Prop. 101 L (2012–2013)

Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Til innhaldsliste

17 Spesialmerknader til lovforslaget

Til kapittel 1 Formål, verkeområde, definisjonar, saksinnhald og sakstilknyting

Til I Formål, verkeområde og definisjonar

Til § 1-1 Formålet med lova

Gjeldande jordskiftelov har ikkje eksplisitte reglar om formålet med lova. Dette blir endra med lovforslaget. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 6.2.3.

Første ledd i lovforslaget slår fast det som er hovudsiktemålet med lova. Lova skal leggje til rette for effektiv og rasjonell utnytting av fast eigedom og ressursar. Det skal skje gjennom endring av utenlege eigedoms- og brukstilhøve, klargjering og fastsetjing av grenser og rettar, og behandling av skjønn og andre avgjerder etter denne og andre lover. Dei konkrete verkemidla jordskifterettane kan gjere bruk av når det gjeld endring, utgreiing og fastsetjing, er regulert i kapitla 3 (jordskifte) og 4 (rettsutgreiing og grensefastsetjing med meir). I kapittel 5 og i særlovene, er det gitt reglar om kva for skjønn og andre avgjerder jordskifteretten kan behandle.

Lova har særleg fokus på den privatrettslege og privatøkonomiske nytten av at ein løyser problem og bøter på utenlege tilhøve knytt til utnytting av fast eigedom og rettar. Jordskifteordninga har òg ein samfunnsøkonomisk nytteverdi, ved at det som er nyttig for eigarar og brukarar til vanleg vil vere nyttig for samfunnet. Denne nytteverdien er stor, men følgjer meir indirekte av verksemda.

Andre ledd gjer greie for kva for grunnleggjande prinsipp som gjeld for saksbehandlinga i jordskifteretten. Formålet synleggjer at sakene behandlast av ein domstol, og at prinsippa for saksbehandlinga er dei same som for sivile rettssaker elles.

Til § 1-2 Verkeområde for lova m.m.

Paragrafen regulerer det geografiske verkeområdet til lova. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 6.3.3.

Av første ledd følgjer det at lova gjeld for fast eigedom og rettar over fast eigedom, vassdrag og sjø i heile landet, om ikkje anna er fastsett i denne eller andre lover. Lova gjeld for alle eigedommar og rettar utan omsyn til kor eigedommane ligg, kva for type eigedom det er, eller kva for planstatus eigedommane har. Denne avgrensinga av verkeområdet fører vidare den avgrensinga som ein finn i gjeldande jordskiftelov § 1 a.

Reguleringane til offentlege myndigheiter, planar og vedtak må på den andre sida leggjast til grunn av jordskifteretten som ein premiss for bruken av verkemidla i jordskiftelova. Retten kan ikkje endre planstatus på eigen hand i ei jordskiftesak, men må leggje gjeldande planstatus til grunn for jordskifteløysinga. Retten kan på den andre sida ta endringar i regulering og planar opp med planmyndigheita, om retten meiner at endringar kan bidra til å finne ei god jordskifteløysing.

Vassdrag og sjø er nemnt i første ledd for å gi lova det same dekningsområdet som matrikkellova, sjå denne lova § 2 der verkeområdet er omtalt slik: «Lova gjeld for heile landet. For sjøområda gjeld lova til ei nautisk mil utanfor grunnlinjene.»

Vassdraga går elles inn under verkeområdet til lova på den måten at endringar i eigartilhøve til grunnen gjennom jordskifte får verknad òg for eigartilhøvet til vassdrag og grunnvatn. Eigartilhøvet til vassdrag og grunnvatn er regulert i vannressurslova §§ 13 og 44.

Av første ledd følgjer det òg at «andre lover» heilt eller delvis kan gjere unntak frå utgangspunktet i jordskiftelova. Kva for eigedommar det i tilfelle er snakk om, og kva for unntak og avgrensingar som gjeld, går fram av vedkommande lov. Eksempel på slike lovbestemte unntak er lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger og lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene. Desse lovene avgrensar kva for verkemiddel i jordskifte som kan brukast i allmenningar, sjå bygdeallmenningslova § 1-4 og statsallmenningslova § 4-2. I lov 17. juni 2005 nr. 85 om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark fylke (finnmarksloven) er det gitt reglar om at saker som høyrer under utmarksdomstolen ikkje kan bringast inn for jordskifteretten eller dei allminnelege domstolane, med mindre utmarksdomstolen har avvist saka, eller søksmålsfristen er ute, og så vidare.

Andre ledd seier at Kongen kan fastsetje at lova skal gjelde heilt eller delvis for Svalbard eller Jan Mayen. Matrikkelen er innført på Svalbard, og etter kvart skal òg andre delar av matrikkellova gjerast gjeldande der. Det vil da vere hensiktsmessig å ha ein heimel for Kongen til å gi forskrifter om at òg jordskiftelova skal gjelde. Heimelen gjer det mogleg for Kongen å gjere særlege tilpassingar etter tilhøva på staden.

Av tredje ledd går det fram at lova skal gjelde med dei avgrensingane som følgjer av folkeretten eller av avtale med framand stat. Regelen har same innhald som tvistelova § 1-2. Tilhøvet til folkeretten er av meir perifer betyding i jordskiftelova, men departementet meiner det bør nemnast likevel.

Til § 1-3 Definisjonar

Paragrafen definerer viktige jordskiftefaglege omgrep som blir brukte i den nye jordskiftelova, og som det er eit særleg behov for å klargjere, sjå nærare om dette i kapittel 6.4.

a) Jordskifteområdet: er det geografiske området saka gjeld og som retten skal avgrense etter § 6-9. Omgrepet kjem i staden for omgrepet «skiftefeltet», som blir brukt mange stader i gjeldande jordskiftelov. I «jordskifteområdet» kan saker gjelde alt frå tradisjonell ny utforming av teigar til nye bruksreglar. «Jordskifteområdet» skal ha same innhald som «skiftefeltet».

b)Tiltaksjordskifte: er ein bestemt type jordskifte som følgje av iverksetjing av offentlege eller private tiltak, jf. § 3-2 første ledd andre punktum. Eksempel på tiltak kan vere bygging, utbetring, vedlikehald, drift og nedlegging av anlegg. Omgrepet er nytt i lovforslaget, men det er vel etablert i praksis som kortnamnet på jordskifte som fyller vilkåra i gjeldande jordskiftelov § 1 andre ledd bokstav a.

c) Vernejordskifte: er jordskifte som følgjer av offentleg regulering av eigarrådvelde jf. § 3-2 første ledd tredje punktum. Omgrepet er nytt i lovforslaget, men òg dette omgrepet er etter måten vel etablert som kortnamn på jordskifte som fyller vilkåra etter gjeldande jordskiftelov § 1 andre ledd bokstav b.

Til II Saksinnhald og sakstilknyting

Til § 1-4 Kva det kan reisast sak om for jordskifteretten

Lovforslaget kapittel 1 del II (§§ 1-4 og 1-5) har reglar om kva det kan reisast sak om og kven som kan reise slik sak. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 6.5.

§ 1-4 bokstavane a til d gir ei oversikt over kva det kan reisast sak om for jordskifteretten. Det kan reisast sak som gjeld endring i eigedoms- og rettstilhøve for å skape meir tenlege tilhøve (jordskifte), fastsetjing av eigedomstilhøve og rettar (rettsutgreiing), fastsetjing av grenser, og skjønn og andre avgjerder etter andre lover etter kapittel 5 og etter reglane i særlovene.

Dei nærare reglane om jordskifte, rettsutgreiing, grensefastsetjing, og skjønn og andre avgjerder etter andre lover går fram av kapitla 3 til 5 i lovforslaget. Paragraf 1-4 er derfor av opplysande karakter for lesaren av lova.

Det kan ikkje reisast krav for jordskifteretten om anna enn det som er positivt lovheimla. Ut over det som er heimla i jordskiftelova, følgjer kompetanse for jordskifteretten av ei rekkje andre lover, som reindriftslova, veglova, gjerdelova, beitelova, lov um særlege råderettar over framand eigedom (servituttlova) med fleire.

Partane skal gjere greie for kva dei vil oppnå med kravet om sak, eller kva for problem dei har, sjå lovforslaget § 6-2. Ut over dette er det ikkje krav til godtgjering av «reelt behov» for å få avgjort eit krav for jordskifteretten.

Til § 1-5 Kven som kan reise sak

Paragrafen regulerer spørsmålet om kven som kan reise sak etter jordskiftelova. Paragrafen avløyser dei tilsvarande reglane i gjeldande jordskiftelov §§ 5, 88 og 88 a.

Etter første ledd kan krav om sak setjast fram av den som eig fast eigedom (under dette rettar som er særskilt matrikulerte), eller som har rett knytt til fast eigedom eller som er festar. Dette gjeld for alle typar av saker etter lova. Inn under omgrepet «fast eigedom» skal reknast òg eigarseksjonar.

Formuleringa «eigar av særskilt registrert grunneigedom» i gjeldande jordskiftelov, blir ikkje ført vidare i den nye jordskiftelova. Eigarar av grunn som av ulike grunnar ikkje er matrikulert eller registrert, kan òg krevje sak. Etter lovforslaget er det alltid nok at ein eigar eller ein rettshavar krev sak. Eigarar av andre eigedommar i området treng ikkje samtykkje i sakskravet.

Når det gjeld deling av eigedom etter lovforslaget § 3-7, er det ikkje eit vilkår at den som krev sak eig eigedommen fullt ut. For eksempel kan A, B og C ha kjøpt ein eigedom og utarbeidd kjøpekontrakt på eigedommen saman. Dei har såleis foreløpig ikkje full eigedomsrett til eigedommen. Eit anna eksempel er at A, B og C har fått skøyte på eigedommen og blitt sameigarar i eigedommen. Lovforslaget § 3-7 inneber at jordskifteretten kan dele opp eigedommen i begge dei nemnde tilfella. Det er ikkje noko krav om at eigedommen skal seljast til privatpersonar. Selskap eller annan juridisk person kan òg stå som overtakar. Lovforslaget inneber at ein her skal sjå kjøparane som eigarar av kvar sin ideelle del av eigedommen, sjølv om overskøytinga ikkje har skjedd. Eigedomsmessig er tilleggsjorda da å sjå på som eit nytt sameige som ligg til eigedommane som kjøparane har frå før, sjølv om frådelinga og overskøytinga ikkje har skjedd. Jordskifteretten kan såleis utforme eigedommen til kjøparen som om tilleggsjorda formelt sett allereie er ein del av eigedommen.

Er det fleire eigarar til ein eigedom, kan kvar av dei krevje sak. Sameigarar er ikkje avhengige av eit fleirtalsvedtak for å kunne reise sak for jordskifteretten. Spørsmålet om det eigentleg ligg føre eigedomsrett (eller bruksrett og så vidare) som gir rett til å krevje sak, kan retten avgjere prejudisielt.

Gjeldande jordskiftelov § 5 andre ledd regulerer kven som kan krevje fordeling av planskapt netto verdiauke for jordskifteretten. Hovudregelen er at alle grunneigarane må vere samde. Dersom det er fastsett vilkår om fordeling i medhald av plan- og bygningslova § 11-8 bokstav e eller § 12-7 nr. 13, er det nok med to tredels fleirtal blant eigarane. Det krevjast at dei eig minst to tredelar av det areal som omfattar område for bygging og anlegg, saman med areal som i samsvar med plan etter plan- og bygningslova skal nyttast til sams tiltak som skal tene området som er lagt ut til bygging og anlegg. Departementet fører ikkje desse kravsreglane vidare i ny jordskiftelov, sjå omtale av dette i kapittel 6.5.3.

Andre ledd første punktum seier kven som kan krevje jordskifte i dei høve som § 3-8 fjerde ledd og § 3-9 andre ledd nemner, i område med reindrift etter reindriftslova. Dette er distriktsstyret, jf. reindriftslova § 43, siidastyret, jf. reindriftslova § 52, og leiar av siidaandel, jf. reindriftslova § 10. Bakgrunnen for dette er det gjort nærare greie for i kapittel 6.5.3. Andre ledd andre punktum seier at det same gjeld ved krav om rettsutgreiing etter § 4-1 og grensefastsetjing etter § 4-2.

Etter tredje ledd kan offentleg styresmakt og andre tiltakshavarar med heimel til å ekspropriere til tiltak og anlegg, krevje jordskifte etter kapittel 3 i lova. I høve til gjeldande jordskiftelov er det nytt at andre tiltakshavarar kjem på line med offentleg styresmakt når det gjeld å kunne krevje jordskifte. Det er likevel ein føresetnad etter lovforslaget at det ligg føre ein heimel til å krevje ekspropriasjon. Tiltakshavar vil på denne måten òg kunne velje mellom ekspropriasjon og jordskifte.

Etter fjerde ledd kan offentleg styresmakt med heimel til å regulere eigarrådvelde, for eksempel med heimel til å vedta vern, krevje jordskifte etter kapittel 3 og sak om grensefastsetjing etter § 4-2. Som grunneigar vil det offentlege ha same rett som andre til å krevje sak for jordskifteretten. Dersom offentlege organ meiner det er nødvendig med jordskifte, kan dei erverve ein eigedom i det aktuelle området og krevje sak som grunneigar. Det kan òg stillast som vilkår for tilskott at det krevjast jordskifte.

Femte ledd seier at ein ikkje kan skrive frå seg retten til å krevje sak etter jordskiftelova. Regelen avløyser gjeldande jordskiftelov § 5 siste ledd. Finn retten at ei avtale om ikkje å reise sak hindrar eit tenleg jordskifte, treng retten ikkje ta omsyn til avtalen. Dersom avtalen regulerer meir enn berre spørsmålet om å ikkje krevje sak, må retten ta omsyn til kva som er avtala.

Til kapittel 2 Jordskifterettane

Kapitlet inneheld reglar om organiseringa av jordskifterettane. Reglane om organiseringa av ankeinstansen finn ein i reglane i domstollova om lagmannsretten.

Kapitlet er delt i I Organisering av jordskifterettane og II Samansetjinga av jordskifteretten i ulike slags saker og lovnad frå jordskiftemeddommar med meir.

Til I Organisering av jordskifterettane

Denne delen av kapitlet omhandlar organisatoriske reglar.

Til § 2-1 Jordskiftesokn (verneting)

Paragrafen fører vidare føresegna i gjeldande jordskiftelov § 7 første ledd om inndeling i jordskiftesokn. Domstollova § 22 har ein tilsvarande regel som gjeld for tingrettane. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 7.2.3.

Til § 2-2 Tilhøvet til domstolloven

Paragrafen er ny i jordskiftelova. Innhaldet følgjer òg av domstollova § 2 første ledd nr. 1. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 7.3.3.

Til § 2-3 Bemanning

Grunngivinga for reglane om bemanning går fram av kapittel 7.4.

Første ledd seier at jordskifteretten skal ha ein jordskifterettsleiar som òg er jordskiftedommar. Første ledd sier òg at jordskifteretten skal ha så mange dommarar som til kvar tid er bestemt. Den direkte lovfestinga av at det berre er jordskiftedommarar som kan vere jordskifterettsleiar er ny i jordskiftelova. Jordskifterettsleiaren er leiar av jordskifteretten slik som sorenskrivaren er leiar av tingretten.

Andre ledd første punktum seier at jordskifteretten skal ha teknisk personale. Teknisk personale er tilsette som arbeider med kart, landmåling, koordinatfesting av grenser med meir, datainnsamling av mange slag, utarbeiding av forslag til jordskifteløysing og anna saksrelatert arbeid. Teknisk personale kan òg vere rettsmeklar. Å lovfeste at det skal vere teknisk personale, er nytt. Etter andre ledd andre punktum gjeld reglane om når nokon er ugild etter domstollova kapittel 6 så langt dei høver for teknisk personale. Andre ledd tredje og fjerde punktum fastset at det vil vere opp til Domstoladministasjonen (DA) å organisere ordninga med landskonsulentar for jordskifterettane, sjå nærare om dette i kapittel 7.4.5.3.

Tredje ledd innfører ei ordning med jordskiftedommarfullmektigar. Løysinga liknar ordninga med dommarfullmektigar ved tingrettane. Løysinga må sjåast i samanheng med endringsforslaga til domstollova § 55 g og h. Tredje ledd første punktum seier jordskifteretten kan ha minst ein jordskiftedommarfullmektig. Jordskiftedommarfullmektigen gjer sine dommaroppgåver på vegner av jordskiftedommaren. Tredje ledd kjem i staden for reglane i gjeldande jordskiftelov § 7 fjerde ledd om jordskiftekandidat med allment løyve. Tittelen jordskiftedommarfullmektig er ny. Ein jordskiftedommarfullmektig er ein midlertidig tilsett dommar som må ha særskilt fullmakt for å gjere dommararbeidet.

Domstoladministrasjonen (DA) kan fastsetje forskrift om tildeling av myndigheit til jordskiftedommarfullmektigen. Konkret er det anten Domstoladministrasjonen (DA) eller jordskifterettsleiaren som må gi jordskiftedommarfullmektigen løyve til å opptre som dommar.

Fjerde ledd opnar for å tilkalle jordskiftedommarar frå ein annan jordskifterett. Tilkalling fører til at den tilkalla jordskiftedommaren styrer den eller dei sakene det gjeld. Regelen kjem i staden for gjeldande jordskiftelov § 7 andre ledd andre punktum om jordskiftedommar utan fast tenestekrins og oppnemning av jordskiftedommar til å styre ei enkelt sak. Desse to ordningane blir ikkje ført vidare.

Etter domstollova § 19 andre ledd kan jordskifterettsleiaren berre tilkalle jordskiftedommar som er viljug til å gjere teneste ved ein annan jordskifterett. Jordskifterettsleiaren kan òg be lagmannsretten om å foreta slik tilkalling. Lagmannsretten er ikkje avhengig av at den tilkalla jordskiftedommaren er viljug til å gjere teneste ved annan jordskifterett.

Til § 2-4 Utdanningskrav

Jordskiftelagdommar, jordskiftedommar og jordskiftedommarfullmektig må ha jordskiftefagleg utdanning på mastergradnivå med fagkrins fastsett av departementet. Omtalen av forslaget går fram av kapittel 7.5.2.3.

Omgrepet «jordskiftefagleg utdanning» inneber at den som skal tilsetjast som dommar må ha utdanning innan eigedomsfag, rettstilhøva til fast eigedom og planlegging med tilhøyrande grunnfag. Utdanninga må liggje på mastergradsnivå.

Det er ikkje meininga å gjere nemnande endringar i krava til dei grunnleggjande komponentane i utdanninga, eller i kravet til utdanningsnivå. Jordskiftekandidatar som er utdanna før ordninga med mastergrad blei innført, har den høgaste utdanning under doktorgrad. Dei har eit utdanningsnivå som kvalifiserer for jordskiftedommar.

Etter gjeldande jordskiftelov § 7 femte ledd skal dommarar ved jordskiftedomstolane ha utdanning på mastergradsnivå med fagkrins fastsett av departementet. Denne regelen blir ført vidare i lovforslaget § 2-4. Departementet kan leggje myndigheita til å fastsetje fagkrinsen til andre slik løysinga er i dag, jf. Prp. 3 L (2012–2013).

Formuleringa «jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå» er ikkje til hinder for at ein student tek eksamen i dei relevante faga ved ulike utdanningsinstitusjonar.

Føresegnene i denne paragrafen er ikkje til hinder for endringar i utdanningssektoren.

Til § 2-5 Utval av jordskiftemeddommarar

Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 7.6.3, og regelen byggjer på gjeldande jordskiftelov § 8.

Første ledd første punktum seier at det skal vere eitt særskilt utval av jordskiftemeddommarar i kvart jordskiftesokn. Etter gjeldande jordskiftelov er det eitt utval i kvar kommune.

Ein jordskiftemeddommar er ein ikkje jordskiftefagleg fagkunnig dommar.

Første ledd andre punktum seier at jordskiftemeddommarane skal vere kunnige i saker som jordskifteretten i soknet til vanleg har. Med «kunnig» er her meint at medlemmene i utvalet av jordskiftemeddommarar har greie på, kjenner til eller veit noko om det saka gjeld. Til vanleg betyr det at det ofte kjem krav om saker med slikt innhald. Det er jordskifterettsleiaren som må avgjere konkret kva som ligg i «kunnig» og «til vanleg». Han må informere kommunane i jordskiftesoknet om kva desse krava inneber for valet av jordskiftemeddommarar.

Etter første ledd tredje punktum skal talet på jordskiftemeddommarar i utvalet i jordskiftesoknet vere stort nok til at ein kan rekne med at kvart medlem kan gjere teneste i løpet av valperioden. Valperioden er valperioden for kommunevalet. I omgrepet «kan rekne med» ligg det at dersom saksmengda og bruken av jordskiftemeddommarar blir om lag som i føregåande valperiode, vil alle medlemmene bli med i ei sak for jordskifteretten. Indirekte ligg det òg i dette ei forventing om at jordskiftedommarane ved den lokale jordskifteretten nemner opp jordskiftemeddommarar slik at alle blir brukt.

Etter andre ledd første punktum skal utvalet peikast ut etter reglane i domstollova om val av meddommarar.

Det går fram av andre ledd andre punktum at jordskifterettsleiaren fastset kor mange det skal vere i utvalet for kvar kommune. Regelen fører vidare innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 8 tredje og fjerde punktum.

Andre ledd tredje punktum seier at alle kommunar i jordskiftesoknet skal peike ut minst eitt medlem av kvart kjønn, og alltid like mange av kvart kjønn til utvalet. Dette er nytt i høve til gjeldande jordskiftelov, og det går heller ikkje fram av domstollova. Formuleringa «og alltid like mange av kvart kjønn» inneber at kommunen må velje 2, 4, 6 og så vidare.

Det følgjer av domstollova § 65 andre ledd siste punktum at jordskifterettsleiaren seinast 1. mars i kommunevalåret må underrette kommunane i jordskiftesoknet om fordelinga av jordskiftemeddommarar. Informasjon om kva som er meint med omgrepa kunnige og til vanleg, må følgje underrettinga.

Andre ledd fjerde punktum seier at lagrettemedlemmer, meddommarar og skjønnsmedlemmer ikkje er fritekne for val til utvalet av jordskiftemeddommarar. For lagrettemedlemmer og meddommarar er dette som etter gjeldande jordskiftelov. For skjønnsmedlemmer er det nytt.

Til II Samansetjinga av jordskifteretten i ulike slags saker. Lovnad frå jordskiftemeddommar med meir

Denne delen av kapitlet inneheld reglar om kor mange dommarar det skal vere i den enkelte sak, om korleis jordskiftemeddommarane blir med i jordskifteretten, og om den lovnaden ein jordskiftemeddommar skal gi første gong han er med i jordskifteretten. Omgrepet «med meir» fangar opp plikta jordskiftedommaren har til å gjere jordskiftemeddommaren merksam på dei pliktene meddommaren har.

Til § 2-6 Samansetjinga av jordskifteretten

Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 7.7.

Første ledd seier at jordskifteretten skal setjast med ein jordskiftedommar. Regelen avløyser jordskiftelova § 9 første ledd. Etter § 9 skal jordskifteretten setjast med ein jordskiftedommar og to jordskiftemeddommarar.

Andre ledd inneheld unntak frå regelen i første ledd. Andre ledd seier at dersom «ein part krev det eller, eller jordskiftedommaren meiner det trengst, skal retten setjast med to jordskiftemeddommarar. Ein part som reiser slikt krav, treng ikkje grunngi kravet. Dei andre partane i saka skal underrettast om kravet.

Jordskiftedommaren kan bestemme at retten skal setjast med to jordskiftemeddommarar når han meiner at det «trengst». Jordskiftedommaren treng ikkje grunngi dette fordi avgjerda om bruk av jordskiftemeddommarar ikkje kan ankast, sjå femte ledd. I praksis er jordskiftemeddommarar særleg aktuelle i saker der retten må foreta skjønnsprega vurderingar.

Begge vilkåra i andre ledd er nye.

Etter likestillingslova § 1 a har jordskifteretten plikt til å arbeide aktivt, målretta og planmessig for likestilling mellom kjønna på sitt område. Av denne regelen følgjer det at dersom jordskifteretten setjast med to jordskiftemeddommarar, skal det nesten alltid vere ein meddommar av kvart kjønn. Dette er i samsvar med gjeldande praksis. Etter lovforslaget § 2-7 kan jordskiftedommaren berre fråvike likestillingskravet for å få kunnige jordskiftemeddommarar, sjå meir om dette i spesialmerknadene til lovforslaget § 2-7 nedanfor.

Det er ikkje nokon frist for å krevje jordskiftemeddommarar. Det går fram av lovforslaget § 6-2 at krav om sak så langt det er mogleg, skal innehalde ei utsegn om det er behov for jordskiftemeddommarar. I samband med forkynninga av krav om sak for jordskifteretten, oppmodast dei andre partane om å ta stilling til behovet for jordskiftemeddommarar. I nokre saker vil det allereie etter dette vere klart at retten skal setjast med jordskiftemeddommarar. Krav om jordskiftemeddommarar kan trekkjast tilbake fram til jordskifteretten er sett. I slike høve fell eventuelle kostnader med jordskiftemeddommarane på den som trekk kravet, sjå lovforslaget§ 7-7.

Når ei sak startar med jordskiftemeddommarar, sluttførast saka med jordskiftemeddommarar. Etter domstollova §§ 15 første ledd og 21 andre ledd kan ei hovudforhandling i tvist likevel bli sluttført sjølv om ein jordskiftemeddommar får forfall i løpet av hovudforhandlinga.

Tredje ledd inneheld særreglar om tiltaks- og vernejordskifte. Tiltaks- og vernejordskifte er definert i lovforslaget § 1-3. Spesialmerknadene til lovforslaget § 1-3 gjer greie for innhaldet i desse to sakstypane.

For tiltaks- og vernejordskifte er hovudregelen at det skal vere to jordskiftemeddommarar. Denne regelen går fram av tredje ledd første punktum, og er ny.

Tredje ledd andre punktum er eit unntak frå hovudregelen for tal jordskiftemeddommarar i tiltaks- og vernejordskifte. Etter dette punktum kan jordskifteretten setjast med fire jordskiftemeddommarar i slike saker. Vilkåra er dei same som unntaksregelen i andre ledd.

Det er ikkje lenger krav om å ta med nokon frå utvalet av skjønnsmedlemmer i tiltaks- og vernejordskifte.

Fjerde ledd opnar for at inntil to varajordskiftemeddommarar og ein varajordskiftedommar kan følgje forhandlingane i ei sak. Vilkåret er at saka er omfattande. Jordskiftedommaren må ta konkret stilling til om dette vilkåret er til stades. Vurderingsmoment vil mellom anna vere talet på partar, kor lang tid det er pårekneleg at saka vil ta, og kompleksiteten i dei tema som saka inneheld.

Det har ikkje vore lovfesta reglar som opnar for at ein vara kan følgje forhandlingane i tidligare jordskiftelover. Det er likevel ein viss praksis for dette med heimel i domstollova § 21 andre ledd andre punktum. Ordninga med inntil to varajordskiftemeddommarar har ingen parallell i domstollova. Der er det tvert om slik at etter domstollova § 15 kan ei hovudforhandling fortsetje sjølv om ein av meddommarane i retten får forfall.

Femte ledd seier at ei avgjerd om samansetjinga av jordskifteretten ikkje kan ankast. Dette gjeld òg for avgjerd om bruk av varajordskiftemeddommarar og varajordskiftedommar i omfattande saker. Denne regelen er ny. Grunngivinga for føresegna går fram av kapittel 7.7.8.3.

Det vanlege er at jordskifteretten består av dei same menneska frå første til siste rettsmøte i saka. Det er likevel sikker praksis for at samansetjinga av jordskifteretten kan endrast i løpet av saka. Det har hendt at jordskifteretten ved slutten av ei sak er samansett av personar som ikkje deltok da saka tok til. Føresegna er ikkje til hinder for dette.

Når det gjeld saksbehandling og avgjerd i konkrete tvistespørsmål, har det vore slik at samansetjinga av jordskifteretten ikkje kan endrast medan tvisten er til behandling. Føresegna er heller ikkje til hinder for ein slik praksis.

Lovforslaget § 2-6 gjeld ikkje for skjønn og andre avgjerder som eiga sak etter lovforslaget § 5-4.

Til § 2-7 Oppnemning av jordskiftemeddommarar

Ordninga med oppnemning av jordskiftemeddommarar er den same som i gjeldande jordskiftelov. Ordninga gir jordskiftedommaren rom både for å sikre at jordskiftemeddommarane er kunnige i det saka i hovudsak gjeld, og til å ta vare på likestillingsomsynet. Oppnemning er òg nytta i skjønnsprosesslova § 12 der formålet med oppnemninga er å få ei samansetjing som sikrar ei allsidig vurdering, og tilstrekkeleg kunnskap om lokale tilhøve. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 7.8.

Det følgjer av første ledd førstepunktum at oppnemninga er ubunden av soknegrenser. Det inneber at jordskiftedommaren ikkje er bunden av dei grensene for jordskiftesokn som er fastsett etter lovforslaget § 2-1.

Når det gjeld kva som er meint med ordet «kunnige», viser ein til spesialmerknadene til lovforslaget § 2-5.

Etter første ledd andre punktum skal jordskiftedommaren nemne opp jordskiftemeddommarar som er kunnige. I gjeldande lov er formuleringa «så langt råd er» nytta. Denne formuleringa er teken ut i lovforslaget. Jordskiftedommaren må gjere seg kjend med kva medlemmene i jordskiftedommarutvalet er kunnige i, og bruke denne kunnskapen ved oppnemninga. Finn jordskiftedommaren ikkje meddommarar som er kunnige i det saka gjeld innan utvalet, kan han nemne opp meddommarar utanfor utvalet, sjå andre ledd.

Andre punktum seier at jordskiftedommaren «skal nemne opp jordskiftemeddommarar som er kunnige i det saka i hovudsak gjeld». I rettsfastsetjande saker er det etter måten greitt kva som ligg i formuleringa «i hovudsak gjeld». I jordskifte kan det vere mange, uoversiktlege og innfløkte problemstillingar. I slike tilfelle må jordskiftedommaren mellom anna sjå på vurderingsmoment som kva det er som vil vere mest krevjande å behandle, kva som betyr mest for partane, kva som har størst økonomisk verdi, og kva for skjønnsliknande vurderingstema som jordskifteretten må ta stilling til. Det betyr at jordskiftedommaren må ha kome så langt i saksførebuinga at innhaldet i saka er rimeleg klart før jordskiftemeddommarane blir nemnde opp. Det er ikkje ein mangel ved kunnskapen til ein jordskiftemeddommar om vedkommande ikkje er like kunnig i alle delar av saka. Når det er to eller fire jordskiftemeddommarar, vil det vere nok om dei til saman er kunnige i det saka i hovudsak gjeld.

Første ledd tredje punktum opnar for at jordskiftedommaren kan nemne opp jordskiftemeddommarar som ikkje er i utvala. Denne regelen er ny. Skjønnsprosesslova § 12 tredje ledd inneheld ein heimel som har same ordlyd, og som opnar for å gå utanfor utvalet av skjønnsmedlemmer. I Ot.prp. nr. 18 (1971–72) er det i samband med heimelen i skjønnsprosesslova gjort greie for nokre typetilfelle der det er behov for å gå utanom utvalet:

«Det kan imidlertid være grunn til å regne med at det fortsatt vil være et visst behov for å kunne gå utenfor utvalgene, enten for å få med en skjønnsmann som finns i utvalget for et annet fylke, eller for å få en skjønnsmann som ikke står i noe skjønnsmannsutvalg. De hensyn som tilsier dette kan for eksempel være at det kreves en skjønnsmann med helt spesielle kvalifikasjoner, som ikke noen skjønnsmann innen utvalget har, eller at de skjønnsmenn som måtte ha disse egenskaper er forhindret fra å delta på grunn av andre oppdrag eller inhabilitet. Det bør derfor være adgang til å gå utenfor utvalget ved oppnevning av skjønnsmenn når dette i særlige tilfelle ansen å være påkrevd eller ønskelig.»

Regelen i lova her byggjer på denne tilnærminga.

Det er eit vilkår at det er nødvendig for å få jordskiftemeddommarar som er særleg kunnige på eitt eller fleire område som saka gjeld. Kva som ligg i omgrepet «nødvendig», må avgjerast konkret. Eit moment kan vere at alternativet er å bruke rettsoppnemnt sakkunnig. Eit anna moment kan vere at nokon som er «særleg kunnig», ikkje står i dei aktuelle utvala.

Når nokon er «særleg kunnig», er vedkommande klart meir kunnig enn det som er vanleg for dei som er kunnige.

Det er ikkje meininga at denne opninga til å nemne opp jordskiftemeddommar utanfor utvala, skal kunne føre til at jordskifteretten ikkje er lovleg sett fordi opninga ikkje er brukt. Regelen er meir å forstå som eit uttrykk for at det er viktig at ein særdomstol er særleg kompetent på sitt område.

Innhaldet i andre ledd er det same som i gjeldande jordskiftelov § 9 sjette ledd. Føresegna rettar seg mot dei tilfella der fråfallet ikkje er varsla i så god tid at det er mogleg for jordskiftedommaren å tilkalle varajordskiftemeddommar.

Andre ledd første punktum gjeld når ein oppnemnt jordskiftemeddommar ikkje møter. Å ikkje møte vil i denne samanheng seie at vedkommande ikkje er til stades i rettsmøtet. Dette gjeld både rettsmøte der rettsmedlemmene må delta fysisk, og fjernmøte.

I første punktum heiter det òg at oppnemnt jordskiftemeddommar «ikkje kan gjere teneste». Det vil vere tilfellet dersom vedkommande har møtt, men er ute av stand til å gjere sine plikter som jordskiftemeddommar. Akutt sjukdom kan vere eit eksempel på dette. Uførutsett avgjerd om ugildskap kan vere eit anna eksempel.

Minst eitt av desse vilkåra må vere til stades for å tilkalle varajordskiftemeddommar. I praksis vil jordskiftedommaren prøve å kontakte den som ikkje har møtt i tide. Er det grunn til å meine at vedkommande ikkje kjem innan rimeleg tid, kan jordskiftedommaren tilkalle varajordskiftemeddommar.

Den praktiske konsekvensen av ordlyden i andre ledd første punktum er at jordskiftedommaren først skal prøve å tilkalle varajordskiftemeddommar. Etter andre ledd første punktum er det eit vilkår for å kunne bruke varajordskiftemeddommar at han kan komme til stades «innan rimeleg tid». Kva som ligg i formuleringa «innan rimeleg tid», må avgjerast konkret i kvart tilfelle. Vurderingstema vil mellom anna vere sjansane for å kunne halde rettsmøtet slik det er planlagt, tidsspille ved å bruke heimelen i andre ledd andre punktum, og ulemper og kostnader ved å utsetje rettsmøtet.

Praksis etter gjeldande jordskiftelov er at jordskiftedommaren først prøver å tilkalle nokon som står i utvalet, og som kan møte innan rimeleg tid. Ordlyden i andre ledd er ikkje til hinder for at dette kan fortsetje. Dersom heller ikkje dette går, kan jordskiftedommaren etter andre ledd andre punktum oppnemne jordskiftemeddommar som ikkje står i utvala. Valet av slik ekstraordinær jordskiftemeddommar er likevel ikkje heilt fritt. Domstollova §§ 70 til 72 set krav til meddommarar som gjeld òg i dei tilfella det her er snakk om.

Dersom ein slik situasjon oppstår ved starten av rettsmøtet, vil jordskiftedommaren ta løysinga opp med partane.

Uansett kva for heimel som blir brukt for å få sett jordskifteretten med jordskiftemeddommarar, må partane ta stilling til samansetninga av jordskifteretten ved starten av rettsmøtet.

