Ot.prp. nr. 15 (2007-2008)

Om lov om endring i veglov 21. juni 1963 nr. 23

Til innhaldsliste

6 Høvet til EØS-regelverket

Europaparlaments- og Rådsdirektiv 1999/62/EF om avgifter på tunge lastebilar for bruk av visse typer infrastruktur (Eurovignettdirektivet) inngår som ein del av EØS-avtala, og regulerer årsavgifter og bruk av bompengar og vegbruksavgifter for godstransport. Direktivet er implementert i norsk rett ved forskrift om innkrevjing av bompenger i visse tilfelle – gjennomføring av direktiv 1999/62/EF. Bompengeringar rundt byområda fell innafor unnataket i artikkel 9.1.b), og direktivet får såleis ikkje verknad på bomringar rundt byområda.

Europaparlaments- og Rådsdirektiv 2006/38/EF om endring av Europaparlaments- og Rådsdirektiv 1999/62/EF om avgifter på tunge lastebilar for bruk av visse typer infrastruktur blei vedteke i EU 17. mai 2006, og erstattar Rådsdirektiv 1999/62/EF. Direktivet er førebels ikkje implementert i norsk rett. Unnataket for bompengeringar er vidareført frå det tidlegare Eurovignettdirektivet. Prinsippet om ikkje-diskriminering gjeld likevel for bypakker.

Etter Samferdselsdepartementet si vurdering får ikkje Europaparlaments- og Rådsdirektiv 2006/38/EF verknad på bruk av bompengar til driftstiltak for kollektivtrafikk som ein del av ei bompengepakke i eit byområde, sidan direktivet sitt virkeområde ikkje omfattar bomringar i byane. Etter artikkel 9.2 kan medlemsstatane sjølv avgjere korleis inntektene frå vegbruksavgifter skal nyttast. Direktivet seier at desse bør komme transportsektoren til gode, på ein måte som gjer at heile transportsystemet fungerer optimalt.