Ot.prp. nr. 95 (2008-2009)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

11 Oppretting av feil og klargjering av lovtekst

11.1 Skattelova

11.1.1 § 5-2 tredje og fjerde ledd

Etter skattelova § 5-2 første ledd reknast fordel ved uttak av vare eller teneste frå skattytaren si verksemd eller selskap som skattepliktig inntekt for skattytaren.

Skattelova gjer ikkje unntak for uttak til naudhjelp, men etter flodbølgjekatastrofen i Søraust-Asia i desember 2004 vart skattelova endra ved at det vart teke inn ei føresegn i skattelova § 5-2 tredje ledd om unntak frå skatteplikt ved uttak av gåve til frivillig organisasjon i samband med katastrofen, jf. lov av 17. juni 2005 nr. 74. Ved lov av 9. desember 2005 nr. 116 vart eit tilsvarande unntak teke inn i skattelova § 5-2 fjerde ledd for gåver til friviljug organisasjon i samband med jordskjelvkatastrofen i Asia hausten 2005.

Unntaket i skattelova § 5-2 tredje ledd gjeld gåver i form av uttak gjort i perioden 26. desember 2004 til 31. desember 2005, medan unntaket i skattelova § 5-2 fjerde ledd gjeld uttak gjort i perioden 8. oktober 2005 til 31. desember same år.

Sidan føresegnene om unntak berre gjeld for uttak gjort i desse avgrensa periodane, er føresegnene ikkje lenger aktuelle. Departementet foreslår difor å oppheve føresegnene. Ein viser til forslag om oppheving av skattelova § 5-2 tredje og fjerde ledd. Departementet foreslår at opphevinga tek til å gjelde straks.

11.1.2 § 5-10 bokstav e

Skattelova § 5-10 bokstav e regulerer skattemessig handsaming av skadebot for ikkje-økonomisk skade ved usakleg oppseiing eller urettmessig avskjed. I føresegna er det ved ein inkurie vist til arbeidsmiljølova § 15-11. Riktig tilvising skal vere arbeidsmiljølova § 15-12 som har reglar om usakleg oppseiing. Ein viser til forslag om oppretting av skattelova § 5-10 bokstav e. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2009.

11.1.3 § 12-11 anna ledd bokstav b

Ved lov 10. desember 2004 nr. 77 blei skattelova § 8-1 fjerde ledd, som gjaldt rekneskapslikning for våningshus, oppheva med verknad frå 2005, jf. Ot.prp. nr. 1 (2004-2005) punkt 20.3.3. Samtidig blei § 8-1 femte til niande ledd endra til fjerde til åttande ledd ved at ledda rykte opp i rekkefølgja. Jordbruksfrådrag, reindriftsfrådrag og skiferfrådrag er etter denne lovendringa omhandla i § 8-1 i respektive femte til sjuande ledd.

Skattelova § 12-11 anna ledd bokstav b, med tilvisingar til nemnde frådrag i § 8-1, blei ikkje retta opp samtidig og har derfor uriktig tilvising til sjette til åttande ledd. Rett tilvising skal vere til femte til sjuande ledd for respektive jordbruks-, reindrifts- og skiferfrådrag. Departementet viser til forslag til endring i skattelova § 12-11 anna ledd bokstav b.

Departementet foreslår at endringa trer i kraft straks.

11.1.4 § 14-41 flg.

Ved lov 12. desember 2008 nr. 99 blei det vedteke å endre avskrivingsreglane for faste, tekniske installasjonar i bygg, ved at disse blei skilt ut i ei eiga saldogruppe j med ein avskrivingssats på 10 prosent, jf. Ot. prp. nr. 1 (2008-2009) kapittel 13. Som følgje av denne lovendringa har det vist seg nødvendig å gjere enkelte redaksjonelle opprettingar i avskrivingsreglane i skattelova.

Skattelova § 14-41 fjerde ledd

I § 14-41 fjerde ledd blei det teke inn eit nytt tredje punktum som seier at driftsmiddel som inngår i saldogruppe j skal avskrivast under eitt for kvar bygning. Utan at det var intensjonen er gamle tredje punktum blitt nytt fjerde punktum etter lovendringa. Det mest naturlege er at den nye endringa utgjer fjerde og siste punktum i § 14-41 fjerde ledd, ettersom regelen om samlesaldo for gruppe j er å anse som ein særregel i høve til gamle tredje punktum. Departementet foreslår at dette blir retta opp ved at § 14-41 fjerde ledd tredje og fjerde punktum, byter plass.

