Prop. 101 L (2012–2013)

Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Til innhaldsliste

9 Rettsutgreiing

9.1 Innleiing

Departementet foreslår å plassere reglane om rettsutgreiing i eit kapittel saman med grensefastsetjing (i gjeldande lov kalla grensegang), sjå kapittel 10. Departementet meiner reglane systematisk bør kome etter kapittel 3 om jordskifte, og foreslår å ta dei inn i Kapittel 4 Rettsutgreiing og grensefastsetjing og anna.

Departementet meiner reglane om rettsutgreiing bør heimlast i den første paragrafen i kapitlet. Dei materielle reglane er såleis heimla i lovforslaget § 4-1 Rettsutgreiing.

Det er i gjeldande jordskiftelov § 88 a reglar om rettsutgreiing. Paragrafen gir jordskifteretten kompetanse til å klarleggje og fastsetje, det vil seie slå fast korleis eigedoms- og bruksrettstilhøva er i eit område. Lovforslaget fører i hovudsak vidare gjeldande reglar om rettsutgreiing. Departementet foreslår likevel å ta bort innskrenkinga i gjeldande jordskiftelov § 88 a om at rettsutgreiing berre kan utførast «når dette er nødvendig av omsyn til ein rasjonell bruk av området».

Jordskifteretten skal etter gjeldande jordskiftelov § 17 tredje ledd, etter krav frå ein part avgjere tvist om underliggjande rettshøve. Jordskifteretten skal gjere dette når det er nødvendig å ta stilling til tvisten for at saka om rettsutgreiing skal kunne avgjerast. Departementet foreslår å føre vidare denne kompetansen i lovforslaget § 4-4.

9.2 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare ordninga med rettsutgreiing i jordskiftelova § 88 a.

Arbeidsgruppa foreslår likevel å ta bort innskrenkinga i kompetansen til jordskifteretten. Innskrenkinga inneber at utgreiing av dei aktuelle rettane berre kan gjerast «når det er nødvendig av omsyn til ein rasjonell bruk av området». Arbeidsgruppa foreslår på same måte som for grensesak, og med same grunngjeving, å utvide ordninga med rettsutgreiing til òg å gjelde rettar over fast eigedom. Arbeidsgruppa foreslår òg i høyringsforslaget § 4-1 at grunneigar som meiner at nabo ikkje har bruksrett, skal likestillast med nabo som meiner at han har bruksrett, når det gjeld retten til å krevje rettsutgreiingssak. Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 4-1 å gi jordskifteretten kompetanse til å avgjere korleis eigedoms- og servitutttilhøva er i område der det er sambruk mellom uteareala som ligg til eigarseksjonar. Forslaget inneber at partane på vanleg måte kan velje mellom jordskifterett og tingrett i dei tilfella det er tvist.

9.3 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler:

«Når rettsutgreiing er definert som sakstype i utkastet til § 1-3 bokstav c, bør dette begrepet brukes konsekvent i omtalen av denne sakstypen, sml. overskriften i kapittel 4 og i overskriften i utkastet til § 4-1.»

Domstoladministrasjonen (DA) uttaler generelt at rettsutgreiing og grensegang utgjer hovudtyngda av den totale arbeidsmengda til jordskiftedomstolane. DA uttaler:

«Det er derfor viktig at reglene knyttet til disse sakstypene er lett tilgjengelige og forståelige for brukerne av loven.» DA uttaler òg at formuleringa «uklart om det er sambruk mellom eigedommar» i bokstav b er ein tung og noko uklar formulering, og foreslår at denne erstattast med «uklare eigedoms- eller bruksrettsforhold». Denne formuleringa fangar også opp kompetansen til å avklare eigedomstvistar der grensene ikkje er uklare.»

Jordskifteoverrettane uttaler:

«Vi er samde i at jordskifterettens kompetanse blir utvida til å gjelde rettsutgreiing der det er sambruk mellom utomhusareala til eigarseksjonar. Vi har erfaring med at det har vore nokon spørsmål om jordskifteretten kan handsame slike saker, men vi reknar ikkje med at det vil bli mange slike saker sida mykje av forholda mellom partane er regulert i lov om eigarseksjonar, jf. § 19 første og andre ledd. Det fylgjer og av § 7 første ledd bokstav d at krav om seksjonering skal innehalde vedtekter for sameiget.»

