Prop. 101 L (2012–2013)

Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Til innhaldsliste

10 Grensefastsetjing

10.1 Innleiing

Departementet foreslår å plassere reglane om grensefastsetjing i eit kapittel saman med reglane om rettsutgreiing, sjå kapittel 9 ovanfor. Departementet meiner reglane systematisk bør kome etter kapittel 3 om jordskifte, og foreslår at dei blir plassert i Kapittel 4 Rettsutgreiing og grensefastsetjing og anna.

Gjeldande jordskiftelov § 88 gir jordskifteretten kompetanse til å klarleggje, merkje av og beskrive grenser for eigedom og bruksrett (grensegang). Avgjerda i ei grensesak gir svar på kvar grensene går, og på kva for eigedommar som grenser til kvarandre. Lovforslaget § 4-2 første ledd fører i hovudsak vidare gjeldande reglar om grensegang, i lovforslaget kalla grensefastsetjing. Forslaget inneheld ei opprekning av kva for eigedommar jordskifteretten kan halde sak om grensefastsetjing for. Det er ikkje meininga at opprekninga skal vere uttømmande. Etter andre ledd skal jordskifteretten merkje og koordinatfeste grenser etter reglane i lovforslaget § 6-29.

Det er ikkje meininga å utvide kompetansen til jordskifteretten etter gjeldande jordskiftelov § 88 for grenser som blir etablert ved vedtak om råderettsinnskrenkingar.

Departementet har vurdert korleis ein på best mogleg måte skal få fram kompetansen til jordskifteretten i grensesak knytt til vedtak om råderettsinnskrenkingar. Ein kan for eksempel skilje ut bokstav f som eige ledd i lovforslaget § 4-2, eller flytte regelen til lovforslaget § 4-3 Andre reglar om grensefastsetjing. Departementet kan ikkje sjå at det er nødvendig å skilje ut kompetansen jordskifteretten har i vernesaker i eit eige ledd i lovforslaget § 4-2, eller at det er nødvendig å flytte kompetansen til lovforslaget § 4-3 for å sikre at det ikkje oppstår uklarheit om rekkevidda av kompetansen til jordskifteretten.

Lovforslaget § 4-3 inneheld reglar av noko ulik karakter. Etter lovforslaget § 4-3 første ledd kan jordskifteretten ta avgjerder om gjerdehald for den grensestrekninga som er til behandling. Departementet foreslår i § 4-3 andre ledd at jordskifteretten kan justere grenser etter matrikkellova § 16. Løysinga fører til at kompetansen blir den same for jordskifteretten og lokale matrikkelmyndigheiter slik at at jordskifteretten kan overføre mindre areal. I tredje ledd er det ei tilvising til bygdeallmenningslova og statsallmenningslova og den kompetansen jordskifteretten har til å behandle grensespørsmål etter dei lovene. I fjerde ledd finn ein att den kompetansen jordskifteretten har til å fastsetje slike grenser som er nemnde i vassdragslova §§ 2, 3 og 4.

Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 4-4 reglar for fastsetjing av grenser, rettar og anna ved semjedom. Departementet foreslår ikkje reglar om semjedom som avgjerdsform, men foreslår i staden andre reglar om saksbehandlinga av forslag til fastsetjing av grenser i lovforslaget § 6-22.

Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 4-5 å utvide verkeområdet for gjeldande jordskiftelov § 89 a til òg å gjelde saker som gjeld rettskraftige dommar frå utmarkskommisjonen for Finnmark i tillegg til Nordland og Troms. Arbeidsgruppa foreslår spesialreglar for behandlinga av desse grensesakene i høyringsforslaget kapittel 4 i staden for i kapittel 6 om saksbehandling. Departementets forslag inneber at det ikkje blir ein eigen paragraf i jordskiftelova for handteringa til jordskifteretten av særlege saker om grensegang i Nordland, Troms og Finnmark. Finnmarkslova § 45 gir reglar for kva jordskifteretten kan gjere i slike saker i Finnmark. I lovforslaget § 4-3 femte ledd står det at jordskifteretten set i verk grensemerking i terrenget, koordinatfesting og kartlegging etter finnmarkslova § 45.

Jordskifteretten skal etter gjeldande jordskiftelov § 17 tredje ledd, etter krav frå ein part avgjere tvist om underliggjande rettshøve. Jordskifteretten skal gjere dette når det er nødvendig å ta stilling til tvisten for at ei sak om grensefastsetjing skal kunne avgjerast. Jordskifteretten kan avgjere tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett eller anna. Departementet foreslår å føre vidare denne kompetansen i lovforslaget § 4-4.

10.2 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å erstatte omgrepet grensegang med grensesak. Ho foreslår å harmonisere reglane i matrikkellova og jordskiftelova så langt det ikkje er gode grunnar for noko anna. Arbeidsgruppa foreslår såleis i høyringsforslaget § 4-2 bokstavane a til e, å knyte ein vesentleg del av kompetansen som jordskifteretten har til å halde grensesak til typane av fast eigedom i matrikkellova. Det var likevel ikkje meininga at tilknytinga til matrikkellova skal føre til at jordskifteretten mister heimelen til halde grensesak for grenser som er eit resultat av hevd, alders tids bruk eller andre formar for eigedomsdanning som ikkje er regulert i matrikkellova.

Arbeidsgruppa foreslår, som ein ny regel at jordskifteretten kan halde grensesak for anleggseigedom og for utomhusareal som ligg til eigarseksjonar, jf. høyringsforslaget § 4-2 bokstav c. Forslaget inneber at partane òg på desse nye områda skal kunne velje mellom tingrett og jordskifterett for å få fastsett ei eksisterande grense.

Arbeidsgruppa foreslår òg at jordskifteretten skal ha kompetanse til å klarleggje, fastsetje og merkje grensar for servituttar, offentleg regulering av eigarrådvelde og samisk reinbeite. Dette går fram av høyringsforslaget § 4-2 bokstavane f til h.

Jordskifteretten kan etter jordskiftelova § 89 avgrense eller avvise grensegangssak. Arbeidsgruppa foreslår å ta bort pålegget om at jordskifteretten mest mogleg skal avgrense saka til å gjelde klarlegging av omtvista grenser, og berre gjere strengt nødvendige avmerkings- og målearbeid, dersom det i eit område er grunn til å rekne med endringar i grensetilhøva som følgje av jordskifte. Arbeidsgruppa foreslår òg å ta bort regelen om at ein ikkje utan særleg grunn skal fremje grensegang over store samanhangande område. Dette gjeld dei tilfella saka vil få karakter av å vere eit systematisk merkje- og målearbeid meir enn eit samla klarleggingsarbeid for grensene.

Arbeidsgruppa meiner at jordskifteretten bør ha same moglegheit til å justere grenser som den lokale matrikkelstyresmakta. Ho foreslår derfor å gjere matrikkellova § 16 gjeldande, jf. høyringsforslaget § 4-3.

