Ot.prp. nr. 95 (2008-2009)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

7 Tre prosent-regelen i fritaksmetoden - nekting av frådrag (kredit) for utanlandsk skatt

Fritaksmetoden inneber at aksjeinntekter mv. på visse vilkår er skattefrie for aksjonærar som sjølv er eit selskap. Verkeområdet for fritaksmetoden er nærare avgrensa i skattelova § 2-38. Departementet meiner at kostnader som er knytt til skattefrie inntekter prinsipielt ikkje bør kome til frådrag ved inntektsfastsetjinga. Samstundes er ein klar over at ein regel om å nekte aksjonæren løpande frådrag for kostnader som er knytt til eigarskapen av aksjar, vil gjere det vanskeleg å avgrense mot andre typar kostnader som skal kome til frådrag.

Dette er årsaka til at aksjonæren etter ei særskild føresegn i skattelova § 6-24 har rett til frådrag for kostnader som er knytt til inntekter som er skattefrie etter fritaksmetoden. Med verknad frå 7. oktober 2008 blei det og innført ei føresegn i skattelova § 2-38 sjette ledd om at tre prosent av alle aksjeinntekter som er skattefrie etter fritaksmetoden, likevel skal inntektsførast. Denne føresegna gjeld for dei skattytarane som er omfatta av skattelova § 2-38 første ledd bokstav a til h, men ikkje for dei som er omfatta av første ledd bokstav i. Det følgjer av forarbeida at inntektsføring med tre prosent av aksjeinntekta er å rekne som ei form for tilbakeføring av kostnader som aksjonæren har fått frådrag for ved den løpande skattleggjinga. Det visast til Ot.prp. nr. 1 (2008-2009) kapittel 6.

Inntekter frå utanlandske aksjer kan vere skattlagde i utlandet i form av kjeldeskatter mv. Dette er vanleg for aksjeutbytte, men kan og hende for aksjegevinstar. Forarbeida omtalte ikkje særskilt om ein utanlandsk skatt på den delen av aksjeinntekta som blir skattlagd i Noreg (tre prosent) kan førast til frådrag i norsk skatt etter føresegna i skattelova §§ 16-20 flg.

Etter departementet si oppfatning vil ein slik utanlandsk skatt ikkje gi rett til frådrag (kredit) i norsk skatt etter skattelova §§ 16-20 flg. Ein viser til at føremålet med inntektsføringa berre er å tilbakeføre eit frådrag som tidlegare er gitt i den norske inntekta til aksjonæren. Ein kan derfor hevde at ei inntektsføring som tilbakefører desse frådraga har norsk kjelde, og såleis ikkje gir rett til frådrag i skatt etter skattelova §§ 16-20 flg. Etter departementet si oppfatning bør utanlandsk skatt på aksjeinntekta heller ikkje gå til frådrag i norsk skatt. Ein viser mellom anna til at det kunne innebere ein fare for at det i praksis blir gitt frådrag for all utanlandsk skatt på eit utbytte eller ein gevinst, sjølv om berre ein liten del (tre prosent) av aksjeinntekta blir skattlagd i Noreg. Etter det departementet kjenner til gir ein heller ikkje frådrag (kredit) for utanlandsk skatt i Tyskland og Frankrike, som har reglar som liknar den norske tre prosent-regelen.

Etter departementet si oppfatning bør løysinga gå direkte fram av skattelova. Ein legg derfor fram forslag om å ta inn ei føresegn i skattelova § 16-20 om at utanlandsk skatt ikkje skal gå til frådrag i norsk skatt på aksjeinntekter som blir skattlagd i Noreg etter skattelova § 2-38 sjette ledd (tre prosent-regelen). For dei som på anna grunnlag har rett til frådrag (kredit) for utanlandsk skatt etter skattelova §§ 16-20 flg., må følgja vere at inntekta etter skattelova § 2-38 sjette ledd heller ikkje blir teke med ved utrekninga av det maksmiale kreditfrådraget etter skattelova § 16-21. Dette krev etter departementet si vurdering ikkje nokon særskild regulering.

For selskap som oppfyller vilkåra i skattelova § 16-30 er det særskild heimel til å krevje frådrag (kredit) i norsk skatt for utanlandsk skatt på aksjeutbytte etter andre ledd i denne føresegna. Departementet foreslår å ta inn ei tilsvarande klargjering i skattelova § 16-30 som i § 16-20. Ein foreslår at endringane skal tre i kraft med verknad frå 1. januar 2009. Ein viser til forslag til endring i skattelova § 16-20 første ledd og til forslag til nytt åttande ledd i skattelova § 16-30.

Til forsida