Ot.prp. nr. 67 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer

Til innhaldsliste

6 Spørsmålet om §§ 12 og 13 må endrast

6.1 Høyringsbrevet

Bilansvarslova § 12 har reglar om attsøkjingsrett for trafikktrygdaren, medan § 13 har reglar om attsøkjingsrett for Trafikkforsikringsforeningen i tilfelle der motorvogna skulle ha vore trygda, men ikkje er det. Høyringsbrevet drøftar spørsmålet om § 12 er i strid med motorvognforsikringsdirektiva, men ikkje om § 13 er det:

«Bilansvarslova § 12inneheld reglar om attsøkjingsrett for ein trafikktrygdar som i første omgong har reidd ut erstatning til den eller dei skadelidne. Første ledd bokstav c gjev trygdaren heimel for attsøkjing i promillekøyringstilfella. Føresegna vil i prinsippet også kunne medføre attsøkjingsrett overfor skadeliden passasjer. Det kan derfor stillast spørsmål om regelen er i samsvar med motorvognforsikringsdirektiva.

Det er her viktig å skilje mellom passasjeren som skadevaldar og passasjeren som skadelidar. Motorvogndirektiva regulerer rettsstillinga til passasjeren i eigenskap av skadelidar. Bilansvarslova § 12 gjeld derimot for passasjeren i eigenskap av skadevaldar. I dei sistnemnde tilfella vil situasjonen vere at trafikktrygdaren har betalt erstatning til tredjeperson, som trafikktrygdaren søkjer att hos passasjer som var med i den motorvogna som gjorde skaden. Attsøkjingskravet representerer eit sjølvstendig rettsforhold mellom passasjer og trafikktrygdar, som er prinsipielt åtskilt frå det rettsforholdet som kan oppstå mellom dei same partane dersom også passasjeren er påført skade. Poenget er at § 12 ikkje kan medføre avkorting eller bortfall av det kravet som skadeliden passasjer har overfor trafikktrygdaren. Paragrafen skaper dermed ikkje problem i forhold til motorvognforsikringsdirektiva.»

6.2 Høyringsfråsegnene

Trondheim politidistrikt er samd i «endringsforslaga omkring bilansvarslova §§ 7 og 12». Professor dr. juris Nils Nygaard og Trafikkforsikringsforeningen stiller spørsmål om bilansvarslova § 12 er i strid med motorvognforsikringsdirektiva. Spørsmålet er om opphevinga av promilleregelen i § 7 for skadeliden passasjer vil innebere nokon realitet, dersom regressreglane fører til at skadelidne likevel ikkje har krav på utbetaling frå trafikktrygdaren. Trafikkforsikringsforeningen formulerer det slik:

«Når det gjelder § 12 om forsikringsselskapets regressrett så stiller vi et spørsmål ved følgende forhold:

Passasjer i bil kommer til skade etter at han har medvirket til at bilen blir brukt enda han visste eller måtte vite at føreren var påvirket. Etter den foreslåtte endringen i § 7 har han i utgangspunktet krav på full erstatning. La oss si at hans krav blir redusert med 50% i h.h.t. § 7 første ledd. Hva så med de resterende 50 %? Denne delen svarer til begrepet i § 12 første ledd beskrevet slik: «Den summen som ein trygdar lyt reide ut for ei trygda motorvogn - -». For denne delen har forsikringsselskapet regressrett overfor passasjeren i vårt tilfelle fordi han «medverka til at vogna vart brukt endå han visste eller måtte vita at vognføraren var påverka.» I dette tilfelle er den erstatningsberettigede og den regresspliktige den samme person (slik man kan oppleve når det gjelder førers krav etter bal § 10 første ledd, siste punktum sett i relasjon til forsikringsselskapets regressrett mot samme fører etter bal § 13 første ledd. I følge rettspraksis vil førerens krav her falle bort). Er det mulig at løsningen skissert ovenfor vil stride mot direktivets forbud mot å tillegge «visste eller måtte vita» om påvirkning betydning ved vurderingen av en passasjers krav?»