Arbeidsgruppa foreslår å gi jordskifteretten heimel til å ta avgjerd om gjerde i den grensestrekninga som er til behandling i ei grensesak, høyringsforslaget § 4-2 andre ledd, som viser til høyringsforslaget § 3-28 om gjerdeplikt og gjerdehald.

Arbeidsgruppa foreslår å utvide verkeområdet for jordskiftelova § 89 a til òg å gjelde saker som gjeld rettskraftige dommar frå utmarkskommisjonen for Finnmark i tillegg til Nordland og Troms, høyringsforslaget § 4-5. Forslaget har same innhald som ein finn i finnmarkslova § 45. Arbeidsgruppa foreslår spesialreglar for behandlinga av desse grensesakene i høyringsforslaget kapittel 4 i staden for i kapittel 6 om saksbehandling, jf. høyringsforslaget § 4-6.

10.3 Høyringsinstansane

10.3.1 Grensesak, høyringsforslaget § 4-2

Justisdepartementet uttaler at dei

«støtter forslaget om å harmonisere reglene i jordskifteloven med reglene i matrikkelloven. Den utvidelse dette medfører for jordskifterettens kompetanse – blant annet grensesak for anleggseiendom – er velbegrunnet hensett den særlige kompetanse jordskifteretten besitter. Vi støtter også forslagene om å fjerne vilkårene for grensesak.»

Miljøverndepartementet uttaler til høyringsforslaget § 4-2:

«Det bør presiseres her eller i definisjonsbestemmelsen at grensesak gjelder klargjøring av eksisterende grenser. Grensesak omfatter klargjøring og merking av flere typer grenser enn de som skal registreres i matrikkelen. Landbruksdepartementet bør utrede nærmere, før departementet eventuelt legger fram forslag til ny jordskiftelov, om det er behov for å sørge for registrering i matrikkelen av alle typer grenser som det er behov for å holde grensesak for. Miljøverndepartementet vil bidra til en slik utredning.»

Miljøverndepartementet etterlyser ei betre grunngjeving for å avvise forslaget om ikkje å krevje oppmålingsforretning eller behandling i forliksrådet forut for behandling av grensesak i jordskifteretten. (Dette gjelder vel kap 6). Miljøverndepartementet stiller spørsmål ved der det går fram i høyringsforslaget at «vilkåret for grensesak er at grensa er uklar, det vil seie ikkje merka eller nedskrive (i dag: koordinatbestemt)».

Domstoladministrasjonen (DA) uttaler generelt at rettsutgreiing og grensegang utgjer hovudtyngda av arbeidsmengda til jordskiftedomstolane. DA uttaler derfor at det er «viktig at reglene knyttet til disse sakstypene er lett tilgjengelige og forståelige for brukerne av loven. Etter DA sin vurdering har man i lovutkastet lagt et godt grunnlag for dette.» DA uttaler òg:

«En vesentlig endring i lovutkastet er at det foretas en konkret opplisting av hvilke grenser jordskifteretten skal kunne behandle. Begrunnelsen for dette er ønsket om en harmonisering av matrikkelloven. DA er usikker på om dette er en heldig lovteknikk fordi opplistingen lett kan bli oppfattet som uttømmende og dermed begrense og skape uklarhet i forhold til jordskiftedomstolens kompetanse i grensesaker.»

Når det gjeld harmonisering til matrikkellova, ber DA

«departementet vurdere hvorvidt dette bør avklares på en tydeligere måte i særmerknadene til bestemmelsen, alternativt at det vurderes tatt inn en tilleggsbestemmelse som klargjør at jordskifteretten har kompetanse til å ta stilling grenseforhold i alle typer eiendommer, også de som ikke er nevnt i matrikkelloven.»

DA kjem etter dette med eit forenkla forslag til føresegn samtidig som omgrepet «alle former for fast eigedom» blir brukt i innleiinga i bokstav a) før tilvisinga til matrikkellova.

Den generelle kommentaren til Jordskifteoverrettane er

«at jordskifterettane bør få heimel til å avgjere «tvistar» om fast eigedom, også i dei tilfella der det er påstand om eineeige og eigedomsgrensene er klare. Tvilstilfelle, om jordskifteretten har heimel til å handsame grensesaka eller ikkje, medfører unødig prosess. Den særlege kompetanse jordskifterettane har i slike spørsmål, og det faktum at jordskifteretten og kan finne ut av slike forhold utan at det er nødvendig å reise det som ein rettsleg tvist understrekar etter vårt syn at tida no er inne til å gi jordskifterettane ein slik generell heimel.»

Jordskifteoverrettane uttaler òg om høyringsforslaget § 4-2:

«Ei vesentleg endring i lovutkastet er at § 4-2 gir ei uttømmande opprekning av kva grenser jordskifteretten kan handsame. Dette er gjort etter mønster av reglane i matrikkellova. Vi meiner ei slik opplisting lett kan bli oppfatta som uttømmande og dermed avgrense jordskifteretten sin kompetanse i grensesaker. I følgje § 4-2 første ledd bokstav f står det at jordskifteretten kan klarleggje, fastsetje og merkje grenser for alle former for servituttar. Vi legg til grunn at dette også omfattar personlege servituttar.»

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler:

«Opplistinga i første ledd er uttømmande, det er og linka opp til matrikkellova 5 stader. Me er usikre på om dette er romsleg nok. Endringar i matrikkellova kan få utilsikta verknad for jordskiftelova. Som arbeidsgruppa og har drøfta, vil me peike på at jordskifteretten ikkje må vere bunden av systemet i matrikkellova. Her kan nemnast fastsetjing av ikkje formaliserte rettar, så som ved hevd eller alders tids bruk. Det kan diskuterast om jsr bør bruke tid på saker som i § 4-2 g. Vi meiner denne heimelen bør oppretthaldast, m.a. fordi vi ser at det i slike saker er trong for å justere/tilpasse grenser i forhold til eigedomsgrenser, veger m.m., og at jsr her har best kompetanse. Men slike saker bør ha låg prioritet. Bortsett frå dei store verneområda, kan slike saker nyttast som utfyllande teknisk arbeid. Arbeidet med å merke vernegrenser har kravd store ressursar hjå jordskiftedomstolen. I mange saker har dette vore reine merkesaker som like godt kunne vore utført av private oppmålingsfirma. Det er svært uheldig om jordskifteretten blir oppfatta som eit gjennomføringsorgan for verneinteressene. Det er vår erfaring at representanten frå Fylkesmannen har meint at han kan instruere jordskifteretten om kvar og korleis det skal merkast.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme stør innhaldet i høyringsforslaget § 4-2 i all hovudsak. Dei uttaler mellom anna at dei er

