Ot.prp. nr. 15 (2007-2008)

Om lov om endring i veglov 21. juni 1963 nr. 23

Til innhaldsliste

9 Administrative og økonomiske konsekvensar

Kostnadene ved å etablere og drifte ei bompengepakke i eit byområde skal dekkast av inntektene som blir krevd inn. Nettoinntektene frå ordninga skal nyttast til lokale transportføremål. Driftskostnadene vil vere avhengig av kor avansert og omfattande bompengesystemet til ei kvar tid er utforma.

Ei utviding av bruksområdet for bompengar til også å omfatte driftstiltak for kollektivtrafikk, kan på lengre sikt gi innsparingar i form av relativt sett lågare kostnadar til vedlikehald av vegnettet der det skjer ei eventuell nedgang/fordeling av trafikk, og gjennom ei forskyving av behovet for ny vegkapasitet. Dei som brukar vegnettet kan få auka nytte ved betre framkomst og føreseieleg køyretid. Dette gjeld både persontransport og næringstransport. Vegbrukarane får samstundes ei betre alternativ transportmoglegheit gjennom eit betra kollektivtilbod.

Det er ikkje grunnlag for å anta at ei utviding av bruksområdet for bompengar til også å omfatte driftstiltak for kollektivtrafikken, vil føre med seg høgare kostnader for trafikantane samanlikna med bompengeordningar der inntektene berre blir nytta til infrastrukturtiltak.

Forslaget som no ligg føre, er basert på eksisterande bompengesystem, og det er naturleg å byggje vidare på den kunnskap og kompetanse som allereie ligg føre.