Ot.prp. nr. 60 (2007-2008)

Om lov om endring i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

8 Andre merknader frå departementet

I punkt 5 er det gjort greie for dei økonomiske konsekvensane for Opplysningsvesenets fond ved gjennomføringa av den omtalte instruksen. Departementet vil understreke at det er ein føresetnad at økonomien til Den norske kyrkja ikkje skal svekkjast som følgje av instruksen.

Opplysningsvesenets fond skal etter sitt lovgrunnlag komme Den norske kyrkja til gode. I samsvar med kyrkjelova § 24, der det heiter at Kyrkjemøtet «gir uttalelse i saker om viktige endringer i lover på det kirkelige område», har departementet lagt saka fram for Kyrkjemøtet 2007 i form av eit høyringsnotat. Fråsegna frå Kyrkjemøtet 2007 i denne saka er med som vedlegg til proposisjonen. Kyrkjemøtet konkluderte slik:

«På bakgrunn av de momenter som er nevnt ovenfor mener Kirkemøtet at et eventuelt lovforslag ikke kan fremmes før man har:

  • foretatt en ny vurdering av forholdet til Grl § 106 og om grunnlovsendring er påkrevet,

  • sikret fondet full kompensasjon både for bortfall av årlige festeinntekter og reduksjon av fondets formue.

Kirkemøtet mener regjeringen ikke bør fremme et eventuelt lovforslag før stortingsmeldingen vedrørende stat-kirke er behandlet.»

I brev 14. desember 2007 til departementet har Den norske kirkes presteforening uttalt seg i saka. I brevet, der det blir vist til fråsegna frå Kyrkjemøtet 2007, heiter det mellom anna: «Presteforeningens oppfatning er at Regjeringens tomtefesteinstruks er grunnlovsstridig og vi fraråder forslaget til endring av lov om Opplysningsvesenets fond.»

Med omsyn til grunnlovspørsmålet viser departementet til punkt 6 ovanfor.

Spørsmålet om økonomisk kompensasjon vil departementet vurdere i tida framover, i samsvar med føresetnaden om at økonomien til Den norske kyrkja ikkje skal svekkjast som følgje av instruksen. Kompensasjonsspørsmålet vil ikkje kunne vurderast før dei faktiske verknadene av instruksen og konsekvensane for økonomien til Den norske kyrkja er kjende.

Reglane i instruksen om at festar (og framfestar) av tomt til bustadhus har rett til ein innløysingspris som er lågare enn etter reglane i tomtefestelova, vil kunne føre til at mange som har festetomt som Opplysningsvesenets fond er eigar av, vil løyse inn tomta. Departementet vil i tilfelle vurdere behovet for å utvide den administrative kapasiteten i fondet og drøfte med fondet korleis saksbehandlinga best kan leggjast til rette, der både omsynet til saksbehandlingstida og dei praktiske og administrative konsekvensane blir vurderte i samanheng. Det same gjeld saker om nedregulering av leiga frå 1. juli 2008.

Det er ikkje mogleg å seie kor mange som vil løyse inn tomta etter dei nye reglane, og kor mange som framleis vil leige tomta. Ved ein auke i talet på innløysingssaker vil dei kommunane der tomtene er lokaliserte, få ein auke i oppgåvene sine i samband med oppmåling og frådeling av tomter. Statens kartverk, som har hand om alle tinglysingar, vil òg få ein auke i oppgåvene.