«glade for at alle former for servituttar har kome inn i bokstav f. Det same gjeld endring/tillegg om å kunne fastsette reglar for gjerdehald i grensesak. Begge deler er svært aktuelt og praktisk.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«Slik paragrafen er formulert, må den vel vere meint å skulle vere uttømmande. Når det blir vist til dei enkelte bestemmelsane i matrikkelloven, vil det lett gi tronge rammer for innhaldet. For å opne for andre eventualitetar, kunne formuleringa vore meire generel.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømmekjem etter dette med eit framlegg til lovtekst: «Jordskifteretten kan klarlegge, fastsette og merke grenser for fast eigedom og bruksrett, unnateke innomhusgrenser i eigarseksjonar». Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«Dersom ein skal halde fast ved opplegget frå arbeidsgruppa, bør det vurderast om formuleringa dekkjer alt som kan vere aktuelt. Arbeidsgruppa har sjølve peika på at jordskifteretten ikkje i eitt og alt skal vere bunden av systemet i matrikkeloven, jfr m.a merknadene frå arbeidsgruppa, s. 69 om heimelen jordskifteretten skal ha til å halde grensesak for grenser som ikkje er formalisert tidlegare (hevd, alders tids bruk oa.). Vi meiner også at bokstav e er uheldig utforma. Det blir vist matrikkelloven § 5 bokstav e, men heile denne bestemmelsen er ordrett tatt inn i lovforslaget. Eit lite mindretal meiner klarlegging og fastsetting av grenser for offentleg regulering av eigarrådvelde må vere ei oppgåve for det offentlege organet som har myndigheit til slik regulering. Grensemerkinga kan jordskifteretten ta seg av, dersom ikkje andre kan ta seg av det tekniske arbeidet.»

Jernbaneverket uttaler om høyringsforslaget § 4-2 at den formelle saklege kompetansen er framstilt tydeleg i høve til matrikkellova sine definisjonar. Det er eit gunstig utgangspunkt for den naturlege utvidinga av kompetansen som føresegna fører til.

Statens kartverk ser det som positivt at alle typar matrikkeleiningar er nemnde i høyringsforslaget § 4-2.

Tekna meiner det er uheldig at tvistesaker om grense alternativt kan bringast inn for dei alminnelege domstolane for avgjerd. Dei uttaler:

«De alminnelige domstoler har ikke, og det er utenkelig at de vil kunne få det nødvendige tekniske apparat til å håndtere de tekniske arbeidsoppgaver som alltid vil inngå i en grensesak, så vel på klarleggings- og utredningsstadiet som i avslutningsfasen. At det likevel er valgfrihet m.h.t. hvilken domstol saken bringes inn for, kan gi de aktuelle brukere et inntrykk av at også de alminnelige domstoler har et tilfredsstillende teknisk apparat til å behandle slike saker godt. Loven bør heller bygges opp slik at brukerne ledes til det tvisteorgan som har de beste forutsetninger for både god og rask løsning. Det bør derfor etter Teknas mening, både av ovennevnte hensyn, men også av prosessøkonomiske hensyn vurderes en lovendring som henviser alle grensesaker til jordskifteretten.»

10.3.2 Grensejustering, høyringsforslaget § 4-3

Miljøverndepartementet uttaler at grensejusteringa ikkje må

«skape forhold som kommer i strid med rettslig bindende planer etter plan- og bygningsloven mv, jf. bl.a. regelen i plan- og bygningsloven § 63 [ny § 26-1]om at det ikke må skapes tomter som etter kommunens skjønn er mindre vel skikket til utbygging på grunn av størrelse eller form. Vi antar at jordskifteretten også må sørge for at grensejusteringa ikke kommer i strid med konsesjonsloven eller jordlova. Endringer av grenser internt i et eierseksjonssameie vil kunne kreve reseksjonering av sameiet.»

Domstoladministrasjonen (DA) uttaler at høyringsforslaget § 4-3 om grensejustering med fordel kan gjerast tydeleg slik at det klart går fram at grensejustering kan skje etter krav frå ein av partane. Ved usemje avgjerast saka etter høyringsforslaget § 3-3.

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme uttaler:

«Reglene om grensejustering er opprettet for at oppmålingsetatene i kommunene skal kunne justere grenser ensidig for mindre arealer uten å gå vegen om delingsvedtak. Etter siste forskrift er handlingsrommet på 5 % eller maksimalt 0,5 daa. Dette har vært praktisert av tinglysningen selv om forskriften ikke har vært vedtatt. Det må vurderes om denne regelen er brukbar for jordskifterettene og om vi i det hele tatt driver med ensidig grensejustering slik det er ment i matrikkelloven. Dersom dette ikke er aktuelt, bør denne paragrafen endres eller fjernes.»

10.3.3 Fastsetjing av grenser, rettar og anna ved semjedom, høyringsforslaget § 4-4

Justisdepartementet stiller spørsmål ved om den særlege reguleringa av retten som partane har til kontradiksjon etter tredje ledd er nødvendig. Dei seier at ein slik rett allereie følgjer av den generelle føresegna i høyringsforslaget § 6-18 fjerde ledd.

Domstoladministrasjonen uttaler at høyringsforslaget § 4-4 etter sitt innhald er ei rein saksbehandlingsføresegn. For systematikken si skuld bør denne føresegna takast ut av kapittel 4, og flyttast til kapittel 6.

Jordskifteoverrettane er samde i at det i saker der det ikkje er tvist om grenser, rettar og anna skal kunne avseiast ein semjedom. Dei uttaler likevel

«at regelen burde stå som ein generell sakshandsamingsregel i kapittel 6, og ikkje der den no er plassert. Reglane i § 17a om framgangsmåten ved rettsfastsettande vedtak er i utkastet til § 4-4 forenkla vesentleg. Etter vårt syn er det viktig at ein semjedom berre skal nyttast i dei høve der partane er samde om ei løysing. Dersom ein part protesterer er ikkje partane samde, og då er vilkåret for å avseie semjedom ikkje til stades. Vidare må regelen gi jordskifteretten høve til å setje fram eit forslag til semjedom, utan at dommar og meddommar blir inhabil i den vidare handsaming av ein eventuell tvist. Retten si oppgåve blir her å vidareformidle den semje partane har diskutert seg fram til på ein slik måte at retten ikkje har tatt stilling til det rettslege spørsmålet. Vidare blir det viktig at regelen har nokre prosedyrekrav til kva som er minstekravet for at retten kan konstatere at partane er samde, at det ikkje er tvist. Etter vårt syn bør det vere slik at dei partane som ikkje har uttalt seg til eit konkret framlegg i rettsmøte, skal få ein frist til skriftleg å uttale seg. Dersom det ikkje blir protestert innan ein gitt frist, kan semjedom avseiast i tråd med framlegget. Det må då stillast krav til at utkastet til semjedom er komen fram til partane, t.d. ved at det blir stilt krav om forkynning av utkastet. Mange jordskifterettar nyttar i dag «rettsfastsettende vedtak» som avgjerdsform for grenseskildring og avsluttande oppstilling av rettar og plikter m.v. Denne avgjerdsforma blir nytta til å gi rettskraftsverknad til sluttresultatet av alt arbeidet som er gjort i saka. Etter vårt syn er det ikkje slik denne avgjerdsforma var meint brukt då den blei innført i 1999. I samband med innføring av semjedom blir det viktig at lovforarbeida seier noko om når ei slik avgjerdsform skal nyttast. Vi meiner § 4-4 må flyttast til kapittel 6 og arbeidast med ut frå den uttalen vi har gitt ovanfor.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler om høyringsforslaget § 4-4 at omgrepet «bruksrett, tyngsler» bør erstattast av «servituttar». Dei meiner det ikkje er nokon grunn til å grunngi det partane er samde om. Jordskifterettane i Eidsivating ser på høyringsforslaget § 4-4 som ein generell saksbehandlingsregel. Det meste av første ledd i høyringsforslaget § 4-4 står i høyringsforslaget § 6-19 tredje ledd. Dei uttaler at paragrafen kanskje høyrer meir heime i kapittel 6 om saksbehandling, enten før eller etter høyringsforslaget § 6-23 om rettsforlik.