Slik ekstraordinær oppnemning gjeld berre for det enkelte rettsmøtet. Den ekstraordinære jordskiftemeddommaren trer ut av jordskifteretten når rettsmøtet er over. Den ekstraordinære jordskiftemeddommaren trer óg ut av jordskifteretten dersom ein varajordskiftemeddommar kjem til stades under rettsmøtet. Det er likevel slik at den ekstraordinære jordskiftemeddommaren deltar i jordskifteretten så lenge retten behandlar konkret tvist, sjå spesialmerknadene til lovforslaget § 2-6.

Til § 2-8 Innprenting og lovnad

Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 7.9.

Første ledd første punktum seier at første gong nokon gjer teneste som jordskiftemeddommar, skal jordskiftedommaren i rettsmøte gjere jordskiftemeddommaren kjend med dei pliktene ein jordskiftemeddommar har. Plikta jordskiftedommaren har til å innprente etter første punktum gjeld berre for jordskiftemeddommarar som gjer teneste for første gong. Jordskiftedommaren skal gjere jordskiftemeddommaren kjent med pliktene i det første rettsmøtet jordskiftemeddommaren er med i. Neste gong jordskiftemeddommaren gjer teneste, skal han berre seie frå om at han har gitt lovnad tidlegare.

Første ledd andre punktum seier at jordskiftemeddommaren skal love at han vil gjere pliktene sine samvitsfullt og etter beste overtyding i den aktuelle saka («denne saka»), og i alle framtidige saker.

Jordskiftemeddommar som har gitt lovnad som skjønnsmedlem eller i anna sak for dei vanlege domstolane, er ikkje friteken frå å gi lovnad for jordskifteretten.

I praksis vil jordskiftemeddommaren gi lovnaden i rettsmøte umiddelbart etter at jordskifteretten er lovleg sett. Det er ein konsekvens av at jordskiftedommaren gjer innprentinga si etter første punktum i første rettsmøte.

Kva jordskiftemeddommaren skal love retten går fram av andre punktum. Jordskiftemeddommaren skal love at han vil gjere pliktene sine samvitsfullt og etter beste overtyding i den aktuelle saka, og i alle framtidige saker. Det inneber at han må følgje forhandlingane i jordskifteretten nøye, ta sine avgjerder etter beste overtyding på grunnlag av gjeldande lov og det faktum som ligg føre, og at han ikkje skal ta sideomsyn av noko slag.

Andre ledd er ny. Domstoladministrasjonen skal fastsetje den konkrete ordlyden i lovnaden. Etter gjeldande lov er ordlyden fastsett i rettleiing for utføring av jordskiftesaker av 1. mars 1991 punkt 11.2.

Etter lovforslaget er det ikkje lenger krav til å føre lovnaden i rettsboka.

Til Kapittel 3. Jordskifte

Til overskrifta

«Jordskifte» er namnet på den prosessen som fører til endringar i utforminga av fast eigedom og endringar i innhaldet i rettar til fast eigedom som jordskifteretten kan gjere med heimel i lovforslaget kapittel 3.

Jordskifteretten kan ta andre avgjerder enn dei som er heimla i kapittel 3. Jordskifteretten kan greie ut rettslege spørsmål (rettsutgreiing) eller fastsetje grenser (grensefastsetjing) i medhald av lovforslaget kapittel 4. Jordskifteretten kan vidare etter reglane i lovforslaget kapittel 5 halde skjønn og ta andre avgjerder etter nokre særlover. Det jordskifteretten gjer i medhald av kapittel 4 eller 5, fell ikkje inn under omgrepet jordskifte slik det er brukt i lovforslaget.

Departementet foreslår sju underoverskrifter. Det er gjort greie for dette i kapittel 8.2.3.

Til I Utenlege eigedomstilhøve og bruk av verkemiddel i jordskifte

Lovforslaget kapittel 3 del I gir reglar for kva jordskifterettane kan gjere i eit jordskifte. Jordskifteretten kan bruke minst eitt av verkemidla i lovforslaget §§ 3-4 til 3-10. Verkemidla i lovforslaget §§ 3-11 og 3-12 kan berre brukast når jordskiftesak etter lovforslaget §§ 3-4 til 3-10 er sett i gang.

Jordskifteretten kan etter kapittel 5 halde skjønn og ta andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett. Desse avgjerdene reknar ein ikkje som eit verkemiddel etter kapittel 3.

Til § 3-1 Verkemiddel for å bøte på utenlege eigedomstilhøve

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om kva verkemiddel jordskifteretten kan bruke for å bøte på utenlege eigedomstilhøve i kapittel 8.7.3.

Første ledd første punktum byggjer på gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd. Etter lovforslaget første punktum kan jordskifteretten bruke verkemidla i lovforslaget §§ 3-4 til 3-10 for å bøte på utenlege eigedomstilhøve slik det går fram av lovforslaget § 3-2.

Første punktum seier at jordskifteretten kan bruke verkemidla i lovforslaget §§ 3-4 til 3-10. Med unntak av lovforslaget § 3-5 Skiping av sameige, er ingen av verkemidla i desse paragrafane nye verkemiddel for jordskifteretten. Jordskifteretten står ikkje fritt til å velje mellom alle verkemidla i alle jordskifte. Sjå lovforslaget § 3-2 andre ledd.

I omgrepet «bøte på» ligg at jordskifteretten kan endre på eigedomstilhøva slik at partane etter jordskiftet kan bruke eigedommane sine på ein meir tenleg måte. Etter første punktum kan jordskifteretten bøte på det partane har teke opp som utenelege eigedomstilhøve slik det går fram av lovforslaget § 3-2. Formuleringa «slik det går fram av § 3-2» inneber at eigedommen eller retten må vere vanskeleg å bruke etter tid og tilhøve. Når det gjeld kva som ligg i formuleringa «etter tid og tilhøve», sjå spesialmerknadene til lovforslaget § 3-2. Omgrepet «utenlege» i lovforslaget § 3-1 skal bli forstått på same måte som omgrepet utenleg i overskrifta til lovforslaget § 3-2. Det skal vere samanheng mellom det utenlege og dei verkemidla som blir brukte. Verkemidla må heilt eller delvis råde bot på det som er hevda å vere utenleg. Jordskifteretten kan såleis ikkje gå lenger i bruk av verkemiddel enn det som er nødvendig for å bøte på det utenlege eigedomstilhøvet, jf. lovforslaget § 3-16.

Utgangspunktet for valet til jordskifteretten av verkemiddel er kravet som rekvirenten har sett fram og det dei andre partane tek opp i saka. Dette byggjer lovforslaget § 3-2 andre ledd på. Kva som kan behandlast av jordskifteretten, går fram av merknadene til lovforslaget § 1-4.

Første ledd andre punktum fører vidare gjeldande jordskiftelov § 2 andre ledd. I andre punktum seier ein at ei jordskiftesak kan omfatte eitt eller fleire av verkemidla som er nemnde i første punktum. Lovforslaget inneber inga endring i høve til gjeldande rett.

I første ledd tredje punktum nemner ein ytterlegare verkemiddel som jordskifteretten kan bruke. I tredje punktum blir det sagt at når det er reist jordskiftesak etter §§ 3-4 til 3-10, kan jordskifteretten dessutan bruke verkemidla i lovforslaget §§ 3-11 og 3-12. Paragrafane gjeld kva jordskifteretten kan gjere med rettar som ikkje er alltidvarande under eit jordskifte.

Andre ledd første punktum seier at for jordskifte i bygdeallmenningar gjeld lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenningar § 1-4.

Andre ledd andre punktum seier at for jordskifte i statsallmenningar gjeld lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningar § 16 og lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene § 4-2.

For bygdeallmenningar og statsallmenningar inneber det at allmenning kan inngå i jordskifte etter §§ 3-4 og 3-10. I lovforslaget er begge dei to lovene endra for å få dette fram.

Til § 3-2 Utenlege eigedomstilhøve

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om utenlege eigedomstilhøve i kapittel 8.8.3.

Første ledd første punktum fører vidare vilkåret i gjeldande jordskiftelov § 1 første ledd om at eigedom som det er vanskeleg å nytte ut på ein tenleg måte kan leggjast under jordskifte.

Første punktum seier at jordskifteretten kan halde jordskifte etter §§ 3-4 til 3-10 dersom minst ein eigedom eller bruksrett i jordskifteområdet er vanskeleg å bruke på tenleg måte etter tid og tilhøve. Det er ikkje eit vilkår at alle, eller mange av eigedommane skal vere vanskeleg å bruke på tenleg måte og at dei kvar for seg må oppnå ein fordel ved jordskiftet.

Første punktum gjeld for eigedomstilhøva slik dei er når jordskiftet er til behandling. Det inneber at eigedomstilhøva må vere utenlege frå kravet blir sett fram og til jordskiftesaka blir avslutta. Skjer det endringar i eigedomstilhøva under jordskiftet slik at eigedomstilhøva ikkje lenger er utenlege, må jordskifteretten avslutte behandlinga av saka.

Omgrepet «bruksrett» famnar dei bruksrettane som er nemnde i §§ 3-4, 3-7, 3-8, 3-9 og 3-10.

Jordskifteretten skal gjere ei konkret vurdering av om eigedomstilhøva eller bruksrettane er vanskelege å bruke etter tid og tilhøve. Vilkåret i første punktum er oppfylt dersom minst ein eigedom eller ein bruksrett er vanskeleg å bruke på tenleg måte etter tid og tilhøve. Jordskifteretten skal gjere ei samla vurdering. I vurderinga må jordskifteretten sjå på det partane peiker ut som utenleg. Det er ikkje nok at jordskifteretten finn at eigedommane eller bruksrettane er vanskelege å bruke etter tid og tilhøve, dei må kunne gjerast betre som følgje av jordskifte. Verdien av forbetringa må vere større enn kostnadene etter lovforslaget § 7-1. Viss vilkåret ikkje er oppfylt kan saka ikkje behandlast.

Omgrepet «bruke på tenleg måte» er ikkje knytt til bestemte bruksformål. Gjeldande jordskiftelov er nøytral i høve til dei motiva eigaren har for bruken av eigedommen. Meininga er at det òg skal vere slik i den nye jordskiftelova. Første ledd gjeld såleis når eigedommen eller bruksretten er vanskeleg å bruke (nytte) til for eksempel til landbruk, busetjing eller næringsformål. Så lenge dei nødvendige løyva ligg føre, og bruksformålet ikkje er i strid med ei lov, er det ein bruk som fell inn under lova. På «tenleg måte» betyr som i gjeldande jordskiftelov, at jordskifte skal føre til ei forbetring av bruken. Det behøver ikkje føre til endring i økonomien i bruken, for eksempel betre avkasting eller færre kostnader. Eit eksempel på kva som er tenleg er at partane oppnår ei løysing slik at samarbeidet dei imellom blir betra, og slik at dei lettare kan unngå konfliktar som går ut over bruken av eigedommen.

Jordskifteretten må av eige tiltak avvise eit krav om jordskifte dersom han meiner at ingen eigedom er vanskeleg å bruke på tenleg måte.

Første ledd andre punktum seier at jordskifteretten òg kan halde jordskifte etter lovforslaget §§ 3-4 til 3-10 dersom det er pårekneleg at minst ein eigedom eller bruksrett kan bli vanskeleg å bruke på tenleg måte etter tid og tilhøve som følgje av eit offentleg eller privat tiltak. Andre punktum byggjer på opplistinga i gjeldande jordskiftelov § 1 andre ledd, men han er gjort meir generell fordi han ikkje nemner spesielle tiltak.

Jordskifteretten må gjere ei konkret vurdering av kva som er pårekneleg følgje av det private eller offentlege tiltaket.

Andre punktum inneheld ei endring i høve til gjeldande jordskiftelov § 1 andre ledd bokstav a. Jordskifte kan gjennomførast utan omsyn til kva det er som leggjast ned, ikkje berre ved nedlegging av private jernbaneovergangar slik lova er i dag.

Andre punktum gjeld òg i dei tilfella der det er pårekneleg at vedteken reguleringsplan etter plan- og bygningslova fører til at eigedomstilhøva i reguleringsplanområdet blir utenlege i høve til planformålet. Andre punktum byggjer på gjeldande jordskiftelov § 1 andre ledd bokstav b. I gjeldande jordskiftelov er jordskifte etter § 2 første ledd bokstav i ei eiga form for jordskifte. Denne kompetansen for jordskifteretten er innarbeidd i lovforslaget § 3-4.

Andre punktum handlar om offentlege vedtak. Det spelar likevel inga rolle om det er private eller det offentlege som står bak reguleringsplanen.

Første ledd tredje punktum seier at som offentleg tiltak reknast òg offentleg regulering av eigarrådvelde eller vedteken reguleringsplan med tilhøyrande omsynssone. Eit eksempel på offentleg regulering kan vere vedtekne verneplanar. Tredje punktum fører vidare gjeldande jordskiftelov § 1 andre ledd bokstav b. Her er det sjølve inngrepet i eigarrådveldet som må gjere det vanskeleg å bruke restrådveldet på tenleg måte. Erfaring viser at løysinga i slike saker til vanleg er byte av areal slik at det offentlege blir eigar av det regulerte området. Føresegna er likevel ikkje til hinder for at jordskifteretten kan gjere andre løysingar.

Andre ledd seier at jordskifteretten ikkje kan gjere andre endringar enn dei som er nødvendige for å bøte på dei utenlege eigedomstilhøva som partane har teke opp i jordskiftet.

Andre ledd er ei lovfesting av gjeldande praksis, og ei presisering av tilhøvet mellom partane og jordskifteretten når det gjeld verkemiddelbruken. Partane har hand om kva for sider ved eigedomstilhøva som dei meiner er utenlege. Jordskifteretten er bunden av det utenlege partane tek opp. Jordskifteretten kan velge dei verkemidla som må til for å bøte på det utenlege.

Til § 3-3 Meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet i kapittel 8.9.3.

Paragrafen seier at jordskifteretten berre kan halde jordskifte etter §§ 3-4 til 3-10 for å skape meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet. Han gjeld såleis ikkje for fordeling av planskapt netto verdiauke, sjå lovforslaget §§ 3-30 til 3-32. Det er ingen tilsvarande paragraf i gjeldande jordskiftelov. Paragrafen byggjer på praksis etter gjeldande jordskiftelov.

Det er ikkje nok for å halde ei sak at eigedomstilhøva er utenlege, jf. lovforslaget § 3-2. Eit jordskifte etter lovforslaget §§ 3-4 til 3-10 må dessutan samla sett føre til meir tenlege eigedomstilhøve i jordskifteområdet. Dette kjem i tillegg til vilkåret om at ingen eigedom eller bruksrett skal reduserast i verdi som følgje av jordskifte, jf. lovforslaget § 3-18.

Formuleringa «eigedomstilhøve» omfattar på same måte som i lovforslaget § 3-1 både eigedommar og rettar i jordskifteområdet.

Jordskifteretten skal gjere ei samla vurdering av om eigedomstilhøva blir meir tenlege. I vurderinga må jordskifteretten sjå på det partane peiker ut som utenleg, jf. lovforslaget § 3-2. Kostnadene ved jordskiftet går inn i denne samla vurderinga. Jordskifteretten skal likevel sjå bort i frå kostnader knytt til sakkunnig hjelp i tvistar, sjå lovforslaget § 7-8.

Omgrepet jordskifteområdet er definert i lovforslaget § 1-3 bokstav a.

Til II Verkemiddel

Lovforslaget kapittel 3 del II inneheld dei verkemidla jordskifteretten kan bruke i eit jordskifte.

Til § 3-4 Ny utforming av eigedom og alltidvarande bruksrett

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om ny utforming av eigedom og alltidvarande bruksrett i kapittel 8.10.3.

Første ledd første punktum seier at jordskifteretten kan forme ut eigedom og alltidvarande bruksrett på nytt ved å byte om grunn og alltidvarande bruksrett. Første punktum fører vidare gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b. Første punktum gjeld òg omforming som etter gjeldande jordskiftelov er regulert av § 2 første ledd bokstav i. Første punktum gir òg heimel for byteprosessar som følgjer av gjeldande jordskiftelov § 35. Ut over dette er avløysing som skjer med heimel i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav d fanga opp i dei tilfella avløysinga fører til oppgjer i form av grunn eller alltidvarande bruksrett.

Det er ikkje meininga å gjere endring i kva for slag «eigedom og alltidvarande bruksrett» som kan formast ut på nytt. Lovforslaget gjeld som i dag, alle typar fast eigedom og alltidvarande bruksrettar som ligg til fast eigedom.

Omgrepet «alltidvarande bruksrett» kan femne rett til ei bestemt form for bruk som for eksempel ferdselsrett, beiterett, fiskerett, parkering av bil, båtfeste og til å ta trevirke. Omgrepet «alltidvarande bruksrett» femner for eksempel ikkje tidsavgrensa bruksrettar eller såkalla negative servituttar. Slike rettar kan likevel omfattast av jordskifte dersom dei er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing, jf. lovforslaget §§ 3-11 eller 3-12.

Første ledd andre punktum seier at bruksrettane må liggje til fast eigedom. Med omgrepet «liggje til» fast eigedom er meint bruksrettar som følgjer eigedommen og ikkje eigaren. Det handlar såleis om rettar som ikkje kan avhendast utan saman med eigedommen eller ein høveleg del av han, jf. servituttlova § 9 andre ledd første punktum.

Andre punktumfører vidare avgrensinga frå førearbeida til gjeldande jordskiftelov mot personlege bruksrettar. Jordskifteretten kan likevel etter lovforslaget § 3-11 flytte for eksempel ein privat veg som nokon har ein personleg bruksrett til. Den personlege bruksretten vil da følgje med til den nye vegtraseen.

Andre ledd første punktum seier at jordskifteretten kan påby at vassleidningar, damanlegg, kraftleidningar og liknande som står på grunn som går i byte etter første ledd, skal overførast til ny eigar. Andre ledd andre punktum seier at det same gjeld bygningar. Påbod om å byte bygningar og tekniske anlegg fører vidare gjeldande jordskiftelov § 48. Heimelen til å gi påbod om å byte bygningar er gjort generell. Heimelen må sjåast i lys av vilkåret i lovforslaget § 3-18 som seier at ingen eigedom eller bruksrett skal li tap. Heimelen vil såleis ha mest praktisk å seie for bygningar som har liten verdi for eigaren.

Andre ledd fører vidare kompetansen jordskifteretten har til å gi påbod om overføring etter gjeldande jordskiftelov § 48. Reglane om vederlag ved overføring går fram av lovforslaget § 3-25.

Til § 3-5 Skiping av sameige

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om skiping av sameige i kapittel 8.11.3.

Lovforslaget § 3-5 gir jordskifteretten ein ny heimel til å skipe sameige mellom eigedommar. Sameige kan opprettast dersom dette bøter på dei utenlege eigedomstilhøva på ein betre måte enn ved å gi reglar om sambruk mellom eigedommar etter lovforslaget § 3-8.

Kompetansen jordskifteretten har til å skipe realsameige er generell. Jordskifteretten kan for eksempel skipe jordsameige slik dette går fram av matrikkellova § 5 første ledd bokstav d. Kompetansen femner òg meir enn dette. Såkalla «moderne realsameiger» som er omtala i NOU 1999: 1 Lov om eiendomsregistrering kapittel 25.2 Kort om opphav, rettstilstand, utvikling og omfang er òg omfatta. Sjå omtale av slike sameiger i kapittel 8.11.3 Jordskifteretten kan ikkje skipe personleg sameige etter § 3-5.

Når sameiget er oppretta, gjeld sameigelova for tilhøvet mellom sameigarane.

Ein kan berre gi nye reglar om bruksordning etter lovforslaget § 3-8 dersom det ligg føre særlege grunnar. Kva som ligg i særlege grunnar går fram av merknadene til lovforslaget § 3-8 første ledd andre punktum. I tillegg til vilkåra som gjeld for bruksordning, må løysinga etter lovforslaget § 3-5 vere «betre». Dette omgrepet stiller ikkje noko bestemt krav til kor mykje betre skiping av jordsameige må vere.

Sjølve vurderinga av om noko er «betre», må vere konkret. Jordskifteretten skal vurdere kva som er «utenlege eigedomstilhøve» i ljos av reglane i lovforslaget § 3-2.

Spesialmerknadene til lovforslaget § 3-8 Reglar om sambruk (bruksordning) viser kva som ligg i etablering av felles bruk mellom eigedommar.

Til § 3-6 Oppløysing av sameige og sambruk mellom eigedommar

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om oppløysing av sameige og sambruk mellom eigedommar i kapittel 8.12.3.2.

Paragrafen gjeld oppløysing av sameige og sambruk mellom eigedommar. Dette kan føre til fysisk deling av grunn som ligg i sameige mellom eigedommar eller der det er sambruk. I andre høve har jordskifteretten kompetanse til å dele eigedom etter lovforslaget § 3-7. Sjå merknadene til lovforslaget § 3-7.

Lovforslaget § 3-6 byggjer på gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav a. Det er ikkje meininga å gjere noka endring når det gjeld kompetansen jordskifteretten har til å løyse opp sameige mellom eigedommar (bokstav a).

Etter første punktum kan jordskifteretten «løyse opp» sameige og sambruk mellom eigedommar. Resultatet vil vere at sameigearealet blir delt mellom sameigarane. Oppløysing av sameige mellom eigedommar vil føre til at kvar enkelt sameigar får sin del av eigedommen som eineeigar. Jordskifteretten fastset, merkjer og koordinatfestar dei nye eigedomsgrensene. I matrikkelen blir det inga endring når det gjeld tal einingar med mindre det er tale om ei fullstendig oppløysing av eit sameige som er registrert som eiga eining.

Omgrepet sameige «mellom eigedommar» skal bli forstått på same måte som omgrepet ligg i sameige «mellom bruk» som brukast i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav a.

Jordskifteretten kan òg løyse opp «sambruk mellom eigedommar». Regelen tek for det første sikte på situasjonar der to eller fleire eigedommar for eksempel har same rett til å bruke ein veg over fast eigedom eller til å beite på ein eigedom som dei ikkje eig sjølv. Regelen dekkjer òg situasjonar der fleire har ulike bruksrettar på same eigedom. Når jordskifteretten løyser opp sambruk mellom eigedommar, kan kvar enkelt rettshavar få sin rett lagt ut på eit avgrensa område. Det er altså tale om å individualisere rettane til dei eigedommane som har bruksretten.

Det ligg ikkje i paragrafen at jordskifteretten kan løyse opp eit sameige som berre gjeld ein bygning. Dette fører vidare gjeldande rett.

Etter andre punktum kan oppløysinga vere delvis eller fullstendig. Dette er lovfesting av gjeldande praksis.

Til § 3-7 Deling av eigedom

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om deling av eigedom i kapittel 8.12.3.3.

Forskjellen mellom lovforslaget § 3-6 og lovforslaget § 3-7 er at lovforslaget § 3-6 handlar om deling av realsameige, medan lovforslaget § 3-7 blant anna vil gjelde der det er snakk om å dele eigedom som ikkje fell inn under lovforslaget § 3-6. Eksempel på slik deling er oppløysing av andre sameige enn realsameige, for eksempel personlege sameige, og deling av eigedom som fleire har kjøpt saman for å dele han og bruke eigedommen som tilleggsjord.

Ein eigar av eigedom kan ikkje reise sak for jordskifteretten mot seg sjølv. Dei utenlege forholda må da løysast av eigaren sjølv. Sjølv om ein eigar ønskjer eigedommen sin delt, kan han såleis ikkje krevje sak etter lovforslaget § 3-7 for å dele eigedommen. I slike høve må eigaren søkje delingssamtykke etter plan- og bygningslova eventuelt òg etter jordlova på vanleg måte. Jordskifteretten kan heller ikkje måle opp eigedommen i slike høve.

Lovforslaget § 3-7 gir jordskifteretten heimel til å dele og forme ut ein eigedom med tilhøyrande bruksrettar etter eit bestemt høvetal. Kompetansen jordskifteretten har til å forme ut eigedommar på nytt ved byte av eigedom eller bruksrett, går fram av lovforslaget § 3-4 som byggjer på gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b og i.

Ordlyden i lovforslaget § 3-7 er henta noko nær ordrett frå gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav g, og paragrafen er meint å føre denne regelen vidare. Paragrafen skal dessutan dekkje situasjonen der jordskifteretten deler landbrukseigedom som skal nyttast som tilleggsjord, jf. gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav f. Etter denne føresegna kan jordskifte gå ut på å dele eigedom og forme ut eigedommane når grunn og rettar skal avhendast i samsvar med formålet i jordlova. Bokstav f var først og fremst meint brukt når staten avhenda tilleggsjord til andre eigedommar. Ordninga med statlege tilleggsjordkjøp er nå oppheva. Bokstav f kan òg brukast når andre avhender tilleggsjord, for eksempel kommunen. Bokstav f kan dessutan nyttast når eigedom går direkte over frå ein privatperson til ein eller andre privatpersonar, utan at stat eller kommune på noko tidspunkt står som formell eigar.

Når jordskifteretten kan «dele og forme ut ein eigedom», kan eigedommen for eksempel delast mellom fleire sameigarar, men jordskifteretten kan òg dele eigedom som er eigd av ein enkelt person eller eitt rettssubjekt.

Når jordskifteretten kan «forme ut» ein eigedom etter denne paragrafen, betyr det at jordskifteretten kan trekkje dei nye grensene på same måten som dette gjerast etter lovforslaget § 3-4.

Paragrafen gjeld når jordskifteretten deler eigedommen «etter eit bestemt høvetal» (for eksempel ein brøk eller etter ei prosentfordeling. Formuleringa etter eit bestemt høvetal krev ikkje ein eksakt brøk, partane kan òg vere samde om eit «slingringsmon». Høvetalet kan følgje av avtale, dom eller anna. Det er ikkje jordskifteretten som tek stilling til om eigedommen skal delast eller ikkje. Det er kravet om sak for jordskifteretten som må leggjast til grunn for kva jordskifteretten kan gjere.

Ein avtale som ikkje gir jordskifteretten noko slingringsmon å ta stilling til, eller der det ikkje er tvil om kvar grensa skal gå, er ikkje omfatta av omgrepet «etter eit bestemt høvetal». Dette kan for eksempel vere ein avtale om at kvar av partane skal ha kvar sin teig.

Jordskifteretten må dessutan halde seg innanfor reglane i matrikkellova, plan- og bygningslova og jordlova som inneheld krav om delingsløyve, sjå lovforslaget § 3-19 andre ledd og merknadane til denne føresegna. Kompetansen jordskifteretten har etter lovforslaget § 3-7 er såleis å verdsetje den enkelte delen basert på eit høvetal, og gjere delinga. Reglane om verdsetjinga går fram av lovforslaget §§ 3-15 og 3-16.

Kven som kan krevje sak om deling etter lovforslaget § 3-7, går fram av lovforslaget § 1-5. Sjå merknader til denne paragrafen.

Til § 3-8 Reglar om sambruk (bruksordning)

Det er gjort greie for dei ulike forslaga til reglar om sambruk i kapittel 8.13.

Etter føresegna kan jordskifteretten gi reglar om «sambruk mellom eigedommar», det som til dagleg kallast bruksordning. Omgrepet bruksordning er teke med i overskrifta av informative omsyn.

Paragrafen gjeld sambruk. Jordskifteretten får eit verktøy for å ordne bruken innan eit bestemt område. Det aktuelle området kan leggjast ut slik at berre ein eigedom får ein bestemt rett på ein del av sambruksområdet. I andre høve kan sambruken leggjast ut slik at fleire eigedommar har felles og likearta bruk av området. Jordskifteretten kan òg fastsetje at ulike eigedommar kan bruke eigedommen til kvar si tid. I nokre høve kan sambruken vere at ein eigedom får hogstrett medan ein annan får beiterett. I andre høve kan sambruken vere at alle eigedommane får rettar av same slaget, for eksempel beiterett.

Første ledd første punktum fører vidare heimelen i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c nr. 1 til å kunne gi reglar om sambruk mellom eigedommar der slike reglar ligg føre frå før. Det er gjort ei endring i lovteksten for å få klart fram at jordskifteretten òg har kompetanse til å endre eksisterande reglar. Første ledd første punktum kan gjelde tilhøva mellom alle eigedommar som er involverte i den aktuelle sambruken. Jordskifteretten kan gi reglar for sambruk der bruken blir delt mellom eigarar, eigarar og bruksrettshavarar, eller mellom bruksrettshavarar, sjå første ledd tredje punktum.

Paragrafen gjeld sambruk «mellom eigedommar». Han gjeld ikkje personlege bruksrettar.

Kva jordskifteretten kan gi reglar om i dag, går mellom anna fram av gjeldande jordskiftelov § 35. Sjølv om det ikkje er direkte sagt i lovforslaget samla sett, er meininga at jordskifteretten framleis skal kunne gjere dei same tiltaka som tidlegare. Sjå gjennomgangen av dette i kapittel 8.13.2.4. Jordskifteretten kan òg som etter gjeldande jordskiftelov § 56 andre ledd, jf. jordlova § 10, i samband med jordskifte endre brukstilhøva for uttak av brenntorv og strøtorv.

Etter første ledd andre punktum kan jordskifteretten skipe sambruk og fastsetje reglar om sambruk der det ikkje er sambruk frå før dersom det ligg føre særlege grunnar. Andre punktum fører vidare vilkåret i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c nr. 2. Der det ikkje er sambruk frå før, kjem vilkåret om «særlege grunnar» i tillegg til vilkåra i lovforslaget §§ 3-2, 3-3, 3-20 og 3-21. Vilkåret om særlege grunnar inneber at det bør vere meir enn alminnelege grunnar til å tvinge eineeigde eigedommar inn i eit bruksfellesskap med andre. Etter gjeldande lov gjeld slike bruksordningar ofte jakt, fiske, bruk av vegar og utnytting av ressursar som krev samarbeid på tvers av eigedomsgrenser anten det gjeld vasskraft eller grus- og massetak.

Når for eksempel fråver av tenlege jaktvald anten øydelegg for nokon av eigarane, eller tvingar alle til urasjonell organisering av jakta, er dette eit eksempel på kva som vil falle inn under vilkåret «særlege grunnar». Det kan ikkje vere tvil om at jordskifteretten óg etter gjeldande reglar kan skipe sambruk for jakt, og gi reglar om det i område der det ikkje er sambruk i jakta frå før. Rettspraksis etter gjeldande lov er såleis relevant.

Lovforslaget § 3-8 første ledd andre punktum er ikkje ein heimel som jordskifteretten kan bruke for å endre eigedomstilhøva, for eksempel for å skipe sameige.

Jordskifteretten kan etter første ledd tredje punktum ordne tilhøva mellom eigar og bruksrettshavar og mellom bruksrettshavarar innbyrdes. Tredje punktum fører vidare gjeldande jordskiftelov § 33 første ledd første punktum. Jordskifteretten kan ordne bruken, for eksempel beitebruken, der det berre er ein grunneigar på den eine sida og ein bruksrettshavar på den andre. Jordskifteretten kan òg ordne bruken der fleire bruksrettshavarar brukar for eksempel beitet saman.

Etter første ledd fjerde punktum kan jordskifteretten mellom anna avgrense feltet for utøving av bruksrett og gi reglar om bruksmåte. Formuleringa «mellom anna» inneber at det ikkje er ei uttømmande opprekning av kva jordskifteretten kan gjere.

Heimelen i gjeldande jordskiftelov § 52 til å halde bruksordningssak for gjerde blir ikkje eksplisitt ført vidare i fjerde punktum, men bruksordning etter § 3-8 vil kunne gjelde slik sak. Jordskifteretten må i slike høve fastsetje gjerdeplikta i samsvar med gjeldande lovreglar slik det er fastsett i gjeldande jordskiftelov § 52 andre ledd.

Føresegna fangar mellom anna inn dei vanskane det kan vere med å nytte ut areal der sand, grus, og torvmassar strekkjer seg over fleire eigedommar, og kvar eig sitt. Etter kvart som massane blir tekne ut, vil det bli slik at vidare uttak inn mot nabogrense kan øydeleggje for naboen eller tvinge fram urasjonell drift. I sin tur kan dette føre til eit uheldig landskap med attståande ryggar som er utsette for ras, i staden for eit nytt og meir heilskapleg utforma terreng etter samla avslutta masseuttak.

Føresegna fangar òg opp vanskar knytt til felles infrastruktur. Eksempel på at slike vanskar kan løysast etter føresegner i gjeldande lov finn ein i gjeldande jordskiftelov § 35 bokstav j om vegar, parkeringsplassar, leikeplassar, grøntområde med vidare, § 43 første ledd andre punktum om vegar, § 44 første ledd om forskjellige slag opne og lukka grøfter og kanalar, § 44 andre ledd om vatn, vassdrag og om vassleidningar og kloakkleidningar og § 52 første ledd om gjerdeplikt og deling av gjerdehald. Departementets forslag inneber at desse moglegheitene blir ført vidare.

Når det gjeld kva jordskifteretten kan gjere etter ny jordskiftelov som ein følgje av at gjeldande jordskiftelov § 35 er sløyfa, viser ein til kapittel 8.13.2.4.

Andre ledd fører vidare praksis etter gjeldande jordskiftelov.

Tredje ledd første punktum inneber ei utviding av kompetansen jordskifteretten har til å gi reglar om sambruk av eigedom. Jordskifteretten får etter første punktum kompetanse til å gi reglar om sambruk av «uteareala til eigarseksjonar». Retten kan etter første punktum ikkje gi reglar for uteareal som eigaren av ein eigarseksjon har full råderett over. Retten kan heller ikkje gi reglar for det som etter eigarseksjonslova § 6 blir rekna som fellesareal. I praksis vil det vere aktuelt å kunne gi reglar for sambruk av felles tilkomstveg, parkeringsplass, leikeareal og liknande. Etter tredje ledd andre punktum gjeld første og andre ledd for skiping av sambruk i uteareala til eigarseksjonar.

Fjerde ledd seier at jordskifteretten kan gi reglar om bruken i det samiske reinbeiteområdet der det går føre seg reindrift. Fjerde ledd fører vidare gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c punkt 3.

Til § 3-9 Pålegg om felles tiltak og pålegg om felles investeringar

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om pålegg om felles tiltak og pålegg om felles investeringar i kapittel 8.14.3.

Første ledd gir jordskifteretten kompetanse til å påleggje partar felles tiltak og påleggje partar felles investeringar. Kompetansen gjeld i samband med bruk av eigedommar eller bruksrettar. Felles infrastruktur er eit praktisk viktig eksempel på slike tiltak.

Etter første ledd kan jordskifteretten påleggje tiltak eller investeringar som eiga sak, eller i samband med avgjerd etter lovforslaget § 3-8.

Etter gjeldande reglar er kompetansen plassert i fleire paragrafar, sjå omtalen av dette i kapittel 14.3. Det er nærare lista opp kva kompetansen går ut på i desse paragrafane. Lovforslaget byggjer på paragrafane, men har fått ei generell utforming. Kompetansen til jordskifteretten etter lovforslaget fører såleis vidare den kompetansen som ligg til jordskifteretten etter gjeldande reglar, men dessutan blir kompetansen utvida. Paragrafen byggjer mellom anna på den kompetansen retten har etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav e til å skipe sams tiltak i samband med utnytting og bruk av eigedommar, jf. gjeldande jordskiftelov § 34 a. Gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav e gir òg jordskifteretten kompetanse til å skipe tørrleggjingstiltak etter § 30 i vannressurslova. Lovforslaget § 3-9 byggjer òg på denne kompetansen. Jordskifteretten kan etter gjeldande jordskiftelov § 41 andre ledd skipe dei sams tiltaka som trengst i samband med planar. Paragrafen fører òg vidare den kompetansen jordskifteretten har etter gjeldande jordskiftelov § 42 til å «ta med i skifteplanen nødvendige investeringar». I den utstrekning taubane eller løypestreng er eit sams tiltak i jordskifteområdet, følgjer det av gjeldande jordskiftelov § 43 tredje ledd at jordskifteretten kan gjere vedtak om sams tiltak og påleggje investeringar for slik infrastruktur. Første punktum fører òg vidare denne kompetansen.

