Ot.prp. nr. 60 (2007-2008)

Om lov om endring i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

2 Opplysningsvesenets fond og festetomtene under fondet

2.1 Opplysningsvesenets fond

Opplysningsvesenets fond vart oppretta ved lov i 1821. Fondet har sitt grunnlag i eigedommar som frå gammalt av høyrde til det einskilde presteembetet som underhald for presten. Verdiane i fondet femner om eigedommar og finanskapital. Fondet er i dag regulert i Grunnlova § 106 og i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond.

Den samla verdien av Opplysningsvesenets fond var rekna til rundt 6,6 mrd. kroner ved årsskiftet 2007/2008. Verdiane er fordelte på eigedommar og finanskapital. Til eigedommane høyrer 440 prestebustader, 35 forpaktingsbruk, 128 jordleigebruk, 860 000 dekar skog og om lag 9 000 festekontraktar. Verdien av eigedommane er rekna til om lag 4,6 mrd. kroner. Verdien av finanskapitalen var 2,0 mrd. kroner per 31. desember 2007.

Fondet blir forvalta av eit forvaltningsorgan med eige styre. Forvaltninga går føre seg innanfor ramma av lovgivinga for fondet og dei instruksane og retningslinjene som er gitt av departementet. Etter sitt formål og lovgrunnlag skal fondet forvaltast til beste for Den norske kyrkja.

Oversikt over korleis verdien av eigedelane til fondet er samansett, oversyn over resultatrekneskapen for Opplysningsvesenets fond dei seinaste åra, viktige prinsipp for forvaltninga m.m. vart sist presenterte i St.meld. nr. 41 (2004–2005) Om økonomien i Den norske kirke. I St.prp. nr. 1 er det kvart år ein omtale av fondet, av resultata dei siste åra, hovudutfordringar m.m.

2.2 Festetomtene under Opplysnings­vesenets fond

80 pst. av dei om lag 9 000 festekontraktane under Opplysningsvesenets fond gjeld feste av tomt for bustadhus, dvs. om lag 7 000 kontraktar. Mange tomtefelt er leigde bort til kommunar og andre som igjen har bortfesta einskildtomter til mellom anna bustadformål (framfeste), slik at det er mange framfestekontraktar. Det samla talet på bustadtomter, inklusive framfestetomtene, kan vere om lag 14 000. Få kontraktar gjeld tomt til fritidshus, om lag 200 til saman. Elles er tomter bortfesta til offentlege formål eller næringsformål.

Dei seinaste 20 åra har talet på festekontraktar under fondet vorte mykje redusert. På 1980-talet var det rundt 18 000 festekontraktar.

Det store fleirtalet av festekontraktane under Opplysningsvesenets fond har ein klausul som seier at reguleringa av festeavgifta skal reflektere verdien av tomta (marknadsverdiklausulen). Vilkåra for avgiftsreguleringa har vore fastsette i den einskilde festekontrakten og elles i samsvar med den generelle lovgivinga på området (tomtefestelova).

Tidlegare har praksis vore at ein festar av bustadtomt under fondet har fått løyse inn tomta til marknadspris dersom festaren ønskte det og vilkåra elles var oppfylte. Etter dei siste endringane i tomtefestelova er det reglane i tomtefestelova om innløysing som gjeld.

Som følgje av den generelle prisreguleringa som har vore gjeldande på dette området i etterkrigstida, har festeavgiftene i mange tilfelle ikkje vore regulerte i samsvar med kontraktane. Dette gjeld òg for festetomtene under Opplysningsvesenets fond. Ved endringar i tomtefestelova vart det frå 2002 opna for regulering av festeavgifta etter tomteverdien éin gong etter 1. januar 2002 dersom festekontrakten har ein slik reguleringsklausul. Oppregulering med tomteverdien som reguleringsgrunnlag har vore gjennomført for 3 000–4 000 festetomter under Opplysningsvesenets fond sidan 1. januar 2002, i snitt om lag 600 kvart år.

Inntektene til fondet frå tomtefeste har stige etter 2002. Medan fondet for alle typar festekontraktar hadde inntekter frå festeavgifter på nær 30 mill. kroner i 2001, var dei årlege inntektene om lag 40 mill. kroner i 2005 og 2006 og om lag 50 mill. kroner i 2007. Innløysingssummane for festetomter var 39 mill. kroner i 2001, 84 mill. kroner i 2005, 99 mill. kroner i 2006 og 68 mill. kroner i 2007. Den samla innløysingssummen for bustadtomter i 2007, anten dei aktuelle kontraktane var med private festarar eller med kommunar og andre som hadde bortfesta arealet til bustadtomter, var om lag 40 mill. kroner.