10.3.4 Særlege grensesaker i Nordland, Troms og Finnmark, høyringsforslaget § 4-5

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme peikar på at Utmarkskommisjonen blei lagt ned ved tvistelova av 17.6.2005 nr. 90. Dei uttaler:

«Siden kommisjonen er lagt ned og loven er opphevet, vil kommisjonen ikke sende flere saker til jordskifteretten. De foreliggende sakene som allerede er mottatt og som er under behandling i jordskifterettene, er «krevd» etter eksisterende jordskiftelov og skal gjennomføres etter denne. Det er derfor ikke behov for en regel om utmarkskommisjonen for Nordland og Troms i den nye jordskifteloven. Flere av jordskifterettene i Hålogaland mener at merking av grenser fastsatt av Finnmarkskommisjonen/Finnmarksdomstolen er ren forvaltningsvirksomhet som kan foretas av andre. Dersom jordskifteretten skal ha denne oppgaven, og det viser seg at arbeidet blir omfattende, må det tilføres økonomiske- og personalmessige ressurser.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme er delt i synet på høyringsforslaget §§ 4-5 og 4-6. Fleirtalet av jordskifterettane i Eidsivating

«meiner at begge paragrafane bør strykast av prinsipielle grunnar, fordi dette ikkje er ei oppgåve for jordskifteretten. Dersom også avklaringsarbeidet var lagt til jordskifteretten, ville forholdet ha vore eit heilt anna. Når no situasjonen er slik, er dette reine oppmerkings- og innmålingsoppgåver som kommune eller private oppmålingsfirma heller bør ta. Eit mindretal meiner jordskifteretten med vår tekniske kompetanse er best egna til å utføre dette arbeidet, slik vi gjer det i slike saker etter jordskiftelova. Samfunnet har konstatert dette og gitt oss oppgåva, og då bør vi takka ja. Dersom jordskifteretten skal ha desse oppgåvene, meiner vi det er viktig at jordskifteretten får tilført nødvendige økonomiske og personellmessige ressursar, slik at desse oppgåvene ikkje går ut over dei ordinære jordskifteoppgåvene.»

10.3.5 Særlege reglar for saker etter høyringsforslaget § 4-6

Justisdepartementet meiner andre ledd er overflødig. Dei uttaler:

«Det er plikten til å betale gebyr eller kostnader som krever lovregulering – dersom det ikke foreligger en uttrykkelig hjemmel for å kreve gebyr eller for å kreve dekket kostnader, er saken gebyrfri. Informasjonen som bestemmelsen inneholder, bør etter vår vurdering gis på annen måte enn gjennom en egen lovbestemmelse.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme er delt i synet på høyringsforslaget §§ 4-5 og 4-6, sjå punkt 10.2.4.

10.4 Departementets vurderingar

10.4.1 Frå «grensesak» til «grensefastsetjing»

Arbeidsgruppa foreslår å bruke omgrepet grensesak i overskrifta til § 4-2. Departementets lovforslag inneber at dette omgrepet ikkje lenger er heilt dekkjande. Departementet foreslår i staden at overskrifta til § 4-2 skal vere «grensefastsetjing».

10.4.2 Ny systematikk

Gjeldande paragrafar om grensegang i jordskiftelova, skil ikkje klart mellom saksbehandlingsreglar, reglar om kompetanse og andre reglar. Ein finn for eksempel reglar om kravskompetanse, kompetansen til jordskifteretten og reglar om saksbehandling i same paragraf. Departementet meiner dei beste grunnar talar for eit betre skilje mellom reglar om saksbehandling og reglar om kompetanse enn i gjeldande reglar.

10.4.2.1 Reglar om saksbehandling

Reglane for jordskifte gjeld etter gjeldande jordskiftelov § 89 første ledd første punktum på tilsvarande måte for grensegang så langt dei høver.

I gjeldande jordskiftelov § 88 første, andre og tredje ledd er det reglar om kven som kan krevje sak når det gjeld grensegang. Ein finn òg reglar om saksbehandling i jordskiftelova § 88 fjerde ledd første punktum. Leddet handlar mellom anna om kva innhald krav om grensegang skal ha.

Jordskifteretten skal etter § 88 femte ledd første punktum prøve å få regulert ulagelege grenser ved minneleg makeskifte. Regelen om korleis jordskifteretten skal gå fram, er ein regel om saksbehandling.

I gjeldande jordskiftelov § 89 første ledd andre punktum står det at gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a berre gjeld når grensene skal regulerast. Departementet foreslår ei harmonisering i høve til matrikkellova § 16. Det vil seie at jordskifteretten kan gjere grensejustering, og at han mister heimelen til å gjere jordskiftemessige arealbyte utover det som matrikkellova opnar for. Lovforslaget § 3-18 som erstattar gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a gjeld ikkje ved grensejustering etter lovforslaget § 4-3 andre ledd, sjå kapittel 10.4.11.

Er det i eit område grunn til å rekne med endringar i grensetilhøva ved jordskifte, så skal jordskifteretten etter gjeldande jordskiftelov § 89 tredje punktum mest mogleg avgrense saka til å gjelde klarlegging av omtvista grenser og berre strengt nødvendige avmerkings- og målearbeid. Utan særleg grunn skal heller ikkje grensegang fremjast over store samanhengande område der saka vil få karakter av å vere eit systematisk merkje- og målearbeid meir enn eit samla arbeid for å klargjere grensene, sjå gjeldande jordskiftelov § 89 første ledd fjerde punktum.

Departementet meiner ein i størst mogleg grad bør samle reglar om saksbehandling i lovforslaget kapittel 6. Departementet foreslår likevel å leggje reglane om kven som kan krevje sak til lovforslaget § 1-5. Dette gjeld òg for behandling av saker om grensefastsetjing Reglane for behandling av grensesaker går fram av kapittel 6. Reglane som gjeld tilfella der det er grunn til å rekne med endringar i grensetilhøva ved jordskifte blir ikkje ført vidare. Reglane for det som har karakter av å vere systematisk merkje- og målearbeid blir heller ikkje ført vidare.

