Ot.prp. nr. 95 (2008-2009)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

4 Oppheving av petroleumsskattelova § 9

4.1 Innleiing

Petroleumsskattelova § 9 opnar for at departementet kan gje samtykke til at ein skattepliktig heilt eller delvis overfører eigne skatteposisjonar til ein annan skattytar, og at gevinst ved ei slik overføring heilt eller delvis er fritatt frå inntektsskatt. Etter gjeldande rett dekkjer petroleumsskattelova § 10 alle tilhøva som petroleumsskattelova § 9 omfattar. I tillegg ønskjer departementet at samtykker som blir gitt skal byggje på dei same prinsippa om skattemessig nøytralitet som ligg i botnen for samtykker etter petroleumsskattelova § 10. Difor er petroleumsskattelova § 9 overflødig, og departementet foreslår å fjerne føresegna.

4.2 Gjeldande rett

Petroleumsskattelova § 9 første ledd opnar for at departementet kan gje samtykke til at ein skattepliktig heilt eller delvis overfører eigne skatteposisjonar til ein annan skattytar. Departementet kan også samtykkje i at gevinst ved ei slik overføring heilt eller delvis er fritatt frå inntektsskatt. Overføringa må vere eit ledd i ei reorganisering der verksemda til den skattepliktige blir overført til eit norsk aksjeselskap eller allmennaksjeselskap som høyrer til i utlandet, og som ikkje driv anna verksemd enn gjennom ein filial i Noreg. Skattytarar som driv særskattepliktig verksemd er dei einaste som kan få eit slikt samtykke. Departementet kan setje vilkår for samtykket.

Etter petroleumsskattelova § 9 andre ledd kan deltakarar i kommandittselskap som driv særskattepliktig verksemd, og som ønskjer å drive verksemda gjennom eit aksjeselskap eller eit allmennaksjeselskap, søkje departementet om fritak frå visse føresegner i skattelovgjevinga. Departementet kan setje vilkår for samtykket.

4.3 Høyring

Forslaget om å fjerne petroleumsskattelova § 9 blei sendt på høyring i desember 2008, saman med forslaget om å regulere samtykker etter petroleumsskattelova § 10 i forskrift. Fristen for merknader var 18. mars 2009. Departementet fekk berre merknader frå Oljeindustriens Landsforening. Ingen av merknadene gjaldt forslaget om å fjerne petroleumsskattelova § 9.

4.4 Vurderingar og forslag frå departementet

Før 1972 kunne ein norsk filial i eit utenlandsk føretak få utvinningsløyve på norsk kontinentalsokkel (føretak som høyrer heime i eit EØS-land kan få utvinningsløyve også etter dei reglane som gjeld no). Skattekontrollen var vanskeleg når dei utanlandske føretaka hadde aktivitet både i Noreg og i utlandet, eventuelt med avdelingar i fleire land. Difor ønskte styresmakta at alle føretak som hadde utvinningsverksemd på norsk sokkel skulle drive verksemda gjennom eit norsk aksjeselskap eller norske filialar av utanlandske føretak med avgrensa formål (såkalla «single purpose»-føretak). For at skattereglane ikkje skulle hindre ei ønska reorganisering, blei det innført ei ordning med samtykke for skattefri overføring av einskilde skatteposisjonar mellom føretaka etter petroleumsskattelova § 9 første ledd. Føresegna blei innført ved lov 8. juni 1984 nr. 50.

I Ot.prp. nr. 61 (1986-1987) om overføring av løyver på kontinentalsokkelen, hevda departementet at det ikkje var grunn til å endre petroleumsskattelova § 9 første ledd eller å inkorporere den i ei ny føresegn. Det gjaldt sjølv om det var nær samanheng mellom petroleumsskattelova §§ 9 og 10. Departementet peika på at § 9 hadde fungert godt så langt, og at skatteforvaltninga kunne ha vanskar med å sjekke at vilkåra for tildelte løyver blei fulgt viss føresegna blei fjerna. Petroleumsskattelova § 9 var også ei tid einaste heimelen for å lempe skattlegginga, medan andre føresegner berre opna for å setje vilkår. Etter gjeldande rett er lemping også heimla i petroleumsskattelova § 10.

Petroleumsskattelova § 9 andre ledd opner for at deltakarar i kommandittselskap som driv særskattepliktig verksemd og som ønskjer å endre føretaket til eit aksjeselskap eller eit allmennaksjeselskap, kan søkje departementet om fritak frå visse føresegner i skattelovgjevinga. Departementet kan setje vilkår for samtykket.

Andre ledd i petroleumsskattelova § 9 blei innført ved lov 10. juni 1988 nr. 41, på same tid som andre ledd i § 10 kom inn i lova, jf. Ot.prp. nr. 60 (1987-1988). Føresegna i petroleumsskattelova § 9 andre ledd skulle oppmuntre mindre eigarar gjennom kommandittselskap til heller å organisere seg som aksjeselskap. Grunnen var at likninga av deltakarane i dei to siste kommandittselskapa som dreiv utvinningsverksemd på norsk sokkel, var uhøveleg arbeidskrevjande. I dag er det ingen kommandittselskap som driv utvinningsverksemd på norsk kontinentalsokkel, og andre ledd har ikkje lenger nokon meining.

Finansdepartementet meiner at alle tilhøva som kjem under petroleumsskattelova § 9 etter gjeldande rett også er dekt av petroleumsskattelova § 10. Departementet meiner dessutan at alle overføringar bør handsamast på grunnlag av det same prinsippet om skattemessig nøytralitet som ligg til grunn for samtykker etter petroleumsskattelova § 10. For å gjere reglane enklare foreslår departementet å fjerne petroleumsskattelova § 9.

Departementet viser til forslag om å oppheve petroleumsskattelova § 9.

4.5 Økonomiske og administrative følgjer

Oppheving av petroleumsskattelova § 9 får truleg ikkje nokon økonomiske og praktiske følgjer.

4.6 Iverksetjing

Departementet foreslår at endringa skal gjelde straks.

Til forsida