Ot.prp. nr. 67 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer

Til innhaldsliste

4 Spørsmålet om § 8 må endrast

4.1 Høyringsbrevet

Høyringsbrevet inneheld ei drøfting av om bilansvarslova § 8 andre ledd er i strid med motorvognforsikringsdirektiva:

«Bilansvarslova § 8 andre leddinneheld ein særleg medverkingsregel for samanstøyt-tilfella. Dersom vilkåra i første ledd er oppfylt (t.d. dersom den andre motorvogna gjer skade fordi ho ikkje var i orden eller svikta), vil skadelidaren ha eit krav mot trafikktrygdaren til den andre motorvogna. Dette kravet kan verte avkorta dersom også den motorvogna skadelidaren var med i stettar vilkåra i første ledd (t.d. dersom føraren eller passasjeren ikkje bar seg forsvarleg åt). Avgjerda av om avkorting skal skje, og i tilfelle kor stor summen skal vere, skal rette seg etter åtferda på kvar side og tilhøva elles. Medverkingsregelen i § 8 andre ledd er for skadelidaren strengare enn regelen i § 7 første ledd, m.a. fordi «berre lite til last»-marginen ikkje gjeld i desse tilfella, og fordi det gjeld ein forholdsvis vidtgåande regel om identifikasjon på skadelidarsida.

Medverkingsregelen i bilansvarslova § 8 andre ledd inneber at trafikktrygdaren til den motorvogna som valdar skaden,har eit ansvar som etter omstenda kan vere mindre omfattande enn det ansvaret føraren eller eigaren kan ha etter allmenne skadebotreglar. Dette skulle isolert sett tilseie at regelen er EØS-stridig. Dersom bilansvarslova § 7 vert endra i samsvar med framlegget her, meiner departementet at § 8 andre ledd likevel kan oppretthaldast utan å kome i strid med EØS retten. Grunnen til det er at den skadelidne passasjeren kan velje å reise kravet mot trafikktrygdaren til den vogna han var med i.Framlegget inneber då at medverkingsspørsmålet skal vurderast etter § 7 første ledd, som stiller passasjeren gunstigare enn det som følgjer av allmenne skadebotreglar. Etter departementet sitt syn må det sentrale i forhold til direktiva vere at erstatningsansvaret er dekt av trygd, ikkje kven av trafikktrygdarane som heftar overfor skadelidne.»

4.2 Høyringsfråsegnene

Den Norske Advokatforening «stiller seg noe skeptisk til departementets begrunnelse for ikke å endre bilansvarslova § 8, annet ledd». Det juridiske fakultet, Universitetet i Tromsøuttaler at «i den utstrekning motorvogndirektivene bare gjelder personskader, har det ingen betydning at skadelidtes adgang til å kreve erstatning for tingskader er snevrere når kravet rettes mot «egen» trafikkforsikrer enn når det rettes mot «den andre bilens» trafikkforsikrer». Professor dr. juris Nils Nygaardhar følgjande merknader til § 8:

«Eg er samd med departementet at det ikkje er nødvendig å endra § 8, men har eit par merknader.

Bilansvarslova § 8 andre ledd regulerer bl.a. avkorting ved skadelidnes medverknad til samanstøyt mellom motorvogner. Utgangspunktet er at medverknadsregelen i § 8 er strengare mot skadelidne enn medverknadsregelen i § 7 første ledd. Grunnen er at «lite til last»-marginen i § 7 første ledd ikkje gjeld i § 8-tilfella, samtidig som det etter § 8 gjeld ein relativt vidtgåande identifikasjon på skadelidarsida. Departementet er inne på at denne ulikskapen kan vera i strid med motorvogndirektiva. Men departementet viser til at skadelidne, i staden for å gå på den andre vogna etter § 8, kan velja å krevja trafikktrygdaren til den vogna han var i. På den måten kan medverknadsspørsmålet gå under § 7 første ledd i høve til denne andre trafikktrygdaren. Og dermed unngår ein direktivstrid, idet det ikkje har noko å seia kva for trafikktrygdar skadelidne kan reisa krav mot. Departementet konkluderer med at endring av § 8 dermed er unødvendig i høve til motorvogndirektiva.

Dette er greit. Men det gjeld for personskade, og skade på gangklede og ferdagods som nemnt i § 5 bokstav a og b. Det gjeld ikkje skade på den påkjørte vogna med tilhøyrsle, og heller ikkje skade på (frakt)gods i den, jfr. § 5 bokstav a og b. Vernet mot skade på anna vogn med tilhøyrsle og (frakt)gods i den er altså svakare enn mot annan skade. Skal ein drøfta realiteten i spørsmålet om § 8 inneheld reglar som står i motstrid til motorvogndirektiva, er det altså slike skadar det kan vera tale om. Men det synest vanskeleg å tolka det slik at vårt system på dette punktet er direktivstridig.»

