Ot.prp. nr. 60 (2007-2008)

Om lov om endring i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

5 Økonomiske konsekvensar av instruksen for Opplysningsvesenets fond

Ved innløysing av festetomtene under Opplysningsvesenets fond etter reglane i instruksen, medrekna framfestetomtene, er det rekna ut at innløysingsverdiane vil vere vesentleg lågare enn om tomtene vart innløyste etter dei generelle reglane på området, jf. tomtefestelova. Ved leigeregulering i samsvar med instruksen, samanlikna med leigeregulering i samsvar med tomtefestelova, er det òg rekna med ein vesentleg nedgang i dei årlege festeavgiftene.

Berekningane av verdiane i Opplysningsvesenets fond er usikre. Dei berekningane som fondet har gjort, viser at innløysingsverdien av alle festetomtene under fondet er rekna til mellom 2,4 og 2,8 mrd. kroner. Etter reglane i tomtefestelova og avgjerd i Høgsterett 21. september 2007 er innløysingsverdien for festetomtene til bustadhus rekna til mellom 1,5 og 1,8 mrd. kroner. Innløysingsverdiane er noverdiar, dvs. dei verdiane tomtene er rekna til å ha i dag etter at det er teke omsyn til kva fondet ville ha hatt av sals- og leigeinntekter frå tomtene i framtida. Innløysingssummen for festetomt til bustadhus er av fondet rekna etter ei kapitaliseringsrente på 5 pst., dvs. 20 gonger den oppregulerte festeavgifta. Dette har samanheng med at innløysingsregelen i gjeldande tomtefestelov om at festaren kan krevje innløysing med 40 pst. av verdien av tomta etter frådrag for dei investeringane festaren har gjort på tomta, er sett til side av Høgsterett i tilfelle denne regelen fører til lågare innløysingssum enn 20 gonger den oppregulerte festeavgifta.

Ved regulering av festeavgift i samsvar med instruksen, samanlikna med regulering i samsvar med gjeldande tomtefestelov, reknar fondet med ein nedgang i festeavgiftene på 10–15 mill. kroner i året over ein periode på 20–25 år. 1 I tillegg kjem reduksjonen i årlege festeinntekter ved at dei som har fått avgifta oppregulert etter 1. januar 2002, skal få avgifta sett ned frå 1. juli 2008. Slik nedregulert festeavgift er rekna til å representere ein direkte nedgang i festeinntektene med rundt 10 mill. kroner i året.

Dersom alle festarane, medrekna framfestarane, løyser inn tomtene etter reglane i instruksen, reknar fondet med at innløysingsverdiane vil vere 1,0–1,25 mrd. kroner lågare enn om tomtene vart innløyste etter reglane i tomtefestelova og i samsvar med avgjerda i Høgsterett.

Berekningane av nedgangen i festeavgiftene er frå 2006. Berekningane av innløysingsverdiane er frå 2006, korrigert for høgsterettsdommen i 2007.

Fotnotar

1.

I høyringsnotatet til Kyrkjemøtet om denne saka i november 2007 var det rekna med ein nedgang på 25–35 mill. kroner i året. Det var då ikkje korrigert for at instruksen ikkje har særskilde reglar om leigeavgift som fondet har frå tomtefelt som kommunar og andre har bortfesta til bustadtomter, jf. omtalen av framfesteforhold under punkt 4 ovanfor.