Ot.prp. nr. 95 (2008-2009)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

10 Frådrag for pengegåver til frivillige organisasjonar

Ein skattytar kan på nærmare vilkår innan visse beløpsgrenser få frådrag for pengegåve til frivillige organisasjonar, jf. skattelova § 6-50. Vilkåra for rett til frådrag er bl.a. at organisasjonen som mottek gåva har vedtekter som inneheld reglar om formålet med organisasjonen, samt at gåva skal disponerast for organisasjonen sitt formål ved ei eventuell oppløysing av organisasjonen. Organisasjonen skal ikkje ha erverv til formål og må ha sete her i landet i det år gåva blir gitt. Det er eit krav at organisasjonen som mottek gåva, driv minst ein av dei ålmennyttige aktivitetane som er rekna opp i skattelova § 6-50, bl.a. religiøs eller anna livssynsretta verksemd, verksemd til vern av menneskerettar eller utviklingshjelp, og katastrofehjelp og verksemd for å førebyggje ulukke og skade.

Det er ikkje ønskeleg at denne ordninga tilgodeser organisasjonar som aktivt støtter eller medverkar til visse handlingar som er eller kan være i strid med folkeretten, eventuelt i strid med liknande etiske normer. Finansdepartementet vil derfor, i samråd med Utenriksdepartementet, vurdere om det kan innførast ein mekanisme som kan luke ut slike organisasjonar frå ordninga i skattelova § 6-50.

Til forsida