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler at det er greitt å ta bort noverande presisering «særskilt sak». Det er klart nok når det er eit eige kapittel om rettsutgreiing og grensesak. Dei meiner òg at det er greitt å ta bort vilkåret om «rasjonell bruk», og dermed òg rettsmiddelhøvet knytt til vilkåret. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner utvidinga av kompetansen er fornuftig. Det er etter deira meining viktig å få presisert at rettsutgreiing kan krevjast der det er uklart om det er sambruk. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner det er logisk å likestille kravskompetansen for grunneigar og den som meiner å ha bruksrett. Dei stiller spørsmål ved kvifor kompetansen skal avgrensast til sameige. Det hadde vore meir naturleg om jordskifteretten hadde hatt heimel til å avklare i eiga sak det same som ein kan gjere under eit jordskifte, jf. høyringsforslaget § 3-16. For eksempel bør jordskifteretten ha heimel til å ta avgjerd om eigedomsrett til ein særeigeteig òg i dei tilfella der grensesak ikkje kan nyttast som verkemiddel, det vil seie uavhengig av om begge eller alle dei aktuelle eigedommane ligg inntil den aktuelle teigen. Dei peiker på at både grensesak og rettsutgreiing i realiteten kan vere tvist eller uvisse om eigedomsrett. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme skjønar ikkje meininga med høyringsforslaget § 4-1 bokstav c. Grunnen er at heimelen til rettsutgreiing i sameige ligg i høyringsforslaget § 4-1 bokstav a. Dei uttaler:

«Dersom det er meint at punkt c er ein heimel for jsr. til å registrere eit sameige i samband rettsutgr. i eit uregistrert sameige, kan det ikkje stå som eit bokstavpunkt (registrering er ikkje rettsutgr.), men må utformast/plasserast annleis. Det hadde kanskje vore naturleg at registreringsheimelen låg direkte i § 14 i matrikkellova, eller i forskrift til § 14. Er det elles tenkt at slik registrering skal gjerast, eller kan gjerast ved rettsutgr. i ureg. sameige? (jf. nytt fjerde ledd i jsk.lova § 58 i sbm. innføring av matrikkellova)».

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler om høyringsforslaget § 4-1 bokstav a «at ein også i dette tilfellet bør kunne reise sak der det uklart om det er sameige, jf. formuleringa i bokstav b.» Når det gjeld bokstav a, vil dei ha formuleringa «i sameige, og i område der det er uklart om det er sameige». Jordskifterettane i Eidsivating uttaler òg om høyringsforslaget § 4-1 bokstav e at «Uttrykket sambruk mellom utomhusareal» ikkje er ei språkleg korrekt formulering. Forholdet gjeld sambruk av eitt eller fleire areal, og er ikkje sambruk mellom ulike areal. Korrekt form er: «sambruk av utomhusareal som ligg til eigarseksjonar». I tillegg meiner jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme at jordskifteretten òg bør kunne ta rettsutgreiing på dei interne tilhøva i personlege sameiger. Ettersom personlege sameiger blir ein meir vanleg eigarform òg av landbrukseigedommar, vil det vere naturleg og rasjonelt at jordskifteretten òg skal klarleggje slike rettshøve. Dei gjer derfor framlegg om slik bokstav e: «e) i område som det er sambruk av utomhusareal som ligg til eigarseksjonar, og i personlege sameige». Jordskifterettane i Eidsivating saknar vidare ein rein heimel til å avgjere tvist om eigedomsrett i eiga sak, sjølv om grensene er klare. Dei uttaler at dei i dag får

«ein del tvilsamme grensesaker, der sjølve problemet er tvist om eigedomsretten. Dette gjeld oftast ein heil, mindre eigedom, eller ein avgrensa del (teig) av ein eigedom. For å unngå slike meir eller mindre fiktive grensetvistar, og å kunne ta alle saker, ville det vere betre å ha ein generell heimel til å ta slike tvistar. Eit alternativ kan vere å ta det inn som ein ny paragraf, som ny sakstype. Men vi synest det høver betre under rettsutgreiing, og vil foreslå å ta det inn som eit nytt punkt f), med slik tekst: f)i område der eigedomsretten til areal er uklar. Vi meiner det er unødvendig å spesifisere kva slags areal/eigedom det gjeld, eller å ha noko avgrensing av storleik el. liknande. Uttrykket kan vere generelt, sjølv om det då også omfattar areal som det kan vere tvist om ved ein grensetvist. Dersom ein ønskjer ei klar avgrensing av heimelen, kan ein ev. setje som vilkår at areala manglar eigarinformasjon i matrikkelen eller at det er uklart om eigarinformasjonen i matrikkelen er rett. Vi har fagleg kompetanse til å utføre dette. Dette gjer vi i grensesaker og jordskiftesaker når dette er nødvendig. Vi kan ikkje sjå at tidlegare avgrensing av denne heimelen til berre å gjelde ved grensegang er sakleg grunna. Ein heimel til å avgjere tvist om eigedomsrett meiner vi bør vere generell.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner det er grunnlag for å foreslå ein eigen heimel for jordskifteretten til å behandle uklare eigedomstilhøve. Dei uttaler mellom anna at jordskifteretten i ei jordskiftesak har heimel til å avgjere spørsmålet om kven som er grunneigar til eit areal, dersom det er tvist og ei avgjerd er nødvendig for å halde jordskifte, sjå jordskiftelova § 17 første ledd. Reisast derimot eit slikt spørsmål aleine, peikar dei på at det straks er noko meir usikkert om jordskifteretten har heimel til å avgjere dette. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner jordskifterettane bør få utvida heimel til å halde rettsutgreiing i spørsmål der partane ønskjer å få avklart kven som er den rettmessige eigar av eit bestemt areal. Dei held fram:

«Spørsmålet dukker fra tid til annen opp hos jordskifterettene, og man må forut for et krav vurdere om dette er et spørsmål om eiendomsretten til areal eller om det vil kunne behandles som en grensegang. Vi har forståelse for at grunneiere, eller de som påstår å være grunneiere, kan synes at dette skillet virker noe underlig. Jordskifterettene kan ikke avgjøre dette spørsmålet etter dagens jordskiftelov når det ikke gjøres som en del av en jordskiftesak.»

Jordskifterettene i Agder jordskiftedømme meiner det ikkje bør vere tvil om at jordskifterettane har tilstrekkeleg kompetanse til å avgjere denne typen spørsmål som eigne saker. Dei uttaler at å

«avgjere hvem som er eier av et areal er noe jordskifterettene i lang tid har måttet ta stilling til der dette spørsmålet har oppstått i forbindelse med behandlingen av en jordskiftesak. Det er lite hensiktsmessig at parter nærmest må konstruere grensesak når hovedspørsmålet er hvem som er eier til et bestemt areal.»

Jordskifterettene i Agder jordskiftedømme meiner det ligg godt innafor mandatet å opne for at jordskifterettane får generell heimel til avklare eigartilhøve der dette er uklart. Dei opplever at

«eiere og rettighetshavere har behov for å få dette avklart, og at de ønsker en behandling i jordskifterettten. Endringen vil også føre til at uklarheten knyttet til om jordskifteretten har heimel til å behandle et slikt spørsmål i den enkelte sak, vil bli mindre. Det fører også til mindre prosesskostnader dersom en velger å trekke avgjørelser om eierforhold inn i loven.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme foreslår etter dette ein ny bokstav f med same innhald som forslaget til Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme.

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme uttaler:

«Det er bra at kravet til rasjonell bruk av området er borte og at det er tilstrekkelig at noe er uklart. En avklaring av rettsforholdene i sameiet er ofte nyttig for å unngå tvist og vanskelige naboforhold i ettertid. Bokstav a bør ha følgende ordlyd: a) i sameige og der det er uklart om det er sameie. Det tilsvarende lovforslaget bokstav b. En slik endring av bokstav a er en videreføring av praksis og er nyttig for å unngå unødig prosess om dette. I bokstav b bør ordet «andre» kunne utgå. Det bør tas inn en ny bestemmelse om at jordskifteretten kan klarlegge hvem som er eier i et område der eiendomsretten til et areal er uklar. Det kan være at matrikkelen identifiserer arealet og grensene er klare, slik at grensesak ikke er egnet. I dag kan vi kun avgjøre dette som ledd i en jordskiftesak og ikke som egen sak.»

Statens kartverk meiner

«det bør komme hjemmel for at jordskifteretten skal kunne foreta rettsutgreiing og avklaring av yttergrenser ved opprettelse av anleggseiendom, for å fastsette grenser opp i luften, og ned i grunnen og ut i sjø».

9.4 Departementets vurderingar

Rettsutgreiing handlar om å klarleggje og fastsetje korleis eigedoms- og bruksrettshøve er i eit område. Sidan det ikkje er krav om tvist, er det etter gjeldande jordskiftelov nok at det er nødvendig å avklare eigedomstilhøva for å oppnå ein rasjonell bruk av området.

Han eller ho som ønskjer ei avklaring av rettstilhøva kan reise sak for tingretten, dersom vilkåra for å reise sak etter tvistelova er oppfylde.

Etter gjeldande jordskiftelov § 88 a kan eigar krevje at jordskifteretten skal klarleggje og fastsetje eigedoms- eller bruksrettstilhøva i sameiger og i andre område der det er sambruk mellom eigedommar eller går føre seg reindrift etter reindriftslova § 4, når dette er nødvendig av omsyn til ein rasjonell bruk av området. Det same gjeld innehavar av alltidvarande bruksrett. I gjeldande jordskiftelov § 88 a er det ei tilvising til gjeldande jordskiftelov § 88 andre ledd. Ein finn såleis òg reglar for kven som kan krevje sak om rettsutgreiing for alltidvarande bruksrett og offentleg regulering av eigarrådvelde. Det følgjer av dette at i slike tilfelle kan bruksrettshavar og offentleg styresmakt krevje rettsutgreiing. Gjeldande jordskiftelov § 88 a seier òg kven som kan krevje rettsutgreiing i område der det går føre seg reindrift.