Kompetansen gjeld «Pålegg om felles tiltak og pålegg om felles investeringar». Gjeld tiltaket bruksrettar, kan tiltaket gjelde ein eigedom, men saka må gjelde for fleire bruksrettshavarar. Pålegg om tiltak eller pålegg om felles investering kan for eksempel gjelde felles infrastruktur. Tiltak eller felles investering kan mellom anna gjelde veg, vassforsyning, kloakk, teleliner, kraftforsyning, gjerde og forbygging mot naturskade. Den generelle formuleringa i lovforslaget § 3-9 første ledd er såleis meint å føre vidare dei meir spesifikke føresegnene i gjeldande jordskiftelov §§ 41 andre ledd om sams tiltak i samband med planar etter plan- og bygningslova, 43 første ledd om vegar, 44 om opne og lukka grøfter og kanalar, vassleidningar og kloakkleidningar, 52 om gjerdehald og 54 om forbyggingsarbeid eller andre tryggingstiltak mot naturskade, slik som veg, vassleidningar og så vidare.

Første ledd gjeld både nye tiltak og når jordskifteretten berre fastset at tiltaket skal endrast, for eksempel ved oppgradering av ein veg. Omgrepet «påleggje» bruker ein for å få fram at jordskifteretten kan bestemme at ein uvillig part skal vere med på ei investering.

Andre ledd seier at jordskifteretten òg kan påleggje felles tiltak og felles investeringar mellom reindrifta og grunneigarar eller bruksrettshavarar. Bygging av gjerde er eit eksempel på kva som fell inn under føresegna.

Til § 3-10 Skiping av lag og fastsetjing av vedtekter. Driftsselskap

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om skiping av lag og fastsetjing av vedtekter i kapittel 8.15.3.

Jordskifteretten skipar etter gjeldande jordskiftelov § 34 b første ledd dei lag som er nødvendig for å kunne ordne bruk og sambruk innan skiftefeltet. Ordlyden i lovforslaget § 3-10 er noko annleis enn i gjeldande jordskiftelov § 34 b, men kompetansen jordskifteretten har til å skipe lag for drift eller vedlikehald, blir ført vidare.

Etter første ledd første punktum kan jordskifteretten skipe lag for drift eller vedlikehald når fleire skal bruke ein eigedom eller har bruksrett til han. Jordskifteretten kan etter lovforslaget § 3-19 gjere dette når det er nødvendig ut frå avgrensinga av saka etter lovforslaget § 6-9.

Det er ikkje mogleg å gi ei generell avklaring på kva for rettsleg status eit lag som er stifta etter lovforslaget § 3-10 kan ha. Laget kan for eksempel vere eit tingsrettsleg sameige, eit liknande samrettsforhold, eller eit ansvarleg selskap. Det avgjerande er ei konkret vurdering av kva verksemd laget driv. Drifta kan variere og laget kan såleis skifte karakter.

Jordskifteretten kan skipe lag for drift eller vedlikehald når fleire skal bruke ein eigedom eller har bruksrett til han.

Første ledd andre punktum seier at jordskifteretten kan endre eksisterande lag. Andre punktum er ei lovfesting av praksis etter gjeldande jordskiftelov § 34 b.

Andre ledd første punktum seier at jordskifteretten skal fastsetje vedtekter for lag han skipar. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 34 b femte ledd første punktum der det heiter at jordskifteretten fastset vedtekter for det einskilde lag. Jordskifteretten kan gi reglar for organiseringa av laget. Reglar om bruken av eigedommen eller bruksretten blir fastsett etter lovforslaget § 3-8.

Andre ledd andre punktum seier at jordskifteretten skal endre eksisterande vedtekter i det omfang endringar i bruksreglar eller endringar i laget tilseier det. Andre punktum byggjer på gjeldande jordskiftelov § 34 b femte ledd første punktum.

Tredje og fjerde ledd fører vidare føresegnene i gjeldande jordskiftelov § 34 b tredje og fjerde ledd, om etablering av driftsselskap.

Tredje ledd seier at tiltak som kan innebere stor risiko, berre kan gjennomførast av eit driftsselskap. I slike høve vel parten sjølv om han vil vere med i selskapet. Det laget som jordskifteretten har skipa etter reglane første ledd, tek avgjerd om gjennomføring ved fleirtalsvedtak. Jordskifteretten kan ikkje bestemme skiping av driftsselskap, og laget har heller ikkje plikt til å skipe driftsselskap. Blir driftsselskap skipa har kvar av deltakarane rett til å vere med i driftsselskapet så langt det svarar til høvetalet. I denne formuleringa ligg det at den einskilde parten kan vere med heilt eller delvis etter sitt høvetal. Den einskilde parten kan på den andre sida velje om han vil stå utanfor driftsselskapet. Om nokon vil vere med som ikkje røysta for, skal det seiast frå så snart råd er, og seinast 3 veker etter at han har fått skriftleg melding om vedtaket med opplysning om denne fristen. Driftsselskapet skal svare vederlag for utnyttingsretten til laget, som fordeler dette til deltakarane etter høvetalet deira.

Fjerde ledd seier at partane, når dei er samde om det, kan gjennomføre også andre tiltak enn dei som er nemnt i tredje ledd første punktum, det vil seie tiltak utan stor risiko, ved eit driftsselskap. Tredje ledd tredje og femte punktum gjeld da tilsvarande. Føresegnene om frist, i gjeldande jordskiftelov § 34 fjerde ledd tredje og fjerde punktum, blir ikkje ført vidare. Lovforslaget §§ 6-1 andre ledd bokstav k og 6-6 gir til saman grunnlag for å setje dei fristar som er nødvendige for å få avvikla jordskiftet.

Til § 3-11 Omskiping og avløysing av tidsavgrensa bruksrett og alltidvarande bruksrett som ikkje ligg til fast eigedom

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om tidsavgrensa bruksrett og alltidvarande bruksrett som ikkje ligg til fast eigedom i kapittel 8.16.4.

Første ledd gir jordskifteretten heimel til å omskipe og avløyse tidsavgrensa bruksrett og alltidvarande bruksrett som ikkje ligg til fast eigedom dersom dei hindrar ei tenleg jordskifteløysing. Paragrafen byggjer på fleire ulike føresegner i gjeldande jordskiftelov. Han byggjer mellom anna på §§ 33 første ledd første punktum, delar av 33 andre ledd andre punktum og 39 første punktum. I tillegg byggjer omskipingsomgrepet i første ledd første punktum på innhaldet i omskipingsomgrepet i servituttlova § 5.

Første ledd første punktum seier at jordskifteretten kan omskipe tidsavgrensa bruksrett eller alltidvarande bruksrett som ikkje ligg til fast eigedom dersom bruksretten er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Med «omskiping» er meint at jordskifteretten kan få bruken flytt eller nærare fastlagt, eller få rettshøve endra på annan måte. Jordskifteretten kan ved omskipinga ordne tilhøva mellom eigarar og bruksrettshavarar og bruksrettshavarar seg imellom. Eit eksempel på kva retten kan gjere er å gi reglar for tilhøva mellom innehavarar av like rettar som for eksempel vegrett eller beiterett. Retten kan òg gi reglar for tilhøva mellom dei som er innbyrdes avhengige av forskjellige rettar over same eigedom. Eksempel på dette kan vere beiterett for forskjellige husdyr på same utmarksområde.

Med «tidsavgrensa bruksrett» er meint ein rett som er avgrensa i tid. Dette omfattar mellom anna personlege bruksrettar.

Lovforslaget bruker formuleringa «alltidvarande bruksrett som ikkje ligg til fast eigedom». Med dette er meint ein bruksrett som ikkje er tidsavgrensa. Formuleringa «ligg til fast eigedom» er forklart i merknadene til lovforslaget § 3-4 andre punktum.

Formuleringa «dersom bruksretten er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing» viser at føresegna ikkje er sjølvstendig grunnlag for eit jordskifte. Dette går òg fram av lovforslaget § 3-1 første ledd tredje punktum. Sjå merknadene til lovforslaget § 3-1.

Første ledd andre punktum seier at jordskifteretten kan avløyse bruksretten dersom omskiping ikkje fører fram. Andre punktum gjeld tidsavgrensa bruksrettar og alltidvarande bruksrettar som ikkje ligg til fast eigedom. Gjeldande jordskiftelov §§ 36 og 39 skil ikkje mellom reelle og personlege bruksrettar. Paragrafen i lovforslaget byggjer på dette punktet på den kompetansen jordskifteretten har etter gjeldande jordskiftelov §§ 36 og 39 første punktum til å avløyse eksisterande tidsavgrensa og alltidvarande bruksrettar.

Andre leddførste punktum seier at første ledd ikkje gjeld for tomtefeste eller forpakting. Slike bruksrettar er regulerte etter tomtefestelova og forpaktingslova.

Andre ledd andre punktum fører vidare gjeldande jordskiftelov §§ 36 andre ledd og 39 andre ledd. Det inneber at jordskifteretten ikkje kan avløyse retten samane har til å utøve reindrift etter reindriftslova i samiske reinbeiteområde.

Til § 3-12 Avløysing av alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom, og negativ servitutt

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om tidsavgrensa bruksrett og alltidvarande bruksrett som ikkje ligg til fast eigedom i kapittel 8.16.4.

Paragrafen seier at jordskifteretten kan avløyse alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom eller rett til å forby enkelte slag verksemd, bruk eller tilstand (negative servituttar) dersom retten er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing. Formuleringa «alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom» er forklart i merknadene til lovforslaget § 3-4 andre punktum.

Med negative servituttar er i lovforslaget meint rett til å forby eigaren å disponere over bestemte ressursar på eigen grunn. Eksempel på negative servituttar er byggeforbod, forbod mot å oppføre bestemte former for byggverk, eller forbod mot å drive med ulike former for verksemd.

Til III Grunnlaget for jordskifteløysinga

Reglar om kva jordskifteretten må gjere for å leggje til rette grunnlaget for jordskifteløysinga er tekne inn i lovforslaget kapittel 3 del III. Grunnlaget for jordskifteløysinga er behandla i kapitla 8.17 til 8.19.

Til§ 3-13 Eigedoms- og bruksrettstilhøva

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om eigedoms- og bruksrettstilhøva i kapittel 8.18.3.

Første ledd seier at jordskifteretten skal fastsetje eigedomsrettstilhøva og bruksrettstilhøva slik dei er. Første ledd byggjer på gjeldande jordskiftelov § 16. Det er ikkje meininga å gjere noka endring i høve til innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 16. Av gjeldande jordskiftelov § 16 første ledd første punktum går det fram at jordskifteretten skal klarleggje grensene for skiftefeltet. Jordskifteretten kan etter gjeldande jordskiftelov § 16 første ledd tredje punktum regulere grensene på den måten han meiner er mest tenleg for dei eigedommane det gjeld, dersom det ikkje er mogleg å få regulert grensene gjennom minneleg makeskifte. Jordskifteretten må etter § 16 andre ledd få grensene mellom eigedommane innbyrdes på det reine, og han må få klarlagt så nøye som råd er, eigedomstilhøve og alle rettar og tyngsler som kviler på feltet. Jordskifteretten kan dessutan etter § 16 tredje ledd om det trengst av omsyn til jordskiftet, fastsetje slike grenser som er nemnde i lov 15. mars 1940 nr. 3 om vassdragene §§ 2, 3 og 4.

Jordskifteretten skal etter lovforslaget første ledd fastsetje eigedomsrettstilhøva og bruksrettstilhøva sjølv om partane er samde om tilhøva. Det same gjeld der det er uvisse om rettstilhøva og der partane ikkje er samde (når det er tvist). Føresegna i lovforslaget § 3-16 om at jordskifteløysinga ikkje skal gå lenger enn det som er nødvendig for å bøte på dei utenlege tilhøva, avgrensar i praksis kva jordskifteretten skal fastsetje.

Om det trengst av omsyn til jordskiftet, skal jordskifteretten etter gjeldande jordskiftelov § 17 første ledd avgjere ved dom tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett eller anna innan skiftefeltet eller med utanforståande. Etter gjeldande jordskiftelov § 17 a første ledd skal jordskifteretten, når han ikkje nytter forma dom, nytte forma vedtak når han tek avgjerd som gjeld grenser, rettar eller plikter for ein eller fleire partar. Lovforslaget fører ikkje vidare skiljet mellom tvist og ikkje tvist når det gjeld forma på avgjerd.

Dei aktuelle avgjerdene skal etter lovforslaget alle fastsetjast ved dom.

Rettstilhøva vil i dei fleste tilfella naturleg avgrensast til å gjelde bruksrettar av ulike slag, eigedomsrett og liknande. Det er desse rettstilhøva lovforslaget, som etter gjeldande rett, gir jordskifteretten heimel til å fastsetje. Usemje som ikkje har sakleg samanheng med eigedommen eller bruksretten, kan retten ikkje avgjere. Meininga er at jordskifteretten må ta stilling til alle rettstilhøve som har noko å seie for jordskifteløysinga.

Fastsetjinga skal gjerast ved dom.

Ved oppløysing av sameige etter lovforslaget §§ 3-6 eller 3-7 følgjer det av § 3-13 første ledd at jordskifteretten skal fastsetje partshøvet. I normaltilfella kan jordskifteretten på same måten som etter gjeldande jordskiftelov byggje på sameigedelen til den enkelte Dersom ikkje sameigedelane er kjende, kan jordskifteretten for eksempel byggje på den skatteskylda kvar eigedom hadde da sameigetilhøvet mellom dei blei etablert. Er skatteskylda ukjent, kan jordskifteretten byggje på den skylda som gjaldt fram til lov 17. desember 1836. Jordskifteretten skal ikkje ta omsyn til avtak i skatteskylda. Om partane meiner at det er andre måtar å rekne ut sameigedelane på, må jordskifteretten vurdere dette.

Eigedoms- og bruksrettstilhøva slik dei er før jordskiftearbeidet tek til er eit viktig grunnlag for å vite om saka kan behandlast, og for å skape nye eigedoms- og bruksrettstilhøve gjennom jordskifte.

Jordskifteretten kan ta omsyn til nye tilhøve som for eksempel at ein eller fleire partar har fått kjøpe tilleggsjord etter at jordskiftesaka tek til eller har fått ein ny bruksrett undervegs i saka.

Med «eigedomstilhøva og bruksrettstilhøva» er meint kven som eig kva, kva for rettar som kviler på eigedommane og kor grenser for fast eigedom og for rettar går.

Andre ledd seier at dersom partane er samde om heile eller delar av grunnlaget for jordskifteløysinga, kan retten byggje jordskiftet på semja om grunnlaget. Andre ledd byggjer på gjeldande jordskiftelov § 28 første ledd andre punktum og det som står om høvet til å byggje på partane si semje.

Til § 3-14 Kva jordskifteretten skal verdsetje

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om kva jordskifteretten skal verdsetje i kapittel 8.19.3.

Paragrafen gjeld ved bruk av verkemidla i lovforslaget kapittel 3. Paragrafen gjeld ikkje ved skjønn og andre avgjerder etter kapittel 5 i lovforslaget.

Med omgrepet «verdsetje» i første ledd er meint at jordskifteretten skal finne fram til tal eller anna uttrykk (for eksempel ein brøk) for verdet av det som går i byte ved jordskiftet. Verdsetjinga skal fange opp det som skal til for å sikre at bytet i seg sjølv ikkje får følgjer som strir mot dei grunnleggjande vilkåra for jordskifte. Verdsetjinga skal òg leggje til rette for drøftingar fram mot ei jordskifteløysing som kan bøte av for dei utenlege eigedomstilhøva. Korleis jordskifteretten skal gjere verdsetjinga går fram av lovforslaget § 3-17. Jordskifteretten skal finne fram til det relative verditilhøvet mellom det som går i byte.

Ein part har krav på verdsetjing av både det parten kan kome til å gi frå seg, og det parten kan kome til å ta imot. I praksis vil det oftast vere slik at kravet utløyser verdsetjing av alt i jordskifteområdet som kan kome til å skifte eigar.

Etter lovforslaget § 6-19 har jordskifteretten plikt til å rettleie partane. Dette gjeld òg for deira bruk av retten til å krevje verdsetjing.

Jordskifteretten kan verdsetje sjølv om ein part ikkje har kravd det. Dersom det ikkje kjem krav frå partane, må retten av eige tiltak vurdere om verdsetjing trengst. Det er ikkje noko krav til grunngiving av kvifor retten meiner det trengst.

Kjem jordskifteretten til at verdsetjing trengst, må jordskifteretten avgrense verdsetjinga til det som trengst for å gjere bytet. Verdsetjinga skal såleis vere tilpassa dei utenlege eigedomstilhøva i jordskiftet. Vurderinga av kva som er nødvendig må knytast opp mot det som skal gå i byte, og såleis ikkje nødvendigvis heile jordskifteområdet. Vurderinga av kva som er nødvendig er ei endring i tilhøvet til gjeldande jordskiftelov § 19 andre ledd som seier at det som går i byte alltid skal verdsetjast.

Andre ledd seier at om jordskifteløysinga fører til at vederlag skal fastsetjast i pengar eller anna, jf. §§ 3-21 til 3-27, skal jordskifteretten fastsetje vederlaget særskilt. Slik er situasjonen òg etter praksis i dag.

Til § 3-15 Korleis jordskifteretten skal verdsetje

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om korleis jordskifteretten skal verdsetje i kapittel 8.19.3.

Første ledd seier at jordskifteretten skal verdsetje det som går i byte ut frå pårekneleg bruk. Formålet med verdsetjinga er å lage eit grunnlag for å halde jordskiftet. Verdsetjinga ved jordskifte er ikkje eit mål i seg sjølv etter gjeldande jordskiftelov, og ho skal heller ikkje vere det etter den nye jordskiftelova.

Jordskifteretten må identifisere det arealet som skal bytast, og såleis verdsetjast. Formuleringa «ut frå pårekneleg bruk» inneber at jordskifteretten må finne fram til ei form for bruksverdi. For tomter vil verdien ut frå pårekneleg bruk i dei fleste høve bli den same som salsverdien av tomta. Første punktum fører vidare den praksis som har utvikla seg etter gjeldande jordskiftelov om at jordskifteretten skal finne fram til grunnverdien, sjå gjeldande jordskiftelov § 28 første ledd. Jordskifteretten må klarleggje og ta utgangspunkt i korleis dei aktuelle areala og bruksrettane er brukt når jordskifte finn stad.

Det skal framleis vere slik at jordskifteretten skal kunne leggje vekt på eit breitt spekter av omsyn og faktiske tilhøve. Dei faktiske opplysningane som ligg til grunn for verdsetjinga kan ha ulik karakter. Det kan vere bindande planar for arealbruken, arealbruk på tidspunktet for verdsetjinga (dyrka, skog, utmark, tomt og så vidare). Det kan òg vere storleiken på dei forskjellige teigane, arronderinga, graden av opparbeiding på areala, helling, infrastruktur, kva for bygningar som finst, hogstklassefordeling i skog og så vidare. Takstar og tilstandsrapportar av forskjellig slag kan vere ein del av meir vurderingsprega underlag for verdsetjinga.

Nokre gongar kan bygningar vere med i verdiane, andre gongar ikkje. Andre verdiar kan òg trekkjast inn, for eksempel verdien av grus. Ved reine skogskifte kan standskogen vere heilt, delvis eller ikkje med i verdiane. Det er opp til jordskifteretten å vurdere kva som skal trekkjast inn i vurderinga.

Første ledd fangar òg opp at det skal takast omsyn til at det er pårekneleg at bruken vil kunne endrast. Dette skal jordskifteretten òg gjere etter praksis som følgjer av gjeldande jordskiftelov. Jordskifteretten må gjere ei konkret vurdering av om bruksendringa er pårekneleg. Eit viktig moment i denne vurderinga er kva som er fastsett i bindande arealplanar eller om alle nødvendige løyver ligg føre, jf. lovforslaget § 3-19.

Viss jordskifteretten skipar felles tiltak eller gir pålegg om felles investeringar etter lovforslaget § 3-10, må han etter tredje ledd ta omsyn til den framtidige arealbruken som følgje av tiltaka og investeringane.

Reglane for korleis ein skal verdsetje ved byte gjeld òg for verdsetjing av dei rettane som avløysast etter lovforslaget § 3-12 og som erstattast med areal eller rettar.

Det er ingen formkrav knytt til sjølve verdsetjinga. Jordskifteavgjerda er sluttproduktet. Verdsetjinga er ein viktig del av dette. Det følgjer av lovforslaget § 6-23 at jordskifteavgjerder blant anna skal vise dei tilhøva som har hatt mest å seie for avgjerda og dei vurderingane retten har lagt til grunn for avgjerda. Ein følgje av dette er at jordskifteretten må gjere greie for verdsetjinga.

Andre ledd seier at ved verdsetjing av skog kan verdien av standskogen dragast inn i grunnlaget for jordskiftet. Omgrepet standskog famnar tre på rot utan omsyn til om dei er hoggbare. Det er opp til jordskifteretten å ta stilling til om verdien av standskogen skal dragast inn.

Til IV Jordskifteløysinga

Del IV handlar om dei avgjerdene jordskifteretten tek etter del I. Paragrafane har reglar for korleis resultata av avgjerdene kan vere. Før jordskifteretten avgjer saka, skal han etter lovforslaget § 6-21 utarbeide forslag til jordskifteavgjerd, som skal leggjast skriftleg fram for partane. Før forslag utarbeidast, skal retten gi partane høve til å uttale seg om spørsmålet. Partane skal òg få uttale seg til dei merknadene til forslaget som kjem inn. Fristen for uttale skal normalt ikkje vere kortare enn to veker. Jordskifteløysinga er omtala i kapitla 8.20 til 8.28.

Til § 3-16 Avgrensing av jordskifteløysinga

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om kva jordskifteløysinga kan gå ut på i kapittel 8.21.3.

Jordskifteløysinga skal ikkje gå lenger enn det som er nødvendig for å bøte på dei utenlege tilhøva som partane har teke opp i jordskiftet. Paragrafen fører vidare den delen av gjeldande jordskiftelov § 26 første ledd første punktum som seier at jordskifteretten skal endre eigedoms- og brukstilhøva så langt han meiner det er nødvendig etter kravet. Det går fram av lovforslaget § 3-1 kva for verkemiddel jordskifteretten kan bruke for å bøte på det partane har teke opp som utenlege eigedomstilhøve slik det går fram av lovforslaget § 3-2. Det kan liggje føre krav frå fleire partar. Sjølv om gjeldande jordskiftelov § 26 første ledd andre punktum ikkje blir ført vidare, er det ikkje meint å gjere endringar. Jordskifteretten må etter lovforslaget § 6-9 gjere ei sakleg og geografisk avgrensing av saka i samsvar med det eller dei krav som er reist, og som partane har fått uttalt seg til.

Til § 3-17 Føresegner og løyve

Det er gjort greie for forslaget til paragrafen om føresegner og løyve i kapittel 8.22.3.

Etter første ledd skal jordskifteløysinga ikkje vere i strid med bindande offentlege føresegner om arealbruk. Offentlege føresegner om arealbruk kan for eksempel vere lover, forskrifter, reguleringsplanar, arealplanar etter plan- og bygningslova, eller områdevern etter naturmangfaldlova. Det kan òg omfatte eit rammeløyve som kommunen har gitt etter plan- og bygningslova. Eit slikt rammeløyve er ein overordna plan for utbygging. Derfor er løyvet omfatta av første ledd, ikkje andre ledd. Med «bindande» meiner ein både at føresegna er gjort gjeldande, og at ho har ufråvikelege følgjer. Planane må vere lovleg vedtekne, dei må gjelde både det aktuelle arealet og i det aktuelle tidsrommet.

Føresegna fører vidare gjeldande jordskiftelov § 41 første ledd i ei noko anna språkdrakt.

Etter andre ledd første punktum må nødvendige offentlege løyve liggje føre når jordskifteretten tek avgjerd om den endelege jordskifteløysinga. Regelen fører vidare gjeldande jordskiftelov § 20 a. Det må for eksempel liggje føre eit delingssamtykke etter jordlova for at jordskifteretten skal kunne dele ein eigedom etter lovforslaget § 3-7 i eit tilfelle der sameige skal delast opp, og eigedommen skal brukast som tilleggsjord. I mange høve er det kommunen som gir slike løyve, for eksempel byggjeløyve. I andre høve inneber jordskifteløysinga at det skal gjennomførast eit tiltak som krev løyve frå andre myndigheiter, for eksempel der det skal byggjast eit minikraftverk. Jordskifteretten har av eige tiltak ei plikt til å sjå til at nødvendige løyve er til stades.

Andre ledd andre punktum gjer det klart at jordskifteretten kan søkje om dei løyva som trengst for å setje i verk jordskiftet. I praksis vil jordskifteretten berre gjere dette når det er nødvendig for å få gjennomført jordskiftet.

Til § 3-18 Vern mot tap

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om vern mot tap i kapittel 8.23.3.

Etter gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a kan ikkje jordskifte fremjast dersom kostnadene og ulempene blir større enn nytten for kvar enkelt eigedom. I gjeldande jordskiftelov er bruksrett ikkje nemnt, men paragrafen er i praksis tolka slik at han òg omfattar slike rettar. Lovforslaget byggjer på dette. Jordskifteløysinga skal ikkje føre til at kostnadene eller ulempene blir større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett. Dette er eit sentralt vilkår for å halde jordskifte både etter gjeldande jordskiftelov og i lovforslaget.

Formuleringa «kostnadene eller ulempene» i lovforslaget skal forståast på same måte som i gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a. Det er jordskifteretten som vurderer om nytten blir større enn ulempene for nokon av eigedommane eller bruksrettane. Paragrafen vil òg kunne vere ein skranke for bruk av pengar som vederlag fordi jordskifteretten ikkje kan bruke pengevederlag dersom dette fører til at kostnadene eller ulempene blir større enn nytten for eigedommen eller bruksretten. Heimlane for å bruke pengevederlag går fram av lovforslaget §§ 3-20 andre ledd, 3-21, 3-25 og 3-26.

Jordskifteretten må vurdere framtidig pårekneleg bruk av eigedommar og rettar. Dette inneber mellom anna at areal og bruksrettar ikkje kan bytast på ein slik måte at moglegheitene for utvikling for nokon av dei minkar monaleg. Dette byggjer på regelen i gjeldande jordskiftelov § 51 andre ledd.

Sjølv om dette ikkje er uttrykkeleg sagt i gjeldande jordskiftelov, er det fleire tilhøve som ein etter lova kan trekkje inn i vurderinga. Når eigaren for eksempel vil leige bort ein eigedom, bør jordskifteløysinga utformast slik at eigedommen òg eignar seg til slikt formål. Dette følgjer i dag av gjeldande jordskiftelov § 29 andre ledd andre punktum som seier at eigar kan krevje at eigedommen hans blir utforma for bortleigeføremål i landbruksnæring.

Jordskifteretten skal i alle høve sjå til at mogleg framtidig verdiendring blir så lik som råd før og etter jordskiftet. Dette byggjer på gjeldande jordskiftelov § 31 andre punktum som seier at retten i alle høve skal leggje vekt på at framtidig verdiauke av eigedommane blir så lik som råd er før og etter jordskiftet. For å sikre eigedom eller bruksrett frå å tape bør såleis areal eller bruksrettar med pårekneleg framtidig verdiendring, ikkje skifte eigar eller bruksrettshavar. Det same gjeld for naturressursar, bygg, anlegg og ulemper som følgjer arealet. Jordskifteretten skal i alle høve sjå til at mogleg framtidig verdiendring blir så lik som råd før og etter jordskiftet. Dette er ein del av grunnlaget for gjeldande jordskiftelov § 31 første punktum som seier at grunn og rettar i skiftefeltet som jordskifteretten meiner kan få stor verdiauke, ikkje bør skifte eigar eller bruksrettshavar utan at det er nødvendig for eit tenleg jordskifte. For å sikre at ingen eigedom eller bruksrett taper bør naturressursar, bygg eller anlegg som følgjer arealet heller ikkje skifte eigar eller bruksrettshavar dersom det er pårekneleg at ressursane, bygningane eller anlegget vil endre verdi.

For å sikre at ingen skal li tap, kan jordskifteretten ikkje påby at nokon skal gi frå seg meir av ressursar som for eksempel sand, grus og torv enn han får att. Dette byggjer på gjeldande jordskiftelov § 56 første ledd andre punktum så langt det gjeld brenntorv og strøtorv. Vilkåret i gjeldande jordskiftelov § 56 om at skilnaden skal ha noko avgjerande å seie for eigedommen hans er ikkje ført vidare i lovforslaget.

Med formuleringa «kostnadene» er meint alle former for kostnader som fell på partane som følgje av jordskiftesaka, medrekna sakskostnadene.

Paragrafen er òg eit vern mot endringar som kan redusere panteverdien av ein eigedom eller bruksrett.

Jordskifteretten kan etter lovforslaget som etter gjeldande jordskiftelov § 56 ikkje påby at nokon skal gi frå seg meir av ressursar som sand, grus og torv enn han får att, dersom skilnaden har noko avgjerande å seie for eigedommen hans. Innhaldet i paragrafen i lovforslaget fører vidare at jordskifteretten må gjere ei slik vurdering. I lovforslaget gjeld vurderinga òg for skog på rot.

Paragrafen gir òg i nokon grad vern om rettar ein tredjemann har til eigedom. Ein slik tredjemann kan vere ein som leiger jorda, anten dette gjeld rein jordleige eller forpakting. Det er verdien av bruksrett som er verna. Om jordskifteløysinga for eksempel fører til at avkastinga blir den same for bruksrettshavaren, blir ikkje verdien redusert. Det er den objektive verdien for bruksrettshavaren som er gitt eit vern.

Jordskifteretten kan som i dag måle ut delar av vederlaget i pengar eller andre verdiar. Lovforslaget har heimlar for dette i §§ 3-20 andre ledd, 3-21, 3-25 og 3-26. Dette er unntaksreglar som berre er aktuelle dersom det ikkje let seg gjere å leggje ut eigedommane eller rettane på tenleg måte.

Til § 3-19 Korleis jordskifteretten legg ut grunn og bruksrett

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om korleis jordskifteretten skal leggje ut grunn og bruksrett i kapittel 8.24.2.3.

Paragrafen gjeld den konkrete utforminga av jordskifteløysinga.

Første ledd seier at jordskifteretten skal leggje ut grunn og bruksrettar etter §§ 3-21 til 3-26 på tenleg måte etter grunnlaget for jordskiftet. Første ledd byggjer på gjeldande jordskiftelov § 29 første ledd. Jordskifteretten skal forme ut eigedom og bruksrettar slik grunnlaget for jordskiftet er på det tidspunktet jordskiftet blir gjennomført.

Med formuleringa «leggje ut grunn og bruksrettar», meiner ein at jordskifteretten omformar eller formar ut eigedom eller bruksrett på nytt.

Omgrepet «på tenleg måte» betyr som i gjeldande jordskiftelov, at jordskiftet skal føre til ei forbetring av bruken. Det treng ikkje føre til endring i økonomien i bruken, for eksempel betre avkasting eller færre kostnader. Sjå merknaden til lovforslaget § 3-2.

Grunnlaget for jordskifte er resultatet av dei vurderingane jordskifteretten skal gjere etter føresegnene i lovforslaget kapittel 3 del III.

Andre ledd seier at jordskifteretten med unntak av lovforslaget § 3-32 skal leggje ut grunn og bruksrettar i jordskifteområdet slik at kvar eigedom får att tilsvarande den verdien som eigedommen gir frå seg. Andre ledd byggjer på gjeldande jordskiftelov § 28. Etter lovforslaget § 3-14 skal jordskifteretten verdsetje det som går i byte dersom ein part krev det, eller retten meiner det trengst. Uavhengig av om jordskifteretten har verdsett, eller om partane er samde om høvetalet, skal grunn og bruksrettar i jordskifteområde leggjast ut slik at kvar eigedom får att tilsvarande den verdien eigedommen gir frå seg. Omgrepet «verdien» er vidt og skal fange opp at verkemidla i jordskifte nå gjeld både i urbane område og i landbruksområde. Omgrepet er vidare enn omgrepet grunnverdien som er brukt i gjeldande jordskiftelov § 28.

Til § 3-20 Utlegging av grunn og bruksrett

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om utlegging av grunn og bruksrett i kapittel 8.24.2.3.

Første ledd seier at jordskifteløysinga kan gå ut på å byte grunn mot grunn, bruksrett mot bruksrett, grunn mot bruksrett, og bruksrett mot grunn. Formuleringa «byte om» byggjer på den same formuleringa som er vald i gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd b. For bruksrettar er flytting òg regulert i gjeldande jordskiftelov § 33 første ledd andre punktum. Etter gjeldande jordskiftelov § 33 første ledd andre punktum kan jordskifteretten mellom anna flytte bruksretten frå ein stad til ein annan eller frå ein eigedom til ein annan eigedom. Formuleringa «byte om» i lovforslaget dekkjer begge desse situasjonane.

Formuleringa «grunn» dekkjer areal på ein eigedom. Det arealet Finnmarkseiendommen eig, fell òg inn under formuleringa grunn i denne samanhengen. Formuleringa omfattar såleis ikkje bygningar eller for eksempel standskog.

I dei tilfella partane vil dele ein eigedom ved hjelp av jordskifteretten, har jordskifteretten slik kompetanse etter lovforslaget § 3-7.

Andre ledd seier at jordskifteløysinga kan gå ut på å byte om grunn eller bruksrettar mot pengar eller anna dersom det ikkje let seg gjere å leggje ut eigedommane eller bruksrettane etter første ledd. Andre ledd byggjer på gjeldande jordskiftelov § 30 andre ledd første punktum.

Formuleringa «mot pengar eller andre verdiar» inneber at jordskifteretten kan bruke pengar eller andre verdiar som vederlag dersom det ikkje let seg gjere å leggje ut eigedommane eller bruksrettane etter første ledd. Eksempel på ein verdi som kan brukast som vederlag er standskog, sjå omtale av standskog i merknaden til lovforslaget § 3-15 andre ledd. Det er opp til jordskifteretten å vurdere kva som er eigna verdiar.

Etter lovforslaget kan pengar eller anna brukast som vederlag i større grad enn etter gjeldande jordskiftelov. Bruken av pengar eller andre verdiar må vurderast i høve til vernet mot tap i lovforslaget § 3-18.

Tredje ledd seier at jordskifteretten kan bruke pengar for å kompensere for ulik opparbeidingsgrad. Slik bruk må òg vurderast i høve til vernet mot tap i lovforslaget § 3-18. Tredje ledd byggjer blant anna på, og er ei generalisering som utvidar gjeldande jordskiftelov § 51 første ledd.

Til § 3-21 Vederlag ved overføring av anlegg til vassforsyning, kraftoverføring og liknande

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om korleis jordskifteretten skal leggje ut grunn og bruksrett i kapittel 8.24.6.3.

Vederlaget skal vere eit pengevederlag eller vederlag i andre verdiar, og det skal ytast full erstatning. Har fleire nytte av jordskifteløysinga, skal vederlaget utliknast på partane etter den nytten dei har. Føresegna byggjer på gjeldande jordskiftelov § 48.

Til § 3-22 Utlegging av grunn til særskilde formål

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om korleis jordskifteretten skal leggje ut grunn til særskilte formål i kapittel 8.24.3.3.

Paragrafen seier at dersom nokon part treng grunn til særskilte formål som vegar eller anna, kan han krevje dette utlagt av sin del. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 30 første ledd. Eit «særskilt formål» som fell inn under omgrepet, kan for eksempel vere areal nokon treng for å iverksetje ein plan etter plan- og bygningslova.

Til § 3-23 Utlegging av grunn og bruksrett som kan endre verdi

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om utlegging av grunn og bruksrett som kan endre verdi i kapittel 8.24.4.3.