Skattelova § 14-44 fjerde ledd

§ 14-44 fjerde ledd første punktum gjeld skattefritak på vilkår for gevinst på driftsmiddel som blir rekna som realisert ved brann, ulukke eller ekspropriasjon. Ved lov 8. desember 2008 nr. 99 blei paragrafen endra slik at også den nye saldogruppe j blei omfatta av disse reglane. Som følgje av at saldogruppe j utgjør ein samlesaldo for alle faste installasjonar i ein bygning, skal det ikkje utreknast gevinst, men berre gjerast nedskriving av erstatningsbeløpet på saldoen (eventuelt investering i ny teknisk installasjon). Det bør derfor presiserast at beløp som kan avsetjast skattefritt på vilkår ved ufrivillig realisasjon av driftsmiddel i saldogruppe j, er eventuell negativ saldo som oppstår ved nedskriving med erstatninga/vederlaget på samlesaldoen for fast, teknisk installasjon i den aktuelle bygningen. Departementet foreslår på denne bakgrunnen at § 14-44 fjerde ledd første punktum blir endra slik at saldogruppe j ikkje omfattast av paragrafen, og at det tas inn eit nytt andre punktum som presiserer korleis erstatning/vederlag ved ufrivillig realisasjon av driftsmiddel i saldogruppe j skal handsamast. Noverande andre og tredje punktum blir da tredje og fjerde punktum.

Skattelova § 14-46, § 14-47 anna ledd og § 14-48 første ledd

Skattelova § 14-46, § 14-47 anna ledd og § 14-48 første ledd inneheld reglar om inntektsføring av negativ saldo for driftsmiddel som føres på samlesaldo. Disse reglane femner i dag saldogruppene a, c og d. Etter at faste, tekniske installasjonar er skilt ut i ei eiga saldogruppe, som skal føres på samlesaldo, bør også denne gruppa bli omfatta av reglane. Departementet foreslår såleis at § 14-46 endrast slik at saldogruppe j blir teke med i opprekninga. Tilsvarande endring foreslås i skattelova § 14-47 anna ledd og § 14-48 første ledd.

Skattelova § 14-70 fjerde ledd

§ 14-70 fjerde ledd gjeld endring av likninga når vilkåra for skattefritak på vilkår ved ufrivillig realisasjon ikkje er oppfylt. Departementet foreslår at det blir teke inn ei tilvisning til eventuell negativ saldo i saldogruppe j. Som ei følgje av forslaget ovanfor om endring i § 14-44, foreslår departementet også at tilvisninga til § 14-44 fjerde ledd andre og tredje punktum blir endra til § 14-44 fjerde ledd tredje og fjerde punktum.

Iverksetjing

Det vises til forslag til endring av skattelova § 14-41 fjerde ledd, § 14-44 fjerde ledd, § 14-46, § 14-47 anna ledd, § 14-48 første ledd og § 14-70 fjerde ledd. Endringane foreslås å tre i kraft straks med verknad frå inntektsåret 2009.

11.2 Eigedomsskattelova § 28

Etter eigedomsskattelova § 28 kan eigedomsskatten setjast ned eller ettergjevast når særlege grunnar gjer at det blir særs urimeleg om heile skatten blir innkravd. Av § 28 andre ledd gjekk det tidlegare fram at formannsskapet skulle gjere vedtak etter at skatteutvalet i kommunen hadde hatt høve til å seie meininga si. Denne føresegna blei oppheva med verknad frå 1. januar 2009.

Endringa blei gjort i samband med at ny skattebetalingslov blei vedteke. I Ot.prp. nr. 83 (2004-2005) står det på side 207:

«Som det fremgår i punkt 19.2.5.2 foreslår departementet at skatteutvalget ikke skal være vedtaksorgan i saker om nedsettelse etter skattebetalingsloven § 15 - 1. Dette innebærer at det ikke lengre vil være nedsatt et skatteutvalg i hver kommune slik som er tilfelle i dag etter skattebetalingsloven § 42. Departementet foreslår på denne bakgrunn å oppheve § 28 annet ledd. I praksis vil formannskapet da kunne treffe vedtak på bakgrunn av skatteoppkrevernes innstilling i saken.»

Under stortingsbehandlinga blei dette forslaget om skatteutvala endra. Talet på skatteutval blei knytt opp mot talet på likningskontor, slik at det skulle vere eit skatteutval for kvart likningskontor. Dette er seinare endra til at det skal vere eit skatteutval for kvart skattekontor.