Gjeldande jordskiftelov § 88 a andre ledd inneber òg at den som krev rettsutgreiing må nemne kva for rettsutgreiingsspørsmål retten skal ta stilling til. Jordskifteretten kan ikkje gå utanom kravet. Etter omstenda kan retten utvide saka.

Retten skal først prøve å få til minnelege ordningar, sjå tilvisinga i gjeldande jordskiftelov § 88 a til § 88 femte ledd. Kjem ein ikkje fram til semje, kan jordskifteretten greie ut den aktuelle retten på den måten han meiner er mest tenleg for dei eigedommane det gjeld. Dersom det ikkje er landbrukseigedom på nokon av sidene, kan jordskifteretten berre regulere ulagelege grenser etter krav frå ein part.

Gjeldande jordskiftelov § 89 første ledd gjeld òg tilsvarande i saker om rettsutgreiing. Det inneber at reglane om saksbehandling for jordskifte gjeld tilsvarande så langt dei høver.

I tråd med merknaden frå Justisdepartementet er omgrepet rettsutgreiing nytta konsekvent for å skilje ut denne sakstypen, sjå mellom anna kapitteloverskrifta og overskrifta til § 4-1 i lovforslaget.

Departementet meiner som arbeidsgruppa at reglane om rettsutgreiing bør plasserast i same kapittel som reglane om grensefastsetjing, det som i gjeldande jordskiftelov blir kalla grensegang. Departementet meiner reglane systematisk bør kome etter kapittel 3 om jordskifte, og foreslår at reglane skal plasserast i kapittel 4 Rettsutgreiing og grensefastsetjing og anna.

Departementet meiner reglane om rettsutgreiing bør heimlast i den første paragrafen i kapitlet. Dei materielle reglane går såleis fram av lovforslaget § 4-1 Rettsutgreiing. Paragrafen handlar om rettsutgreiing som eiga sak. Rettsutgreiing, så langt det er nødvendig for å halde jordskifte, er heimla i lovforslaget § 3-13.

I gjeldande lov er reglane om rettsutgreiing plasserte i § 88 a. Tilvisingane i § 88 a andre ledd inneber at ein òg finn reglar i gjeldande jordskiftelov § 88 andre, fjerde og femte ledd og § 89 andre ledd. Departementet meiner dette ikkje gir ein god systematikk. Departementet foreslår ein paragraf i kapittel 4, men etter forslaget skal den ikkje seie meir enn kva jordskifteretten kan gjere. Reglar for kven som kan krevje rettsutgreiing går fram av § 1-5. Departementet foreslår ikkje reglar om saksbehandling i kapittel 4. Reglar om saksbehandling finn ein i kapittel 6.

Jordskifteretten har god erfaring med å klarleggje og slå fast korleis eigar- og bruksrettshøve er. Dessutan kan spørsmåla hengje saman med andre spørsmål i eit jordskifte. Departementet meiner, som arbeidsgruppa, at ein bør føre ordninga med rettsutgreiing vidare, ettersom tilgangen på slike saker viser at det er behov for desse reglane. Rettsutgreiing er ein viktig del av jordskifteprosessen. For at jordskifteretten skal kunne kome fram til ei avgjerd, må han regelmessig ta stilling til ulike rettslege spørsmål knytt til eigedomstilhøve og rettar over fast eigedom som for eksempel bruksrettar og negative servituttar. Når blant anna negative servituttar òg er omfatta, blir kompetansen jordskifteretten har til å gjere rettsutgreiing utvida i høve til gjeldande jordskiftelov. Gjeldande jordskiftelov gjeld berre alltidvarande bruksrettar. Departementet kan ikkje sjå nokon grunn til at jordskifteretten ikkje skal kunne rettsutgreie for eksempel negative servituttar, fordi denne løysinga fører til at ein kan få slik rettsutgreiing sjølv om det ikkje er tvist.

Arbeidsgruppa foreslår formuleringa «kan klarleggje og fastsetje». Det er same formulering som ein har i gjeldande jordskiftelov. Departementets forslag innheld andre formuleringar. Innhaldet skal likevel dekkje det same.

Før jordskifteretten kan fastsetje eigedoms- og rettstilhøva, må han ha klarlagt tilhøva. Det går fram av kapittel 6 korleis jordskifteretten skal gå fram for å få eit så godt avgjerdsgrunnlag som mogleg. Departementet meiner såleis at det ikkje er nødvendig å seie i § 4-1 at jordskifteretten skal klarleggje saka før ho blir avgjort.

