Ot.prp. nr. 67 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer

Til innhaldsliste

5 Spørsmålet om § 10 må endrast

5.1 Høyringsbrevet

Bilansvarslova § 10 regulerer tilfelle der skaden er gjort av ei motorvogn som ikkje er trygda eller ikkje er kjent. Høyringsbrevet inneheldt ikkje noka drøfting av om denne paragrafen er i strid med motorvognforsikringsdirektiva.

5.2 Høyringsfråsegnene

Professor dr. juris Nils Nygaardreiser spørsmål om § 10 første ledd andre punktum kan vere i strid med EØS-retten:

«Etter § 10 første ledd første punktum får skadelidne dekning som elles, jamvel om vogna ikkje var trygda. Andre punktum gjer unntak frå dette. Unntaket går ut på at den forsikringsdekning som er regulert i første punktum ikkje omfattar visse persongrupper, nemleg «eigaren», «brukaren» og den som «køyrde seg i vogna endå han visste at ho ikkje var lovleg trygda». Ved lovrevisjonen 1992 for tilpassing til EØS-avtalen vart unntaket for den sistnemnde gruppa justert, ved at dågjeldande uttrykk «visste eller måtte vita» vart endra til «visste».

Etter Finanger-dommen og Ferreira-dommen (C-348/98, 14.9.2000) kan det kanskje vera grunn til å sjå nærmare på unntaka i § 10 andre punktum. Det tilsvarande unntaket står i Andre rådsdirektiv (84/5) artikkel 1, punkt 4 tredje ledd: «Medlemsstatene kan likevel utelukke de personer som frivillig har tatt plass i kjøretøyet som forårsaket skaden fra erstatning som utbetales av denne institusjon, dersom institusjonen kan bevise at de visste at kjøretøyet ikke var forsikret.» Dessutan må ein hugsa at vognføraren er generelt unntatt etter direktiva, og at passasjer i tjueritilfella er unntatt etter § 7.

Av dei persongruppene som er nemnde i § 10 andre punktum er det to hovudkategoriar. Den eine hovudkategorien er eigaren eller brukaren.Uttrykket brukaren går her på sjølvstendig brukar, dvs. ein som råder over vogna på eiga hand, til dømes at han leiger vogna. For eigar eller sjølvstendig brukar er det ikkje vilkår at dei visste at vogna ikkje var lovleg trygda. Skade som motorvogna gjer på desse personane, anten skaden skjer medan dei er i eller utanfor vogna, er i dag objektivt unntatt frå trafikktrygdinga. Men dersom dei sjølv ikkje førte vogna, dvs. at dei var utanfor vogna eller var passasjer i den, kan dei som skadelidne krevja skadebot av vognføraren på skyldgrunnlag etter vanlege skadebotreglar. Ved skade på desse personane i slike tilfelle oppstår det altså eit skadebotansvar som ikkje er dekka av trafikktrygdinga. Etter mitt syn må motorvogndirektiva oppfattast slik at plikta til forsikringsdekning også gjeld slike skadetilfelle, bortsett frå dei tilfelle som går under det siterte direktivet ovanfor at dei er passasjerar i vogna og Trafikkforsikringforeninga provar at vedkomande visste at vogna ikkje var trygda. Dette ville også svara til Ferreira-dommen (premiss 35 og domsslutninga i første spørsmål) om å ikkje gjera unntak frå det objektive ansvaret for skade på særlege grupper tredjemenn.

Den andre hovudkategorien i dagens § 10 andre punktum er personar som «køyrde seg i vogna endå han visste at ho ikkje var lovleg trygda». Uttrykket «køyrde seg i vogna» omfattar iallfall passasjer,og unntaket for denne personkategorien er avhengig av at han visste at vogna ikkje var lovleg trygda. Dette svarar til det siterte direktivet ovanfor.

Men det er uklårt om uttrykket «køyrde seg i vogna» i dag omfattar også vognføraren. Lovteksten er frå 1961, bortsett frå at ordet «måtte vita» vart fjerna 1992 som nemnt. Etter lova 1961 var vognføraren generelt unntatt frå trafikktrygdinga, etter bilansvarslova § 5. Og då var det unødvendig å unnta han i § 10. Men ved lovendring 1973 vart det generelle unntaket for vognføraren i § 5 oppheva. Frå nå av gjekk føraren inn under trafikktrygdinga, bortsett frå skade på hans gods medan han kjører vogna, jfr. § 5 bokstav b. Men ordlyden i § 10 første ledd sto uendra. Eg har gått gjennom lovhistoria og førearbeida og har konkludert med at endringa 1973 vanskeleg kan bety at vognføraren nå gjekk inn under unntaket i § 10 første ledd, jfr. mi bok Bilansvar, 1990 s. 300-310. Men jamvel om føraren såleis ikkje går inn under unntaket i § 10 første ledd, vil hans skadebotkrav som skadelidne bli møtt med regresskrav etter § 13, jfr. nedanfor. Slik også fleirtalet i RG 1994 s. 218 Gulating, som fann at skadelidne førar hadde krav etter § 10 første ledd, men frifann Trafikkforsikringsforeninga på grunnlag av skadelidnes regressansvar som førar etter § 13.