Første punktum seier at om jordskifteretten meiner at grunn og bruksrett i jordskifteområdet kan få ei utnytting som gir stor verdiendring, bør grunn eller bruksrett ikkje skifte eigar utan at det er nødvendig for eit tenleg jordskifte. Paragrafen byggjer på gjeldande jordskiftelov § 31 første punktum og på § 54 første ledd første punktum. Paragrafen dekkjer både verdiauke og verdireduksjon. I høve til verdireduksjon er regelen gjort generell.

Andre punktum gjeld situasjonen dersom grunn eller bruksrett likevel skiftar eigar. I slike tilfelle skal jordskifteretten sjå til at verdiendring som nemnt i første punktum blir så lik som råd er før og etter jordskiftet. Andre punktum har litt ulike formuleringar enn gjeldande jordskiftelov § 31 andre punktum, men tek sikte på å føre til det same resultatet som gjeldande regel. I tillegg er det gjort ei endring slik at jordskifteretten òg skal sjå til at mogleg framtidig verdireduksjon skal trekkjast inn i vurderinga.

Til § 3-24 Leigeareal

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om korleis jordskifteretten skal behandle leigeareal i kapittel 8.25.3.

Første punktum seier at har jordskiftet noko å seie for leigar, eller annan som har liknande rett, skal jordskifteretten ordne tilhøvet mellom han og eigaren om det trengst.

Andre punktum seier at i utforminga av jordskifteløysinga bør jordskifteretten ta omsyn til leigetilhøve i jordskifteområdet.

Paragrafen fører vidare gjeldande jordskiftelov § 32.

Til § 3-25 Utjamning ved overføring av standskog

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om utjamningsmåten i samband med overføring av standskog i kapittel 8.24.5.3.

Første punktum gir jordskifteretten heimel for å fastsetje utjamningsmåten i samband med overføring av standskog. Omgrepet standskog femner tre på rot, både små og store utan omsyn til om dei er hoggbare.

Jordskifteretten må jamne ut forskjell i standskogverdien til den enkelte part før og etter jordskiftet. Formuleringa «utjamningsmåten» tek sikte på denne situasjonen.

Formuleringa «Jordskifteretten fastset utjamningsmåten» fører vidare gjeldande jordskiftelov § 55 første ledd om at jordskifteretten er stilt fritt med omsyn til val av utjamningsmåte. Jordskifteretten bør som etter gjeldande praksis velje det alternativet partane ønskjer. Det vanlege vil da vere pengeerstatning eller hogst. Dette inneber at jordskifteretten som etter gjeldande jordskiftelov kan påby hogst som utjamningsmåte. Ved påbod om hogst, må jordskifteretten hente inn nødvendige løyve, jf. lovforslaget § 3-17. Det er ikkje meininga at paragrafen skal setje avgrensingar for at grunn òg kan brukast som vederlag for standskog. Overføring av grunn må ikkje nyttast i slikt omfang at det blir til ulempe for eigedommane det gjeld, sjå lovforslaget § 3-21 andre ledd.

Etter andre punktum kan jordskifteretten bruke hogst som utjamningsmåte for skog som står på areal som skiftar eigar, dersom trea eller flata er forsvarleg identifiserte. Paragrafen byggjer på gjeldande jordskiftelov § 55 andre ledd som seier at blir hogst nytta, skal jordskifteretten syte for forsvarleg merking av trea eller flata som skal hoggast, om ikkje dette går klart nok fram på annan måte.

Til § 3-26 Vederlag ved avløysing av rettar

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om vederlag ved avløysing av rettar i kapittel 8.26.3.

Første ledd første punktum seier at ved avløysing av bruksrett etter §§ 3-11 første ledd andre punktum eller 3-12 skal rettshavaren til vanleg få grunn eller ein bruksrett i staden for den bruksretten som blir avløyst.

Om ein slik bruksrett er til hinder for eit tenleg jordskifte, kan jordskifteretten i prioritert rekkefølgje fastsetje bruksordning, flytte bruken, eller avløyse retten. Etter første punktum skal rettshavaren til vanleg få grunn eller ein rett i staden for den retten som blir avløyst. Det er opp til jordskifteretten å avgjere korleis den avløyste bruksretten skal erstattast. Regelen gjeld berre bruksrettar, ikkje negative servituttar.

Med omgrepet «til vanleg» er meint å vise at dette er hovudregelen. Ved avløysing av tidsavgrensa bruksrettar vil det truleg ofte vere behov for ei anna løysing. Dette er likevel opp til jordskifteretten å vurdere. I gjeldande jordskiftelov § 37 første punktum er ei tilsvarande, men noko meir detaljert løysing, lagt til grunn når jordskifteretten avløyser alltidvarande bruksrettar. Til vanleg er det eit vilkår for slik avløysing at det kan leggjast ut til bruksrettshavaren ein eigedomspart med ein verdi som svarar til bruksretten, og som gir noko så nær like laglege høve til ein bruk som fyller same behov som bruksretten. Det er nytt at løysinga òg gjeld tidsavgrensa bruksrettar. For tidsavgrensa bruksrettar gjeld gjeldande jordskiftelov § 39 første ledd andre punktum der det går fram at bruksordning ikkje fører fram, og at avløysing kan gjennomførast på formålstenleg måte utan skade for nokon part.

Første ledd andre punktum seier at vederlaget kan vere pengar eller andre verdiar dersom det er meir tenleg enn grunn eller bruksrettar. Andre punktum gjeld for dei tilfella jordskifteretten finn at første punktum ikkje høver. I slike høve får jordskifteretten heimel til å fastsetje vederlaget til pengar eller andre verdiar. I gjeldande jordskiftelov § 38 er ei tilsvarande, men noko meir detaljert løysing lagt til grunn når jordskifteretten avløyser alltidvarande bruksrettar. Det går fram av gjeldande jordskiftelov § 38 at om det ikkje let seg gjere å leggje ut ein eigedomspart som vederlag for bruksretten i samsvar med gjeldande jordskiftelov § 37, og ordning heller ikkje fører fram, kan avløysing likevel gjennomførast om det let seg gjere på formålstenleg måte utan skade for nokon part. Ei tilsvarande løysing finst òg for tidsavgrensa bruksrettar i gjeldande jordskiftelov § 39 første ledd tredje punktum. I slike høve kan jordskifteretten fastsetje vederlaget i jord, pengar eller andre verdiar. Formuleringa i gjeldande jordskiftelov § 39 tredje punktum, «etter fritt skjønn» blir ikkje ført vidare i lovforslaget § 3-24. Det fører ikkje til nokon realitetsendring i kva jordskifteretten kan leggje vekt på, og korleis han kan vekte dei ulike omsyna.

Andre ledd seier at ved avløysing etter §§ 3-11 første ledd andre punktum eller § 3-12 kan vederlaget ikkje setjast lågare enn det retten er verd for rettshavaren. Andre ledd gjeld alle typar rettar, både bruksrettar og negative servituttar. Vederlaget kan vere grunn, pengar eller andre verdiar. Det er eit absolutt vilkår for avløysing at retten er til hinder for ei tenleg jordskifteløysing og at ingen part lir tap. For grunneigaren betyr dette at verdien av samla vederlag ikkje må vere større enn verdien av å bli kvitt retten. For rettshavaren betyr det at han skal få full erstatning for verdien av retten.

Til § 3-27 Omsyn ved pålegg om felles investeringar etter § 3-9

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om omsyn ved pålegg om felles investeringar i kapittel 8.27.3.

Paragrafen seier at jordskifteretten skal leggje vekt på den framtidige utnyttinga av eigedommane, men han skal òg ta omsyn til dei økonomiske evnene partane har når det gjeld kva for investeringar som kan påleggjast etter lovforslaget § 3-9. Lovforslaget fører vidare utgangspunktet i gjeldande jordskiftelov § 42 andre ledd om at det er omsynet til framtidig utnytting av eigedommane som skal vege tyngst ved vurderinga av kva slags investeringar som kan påleggjast. Den økonomiske situasjonen til partane kjem i andre rekkje. Formuleringa «dei økonomiske evnene partane har» dekkjer som etter gjeldande jordskiftelov likviditet og lønnsemd for partane.

Til § 3-28 Fordeling av kostnader

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om fordeling av kostnader i kapittel 8.28.3.

Paragrafen seier at retten skal dele kostnader med det enkelte investeringstiltaket etter nytten kvar part har av tiltaket. At investeringskostnadene skal delast slik byggjer på tilvisinga i gjeldande jordskiftelov § 34 b andre ledd til gjeldande jordskiftelov § 42 tredje ledd. Partane har etter praksis i dag plikter og rettar etter det partshøvet dei går inn i samarbeidet med. Etter lovforslaget § 3-29 vil ansvaret kvar deltakar har overfor tredjemann ikkje nødvendigvis samsvare fullt ut med den nytten kvar deltakar har av investeringa. Dette skil seg frå ansvaret for kostnader etter nytte i andre punktum. I praksis synest likevel dei to omgrepa tolka likt. Det er ikkje meint å gjere endringar i dette.

Til § 3-29 Ansvar for gjeld

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om ansvar for gjeld i kapittel 8.28.3.

Paragrafen seier at når jordskifteretten skipar lag etter § 3-10, svarar kvar av deltakarane i laget overfor tredjemann etter partshøvet i laget.

Formuleringa «etter partshøvet i laget» viser at kvar deltakar berre er ansvarleg for ein del av den samla gjelda laget har. Partshøvet avgjer kor stort dette ansvaret er for kvar av dei.

Paragrafen fører vidare innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 34 b andre ledd der det går fram at kvar av deltakarane i laget svarar i høve til tredjemann etter sitt høvetal.

Til V Fordeling av planskapt netto verdiauke

Fordeling av planskapt netto verdiauke er ein eigen sakstype. Lovforslaget kapittel 3 del I til III gjeld ikkje for sak etter denne delen. Sak om fordeling av planskapt netto verdiauke kan behandlast av jordskifteretten i samband med andre sakstypar som jordskifteretten har heimel til, anten det gjeld sak etter kapittel 3, 4 eller 5 i lovforslaget. Sjølv om saka blir behandla i samband med ein annan sakstype, vil fordelingssaka kunne avsluttast for seg, sjå lovforslaget § 6-20.

Det er gjort greie for forslaget til føresegner om fordeling av planskapt netto verdiauke i kapittel 8.29.3.1 og 8.29.3.2.

Til § 3-30 Kompetansen jordskifteretten har

Paragrafen byggjer på den kompetansen jordskifteretten har til å halde jordskifte etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav h.

Første punktum seier at jordskifteretten kan fordele planskapt netto verdiauke mellom eigedommar som er omfatta av ein reguleringsplan.

Jordskifteretten har heimel til å fordele slik planskapt netto verdiauke utan omsyn til om det skjer eit jordskifte samstundes.

Oppgåva til jordskifteretten etter første punktum er å «fordele» planskapt netto verdiauke i reguleringsplanområdet. Jordskifteretten skal fordele planskapt netto verdiauke frå eigedommar som har ein planskapt netto verdiauke til eigedommar som ikkje har planskapt netto verdiauke, men som har areal som går inn under planen. Det same gjeld om ein eigedom har stor planskapt netto verdiauke medan ein annan har noko mindre planskapt netto verdiauke. I mange høve skal eigedom med liten eller ingen planskapt netto verdiauke nyttast til felles tiltak som må til for å iverksetje planen. Det kan dreie seg om ulike typar felles tiltak som for eksempel veg, parkbelte, areal til teknisk infrastruktur, skiløyper eller tursti.

Areala i planen kan vere regulerte til ulike formål som for eksempel byggjetomter av ulike slag, eller til parkområde, parkering eller veg. Desse areala har som følgje av dei ulike planformåla, ulik verdi. «Planskapt netto verdiauke» betyr at det er sjølve planen som løyser ut verdiauken for eigedommane. Planskapt netto verdiauke er differansen mellom planskapt verdiauke og kostnader knytt til eventuelle tiltak som følgjer av planen. Denne differansen må vere positiv, han må vere større enn null. Ved vurderinga av kva den planskapte netto verdiauken er, må òg kostnadene til å halde saka, trekkjast inn. Som etter gjeldande jordskiftelov § 81 første ledd, vil partane berre kunne trekkje inn kostnader til advokat dersom det er tvist.

Ordet «verdiauke» er nytt i høve til gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav h som bruker «arealverdiar», og heller ikkje det same ordet som er brukt i gjeldande jordskiftelov § 28 tredje ledd (verdauk). Ordbruken inneber inga realitetsendring i høve til gjeldande rett.

Jordskifteretten kan fordele verdiauken i planområdet mellom eigarane. Dei som berre har bruksrettar, får ikkje del av verdiauken.

Andre punktum fastset at fordelinga kan gjerast dersom planmyndigheita med heimel i plan- og bygningslova § 12-7 nr. 13 i reguleringsplanen har gitt føresegn om at planskapt verdiauke skal fordelast. Punktumet lovfestar praksis etter gjeldande reglar om fordeling av planskapt verdiauke.

Det går fram av tredje punktum at planmyndigheita i reguleringsplanen må ha fastsett den geografiske avgrensinga av området for fordeling. Sjå merknad til forslaget til endringar i plan- og bygningslova § 12-7 nr. 13.

Til § 3-31 Korleis jordskifteretten skal verdsetje

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om korleis jordskifteretten skal verdsetje i kapittel 8.29.3.3.

Første punktum seier at jordskifteretten skal verdsetje samla planskapt netto verdiauke i området for fordeling. Planskapt netto verdiauke er omtala i merknad til lovforslaget § 3-30. Første punktum fører vidare omgrepet «netto verdiauke» i gjeldande jordskiftelov § 29 a, og skal tolkast på same måten etter ny lov.

Andre punktum seier at jordskifteretten skal fastsetje dei delane som kvar enkelt eigar skal ha av verdiauken. Jordskifteretten skal da fastsetje ein brøk eller annan liknande fordelingsnøkkel til bruk for sjølve fordelinga av verdiauken. Andre punktum byggjer på gjeldande jordskiftelov § 28 tredje ledd.

Tredje punktum seier at for å finne fram til kva kvar eigar skal ha, skal jordskifteretten verdsetje alle eigedommane i området for fordeling ut frå dei eigenskapane eigedommane har til utbyggingsformål. Det skal jordskifteretten gjere uavhengig av kva som går fram av reguleringsplanen. Alt areal innanfor området for fordeling, skal vurderast på denne måten, og med dei same føresetnadene. Tredje punktum fører vidare gjeldande jordskiftelov § 28 fjerde ledd første punktum. Tillegget i ordlyden «uavhengig av kva som går fram av reguleringsplanen» er teke inn av informative omsyn, og er ikkje meint å føre til endring av praksis.

Til § 3-32 Korleis jordskifteretten skal fordele planskapt netto verdiauke

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om korleis jordskifteretten skal fordele planskapt netto verdiauke i kapittel 8.29.3.4.

Første ledd seier at jordskifteretten skal fordele planskapt netto verdiauke slik at kvar eigar får den delen av den planskapte netto verdiauken som følgjer av lovforslaget § 3-31 andre punktum. Føresegna fører til at dei planskapte verdiforskjellane blir jamna ut mellom eigarane. Korleis utjamninga skal skje, følgjer av andre og tredje ledd. Løysinga i første ledd er i samsvar med løysinga slik ho er i gjeldande jordskiftelov. I gjeldande jordskiftelov kjem dette likevel ikkje til uttrykk i ei eiga føresegn. Når verdiforskjellane blir jamna ut, betyr det at fordelinga er ei overføring av planskapt netto verdiauke frå ein eigar av ein eigedom med utbyggingsareal til ein annan eigar med eigedom som ikkje har slikt areal. Verdiforskjellane kan òg jamnast ut ved at fordelinga er ei overføring av planskapt netto verdiauke frå ein eigar av ein eigedom som etter planen har fått høg utnyttingsgrad til ein eigar med eigedom som har lågare utnyttingsgrad.

Andre ledd første punktum seier at jordskifteretten ved fordeling etter første ledd, så langt råd er, skal tildele utbyggingsrettar på eller inntil eigen eigedom. Føresegna byggjer på gjeldande jordskiftelov § 29 a der det går fram at jordskifteretten kan leggje ut utbyggingsrettar på eller inntil eigen eigedom. Det er ikkje meininga at endringa frå å «leggast ut» til å «tildele» skal endre meiningsinnhaldet i føresegna.

I Ot.prp. nr. 78 (2004–2005) som ligg til grunn for gjeldande jordskiftelov § 29 a, er det mellom anna uttalt følgjande om utlegging og tildeling av utbyggingsrettar:

«Første ledd gir parter, som har en netto verdiandel, jf. § 28 andre ledd og tredje ledd første punktum, som får tildelt en eller flere hele utbyggingsretter, rett til å få disse utlagt på en nærmere bestemt måte. «Så langt råd er» skal utbyggingsrett utlegges på egen eiendom eller inntil egen eiendom. Et vilkår for at en kan få tildelt utbyggingsrett på egen eiendom er at vedkomande reguleringsplan eller bebyggelsesplan forutsetter slik arealutnyttelse på den bestemte eiendommen. Dersom dette vilkåret ikke er oppfylt vil vedkommende få tildelt sine rettigheter, tomter, på andre eiendommer. Jordskifteretten skal da, «så langt råd er» legge den inntil egen eiendom. «Så langt råd er» åpner for at jordskifteretten kan utøve nødvendig skjønn i tilknytning til hvilke eiendom utbyggingsretten skal legges til. Det vil være behov for skjønn bl.a. når to eller flere eiendommer har samme geografiske nærhet til en utbyggingsrett. Det samme gjelder når tildelingen forutsetter spesielt kostnadskrevende fellestiltak mv.
Det er kommunen som legg ut utbyggingsretter, tomter i reguleringsplan eller bebyggelsesplan. Jordskifteretten forestår verdsettingen og tildelingen av tomtene. Jordskifteretten er òg delingsmyndigheit, jf. kap.10. Når vilkåret om å få tildelt en eller flere tomter er oppfylt, regulerer paragrafens første ledd hvor de berettigede skal få tildelt tomt.
Andre ledd er en prioritetsregel for de tilfeller at flere eiendommer får andeler i en utbyggingsrett. Den eiendom som har størst andel i retten, kan kreve å få den utlagt i henhold til bestemmelsene i første ledd. Dersom den som har størst andel ikke gjør krav på dette, får den som har nest størst andel slik rett også vidare.
Tredje ledd er en oppløsningsrett for de tilfeller flere eiere får andel i utbyggingsretten. Jordskifteretten kan, dersom partene er enige, oppløse det personlige sameiet. Jordskifteretten vil da overføre eiendommen til eneeie. Dette skjer ved at utbyggingsretten overføres mot et pengevederlag fastsatt av jordskifteretten som del av saken. Jordskifteretten vil være delingsmyndighet, jf. lovens kap. 10.»

Utbyggingsretten er i seg sjølv ein rett til å byggje ut eit nærare definert areal etter reguleringsplanen. Det er ikkje nokon rett til å få utlagt ei tomt. Utbyggingsretten vil i nokre høve liggje på eigen eigedom, i andre høve liggje på framand eigedom.

Sitatet frå førearbeida viser at det etter gjeldande jordskiftelov er kommunen som legg ut utbyggingsrettar eller tomter i reguleringsplanen. Som etter gjeldande jordskiftelov er det meininga at jordskifteretten skal kunne tildele utbyggingsrettar til eigarar innanfor området for fordeling etter lovforslaget § 3-30 fjerde punktum.

Han eller ho som får tildelt utbyggingsretten av jordskifteretten, får ikkje samstundes nokon plikt til å byggje ut. Jordskifteretten kan berre tildele utbyggingsrett på eit areal som er regulert til bygging og anlegg etter plan- og bygningslova, men utbygging kan skje til alle byggeformål som fell inn under plan- og bygningslova § 12-8 nr. 1.

Som etter gjeldande jordskiftelov § 29 a første ledd, må jordskifteretten etter lovforslaget så langt råd er, leggje utbyggingsretten på eller inntil eigen eigedom. Formuleringa «så langt råd er» betyr at utbyggingsretten ikkje nødvendigvis må liggje på eller inntil eigen eigedom. Føresegna opnar for at utbyggingsretten kan liggje i nokon avstand frå eigen eigedom, sjå sitatet frå Ot. prp. nr. 78 (2004–2005) over.

Andre ledd andre punktum seier at når ein part får tilelt ein utbyggingsrett som ikkje ligg på eigen eigedom, følgjer eigedomsretten den tomta som utbyggingsretten gjeld. Det betyr at den som har utbyggingsrett, òg får eigedomsrett til tomta. Dette er ei lovfesting av løysinga slik ho er i dag, utan at det kjem klart fram av gjeldande jordskiftelov eller førearbeida til lova.

Tredje ledd første punktum seier at dersom planskapt netto verdiauke berre utgjer ein del av ein utbyggingsrett, har delhavaren med størst del av utbyggingsretten rett til å krevje heile utbyggingsretten tildelt seg. Føresegna er ein prioriteringsregel for dei tilfelle der fleire eigarar får delar av ein utbyggingsrett. Den eigedommen som har størst del av retten kan krevje å få tildelt heile utbyggingsretten. Dersom den som har størst del ikkje krev å få overta heile utbyggingsretten, får den som har nest størst del i utbyggingsretten, rett til å overta heile utbyggingsretten og så vidare. Tredje ledd første punktum fører vidare gjeldande jordskiftelov § 29 a andre ledd.

Tredje ledd andre punktum seier at om ingen av delhavarane krev utbyggingsretten tildelt til seg, blir tomta utbyggingsretten gjeld, eit sameige mellom delhavarane. Reglane om fordeling i gjeldande lov byggjer på at tomta utbyggingsretten gjeld for blir eit sameige mellom delhavarane, sjå Ot.prp. nr. 78 (2004–2005) side 45.

Tredje ledd tredje punktum seier at om delhavaren tek over i medhald av første punktum, skal delhavarar med mindre del av utbyggingsretten få oppgjer for planskapt netto verdiauke i pengar. Regelen byggjer på gjeldande jordskiftelov § 29 a tredje ledd.

Til VI Fare for naturskade

Til § 3-33 Fare for elvebrot, skred, sandfok og liknande

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om fare for elvebrot, skred, sandfok og liknande i kapittel 8.30.3.

Første ledd fører vidare gjeldande jordskiftelov § 54 første ledd. I første ledd er omgrepet «skifteplanen» bytt ut med omgrepet «jordskifteløysinga». Andre ledd fører vidare gjeldande jordskiftelov § 54 andre ledd. Ordlyden i siste punktum er endra slik at tilvisinga til reglane om saksbehandling er tilpassa lovforslaget.

Til VII Andre reglar om jordskifte

Del VII inneheld nokre reglar om jordskifte som det ikkje er naturleg å plassere i dei førre delane.

Til § 3-34 Reglar for bruken av jordskifteområdet

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om reglar for bruken av jordskifteområdet i kapittel 8.31.3.

Første ledd seier at jordskifteretten kan fastsetje reglar for bruken av eigedommane i jordskifteområdet frå det tidspunktet saka etter lovforslaget § 6-19 første ledd ikkje lenger kan trekkjast utan samtykke frå jordskifteretten, og fram til jordskiftet er gjennomført. Første ledd byggjer på den delen av gjeldande jordskiftelov § 60 første ledd som seier at «For tida frå jordskiftet blir slutta til det er sett i verk, kan jordskifteretten gi reglar for bruken …» og den delen i gjeldande jordskiftelov § 60 første ledd som seier «i samsvar med reglane i § 23». Første ledd i gjeldande jordskiftelov § 23 seier at «For den tida jordskiftet varer, kan jordskifteretten gi reglar for bruken eller leggje slike band på bruken av skiftefeltet som retten finn tenleg av omsyn til jordskiftet».

Meininga er å føre vidare dei reglane som er nemnde i avsnittet over slik at jordskifteretten har eit verkemiddel for å få gjennomført jordskiftet på ein tenleg måte. Jordskifteretten skal som etter gjeldande jordskiftelov kunne gi reglar for bruken eller leggje band på bruken frå det tidspunktet saka ikkje lenger kan trekkjast, og fram til jordskiftet er slutta. Slike reglar kan òg gjelde for eit leigd areal sjølv om den som leiger arealet har ein annan eigedom som ikkje er del av jordskifteområdet. Jordskifteretten kan i nokre tilfelle gi reglar med heimel i lovforslaget § 3-11. I andre tilfelle er dette ikkje praktisk og jordskifteretten har i § 3-35 kompetanse til å gi mellombelse reglar for eit leigd areal som for eksempel berre gjeld for eitt år medan jordskiftet går føre seg. Etter gjeldande reglar kan jordskifteretten gi bruksreglar frå tidspunktet det blir fastsett at saka skal fremjast. Når saka er fremja etter gjeldande reglar, kan ho som eit utgangspunkt ikkje lenger trekkjast av ein part. Lovforslaget inneber såleis inga realitetsendring når det gjeld tidspunktet for frå kva tidspunkt jordskifteretten kan fastsetje reglar.

Dersom ein part ikkje følgjer reglane som jordskifteretten har fastsett, og dette fører til kostnader for minst ein annan part, kan jordskifteretten leggje kostnadene knytt til enkelte eigedommar eller partar på dei som har ansvar for desse kostnadene, jf. lovforslaget § 7-7 andre ledd.

Jordskifteretten skal òg som etter gjeldande jordskiftelov § 60 første ledd kunne gi reglar for bruken frå jordskiftet blir slutta til det blir sett i verk. Etter gjeldande jordskiftelov § 95 kan brot på reglane òg følgjast opp i form av straff. Heimelen for straff er foreslått oppheva, men brot på reglane kan føre til eit krav om erstatning som kan setjast fram for tingretten. Om ein part ikkje følgjer opp dei pliktene han har etter reglane jordskifteretten har gitt, kan dei andre partane som er råka av dette, ta saka opp etter tvangslova fordi jordskifteavgjerda er eit tvangsgrunnlag etter tvangslova § 4-1 andre ledd bokstav a.

Formuleringa i lovforslaget «frå det tidspunktet saka ikkje lenger kan trekkjast, og fram til jordskiftet er gjennomført» fangar såleis opp den kompetansen jordskifteretten har i gjeldande jordskiftelov §§ 23 og 60 til å gi reglar for bruken.

I gjeldande jordskiftelov § 23 første ledd står det at jordskifteretten kan gi dei reglane «som retten finn tenleg av omsyn til jordskiftet». Dette vilkåret er etter gjeldande jordskiftelov § 23 første ledd knytt til kompetansen jordskifteretten har til å gi reglar frå vedtaket om fremjing til jordskiftet er slutta (så lenge jordskiftet varer). Formuleringa blir ikkje ført vidare, men meininga er ikkje å gjere noka endring i kompetansen jordskifteretten har til å gi reglar frå det tidspunkt saka ikkje lenger kan trekkjast og fram til saka er slutta. Meininga er at reglane må vere tenlege av omsyn til jordskiftet slik det er i dag.

Andre ledd første punktum seier at den som må avstå frå bruk som følgje av avgjerd etter første ledd har krav på vederlag. Andre ledd første punktum byggjer på gjeldande jordskiftelov § 23 andre ledd, og gjeldande jordskiftelov § 60 første ledd. Formuleringa «den som må avstå frå bruk» fangar opp den som lir tap som følgje av at han ikkje får bruke arealet sitt medan jordskiftesaka blir behandla. Formuleringa dekkjer òg den som ikkje får bruke arealet han har blitt tildelt gjennom jordskiftet frå jordskiftesaka er slutta fram til jordskifteløysinga blir sett i verk.

Andre ledd andre punktum seier at jordskifteretten fastset vederlaget. Det er ikkje lenger noko krav om at jordskifteretten skal fastsetje vederlaget ved skjønn, jf. løysinga som går fram i gjeldande jordskiftelov § 23 andre ledd. Avgjerda er ei jordskifteavgjerd, sjå lovforslaget § 6-22 fjerde ledd bokstav e) der dette går uttrykkeleg fram. Det er ikkje meininga å gjere endringar i korleis jordskifteretten skal måle ut vederlaget.

Tredje ledd seier at dersom jordskifteretten har gitt reglar om bruk etter første ledd, skal dei som har nytte av avgjerda, bere kostnadene etter nytte. Lovforslaget byggjer på den delen av gjeldande jordskiftelov § 23 andre ledd som seier at jordskifteretten skal utlikne vederlaget etter reglane i gjeldande jordskiftelov kapittel 8 (jordskiftekostnadene). Fjerde ledd gjeld berre for fastsetjing av kostnader fram til jordskiftesaka er slutta. Lovforslaget har ein noko annleis ordlyd enn gjeldande jordskiftelov. Lovforslaget trekkjer nå eksplisitt inn at utgifta skal leggjast på dei som har nytte av avgjerda.

Lagmannsretten kan fastsetje mellombelse reglar for den tida det tek å behandle anken anten det er anka over dei mellombelse reglane, eller anken gjeld den endelege jordskifteløysinga. Dette følgjer av lovforslaget §§ 8-1 tredje ledd og 8-10 tredje ledd. Lagmannsretten kan òg fastsetje slike reglar om det er anka til Høgsterett, sjå lovforslaget § 8-13 andre ledd.

Til § 3-35 Skiping og oppmåling av nye matrikkeleiningar

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om korleis jordskifteretten skipar og måler opp nye matrikkeleiningar i kapittel 8.32.3.

Første ledd seier at jordskifteretten kan skipe nye matrikkeleiningar etter matrikkellova § 10 femte ledd, og slå saman matrikkeleiningar i samsvar med matrikkellova § 18 og forskrifter gitt med heimel i matrikkellova. Paragrafen byggjer på gjeldande jordskiftelov §§ 29 siste ledd og 86. Med omgrepet «skipe» er meint det same som omgrepet «oppretting» i matrikkellova. Matrikuleringa må gjerast av matrikkelføraren. Heimelen jordskifteretten har til å slå saman matrikkeleiningar følgjer av tilvisinga til matrikkellova § 18 og matrikkelforskrifta. Av matrikkelforskrifta § 43 går det fram at det er jordskiftedommaren som avgjer om vilkåra for å slå saman er tilstades i saker for jordskifteretten. Etter matrikkelforskrifta § 43 nr. 6 er det i samband med sak for jordskifteretten jordskiftedommaren som avgjer om vilkåra for å slå saman, er oppfylte. Jordskifteretten sender melding om dette til kommunen. Rekkefølgja ved matrikkelføring og tinglysing av samanslåing og oppretting av ny matrikkeleining i matrikkelen, går fram av forskrift etter matrikkellova. Sjå lovforslaget § 9-7 nr. 20 forslag til endring i matrikkellova § 24 sjette og sjuande ledd.

Andre ledd første punktum seier at jordskifteretten skipar og måler opp ny matrikkeleining som inngår i sak for jordskifteretten, om ikkje jordskifteretten fastset noko anna.

Med formuleringa «Jordskifteretten skipar og måler opp ny matrikkeleining» er meininga å føre vidare den delen av gjeldande jordskiftelov § 86 første ledd andre punktum som seier at det er jordskifteretten som alltid skal gjere slik oppmålingsforretning som ei offentleg jordskiftesak fører med seg. Den eksklusive kompetansen jordskifteretten har, blir såleis ført vidare.

Andre ledd andre punktum seier at reglane i matrikkellova gjeld så langt dei høver for den måletekniske gjennomføringa. Dette går òg fram av matrikkellova § 33 femte ledd som seier at oppmålingsforretning for areal som inngår i sak for jordskifteretten, skal utførast av jordskifteretten etter reglane i jordskiftelova med mindre jordskifteretten bestemmer noko anna. Andre punktum gjeld «den måletekniske gjennomføringa» slik dette er forstått i praksis.

Til § 3-36 Frist for iverksetjing av avgjerd

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om frist for iverksetjing av avgjerd i kapittel 8.33.3.

Paragrafen seier at jordskifteretten i samsvar med lovforslaget § 6-27 skal setje dei fristane som trengst for å setje i verk avgjerder etter kapittel 3. Plikta til å fastsetje fristar i gjeldande jordskiftelov § 59 blir ført vidare. Det same gjeld kompetansen for jordskifteretten til å forlenge fristen etter søknad. Fristreglane er nærare omtala i merknaden til lovforslaget § 6-27.

Til § 3-37 Sperretid for nytt jordskifte

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om sperretid for nytt jordskifte i kapittel 8.34.3.

Paragrafen fører vidare gjeldande jordskiftelov § 4 første, andre, tredje og femte ledd.

Første ledd seier at det som før har vore under jordskifte etter lovforslaget §§ 3-4 til 3-12 eller jordskifte etter tidlegare jordskiftelov, ikkje kan takast opp til ny jordskiftebehandling før ti år etter at førre jordskifte var rettskraftig avgjort. Første ledd byggjer på gjeldande jordskiftelov § 4 første ledd, men formuleringa i lovforslaget tek utgangspunkt i tidspunktet for rettskraftig avgjerd etter tvistelova § 19-14.

Andre ledd første punktum seier at det også er ein frist på ti år for behandling av nytt krav dersom jordskifte er nekta fordi vilkåra i lovforslaget §§ 3-2, 3-3, 3-18 eller 3-19 ikkje var oppfylte. Det går fram av andre ledd andre punktum at om vilkåra er oppfylte på eit seinare tidspunkt, kan nytt krav om jordskifte takast opp til behandling utan omsyn til tiårsfristen. Andre ledd byggjer på gjeldande jordskiftelov § 4 andre ledd.

Tredje ledd seier at det som tidlegare har vore under jordskifte, kan utan hinder av fristen i første ledd, takast med i jordskifteområdet når jordskifteretten i ny jordskiftesak utvidar saka etter lovforslaget § 6-9 fjerde ledd. Tredje ledd byggjer på gjeldande jordskiftelov § 4 tredje ledd så langt som denne viser til gjeldande jordskiftelov § 25. I gjeldande jordskiftelov § 4 tredje ledd er det òg vist til § 16 som gir jordskifteretten kompetanse til i visse høve å regulere grenser mot nabo. Denne heimelen er foreslått fjerna. Det er derfor ikkje grunn til å føre tilvisinga vidare i lovforslaget.

Fjerde ledd seier at første ledd ikkje gjeld når for eksempel skred, elvebrot, anlegg av offentlege vegar, eller kjøp av tilleggsjord gjer at det ikkje lenger er naturleg å sjå området som tidlegare skifta.

Til Kapittel 4 Rettsutgreiing og grensefastsetjing og anna

Til § 4-1 Rettsutgreiing

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om rettsutgreiing i kapittel 9.3.

Rettsutgreiing etter § 4-1 er fastsetjing av eigedoms- og rettstilhøve knytt til fast eigedom som eiga sak.

Gjeldande jordskiftelov § 88 a har reglar om kven som kan krevje rettsutgreiing. Reglane om kven som kan krevje rettsutgreiing går etter lovforslaget fram av § 1-5.

Paragrafen gjeld kompetansen jordskifteretten har til å gjere rettsutgreiing som «eiga sak». Jordskifteretten skal som i dag kunne fastsetje innhaldet i rettar og eigedomstilhøve òg når fastsetjinga ikkje er del av eit jordskifte. I eit jordskifte skal jordskifteretten etter lovforslaget § 3-13 første punktum fastsetje grenser, eigedomsrett, bruksrett og andre rettstilhøve slik dei er.

Formuleringa «kan fastsetje» skal forståast på same måte som tilsvarande formulering i gjeldande jordskiftelov § 88 a. Det inneber mellom anna at jordskifteretten kan fastsetje delingsgrunnlaget for ulike slag bruk dersom formålet med bruken er klart. Omgrepet «eigedoms-» er brukt i gjeldande jordskiftelov § 88 a. Lovforslaget § 4-1 brukar formuleringa «eigedomstilhøve». Meiningsinnhaldet skal vere det same som i gjeldande jordskiftelov § 88 a.