Etter gjeldande jordskiftelov § 88 a første ledd kan grunneigar eller innehavar av alltidvarande bruksrett krevje rettsutgreiingssak. Det same kan leiar av reinbeitedistrikt, utøvar av reindrift og i visse tilfelle departementet. Departementet meiner det er grunn til å følgje opp høyringsforslaget § 4-1, der departementet foreslår ei endring som går ut på å likestille grunneigar og den som meiner å ha bruksrett, når det gjeld retten til å krevje rettsutgreiingssak. Departementet er samd med jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedøme i at det er logisk å likestille kravskompetansen for grunneigar og den som meiner å ha bruksrett. Likevel meiner departementet at ein ikkje bør ha reglar om kompetansen til jordskifteretten, og kven som kan krevje rettsutgreiing i same paragraf. Departementet foreslår derfor å leggje reglane om kravskompetanse til lovforslaget § 1-5.

Heimelen for rettsutgreiing ber i nokon grad preg av at han i starten var knytt til jordskiftedelen av lova. Vilkåret om «rasjonell bruk av området», er eit eksempel på dette. Departementet meiner, som fleire høyringsinstansar, mellom anna jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme og jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme at dette vilkåret bør takast bort. Det må vere nok at dei som har eigedomsinteresse i eit område, treng å få ei avklaring av eigedomstilhøva. Dersom ein tek bort vilkåret om «rasjonell bruk av området», slepp partane å grunngje at vilkåret er til stades. Dei kan nøye seg med å få fram kva for rettshøve dei vil ha avgjerd om i eit nærare avgrensa område. Det er i samsvar med disposisjonsprinsippet. I praksis vil endringa neppe føre til merkande auke i tal på rettsutgreiingssaker. Lovendringa gjeld for dei tilfella der det ikkje er nødvendig med rettsutgreiing av omsyn til ein rasjonell bruk av området. Dersom det er tvist om eigedomstilhøva, kan det alltid reisast sak. Da står ein att med dei tilfella der det korkje er nødvendig av omsyn til rasjonell bruk, eller er tvist om eigedomstilhøva. Departementet meiner at det berre vil bli reist sak i eit fåtal slike tilfelle. Departementet foreslår såleis å ta bort vilkåret «rasjonell bruk av området».

Departementets lovforslag § 4-1 fører vidare gjeldande jordskiftelov § 88 a så langt det gjeld det materielle innhaldet i bokstavane a til d i lovforslaget. På grunn av dei høyringsuttalane som er komne inn, har departementet endra noko på ordlyden i høve til høyringsforslaget til arbeidsgruppa.

Lovforslaget § 4-1 ramsar opp i bokstavane a til e kvar jordskifteretten kan fastsetje rettar og eigedomstilhøve som eiga sak. Opplistinga er uttømmande. Jordskifteretten kan etter lovforslaget § 4-1 fastsetje innhaldet i rettar og eigedomstilhøve som eiga sak. I jordskifte har jordskifteretten ein vidare kompetanse til å gjere rettsutgreiing fordi det kan vere nødvendig for å halde jordskifte, sjå lovforslaget § 3-13. Meininga med forslaget er at jordskifteretten framleis skal kunne avgjere kven som har eigedomsrett, eller bruksrett, eller kva innhald retten har.

Departementet foreslår i bokstav a at jordskifteretten skal kunne fastsetje innhaldet i rettar og eigedomstilhøve i sameige. Eit uregistrert jordsameige etter høyringsforslaget § 4-1 bokstav c er òg eit sameige. Arbeidsgruppa vurderte derfor å ta bort bokstav c. Under tvil meiner ho likevel at omsynet til ei lett forståeleg lov gjorde det best å ha med begge alternativa. Dette er departementet samd i. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler om høyringsforslaget § 4-1 bokstav a «at ein òg i dette tilfellet bør kunne reise sak der det uklart om det er sameige, jf. formuleringa i bokstav b.» Når det gjeld bokstav a, vil dei ha formuleringa» i sameige, og i område der det er uklart om det er sameige». Departementet meiner at det ikkje er nødvendig å ta dette tillegget med i lova.

Departementet foreslår nokre endringar i § 4-1 b i høve til høyringsforslaget til arbeidsgruppa. Departementet kan ikkje sjå at det er nødvendig å ha med omgrepet «andre». I høyringsforslaget § 4-1 bokstav b er det òg ei endring høve til ordlyden i jordskiftelova § 88 a første ledd. Formuleringa «eller uklart om det er sambruk» er ny, men er i samsvar med gjeldande rett. Konsekvensen av endringa er at både den som pretenderer sambruk, og grunneigar som meiner det ikkje er sambruk, kan krevje rettsutgreiing. Det er eit gode at begge partar står likt til å krevje sak for å få klarlagt kva som gjeld med omsyn til sambruk. Da slepp ein å ha det slik at den som meiner det ikkje er sambruk, må gjere eit tiltak som for eksempel å stengje ein veg med bom, for å presse den som pretenderer sambruk, til å krevje sak. Departementet meiner at forslaget kan føre til klarleggjing av sambrukstilhøva utan unødig skjerping av motsetnadene.