Nygaardreiser dessutan m.a. spørsmål om andre rådsdirektiv set grenser for utforminga av nasjonale regressreglar:

«I Andre rådsdirektiv (84/5) artikkel 1, punkt 4 første ledd heiter det bl.a.: «Denne bestemmelse (om dekning av utrygda vogn) skal ikke berøre medlemsstatenes rett ... til å gi regler om regressretten mellom institusjonen (Trafikkforsikringsforeninga) og den eller de personer som er ansvarlig for ulykken ...» Uttrykket «ansvarlig for ulykken»tyder på at dersom eit regressansvar skal vera i samsvar med direktivet, må vedkomande vera ansvarleg for skaden etter vanlege skadebotreglar. I så fall går regressansvaret etter § 13 i dag lenger enn direktivet gir rom for.»

6.3 Departementet sine merknader

Departementet viser til det som er skrive i høyringsbrevet, men vil på bakgrunn av høyringsfråsegnene utdjupe dette noko.

Det første spørsmålet er om regressreglane i §§ 12 og 13 kan føre til avkorting eller bortfall av det kravet som skadelidaren har overfor trafikktrygdaren (evt. Trafikkforsikringsforeningen). Det er på det reine at skadelidaren kan verte møtt med eit regresskrav frå trafikktrygdaren for utlegg til dekning av skade på tredjeperson (og at dette kravet kan gjerast opp ved motrekning av skadebotkravet dersom vilkåra for motrekning er oppfylt). At vedkomande sjølv er påført skade, har såleis ikkje innverknad på det regressansvaret han har overfor trafikktrygdaren for skade på tredjeperson. Problemstillinga er om skadelidaren kan verte regressansvarleg sjølv om ingen andre er påført skade.

Ordlyden i paragrafane er språkleg sett vid nok til også å omfatte attsøkjing i slike tilfelle. På den andre sida er det generelle utgangspunktet at regress føreset ein trepartskonstellasjon: Den som betalar, den som tek imot betaling, og den som heilt eller delvis skal dekkje kravet endeleg. Sjå t.d. Kai Krüger, Pengekrav, 2. utgåve, Bergen 1984 s. 289: «I motsetning til tilbakesøkningskrav overfor betalingsmottageren fremmes regresskravene fra den som overfor tredjemann har dekket en forpliktelse, mot en som i sluttoppgjøret skal dekke fordringen». I denne samanhengen står det sentralt at både Motorvognansvarskomitéen og departementet i sine lovutkast nytta omgrepet «regress», jf. Innst. 1957 s. 81-82 og Ot.prp. nr. 24 (1959-60) s. 57-58 og s. 62. Justisnemnda endra ordlyden, men noko realitetsendring synest ikkje å vere tilsikta, jf. Innst. O. II. (1960-61) s. 17-18. Forarbeida inneheld ingen haldepunkt for at ein tok sikte på å fråvike det allmenne regressomgrepet. Ein uttale i eit seinare lovforarbeid kan på si side peike i retning av at skadelidne ikkje kan verte regressansvarleg for sin eigen skade. I Ot.prp. nr. 75 (1983-84) heiter det såleis (s. 47): «Mens § 7 gjelder skadelidtes krav på erstatning, er det etter § 12 spørsmål om å gjøre vedkommende ansvarlig for skade som andre blir påført».

I ein dom frå Gulating lagmannsrett som er teken inn i Rettens Gang 1994 s. 218 la fleirtalet til grunn at regressføresegna i § 13 kunne nyttast overfor skadelidaren, slik at ansvaret til Trafikkforsikringsforeningen fall heilt bort. Mindretalet meinte derimot at § 13 ikkje kunne nyttast, men fann at skadebotkravet måtte avkortast etter § 7. Dommen inneheld ikkje noko nærmare drøfting av om Trafikkforsikringsforeningen kan rette regresskrav mot skadelidaren for utlegg til dekning av hans skade. Særleg sidan spørsmålet ikkje er drøfta, kan dommen berre tilleggjast avgrensa vekt. At anken over dommen vart nekta fremja til Høgsterett i medhald av tvistemålslova § 373 tredje ledd nr. 1, kan i dette tilfelle ikkje vere avgjerande.

