Ot.prp. nr. 15 (2007-2008)

Om lov om endring i veglov 21. juni 1963 nr. 23

Til innhaldsliste

5 Forvalting av inntekter frå bompengepakker i byområde

Drift av lokal kollektivtransport, utanom jernbane, er fylkeskommunane sitt ansvar. Lovforslaget som ligg føre her legg ikkje opp til endring i denne ansvarsdelinga, men opnar for at det kan nyttast bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikk.

Grunnlaget for innkrevjing og fordeling av bompengar i ei bompengepakke i eit byområde, er gitt ved Stortinget si handsaming av dei ein­skilde bompengepakkene og i oppfølgjande retningsliner frå Samferdselsdepartementet. Statens vegvesen har inngått avtaler med bompengeselskapa som står for det praktiske arbeidet med innkrevjing av bompengane.

Statlege og regionale styresmakter har politisk styring av bypakkene gjennom prosessane med Nasjonal transportplan, oppfølgjande handlingsprogram og årlege statsbudsjett. Samstundes har ein system for å handtere lokal samordning.

Statens vegvesen utfører utrekning av tilgjengelege midlar for tildeling til prosjekt i bompengepakker. Driftskostnader for bompengeselskapet (administrasjon, drift av stasjonane, utskifting av utstyr etc.), lånerenter og nedbetaling av gjeld blir trekt frå innkrevde midlar. Netto innkrevde midlar blir førebels fordelt på prosjekt som grunnlag for budsjettarbeidet i tråd med gjeldande handlingsprogram. Eventuelle justeringar i høve til handlingsprogrammet som følgje av endra føresetnader (plansituasjon, kostnadsutvikling etc.) må grunngjevast.

Samferdselsdepartementet legg ikkje ved dette lovforslaget opp til endringar i eksisterande ordning med korleis innkrevde bompengar blir forvalta, sjølv om det vert innført ei moglegheit for å nytte bompengar til drift av kollektivtransport. Bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikk vil såleis bli fordelt tilsvarande det opplegget ein har i dag for fordeling av bompengar til inve­steringstiltak. Eventuelle prinsipielle endringar i forvaltinga av bompengemidlane vil måtte sjåast i samband med stortingsmeldingar om Nasjonal transportplan, og i samband med framlegging av dei einskilde bompengepakkene.