Ot.prp. nr. 15 (2007-2008)

Om lov om endring i veglov 21. juni 1963 nr. 23

Til innhaldsliste

8 Samferdselsdepartementet si vurdering

På bakgrunn av høyringa har Samferdselsdepartementet gjort einskilde presiseringar i lovforslaget. Dette gjeld mellom anna omtala av det vidare arbeidet med vegprising i kapittel 2.

Samferdselsdepartementet meiner at omtala av type driftstiltak i kapittel 3 er tilstrekkeleg. Det er presisert at jernbana er omfatta av begrepet rutegåande kollektivtransport. Det er vidare presisert at det må kunne ventast at bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikken blir nytta på ein slik måte at dei etter ein avgrensa innsatsperiode har bidrege til at måla som er definert i bompengepakka, blir nådd.

Samferdselsdepartementet vil ikkje føreslå å utvide lovforslaget til å omfatte bruk av finansieringstilskot som er innkrevd frå omsetting av drivstoff, jf veglova § 27a, til driftstiltak for kollektivtrafikk. Det har ikkje gjennom høyringa komme noko ønske frå lokalt hald om ei slik utviding av ordninga. Dersom dette blir ei aktuell problemstilling, vil Samferdselsdepartementet komme attende til spørsmålet om lovendring i veglova § 27a.

Einskilde høyringsinstansar har hatt ulike vurderingar knytt til begrepet «byområde». Etter Samferdselsdepartementet si vurdering er alternativ bruk av bompengar til drift av kollektivtrafikk mest aktuelt i dei største byområda. Dette utelukkar likevel ikkje at dette verkemiddelet kan vere aktuelt òg i andre byområde dersom vilkåra elles er oppfylte.

Einskilde høyringsinstansar har meint at ansvaret for å forvalte og administrere bompengeordninga bør liggje til lokale/regionale styresmakter. Samferdselsdepartementet held fast ved at lovforslaget ikkje skal føre til endringar i ansvarsdelinga i forvaltninga, og at bompengar som skal nyttast til driftstiltak for kollektivtrafikk skal bli fordelt tilsvarande det opplegget ein har i dag for fordeling av bompengar til investeringstiltak. Eventuelle prinsipielle endringar i forvaltinga av bompengemidlane vil heller måtte sjåast i samband med stortingsmeldingar om Nasjonal transportplan, og i samband med framlegging av dei einskilde bompengepakkene.

Fleire høyringsinstansar har peikt på faren for at bruk av bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikken vil redusere dei offentlege tilskota. Det er derfor gjort ytterlegare presiseringar i kapittel 4 for å understreke at bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikk må komme som eit supplement til dei ordinære offentlege tilskota. Det er viktig at det blir etablert gode rutinar for rapportering for å sikre at bompengeinntektene blir nytta i samsvar med føresetnadene i bompengepakka.

Etter ei heilskapeleg vurdering av behovet for utfyllande avtaler mellom sentrale og lokale styresmakter om bruk av inntektene (jf kapittel 4), er Samferdselsdepartementet av den oppfatning at slike avtaler vil kunne vere føremålstenlege dersom dei aktuelle partane er samde om det. Det vil ikkje no bli stilt krav om at det skal bli utarbeidd ei slik utfyllande avtale.

Eit krav om utfyllande avtaler må sjåast i ein meir overordna samanheng. Etablering av bompengepakker i eit byområde skal skje på grunnlag av planar som ser arealbruk og transportsystem for det berørte området i samanheng. Planane må vere lokalpolitisk handsama. Vidare er det stilt krav som skal vere oppfylt før ei bompengepakke i eit byområde kan bli lagt fram for Stortinget. Det må òg vere utarbeidd eit forslag til korleis inntektene frå bompengepakka skal nyttast og kva som skal skje ved eventuell svikt i inntektene. Det skal òg liggje føre ein strategi for handteringa av driftsoppgåvene etter opphør av bompengefinansieringa. Det er vidare lagt til grunn at det må bli utvikla rutinar for rapportering og kontroll. Regjering og Storting vil òg følgje utviklinga i pakkene i samband med stortingsmeldingar om Nasjonal transportplan og årlege budsjett.