Jordskifteretten kan fastsetje «innhaldet i rettar og eigedomstilhøve». Formuleringa «innhaldet» er brukt for å få fram at jordskifteretten ikkje som eiga sak skal kunne fastsetje kven som er eigar. Det kan jordskifteretten likevel gjere ved dom i jordskifte, sjå lovforslaget § 3-13 første punktum. Gjeld kravet spørsmål i eit personleg sameige, kan jordskifteretten fastsetje for eksempel kor mange sameigarar sameiget består av og kor stor part kvar sameigar har i sameiget. I eit realsameige kan jordskifteretten for eksempel avgjere kva for eigedommar som er medeigarar og parten den enkelte har. Det følgjer av formuleringa «eigedomstilhøve».

I gjeldande jordskiftelov § 88 a er omgrepet «bruksrettstilhøva» brukt medan omgrepet «rettar» er brukt i lovforslaget § 4-1. Omgrepet «rettar» fangar opp det som ligg i omgrepet «bruksrettstilhøva» i gjeldande jordskiftelov § 88 a. «Rettar» fangar vidare opp negative servituttar, tidsbestemte og evigvarande bruksrettar, personlege bruksrettar og bruksrettar som ligg til bruk. Når omgrepet «alltidvarande» i gjeldande jordskiftelov § 88 a ikkje blir ført vidare, gjeld lovforslaget § 4-1 både tidsbestemte og alltidvarande rettar.

Kven som har kravskompetanse, går fram av lovforslaget § 1-5. I formuleringa «Jordskifteretten kan» ligg det ikkje ein valfridom for jordskifteretten. Jordskifteretten må behandle spørsmålet om rettsutgreiing når det krevst, og vilkåra for å behandle saka elles er oppfylde.

Bokstav a gjeld sameige, og fører vidare gjeldande rett. Heimelen omfattar blant anna ulike typar realsameiger, òg realsameige som ikkje fell inn under definisjonen jordsameige i matrikkellova.

Bokstav b gjeld område der det er sambruk mellom eigedommar eller uklart om det er sambruk. Bokstav b famnar dei tilfella der det er sambruk mellom eigedommar slik gjeldande jordskiftelov § 88 a òg gjer. I spesialmerknad til lovforslaget § 3-8 blir det gjort greie for kva som er sambruk. Etter bokstav b kan jordskifteretten òg gjere rettsutgreiing dersom det er «uklart om det er sambruk». Både den som pretenderer sambruk, og grunneigar som meiner det ikkje er sambruk, kan krevje sak om rettsutgreiing. At grunneigar som meiner det ikkje er sambruk kan krevje sak om rettsutgreiing, er nytt.

Etter bokstav c kan jordskifteretten fastsetje innhaldet i rettar og eigedomstilhøve ved registrering av uregistrert jordsameige. Ein god del av desse er gamle sameige som har oppstått ved ufullstendig gard- eller eigedomsdeling og som ikkje er registrerte i matrikkelen. Ved registrering av uregistrert jordsameige, må jordskifteretten klarleggje kven som har del i sameiga, og kor stor del den enkelte har. Bokstav c fører vidare gjeldande rett.

Bokstav d gjeld samisk reinbeiteområde der det går føre seg reindrift. Formuleringa som er nytta er noko annleis enn den som er brukt i gjeldande jordskiftelov § 88 a, men meiningsinnhaldet er det same. Sjå nærare om kva jordskifteretten kan fastsetje i kapittel 9.3 og i Ot.prp. nr. 28 (1994–1995).

Bokstav e gjeld område der det er sambruk av uteareal som ligg til eigarseksjonar. Innhaldet i bokstav e i forslaget, inneber at jordskifteretten får ny kompetanse. Omgrepet sambruk famnar område for fellesaktivitetar som for eksempel parkeringsplass, leikeplass eller grillplass.

Til § 4-2 Grensefastsetjing

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om grensefastsetjing i kapittel 10.1 til 10.9.

Grensefastsetjing er fastsetjing av grense etter lovforslaget kapittel 4 som eiga sak. Jordskifteretten kan òg fastsetje grenser som ledd i eit jordskifte, sjå lovforslaget § 3-13 første ledd første punktum. Dersom det er tvist om grensa, kan ein part som eit alternativ reise sak for tingretten.

Formuleringa «fastsetje» i første ledd skal ha same meining som tilsvarande formulering i § 4-1.

Første ledd fører vidare gjeldande jordskiftelov § 88 i den forstand at det er avgrensa til å gjelde fastsetjing av grenser i eiga sak. Omgrepet «eiga sak» brukast i staden for «særskild sak» utan at meininga er å gjere noka realitetsendring. Meininga er at jordskifteretten framleis skal kunne fastsetje grenser òg når fastsetjinga ikkje går inn som ein del av eit jordskifte.

Lovforslaget skil ikkje mellom grenser på land eller i vatn. Det er ikkje meininga å gjere noka endring når det gjeld grenser i sjø (saltvatn). Det same gjeld for sektorgrense i sjø. I NOU 1988:16 kapittel 4.1.2 Særskilt grense for særretter til visse utnyttingsmåter, er det gitt ein omtale av slike grenser.

Kven som kan krevje grensefastsetjing etter § 4-2 første ledd, går fram av lovforslaget § 1-5.

Første ledd utvidar kompetansen jordskifteretten har til å fastsetje grenser for «rettar». Omgrepet «rettar» i lovforslaget dekkjer alle typar rettar over fast eigedom.

Kompetansen jordskifteretten har til å fastsetje grenser etter første ledd er ikkje avgrensa til å gjelde dei areala som er nemnde i bokstavane a til g. Dette går fram av omgrepet «mellom anna».

Første ledd bokstav a gjeld grunneigedom slik denne er definert i matrikkellova § 5 første ledd bokstav a. Med grunneigedom er meint eigedom som er avgrensa ved eigedomsgrenser på jordoverflata, og som med dei avgrensingane som følgjer av at det eventuelt er oppretta anleggseigedom etter bokstav b, strekkjer seg så langt nedover i grunnen og oppover i lufta som privat eigedomsrett rekkjer etter alminnelege reglar. Bokstav a fører vidare heimelen i gjeldande jordskiftelov § 88 første ledd til å behandle desse eigedomsgrensene. Jordskifteretten kan fastsetje grenser på jordoverflata, i lufta og i undergrunnen. Jordskifteretten kan for eksempel som eiga sak fastsetje grense der fleire har interesse av å utnytte rommet over eller under jordoverflata.

Bokstav b gjeld anleggseigedom slik denne er definert i matrikkellova § 5 første ledd bokstav b. Med anleggseigedom er meint ein bygning eller konstruksjon, eller eit avgrensa fysisk volum som er tillate utbygt, og som er utskilt som eigen eigedom. Fast anlegg på eigarlaus sjøgrunn eller i eigarlaus undergrunn kan òg vere anleggseigedom.

Etter opplegget i matrikkellova må det haldast ei oppmålingsforretning før anleggseigedommen kan førast inn i matrikkelen, og tinglysing kan finne stad.

Bokstav c gjeld uteareal som inngår i eigarseksjon slik dette er definert i matrikkellova § 4 første ledd siste punktum. Kompetansen gjeld berre for uteareal til eigarseksjon, ikkje for eigarseksjonane inne i bygningen. Omgrepet «mellom anna» i innleiinga til paragrafen endrar ikkje dette.

Bokstav d gjeld jordsameige slik dette definerast i matrikkellova § 5 første ledd bokstav d. Med jordsameige er meint grunnareal som ligg i sameige mellom fleire grunneigedommar, og der sameigepartane inngår i grunneigedommane. Andre sameiger enn jordsameiger ligg inn under omgrepet fast eigedom i innleiinga i paragrafen. Jordskifteretten kan såleis òg fastsetje grenser for andre sameiger.

Bokstav e gjeld festegrunn slik dette er definert i matrikkellova § 5 første ledd bokstav e. Med festegrunn er meint del av grunneigedom eller jordsameige som nokon har festerett til eller som kan festast bort, eller som nokon har ein tilsvarande eksklusiv og langvarig bruksrett til.

Bokstav f gjeld offentleg regulering av eigarrådvelde. Bokstav f fører vidare heimelen i siste alternativ i gjeldande jordskiftelov § 88 første ledd første punktum.

Bokstav g gjeld grenser for samisk reinbeite. Bokstav g har ny ordlyd i høve til gjeldande jordskiftelov § 88 andre ledd andre punktum, men ikkje nytt innhald. Det er ikkje meininga å gjere realitetsendring i kva ei grensefastsetjing kan gå ut på når det gjeld grenser for samisk reinbeite.

Bokstavane a til g gir ikkje uttømmande oversikt over kva slag eigedommar og rettar jordskifteretten kan fastsetje grenser for. Det følgjer av omgrepet «mellom anna». Eksempel på grensefastsetjing som ikkje er teke med i § 4-2 er teke med i § 4-3, sjå merknadene til § 4-3. Eit anna eksempel er grenser i realsameige som ikkje er jordsameige.

Etter andre ledd skal jordskifteretten merkje og koordinatfeste grenser fastsett etter første og andre ledd i § 6-29.

Til § 4-3 Andre reglar om grensefastsetjing

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om andre reglar om grensefastsetjing i kapittel 10.4.10. til 10.4.14.

Etter første ledd første punktum kan jordskifteretten i sak etter § 4-2 ta avgjerd om gjerdeplikt og gjerdehald etter § 3-8 for den grensestrekninga som er til behandling. Første ledd andre punktum seier at når retten tek slik avgjerd, gjeld § 3-34 så langt det høver. Jordskifteretten har etter § 5-3 bokstav b heimel til å ta avgjerd etter grannegjerdelova i samband med sak for jordskifteretten. Det følgjer av § 5-4 at jordskifteretten òg kan ta avgjerd etter grannegjerdelova som eiga sak.

Første ledd gir heimel for å fastsetje reglar om gjerdehald for den grensestrekninga som er til behandling etter § 4-2. Føresegna gjeld ikkje gjerdespørsmål som eiga sak etter grannegjerdelova. Heimelen er særleg praktisk dersom grensesaka viser at eit gjerde som var meint å stå i ei grense, ikkje gjer det. Da kan jordskifteretten i grensesaka òg ordne det nødvendige med flytting av gjerdet. Realitetane i endringa er at jordskifteretten får same heimel til å ordne gjerdespørsmål i ei sak etter § 4-2 som i ei jordskiftesak etter § 3-8 og ei sak etter §§ 5-3 eller 5-4.

Etter andre ledd kan jordskifteretten justere grenser etter matrikkellova § 16. Forslaget inneber at jordskifteretten, utan at det er kravd jordskifte, skal ha same moglegheit til grensejustering som den lokale matrikkelstyresmakta har. Det er etter matrikkellova § 16 andre ledd berre høve til å overføre mindre areal mellom einingane. Det er gitt forskrift med heimel i matrikkellova § 16 femte ledd som gir nærare reglar om kva slags areal det er som kan overførast.

Tredje ledd seier at lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger § 1-4 og lov 19. juni 1992 nr 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningane § 4-2 gjeld for fastsetjing av grenser som gjeld bygdeallmenning eller statsallmenning. Tredje ledd er teke inn i lova av informative omsyn.

Fjerde ledd erstattar heimelen ein har i gjeldande lov § 88 første ledd andre punktum. Det er ikkje meininga å gjere endringar i kva jordskifteretten kan gjere etter reglane i vassdragslova §§ 2, 3 og 4. Ved grensejustering er jordskifteretten bunden av eventuelle offentlegrettslege vilkår. Dersom vilkåra i matrikkellova ikkje kan oppfyllast, må endringa skje med heimel i § 3-4.

Femte ledd er teke med i lova av informative omsyn. Leddet fortel at jordskifteretten set i verk grensemerking i terrenget, koordinatfesting og kartlegging etter finnmarkslova § 45.

Det går fram av sjette ledd at om ei avgjerd etter første til fjerde ledd eller etter §§ 4-1 og 4-2 fører til at det må registrerast eit nytt jordsameige, eller til at umatrikulert grunneigedom eller festegrunn skal matrikulerast, gjeld § 3-35. Ved eit jordskifte etter kapittel 3 vil det regelmessig vere aktuelt å skipe ei ny matrikkeleining. Lovforslaget § 3-35 gir heimel for dette. I heimelen er det vist til samsvarande reglar i matrikkellova §§ 10 og 18. Ved rettsutgreiing og grensefastsetjing vil det sjeldan vere aktuelt å skipe nye einingar. Unntaksvis får jordskifteretten likevel slike saker. Eit eksempel på dette er sak som gjeld rettsutgreiing etter § 4-1 for å få registrert eit uregistrert jordsameige. Eit anna eksempel er der jordskifteretten fastset grenser etter § 4-2 for umatrikulert grunneigedom. Regelen i sjette ledd fastset at jordskifteretten i slike høve har den same heimelen, og skal følgje dei same rutinane som ved jordskifte.

Til § 4-4 Tvist om underliggjande rettshøve

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om tvist om underliggjande rettshøve i kapittel 10.4.9.

Paragrafen seier at dersom det i sak om rettsutgreiing eller grensefastsetjing er tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett eller anna, skal jordskifteretten etter krav frå ein part avgjere tvisten når det er nødvendig for å avgjere saka om rettsutgreiing eller grensefastsetjing. Paragrafen fører vidare heimelen jordskifteretten har i gjeldande jordskiftelov § 17 tredje ledd.

I Rt. 2000 side 1703 har Høgsterett lagt til grunn at når jordskifteretten i ei sak om grense tek avgjerd i tvist om eit underliggjande rettshøve, blir avgjerda rettskraftig som fastsetjingsdom, ikkje berre som ei prejudisiell avgjerd i grensesaka.

Til Kapittel 5 Skjønn og andre avgjerder etter andre lover

I kapitteloverskrifta er formuleringa «skjønn og andre avgjerder etter andre lover» brukt. Grunnen til det er at ikkje alle avgjerdene jordskifteretten tek etter kapittel 5 er kalla skjønn i lovforslaget, sjå kapittel 11.1. Det er òg slik at jordskifteretten kan ta avgjerder etter andre lover enn jordskiftelova. Skjønn og andre avgjerder etter andre lover er drøfta i kapittel 11.

Til § 5-1 Skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte i kapittel 11.5.1.3.

Første punktum gjeld tiltaksjordskifte og vernejordskifte. Omgrepa tiltaksjordskifte og vernejordskifte er definerte i lovforslaget § 1-3 bokstav b og c. Meininga er at jordskifteretten skal kunne halde dei skjønna som er omhandla i gjeldande jordskiftlov § 6 første, andre, tredje og fjerde ledd første punktum.

Eit skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte kan baserast på avtale mellom partane. Eit slikt avtaleskjønn fell inn under paragrafen.

Omgrepet skjønn er brukt som ein karakteristikk av den avgjerda jordskifteretten tek for å få fastsett erstatninga ved tiltaksjordskifte og vernejordskifte. Omgrepet er ikkje brukt for å seie noko om kva for reglar om saksbehandling ein skal følgje, eller kva for domstol det er som skal behandle spørsmålet. Pengevederlaget skal, som i dag, fastsetjast etter lov 6. april 1984 nr. 17 om vederlag ved oreigning av fast eigedom.

Formuleringa «i samband med» dekkjer formuleringa «I samband med sak» som er brukt i gjeldande jordskiftelov § 6 fjerde ledd første punktum. Omgrepet dekkjer òg skjønn som skal haldast samtidig med jordskifte i tid. I nokre tilfelle vil jordskiftesaka og skjønnet ikkje starte samstundes. Ein kan tenkje seg at skjønnet er rekvirert nokre dagar eller veker før krav om jordskifte er kome inn. Meininga er at slike skjønn òg skal kunne sjåast på som skjønn «i samband med» om for eksempel saksbehandlinga av kravet ennå ikkje er starta, og når det er nødvendige for å få gjennomført jordskiftesaka på ein smidig og for partane rettssikker måte.

Med formuleringa «Jordskifteretten held» er meint at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse når skjønnet er i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte. Er det aktuelt å halde slike skjønn utan i samband med slike saker, vil dei gå som rettslege skjønn (skjønn for tingretten). Partane kan likevel avtale at jordskifteretten skal halde skjønnet, og heimel til å halde eit slikt skjønn har jordskifteretten i lovforslaget § 5-5.

Fleire av vilkåra i gjeldande jordskiftelov § 6 for at jordskifteretten skal kunne halde tiltaks- og vernejordskifte, blir ikkje ført vidare i § 5-1. Etter gjeldande jordskiftelov § 6 andre ledd, kan jordskifteretten berre halde skjønn i samband med vernejordskifte, dersom det er rettskraftig avgjort av dei ordinære domstolane at det skal ytast erstatning, eller vedkomande styresmakt sjølv legg det til grunn. Jordskifteretten kan etter lovforslaget halde skjønn i samband med vernejordskifte dersom offentleg styresmakt legg til grunn at det skal ytast erstatning. Denne regelen blir ført vidare. I dei tilfella offentleg styresmakt ikkje sjølv legg til grunn at det skal ytast erstatning, inneber forslaget til nye reglar ei endring. Det skal ikkje lenger vere noko krav at dei ordinære domstolane har avgjort spørsmålet. Etter lovforslaget kan jordskifteretten nå avgjere spørsmålet om erstatning. Jordskifteretten har fått kompetanse til å avgjere tvist om erstatningsspørsmålet, sjå lovforslaget § 5-8 tredje ledd.

Den stadlege avgrensinga av heimelen jordskifteretten har til å halde skjønn etter jordskiftelova § 6, blir ikkje ført vidare i lovforslaget.

Etter andre punktum gjeld første punktum ikkje jordskifte i vassdrag.

For saksbehandling med vidare gjeld § 5-7 første ledd.

Til § 5-2 Skjønn i samband med jordskifte som følgje av tiltak fastsett av jordskifteretten i vassdrag

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om skjønn i samband med jordskifte som følgje av tiltak fastsett av jordskifteretten i vassdrag i kapittel 11.5.1.3.

Omgrepet skjønn er brukt som ein karakteristikk av den avgjerda jordskifteretten skal gjere. Det handlar om fastsetjing av eit pengevederlag.

Før vannressurslova og endringane i vassdragslova tok til å gjelde, hadde jordskifteretten kompetanse til å halde erstatningsskjønn for tap som oppsto på eigedommar utanfor skiftefeltet som følgje av tiltak innanfor skiftefeltet. Heimelen var i gjeldande jordskiftelov § 44 tredje ledd. Heimelen fall bort da vannressurslova og endringane i vassdragslova tok til å gjelde. Lovforslaget § 5-2 inneber at jordskifteretten får tilbake denne heimelen.

Omgrepet «i samband med» skal forståast på same måte som omgrepet skal forståast i lovforslaget § 5-1, sjå spesialmerknadene til § 5-1. Kva tiltak det handlar om, går fram av § 3-9.

For saksbehandling med vidare gjeld § 5-7 første ledd.

Til § 5-3 Skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett i kapitla 11.5.2 til 11.5.7.

Paragrafen gjeld avgjerder som ikkje berre gjeld fastsetjing av pengevederlag. Derfor brukast omgrepet «skjønn og andre avgjerder etter andre lover» i paragrafen.

Paragrafen gir jordskifteretten heimel til å halde skjønn og ta avgjerd i samband med sak for jordskifteretten etter dei lovene det er vist til. Den enkelte lova det er vist til, inneheld òg heimlar. Ein må sjå i den lova som det er vist til dersom ein vil finne ut nærare kva det er jordskifteretten kan avgjere. Når formuleringa «Jordskifteretten held skjønn og tek andre avgjerder i samband med sak for jordskifteretten etter...» er brukt, er meininga at jordskifteretten skal ha eksklusiv heimel i desse tilfella. Det er som for saker etter § 5-1 eit vilkår at det handlar om avgjerder som skal takast i samband med sak for jordskifteretten. Omgrepet «i samband med» skal ha same meining i §§ 5-1, 5-2 og 5-3.

Skjønn og andre avgjerder i samband med sak for jordskifteretten etter dei lovene som er nemnde kan vere baserte på avtale mellom partane. Eit slikt avtaleskjønn fell inn under paragrafen.

Jordskifteretten kan etter gjeldande reglar ta avgjerd etter taubanelova, sjå kapittel 11.5.4.3. Kompetansen jordskifteretten har er avgrensa til taubanelova § 8, sjå gjeldande jordskiftelov § 43 tredje ledd. Forslaget til § 5-3 bokstav a inneber inga endring i den kompetansen jordskifteretten har etter gjeldande jordskiftelov § 43 tredje ledd, jf. taubanelova § 8.

Etter § 5-3 bokstav b, skal jordskifteretten ha eksklusiv kompetanse til å ta alle avgjerder om gjerdehald etter grannegjerdelova, sjå omtalen av reglane i kapittel 11.5.6.3. Det inneber at ordninga med «lensmannsskjønn» etter grannegjerdelova fell bort. Lovforslaget inneber òg at ein opphevar den stadlege avgrensinga av kompetansen jordskifteretten har til å halde skjønn etter grannegjerdelova. Det er gjort greie for bruken av omgrep med vidare i spesialmerknadene til endringane i grannegjerdelova.

Etter § 5-3 bokstav c, skal jordskifteretten ha kompetanse til å ta alle avgjerder etter beitelova. Denne kompetansen har jordskifteretten ikkje etter gjeldande reglar. Sjå omtale av reglane i kapittel 11.6. Skjønn etter gjeldande reglar i beitelova er styrt av lensmannen, namsfuten eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver. Jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å ta avgjerder etter beitelova. Høvet til å halde lensmannsskjønn fell bort som ein konsekvens av dette. Departementet gjer greie for dei omgrepa som er brukt i spesialmerknadene til beitelova.

§ 5-3 bokstav d gjeld private vegar etter veglova kapittel VII. Sjå omtala av reglane i kapittel 11.5.3 Jordskifteretten har etter gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd kompetanse til å halde skjønn etter veglova kapittel VII når det ligg føre eit jordskifte. Slik kompetanse har jordskifteretten anten eigedommen ligg i jordskiftefeltet, eller om eigedommen ikkje kjem inn under jordskifte. Denne kompetansen blir ført vidare i bokstav d. Meininga er at formuleringa «i samband med» skal famne desse tilfella. Det er etter lovforslaget ikkje noko krav at skjønnet skal vere nødvendig av omsyn til jordskifte, slik reglane er i dag.

Jordskifteretten held etter veglova § 60 andre ledd første punktum skjønn etter veglova kapittel VII. Det gjer jordskifteretten i eit nærare stadleg avgrensa område dersom rekvirenten set fram krav om det i samband med sak etter gjeldande jordskiftelov § 6 første til fjerde ledd første punktum. Jordskifteretten skal etter lovforslaget ha eksklusiv kompetanse til å halde skjønn og ta avgjerder etter veglova kapittel VII i samband med sak for jordskifteretten òg i dei tilfella rekvirenten set fram krav om at jordskifteretten skal behandle spørsmålet. Dette går fram av § 5-3 bokstav d, men òg av forslag til nye reglar i veglova § 60 andre ledd. Lovforslaget inneber at høvet til å avgjere sakene etter kapittel VII som rettsleg skjønn, eller som «lensmannsskjønn», fell bort. Dette går fram av formuleringane, «tek avgjerder» og «held skjønn» i veglova § 60 andre ledd.

§ 5-3 bokstav e gjeld avgjerder etter servituttlova. Sjå omtala av reglane i kapittel 11.5.7. Etter gjeldande servituttlov § 19 er utgangspunktet at skjønn etter servituttlova er styrt av lensmannen, namsfuten eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver. Jordskifteretten kan i nokre tilfelle ta avgjerder etter servituttlova. Kompetansen jordskifteretten har blir endra etter lovforslaget slik at jordskifteretten får eksklusiv kompetanse til å ta avgjerd etter servituttlova §§ 5-7 og 13.

§ 5-3 bokstav f gjer synleg kompetansen jordskifteretten har til å ta avgjerd etter vannressurslova § 31 tredje ledd bokstav c. Sjå omtala av reglane i kapittel 11.5.5. Den paragrafen gjeld refusjon av utgifter til fellestiltak etter vannressurslova. Etter lovforslaget skal kompetansen jordskifteretten har etter bokstav f ikkje lenger vere avhengig av om vassdragstiltaket har samanheng med andre tiltak som står under jordskifte. Jordskifteretten kan etter lovforslaget behandle spørsmål om fordeling av felleskostnader som eiga sak.

§ 5-3 bokstav g gjeld kompetansen jordskifteretten har til å halde skjønn og ta andre avgjerder etter reindriftslova. Sjå omtala av reglane i kapittel 11.5.2. I gjeldande jordskiftelov går kompetansen fram av ein eigen paragraf, sjå § 6 a. Kompetansen jordskifteretten har til å halde skjønn og ta andre avgjerder etter reindriftslova, blir ført vidare i lovforslaget § 5-3 bokstav g, og vil dessutan følgje av dei føresegnene i reindriftslova som seier kva jordskifteretten kan avgjere. Forslaget inneber at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å ta dei aktuelle avgjerdene i samband med sak for jordskifteretten. Det same gjeld avgjerder som jordskifteretten tek som eiga sak, med unntak av erstatningsskjønn etter reindriftslova § 70. Når det gjeld erstatningsskjønn etter reindriftslova § 70, skal rekvirenten framleis kunne velje mellom tingretten og jordskifteretten.

Korleis saker etter lovforslaget § 5-3 skal behandlast, går fram av lovforslaget § 5-7.

Til § 5-4 Skjønn og andre avgjerder etter andre lover som eiga sak

Departementet gjer greie for forslaget til føresegn om skjønn og andre avgjerder etter andre lover som eiga sak i kapittel 11.2.3.

Formuleringa «eiga sak» er brukt for å få fram at avgjerdene ikkje har nokon samanheng med sak for jordskifteretten.

Første punktum seier at jordskifteretten kan halde skjønn og ta andre avgjerder som eiga sak etter dei lovene som er nemnde i § 5-3. Den meir presise utforminga av kva for avgjerder jordskifteretten kan treffe, går fram av dei lovene som det er vist til. Det går fram av føresegna, saman med dei lovene som det er vist til, at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse på dei områda lovene regulerer. På eit område skal jordskifteretten likevel framleis ha parallell kompetanse saman med tingretten. Det gjeld skjønn om erstatning etter reindriftslova § 70.

Andre punktum seier at jordskifteretten ikkje kan ta avgjerd etter taubanelova § 8 som eiga sak. Dette fører vidare gjeldande rett.

Korleis saker etter § 5-4 skal behandlast, går fram av § 5-7.

Til § 5-5 Avtaleskjønn som eiga sak

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om avtaleskjønn som eiga sak i kapittel 11.2.3.

Skjønn og andre avgjerder etter §§ 5-1 til 5-4 kan vere baserte på avtale mellom partane. Kompetansen jordskifteretten har til å behandle skjønn baserte på avtale og andre avgjerder, går fram av §§ 5-1 til 5-4.

Lovforslaget § 5-5 fører vidare jordskiftelova § 6 fjerde ledd andre punktum. Den gjeld skjønn kravd med heimel i skjønnsprosesslova § 4. I lovforslaget § 5-5 har jordskifteretten heimel til å halde avtaleskjønn som ikkje blir fanga opp av §§ 5-1 til 5-4.

Tingretten og jordskifteretten skal både framleis kunne halde avtaleskjønn, med mindre det er positivt sagt i lova at kompetansen er lagt til jordskifteretten slik tilfellet er for saker etter grannegjerdelova, beitelova, servituttlova og veglova kapittel VII. Det er ikkje meininga å gjere endringar utover det som følgjer av at den stadlege kompetansen blir oppheva.

For behandlinga av skjønn etter lovforslaget § 5-5, gjeld lovforslaget § 5-7.

Avtaleskjønn jordskifteretten held etter lovforslaget § 5-5 blir behandla på same måte som skjønn og andre avgjerder etter lovforslaget § 5-4.

Til § 5-6 Skjønn og andre avgjerder i samband med sak for jordskifterett skilt ut som eiga sak

Forslaget til føresegn om skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett skilt ut som eiga sak blir omtala i kapittel 11.5.1.

Reglane i § 5-6 er nye. Jordskifteretten kan etter første punktum bestemme at saker i samband med sak for jordskifteretten etter §§ 5-1, 5-2 og 5-3 skal behandlast som eiga sak.

Skal saka skiljast ut som eiga sak, skal ho behandlast etter reglane i skjønnsprosesslova, sjå § 5-7.

I vurderinga av om avgjerda skal skiljast ut som eiga sak, kan jordskifteretten mellom anna vurdere kva som er den mest effektive behandlinga av dei aktuelle spørsmåla. Jordskifteretten kan avgrense jordskiftesaka, slik at ho ikkje blir meir omfattande enn nødvendig. Ei splitting av saka må om mogleg inngå i planane til retten når det gjeld framdrifta i saka, sjå lovforslaget § 6-6. Avgjerda skal takast ved orskurd, sjå lovforslaget § 6-23. Jordskifteretten må informere partane om kva konsekvensen blir av å skilje ut spørsmålet som eiga sak. Blant anna må retten gjere det klart at retten etter hovudregelen i skjønnsprosesslova § 11 første ledd skal setjast med fire meddommarar i staden for to. To meddommarar er hovudregelen for saker i samband med sak for jordskifteretten, sjå lovforslaget § 2-6. Partane bør òg informerast om at retten kan setjast med to meddommarar, når ein av partane krev det, og jordskiftedommaren ikkje kan sjå grunnar som taler mot. Partar er til vanleg opptatt av kva kostnader saka påførar dei. Retten må derfor informere partane om kva skilnad det blir på kostnadsfordelinga dersom saka skal skiljast ut som eiga sak.

Andre punktum seier at kompetansen jordskifteretten har etter første punktum ikkje gjeld for sak etter lov 14. juni 1912 nr. 1 om anlæg av taugbaner og løipestrenger mv. § 8.

Til § 5-7 Behandlinga av saker etter kapittel 5

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om behandlinga av saker etter lovforslaget kapittel 5 i kapittel 11.7.3.

Første ledd gjeld skjønn og andre avgjerder etter §§ 5-1, 5-2 og 5-3 i samband med sak for jordskifteretten. Første ledd første punktum seier at kapitla 1, 2, 6 og 8 i lovforslaget gjeld så langt dei høver for skjønn og andre avgjerder som jordskifteretten held eller tek etter §§ 5-1 til 5-3.

Første ledd andre punktum seier at i tillegg gjeld § 7-1 andre ledd og § 7-10. Lovforslaget § 7-1 gjeld sakskostnader. I lovforslaget § 7-1 andre ledd står det at for skjønn og andre avgjerder i samband med sak for jordskifteretten, gjeld reglane om sakskostnader i skjønnsprosesslova. Lovforslaget § 7-10 seier at skjønnsprosesslova § 54 gjeld for kostnader med skjønn og andre avgjerder etter lovforslaget §§ 5-2 og 5-3 som råkar eigedom som ikkje er med i jordskifteområdet. Lovforslaget § 7-10 seier òg at kostnader etter første ledd i lovforslaget § 7-10 skal delast etter § 3-28 mellom partane som er knytt til investeringstiltaket.

Første ledd tredje punktum seier at reglane for rettslege skjønn i skjønnsprosesslova gjeld så langt kapitla 1, 2, 6 og 8 ikkje har reglar om behandlinga. Det vil variere frå sak til sak kor mange føresegner i skjønnsprosesslova ein etter lovforslaget må supplere med.

Første ledd fjerde punktum seier at i tillegg gjeld òg reglane for behandlinga som ein finn i dei lovene som er nemnde i lovforslaget § 5-3.

Andre ledd første punktum seier at avgjerder som jordskifteretten tek som eiga sak etter lovforslaget §§ 5-4 til 5-6 følgjer reglane for rettslege skjønn i skjønnsprosesslova. Andre ledd inneber at ein fører vidare regelen i gjeldande jordskiftelov § 6 b første ledd om at avtaleskjønn etter § 6 fjerde ledd andre punktum og skjønn som eiga sak, skal behandlast etter skjønnsprosesslova sine reglar fullt ut.

Andre ledd andre punktum seier at i tillegg gjeld òg reglane som ein finn i dei lovene som er nemnde i lovforslaget § 5-3 for behandlinga.

Til § 5-8 Tvist

Det er gjort greie for forslaget til føresegn om korleis ein behandlar tvist i saker etter lovforslaget kapittel 5 i kapittel 11.8.3.

Første ledd seier at jordskifteretten avgjer under forretninga tvist om retten til og vilkåra for å fremje skjønn eller andre saker etter kapittel 5. Første ledd gjeld alle saker som jordskifteretten kan behandle etter kapittel 5. Første ledd inneber at jordskifteretten kan avgjere tvist om retten til, og om vilkår for å fremje ei sak etter kapittel 5 er oppfylt. Det same gjeld tvist om kva saka skal gjelde. Paragrafen byggjer på gjeldande jordskiftelov § 6 b første og andre ledd. Etter gjeldande jordskiftelov § 6 b første ledd har jordskifteretten kompetanse til å avgjere tvistar i avtaleskjønn som eiga sak etter gjeldande jordskiftelov § 6 fjerde ledd andre punktum eller etter anna lov. Paragrafen byggjer òg på gjeldande jordskiftelov § 6 b andre ledd som seier at mellom anna skjønnsprosesslova §§ 26 og 48 gjeld for saker etter gjeldande jordskiftelov § 6 første, andre, tredje og fjerde ledd første punktum.

Andre ledd seier at jordskifteretten avgjer under forretninga tvist om retten til og vilkåra for ekspropriasjon, eller tvist om kva som skal vere emne for ekspropriasjon. Paragrafen byggjer på gjeldande jordskiftelov § 6 b andre ledd som viser til mellom anna skjønnsprosesslova § 48, men inneber ei utviding da kompetansen ikkje er avgrensa til dei sakstypane som er nemnde i gjeldande jordskiftelov § 6 b andre ledd.

Tredje ledd første punktum seier at dersom det i skjønn etter lovforslaget § 5-1 første punktum er tvist om eit underliggjande rettshøve om grenser, eigedomsrett eller anna innan jordskifteområdet, og som det er nødvendig å ta stilling til for at saka skal kunne avgjerast, skal jordskifteretten etter krav frå ein part avgjere dette. Første punktum fører vidare den tilsvarande kompetansen jordskifteretten har etter gjeldande jordskiftelov § 17 tredje ledd.

Tredje ledd andre punktum seier at jordskifteretten kan som del av skjønn i samband med vernejordskifte etter § 5-1 første punktum, avgjere om det skal ytast erstatning for avgrensinga av råderetten som følgjer av den offentlege reguleringa av eigarrådveldet. Dette er ny kompetanse for jordskifteretten.

Leddet er ein konsekvens av at jordskifteretten skal kunne ta stilling til om det skal svarast erstatning som følgje av ei råderettsinnskrenking i samband med vernetiltak. Desse tvistane skal jordskifteretten òg kunne avgjere.

Til kapittel 6Reglar om saksbehandling

Reglane om saksbehandling i lovforslaget er ordna slik at det er gitt ein del reglar som er spesielle for saksbehandlinga i jordskifterettane, samtidig som mange av reglane i tvistelova skal gjelde i tillegg, sjå § 6-1. Nokre av reglane i tvistelova er det òg vist til i enkelte av paragrafane i kapittel 6, og nokre er tekne direkte inn i ei tilpassa form av informasjonsomsyn. Reglane om saksbehandling i lovforslaget er dermed ein kombinasjon av eigne reglar og reglane i tvistelova. Slik er det òg etter gjeldande jordskiftelov. Valet av tilnærming til tvistelova er nærare omhandla i kapittel 12.2. Hovudtyngda av reglane om saksbehandling er samla i kapittel 6. Det er òg plassert enkelte reglar som har karakter av å vere reglar om saksbehandling i dei andre kapitla, der dette er naturleg ut i frå samanhengen mellom reglane. For å betre oversikta i kapitlet er det delt inn i underkapittel med romartalsnummerering.

