Ot.prp. nr. 95 (2008-2009)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

8 Endring i dokumentavgiftslova

8.1 Dokumentavgiftsgrunnlag ved innløysing av festetomter etter tomtefesteinstruksen

Hovudregelen i dokumentavgiftslova er at dokumentavgifta skal reknast ut av salsverdien av fast eigedom, jf. dokumentavgiftslova § 7 fyrste ledd. Med «salsverdi» forstås den pris ein seljar vil kunne få for eigedommen ved sal på alminnelege forretningsmessige vilkår, mao. marknadsprisen. Unntak frå regelen om at salsverdien skal leggjast til grunn, følgjer av dokumentavgiftslova § 7 fjerde ledd. Unntaket inneber at dokumentavgifta skal reknast ut frå verdiar fastsett i samsvar med nærare nemnde lover. Det har vore vanleg å supplere bestemmelsen ved å vise til nye lover, seinast ved tilføying av tomtefestelova ved lov 16. juni 2006 nr. 26.

Tomtefesteinstruksen vart fastsett ved kgl.res. 14. september 2007, og er heimla i § 5 i lov 7. juni 1996 nr. 33 om Opplysningsvesenets fond. Instruksen har sin bakgrunn i Plattform for regjeringssamarbeidet mellom Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet 2005-2009 (Soria Moria-erklæringa), og har til føremål å gi tomtefestarar som festar bustadtomt av staten eller statleg styrde fond, særleg gunstige vilkår ved innløysing og festeavgift. Instruksen inneber dermed at festarane vil kunne krevje lågare innløysingssummar enn kva som elles vil fylgje av regla i tomtefestelova. Dokumentavgiftslova inneheld i dag ikkje reglar om avgiftsgrunnlaget der innløysingssummen er fastsett etter tomtefesteinstruksen.

Departementet har rekna det for føremålstenleg at innløysingssummen som følgjer av tomtefesteinstruksen også vert nytta som avgiftsgrunnlag for dokumentavgifta. Å nytte eit anna avgiftsgrunnlag enn det som følgjer av instruksen, vil vere krevjande og stride mot omsynet til eit enkelt og effektivt regelverk. Departementet har derfor med heimel i dokumentavgiftslova § 3 og inntil dokumentavgiftslova vert endra, gjort vedtak om at innløysingssummen som følgjer av tomtefesteinstruksen vert nytta som avgiftsgrunnlag for dokumentavgifta, med verknad frå 1. januar 2009 da instruksen tok til å gjelde. Departementet foreslår at vedtaket kodifiserast, ved at det vert vist til lov om Opplysningsvesenets fond i dokumentavgiftslova § 7 fjerde ledd.

Endringa vert rekna til å gi eit provenytap på om lag 30 mill. kroner dersom alle festetomtene løysast inn.

Departementet foreslår at lovendringa trer i kraft med verknad frå 1. juli 2009.

Til forsida