Ot.prp. nr. 95 (2008-2009)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

6 Skattefritak for Eksportutvalget for fisk AS

6.1 Innleiing og bakgrunn

Departementet foreslår ein eigen regel i skattelova § 2-30 som fritek Eksportutvalget for fisk AS (EFF AS) frå skattlegging.

EFF AS har som oppgave å drive felles marknadsføring av fisk og sjømat for den norske sjømatnæringa. Fiskeeksportørar skal svare ei årleg fast avgift og ei avgift basert på verdien av eksportert fisk. EFF AS si verksemd er finansiert gjennom denne avgifta.

Ved lov av 17. juni 2005 nr. 80 vart det lagt til rette for omdanning av EFF frå eit offentleg organ underlagt Fiskeri- og kystdepartementet til eit statleg eid aksjeselskap, jf. Ot.prp. nr. 88 (2004-2005). Omdanninga vart gjennomført 1. september 2005.

Før omdanninga til aksjeselskap var EFF omfatta av skattefritaket for statlege innretningar, jf. skattelova § 2-30 første ledd bokstav b. Ein føresetnad ved omdanninga til aksjeselskap var at EFF framleis skulle vere friteken frå skattlegging, jf. Innst. O. nr. 112 (2004-2005) side 5. For å oppfylle denne føresetnaden foreslår departementet at ein tar inn ein eigen regel i skattelova § 2-30 som fritek EFF AS frå skattlegging.

6.2 Vurderingar og forslag frå departementet

EFF AS er truleg ikkje omfatta av fritaksregelen i skattelova § 2-32 for selskap som ikkje har erverv til formål. Årsaka til dette er at hovedverksemda til EFF AS er å auke verdiskapinga innanfor fiskeri- og havbruksnæringa gjennom auke i etterspørselen av norsk sjømat.

For å ivareta føresetnaden om skattefritak for EFF AS er det derfor etablert ei ordning der utbetaling av avgiftsproveny til EFF AS er tilpassa selskapet sine kostnader. I samband med dette er det etablert eit særskilt utval for forvaltning av avgift på fiskeeksport. Finansdepartementet har likevel funne det tvilsamt om ordninga er eigna til å ivareta føresetnaden om skattefritak for EFF AS.

For å unngå tvil omkring EFF AS si skattemessige stilling har departementet derfor funne det tenleg å foreslå at ein tar inn ein eigen regel om skattefritak for EFF AS i skattelova § 2-30. Dette vil ivareta føresetnaden om skattefritak for EFF AS. Fritaket bør gjelde frå og med 2006.

Departementet viser til forslag til ny nr. 6 i skattelova § 2-30 første ledd bokstav g.

6.3 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2006.

Til forsida