I forslaget til ei bompengepakke må det liggje føre ei framstilling av heilskapen i pakka som gjer det tydeleg korleis trafikk- og miljøutfordringane skal handterast på kort og lang sikt. I denne framstillinga må det vidare vere definert klare mål for kva etableringa av bompengepakka skal oppnå i det berørte området. Det må mellom anna vere dokumentert ein samanheng mellom verknader på dei miljø- og trafikkutfordringane som skal løysast, og dei tiltaka som pakka føreslår. Satsing på kollektivtrafikk må vere ein del av den heilskaplege framstillinga av bompengepakka. Bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikken skal, som bompengar til andre tiltak, nyttast på ein slik måte at dei etter ein avgrensa innsatsperiode har bidrege til at måla som er definert i bompengepakka, blir nådd. For ei bompengepakke som òg inneheld driftstiltak, må det vere utarbeidd ein strategi for handtering av driftsoppgåvene etter opphør av bompengefinansieringa. Vidare må det gå fram kva som skal skje ved eventuell svikt i inntektene. Dette er i tråd med det som gjeld generelt for bompengefinansiering.

Føresetnadene i avsnittet over må vere oppfylte før ei bompengepakke for eit byområde blir lagt fram for Stortinget. Det skal rapporterast på om måla blir nådd i samsvar med intensjonane i bompengepakka.