Arbeidsgruppa foreslår nokre særlege reglar om saksbehandling for fastsetjing av grenser, rettar og anna ved «semjedom», jf. høyringsforslaget § 4-4. Departementet meiner reglane systematisk høyrer heime i kapittelet om saksbehandling, sjå lovforslaget § 6-22. Forslaget om semjedom som avgjerdsform blir ikkje følgd opp, sjå kapittel 12.3.4.1.3

10.4.2.2 Kompetansen til jordskifteretten

I gjeldande jordskiftelov § 88 fjerde ledd andre punktum finn ein ei avgrensing av kompetansen til jordskifteretten i høve til kravet. Jordskifteretten kan i utgangspunktet ikkje behandle andre grenser enn kravet gjeld. Men fjerde ledd tredje punktum opnar for at saka kan utvidast, dersom ein part krev det. Fjerde ledd tredje punktum seier kva jordskifteretten skal leggje vekt på når han vurderer eit slikt krav. Desse reglane meiner departementet systematisk høyrer heime ein annan stad enn i lovforslaget kapittel 4 om rettsutgreiing og grensefastsetjing. Departementet foreslår at reglane om avgrensing av saka blir plassert i § 6-9.

I jordskiftelova § 88 første og femte ledd finn ein reglar for kva jordskifteretten kan gjere i grensegangssak. Første ledd gjeld ordinære spørsmål om grensegang som for eksempel klarlegging av grenser. Femte ledd gjeld ulagelege grenser som jordskifteretten på nærare gitte vilkår kan regulere. Reglane for kva jordskifteretten skal kunne gjere går fram av lovforslaget §§ 4-2 Grensefastsetjing og 4-3 Andre reglar om grensefastsetjing. I § 4-2 finn ein reglar om fastsetjing av grenser som eiga sak. Lovforslaget § 3-13 seier at jordskifteretten i ei jordskiftesak skal fastsetje eigedomstilhøva og bruksrettstilhøva, under dette grenser, slik dei er. Lovforslaget § 4-3 første ledd gjeld fastsetjing av grense i samband med gjerdehald, tredje ledd gjeld spørsmål om grense etter lov om bygdeallmenningar og lov om skogsdrift med vidare i statsallmenningar, og fjerde ledd spørsmål om grense i vassdrag. I femte ledd har ein reglar om merking av grense med vidare etter finnmarksloven § 45.

10.4.2.3 Samansetjinga jordskifteretten har i sak om fastsetjing av grense

Reglane om samansetjinga til retten er lik ved jordskifte, rettsutgreiing og grensegang. I gjeldande jordskiftelov § 89 andre ledd første punktum heiter det at dei oppnemnde meddommarane kan nyttast, sjølv om saka blir endra til jordskifte. Andre punktum har tilsvarande regel dersom saka blir endra til grensegang eller rettsutgreiing. Det er ikkje nødvendig for jordskiftedommaren å oppnemne nye meddommarar. Departementet meiner reglane om samansetjinga av retten høyrer heime i kapittel 2 om jordskifterettane, men at det ikkje er nødvendig med ein tilsvarande regel i den nye jordskiftelova. Departementet foreslår ikkje å føre vidare regelen i jordskiftelova § 89 andre ledd første punktum.

10.4.2.4 Særlege reglar for nokre grensesaker i Nordland, Troms og Finnmark

Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 4-5 reglar for særlege grensesaker i Nordland, Troms og Finnmark. Desse reglane blir behandla i kapittel 10.4.13.

Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 4-6 særlege reglar for sakene etter høyringsforslaget § 4-5. Eit av forslaga var at jordskifteretten skal setjast utan jordskiftemeddommarar. Departementet meiner denne regelen systematisk høyrer heime i kapittel 2 om jordskifterettane. Regelen som gjeld Finnmarkseiendommen i høyringsforslaget § 4-6 første ledd, finn ein att i finnmarkslova § 45.

Arbeidsgruppa foreslår òg i høyringsforslaget § 4-6 andre ledd at dei særlege grensesakene skal vere fri for rettsgebyr og partane skal heller ikkje betale for kostnadene med grensemerking, koordinatfesting og kartlegging av grenser. Departementet meiner desse reglane om kostnader systematisk høyrer heime i kapittel 7 om sakskostnader. Reglane som gjeld Finnmarkseiendommen går fram av finnmarkslova § 45, jf. lovforslaget § 4-3 femte ledd.

10.4.3 Rettsmiddel

Grensefastsetjing kan angripast med rettsmiddel, sjå kapittel 14 og lovforslaget kapittel 8. Departementets forslag inneber at den såkalla gjennomsynsregelen i gjeldande jordskiftelov § 72 blir teken bort, sjå nærare omtale av dette i kapittel 14.2.3.2.

10.4.4 Kva er grensefastsetjing etter gjeldande jordskiftelov

Det sentrale spørsmål i ei sak om fastsetjing av grense er å avgjere på rettskraftig måte kvar ei grense går. Til vanleg vil det vere kjent kva for eigedommar som grenser til kvarandre og kven som eig desse eigedommane. Ei slik sak kan gi svar på kva for eigedommar som grenser til kvarandre.

Gjeldande jordskiftelov har reglar om grensegang i §§ 88 og 89, samt nokre spesialreglar i gjeldande jordskiftelov § 89 a for grensesaker i Nordland og Troms. Etter jordskiftelova § 88 første ledd kan eigar av fast eigedom krevje at jordskifteretten i særskild sak skal klarleggje, merkje av og beskrive eigedomsgrenser, grenser for alltidvarande bruksrett eller grenser for offentleg regulering av eigarrådvelde. Dette gjeld òg slike grenser som er nemnde i lov 15. mars 1940 nr. 3 om vassdragene §§ 2, 3 og 4. I gjeldande jordskiftelov § 88 andre ledd seiast det i kva tilfelle bruksrettshavar, det offentlege, leiar av reinbeitedistrikt, utøvar av reindrift og departement kan krevje grensegang. Tilsvarande kan eigar eller festar etter § 88 tredje ledd krevje grensegang for matrikkeleining som er festa bort. Etter § 88 fjerde ledd første punktum må den som krev grensegang seie kva for grenser retten skal ta stilling til. I fjerde ledd andre punktum avgrensast kompetansen til jordskifteretten. Jordskifteretten kan ikkje gå utanfor det kravet etter første punktum går ut på. Etter omstenda kan retten utvide saka. Vurderingstemaet går fram av gjeldande jordskiftelov § 88 fjerde ledd tredje punktum. I gjeldande jordskiftelov § 88 femte ledd er det reglar for korleis jordskifteretten skal gå fram. Føresegna seier at retten skal prøve å få ulagelege grenser regulert ved minneleg makeskifte. Kjem ein ikkje fram til semje, kan jordskifteretten regulere grensene på den måten han meiner er mest tenleg for eigedommane det gjeld. Kompetansen til jordskifteretten blir innskrenka dersom det ikkje er landbrukseigedom på nokon av sidene. I eit slikt tilfelle kan jordskifteretten berre regulere ulagelege grenser etter krav frå ein part.

