Ot.prp. nr. 60 (2007-2008)

Om lov om endring i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

9 Særskilde merknader

Til § 5

Departementet foreslår at det blir innarbeidd eit nytt andre ledd som opnar for at Kongen, utan hinder av § 5 første ledd, i instruks kan fastsetje sær­skilde føresegner om innløysing og festeavgift for festetomter under fondet som er bestemte til bustadhus. Instruksen som vart fastsett ved kongeleg resolusjon 14. september 2007, jf. punkt 4 ovanfor, vil dermed gjelde for festetomter som Opplysningsvesenets fond er eigar av. Hovudregelen i første ledd er ikkje endra, men endringsføresegna i andre ledd inneber ein modifikasjon av føresegna i første ledd.

Omgrepet «bustadhus» skal tolkast på same måte som i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste (tomtefestelova), sjå til dømes §§ 5, 7, 15, 16 og 32. Lovteksten er utforma slik at òg framfesteforhold er omfatta dersom framfestaren har bustadhus på tomta. Framfeste er festehøve der bortfestaren – til dømes ein kommune – berre har leigerett til tomta utan sjølv å ha hus på tomta. Ein framfestar kan reise innløysingskrav mot grunneigaren etter tomtefestelova § 42 fjerde ledd.