Forslaget til oppheving av eigedomsskattelova § 28 andre ledd blei vedteke under stortingsbehandlinga. Etter denne opphevinga går det ikkje lenger fram av ordlyden at det er formannskapet som gjer vedtak i saker etter § 28. Det var ikkje tilsikta. Departementet foreslår at eigedomsskattelova § 28 blir endra slik at det igjen går fram av føresegna at det er formannskapet som gjer vedtak.

Departementet viser til forslag til endring i eigedomsskattelova § 28. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.

11.3 Skattebetalingslova

11.3.1 § 1-1 andre ledd bokstav i

Skattebetalingslova § 1-1 første ledd slår fast kva lova gjeld. Bokstav i) i andre leddet i paragrafen definerer uttrykket «skatte- og avgiftskrav» slik at dette mellom anna gjeld «toll etter tolltariffen, herunder de innledende bestemmelsene, og tolloven.» Føresegna først i tolltariffen vart oppheva samstundes med opphevinga av tollova av 1966, av di lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tollova av 2007) tok til å gjelde 1. januar 2009 i staden. Det er derfor naudsynt å endre skattebetalingslova § 1-1 andre ledd bokstav i, slik at føresegna viser til den nye tollova. Forslaget inneber inga realitetsendring.

11.3.2 § 10-51 første ledd bokstav f

Skattebetalingslova § 10-51 første ledd bokstav f fastset forfallsfrist for ulike tilleggsskattar og tilleggsavgifter. Føresegna blei endra ved endringslov 12. desember 2008 nr. 100 ved at det blei tilførd ei tilvisning til folketrygdlova § 24-4 tredje ledd og ved at tilvisninga til særavgiftslova § 4 første ledd blei tatt ut. Endringa trådde i kraft straks, med verknad frå 1. januar 2009. Den same føresegna blei også endra ved lov 21. desember 2007 nr. 119, dette for at føresegna skulle vise til ny tollov. Denne endringa inneheldt ikkje tilvisninga til folketrygdlova § 24-4 tredje ledd. Heller ikkje tilvisninga til særavgiftslova § 4 var tatt ut. Endringa trådde i kraft 1. januar 2009 og er såleis gjeldande lovtekst. For å rette opp dette foreslår departementet å ta inn ei tilvisning til folketrygdlova § 24-4 tredje ledd i skattebetalingslova § 10-51 første ledd bokstav f, samstundes som at tilvisninga til særavgiftslova § 4 blir tatt ut. Departementet viser til forslag om endring av skattebetalingslova § 10-51 bokstav f.

11.3.3 § 11-4 femte ledd

Skattebetalingslova § 11-4 regulerer rentegodtgjersle ved utbetaling etter vedtak om endring mv. og eigenretting. Ved utbetaling av petroleumsskatt etter ny avrekning er det gitt særskild regel om renteperiode i forskrift 21. desember 2007 nr. 1766 til utfylling og gjennomføring mv. av skattebetalingsloven § 11-4-8. Tilsvarande regel for utrekning av rente ved auking av skatten etter endring mv. følgjer av skattebetalingslova § 11-2 fjerde ledd.

Regelen om rentegodtgjersle høyrer systematisk heime i skattebetalingslova og ikkje i forskrift til lova. Departementet foreslår at føresegna i forskrifta § 11-4-8 blir teken inn i skattebetalingslova § 11-4. Departementet viser til forslag til nytt femte ledd i skattebetalingslova § 11-4.

11.3.4 § 11-7 tredje ledd

Forskrift 21. desember 2007 nr. 1766 til utfylling og gjennomføring mv. av skattebetalingsloven § 19-2-3 regulerer spørsmål om renter ved endring av utskrive terminskatt. Dette er ein overgangsregel heimla i skattebetalingslova § 19-2. Forskrifta § 19-2-3 er ei vidareføring av § 3 første ledd første punktum i forskrift 5. september 1980 nr. 4 om utskriving, betaling og avregning av terminskatt, som tidlegare var heimla i lovreglar som blei oppheva ved ikraftsetjing av skattebetalingslova. Det var meininga å vidareføre regelen i forskrift til skattebetalingslova kapittel 11, men dette blei ikkje gjort då det mangla klår heimel for slik regulering. Dette er årsaka til at regelen no er plassert i forskrift til skattebetalingslova kapittel 19. Departementet foreslår at regelen om renter ved endring av utskrive terminskatt blir teken inn i skattebetalingslova § 11-7, og at departementet kan gi nærmare reglar om renteutrekninga i forskrift. Slike nærmare reglar om renteutrekninga, til dømes rentesats, vil bli gitt i forskrift til skattebetalingslova kapittel 11. Departementet viser til forslag til nytt tredje ledd i skattebetalingslova § 11-7.

