Ot.prp. nr. 15 (2007-2008)

Om lov om endring i veglov 21. juni 1963 nr. 23

Til innhaldsliste

4 Bruk av inntektene

Nettoinntektene frå bompengepakker i eit byområde skal nyttast til transportføremål i det berørte området. I tillegg til dei føremåla som i dag er omfatta av veglova § 27, skal inntektene òg kunne nyttast til driftstiltak for all rutegåande kollektivtransport i eit byområde, inkludert jernbane. Dette omfattar tilskot til kollektivtrafikk, investeringar i og vedlikehald av kollektivmateriell samt vedlikehald av anlegg og installasjonar for kollektivtrafikk.

Lokal kollektivtransport er i utgangspunktet eit fylkeskommunalt ansvar, utanom jernbane. Skal bruk av bompengar føre til ein reell auke i driftsmidlar til bruk for kollektivtrafikken, må ikkje den offentlege innsatsen bli redusert tilsvarande. Bruk av bompengar til drift av lokal kollektivtransport skal såleis vere eit supplement til den ordinære innsatsen til transportføremål over offentlege budsjett.

Bruk av inntekter frå ei bompengepakke i eit byområde må sjåast i samanheng med dei transportoppgåvene som skal løysast i området. Det bør vere slik at det er dei samfunnsøkonomisk sett mest fornuftige prosjekta som blir realisert, og dei beste tiltaka som blir sette i gang. Vidare vil det krevjast samhandling mellom statlege og lokale styresmakter for å nå dei måla som ligg til grunn for bompengeinnkrevjinga.

Det må vere utarbeidd eit forslag til korleis inntektene frå bompengepakka skal nyttast før saka blir sendt til sentral handsaming.

Det må utviklast rutinar for rapportering og kontroll for å sikre at bompengeinntektene blir nytta i samsvar med føresetnadene i bompengepakka. Samferdselsdepartementet vil be Vegdirektoratet utforme eit nærare opplegg for dette. Regjering og Stortinget vil følgje opp utviklinga i pakkene i samband med stortingsmeldingar om Nasjonal transportplan, og dei årlege statsbudsjetta.

I etterkant av Stortinget si handsaming av dei einskilde bompengepakkene, må det vurderast om det er føremålstenleg at statlege og lokale styresmakter inngår utfyllande avtaler om bruk av midlane.