Departementet har vurdert om ein skal erstatte formuleringa «uklart om det er sambruk mellom eigedommar» i lovforslaget § 4-1 bokstav b med «uklare eigedoms- eller bruksrettsforhold» slik nokre høyringsinstansar går inn for. Departementet meiner formuleringa «uklare eigedoms- eller bruksrettsforhold» er ei for vid formulering som kan skape uklare skilje mellom kva som høyrer inn under tingretten og kva som kan krevjast for jordskifteretten i høve til rettsutgreiing som eiga sak.

Lovforslaget § 4-1 bokstav c gjeld rettsutgreiing ved registrering av uregistrert jordsameige. Med heimel i matrikkellova har jordskifteretten kompetanse til å registrere uregistrert jordsameige. Etter lovforslaget §§ 3-13 og 3-35 har jordskifteretten òg i eit jordskifte heimel for å rettsutgreie realsameiger, og skipe nye matrikkeleiningar etter matrikkellova § 10 femte ledd og slå saman matrikkeleiningar i samsvar med matrikkellova § 18 og forskrifter gitt med heimel i matrikkellova. Lovforslaget § 4-1 bokstav c er teken inn for å gi jordskifteretten heimel for å gjere rettsutgreiing som eiga sak etter jordskiftelova. Med «uregistrert» jordsameige er meint eksisterande realsameiger som ikkje har eige matrikkelnummer. Ein god del av desse er gamle sameige som har oppstått ved ufullstendig gards- eller eigedomsdeling. Ved registrering av uregistrert jordsameige, må jordskifteretten klarleggje kven som har del i sameiga, og kor stor del den enkelte har. Ulike konstellasjonar av sameige er drøfta i kapittel 8.12.3. Når jordskifteretten registrerar eit uregistrert sameige, skipast det ei ny matrikkeleining. Regelen i lovforslaget § 3-35 bør i slike høve gjelde tilsvarande. Departementet foreslår ein regel som opnar for dette i lovforslaget § 4-3 sjette ledd.

Lovforslaget bokstav d gjeld samisk reinbeiteområde. Departementet foreslår ikkje endringar her. Dette innebær at det kan gjennomførast rettsutgreiing i reinbeiteområde. Føresegna om rettsutgreiing i reinbeiteområde kom inn i jordskiftelova ved lovrevisjon i 1996, jf. Ot.prp. nr. 28 (1994–95) side 56, og gjeld tilhøvet mellom reindriftsutøvarane og dei andre private rettshavarane. Jordskifteretten kan i slike saker klarleggje og fastsetje eigedoms- og bruksrettstilhøva. Det inneber at jordskifteretten kan å ta stilling til om det ligg føre særlege rettshøve etter reindriftslova § 4 andre ledd, og å klarleggje kva slags innhald reindriftsretten har på dei aktuelle eigedommane. Ein kan likevel ikkje bruke føresegna til å avklare rettar internt i reindrifta, for eksempel mellom siidaer.

I Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken punkt 7.4.6 foreslår departementet å gi jordskifteretten kompetanse til òg å gjere rettsutgreiing internt i reindrifta. Dette vil departementet følgje opp som eiga sak, sjå omtale av dette i kapittel 2.3.

Departementet meiner som arbeidsgruppa at jordskifteretten skal ha kompetanse til å fastsetje rettar og eigedomstilhøve i område der det er sambruk av uteareala som ligg til eigarseksjonar,som eiga sak, sjølv om talet saker truleg ikkje blir så stort slik jordskifteoverrettene er inne på i si høyringsuttale. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner at jordskifteretten òg bør kunne gjere rettsutgreiing på dei interne tilhøva i personlege sameiger, sjå kapittel 9.2. Departementet meiner det ikkje er grunnlag for å følgje opp synspunkta til jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme. Jordskifteretten kan ikkje seiast å ha spesialkompetanse på slike rettsspørsmål og da er det grunn til å tru at jordskifteretten ikkje kan dekkje eit behov for betre kompetanse. Departementet meiner såleis at tingretten bør ha kompetansen aleine. Spørsmålet er heller ikkje drøfta i høyringsnotatet.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme saknar ein rein heimel til å avgjere tvist om eigedomsrett i eiga sak, sjølv om grensene er klare, sjå kapittel 9.2. Det gjer dei fordi dei i dag får ein del tvilsamme grensesaker, der sjølve problemet er tvist om eigedomsretten. For å unngå slike meir eller mindre fiktive grensetvistar, og for å kunne behandle alle saker, vil det etter deira meining vere betre å ha ein generell heimel til å kunne behandle slike tvistar. Dei foreslår ein ny bokstav f som inneber at jordskifteretten skal kunne fastsetje innhaldet i eigedomstilhøvva «i område der eigedomsretten til areal er uklar». Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler mellom anna at «dersom ein ønskjer ei klar avgrensing av heimelen, kan ein ev. setje som vilkår at areala manglar eigarinformasjon i matrikkelen, eller at det er uklart om eigarinformasjonen i matrikkelen er rett». Dei peikar på at jordskifteretten allereie avgjer slike spørsmål, sjå gjeldande jordskiftelov §§ 16 og 17. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme synest å vere inne på noko av det same i si uttale. Dei meiner mellom anna at det er grunnlag for å foreslå ein eigen heimel for jordskifteretten til å behandle uklare eigedomstilhøve. Dei uttaler mellom anna at jordskifteretten i ei jordskiftesak har heimel til å avgjere spørsmålet om kven som er grunneigar til eit areal. Det kan jordskifteretten dersom det er tvist og ei avgjerd er nødvendig for å halde eit jordskifte. Dette følgjer av gjeldande jordskiftelov § 17 første ledd. Reisast derimot eit slikt spørsmål aleine, peikar dei på at det straks er noko meir usikkert om jordskifteretten har heimel til å avgjere dette. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner jordskifterettane bør få utvida heimel til å halde rettsutgreiing i spørsmål der partane ønskjer å få avklart kven som er den rettmessige eigar av eit bestemt areal. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme foreslår òg ein ny bokstav f, med same ordlyd som forslaget til jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme. Dei uttaler at ein kan avgrense heimelen slik òg jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme er inne på.

