Ot.prp. nr. 60 (2007-2008)

Om lov om endring i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond

Til innhaldsliste

3 Hovudpunkt i tomtefestelova

På tomtefesteområdet gjeld lov 20. juni 1996 nr. 20 om tomtefeste (tomtefestelova) og forskrifta i medhald av lova. Hovudreglane i tomtefestelova om innløysing og regulering av festeavgift for bustadtomter kan kort oppsummerast slik:

Ved innløysing er hovudregelen at innløysingssummen skal vere 30 gonger den oppregulerte leiga på det tidspunktet innløysinga skjer, eller 40 pst. av marknadsprisen for tomta etter frådrag for dei investeringane festaren har gjort på tomta. Etter avgjerd i Høgsterett 21. september 2007 (Sørheimsaka) er regelen i tomtefestelova om 40 pst. av marknadsprisen sett til side i tilfelle han fører til lågare innløysingssum enn 20 gonger den oppregulerte festeavgifta.

Medan tomtefestelova tidlegare hadde ein regel om at festaren etter ei festetid på 30 år hadde innløysingsrett kvart tiande år, har festarar av bustadtomter no slik innløysingsrett annakvart år.

Etter tomtefestelova kan den årlege festeavgifta regulerast opp i samsvar med tomteverdien éin gong etter 1. januar 2002 dersom festekontrakten har regel om tomteverdiregulering. Det gjeld likevel eit pristak for den årlege leigesummen, som i 2008 er på om lag kr 10 000 for tomte­areal inntil eit dekar. Ved seinare reguleringar kan avgifta berre regulerast etter endringane i pengeverdien (konsumprisindeksen).