Til I Tilhøvet til tvisteloven og lov om skjønn og ekspropriasjonssaker

Til § 6-1 Saksbehandlinga og tilhøvet til tvisteloven og lov om skjønn og ekspropriasjonssaker

Paragrafen erstattar gjeldande jordskiftelov § 97. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.2.1.3.

Det følgjer av første ledd at reglane om saksbehandling i lovforslaget kapittel 6 gjeld for saker etter kapittel 3 (jordskiftesakene), kapittel 4 (grensefastsetjing og rettsutgreiing) og for saker etter kapittel 5 (skjønn og andre avgjerder etter andre lover retten behandlar i samband med jordskifte). Når skjønn og andre avgjerder etter andre lover skal behandlast som eiga sak, følgjer det av tredje ledd at saksbehandlinga skal følgje reglane i lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker. Tredje ledd tilsvarar høyringsforslaget § 6-2.

Andre ledd regulerer tilhøvet mellom jordskiftelova og tvistelova. I andre ledd bokstavane a til q er det ramsa opp kva for reglar i tvistelova som skal gjelde ved sidan av reglane i jordskiftelova. Denne lovtekniske løysinga er den same som i gjeldande jordskiftelov, men slik at den overlappande tilvisinga i gjeldande jordskiftelov § 97 første ledd bokstav a og b ikkje blir ført vidare i den nye lova. Andre ledd i § 6-1 viser stort sett til dei same reglane i tvistelova som gjeldande jordskiftelov § 97, men nokre nye reglar er tekne inn. Dette gjeld mellom anna tvistelova kapittel 8 II om rettsmekling, §§ 9-13 til 9-15 og 9-17 om hovudforhandling, delar av kapittel 12 om prosesskriv og kapittel 16 II om omberamming og utsetjing. Det gjeld òg kapittel 17 om fastsetjing av verdien på ein tvistegjenstand, 19 IV om rettsforlik, kapittel 30 om anke til Høgsterett, og dessutan § 10-5 første og andre ledd om sakskostnader.

Reglane i tvistelova skal gjelde så langt dei høver, eller slik det går fram av lova. Fleire stader der det er vist til tvistelova, vil ein kunne leggje reglane til grunn slik dei lyder. I andre tilfelle må ein gjere ei nærare vurdering av kor langt dei høver. Nokre stader er det òg sagt uttrykkeleg at visse reglar i tvistelova ikkje gjeld, sjå lovforslaget §§ 6-8 andre ledd og 6-19 andre ledd. I lovforslaget § 6-25 første ledd er det for eksempel gjort unntak for visse jordskifteavgjerder frå eit generelt utgangspunkt i tvistelova. Korleis ein bør handtere tilhøvet til tvistelova, vil gå fram av samanhengen i dei enkelte paragrafane.

Ein del sentrale reglar i tvistelova blir ikkje gjort gjeldande. Dette gjeld mellom anna visse grunnleggjande vilkår for prosess for domstolane, sjå tvistelova § 1-3. Det gjeld òg reglane om pliktene partane har før ei sak skal reisast, sjå tvistelova kapittel 5, reglane om behandling i forliksrådet, sjå tvistelova kapittel 6, og småkravsprosess, sjå tvistelova kapittel 10. Andre sentrale reglar som ikkje skal gjerast gjeldande, er tvistelova § 12-1 fjerde ledd. Paragrafen handlar om verknaden av bistanden til retten med prosesskriv, § 18-4 om verknaden av fråfall av søksmål etter at krav er forkynt og før retten har teke avgjerd, og § 19-4 (1) om når retten er bunden av ei avgjerd. Sjuande del i tvistelova gjeld midlertidig sikring. Delen er òg teken ut fordi kapitla i denne delen av lova vil ha liten aktualitet for saksbehandlinga i jordskifterettane. Unntaka er grunngjevne i kapittel 12.4.

Dersom det skulle vise seg at dei reglane i tvistelova som er gjort gjeldande ikkje fangar opp alle tilhøve, må løysinga bli at ein nyttar tvistelova analogt.

Til II Førebuing av saka

Til § 6-2 Krav om sak

Lovforslaget § 6-2 har reglar om innhald i, og form på, krav om sak for jordskifteretten. Paragrafen avløyser gjeldande jordskiftelov § 12 første ledd andre punktum og jordskiftelova §§ 88 fjerde ledd første punktum og 88 a andre ledd (jamføring til § 88 fjerde ledd). Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.1.1.3.

Lova bruker omgrepet «krav» når det gjeld kva for prosessuell handling som kan reise ei sak for jordskifteretten. Gjeldande jordskiftelov bruker òg omgrepet krav og ikkje «stemning» (stevning) eller «søksmål». Dette gjer jordskiftelova fordi ein ikkje nødvendigvis har å gjere med ein tvist. Omgrep som stemning eller søksmål er da ikkje naturleg å bruke. Reglane om innhaldet i kravet må derfor òg få ei litt anna utforming enn i tvistelova. Reglane i lovforslaget § 6-2 erstattar reglane i tvistelova § 9-2 og § 12-2 om innhaldet i stemning og andre prosesskriv.

Etter første ledd første punktum må sak reisast ved skriftleg krav til jordskifteretten. Dette gjeld uavhengig av kva for sak det gjeld – jordskifte, grensefastsetjing, rettsutgreiing, skjønn, eller krav om anna avgjerd som jordskifteretten har heimel til å ta. Sak kan likevel reisast ved munnleg krav, jf. første ledd andre punktum. Retten har plikt til å setje opp kravet skriftleg når det kjem frå parter som prosederer sjølve. Blir kravet fremja gjennom ein advokat, skal det vere skriftleg. Sjå tvistelova § 12-1 andre ledd, som § 6-2 første ledd viser til. Etter første ledd tredje punktum skal kravet vere underskrive.

Jordskifterettane har utarbeidd eit eige skjema som i mange år har blitt brukt for å fremje krav. Bruk av skjema oppfyller vilkåret om at sakskravet skal vere skriftleg. Lovforslaget har ikkje eigne reglar om slike skjema. Lova er på den andre sida heller ikkje til hinder for at krav kan setjast fram på eit skjema som for eksempel kan vere utarbeidd av Domstoladministrasjonen. Skal nokon bruke skjema, må samstundes vilkåra som følgjer av lovreglane vere oppfylde.

Både papirbaserte og elektroniske dokument reknast som skriftlege. For bruk av elektronisk kommunikasjon, under dette elektronisk signatur, legg departementet til grunn at dei same reglane skal gjelde for jordskifterettane som for dei allminnelege domstolane, jf. domstollova § 197 a. Paragrafen gir heimel til å gi forskrifter om elektronisk kommunikasjon med domstolane.

Andre ledd inneheld reglar om kva for opplysningar kravet skal innehalde, utan at det er snakk om absolutte vilkår, jf. at opplysningane skal nemnast i kravet «så langt råd er». Kravet skal etter andre ledd bokstav a innehalde ei opplisting av kva eigedommar saka gjeld. Krav om sak for jordskifteretten vil normalt omfatte fleire eigedommar. Krav kan likevel gjelde berre ein eigedom, for eksempel i dei tilfella det skal krevjast bruksordning av tilhøva mellom ein eigar og ein eller fleire innehavarar av rettar på den same eigedommen, eller mellom rettshavarane innbyrdes. Tilsvarande kan gjelde for grensefastsetjing, der saka normalt vil gjelde grensa mellom fleire eigedommar. Saka kan òg gjelde grensa mellom rettar innanfor ein eigedom. Etter andre ledd bokstav b skal kravet (så langt råd er) innehalde opplysningar om namnet og adressa til partane, og dei eventuelle representantane eller prosessfullmektigane deira. I saker med fleire partar kan det vere nok at det blir vist til at det er dei som står oppført som eigar eller festar i grunnboka på dei aktuelle eigedommane som er part. Har rekvirenten kunnskap om at den reelle eigaren er ein annan enn den som står oppført i grunnboka, bør han opplyse om dette. Er det mange som reiser kravet, og dei har oppnemnt representantar for seg, skal dette opplysast.

Etter andre ledd bokstav c skal det opplysast om den som krev saka, meiner det trengst meddommarar. Det skal òg opplysast om desse bør ha særskilde kunnskapar om det saka skal handle om. Etter andre ledd bokstav d skal parten nemne kva han vil oppnå med kravet. Dette gjeld i høve til alle sakstypane, ikkje berre jordskifte. Dersom parten for eksempel ønskjer klarlegging av grenser han oppfattar som uklare, eller klarlegging av innhaldet i bruksrettar han har på eigedommen sin, skal det gjerast greie for dette i kravet. Etter andre ledd bokstav e skal kravet nemne dei bevisa som vil bli førte og annan dokumentasjon, altså det den som krev saka sit med som kan underbyggje eventuelle påstandar eller synspunkt på for eksempel grenser eller rettstilhøve.

Tredje leddførste til fjerde punktum inneheld meir generelle reglar om utforminga av kravet. Kravet skal vere utforma slik at det gir grunnlag for ei forsvarleg behandling av saka, og slik at dei andre partane kan ta stilling til kravet og kunne førebu seg på saka. Ikkje minst må kravet gi retten eit grunnlag for å vurdere om han kan behandle saka. Retten må for eksempel undersøkje om den som krev sak, har rett til det etter reglane i lovforslaget § 1-5. Kravet skal dessutan om mogeleg vise det geografiske området det omfattar, på eit kart. Desse opplysningane er viktige i høve til den geografiske avgrensinga av saka som retten må gjere, sjå lovforslaget § 6-9. Avgrensinga skal byggje på kravet og dei uttalane partane gir. Retten kan likevel utvide det geografiske området for saka på nærare fastsette vilkår, sjå lovforslaget § 6-9 fjerde ledd.

Tredje ledd femte punktum gjeld berre ved krav om jordskifte. Det blir stilt vilkår om at kravet skal gjere greie for dei utenlege eigedomstilhøva som ein vil at jordskifteretten skal bøte på ved bruk av verkemidla i jordskifte i kapittel 3.

Til § 6-3 Kvar krav om sak skal setjast fram (verneting)

Paragrafen gjer det unødvendig å gjere tvistelova kapittel 4 gjeldande for saksbehandlinga i jordskifterettane. Riket er delt inn i eigne jordskiftesokn og da bør ein òg ha eigne reglar om domsmakta på staden (verneting), som samsvarer med dette.

Etter første ledd første punktum skal krav om sak setjast fram for jordskifteretten i det jordskiftesoknet der eigedommen ligg. Regelen avløyser gjeldande jordskiftelov § 12 første ledd første punktum. Regelen svarar innhaldsmessig òg til tvistelova § 4-5 første ledd første punktum. Dersom eigedommen ligg i fleire sokn, eller det er uvisst i kva for eit sokn eigedommen ligg, kan kravet setjast fram for jordskifteretten i eit av sokna. Det kan vere uvisst i kva for sokn eigedommen ligg fordi det er uklare eigedomsgrenser. Regelen går fram av første ledd andre punktum. Regelen tilsvarer tvistelova § 4-5 første ledd andre punktum.

Er kravet sett fram for ein jordskifterett som ikkje har domsmakt på staden der eigedommen ligg, gir andre ledd retten plikt til å overføre saka til kompetent rett. Dersom fleire jordskifterettar har domsmakt på staden, kan den som set fram kravet velje mellom dei. Dette er same reglar som i tvistelova § 4-7 første ledd andre punktum.

Etter domstollova § 38 kan ei sak flyttast over til ein annan domstol, anten når det er søkt om det, eller retten tek avgjerd om det av eige tiltak. Vilkåret er at særlege grunnar gjer det nødvendig eller hensiktsmessig. Domstolslova gjeld for jordskifterettane, sjå domstollova § 2. Tilvisinga til domstollova i tredje ledd er derfor ikkje nødvendig, men er teke med av informasjonsomsyn.

Til § 6-4 Avgjerd om vilkåra for å reise sak er til stades

Paragrafen gjeld kontrollen retten har med at vilkåra for sak er til stades. Paragrafen avløyser gjeldande lov § 12 andre ledd. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.1.3.3.

Første ledd seier at jordskifteretten skal undersøkje om vilkåra for å behandle saka er tilstades når kravet kjem inn. Om dei formelle vilkåra for ei sak er tilstades, er noko retten alltid må vurdere når det kjem inn eit krav. Retten må vurdere om kravet fyller dei vilkåra som gjeld for utforming og innhald i krav om sak (lovforslaget § 6-2), om retten har domsmakt på staden (lovforslaget § 6-3), og om retten er sakleg kompetent til å avgjere den typen krav som blir fremja (det vil seie om kravet gjeld jordskifte, grensefastsetjing, rettsutgreiing, skjønn eller andre avgjerder der jordskifteretten har avgjerdsmyndigheit). Retten må òg kontrollere at kravet ikkje allereie verserer for ein annan domstol (er litispendent) eller er rettskraftig avgjort. Retten må òg kontrollere at rekvirenten er i posisjon til å kunne krevje sak, jf. § 1-5.

For jordskiftesakene etter kapittel 3 gjeld det òg materielle vilkår for at saka skal kunne behandlast og avgjerast, sjå lovforslaget §§ 3-2, 3-3 og 3-18, og omtalen av desse reglane. Desse vilkåra gjeld realitetane i saka. Etter gjeldande jordskiftelov må retten avgjere om jordskiftet er tenleg i forbindelse med fremjinga av saka, sjå gjeldande jordskiftelov § 14 første ledd. Etter § 14 andre ledd kan vedtak om å fremje jordskiftet gjerast om, dersom jordskifteretten samrøystes meiner at vilkåra for å halde jordskifte ikkje lenger er tilstades. Departementet foreslår å ikkje føre vidare ordninga med vedtak om fremjing, sjå kapittel 12.5. Retten har like fullt ansvaret for at dei materielle vilkåra for sak blir oppfylte. Blir retten klar over at vilkåra ikkje kan oppfyllast, skal saka stansast, uansett kva for stadium ein er på i saka. Retten kan likevel handtere eventuelle problem i høve til dei materielle vilkåra på ulikt vis. Retten kan mellom anna avgrense saka slik at vilkåra kan oppfyllast, gjennom den saklege og geografiske avgrensinga som skal gjerast (lovforslaget § 6-9).

Etter andre ledd skal retten gi partane rettleiing, dersom eit krav har manglar som det kan bøtast på. Retten kan etter andre ledd òg setje frist for retting, sjå lovforslaget § 6-16.

Etter tredje ledd skal retten avgjere om vilkåra for sak er tilstades eller ikkje, så snart det er grunnlag for det. Dette gjeld i høve til både formelle og materielle vilkår, og det gjeld under heile saka. Om dei formelle vilkåra er oppfylte, vil retten kunne ta stilling allereie når kravet kjem inn. Er vilkåra ikkje oppfylte, kan det eventuelt bli snakk om retting, jf. andre ledd. Dei materielle vilkåra for sak, vil retten normalt ikkje kunne ta stilling til før lenger ut i saksgangen, når alle partane har fått uttala seg til kravet, det er halde eit saksførebuande rettsmøte og så vidare.

Må eit krav avvisast på grunnlag av formelle manglar er avgjerdsforma orskurd, sjå lovforslaget § 6-23 andre ledd. Kan ei jordskiftesak ikkje takast under behandling fordi dei materielle vilkåra ikkje er oppfylte, er avgjerdsforma jordskifteavgjerd, sjå lovforslaget § 6-23 fjerde ledd. Bruken av ulike avgjerdsformer har samanheng med anke og samansetjinga av ankeinstansen, sjå kapittel 12.3.1.3.3.

Etter fjerde ledd skal retten føre inn i rettsboka at behandlinga av ei jordskiftesak har teke til. Dette er ei formlaus avgjerd. Etter denne protokollføringa kan rekvirenten berre trekkje eit krav om jordskifte dersom retten samtykkjer i det, jf. lovforslaget § 6-19 første ledd. Det at behandlinga er starta, bør formulerast så klart som mogleg, og i alle fall slik at det ut i frå samanhengen ikkje kan vere tvil om at arbeidet med saka er starta opp, og at saksbehandlinga er i gang.

Til § 6-5 Merknader til kravet

Tvistelova kapittel 9 II Saksforberedelsen, inneheld viktige prinsipp for planlegging og saksførebuing, som bør gjelde tilsvarande for saker for jordskifterettane. Etter tvistelova § 9-3 har partane mellom anna rett og plikt til å gi tilsvar til kravet. Lovforslaget § 6-5, om merknader til kravet, har ei enklare og uttømmande regulering av tilsvar til dei krava som skal reisast i saka, og kjem i staden for tvistelova § 9-3. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.1.4.3.

Etter første ledd første punktum skal jordskifteretten forkynne kravet for dei andre partane, og oppmode dei til å komme med sitt syn på kravet (eller krava, om det er fleire). Partane bør i merknadene seie si meining om kravet og gi dei opplysningane dei har, sjå første leddandre punktum. Dei bør òg nemne dei bevisa som dei vil føre, og vise til annan dokumentasjon dei byggjer på, sjå første ledd tredje punktum.

Merknadene frå partane treng ikkje gå lenger enn det som er nødvendig for gi eit tilstrekkeleg grunnlag for den vidare saksførebuinga, sjå første ledd fjerde punktum. Denne forenklinga av tilsvarsregelen i tvistelova § 9-3 er mellom anna gjort av omsyn til dei mange partane som prosederer sjølve i saker for jordskifteretten. For desse vil det truleg kunne bli vanskeleg å følgje krava i tvistelova § 9-3, som gjeld «saksøktes påstand», «den faktiske og rettslige begrunnelse for påstanden» og så vidare. Det treng ikkje vere tvist i ei sak for jordskifteretten med påstand om eit bestemt domsresultat. Ein kan for eksempel reise ei sak om grensefastsetjing utan å fremje påstand om ei bestemt grense mellom eigedommane. Det er da ikkje naturleg å bruke omgrep som «saksøktes påstand». Regelen i fjerde punktum svarar til tvistelova § 9-3 fjerde ledd, og er teken med for å gi partane eit signal om at dei ikkje treng å la merknadene bli for omfattande. Det er nok at merknadene gir retten eit tilstrekkeleg grunnlag for den vidare saksførebuinga.

Det er ikkje meininga at det skal ha verknader som for fråvær etter tvistelova kapittel 16 III, om partane ikkje gir skriftlege eller munnlege merknader. Lovforslaget § 6-5 har ei lempelegare utforming enn tvistelova når det gjeld plikta til å gi tilsvar. Det er heller ikkje gitt nokon regel om plikt for retten til å opplyse om verknaden av å ikkje gi tilsvar, slik det er i tvistelova § 9-3. Tilhøvet til tvistelova kapittel 16 er òg drøfta i kapittel 12.4.7.

Etter andre ledd må partane fremje krav om meddommarar i merknadene til kravet, om dei vil ha meddommarane med i det første rettsmøtet i saka.

Tredje ledd bestemmer at merknadene til vanleg skal vere skriftlege, men at munnlege merknader kan setjast opp skriftleg av retten i samsvar med tvistelova § 12-1 andre ledd. Etter § 12-1 andre ledd kan partar utan prosessfullmektig fremje mellom anna tilsvar ved personleg oppmøte i retten. For andre prosessfullmektigar enn advokatar kan retten tillate slike munnlege prosesshandlingar. Retten skal da setje opp prosesshandlinga som prosesskriv. Retten kan òg tillate munnlege tilsvar via fjernavhør. Dersom ein tilsett ved domstolen som ikkje er dommar, gir slik bistand med prosesskriv, bør prosesskrivet leggjast fram for ein dommar før det underteiknast, sjå tvistelova § 12-1 tredje ledd. Tvistelova § 12-1 fjerde ledd, om habiliteten til den dommaren som gir bistand med prosesskriv, er ikkje gjort gjeldande for jordskifterettane. Grunnen til dette går fram av kapittel 12.4.6.

Fjerde ledd seier at retten normalt ikkje skal setje ein kortare frist for merknader for partane enn tre veker. Retten må vurdere konkret i den enkelte saka, kva for frist som bør setjast. Retten bør mellom anna ta omsyn til omfanget på det partane skal uttale seg om, og om det i saka er partar som prosederer sjølve som kan ha behov for ein romsleg frist.

Til § 6-6 Aktiv saksstyring og planlegging

Første ledd første punktum slår fast plikta jordskifteretten har til aktiv og planmessig styring av saksførebuing og saksavvikling. Første ledd første punktum gir uttrykk for dei same prinsippa som tvistelova § 9-4 første ledd. Det er at retten skal styre saksførebuinga aktivt og planmessig, slik at ein kan oppnå rask, prosessøkonomisk og forsvarleg behandling. Departementet foreslår at § 9-4 i tvistelova ikkje skal gjerast gjeldande for saksbehandlinga i jordskifteretten. Det blir vist til det som er sagt i kapittel 12.3.1.2.3 om dette.

Første ledd andre punktum gir «generalklausulen» i tvistelova § 11-6, tilsvarande verknad for jordskifterettane når det gjeld plikta til aktiv planlegging og saksstyring, slik at sakene «effektivt og forsvarlig kan bringes til avslutning». Etter § 6-1 i lovforslaget er heile kapittel 11 i tvistelova gitt verknad for saksbehandlinga i jordskifterettane, så langt det høver. Det inneber at òg for eksempel tvistelova § 11-7, om reaksjon ved manglande saksstyring, gjeld for jordskifterettane.

Andre ledd første punktum seier at retten etter drøfting med partane, skal lage ein plan for behandlinga av saka. Reglane i andre ledd er ein forenkla versjon av tvistelova § 9-4 andre ledd. Når retten har fått tilstrekkeleg oversikt over kva saka skal handle om, skal retten lage ein plan for den vidare behandlinga. Planlegginga skal etter andre ledd andre punktum gi retten og partane oversikt over den vidare saksgangen. Planen skal etter andre ledd andre punktum òg så langt det er mogleg, gi ei oversikt over når viktige avgjerder i saka må takast, og når retten ser for seg at saka kan avsluttast. Må det gjerast endringar i planen skal retten etter andre ledd tredje punktum orientere partane om dette. Sjølv om tvistelova § 9-4 ikkje gjeld, kan jordskifteretten halde planleggingsmøte som del av saksførebuinga.

Oppstår det tvist under vegs i ei sak, for eksempel under ei synfaring av grenser, må den vidare saksbehandlinga ta omsyn til dette. Dersom det er snakk om ein tvist i eit enkelt og oversiktleg spørsmål, må behandlinga av tvisten kunne skje «der og da» under eit rettsmøte som allereie er i gang, dersom partane ønskjer slik behandling. Er det snakk om meir kompliserte og omfattande spørsmål, må retten leggje til rette for vanleg tvistebehandling, og planleggje behandlinga og nye rettsmøte slik at partane får tid til å førebu seg. Reglane i tvistelova § 9-13 til 9-17 vil gjelde for hovudforhandlinga, så langt dei høver, sjå lovforslaget § 6-12 tredje ledd.

Til § 6-7 Saksførebuande rettsmøte

Første ledd første punktum seier at jordskifteretten kan kalle inn partane til saksførebuande rettsmøte på alle steg i saka. Regelen avløyser gjeldande jordskiftelov § 12 tredje ledd. Tvistelova har reglar om saksførebuande rettsmøte i tvistelova § 9-5. Spesialregelen i lovforslaget § 6-7 gjer at ein ikkje treng å gi tvistelova verknad når det gjeld saksførebuande rettsmøte i jordskifterettane. Etter første ledd andre punktum kan slike rettsmøte vere fjernmøte, slik det er bestemt i tvistelova § 13-1 andre og tredje ledd. Med fjernmøte er meint møte der ikkje alle deltakarane er tilstades, men deltek ved hjelp av fjernmøteteknikk (jf. definisjonen i tvistelova § 13-2 andre ledd).

Etter andre ledd kan saksførebuande rettsmøte setjast med jordskiftedommaren som einedommar. Regelen er teken med slik at det skal vere mogleg å kalle inn til og halde saksførebuande møte før meddommarar eventuelt blir oppnemnd. Regelen er ikkje til hinder for at det blir halde saksførebuande rettsmøte med jordskiftedommaren som einedommar òg etter at meddommarane er oppnemnde, om det skulle vise seg å vere praktisk å diskutere enkelte tilhøve undervegs i saka med jordskiftedommaren som einedommar.

Til § 6-8 Merknader til avgjerder om saksbehandlinga

Når det gjeld uttalane til partane om tilhøve som er av betyding for avgjerdene til retten om saksbehandlinga, har departementet vald å dels skrive inn dei sentrale reglane i tvistelova § 9-6, dels å vise til desse reglane, i lovforslaget § 6-8. Reglane er med som ei påminning og opplysing for retten og partane, om noko som er svært sentralt i behandlinga av saka. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.1.4.3.

Etter første leddførste punktum skal retten gi partane høve til å uttale seg om tilhøve som har noko å seie for avgjerder om saksbehandlinga. Regelen tilsvarar tvistelova § 9-6 første ledd. Regelen må oppfattast slik at den omfattar avgjerder om saksbehandlinga som partane vil ha eit reelt behov for å uttale seg om. Retten må vurdere dette konkret. Normalt vil det ikkje vere nødvendig å høyre partane i spørsmål av administrativ art.

For uttalane til partane om realitetane i saka – altså det kravet som er reist, og som parten (eller partane) vil ha ei avgjerd av – er det gitt spesielle reglar for jordskifteavgjerdene i § 6-21. Retten skal utarbeide forslag til jordskifteløysing, og partane skal få uttale seg til desse. Når det gjeld grensefastsetjing og rettsutgreiing skal retten òg, når det ikkje er tvist, utarbeide forslag til fastsetjing av grensene eller rettane. Dette gjeld anten grensefastsetjinga eller rettsutgreiinga er del av ei jordskiftesak, eller er eiga sak. Partane skal få uttale seg til forslaga, sjå lovforslaget§ 6-22. I saker der det er tvist, vil tvistelova §§ 9-13 til 9-17 om hovudforhandlinga gjelde tilsvarande, sjå lovforslaget § 6-12 tredje ledd. Lovforslaget § 6-14 bestemmer dessutan at retten i utgangspunktet skal byggje avgjerdene på behandlinga i rettsmøte. Retten kan ikkje byggje avgjerdene på faktiske tilhøve partane ikkje er bedne om å uttale seg om, jf. tvistelova § 11-1 tredje ledd, som gir uttrykk for kontradiksjonsprinsippet. Heile kapittel 11 i tvistelova gjeld, så langt det høver, for behandlinga i jordskifteretten.

Ein part må etter første ledd andre punktum setje fram motsegner mot prosesshandlingar så snart han kan. Dette kan gjelde prosesshandlingar frå andre partar eller partshjelparar. Omgrepet «prosesshandlingar» dekkjer mellom anna krav om sak og framlegging av nye bevis. Er det tvist dekkjer omgrept òg framsetjing av eventuelle nye grunnlag for påstanden. Denne regelen tilsvarar tvistelova § 9-6 andre ledd første punktum, og gjeld protestar mot sjølve prosesshandlinga.

Andre ledd første punktum gir tvistelova § 9-6 tilsvarande verknad så langt ho høver for retten partane har til å uttale seg og setje fram motsegner, og for avgjerdene retten tek om saksbehandlinga. Dette inneber mellom anna at retten så tidleg som mogleg skal ta avgjerder om saksbehandlinga, under dette avgjerd av om eit krav om sak må avvisast, sjå tvistelova § 9-6 tredje ledd. Etter andre ledd andre punktum er tvistelova § 9-6 tredje ledd siste punktum ikkje gitt verknad. Tvistelova § 9-6 seier at «Er det klart grunnlag for det, kan retten frifinne saksøkte uten å ta stilling til et tvilsomt spørsmål om avvisning». Regelen passar ikkje for jordskifterettane, i og med at dei ikkje avseier frifinningsdommar.

Slik lovforslaget er utforma, er det tvistelova § 9-6 som regulerer spørsmålet om skriftleg eller munnleg saksbehandling. Tvistelova § 9-6 fjerde ledd fastset at avgjerder om saksførebuinga skal takast etter skriftleg behandling. Det må likevel haldast munnleg forhandling «når hensynet til lovens formål om rettferdig og forsvarlig behandling tilsier det». Dette inneber at retten ved avgjerda om forhandlingsmåten bør ta omsyn til om det i saka er partar som prosederer sjølve, og som vil ha lettare for å ta vare på sine interesser i ei munnleg forhandling.

Til § 6-9 Sakleg og geografisk avgrensing av saka

Paragrafen erstattar gjeldande jordskiftelov §§ 25 og 88 fjerde ledd. I lovforslaget er regelen gjort generell i høve til sakstypane. Grunnen til det er at sakleg og geografisk avgrensing vil vere nødvendig i alle saker. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.1.5.3.

I ei sivil tvistesak vil krava og påstandane partane har, setje ei ramme for domsmakta til retten. Dette følgjer av tvistelova § 11-2, og blir omtalt som «disposisjonsprinsippet». Prinsippet er òg utgangspunktet for sakene for jordskifteretten.

Etter første ledd skal jordskifteretten gjere ei sakleg og geografisk avgrensing av saka i samsvar med det eller dei krav som er reist, og som alle partane har fått ytre seg om. Saka skal avgrensast både i sakleg innhald og i fysisk utstrekning. Dette gjeld etter lovforslaget anten det er ei sak om fastsetjing av grense, ei rettsutgreiingssak eller ei jordskiftesak. Rettsutgreiing og fastsetjing av grenser går til vanleg inn som ein vesentleg del av arbeidet med ei jordskiftesak. Da må retten ta stilling til kor omfattande grensefastsetjing som er nødvendig for å halde jordskifte, og kva for rettstilhøve som må klarleggjast.

I høve til jordskiftedelen av saka, er essensen i første ledd at jordskiftet skal avgrensast slik at jordskifteretten kan bøte på dei utenlege eigedomstilhøva som kravet gjer greie for, ved bruk av dei verkemidla som er heimla i kapittel 3. Dersom det utenlege eigedomstilhøvet for eksempel er at minst ein eigedom har mange innmarksteigar som er for små til rasjonell jordbruksdrift, vil løysinga vere å utforme færre og større teigar. Kva for utenlege eigedomstilhøve rekvirenten meiner ligg føre, skal gå fram av kravet om sak, sjå § 6-2 tredje ledd siste punktum. I høve til jordskifte går disposisjonsprinsippet likevel ikkje så langt at partane bind retten til bruk av bestemte verkemiddel i jordskifte. Partane skal gjere greie for dei utenlege tilhøva. Retten vel verkemiddel og løysing på saka etter å ha høyrt partane, sjå nærare omtale av disposisjonsprinsippet i kap 8.4.

Jordskifteretten kan etter andre ledd første punktum setje ein frist for partane til å fremje krav som gjeld den saklege eller geografiske avgrensinga av saka. Krav som er sette fram etter denne fristen, skal retten etter andre ledd andre punktum avvise, med mindre retten finn gode grunnar for krava. Retten skal etter andre ledd tredje punktum mellom anna ta omsyn til kva dei andre partane meiner om krava, og om saka vil bli forseinka mykje av ei endra avgrensing. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 25 andre ledd. Lovforslaget gjeld likevel krav om endringar i avgrensinga meir generelt, ikkje berre krav å utvide saka.

Etter tredje ledd skal retten ta avgjerd om avgrensinga så snart det er grunnlag for det. Avgjerda skal takast som jordskifteavgjerd, sjå lovforslaget § 6-23 fjerde ledd bokstav b.

Fjerde ledd første punktum opnar for at retten av eige tiltak kan utvide den geografiske ramma for ei sak om jordskifte, når dette må til for å bøte på dei utenlege eigedomstilhøva i saka. Retten kan da ta med attverande delar av dei eigedommane jordskiftet gjeld, men som ikkje var tekne med i det opphavlege kravet. Fjerde ledd avløyser gjeldande jordskiftelov § 25 tredje ledd, men slik at retten etter lovforslaget ikkje kan trekkje andre eigedommar inn i saka slik retten kan etter § 25 tredje ledd. Retten kan heller ikkje utvide jordskifteområdet meir enn det som trengst for å få løyst saka slik ho er sakleg avgrensa etter dei krava som er reiste. Dette går fram av fjerde ledd andre punktum.

Til III Rettsmøte

Til § 6-10 Innkalling til rettsmøte

Paragrafen gjeld innkallinga av partar, vitne og sakkunnige til rettsmøte. Den erstattar gjeldande jordskiftelov § 13. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.2.1.3.

Etter første ledd første punktum skal retten fastsetje når saka skal behandlast. Jordskifteretten skal etter første ledd andre punktum forkynne innkalling til det første ordinære rettsmøtet for alle saka vedkjem. Med formuleringa «alle saka vedkjem» i første ledd andre punktum er meint alle eigarar, alle dei som har rettar over fast eigedom (servitutthavarar), grannar og andre som saka vedkjem. Namnet til medlemmene i retten skal etter første ledd tredje punktum stå i innkallinga. Fristen for innkalling skal etter første ledd fjerde punktum vere minst to veker.

Forkynning skal òg brukast ved innkalling av partar som er pålagde å møte personleg. Det vil reknast som fråvær i saka om parten ikkje møter. Fråvær i saka kan innebere at det aktuelle kravet kan avgjerast ved fråværsdom, sjå tvistelova § 16-10. Elles skal partane få slikt varsel som retten finn høveleg, for eksempel ved brev eller e-post, sjå andre ledd.

Etter tredje ledd første punktum skal partar med advokat som prosessfullmektig, kallast inn ved advokaten. Departementet har her vald same løysinga som i tvistelova § 13-2 andre ledd. Løysinga er av den grunn litt annleis enn i gjeldande jordskiftelov § 13 andre ledd. Til skilnad frå tvistelova skal partane med advokat varslast med kopi av innkallinga, slik at alle partar, både dei som har advokat og dei som ikkje har, er orientert om innkallinga til rettsmøte samstundes, sjå tredje ledd andre punktum. Etter tredje ledd tredje punktum skal ein part som retten har pålagt å møte personleg, få innkallinga forkynt sjølv om han har advokat. Denne regelen tilsvarar tvistelova § 13-2 tredje ledd første punktum. Partar utan advokat, eller med annan prosessfullmektig enn advokat, skal kallast inn direkte.

I fjerde ledd første punktum førast regelen i gjeldande lov § 13 tredje ledd vidare, om summarisk innkalling. Til forskjell frå regelen i gjeldande jordskiftelov er det ikkje departementet som godkjenner summarisk innkalling. Om slik innkalling bør brukast, avgjer jordskifteretten sjølv. Det er heller ikkje lagt inn noko uttrykkeleg krav om at kjende partar skal kallast inn direkte, fordi dette må reknast for å følgje av første ledd saman med fjerde ledd. Etter fjerde ledd andre punktum skal det gå minst seks veker frå kunngjeringa til jordskifteretten held rettsmøtet.

Av femte ledd følgjer at tvistelova § 13-3 gjeld tilsvarande for innkalling av vitne og sakkunnige til rettsmøte. Etter denne paragrafen skal mellom anna advokatar sørgje for innkalling av vitna dei skal føre, om ikkje retten bestemmer noko anna. Tvistelova § 13-3 har òg ein regel om innkallingsfrist for vitna, kva for opplysningar innkallinga skal innehalde, og innkalling av sakkunnige ved forkynning.

Til § 6-11 Møte- og forklaringsplikt

Paragrafen erstattar gjeldande jordskiftelov § 18, som viser til tvistelova kapitla 22 til 24 om partar og andre si plikt til å møte og forklare seg. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.2.1.3.