Departementet ser at jordskifterettane frå tid til annan etter at eit krav om sak har kome inn må vurdere om dette er ei sak om eigedomsretten til areal, eller om det er ei sak om grensefastsetjing. Departementet forstår at grunneigarar, eller at dei som påstår å vere grunneigarar, kan synest at dette skiljet kan verke noko underleg. Det same gjer jordskifterettane i Agder jordskiftedømme. Departementet meiner likevel det er gode grunner for dette skiljet.

Jordskifteretten er ein særdomstol. Det ligg i sjølve ordninga med særdomstolar at dei skal ha grenser for sin kompetanse. Dei bør ha fortrinn når det gjeld kompetanse samanlikna med dei allminnelege domstolane som gjer dei vesentleg betre eigna til å behandle spørsmåla. Når det gjeld utforming av fast eigedom, har jordskifteretten eit klart fortrinn når det gjeld kompetanse samanlikna med tingretten. Det tradisjonelle jordskiftet er å forme ut eigedommar på nytt slik at dei blir tenlege etter tida og tilhøva. I dei rettsfastsetjande sakene er merksemda òg retta mot eigedommane. I saker om grensefastsetjing avgjer retten kvar grensene går. Dette er tvillaust knytt til eigedommane sin form og bruk. I saker om rettsutgreiing fastset jordskifteretten innhaldet i rettar og eigedomstilhøve.

Når det gjeld eigarsituasjonen og suksesjonane på eigarsida, har ikkje jordskifteretten noko tilsvarande fortrinn samanlikna med tingretten. Det kan tvert om vere slik at det her kjem opp juridiske problemstillingar som har lite med utforminga av eigedommane å gjere. Eksempel kan vere arv, skifte, slektskap og avtalerettslege tilhøve. Slike tvistar hører heime i tingretten når det gjeld anna enn fast eigedom. Departementet meiner at jordskifteretten ikkje har opparbeidd ein så sterk kompetanse på dette området at det aleine er tilstrekkeleg grunn til å opne for parallell kompetanse mellom dei to domstolane.

Når jordskifterettane i Agder og Eidsivating jordskiftedømmer viser til at partar må «konstruere» grensesak for å få saka inn for jordskifteretten, ser departementet det slik at desse partane prefererar jordskifteretten framfor tingretten. Det kan vere mange årsaker til at nokre partar har ein slik preferanse. Departementet har ikkje informasjon om omfanget av slike «konstruksjonar». Dersom det hadde vore eit gjennomgåande problem av stort omfang over tid, legg departementet likevel til grunn at problemet hadde vore teke opp som sjølvstendig tema i ein annan samanheng. Sjølv om «konstruerte» saker om grensefastsetjing i seg sjølv kan seiast å vere ei tillitserklæring til jordskifteretten, er det etter departementets meining ikkje tilstrekkeleg grunn til å flytte grensene for kva særdomstolen skal gjere.

Departementet ser at eigarar og rettshavarar har behov for å få avklart kven som har den aktuelle retten. Når det er tvist om dette, blir det sak for tingretten.

Departementet viser òg til at for jordskifteretten er det ikkje nødvendig med tvist for å ta opp ei sak. Departementet meiner at det bør liggje ei særleg vurdering til grunn for å ta bort kravet om tvist når det gjeld rettsleg avgjerd av spørsmål om kven som er eigar. Kvifor skal det vere ein slik særregel for ein bestemt type av formuesgode? Ei slik vurdering var ikkje med i høyringa.

Departementet meiner at det ikkje er rett å utvide kompetansen til jordskifteretten til generelt å kunne avgjere saker om eigedomsrett òg i dei tilfella grensene er klare.