Etter gjeldande jordskiftelov § 89 gjeld reglane om jordskifte på tilsvarande måte for grensegangssaker så langt dei høver. Etter gjeldande jordskiftelov § 89 andre punktum gjeld likevel gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a berre når grensene skal regulerast. I gjeldande jordskiftelov § 89 første ledd tredje og fjerde punktum ligg eit krav om at jordskifteretten mest mogleg skal avgrense saka til å gjelde klarlegging av uklare grenser. Jordskifteretten skal berre gjere strengt nødvendige avmerkings- og målearbeid, dersom det gjeld eit område kor det er grunn til å rekne med at det blir endringar i grensetilhøva ved jordskifte. Utan særleg grunn, skal heller ikkje grensegang fremjast over store samanhengande område der saka vil få karakter av å vere eit systematisk merkje- og målearbeid, meir enn eit samla klargjeringsarbeid for grensene. I gjeldande jordskiftelov § 89 andre ledd er det reglar for korleis retten kan setjast saman, dersom det i grensegangssak setjast fram krav om jordskifte. Det er òg reglar for det tilfellet at det setjast fram krav om rettsutgreiing eller grensegang etter at jordskifte er nekta fremja.

Etter gjeldande reglar er tvist ikkje nødvendig for å reise grensesak. Departementets forslag inneber inga endring i dette.

10.4.5 Bruk av omgrep

I gjeldande reglar brukast både omgrepet grensegang og grensegangssaker. Grensegang er det når jordskifteretten klarlegg, merkjer og beskriv grenser for mellom anna grunneigedom, anleggseigedom, uteareal til eigarseksjon og jordsameige, grenser for alltidvarande bruksrett eller grenser for offentleg regulering av eigarrådvelde. Omgrepet grensegangssaker er eit samleomgrep for sakene som gjeld grensegang.

Arbeidsgruppa foreslår å erstatte omgrepet «grensegang» med «grensesak». I departementets lovforslag blir det brukt omgrepet grensefastsetjing. Departementet meiner dette er meir dekkjande for innhaldet i lovforslaget § 4-2.

10.4.6 Grensefastsetjing som del av jordskifte og som eiga sak

Eigar kan etter jordskiftelova § 88 krevje grensegang i eiga sak. Når det er tvist om grenser, kan ein velje mellom jordskifteretten eller tingretten for å få løyst tvisten. Tekna foreslår som den einaste høyringsinstansen at jordskifteretten skal ha denne kompetansen aleine, sjå punkt 10.3.1 der synspunkta er tekne inn. Eit slikt forslag har ikkje vore på høyring. Tekna viser til at tingrettane manglar teknisk apparat til å til å handtere dei tekniske arbeidsoppgåvene. Tekna meiner dette talar mot å la tingretten fastsetje grenser. Departementet meiner at kompetansen til jordskifteretten og tekniske apparat gjer jordskifteretten betre rusta enn tingretten til å handtere saker om grensefastsetjing. Departementet meiner likevel ikkje at dette gir grunnlag for å fremje forslag om å la jordskifteretten ha kompetansen aleine. Lovforslaget fører derfor ordninga med parallell kompetanse vidare i lovforslaget § 4-2.

Det vil vere nødvendig for jordskifteretten å ta stilling til grensespørsmål som del av jordskifte. I lovforslaget § 3-13 første ledd får jordskifteretten, som i dag, kompetanse til å fastsetje grenser i samband med jordskifte. Regelen fører vidare gjeldande praksis og gjeld såleis så langt det er nødvendig av omsyn til jordskiftet. Innhaldet i lovforslaget § 4-2 første ledd fører vidare gjeldande rett, sjølv om det er ei slags speglevending i høve til gjeldande jordskiftelov § 89 første ledd første punktum som seier at reglane om jordskifte gjeld på tilsvarande måte i grensesaker så langt dei passar.

10.4.7 Kva jordskifteretten kan fastsetje grenser for

Kompetansen jordskifteretten har til å behandle grensesak er i jordskiftelova § 88 første ledd første punktum knytt til omgrepa eigedomsgrenser, grenser for alltidvarande bruksrett eller grenser for offentleg regulering av eigarrådvelde. Av andre punktum går det fram at jordskifteretten òg kan behandle grensespørsmål for grenser som er nemnde i vassdragslova §§ 2, 3 og 4. Gjeldande reglar reknar ikkje opp kva slags eigedommar ein kan krevje grensesak for. Departementet meiner det bør seiast noko meir presist om kva slags eigedommar grensesak kan gjelde for enn det gjeldande reglar gjer. I lovforslaget § 4-2 er kompetansen jordskifteretten skal ha knytt til formuleringa «fast eigedom og rettar». I lovforslaget er det òg gitt ei rekkje eksempel på kva for eigedom dette gjeld. Omgrepet «rettar» dekkjer alle typar rettar over fast eigedom. Departementet har vald å bruke dei same eigedomsomgrepa som matrikkellova opererar med. Jordskifteoverrettane er skeptiske til ei slik tilnærming. Dei uttaler om opplistinga i høyringsforslaget § 4-2 at «Ei vesentleg endring i lovutkastet er at § 4-2 gir ei uttømmande opprekning av kva grenser jordskifteretten kan handsame. Dette er gjort etter mønster av reglane i matrikkellova. Vi meiner ei slik opplisting lett kan bli oppfatta som uttømmande og dermed avgrense jordskifteretten sin kompetanse i grensesaker.» Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme er òg inne på spørsmålet om opprekninga skal vere uttømmande. Dei uttaler at «Opplistinga i første ledd er uttømmande, det er og linka opp til matrikkellova 5 stader. Me er usikre på om dette er romsleg nok. Endringar i matrikkellova kan få utilsikta verknad for jordskiftelova. Som arbeidsgruppa og har drøfta, vil me peike på at jordskifteretten ikkje må vere bunden av systemet i matrikkellova. Her kan nemnast fastsetjing av ikkje formaliserte rettar, så som ved hevd eller alders tids bruk.» Meininga med lovforslaget er at opprekninga ikkje skal vere uttømmande. Det går fram av formuleringa «mellom anna». Eksempel på grensefastsetjing som ikkje er positivt nemnde er grensefastsetjing etter allmenningslovene. Sjølv om det er heller få slike saker, foreslår departementet av informative omsyn å seie dette i lovforslaget § 4-3 tredje ledd. Departementet foreslår av same omsyn å ta inn i lovforslaget § 4-3 fjerde ledd kompetansen til jordskifteretten til å fastsetje slike grenser som er nemnde i vassdragslova §§ 2, 3 og 4.