Etter første ledd har partar, vitne og sakkunnige som er innkalla i samsvar med lovforslaget § 6-10, plikt til å møte og forklare seg etter nærare reglar i § 6-15. I § 6-15 er det foreslått reglar om det materielle innhaldet i bevisplikta, mellom anna om plikta partane har til å sørgje for opplysning av saka, til å gi forklaring og bevistilgang med meir. Reglane i tvistelova Femte del – Bevis skal òg gjerast gjeldande så langt dei høver, under dette kapittel 23 om møte- og forklaringsplikta partane har, kapittel 24 om vitnebevis og kapittel 25 om sakkunnigbevis.

Andre ledd første punktum gir tvistelova § 13-4 verknad for spørsmålet om gyldig fråvær frå rettsmøte. Gyldig fråvær ligg mellom anna føre etter tvistelova § 13-4 første ledd når «sykdom eller andre hindringer utenfor vedkommendes kontroll gjør det umulig eller uforholdsmessig byrdefullt å møte». Tvistelova § 13-4 tredje ledd regulerer spørsmålet om gyldig fråvær når parten har prosessfullmektig. Etter § 13-4 fjerde ledd skal den som har gyldig fråvær straks gi retten melding om dette.

Andre ledd andre punktum gir tvistelova § 16-10 verknad for fråvær ved behandling av tvist. Fråvær i saka kan innebere at det aktuelle kravet kan avgjerast ved fråværsdom. Slik dom «skal bygge på saksøkerens påstandsgrunnlag etter § 11-2 når dette er meddelt saksøkte og ikke fremtrer som åpenbart uriktig», jf. tvistelova § 16-10 andre ledd.

Til § 6-12 Saksbehandlinga i rettsmøte

Enkelte av dei mest sentrale prinsippa i tvistelova er skrivne inn i forslaget til ny jordskiftelov. Dette gjeld særleg prinsippet i tvistelova § 9-13, om konsentrert, effektiv og forsvarleg saksbehandling. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.2.2.3.

Første ledd første punktum er meir generell enn tilsvarande regel i tvistelova, ved at det er vist til behandlinga i rettsmøte, og ikkje til hovudforhandlinga. I mange saker for jordskifteretten kan det vere fleire rettsmøte. Det er likevel ikkje nødvendigvis slik at det er naturleg å kalle eit av dei for hovudforhandling. Etter første ledd andre punktum skal forhandlingane skje konsentrert og forsvarleg utan tidsspille for retten, partane, vitne og sakkunnige, sjå tvistelova § 9-13 andre ledd. Etter første ledd tredje punktum kan rettsmøte haldast som fjernmøte etter reglane i tvistelova § 13-1 andre og tredje ledd.

Prinsippet om «bevisumiddelbarhet» i tvistelova § 9-14 første ledd er òg teke inn, sjå andreledd. Uttrykket «umiddelbart» i tvistelova § 9-14 første ledd, er endra til «direkte». Dette er gjort av språklege grunnar, og inneber ikkje forskjellar i innhaldet i høve til tvistelova. Prinsippet inneber at føringa av bevis skal skje direkte for retten i rettsmøte. Partane kan sende over bevis, for eksempel dokument elles òg, men dei må i det minste vise til bevisa under rettsmøte for at dei skal kunne gå inn i grunnlaget for avgjerdene.

Ut over dette er ikkje reglane i tvistelova §§ 9-13 til 9-17, om hovudforhandlinga, gjort gjeldande» så langt dei høver» for alle sakstypar. Reglane passar ikkje for behandlinga av dei rettsendrande sakene (jordskiftesakene), men dei kan passe for behandlinga av tvistar. Tredjeledd er derfor utforma slik at reglane om hovudforhandlinga i tvistelova §§ 9-13 til 9-17 gjeld så langt dei høver «ved behandlinga av tvist om grenser, eigedomsrett, rettar eller anna». Formuleringa korresponderar med formuleringa i § 6-23 første ledd om kva avgjerdsform ein skal bruke ved tvist i rettsfastsetjande spørsmål (dom).

Til § 6-13 Rettsbok

Paragrafen avløyser gjeldande jordskiftelov § 22 tredje ledd. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.2.3.3.

Første ledd første punktum pålegg jordskifteretten å føre rettsbok i rettsmøte. Første ledd andre punktum gir tvistelova kapittel 13 II Rettsbøker tilsvarande verknad for føringa av rettsboka. Ordninga blir dermed den same som etter gjeldande jordskiftelov § 22 tredje ledd.

Andre ledd seier at partane skal ha tilgang til rettsboka. Andre ledd tilsvarar gjeldande jordskiftelov § 22 tredje ledd tredje punktum. Regelen er likevel utforma slik at partane skal ha tilgang til rettsboka, og ikkje (som etter gjeldande jordskiftelov) slik at retten bør sende utskrift til partane etter kvart rettsmøte. Utsending skulle ikkje vere nødvendig for å halde partane informerte om framdrifta i sakene i dag. Det må vere nok at retten legg til rette for at partane får tilgang til rettsboka gjennom for eksempel nettbaserte løysingar, og at retten informerer partane på høveleg måte om kor dei kan finne ho. I tillegg til denne regelen gjeld dessutan tvistelova kapittel 14, om offentlegheit og innsynsrett, tilsvarande for jordskifterettane, sjå § 6-1 bokstav i.

Til IV Generelle reglar

Til § 6-14 Grunnlaget for avgjerdene

Paragrafen tilsvarar tvistelova § 11-1 Grunnlaget for rettens avgjørelser. Ordlyden er likevel annleis enn i tvistelova. Dette har samanheng med at jordskifteprosessen ikkje samsvarar fullt ut med prosessen for dei ordinære domstolane, der hovudforhandling eller ei munnleg sluttbehandling normalt utgjer grunnlaget for avgjerda retten tek. Jordskifteprosessen er òg basert på munnleg behandling og føring av bevis i rettsmøte, men det er meir sjeldan at dette skjer i eit enkelt rettsmøte som det er naturleg å samanlikne med ei hovudforhandling. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.3.1.3.

Etter første ledd skal jordskifteretten ta avgjerdene sine på grunnlag av behandlinga i rettsmøte, under dette synfaringar som òg er rettsmøte, dokumenta i saka og andre bevis som leggjast fram. Slik er det òg i dag. Uttalane til partane om forslag til jordskifteløysing, og forslag til fastsetjing av grenser, rettar og anna etter lovforslaget §§ 6-21 og 6-22, går òg inn i grunnlaget for avgjerda. I jordskiftesakene skal den endelege jordskifteløysinga òg byggje på verdsetjing etter lovforslaget § 3-14. Ordlyden i første ledd refererer ikkje direkte til hovudforhandling, men til rettsmøte meir generelt. Om saka er ei tvistesak og skal behandlast med hovudforhandling, går òg hovudforhandlinga inn i grunnlaget for avgjerda. Regelen fangar òg opp den moglegheita retten har til å ta avgjerder etter forhandlingar i rettsmøte under saksførebuinga, sjå tvistelova § 9-5 fjerde ledd.

Andre ledd første punktum gir uttrykk for kontradiksjonsprinsippet, jf. tvistelova § 11-1 tredje ledd første punktum som seier at «Retten kan ikke bygge avgjørelsen på et faktisk grunnlag partene ikke har hatt foranledning til å uttale seg om». Dette er eit av dei mest sentrale prinsippa i sivilprosessen, og bør kome til uttrykk òg i den nye jordskiftelova. Ordlyden i lovforslaget skil seg litt frå tvistelova, av språklege grunnar, men innhaldet er det same. Omgrepet «oppmoding», er meint å dekke omgrepet «foranledning» i tvistelova § 11-1 tredje ledd første punktum. Andre ledd andre punktum (om kva retten må gjere dersom den vil byggje ei avgjerd på noko som ikkje har fått kontradiktorisk behandling) er òg gitt ei meir lettlest formulering enn i tvistelova § 11-1 tredje ledd andre punktum. Kontradiksjonsprinsippet gjeld det faktiske grunnlaget i saka, ikkje det rettslege. For jordskifterettane, som for dei ordinære domstolane, gjeld prinsippet i tvistelova § 11-3, om at retten av eige tiltak brukar gjeldande rettsreglar, uavhengig av om partane har uttalt seg om rettsreglane, eller kva dei har uttalt. Retten har både rett og plikt til å bruke gjeldande rettsreglar, og sørgje for riktig rettsbruk. Retten er ikkje bunden av kva partane meiner om rettsreglane, heller ikkje om dei er samde om tolkinga av dei. Rettsbruken må likevel skje innanfor ramma av kravet og påstandane til partane, sjå tvistelova § 11-2. Reglane i kapittel 11 i tvistelova gjeld tilsvarande for jordskifterettane så langt dei høver, sjå § 6-1 andre ledd bokstav f.

Til § 6-15 Bevis

Dei kapitla i tvistelova som gjeld bevis (kapitla 21 til 28 i femte del i lova), er alle gjort gjeldande for behandlinga i jordskifterettane, sjå gjeldande jordskiftelov § 97. I gjeldande jordskiftelov § 15 er dessutan gitt ein regel som seier at «Så snart retten gir partane høve til det, skal dei setje fram og grunngi krava sine, føre prov og gi dei opplysningane som blir kravde». Etter gjeldande jordskiftelov § 18 har partar og vitne plikt til å møte og forklare seg i samsvar med reglane i kapitla 22 – 24. Høyringsforslaget har reglar om bevis i §§ 6-16 og 6-27. Viktige reglar om føring av bevis er òg gitt i tvistelova kapittel 11. Tvistelova § 11-2 andre ledd gir partane hovudansvaret for å sørgje for bevisføring. Reglane om bevis gjeld det faktiske grunnlaget for avgjerda i sakene. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.3.2.3.

Etter første ledd første punktum skal partane sørgje for at saka blir rett og fullstendig opplyst. Dei skal etter første ledd andre punktum greie ut om saka og tilby dei bevisa dei har. Dei har etter første ledd tredje punktum plikt til å gi forklaringar og bevistilgang. Reglane tilsvarar tvistelova § 21-4 første ledd. Reglane gir partane ansvaret for å gi dei forklaringane og leggje fram dei bevisa som er nødvendige for å få saka godt nok opplyst. Så langt råd er, skal rekvirenten ta med bevisa allereie når kravet reisast, sjå lovforslaget § 6-2 andre ledd bokstav e. Andre partar bør føre bevis når dei gir merknader til sakskravet etter § 6-5 første ledd.

Andre ledd gir partane plikt til å opplyse om bevis dei ikkje har hand om, og som dei ikkje har grunn til rekne med at andre partar er kjende med. Regelen tilsvarar tvistelova § 21-4 andre ledd første punktum.

Tredje ledd slår fast at plikta gjeld anten beviset er til støtte for parten sjølv, eller for dei andre partane. Denne regelen tilsvarar tvistelova § 21-4 andre ledd andre punktum.

Etter fjerde ledd første punktum kan jordskifteretten sørgje for å føre bevis, om ikkje partane set seg i mot det. Retten er etter fjerde ledd andre punktum ikkje bunden av argumentasjonen partane har om bevis. Desse reglane svarar til tvistelova § 11-2 andre ledd, jf. òg § 21-3 andre ledd.

Femte ledd seier at retten kan nytte sakkunnig hjelp i særskilde spørsmål når han meiner det trengst. Regelen fører vidare gjeldande jordskiftelov § 94. Regelen er teken med mest av omsyn til informasjon. Regelen er no dekt av tvistelova § 25-2 første ledd, som seier at retten kan oppnemne sakkunnig etter krav frå ein part, eller av eige tiltak. Det kan retten gjere når det er nødvendig for å få eit forsvarleg faktisk grunnlag for avgjerda.

Etter sjette ledd skal kapitla 21 til 28 gjelde så langt dei høver for bevisføringa i jordskifteretten. Kapittel 22 inneheld reglar om forbod mot bevis og fritak for bevis. Kapittel 23 har reglar om møte- og forklaringsplikta til partane. Kapittel 24 har reglar om vitnebevis, mellom anna om plikta til å vitne og møte. Kapittel 25 har reglar om sakkunnigbevis, det vil seie fagkunnige vurderingar av faktiske tilhøve i saka. Kapittel 26 har reglar om realbevis det vil seie «personer eller gjenstander» (som for eksempel kan vere fast eigedom eller dokument) som kan bidra til å opplyse det faktiske grunnlaget for avgjerda i saka. Kapittel 27 gjeld bevisopptak og kapittel 28 bevissikring utanfor rettssak. Lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav p viser òg til dei same kapitla. Denne «dobbelttilvisinga» er teken inn av omsyn til informasjon.

Dei bevisa som blir førte, inngår i grunnlaget for avgjerdene til jordskifteretten, sjå lovforslaget § 6-14 første ledd. Retten kan ikkje byggje avgjerdene på eit faktisk grunnlag som partane ikkje har hatt oppmoding («foranledning») til å gi merknader om, sjå lovforslaget § 6-14 andre ledd og tvistelova § 11-1 tredje ledd. Det gjeld òg eit krav til kontradiksjon omkring dei faktiske tilhøva retten kan leggje til grunn. Dette i motsetnad til rettsbruken, der retten kan byggje på ein annan rettsbruk enn det partane har lagt til grunn, utan at partane må få høve til å uttale seg om spørsmålet.

Til § 6-16 Rettleiing og retting

Plikta til å gi rettleiing er eit sentralt prinsipp i prosesslovgivinga. Gjeldande jordskiftelov har ikkje uttrykkelege reglar om plikta jordskifterettane har til å gi rettleiing, men lovfesting følgjer likevel av at tvistelova kapittel 11 gjeld for jordskifterettane, jf. gjeldande jordskiftelov § 97. Innhaldet i plikta til å gi rettleiing vil i utgangspunktet vere det same for jordskifterettane som for dei allminnelege domstolane. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.3.3.3.

Første til fjerde ledd gjengir innhaldet i tvistelova § 11-5 første, andre, sjette og sjuande ledd, som er dei delane av tvistelova § 11-5 som departementet meiner det er mest grunn til å framheve i høve til sakene for jordskifteretten.

Innhaldet i plikta til å rettleie går fram av første ledd første punktum. I den grad det er nødvendig, kan retten òg gi eventuelle prosessfullmektigar rettleiing. Etter første ledd andre punktum skal retten søkje å forebyggje feil og han skal gi rettleiing slik at feilen kan rettast opp. Er retten klar over at det er gjort feil, vil retten ha ansvar for å gjere oppmerksam på feilen, slik at den kan rettast.

Jordskifterettane vil òg ha ei spesiell plikt til å informere om det som er spesielt for jordskifterettane si verksemd, mellom anna om kva for spesielle sakstypar retten behandlar, kva for verkemiddel jordskifterettane har, og dei særlege reglane om sakskostnader som gjeld.

Særleg viktig er rettleiing til dei sjølvprosederande partane, som det er fleire av i saker for jordskifterettane enn i saker for tingrettane. Plikta til å rettleie i høve til partar som prosederer sjølve er særskilt nemnt i tredje ledd. Partar som prosederer sjølve vil normalt ha behov for rettleiing om dei fleste sidene ved saksbehandling og prosedyrar for retten.

Etter fjerde ledd første punktum må retten utøve rettleiinga på ein måte som gjer at partane ikkje mister tilliten til at retten opptrer upartisk.

Plikta til å rettleie omfattar både prosessuell rettleiing (første ledd) og materiell rettleiing (andre ledd). Prosessuell rettleiing etter første ledd, om «reglar og rutinar for saksbehandlinga og andre formelle tilhøve» gjeld mellom anna orientering om prosessuelle tilhøve som kan føre til at saka ikkje kan behandlast, om at ei avgjerd kan angripast ved anke, om fristar og så vidare. Materiell rettleiing kan mellom anna gå ut på at retten oppfordrar partane til å ta stilling til faktiske og rettslege spørsmål som har noko å seie i saka.

Retten skal etter fjerde ledd andre punktum ikkje gi partane råd om kva for standpunkt dei bør ta i tvistespørsmål, eller kva for prosesshandlingar dei bør setje i verk. Retten skal heller ikkje gi partane direkte råd om kva for krav dei bør fremje, kva deira påstandar bør gå ut på, eller kva for grunnlag for påstanden og rettsreglar dei bør vise til. Retten skal likevel kunne gi rettleiing eller orientering om rettsreglar, slik at partane får eit rimeleg godt grunnlag for sjølv å ta stilling til kva for prosesshandlingar dei bør foreta. Dette er særleg aktuelt overfor partar som prosederer sjølve.

Ein del av bistanden domstolane gir til partane, kan vere å setje opp skriftleg dei munnlege prosesshandlingane som partane gjer, sjå tvistelova § 12-1. Etter tvistelova kan ein dommar som gir slik bistand med eit prosesskriv, ikkje delta i den vidare behandlinga av saka, sjå tvistelova § 12-1 fjerde ledd. Som det går fram av kapittel 12.4.6 foreslår departementet mildare reglar når det gjeld spørsmålet om inhabilitet for jordskiftedommarane.

Ut over dei reglane om plikta til å rettleie som er tekne direkte inn i lovforslaget § 6-16, gjeld tvistelova § 11-5 tilsvarande for rettleiing av partane, sjå femte ledd.

Sjette ledd gir tvistelova § 16-5, om mangelfulle prosesshandlingar, tilsvarande verknad for retting av feil. Tvistelova § 16-5 bestemmer mellom anna at retten kan setje frist for retting av manglar som kan avhjelpast. Retten skal gi nødvendig rettleiing med opplysing om kva følgjer det vil få om manglane ikkje blir retta. Ein part som er sterkt å laste skal berre få høve til retting om tungtvegande grunnar taler for det.

Til § 6-17 Minneleg løysing av saker for jordskifteretten

Lovforslaget § 6-17 gjeld mekling og minnelege løysingar i dei sakene som blir reist for jordskifteretten. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.3.4.3.

Paragrafen avløyser gjeldande jordskiftelov § 17 siste ledd. Etter gjeldande jordskiftelov § 97 gjeld òg tvistelova kapittel 8 I (§§ 8-1 og 8-2) om minnelig løysing og mekling tilsvarande for jordskifterettane, så langt dei høver. Lovforslaget § 6-17 har langt på veg same innhald som tvistelova § 8-1. Dette kunne tilseie at ein ikkje treng eigne reglar om minnelig løysing og mekling i jordskiftelova. Når departementet likevel foreslår slike reglar i den nye lova, har det samanheng med at det ikkje er krav om behandling i forliksrådet i dei sakene jordskifteretten behandlar, sjå drøftinga i kap 12.4.4. om dette.

Første ledd pålegg retten på eit kvart steg i saka å vurdere om det gjennom mekling er mogleg å finne minnelege løysingar, jf. uttrykksmåten «skal vurdere». Dette gjeld likevel ikkje dersom karakteren saka har, eller tilhøva elles, talar imot ei slik løysing. Regelen er ein parallell til tvistelova § 8-1 første ledd, men litt enklare utforma.

Andre ledd har same innhald som tvistelova § 8-2 første ledd, og regulerer korleis meklinga skal gå føre seg. Andre ledd første punktum seier at mekling skal skje ved at retten i rettsmøte, eller eventuelt ved anna kontakt med partane, søkjer å leggje grunnlaget for ei minneleg løysing. Andre ledd andre punktum seier at under meklinga skal retten ikkje halde møter med partane kvar for seg, eller ta imot opplysningar som ikkje kan gjerast kjende for alle partar. Retten kan etter andre ledd tredje punktum ikkje gi råd, gi uttrykk for synspunkt eller setje fram forslag til løysingar som er eigna til å svekkje tilliten til at retten er upartisk.

Formålet med forbodet mot særmøter, og å ta i mot opplysningar som ikkje kan gjerast kjende for alle partar, er å hindre at det skal oppstå tvil om at dommaren er upartisk. Det kan i tilfelle oppstå problem med habiliteten i høve til seinare avgjerder i saka. Av same grunnar skal dommaren heller ikkje setje fram forslag til løysingar, eller gi råd som kan svekkje tilliten partane har til retten. Tilsvarande skrankar gjeld i høve til rettleiing av partane etter § 6-16, jf. òg tvistelova § 11-5.

Meklinga skal skje ved ein jordskiftedommar. Andre enn jordskiftedommarane kan likevel drive utanrettsleg mekling etter tvistelova kapittel 7, og teknisk personale ved jordskifterettane kan mekle etter lovforslaget § 6-18.

Departementet foreslår ikkje ein regel tilsvarande tvistelova § 8-2 andre ledd, om at resultatet av meklinga kan gjerast som rettsforlik. Dette er likevel ikkje til hinder for rettsforlik, men departementet foreslår avgrensingar i høve til rettsforlik i lovforslaget § 6-26, ved at partane berre kan inngå rettsforlik for jordskifteretten i slike spørsmål som retten kan avgjere ved dom. Dette gjeld da i spørsmål om «grenser, eigedomsrett, rettar og anna», jf. lovforslaget § 6-23 første ledd.

Til § 6-18 Rettsmekling

I gjeldande jordskiftelov kapittel 11a Mekling er det gitt heimel for Kongen til fastsetje nærare forskrifter om arealmekling og om forsøksordning om utvida mekling i jordskifterettane (rettsmekling), sjå gjeldande jordskiftelov § 89 b første ledd. I § 89 b andre ledd er det gitt føresegner om kva forskrifta kan innehalde. Slik forskrift er gitt av Landbruks- og matdepartementet 22. januar 2007 (FOR 2007-01-22 nr 80). Forskriftsreglane om rettsmekling ligg nær opp til reglane i tvistelova. Det er likevel gjort nødvendige tillempingar av omsyn til dei spesielle sakstypane jordskifteretten behandlar, sjå nærare om dette i kapittel 12.3.3.4.3. Forskrifta skipar ei prøveordning som gjeld fram til 1. april 2015.

Etter første ledd gjeld reglane om rettsmekling i tvistelova kapittel 8 II (§§ 8-3 til 8-7) tilsvarande så langt dei høver, og så langt det er snakk om tvist om grenser, eigedomsrett, rettar og anna innanfor kompetanseområdet til jordskifteretten. Reglane gjeld òg anten tvisten blir behandla som eiga sak, eller er del av ei jordskiftesak. Reglane om rettsmekling høver ikkje for behandlinga av rettsendrande spørsmål (jordskifte).

Det er retten som avgjer om det skal setjast i verk rettsmekling, sjå tvistelova § 8-3 første ledd. Det same følgjer av rettsmeklingsforskrifta § 2. Ved avgjerda skal retten etter tvistelova § 8-3 andre ledd leggje vekt på haldninga partane har til rettsmeklinga og om det er mogleg å oppnå «forlik eller forenkling i saken». Det skal òg leggjast vekt på styrkeforholdet mellom partane, kostnadene ved rettsmekling, tidlegare forsøk på mekling eller andre tilhøve som kan gjere at rettsmekling ikkje bør setjast i verk. Tvistelova §§ 8-4 til 8-7 har reglar om kven som kan vere rettsmeklar, saksbehandlinga og innhaldet i rettsmeklinga, bevisforbod og teieplikt, og den vidare saksbehandlinga dersom ein ikkje oppnår semje.

Av andre ledd følgjer det at resultatet av meklinga kan fastsetjast ved rettsforlik etter lovforslaget § 6-26, dersom partane blir samde. Dei grensene § 6-26 set når det gjeld kva ein kan inngå rettsforlik om for jordskifterettane, gjeld altså tilsvarande i høve til rettsforlik etter rettsmekling.

I tredje ledd første punktum er det bestemt at det tekniske personalet til jordskifteretten kan opptre som rettsmeklarar. Teknisk personale vil dermed kunne avlaste jordskiftedommarane for arbeidsoppgåver.

Dersom saka ikkje blir avslutta under meklinga, held behandlinga av saka fram. Ein dommar som har vore rettsmeklar i saka kan berre delta i den vidare behandlinga dersom partane ber om det, og dommaren sjølv finn det «ubetenkelig», jf. tvistelova § 8-7 andre ledd. I tredje leddandre punktum er det teke inn ein særregel for det tekniske personalet som er rettsmeklarar og som inneber at desse kan delta i det vidare tekniske arbeidet med saka, med mindre partane krev at nytt personale tek over dette arbeidet. Utgangspunktet er det motsette av kva det er for dommarane. Det tekniske personalet skal seinare ta seg av teknisk arbeid, som oppmåling og utarbeiding av kart med meir, og ikkje dømme i saka. Dette gjeld òg ved utsett merking, jf. lovforslaget § 6-23 fjerde ledd bokstav c.

Etter fjerde ledd skal retten merkje, koordinatfeste, tinglyse og rapportere resultatet av meklinga etter reglane i lovforslaget §§ 6-29 til 6-31.

Til § 6-19 Trekking av krav

Første ledd slår fast at partane ikkje kan trekkje eit krav om jordskifte, når det er ført inn i rettsboka at behandlinga av saka er teke til, med mindre retten samtykkjer i trekkinga. Regelen har samanheng med at det etter lovforslaget ikkje lenger skal avseiast vedtak om fremjing av saka, slik det skal etter gjeldande jordskiftelov § 14 første ledd.

Vilkåret om at retten må samtykkje, inneber ikkje at retten står heilt fritt til å vurdere om partane skal få samtykke. Det at det offentlege har brukt tid og ressursar på å løyse saka, er ikkje tilstrekkeleg grunn til å nekte samtykke. Det kan likevel innebere at partane må betale sakskostnader til det offentlege, sjå lovforslaget § 7-7 første ledd. Jo lenger saka er komen, jo mindre skal det til for å ikkje gi samtykke. Det sentrale vurderingstemaet må vere kor mykje som må reverserast. Arbeidet med reversering må vegast mot det arbeidet partar og retten har gjort, og kor mykje som står igjen før saka kan sluttast dersom den ikkje blir trekt.

Departementet reknar med at regelen sjeldan blir aktuell i praksis, fordi partane opptrer rasjonelt. Og sjølv om rekvirenten skulle ønskje å trekkje kravet, kan det vere at saka likevel må halde fram, fordi dei andre partane ønskjer det. Regelen er likevel viktig. Den viser at jordskifteretten har eit sjølvstendig ansvar. Den inneber at retten må gi partane rettleiing om konsekvensane av å ta del i realitetsbehandlinga i ei sak for jordskifteretten. Jo meir omfattande arbeid som må gjerast før saka er ferdig, jo meir grunn til rettleiing. Jo meir oversiktleg og enklare sak, jo mindre behov for rettleiing, sidan ein da sannsynlegvis vil gi samtykke til å trekkje kravet. Det er òg viktig å informere partane om konsekvensen av reversering av utført arbeid dersom krav blir trekte.

Av andre ledd første punktum følgjer at krav om grensefastsetjing og rettsutgreiing kan trekkjast fram til retten tek avgjerd ved dom etter § 6-23. Dette er same ordninga som etter tvistelova § 18-4. Det trengst ikkje samtykke frå retten etter andre ledd første punktum. Etter andre ledd andre punktum gjeld tvistelova § 18-4 ikkje. Tvistelova § 18-4 regulerer verknadene av å trekkje eit krav for dei ordinære domstolane. Unntaket er nærare drøfta i kapittel 12.4.8.

Til § 6-20 Delvis avslutting av sakene

Paragrafen erstattar gjeldande jordskiftelov § 21. Første punktum seier at retten kan avslutte ei sak for ein del av det saka gjeld. Regelen er viktig i høve til dei sakene der delar av jordskifteområdet, eller ei gruppe av partar, kan få saka avslutta vesentleg tidligare enn dei vil få ved ei samla avslutting av saka. Delvis avslutting kan òg vere praktisk der det er tvistar som berre gjeld delar av jordskifteområdet, eller nokre få partar. I nokre saker kan det vere praktisk å avslutte «eit tema» i saka for seg, for eksempel slik at retten tek avgjerd og avsluttar den delen av ei sak som gjeld vegane i jordskifteområdet. Konsekvensen er at kvar del som blir avslutta i ei jordskiftesak, må oppfylle vilkåra i lova om at ingen skal li tap. Det vil òg kunne vere slik at delavgjerder, for eksempel fastsetjing av grense og avgjerder om rettsutgreiing, blir ståande sjølv om det jordskiftet dei inngår i, seinare må avvisast fordi det visar seg at dei materielle vilkåra for sak ikkje kan oppfyllast.

Til forskjell frå gjeldande jordskiftelov er det ikkje teke inn noko vilkår om at avgjerda til retten skal vere samrøystes, om det er fleire dommarar i saka. Departementet ser ikkje grunn til å ha eit slikt krav, når hovudregelen i lova er at retten skal setjast med einedommar, sjå lovforslaget § 2-6. Vilkåret om at delvis avslutting skal vere tenleg, er heller ikkje teke med. Det er vel i alle høve eit nokså sjølvsagt vilkår at retten ikkje skal gjere noko som ikkje er tenleg for den vidare behandlinga av saka.

Etter andre punktum skal kvar del av saka som avslutta for seg, bli rekna som ei eiga sak med omsyn til fullføring, overprøving (bruk av rettsmidlar) og ny behandling. Når ein del av ei sak blir avslutta, gjeld dette i alle relasjonar.

Til V Forslag til jordskifteavgjerd og fastsetting av grenser, rettar og anna

Grunngivinga for forslaget til §§ 6-21 og 6-22 går fram av kapittel 12.3.3.5.3.

Til § 6-21 Forslag til jordskifteavgjerd

Lovforslaget § 6-21 avløyser gjeldande jordskiftelov §§ 17 a andre ledd og 20.

Etter første ledd skal jordskifteretten utarbeide forslag til jordskifteavgjerd, som skal leggjast skriftleg fram for partane. Kva for avgjerder som er «jordskifteavgjerder», går fram av lovforslaget § 6-23 fjerde ledd. Jordskifteavgjerder kan for eksempel vere delavgjerder av ymse slag undervegs i eit jordskifte, eller den endelege jordskifteløysinga. Forslag til slike avgjerder skal leggjast fram skriftleg for partane. Etter første ledd ligg plikta til å utarbeide forslag til jordskifteretten, men regelen er ikkje til hinder for at partane sjølv lagar forslag til avgjerder, som retten vurderer og behandlar etter reglane i lova.

Retten kan avgrense framlegginga til dei partane det aktuelle spørsmålet og den aktuelle avgjerda gjeld for. Ei jordskiftesak kan gjelde eit stort område med eit stort tal partar. Det kan vere nødvendig å ta ei rekkje delavgjerder, som gjeld berre nokre av partane. Retten treng ikkje leggje forslaga fram for partar som spørsmålet ikkje har noko å seie for.

Etter andre ledd første punktum skal partane få uttale seg før det blir utarbeidd forslag til avgjerd. Forslaget blir utarbeidd på grunnlag av dei merknadene som kjem inn og dei vurderingane retten sjølv gjer. Dette er same ordninga som etter gjeldande jordskiftelov § 17 a andre ledd, men slik at regelen i andre ledd ikkje er avgrensa til «verdsetjing og regulering» slik den er i gjeldande jordskiftelov.

I andre leddandre punktum er det bestemt at partane òg skal få uttale seg til dei merknadene til forslaget, som kjem inn. Dette følgjer òg av gjeldande jordskiftelov § 17 a andre ledd tredje punktum, og er eit viktig element for å sikre kontradiktorisk behandling av spørsmåla før det blir teke avgjerd.

Tredje ledd seier at fristen for uttale normalt ikkje skal vere kortare enn to veker. Partane vil i dei fleste tilfella trenge ei viss tid til å vurdere dei spørsmåla retten tek opp, og til å vurdere dei konkrete forslaga retten kjem med. Regelen er likevel ikkje til hinder for at retten kan setje ein kortare frist når tilhøva gjer det tilrådeleg. Partane kan òg seie frå seg høyringsfristen, og be retten ta avgjerd straks. Føresetnaden for dette må vere at partane er samde om framgangsmåten. Retten bør i slike tilfelle gi partane rettleiing, og forklare at ein fråvik hovudregelen i lova.

Etter fjerde ledd første punktum skal forslaget til jordskifteavgjerd behandlast i rettsmøte. Fjerde ledd andre punktum fastset at skriftleg behandling kan brukast, dersom jordskifteretten meiner det «held», og ingen av partane set seg i mot det. Gjeldande jordskiftelov § 20 har eit absolutt krav om behandling i rettsmøte, men dette er mjuka opp i lovforslaget. Skriftleg behandling kan i nokre høve vere praktisk, og lova bør gjere dette mogleg. Synet partane har på behandlingsmåten vil likevel vere avgjerande.

Til § 6-22 Forslag til fastsetjing av grenser, rettar og anna

Lovforslaget § 6-22 avløyser gjeldande jordskiftelov §§ 17 a tredje til femte ledd.

Etter første ledd skal retten, dersom det ikkje er tvist mellom partane, utarbeide forslag til fastsetjing av grenser, eigedomsrett, rettar og anna som skal leggjast skriftleg fram for partane. Den fastsetjinga det er snakk om her, er avklaring av gjeldande rett mellom partane, med omsyn til kor grensene mellom eigedommane deira går, kven som har eigedomsrett til kva for areal, kva for bruksrettar dei har på eigedom som andre eig og så vidare. Den endelege fastsetjinga av rettstilhøva skal skje ved dom, sjå lovforslaget § 6-23 første ledd. Rettsfastsetjande avgjerder går gjerne inn som ein nødvendig del av førebuinga av jordskifte, før omforminga tek til, sjå lovforslaget § 3-13. Det kan òg reisast sak om slike spørsmål som sjølvstendig sak etter lovforslaget §§ 4-1 og 4-2.

Det er ein føresetnad for behandling etter lovforslaget § 6-22 at det ikkje er tvist mellom partane. Er det tvist, skal ein følgje reglane i tvistelova så langt dei høver, sjå lovforslaget § 6-12 tredje ledd.

Partane skal få høve til å uttale seg før forslaget blir utarbeidd, sjå andre ledd første punktum. Dette er same regel som for forslag til jordskifteavgjerd, sjå lovforslaget § 6-21. Forslaget blir utarbeidd på grunnlag av dei merknadene som kjem inn og dei vurderingane retten sjølv gjer. Partane skal òg få uttale seg til dei merknadene som kjem inn, sjå andre ledd andre punktum. Dette er eit viktig element for å sikre kontradiktorisk behandling av spørsmåla før retten tek avgjerd.

Etter tredje ledd skal forslaget byggje på det partane er samde om. Partane kan for eksempel bli samde under synfaringa, om grenser som tidlegare var uklare for dei. Så langt partane er samde, vil framlegging av utkast vere ein kontroll med at avgjerda ikkje inneheld feil eller mistydingar, og at partane framleis er samde. Retten kan ikkje leggje til grunn semje om grenser som i realiteten inneber ei overføring av eigedom mellom partane.

Forslag til avgjerd skal etter fjerde ledd forkynnast for partane. Etter femte ledd skal fristen for merknader normalt ikkje vere kortare enn to veker. Partane vil i dei fleste tilfella trenge ei viss tid til å vurdere dei spørsmåla retten tek opp, og til å vurdere dei konkrete forslaga retten kjem med. Men regelen er ikkje til hinder for at retten kan setje ein kortare frist når tilhøva gjer det tilrådeleg. Partane kan òg seie frå seg høyringsfristen, og be retten ta avgjerd straks. Føresetnaden for dette må vere at partane er samde om framgangsmåten. Retten bør i slike tilfelle gi partane rettleiing, og forklare at ein fråvik hovudregelen i lova.

Etter sjette ledd skal forslaget til rettsfastsetjing behandlast skriftleg, om ikkje retten eller nokon av partane meiner det er nødvendig med behandling i rettsmøte. Gjeldande jordskiftelov § 17 a tredje og fjerde ledd har ikkje noko uttrykkeleg krav om rettsmøte. Gjeldande jordskiftelov § 17 a femte ledd set som vilkår for å behandle eit vedtak utan uttalefrist, at vedtaket er lest opp for partane i eit rettsmøte, og at dei seier frå seg retten til forkynning. Skriftleg behandling vil i mange tilfelle vere praktisk, og er hovudregelen for behandlinga av forslag til rettsfastsetjing etter lovforslaget. Behandling i rettsmøte kan for eksempel vere aktuelt der retten ser det som nødvendig å behandle forslag etter lovforslaget §§ 6-21 og 6-22 i same rettsmøtet.