To av høyringsinstansane peikar på det uheldige ved at rettsstillinga til skadelidne kan vere avhengig av om erstatningskravet vert sett fram overfor trafikktrygdaren til den motorvogna vedkomande var med i eller trafikktrygdaren til den andre vogna. Norges Automobil-Forbund uttaler:

«Departementet finner i sitt forslag ikke grunn til å foreta en endring av bilansvarsloven § 8, idet man finner dagens bestemmelse ikke å være i strid med EØS-retten. Som grunn anføres at den skadelidte passasjer kan velge å reise kravet mot forsikringsselskapet til den bilen skadelidte var passasjer i.

NAF finner for sin del at dette er noe uheldig idet dette forutsetter at den skadelidte har kunnskap om at kravet må rettes til «eget» kjøretøy og ikke til motpartselskapet. Etter NAFs mening bør Departementet enten endre § 8 i tråd med de momenter som ligger til grunn for endring av § 7, eller så bør det innføres en informasjonsplikt fra skadevolderforsikringsselskapet til å informere den skadelidte om den juridiske forskjellen som ligger i hvilket selskap man retter kravet mot.»

Den Norske Advokatforeninghar følgjande merknad om dette:

«Lovens § 8, annet ledd, bør etter Advokatforeningens oppfatning utformes slik at sammenhengen mellom de nye reglene i § 7 og § 8, annet ledd, er klar, og således ikke gir opphav til forskjellig lovbruk avhengig av hvilket forsikringsselskap som saksøkes.»

4.3 Departementet sine merknader

På bakgrunn av høyringsfråsegnene har departementet gjort ei ny vurdering av om EØS-retten krev endring av bilansvarslova § 8 andre ledd. Departementet har kome til at det ikkje er naudsynt å endre paragrafen, men med ei noko anna grunngiving enn i høyringsbrevet.

Ifølgje motorvognforsikringsdirektiva er det sentrale at det underliggjande erstatningsansvaret er dekt av trygding. I sak C-129/94 for EF-domstolen (Bernáldez-saka) er dette uttrykt slik (premiss 18):

«Henset til beskyttelsesformålet, som er blevet understreget gang på gang i direktiverne, skal første direktivs artikel 3, stk. 1, som nærmere præciseret og suppleret i andet og tredje direktiv, fortolkes således, at personer, der lider skade ved et uheld forvoldt af et motorkøretøj, i henhold til den lovpligtige motorkøretøjsforsikring skal kunne opnå erstatning for alle person- og tingskader, de har lidt, op til de i andet direktivs artikel 1, stk. 2, fastsatte beløb.»

I relasjon til bilansvarslova § 8 vert spørsmålet om trafikktrygdinga til den andre motorvogna dekkjer heile erstatningsansvaret til eigaren, brukaren eller dei som er med i vogna. Det reiser seg her to underspørsmål:

Det første er om det personlege erstatningsansvaret rekk lenger enn det ansvaret trafikktrygdaren har etter § 8 første ledd bokstav a til c. Bilansvarslova § 11 inneheld reglar om det personlege erstatningsansvaret til den som eig eller brukar ei motorvogn eller som er med i vogna. Uttrykket «ansvar etter vanlege skadebotreglar» må mest truleg også omfatte eventuelt ansvar etter det ulovfesta objektive ansvaret, jf. Nils Nygaard, Skade og ansvar, 5. utgåve, Bergen 2000 s. 294 med vidare tilvisingar. Men det sentrale i denne samanhengen må vere at det etter gjeldande rett ikkje synest å vere grunnlag for eit reint risikoansvar for skade som motorvogn gjer, dvs. eit objektivt ansvar som er uavhengig av teknisk svikt eller uforsvarleg ordning. Dermed vil ikkje det personlege erstatningsansvaret vere meir omfattande enn det ansvaret trafikktrygdaren har etter § 8 første ledd bokstav a-c. Når så regelen om ansvarsfordeling er felles for det personlege ansvaret og trafikktrygdaren sitt ansvar (jf. § 11 andre ledd), må konklusjonen så langt verte at § 8 andre ledd er i samsvar med EØS-retten.

Det andre spørsmålet er kor vidt motorvognforsikringsdirektiva grip inn i høvet til å fastsetje nasjonale reglar om erstatningsansvarsordninga, og om erstatningsregelen i § 11 andre ledd ligg innanfor ei eventuell slik ramme. Paragraf 11 andre ledd viser til regelen i § 8 andre ledd om ansvarsfordeling ved kollisjonar og andre samanstøyt, noko som inneber at det på dette punktet er fullt samanfall mellom erstatningsregelen og trygdingsregelen. Dette skulle tilseie at § 8 andre ledd ikkje er i strid med EØS-retten. Det som kan skape tvil er følgjande uttale i premiss 29 i EFTA-domstolen si rådgivande fråsegn 17. november 1999 i sak E-1/99, jf. punkt 2.1 ovanfor:

«Selv om hovedteksten i første motorvognforsikringsdirektiv fokuserer på forsikringsdekning, har dette direktivet blitt supplert av annet og tredje direktiv på en slik måte at de tre direktivene, sett i sammenheng, setter grenser for i hvilken utstrekning forsikrere kan påberope kontraktsbestemmelser eller nasjonale lovbestemmelser om erstatningsansvar for helt å utelukke visse tilfeller fra forsikringsdekning.»