Arbeidsgruppa foreslår å harmonisere reglane i matrikkellova og jordskiftelova så langt det ikkje er gode grunnar for noko anna. Matrikkellova § 5 har reglar om kva objekt som kan bli oppretta som eigne matrikkeleiningar. Matrikkellova § 5 brukar, og definerar omgrepa grunneigedom, anleggseigedom, eigarseksjon, jordsameige og festegrunn. Departementet meiner det ikkje har noko å seie korleis eigedommen blir til. Reglane blir lettare å forstå dersom ein samordnar omgrepsbruken. Departementet foreslår såleis i lovforslaget § 4-2 første ledd bokstavane a til e, å knyte ein vesentleg del av jordskifteretten sin kompetanse til å halde grensesak til matrikkellova sine typar av fast eigedom. Det er likevel ikkje meininga at tilknytinga til matrikkellova skal føre til at jordskifteretten mister heimelen til å halde sak om grensefastsetjing for grenser som er eit resultat av hevd, alders tids bruk eller andre formar for eigedomsdanning som ikkje er regulert i matrikkellova.

Departementet foreslår at opplistinga i lovforslaget § 4-2 ikkje skal vere uttømmande. Det fører til at sjølv om saka gjeld ei grense som ikkje går fram av lista, kan jordskifteretten ta stilling til grensa.

Matrikkellova § 5 bokstav e fører vidare jordskiftelova § 88 tredje ledd. Departementet foreslår å føre desse reglane vidare.

Nokre høyringsinstanser gir uttrykk for at ein meiner klarlegging og fastsetjing av grenser for offentleg regulering av eigarrådvelde må vere ei oppgåve for det offentlege organet som har myndigheit til slik regulering. Grensemerkinga kan jordskifteretten ta seg av, dersom ikkje andre kan ta seg av det tekniske arbeidet. Departementet er ikkje samd i dette, og foreslår å føre vidare gjeldande reglar for grensesak ved offentleg regulering av eigarrådvelde, sjå lovforslaget § 4-2 første ledd bokstav f. Departementet foreslår òg å føre vidare kompetansen jordskifteretten har til å behandle sak om grensefastsetjing for samisk reinbeite. Dette går fram av lovforslaget § 4-2 første ledd bokstav g.

Dersom det er tvist, inneber forslaget at partane òg på desse nye områda kan velje mellom tingrett og jordskifterett for å få fastsett ei eksisterande grense.

10.4.8 Vilkåra for å avgrense eller avvise sak om grensefastsetjing

Gjeldande jordskiftelov § 89 inneheld to heimlar for å kunne avgrense eller avvise grensegangssak. Når det i eit område er grunn til å rekne med endringar i grensetilhøva ved jordskifte, skal jordskifteretten mest mogleg avgrense saka til å gjelde klarlegging av omtvista grenser, og berre strengt nødvendige avmerkings- og målearbeid. Utan særleg grunn skal heller ikkje grensegang fremjast over store samanhengande område der saka vil få karakter av å vere eit systematisk merkje- og målearbeid, meir enn eit samla klarleggingsarbeid for grensene. Arbeidsgruppa meiner at begge vilkåra harmonerer dårleg med prinsippet om at partane har hand om kva ein sak for ein domstol skal omfatte. Arbeidsgruppa viser òg til at jordskifteretten med fordel kan sleppe å vurdere om det er så stort behov for eit jordskifte som fører til endring i grenser, at vilkåret er oppfylt. Endeleg viser arbeidsgruppa til at grenselengdegebyret siktar mot same mål som det andre vilkåret. Etter ei samla vurdering kjem arbeidsgruppa til at desse momenta tilseier at vilkåra bør ut av lova. Departementets lovforslag fører ikkje desse vilkåra vidare.

10.4.9 Tvist om underliggjande rettshøve

Jordskifteretten skal etter gjeldande jordskiftelov § 17 tredje ledd, etter krav frå ein part avgjere tvist om underliggjande rettshøve. Jordskifteretten skal gjere dette når det er nødvendig å ta stilling til tvisten for at ei sak om grensefastsetjing skal kunne avgjerast. Jordskifteretten kan avgjere tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett eller anna. Departementet kan ikkje sjå at det er nokon grunn til å endre på desse reglane, og foreslår at dei skal førast vidare i lovforslaget § 4-4.

10.4.10 Nye reglar om gjerdehald i samband med grensefastsetjing

Spørsmål knytt til gjerdehald kan behandlast i eit jordskifte eller som eiga sak etter grannegjerdelova. Etter føresegna om bruksordning i lovforslaget § 3-8 første ledd fjerde punktum kan jordskifteretten mellom anna kan gi reglar om gjerdehald. Av lovforslaget § 5-3 bokstav b og § 5-4 går det fram at jordskifteretten kan ta avgjerd i sak etter grannegjerdelova i samband med sak for jordskifterett eller som eiga sak. Kompetansen jordskifteretten har til å ta avgjerder om gjerdehald etter lovforslaget § 3-8 første ledd fjerde punktum blir behandla i kapittel 8.13. Når det gjeld gjerdehald etter lovforslaget kapittel 5, så behandlast det i kapittel 11.5.6 i proposisjonen.

Det kan òg oppstå eit behov for å tilpasse eit gjerde dersom avgjerda i ei sak om grensefastsetjing blir at grensa går på anna stad enn der gjerdet står. Da er det både prosessøkonomiske og praktiske grunnar som taler for at jordskifteretten kan ta avgjerd om dette i grensesaka. Jordskifteretten har heimel i gjerdelova § 16 i dag til å halde gjerdeskjønn, innafor eit stadleg avgrensa område. Departementet meiner jordskifteretten må reknast for å ha den kompetansen som er nødvendig for å ta avgjerd om gjerdespørsmål, anten spørsmåla har samband med sak for jordskifterett, eller som eiga sak, sjå kapittel 11.5.6.3.

Departementet er såleis samd med arbeidsgruppa i at jordskifteretten bør få heimel til å avgjere gjerdespørsmål langs den grensa som er til behandling som sak om grensefastsetjing etter lovforslaget kapittel 4. Departementet foreslår regelen i § 4-3 første ledd.

10.4.11 Grensejustering

I jordskiftelova § 88 femte ledd er det reglar for korleis jordskifteretten skal gå fram. Der står det at retten prøver å få ulagelege grenser regulerte ved minneleg makeskifte. Kjem ein ikkje fram til semje, kan jordskifteretten regulere grensene på den måten han meiner er mest tenleg for eigedommane det gjeld. Kompetansen til jordskifteretten er innskrenka dersom det ikkje er landbrukseigedom på nokon av sidene. I eit slikt tilfelle kan jordskifteretten berre regulere ulagelege grenser etter krav frå ein part.