11.4 Tollova

11.4.1 § 12-12 fjerde og femte ledd

Den nye tollova frå 2007 har i § 12-11 og § 12-12 føresegner om endring av tollvedtak til gunst for tollskyldnaren. Føresegnene svarer til § 59 i den gamle tollova frå 1966, slik denne paragrafen lydde etter at den blei endra då skattebetalingslova blei vedteke i 2005. Det følgjer både av forarbeida til endringa i 2005 og forarbeida til den nye tollova, Ot.prp. nr. 83 (2004-2005) side 204-205 og Ot.prp. nr. 58 (2006-2007) side 100 første spalte, at tollskyldnaren skal ha den same tilgangen til å få tilbake for mykje fastsett toll som tidlegare.

Det følgjer av tollova § 12-12 fjerde ledd at krav om endring av vedtak til gunst for tollskyldnaren må setjast fram innan tre år etter tollfastsetjinga. Treårsfristen blir altså avbrote ved at tollskyldnaren fremjer krav om endring. Etter § 59 i den gamle tollova frå 1966, slik denne paragrafen lydde etter at den blei endra då skattebetalingslova blei vedteke i 2005, kunne også tollstyresmaktene avbryte fristen. Departementet foreslår derfor at føresegna i fjerde ledd blir endra slik at «spørsmål om endring <...>må tas opp» innan tre år. Departementet legg til grunn at fristen då vil kunne avbrytast både av tollskyldnaren ved å fremje krav om endring, og av tollstyresmaktene ved at dei varslar tollskyldnaren om at dei startar ei endringssak. Departementet viser til forslag til endring av tollova § 12-12 fjerde ledd første punktum.

Det følgde av tollova 1966 § 59 annet ledd andre punktum at treårsfristen ikkje var til hinder for at tollstyresmaktene av rimelegheitsgrunnar også i andre saker kunne treffe vedtak om endring til gunst dersom det var fastsett for mykje toll på grunn av feil på tollstyresmaktene si side. Det er her tale om ein skjønsmessig åtgang for tollstyresmaktene til å fråvike treårsfristen dersom vilkåra er oppfylte. For å sikre at tollstyresmaktene skal ha ein slik endringskompetanse også etter av den nye tollova, foreslår departementet at ein tar inn ei tilsvarande føresegn i § 12-12 fjerde ledd. Departementet viser til forslag til nytt fjerde ledd andre punktum i tollova § 12-12.

Med heimel i tollova § 12-12 femte ledd kan departementet gi forskrift om endringsfristar, mellom anna om kompetanse for tollstyresmaktene til å treffe vedtak om endring til gunst der styresmaktene er skuld i den ukorrekte fastsetjinga. Som følgje av at ein no foreslår å ta inn i lova ei føresegn om utvida endringskompetanse ved feil på tollstyresmaktene si side, går departementet inn for å oppheve denne forskriftsheimelen. Nokon realitetsendring blir ikkje dette. Departementet viser til forslag om å oppheve tollova § 12-12 femte ledd.

11.4.2 § 14-4 første ledd

Tollova § 14-4 gjeld tenesteperson som har tollmyndigheit på vegne av ein annan stat. Ved ein inkurie har uttrykket «kontrollområder» i første ledd første punktum, vorte feilskrive som «kontroller». Uttrykket «kontrollområder» nyttast også andre stader i lovteksten, sjå til dømes § 14-3 andre ledd. Forslaget inneber inga realitetsendring.

11.5 Særavgiftslova § 7

Særavgiftslova § 7 slår fast at teieplikta etter § 8 i tollova av 1966 gjeld likt for tolletaten sitt arbeid med særavgifter. Tollova av 1966 vart oppheva da lov 21. desember 2007 nr. 119 om toll og vareførsel (tolloven) tok til å gjelde 1. januar 2009. Det er derfor naudsynt å endre særavgiftslova § 7, slik at føresegna viser til teiepliktregelen i tollova § 12-1. Forslaget inneber inga realitetsendring.

Til forsida