For vognførarensrettsstilling etter § 10 første ledd må me idag ta utgangspunkt i at motorvogndirektiva ikkje gir grunnlag for å oppheva unntaket for «eigaren» eller «brukaren» som skadelidne, i dei tilfelle der vogna gjer skaden medan dei kjørerden. Det er som passasjer utan kunnskap som nemnt eller som person utanfor vogna at motorvogndirektiva synest vera til hinder for unntak, jfr. ovanfor. For eigar og brukar som vognførar synest gjeldande unntak i § 10 første ledd å måtte bli ståande. Og når det gjeld vognførar som ikkje er eigar eller brukar, som truleg ikkje går inn under unntaket for personar som «køyrde seg i vogna», kan han i dag som nemnt bli møtt med regress etter førarregelen i § 13.

Her er det altså i dag eventuelt to førargrupper. Den eine er eigar eller brukar som førar, som det ikkje er pålegg i motorvogndirektiva om å ta inn under trafikktrygdinga. Den andre er eventuelt «køyrde seg»- tilfella. Det er mogleg at ein bør endra lova slik at også denne andre gruppa vognførarar går inn under unntaket i § 10 første ledd, iallfall vil rettstekniske omsyn tala for det.

Skal § 10 andre punktum endrast med utgangspunkt i motorvogndirektiva, er det særleg av rettstekniske grunnar naturleg å slå begge førargruppene saman og la vognføraren falla utanfor trafikktrygdinga. Dette svarar også best til grønt kort-systemet.

Eg nøyer meg her med å skissera problemet, og oppmodar departementet å vurdera om § 10 første ledd andre punktum bør endrast. Etter mitt syn ville § 10 første ledd koma i samsvar med motorvogndirektiva dersom andre punktum vert endra slik at unntaket gjeld for vognføraren, og for «personer som frivillig har tatt plass i kjøretøyet som forårsaket skaden fra erstatning som utbetales av denne institusjon, dersom institusjonen kan bevise at de visste at kjøretøyet ikke var forsikret» (sitert frå direktivet ovanfor).

Skade som «eigaren» eller «brukaren» lid som tredjemann utanfor vogna, eller som passasjer som ikkje visste osv., vil i så fall falla utanfor unntaket, dvs. gå inn under hovudregelen i første punktum som dekkar både tingskade og personskade.»

5.3 Departementet sine merknader

Departementet er samd i at bilansvarslova § 10 første ledd andre punktum synest å måtte endrast for å kome i samsvar med motorvognforsikringsdirektiva. Skade som utrygda motorvogn gjer på eigar eller brukar av vogna fell etter gjeldande rett utanfor trafikktrygdingsordninga. Dersom eigaren eller brukaren vert påført skade utan at dei sjølve førte motorvogna, kan det tenkjast tilfelle der skadevaldaren har eit personleg erstatningsansvar som ikkje er dekt av trafikktrygding. Dette vil truleg vere i strid med direktiva, dersom vi ser bort frå tilfelle der eigaren eller brukaren av fri vilje har teke plass i motorvogna, og Trafikkforsikringsforeningen kan prove at dei visste at vogna ikkje var trygda, jf. andre motorvognforsikringsdirektiv artikkel 1 nr. 4 tredje ledd. Regelen i bilansvarslova § 10 første ledd andre punktum kan derfor ikkje oppretthaldast slik han no lyder.

Departementet har valt å utforme ein ny lovtekst for å bringe norsk rett i samsvar med direktiva. Etter direktiva er det ikkje krav om at skade som motorvogna gjer på føraren skal vere omfatta av trafikktrygdinga, jf. m.a. tredje rådsdirektiv artikkel 1 første ledd. Departementet gjer likevel framlegg om at skadeliden vognførar skal falle inn under same regel som andre som vert påført skade av utrygda vogn, noko som m.a. inneber at Trafikkforsikringsforeningen berre kan nekte å utbetale erstatning dersom ho kan prove at føraren visste at motorvogna ikkje var trygda. Det kunne gi seg urimelege utslag dersom ein skadeliden vognførar skulle falle heilt utanfor trafikktrygdinga i tilfelle der motorvogna ikkje er lovleg trygda, t.d. dersom vedkomande er leigd inn for å køyre nokon i ei motorvogn som ein annan eig, og som i ettertid viser seg å vere utrygda. Ei slik løysing ville dessutan stilt ein skadeliden vognførar svakare enn etter gjeldande rett, noko det ikkje er grunn til. Lovutkastet er på denne bakgrunn utforma slik at det omfattar både vognførar og passasjer som av fri vilje har teke plass i motorvogna.

Omgrepet «skadelidaren» dekkjer skade på både folk og gods, slik at det på dette punktet er samanfall med første punktum.

Den føreslegne unntaksregelen i andre punktum gjeld berre for personar som «av fri vilje» har teke plass i den motorvogna som gjorde skaden. Uttrykket må her tolkast på same måten som i § 7 tredje ledd. Det same gjeld omgrepet «visste».

Det er Trafikkforsikringsforeningen som har tvilsrisikoen med omsyn til om skadelidaren visste at motorvogna ikkje var lovleg trygda. Dersom Trafikkforsikringsforeningen ikkje kan påvise forhold som tilseier at skadelidaren hadde slik kunnskap på skadetidspunktet, har skadelidaren krav på dekning etter første ledd. Her som elles må det skje ei samla vurdering av prova med sikte på å få klarlagt det mest sannsynlege faktum.