Arbeidsgruppa viser til at jordskifteretten har plikt til å gjere seg opp ei meining om grensene er ulaglege, og til å ta initiativ til minneleg makeskifte. Dersom jordskifteretten ikkje når fram med dette, har han heimel til å regulere grensene på den måten den meiner er mest tenleg for dei eigedommane det gjeld. Sjølv om dette berre gjeld der det er landbrukseigedom på minst ei side av grensa, er dette vidare fullmakter enn det som er vanleg for ein domstol å ha. Arbeidsgruppa meiner dette minner mykje om å halde små jordskifte langsetter dei aktuelle grensene trass i at partane berre har reist sak for å få klarlagt kvar eksisterande grense går.

Departementet viser òg til og er samd med jordskifterettane i Agder jordskiftedømme i at grensemerkinga meir kan vere ei vurdering av kvar grensa går (eller kor tett boltane skal stå) enn grensejustering. Nyansen mellom klarlegging og justering er ikkje alltid tydeleg i praksis, sjølv om det prinsipielle skiljet er klart.

Departementet meiner at jordskifteretten bør ha same moglegheit til grensejustering som den lokale matrikkelstyresmakta har. Departementet er samd med arbeidsgruppa i at den enklaste og mest presise måten å få til dette på, er å gjere den aktuelle paragrafen i matrikkellova gjeldande. Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 4-3 ein eigen paragraf. Departementet foreslår at regelen skal takast inn i ein paragraf som handlar om noko ulike spørsmål. Kompetansen knytast opp mot matrikkellova § 16, sjå lovforslaget § 4-3 andre ledd. Dette er ei forenkling, men òg ei harmonisering i høve til matrikkellova. I samband med slik grensejustering er jordskifteretten på same måten som matrikkelmyndigheita bunden av offentlegrettslege vilkår.

Når ein tek bort regelen om regulering av grenser, blir det òg ein klarare forskjell mellom jordskifte etter lovforslaget § 3-4 på eine sida, og grensejustering på hi. Det er for eksempel korkje nokon garanti mot tap, eller noko krav til pengeoppgjer knytt til grensejustering.

10.4.12 Allmenningar og grenser i vassdrag

Departementet foreslår eit tredje ledd i lovforslaget § 4-3 der det blir vist til reglane om grensespørsmål i bygdeallmenningslova § 1-4 og statsallmenningslova § 4-2 der det går fram at jordskifteretten kan avgjere grensespørsmål. Departementet foreslår ingen materielle endringar.

Etter gjeldande reglar har jordskifteretten kompetanse til å fastsetje slike grenser som er nemnde i vassdragslova §§ 2, 3 og 4. Denne kompetansen er ført vidare i lovforslaget § 4-3 fjerde ledd.

10.4.13 Særlige saker om grensefastsetjing i Nordland, Troms og Finnmark

Med heimel i jordskiftelova § 89 a gjer jordskifteretten grensemerkinga i terrenget, koordinatfestinga og kartlegginga av grensa i samsvar med rettskraftige dommar frå Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms. Jordskiftelova § 89 a om oppfølging av dommane til Utmarkskommisjonen har sju ledd. Paragrafen har både materielle, prosessuelle reglar samt gebyr- og kostnadsreglar. Paragrafen har òg reglar om samansetjinga av retten og reglar for bruk av rettsmiddel. I finnmarkslova § 45 står det at mellom anna rettskraftige dommar frå utmarksdomstolen kan bringast inn for jordskifteretten. Det jordskifteretten skal gjere om han får ei sak etter finnmarkslova § 45, er å merke grense i terrenget, koordinatfeste og kartfeste grensene i samsvar med for eksempel dommen.

Arbeidet til Utmarkskommisjonen er avslutta. Det vil såleis ikkje komme fleire saker om grensemerking etc. til behandling i jordskifteretten frå Utmarkskommisjonen. Dei sakene som ikkje er avslutta, og som er under behandling i jordskifterettene skal gjennomførast etter gjeldande jordskiftelov, sjå overgangsbestemmelsen i lovforslaget § 9-6. Departementet er etter dette samd med jordskifterettane i Hålogaland i at det ikkje er behov for reglar om oppfølging av dommar frå Utmarkskommisjonen for Nordland og Troms i den nye jordskiftelova.

Høyringsforslaget til arbeidsgruppa § 4-5 for særlege grensesaker skal òg omfatte saker i Finnmark. Jordskifteretten skal merkje grensene i terrenget, koordinatfeste grensemerka, kartfeste og beskrive grensene i rettskraftig avgjerd frå utmarksdomstolen i Finnmark eller i erklæring eller avtalar som er avgjevne eller inngått i samsvar med konklusjonane til Finnmarkskommisjonen.

Høyringsforslaget § 4-5 viser til § 45 om grensegang og tinglysing i finnmarkslova. Etter § 45 kan rettskraftige dommar frå utmarksdomstolen samt erklæringar og avtalar som er inngått i samsvar med konklusjonane til Finnmarkskommisjonen, bringast inn for jordskifteretten etter jordskiftelova § 88. Jordskifteretten merker grense i terrenget, koordinatfestar og kartlegg i samsvar med dommen, erklæringa eller avtalen. Reglane om jordskifte gjeld så langt dei høver. I finnmarkslova § 45 finn ein mellom anna òg reglar om samansetjinga til jordskifteretten, anke, rettsgebyr, kostnader og tinglysing.

Departementet meiner at ein berre bør ha slike særlege oppfølgingsreglar i finnmarkslova § 45. Departementet foreslår nokre endringar i finnmarkslova § 45, slik at den aleine gir jordskifteretten heimel til å behandle desse sakene. Kompetansen jordskifteretten har etter finnmarkslova § 45, går av informasjonsomsyn fram av lovforslaget § 4-3 femte ledd.

10.4.14 Saker der jordskifteretten skipar ei ny matrikkeleining

Ved eit jordskifte etter kapittel 3 vil det regelmessig vere aktuelt å skipe ei ny matrikkeleining. Lovforslaget § 3-35 gir heimel for dette. I heimelen er det vist til samsvarande reglar i matrikkellova §§ 10 og 18. Ved rettsutgreiing og grensefastsetjing vil det sjeldan vere aktuelt å skipe nye einingar. Unntaksvis får jordskifteretten likevel slike saker. Eit eksempel på dette er sak som gjeld rettsutgreiing etter § 4-1 for å få registrert eit uregistrert jordsameige. Eit anna eksempel er der jordskifteretten fastset grenser etter § 4-2 for umatrikulert grunneigedom. Regelen i lovforslaget § 3-35 bør i slike høve gjelde tilsvarande. Departementet foreslår ein regel som opnar for dette i lovforslaget § 4-3 sjette ledd som fastset at om ei avgjerd etter første til fjerde ledd eller etter §§ 4-1 og 4-2 fører til at det må registrerast eit nytt jordsameige, eller til at umatrikulert grunneigedom eller festegrunn skal matrikulerast, gjeld § 3-35. Forslaget byggjer på at jordskifteretten i slike høve har den same heimelen, og skal følgje dei same rutinane som ved jordskifte. Forslaget er i samsvar med gjeldande praksis.

Til forsida