Slik departementet ser det, vil forslaget til ny bokstav f ikkje løyse problema sjølv om ein legg inn den heimelsavgrensinga som jordskifterettane i Eidsivating og Agder jordskiftedømmer peikar på. Eit slikt forslag er dessutan ikkje hørt.

Departementet meiner jordskifteretten bør ha kompetanse til å avgjere tvist om underliggjande rettshøve i ei sak om rettsutgreiing. Slik kompetanse har jordskifteretten i gjeldande jordskiftelov. Jordskifteretten skal etter gjeldande jordskiftelov § 17 tredje ledd, etter krav frå ein part avgjere tvist om underliggjande rettshøve. Jordskifteretten skal gjere dette når det er nødvendig å ta stilling til tvisten for at saka skal kunne avgjerast. Departementet meiner det ikkje er nokon grunn til å endre desse reglane, og foreslår å føre dei vidare i lovforslaget § 4-4.

Lovforslaget § 3-34 seier at jordskifteretten kan fastsetje reglar for bruken av eigedommane i jordskifteområdet som skal gjelde frå det tidspunktet saka etter § 6-19 første ledd ikkje lenger kan trekkjast utan samtykke frå jordskifteretten, og fram til jordskiftet er gjennomført.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme og jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme foreslår at heimelen for å fastsetje mellombelse reglar for eit jordskifteområde òg bør gjelde for saker om rettsutgreiing og grensefastsetjing. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler om dette:

«Som døme kan nemnast tvist om vegrett. I fleire tilfelle har krav om rettsutgreiing om vegrett kome etter at den eine parten fysisk har stengd vegen. I slike tilfelle bør jordskifteretten kunne gi reglar om bruken fram til tvisten er avklart, eventuelt og skjønn avheimla. Jordskifteretten har den naudsynte saklege kompetansen. Alternativt må partane setje fram krav om mellombels forføying hjå tingretten om same tvistegjenstand. …Vi meiner det kan vere hensiktsmessig også i rettsfastsettande saker å gi mellombelse bruksreglar fram til tvisten vert avklart. Typisk vil vere grensegang eller rettsutgreiing for private vegar, der til dømes ein av partane har sett opp sperring. Etter vårt syn har jordskifteretten god kompetanse på å lage praktiske reglar fram til dom i saka er rettskraftig avgjort. Vi trur også det vil vere lettare for partane å halde seg til berre ein rettsinstans når slike problem dukkar opp. Om slik mellombels ordning høyrer inn under § 3-30 er vi litt usikre på, men vår intensjon er å få denne oppgåva med i lovteksten.»

Ein part i sak om rettsutgreiing eller grensefastsetjing kan be tingretten om å gjere ei «midlertidig forføyning» når atferda til ein annan part gjer det nødvendig med ei midlertidig sikring av kravet. Det kan parten gjere når forfølginga av kravet elles vil bli vesentleg vanskeleggjort, sjå tvistelova § 34-1 (1) bokstav a. Det same gjeld når det finst nødvendig for å få ei midlertidig ordning i eit omtvista rettshøve for å hindre ei alvorleg skade eller ulempe, eller hindre vald som veremåten til parten gir grunn til å frykte for, sjå tvistelova § 34-1 (1) bokstav b. Midlertidig forføying kan ikkje gjerast dersom den skade eller ulempe som saksøkte blir påført står i openbart mishøve til den interesse saksøkjaren har i at midlertidig forføying gjerast, sjå tvistelova § 34-1 (2). Parten kan ikkje rette slike krav til jordskifteretten fordi tvistelova kapittel 34 ikkje er gjort gjeldande for jordskiftrettane, sjå lovforslaget § 6-1.

Jordskifteretten har fagleg kompetanse til å gi reglar for bruken av fast eigedom. Han har den kompetansen som skal til for å gi reglar om bruk av vegar. Som Gulating jordskiftedømme er inne på kan det vere behov for å gjere noko når det for eksempel ligg føre ein tvist om vegrett. I fleire tilfelle har krav om rettsutgreiing om vegrett kome etter at den eine parten fysisk har stengd vegen. I slike høve kunne det ha gode grunnar for seg å gi jordskifteretten moglegheit til å kunne gi reglar om bruken fram til tvisten er avklart, eller at eit eventuelt skjønn er avheimla. Departementet er likevel kome til at ein ikkje vil foreslå å gi jordskifteretten ein slik moglegheit. Ein har ingen garanti for at den det gjeld vil etterkome reglane, eller følgje eit påbod om å fjerne bommen. Oppfølginga av reglane eller påbod kan bli vanskelege. Spørsmålet om å gi jordskifteretten kompetanse til å gi mellombels reglar i saker om rettsutgreiing og grensefastsetjing er ikkje hørt. Departementet vil etter dette ikkje foreslå reglar som gir jordskifteretten heimel til å gi mellombelse reglar.

Til forsida