Ot.prp. nr. 67 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer

Til innhaldsliste

8 Merknader til dei einskilde paragrafane

Til § 7 tredje ledd

Føresegna svarar til noverande tredje ledd bokstav a.

Til § 7 fjerde ledd

Føresegnene i dette leddet gjeld berre overfor ein skadeliden vognførar. Føresegna i bokstav asvarar til noverande fjerde ledd. Bokstav bsvarar til noverande tredje ledd bokstav b når det gjeld vognføraren. Ein viser til punkt 3 framanfor.

Til § 10

Endringa i første ledd andre punktum gjer at eigaren og brukaren vert likestilt med andre skadelidne og får skadebot når skaden er valda av ei utrygda motorvogn, om skadelidaren ikkje av fri vilje har teke plass i vogna endå han visste at ho var utrygda. Ein viser til punkt 5 framanfor.

Til § 12

Endringa i første ledd bokstav c går ut på å rette opp tilvisinga til § 7 i samsvar med den endringa som departementet føreslår i den paragrafen.