Ot.prp. nr. 60 (2007-2008)

Om lov om endring i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

4 Hovudpunkt i instruksen om tomtefeste

Ved instruks er det fastsett særskilde reglar om innløysing av festetomter som staten eller eit statleg styrt fond er eigar av, og som er bestemte for bustadhus. Instruksen har òg reglar om regulering av festeavgift for desse tomtene. Reglane i instruksen er på desse områda andre enn reglane i tomtefestelova. Dei vilkåra for innløysing og regulering av festeavgift som instruksen stiller opp, er til økonomisk gunst for festaren samanlikna med dei vilkåra for innløysing og leigeregulering som følgjer av tomtefestelova. Instruksen har ikkje særreglar om festeforhold som gjeld tomt for fritidsformål, offentlege formål eller næringsformål.

Etter instruksen skal innløysingsprisen vere 30 gonger den opphavlege leiga etter at denne er regulert etter endringane i pengeverdien (konsumprisindeksen) fram til tidspunktet for innløysing. Regelen skal òg gjelde ved framfeste, dvs. at dei som festar tomta, kan krevje innløysing av tomta etter reglane i instruksen. Framfestar av bustadtomt får dermed same vilkår ved innløysing som dei som festar tomta direkte. Regelen i tomtefestelova om innløysingsrett annakvart år når det er gått 30 år av festetida, er innarbeidd i instruksen.

Dersom festaren ikkje ønskjer å løyse inn tomta, har festaren krav på vidare leige regulert etter konsumprisindeksen, dvs. utan omsyn til vilkåra i kontrakten og regelen i tomtefestelova om oppregulering éin gong etter 1. januar 2002 i samsvar med tomteverdien. Dei festarane som sidan 1. januar 2002 har fått oppregulert festeavgifta etter reglane i tomtefestelova, skal dessutan få avgifta sett ned etter reglane i instruksen.

I framfesteforhold er festeavgifta ei sak mellom framfestar og frambortfestar. Instruksen kan ikkje regulere dette direkte. Det har vore reist spørsmål om instruksen kan innrettast slik at den i praksis òg kan få verknad for festeavgifta i framfesteforhold, ikkje berre for innløysing. Spørsmålet er til utgreiing. Det er ikkje konkludert i saka.

Instruksen vart fastsett ved kongeleg resolusjon 14. september 2007 og skal gjelde frå 1. juli 2008. Ansvaret for instruksen ligg til Fornyings- og administrasjonsdepartementet.