Samanhengen i regelverket talar med styrke for at §§ 12 og 13 ikkje kan føre til avkorting eller bortfall av det kravet skadelidaren har overfor trafikktrygdaren. Dersom ein ut frå reglane i §§ 7, 8 eller 10 har kome til at trafikktrygdaren heilt eller delvis skal dekkje tapet til skadelidaren, gir det lita meining om trafikktrygdaren skulle bli heilt fri dette ansvaret pga. regressreglane i §§ 12 og 13. Det ville i realiteten innebere at reglane i §§ 7, 8 og 10 nærmast ville verte illusoriske i desse tilfella. Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre reelle omsyn som tilseier at ein skal kunne nytte §§ 12 og 13 i tillegg til §§ 7, 8 og 10 så lenge det ikkje gjeld skade som er påført tredjepersonar. Tvert om tilseier likskapsomsyn at skadelidarar som er med i vogna og som medverkar til eigen skade ikkje bør stille svakare enn andre som medverkar til sin eigen skade (ein som vert påkøyrd medan han kryssar gata risikerer ikkje regressansvar). Å opne for å nytte §§ 12 og 13 mot den som er medverkar til eigen skade ville såleis ha ført til vilkårlege skilnader mellom ulike skadelidargrupper.

Departementet held etter dette fast ved at §§ 12 og 13 ikkje kan medføre avkorting eller bortfall av det kravet som skadelidaren har overfor trafikktrygdaren. Det er skadelidaren motorvogndirektiva tek sikte på å verne, og regressreglane i §§ 12 og 13 svekker ikkje rettsstillinga til skadelidaren i eigenskap av skadelidar. Konklusjonen så langt er derfor at regressreglane i §§ 12 og 13 ikkje kan leie til resultat som er i strid med direktiva.

Nygaard har som nemnt reist spørsmål om andre rådsdirektiv set grenser for utforminga av nasjonale erstatningsreglar. Andre rådsdirektiv artikkel 1 nr. 4 første ledd lyder slik:

«Hver medlemsstat skal opprette eller godkjenne en institusjon som skal erstatte, i det minste opp til grensene for forsikringsplikten, tingskader eller personskader forårsaket av et ukjent kjøretøy eller av et kjøretøy der forsikringsplikten i nr. 1 ikke er oppfylt. Denne bestemmelse skal ikke berøre medlemsstatenes rett til å bestemme om institusjonens erstatningsutbetaling skal tillegges sekundær karakter eller ikke, og retten til å gi regler om regressretten mellom institusjonen og den eller de personer som er ansvarlig for ulykken, og andre forsikringsgivere eller organer for sosial trygghet som skal yte skadelidte erstatning for samme skade.»

Hovudformålet med føresegna er å garantere skadelidne erstatning i tilfelle der den motorvogna som gjorde skade, er utrygda eller ukjent, jf. fortalen til andre direktiv. Det er såleis omsynet til skadelidne som er det sentrale. Det er lite som tyder på at meininga med føresegna er å innskrenke den adgangen medlemsstatane har til å fastsetje nasjonale reglar om regress. Formålet med andre punktum synes å vere det motsette: Å presisere at ein ikkje ønskjer å gripe inn i høvet til å fastsetje nasjonale regressreglar. Ei slik forståing harmonerer med EF-domstolen sin dom i Bernáldez-saka (sak C-129/94) som skil klart mellom trafikktrygdaren sitt ansvar overfor skadelidaren, og det regressansvaret skadevaldaren kan ha overfor trafikktrygdaren, jf. konklusjonen og premissane 22 til 24. Dersom formålet skulle vere å verne personar på skadevaldarsida mot regressansvar, ville det naturlege dessutan vere ei generell føresegn om dette, og ikkje ei føresegn som berre gjeld når skaden er valda av ei ukjent eller utrygda motorvogn.

På denne bakgrunn gjer departementet ikkje framlegg om å endre §§ 12 og 13, bortsett frå ei teknisk endring i § 12 første ledd bokstav c tredje punktum som følgje av endringane i § 7.