Domstolen går ikkje nærmare inn på kva slags grenser direktiva set for den adgangen medlemsstatane har til å fastsetje innhaldet i nasjonal erstatningsrett. I EF-domstolen sin dom 14. september 2000 sak C-348/98 (Ferreira-dommen) drøftar EF-domstolen om motorvognforsikringsdirektiva stiller krav til erstatningsansvarsordninga i medlemsstatane. Premiss 23 og premiss 29 lyder slik:

«23. Det må for det første fastslås, at det fremgår af formålet med de tre direktiver om ansvarsforsikring for motorkøretøjer og af deres ordlyd, at de ikke skal harmonisere erstatningsansvarsordningerne i medlemsstaterne.»

«29. Det følger heraf, at medlemsstaterne på fællesskabsrettens nuværende udviklingstrin frit kan fastsætte, hvilken erstatningsansvarsordning der skal gælde for skader, der forvoldes ved færdsel med motorkøretøjer, men at de er forpligtede til at sikre, at det erstatningsansvar, der er gældende i henhold til deres nationale ret, er dækket af en forsikring i overenstemmelse med bestemmelserne i ovennævnte tre direktiver.»

Dersom ein legg EF-domstolen si tolking til grunn, er det tvillaust at bilansvarslova § 11 andre ledd og § 8 andre ledd ikkje skaper problem i forhold til motorvognforsikringsdirektiva. Reglane om ansvarsfordeling knyter seg til «erstatningsansvarsordningen», og på dette punktet skal medlemsstatane altså stå fritt. Byggjer ein derimot på EFTA-domstolen si fråsegn, er ikkje dette like opplagt. Men dersom ein les dei to avgjerdene i samanheng, må det vere klart at medlemsstatane i alle fall som utgangspunkt står fritt til å fastsetje innhaldet i nasjonale reglar om erstatningsansvarsordninga. Når § 11 viser til reglane om ansvarsfordeling i § 8, er dette motivert av eit ønskje om at erstatningsutmålinga bør skje etter same reglar anten kravet vert retta mot trafikktrygdaren eller mot skadevaldaren personleg, jf. Innst. 1957 s. 69. Paragraf 11 andre ledd har såleis ei rasjonell grunngiving i skadebotrettslege omsyn, og ikkje i eit ønskje om å «utelukke visse tilfeller fra forsikringsdekning» som EFTA-domstolen talar om. Vidare er det tale om ein regel som berre regulerer ein heilt spesifikk situasjon på eit avgrensa område, og som i lita grad grip inn i allmenne erstatningsreglar. Etter departementet sitt syn må det vere rom for ein slik regel, sjølv om ein legg EFTA-domstolen si direktivtolking til grunn.

Departementet har etter dette kome til at det ikkje er naudsynt å endre bilansvarslova § 8 andre ledd av omsyn til EØS-retten. Det sentrale er at det personlege ansvaret fullt ut er dekt av trafikktrygding.

Som nemnt har to av høyringsinstansane peikt på det uheldige ved at rettsstillinga til skadelidne kan avhenge av om erstatningskravet vert sett fram overfor trafikktrygdaren til den motorvogna vedkomande var med i eller overfor trafikktrygdaren til den andre vogna. Departementet er samd i at dette etter omstenda kan verke uheldig, men vil understreke at dette ikkje er ein situasjon som er særeigen for samanstøyts-tilfelle der ein skadeliden passasjer har medverka til sin eigen skade. Kva slags trafikktrygdar skadelidne bør fremje kravet mot, vil avhenge av situasjonen og kva slags skadar vedkomande er påført. Ein passasjer som har medverka til sin eigen personskade, og som ikkje er påført tingskade, bør t.d. reise kravet overfor trafikktrygdaren til den vogna han var med i. Dersom det berre ligg føre skade på motorvogna sjølv og gods som vart frakta i den, bør kravet derimot rettast mot trafikktrygdaren til den andre vogna. Det kan oppstå ei rekkje ulike skadesituasjonar, og departementet kan ikkje tilrå at det vert gitt nærmare reglar i lova om kva slags trafikktrygdar kravet bør rettast mot. Dette følgjer av ei konkret vurdering av ansvarsreglane i lova ut frå tilhøva i kvar sak.

På denne bakgrunn vert det ikkje gjort framlegg om endring av § 8.