Til VI Rettslege avgjerder og rettsforlik

Til § 6-23 Avgjerdsformer

Paragrafen gjeld dei avgjerdsformene jordskifteretten skal gjere bruk av. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.4.1.3.

Etter gjeldande jordskiftelov § 17 avseier retten dom når han avgjer tvist om grenser, om bruksrett eller anna innan jordskifteområdet, eller mot ein tilgrensande eigedom eller bruksrett. Tvist i saker om rettsutgreiing og fastsetjing av grense skal òg avgjerast ved dom. Det same gjeld tvist i skjønnssaker om underliggjande rettshøve (om grenser, eigedomsrett med vidare), som det er nødvendig å få avgjort. Etter gjeldande jordskiftelov § 17 a brukast «vedtak» når det blir teken avgjerd som gjeld «grenser, rettar eller plikter for ein eller fleire partar» og retten ikkje skal seie dom (med andre ord når det ikkje er tvist). Dette gjeld både ved rettsfastsetjing og rettsendring. Vedtak blir òg brukt ved avgjerd av spørsmålet om fremjing etter gjeldande jordskiftelov § 14. I tvistelova § 19-1 er det bestemt når avgjerdsformene dom, kjennelse og beslutning skal brukast. Reglane her er gjort gjeldande for jordskifteprosessen gjennom gjeldande jordskiftelov § 97 første ledd bokstavane a og b, og § 17 b.

Første til fjerde ledd seier kva for avgjerdsformer jordskifteretten skal bruke etter den nye jordskiftelova. Alle avgjerdsformene er nemnt. Avgjerdsformene er jordskifteavgjerd, som jordskifteretten er aleine om å bruke, men òg dei som er omhandla i tvistelova: dom, orskurd (kjennelse) og vedtak (beslutning). I tillegg er òg skjønn og andre avgjerder etter andre lover tekne med i § 6-23 (men da gitt forma «jordskifteavgjerd» når dei blir behandla i samband med jordskiftesak). Dette gjer det greitt å få oversikt over kva for avgjerdsformer jordskifteretten gjer bruk av, og kvar dei ulike avgjerdsformene skal brukast.

Lovforslaget § 6-23 er uttømmande når det gjeld kva for avgjerdsformer jordskifteretten gjer bruk av når den behandlar saker etter jordskiftelova, eller skjønn og andre avgjerder i samband med jordskifte. Behandlar jordskifteretten skjønn eller andre avgjerder som eiga sak følgjer det av lovforslaget §§ 5-7 andre ledd og 6-1 tredje ledd at skjønnsprosesslova gjeld. Ordlyden i reglane om dom, orskurd og vedtak er elles tilpassa det at jordskifteretten er ein særdomstol med avgrensa domsmyndigheit i høve til dei ordinære domstolane. Reglane i lovforslaget § 6-23 utgjer fundamentet for rettsmiddelordninga. Kva for avgjerdsform som er brukt, har for eksempel noko å seie for samansetjinga av lagmannsretten som ankeinstans, sjå lovforslaget § 8-7.

Etter første ledd skal retten seie dom når det skal takast avgjerd «om grenser, eigedomsrett, rettar og anna». Dom skal brukast når retten tek avgjerd om materielle rettsspørsmål, anten spørsmålet blir avgjort i ei eiga sak, om for eksempel grensene for ein eller fleire eigedommar, eller om avgjerda er ein nødvendig del av førebuinga av eit jordskifte, jf. lovforslaget § 3-13. Dette er same løysinga som etter gjeldande jordskiftelov § 17. Nye grenser og rettstilhøve som del av ei jordskifteløysing, skal fastsetjast ved jordskifteavgjerd etter fjerde ledd bokstav h, sjå nedanfor. Formuleringa » rettar og anna» omfattar ulike slag bruksrettar og servituttar som knyt seg til fast eigedom.

Avgjerdsforma er «dom» sjølv om det ikkje er tvist mellom partane, sjå nærare om dette i kapittel 12.3.4.1.3. I lovforslaget § 6-22 om forslag til fastsetjing av grensar, rettar og anna, er det gitt særlege reglar om saksbehandling, mellom anna om at retten skal utarbeide forslag til fastsetjinga, og at partane skal få uttale seg til forslaget. Forslaget skal byggje på det partane er samde om. Dersom partane godtek forslaget (eventuelt etter justeringar), tek retten avgjerd i form av dom.

Andre ledd gjeld orskurd (kjennelse). Orskurd er avgjerdsforma for avgjerder som gjeld saksbehandlinga (prosessen), på same måte som etter tvistelova § 19-1 andre ledd. Det følgjer av andre ledd bokstavane a til d kva for avgjerder retten tek som orskurd. Etter bokstav a gjeld dette når retten avviser ei sak fordi dei formelle vilkåra for å ta opp saka ikkje er oppfylte. Det blir her mellom anna sikta til om saka er reist for rett jordskifterett, at den som krev saka fyller vilkåra i lovforslaget § 1-5 for å kunne reise sak, at kravet fyller krava til form og innhald i lovforslaget § 6-2 og så vidare. Er dei formelle vilkåra ikkje oppfylte, skal saka avvisast ved orskurd. Avgjerd av om dei materielle vilkåra for jordskiftesak er oppfylte, skal takast som jordskifteavgjerd, sjå nedanfor.

Andre ledd bokstav b seier at orskurd skal nyttast når saka avsluttast utan realitetsavgjerd av andre grunnar enn den som er nemnt i bokstav a. Bokstav b tilsvarar tvistelova § 19-1 andre ledd bokstav b. Andre ledd bokstav c seier at orskurd skal nyttast ved avgjerd av tvist om bevis. Regelen tilsvarar tvistelova § 19-1 andre ledd bokstav d. Andre ledd bokstav d seier at orskurd skal nyttast når det er fastsett i lov at avgjerda skal vere orskurd (eller kjennelse).

Etter tredje ledd skal jordskifteretten bruke avgjerdsforma «vedtak» for avgjerder som gjeld saksbehandlinga når det ikkje er fastsett i lov at avgjerda skal vere orskurd (eller kjennelse). Regelen er ein parallell til tvistelova § 19-1 tredje ledd bokstav a, der forma til avgjerda er kalla «beslutning». Vedtak er vald som namn på desse avgjerdene i jordskiftelova, av språklege grunnar. (Ein regel tilsvarande tvistelva § 19-1 tredje ledd bokstav b – om at retten skal bruke «beslutning» ved samtykke eller nekting av anke, er ikkje aktuell for jordskifterettane).

Etter fjerde ledd bokstavane a til h, skalulike avgjerder som inngår i jordskifteprosessen bli tekne som jordskifteavgjerd. Omgrepet jordskifteavgjerd er nytt i høve til gjeldande jordskiftelov. Som det går fram nedanfor, brukar lovforslaget denne avgjerdsforma både om avgjerder retten må ta undervegs i eit jordskifte, men òg om visse avgjerder som retten tek under behandlinga av dei rettsfastsetjande sakene etter kapittel 4 (sakleg og geografisk avgrensing av saka) og skjønn og andre avgjerder retten tek i samband med sak for jordskifteretten. Dette gjer at første delen av omgrepet («jordskifte») ikkje skal takast heilt bokstavleg i høve til kva for avgjerder som fell inn under avgjerdsforma. Skjønn og andre avgjerder retten tek etter særlovene i samband med sak for jordskifteretten, er ikkje jordskifteavgjerder i den forstand at alle reglane for jordskifte i kapittel 3 vil gjelde, men i den forstand at reglane om saksbehandling for jordskifteavgjerder i kapittel 6, og reglane om overprøvinga i kapittel 8, vil gjelde. I høve til høyringsforslaget har departementet utvida spekteret av avgjerder som etter den nye jordskiftelova skal vere jordskifteavgjerder.

Etter fjerde ledd bokstav a skal retten ta stilling til om vilkåra for jordskifte i §§ 3-2, 3-3 og 3-18 er oppfylte eller ikkje, i form av ei jordskifteavgjerd. §§ 3-2, 3-3 og 3-18 inneheld dei materielle vilkåra for jordskiftesak. Både grunnleggjande vilkår og eventuelle spesielle vilkår må vere oppfylte. Retten må ta stilling til vilkåra når ein part påstår at dei ikkje er, eller kan bli innfridde gjennom bruk av verkemidla i jordskifte i lovforslaget kapittel 3 II. Det sjølvstendige ansvaret som retten har for at vilkåra er oppfylte gjer dessutan at retten må avvise saka ved jordskifteavgjerd når retten blir klar over at vilkåra ikkje kan innfriast, sjølv om det ikkje er fremja påstand om avvising frå nokon part. Lova brukar ulik avgjerdsform på avgjerder om avvising av saker, ut i frå om avgjerda gjeld brot på formelle eller materielle vilkår. Skiljet har særleg samanheng med reglane om anke. Når lagmannsretten prøver ei jordskifteavgjerd om avvising på grunnlag av materielle vilkår, skal lagmannsretten setjast med jordskiftelagdommar og meddommarar (lovforslaget § 8-7 andre ledd), på same måten som når lagmannsretten elles tek stilling til dei materielle sidene (realiteten) i anke over jordskifte. Ved anke over ei orskurd som avviser saka på grunn av formelle manglar, skal lagmannsretten setjast saman på vanleg måte. Sjå nærare omtale av ankereglane i kapittel 14.

Etter fjerde ledd bokstav b skal òg avgjerder om sakleg og geografisk avgrensing av sakene bli tekne som jordskifteavgjerd. Dette gjeld både jordskiftesakene og dei rettsfastsetjande sakene etter kapittel 4 (grensefastsetjing og rettsutgreiing). Reglar om den saklege og geografiske avgrensinga av sakene er gitt i lovforslaget § 6-9. Jordskifteavgjerd er òg forma i høve til avgjerd retten tek om verdsetjing av det som skal gå i byte i eit jordskifte, trasévalg for vegar, og anna som retten må ta stilling til under eit jordskifte. «Og anna» indikerer at oppramsinga ikkje er meint å vere uttømmande. Avgjerdsforma jordskifteavgjerd er meint å skulle brukast i høve til andre avgjerder retten må ta under eit jordskifte for å kunne nå fram til ei endeleg jordskifteløysing.

I nokre saker kan merking av grenser og oppmåling utsetjast til etter at saka er avslutta. Da er det riktig å gi slik etterfølgjande merking og måling ei avgjerdsform. Dette er gjort i fjerde ledd bokstav c. Merkinga og målinga vil da kunne angripast ved anke etter reglane i kapittel 8.

Skjønn og andre avgjerder etter andre lover som retten tek i samband med sak for jordskifteretten, skal ha forma jordskifteavgjerd, sjå fjerde ledd bokstav d. Av fjerde ledd bokstav e følgjer at avgjerd om midlertidig bruk av eigedommane i jordskifteområdet, jf. lovforslaget § 3-34, òg er jordskifteavgjerder. Etter fjerde ledd bokstav f er fordeling av planskapt netto verdiauke etter lovforslaget § 3-30 ei jordskifteavgjerd. Verdsetjinga av planskapt netto verdiauke etter lovforslaget § 3-31, er ikkje ei jordskifteavgjerd etter bokstav b, fordi fordeling av verdiauke ikkje går i byte. Jordskifteavgjerda er sluttproduktet i fordelinga av planskapt netto verdiauke. Verdsetjinga er ein viktig del av sluttproduktet. Det følgjer av lovforslaget § 6-24 femte ledd, at jordskifteavgjerder mellom anna skal vise dei tilhøva som har hatt mest å seie for avgjerda og dei vurderingane retten har lagt til grunn for avgjerda. Ein følgje av dette er at jordskifteretten må gjere greie for verdsetjinga.

Etter fjerde ledd bokstav g skal avgjerd om sakskostnader etter lovforslaget § 7-6 vere jordskifteavgjerd. Etter fjerde ledd bokstav h er den endelege jordskifteløysinga ei jordskifteavgjerd. Omgrepet «jordskifteløysing» erstattar omgrepet «skifteplan» i gjeldande jordskiftelov, og inneheld ei avsluttande framstilling av jordskifteløysinga, med tilhøyrande reglar om gjennomføringa, og fastsetjing av nye grenser og rettstilhøve elles innanfor jordskifteområdet, slik dei skal vere i framtida.

Femte ledd første punktum slår fast at feil form på avgjerda ikkje spelar nokon rolle for rettsverknadene eller eventuell overprøving. Det er realitetane som tel. Ved bruk av rettsmiddel skal ein etter femte ledd andre punktum følgje dei reglane som gjeld for den avgjerdstypen som retten skulle ha brukt. Dette er same prinsippet som i tvistelova § 19-1 fjerde ledd.

Til § 6-24 Innhaldet i avgjerdene

Paragrafen inneheld reglar med krav til innhaldet i dei avgjerdene jordskifteretten tek. Paragrafen er bygd opp slik at det dels er felles reglar for alle avgjerder, dels reglar som er ulike når det gjeld kravet til grunngiving av avgjerdene. Paragrafen avløyser §§ 17 fjerde ledd og 17 b i gjeldande jordskiftelov. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.4.2.3.

Første til tredje ledd inneheld reglar om kva for formalia som skal med i avgjerdene. Reglane her er felles for alle avgjerdene. Etter første ledd skal avgjerdene innehalde namnet på domstolen, medlemmene av retten, partane, saksnummeret, kva for avgjerd som er teken, og tid og stad for avseiinga av avgjerda. Departementet legg til grunn at alt dette ikkje er nødvendig å gjenta i rettsboka kvar gong det blir teken ei avgjerd, og at det heller ikkje er slik i praksis i dag. Etter andre ledd skal avgjerdene vere skriftlege og underskrivne av medlemmene av retten.

Er det meir enn ein dommar, skal det gå fram av avgjerda om ho er samrøystes, eller om det er dissens. Er det dissens, skal det gå fram kva dissensen gjeld og kven som har dissentert, sjå tredje ledd først og andre punktum.

Det følgjer av fjerde ledd at dom og orskurd skal grunngivast i samsvar med tvistelova § 19-6 fjerde ledd. Dette er same løysinga som etter gjeldande jordskiftelov § 17 fjerde ledd. Fjerde ledd seier dette utrykkeleg når det gjeld dom, medan det for orskurd følgjer meir indirekte ved at heile tvistelova kapittel 19 gjeld så langt det høver. Dette går fram av gjeldande jordskiftelov § 97. For vedtak (som tilsvarar «beslutning» i tvistelova) er det ikkje plikt til å grunngi.

For grunngivinga av jordskifteavgjerder gjeld reglane i femte ledd. Grunngivinga skal etter femte ledd bokstav a innehalde heimelen for avgjerda. Jordskifteavgjerdene vil vere heimla dels i jordskiftelova, dels i anna lovgiving, sjå mellom anna lovforslaget § 5-3 som gir eksempel på dette.

Etter femte ledd bokstav b skal jordskifteavgjerdene innehalde ei framstilling av kva avgjerda gjeld. Det handlar om dei problemstillingane retten har teke stilling til. Etter femte ledd bokstav c skal jordskifteavgjerdene innehalde ei framstilling av dei tilhøva som har hatt mest å seie for avgjerda. Det er her meint dei faktiske tilhøva.

Etter femte ledd bokstav d skal grunngivinga innehalde eventuelle påstandar frå partane med påstandsgrunnlag, dersom dei har fremja påstandar. Med påstand er meint det avgjerdsresultatet som parten krev, og med påstandsgrunnlag er meint dei rettsstiftande faktiske tilhøva parten byggjer påstanden på (og som det eventuelt må førast bevis for).

Vurderingar retten legg til grunn, er omhandla i femte ledd bokstav e.

Sjette ledd første punktum seier at jordskifteavgjerdene skal ha ei slutning som nøyaktig viser kva avgjerda går ut på, jf. den tilsvarande regelen i tvistelova § 19-6 sjuande ledd. Jordskifteavgjerder som inneheld den endelege jordskifteløysinga, skal etter sjette ledd andre punktum ha ei slutning som inneheld alt som må til for å setje i verk dei endringane som ligg i jordskifteløysinga. Slutninga skal òg ha eit innhald som fyller krava til matrikkelen og til tinglysing, sjå lovforslaget § 6-30 om rapportering til matrikkelstyresmakta, og lovforslaget § 6-31 om tinglysing. For at slutninga ikkje skal bli for omfattande, vil retten kunne utforme slutninga slik at ho viser til dei avsluttande kapitla i rettsboka. Det kan for eksempel vere skildring av grenser, eigedommar, vegar, avløp, uthogst, kontantoppgjer, iverksetjing med vidare. Alt av varig verdi bør samlast til sist i rettsboka i desse kapitla, slik at det kan tinglysast og førast i matrikkelen. Det vil da vere tilstrekkeleg at retten viser til dette i slutninga.

Felles for dom og jordskifteavgjerd, som gjeld realitetane i ei sak, er at der det er semje mellom partane om faktiske tilhøve som er opp i saka, skal retten leggje denne semja til grunn for avgjerda.

I sjuande ledd er det ein regel om at avgjerdene til jordskifteretten skal innehalde fordeling av sakskostnadene etter reglane i lovforslaget kapittel 7, så framt ikkje retten meiner at sakskostnadene skal fordelast i ei anna avgjerd seinare i saka. For å få gjennomført eit jordskifte, vil retten ofte måtte ta fleire avgjerder, av ulik karakter undervegs i saka. Det kan vere nødvendig å avseie dommar for å få fastsett dei eksisterande eigedoms- og bruksrettstilhøva (grenser, innhald i rettar og så vidare), og det kan avseiast fleire jordskifteavgjerder, for eksempel om verdsetjing, undervegs mot den endelege jordskifteløysinga der eigedoms- og bruksrettstilhøva blir omforma. Det er vanleg praksis at fordelinga av sakskostnadene blir gjort som ei eiga avgjerd ved avslutting av saka, og at sakskostnader ikkje blir fordelt undervegs, heller ikkje i dei dommane som blir avsagt. Det er først ved avsluttinga av jordskiftesaka, at retten vil ha full oversikt over samla gebyr, utgifter til meddommarar, sideutgifter, og nytta til den enkelte parten.

Til § 6-25 Avseiing av avgjerd. Melding om avgjerd

Etter første leddførste punktum skal tvistelova § 19-4 gjelde for avseiinga av avgjerdene til jordskifteretten. Dette inneber mellom anna at dei rettslege avgjerdene til jordskifteretten er bindande for retten når dei er avsagt, jf. tvistelova § 19-4 første ledd. Tvistelova § 19-4 andre og tredje ledd har reglar om når avgjerda er avsagt skriftleg og munnleg, og femte ledd første punktum har fristar for når avgjerdene skal takast. Fristane gjeld tilsvarande for jordskifterettane, det vil seie to vekers frist for avseiing av avgjerd med einedommar, eller fire veker dersom det er meir enn ein dommar. Tvistelova reknar fristane frå avslutting av hovudforhandling (eller ankeforhandling), men dette skal ikkje takast bokstaveleg i høve til jordskifteretten, der det ikkje nødvendigvis er halde noko rettsmøte det er naturleg å kalle hovudforhandling. Fristen må da reknast frå det siste rettsmøtet som blir halde i saka. I tvistelova § 19-4 femte ledd andre punktum er det eit unntak frå fristregelen i første punktum. Regelen lyder: » Når saken er så arbeidskrevende at det ikke er mulig å overholde fristen, kan avsigelsen skje senere». Denne unntaksregelen kan i enkelte saker bli aktuell for jordskifterettane, fordi praktisk arbeid med for eksempel koordinatfesting, merking og måling kan gjere at fristane i tvistelova blir for snaue.

I første ledd andre punktum er det gjort eit unntak for jordskifteavgjerdene etter lovforslaget § 6-23 fjerde ledd. Regelen er nødvendig dersom ein skal kunne føre vidare regelen i gjeldande jordskiftelov § 17 a siste ledd. Etter § 17 a siste ledd kan jordskifteretten på visse vilkår endre vedtak om verdsetjing eller regulering, som er fatta tidlegare i prosessen, og som elles ville vere bindande for retten. Rettsfastsetjande vedtak skal ikkje kunne endrast.

Unntaket gjeld fram til avsluttinga av saka. Unntaket har bakgrunn i at det kan vere gode grunnar til å justere ei tidlegare avgjerd. Det er likevel ikkje fritt fram for retten til å endre. Vilkåret er at det ligg føre særlege grunnar. Regelen er meint å sikre tilstrekkeleg framdrift, samtidig som avgjerder kan omgjerast dersom det er nødvendig. Sjå nærare om dette spesielle unntaket i kapittel 12.4.9. Når saka er avslutta, er jordskifteavgjerda bindande òg for jordskifteretten.

I andre ledd første punktum er det teke inn ein regel om at partane skal få melding om avgjerder under saksgangen (det vil seie melding om sjølve avgjerda). Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 22 første ledd første punktum. Når avgjerder blir sett til førehands påanke etter lovforslaget § 8-2 tredje ledd, er det krav om forkynning for partane, sjå andre ledd andre punktum, som fører vidare gjeldande jordskiftelov § 22 første ledd andre punktum. Når ei avgjerd skal setjast til påanke, er det særleg viktig at partane blir kjend med avgjerda, og forkynning er ein sikker måte å informere om avgjerda til partane.

I andre ledd tredje punktum er det teke inn ei føresegn om at reglane i tvistelova § 19-5, om underretning om avgjerder, gjeld så langt dei høver, for eksempel slik at ei munnleg avgjerd vil vere forkynt for dei som er innkalla, sjå § 19-5 andre ledd.

Til § 6-26 Rettsforlik

Paragrafen gjeld rettsforlik som blir inngått for jordskifteretten. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.4.3.3. Med rettsforlik er meint det same som i sivilprosessen elles. Tvistelova har føresegner om rettsforlik i kapittel 19 IV. Tvistelova § 19-11 har føresegner om formkrava og kontrollen med rettsforlik som retten har, og om sakskostnader. Tvistelova § 19-12 har føresegner om verknaden av rettsforlik og om moglegheita til å få sett rettsforlik til side, eller få dei endra. Tvistelova kapittel 19 er gjort gjeldande for jordskifterettane etter gjeldande jordskiftelov § 97. Kapittel 19 skal òg gjelde etter lovforslaget, jf. § 6-1 andre ledd bokstav n, med visse avgrensingar, sjå nedanfor. Tvistelova definerer ikkje kva rettsforlik er, men ei vanleg forståing av det, er ein formbunden avtale mellom partane om ei bindande løysing av det som er tvistegjenstanden i ei rettssak (eller i ei sak for jordskifteretten).

Etter første ledd kan partane berre gjere rettsforlik for jordskifteretten i slike spørsmål som retten elles kan avgjere ved dom. Dette fordi rettsforlik berre høver i dei tilfella der det er tvist om kva som er den gjeldande rettstilstanden. Rettsforlik høver ikkje i spørsmål som gjeld bruken av verkemidla i jordskifte i lovforslaget kapittel 3, der formålet er å endre eigedoms- og brukstilhøva til ein meir tenleg tilstand. Partane skal heller ikkje kunne gjere rettsforlik for jordskifteretten om spørsmål retten ikkje er kompetent til å ta avgjerd i. Rettsforliket skal vere eit alternativ til ei rettsleg avgjerd jordskifteretten kan ta. I lovforslaget § 6-26 første ledd er derfor høvet til å gjere rettsforlik for jordskifteretten avgrensa til slike spørsmål som retten elles kan avgjere ved dom, sjå lovforslaget § 6-23 første ledd, altså rettsfastsetjing som gjeld «grenser, eigedomsrett, rettar og anna». I ei jordskiftesak kan rettsforliket godt gjelde delar av saka, det vil seie dei delane som går på rettsfastsetjing (for eksempel fastsetjing av gjeldande grenser og rettar) før arbeidet med endringa tek til.

Av andre ledd første punktum følgjer at eit rettsforlik skal førast i rettsboka. Dette inneber at rettsforlik skal gjerast, eller i alle fall bekreftast i eit rettsmøte. Det kan òg gjerast i fjernmøte, jf. lovforslaget § 6-12 og tvistelova § 13-1 andre og tredje ledd. Partane og jordskifteretten skal etter andre ledd andre punktum skrive under pårettsforliket. Dette er same reglar som i tvistelova § 19-11 første og andre ledd. Blir det gjort forlik under rettsmekling, og dermed utanfor rettsmøtet, skal det førast inn i protokollen for rettsmeklinga, jf. § 6-18 og tvistelova § 8-5 første og sjette ledd. Den som har prosessfullmakt har òg fullmakt til å gjere rettsforlik, og skrive under på rettsforlik, sjå tvistelova § 3-4 første ledd som gjeld tilsvarande.

Tredje ledd tilsvarar tvistelova § 19-11 tredje ledd. Tredje ledd første punktum har reglar om kontrollen jordskifteretten har med forliket. Retten skal kontrollere at forliket er klart og tydeleg skrive, og nøyaktig viser det partane er samde om. Er forliket uklart, skal retten ikkje medverke til å gjere forlik. Dette er særleg viktig ved forlik som vil ha rettskraft langt inn i framtida, og som skal etterlevast av rettsetterfølgjarane til partane, for eksempel forlik om grenser for fast eigedom.

Tredje ledd andre punktum pålegg retten å sjå til at det blir sett ein frist for å oppfylle forlik som skal kunne fullbyrdast. Dette vil vere tilfelle der forliket for eksempel pålegg nokon ei plikt til å handle som skal kunne tvangsfullbyrdast. Etter tredje ledd tredje punktum skal retten, før det kan gjerast forlik, orientere partane om verknadene av rettsforlik.

Når det gjeld sakskostnadene, er utgangspunktet at partane sjølv skal avtale fordelinga i forliket. Dersom forliket ikkje seier noko om fordelinga av sakskostnader, skal retten etter fjerde ledd avgjere fordelinga når partane krev det. Fjerde ledd tilsvarar tvistelova § 19-11 fjerde ledd.

Etter femte ledd gjeld reglane i tvistelova §§ 19-11 og 19-12 (kapittel 19 IV) så langt dei høver. Etter tvistelova § 19-12 første ledd har rettsforlik rettskraftsverknad etter tvistelova § 19-15. Rettsforlik kan etter tvistelova § 19-12 andre ledd kjennast ugyldig eller gjerast om etter dei same reglar som gjeld for ugyldigheit eller endring av avtalar. Av størst interesse i høve til vurdering av ugyldigheit, er reglane i avtalelova om tvang, svik og uærlegdom, samt reglane om lemping av avtalar det ville vere urimeleg å gjere gjeldande, sjå avtalelova kapittel 3. Einaste rettsmiddel mot rettsforlik er søksmål om ugyldigheit, som må reisast for tingretten, jf. § 19-12 tredje ledd. Rettsforlik er allminneleg tvangsgrunnlag etter tvangsfullbyrdingslova og kan krevjast fullbyrda når fristen for oppfylling er ute. Tvistelova § 19-12 fjerde ledd har reglar om frist.

Til § 6-27 Frist for iverksetjing av endeleg jordskifteløysing

Paragrafen avløyser gjeldande jordskiftelov § 59. Første ledd første punktum fører vidare gjeldande jordskiftelov § 59 første ledd. Regelen gir jordskifteretten plikt til fastsetje frist for overgang til nye eigedomstilhøve og andre fristar som trengst for å iverksetje dei endringane som er bestemt i den endelege jordskifteløysinga. Utan slike fristar kan det bli vanskeleg å realisere dei endringane som ligg i jordskifteavgjerda. I eit jordskifte vil dei ulike avgjerdene til retten gjelde tiltak av mange slag. Det kan vere overtaking av utlagde teigar, flytting av hus, oppføring av gjerde opparbeiding av vegar, dyrking, hogst og så vidare. Endringane må mellom anna tilpassast drifta på eigedommane og ønska til partane. Dette kan gjere det nødvendig at avgjerdene trer i kraft til ulik tid, og at det setjast ulike fristar for iverksetjing. For fellestiltak vil det òg kunne vere aktuelt å setje ein frist for når tiltak skal vere sett i gang.

Første ledd andre til femte punktum fører vidare gjeldande jordskiftelov § 59 andre ledd. Fristen i gjeldande jordskiftelov på to månader er likevel redusert til ein månad. Grunnen er at ankefristen er redusert frå to månader til ein månad. Ein frist kan berre i særlege tilfelle bli sett til meir enn fem år og skal aldri vere lenger enn 10 år. Dette fører vidare reglane i gjeldande jordskiftelov.

Andre ledd tilsvarar gjeldande jordskiftelov § 59 tredje ledd. Regelen gjer det mogleg for jordskifterettsleiaren å gi utsetjing med å gjennomføre tiltak når det blir søkt om det, og det kan bevisast at det er uråd å gjennomføre tiltaket til fastsett tid. Det er òg stilt vilkår om at den som søkjer ikkje er skuld i dette, eller rår for det. Desse vilkåra skal vurderast på eit objektivt grunnlag. Dei personlege tilhøva til vedkommande eigar er ikkje avgjerande, men skal telje med i vurderinga. Hovudvekta i vurderinga må leggjast på tilhøve som knyt seg til vedkommande eigedom. Dersom utsetjinga vil bli til skade for nokon av dei andre partane, skal jordskifteretten fastsetje vederlag for skaden. I gjeldande jordskiftelov er denne myndigheita lagt til jordskifteoverdommaren. I og med forslaget om endringar i ankeordninga fell jordskifteoverretten bort. Departementet meiner det da er mest hensiktsmessig at jordskifteretten gjer dette.

Etter tredje ledd kan jordskifteretten etter søknad forlengje fristen for gjennomføring av felles tiltak. Dette kan retten gjere sjølv om vilkåra etter første punktum i andre ledd ikkje ligg føre. Regelen erstattar gjeldande jordskiftelov § 59 fjerde ledd.

Til § 6-28 Tvangskraft og rettskraft

Paragrafen avløyser gjeldande jordskiftelov § 91, og tilsvarar høyringsforslaget § 6-28. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.4.4.3. Paragrafen gir reglane i tvistelova §§ 19-13 til 19-16 (kapittel 19 V Tvangskraft og rettskraft), tilsvarande verknad så langt dei høver for avgjerdene til jordskifteretten.

Reglane om tvangskrafta til avgjerdene følgjer av tilvisinga til tvistelova § 19-13 som igjen viser til lov om tvangsfullbyrdelse (tvangslova). Når det i Tvangslova § 4-1, står at «dom eller kjennelse av norsk domstol, og andre avgjørelser av en norsk domstol som har virkning som dom eller kjennelse» er tvangsgrunnlag, omfattar dette òg dommar og orskurdar av jordskifteretten. Bruk av tvang kan vere nødvendig for å iverksetje mange av dei avgjerdene jordskifteretten tek. Tvang kan for eksempel bli aktuelt i samband med overføring av grunn eller hus, opparbeiding og vedlikehald av vegar, pengeytingar som for eksempel sakskostnader og så vidare. Tvangsfullføring må skje med heimel i tvangslova. Det er partane som må krevje tvangsfullføring. Retten gjer ikkje dette.

Tvistelova §§ 19-14 og 19-15 gjeld for rettskrafta avgjerdene har. Tvistelova § 19-14 første ledd seier at ei avgjerd er rettskraftig når den ikkje lenger kan angripast ved ordinære rettsmiddel. Tvistelova § 19-15 første ledd seier at ei rettskraftig avgjerd er bindande for partane. Andre ledd seier at ei rettskraftig avgjerd av eit krav skal utan realitetsbehandling leggjast til grunn i ei ny sak der retten må ta stilling til kravet for å avgjere saka. Etter tredje ledd skal retten avvise ei ny sak mellom same partar om eit krav som er rettskraftig avgjort. I høve til avgjerdene til jordskifteretten er likevel tilhøva litt spesielle. Når jordskiftet er avslutta, er alle avgjerdene retten har teke, endelege. Men det kan òg vere teke jordskifteavgjerder undervegs i saka, som retten kan endre heilt fram til jordskiftet bli avslutta, sjå kapittel 12.4.9 og merknadene til lovforslaget § 6-25.

Til § 6-29 Merking og koordinatfesting av grenser

Paragrafen gjeld merking og koordinatfesting av grenser, og erstattar gjeldande jordskiftelov § 58. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 12.3.4.5.3.

Første ledd slår fast at jordskifteretten skal merkje og koordinatfeste dei grensene som blir fastsette, så langt råd er. Merking og koordinatfesting av grenser skal skje anten fastsetjinga av grensa har opphav i ei jordskiftesak der det blir fastsett nye grenser, sjå første ledd første punktum, eller i ei sak om fastsetjing av grense der eksisterande grenser blir klarlagde ved dom eller i eit rettsforlik, sjå første ledd andre punktum.

Andre ledd fører vidare gjeldande jordskiftelov § 58 andre ledd andre og tredje punktum, om utsetjing av varig grensemerking og tilhøyrande skildring av grensa til etter at jordskiftet har rettskraft. Utsetjing av den endelege merkinga av grensa kan vere aktuelt der anleggsarbeid like etter at saka er rettskraftig, vil innebere at merka blir fjerna eller øydelagde. Utsett merking av grense kan òg vere aktuelt, der avgjerd i ankesak kan innebere at merka må flyttast. Dersom jordskifteretten ventar med varig merking av grensa, må grensene merkjast tydeleg med mellombels merke for eksempel med spray eller trepålar. Det er viktig at partane ser i terrenget kva som er resultatet av saka. Utsett merking er jordskifteavgjerd etter lovforslaget § 6-23 fjerde ledd bokstav c. Føresegna har eit anna formål, og går føre matrikkelforskrifta § 25.

I tredje ledd er departementet gitt heimel til å gi forskrift om utforming av grensemerke.

Til VII Rapportering og tinglysing

Grunngivinga for forslaget til §§ 6-30 og 6-31 går fram av kapittel 12.3.5.

Til § 6-30 Rapportering til matrikkelmyndigheita

Paragrafen erstattar gjeldande jordskiftelov § 24 andre ledd. Plikta til å rapportere til matrikkelmyndigheita omfattar både at det er sett fram krav om sak og resultatet av saka, i samsvar med matrikkelforskrifta, sjå §§ 46 og 47 i forskrifta.

Jordskifteretten har i dag avtale med Kartverket om utveksling av data, slik at ein på den måten held vedlike samfunnsmessig verdifull infrastruktur.

Til § 6-31 Tinglysing

Paragrafen fører i det alt vesentlege vidare gjeldande jordskiftelov § 24 første og tredje ledd.

Etter første ledd er hovudregelen om tinglysing den same som før. Når saka er avslutta og alle avgjerdene har fått rettskraft, skal jordskiftedommaren etter første ledd første punktum sørgje for at eit utdrag av rettsboka blir tinglyst. Alt av varig verdi skal etter første ledd andre punktum vere med i utdraget. Uttrykksmåten «alt av varig verdi» er den same som i gjeldande jordskiftelov. Om bakgrunnen for dette, sjå kapittel 12.3.5.2. Det vil fortrinnsvis vere realitetsavgjerdene som er av varig verdi. Med realitetsavgjerd er meint omtalen av dei nye tilhøva etter lovforslaget kapittel 3 og 4, ikkje grunngivinga av avgjerd, vurderingane i retten eller partsforklaringa. Det er jordskiftedommaren som skal søgje for at utdraget blir tinglyst. Når ei sak er behandla som ankesak i lagmannsretten, er det førsteinstansen (den jordskifteretten som tidlegare hadde saka), som skal sørgje for tinglysing av avgjerda. Etter tinglysinga skal utdraget oppbevarast saman med dokumenta i saka.

Andre ledd første punktum seier at melding om reglar i medhald av lovforslaget § 3-34, avgjerd etter § 8-2 tredje ledd, og om anna som gjeld rettshøva innanfor jordskifteområdet, kan tinglysast på dei eigedommane det gjeld, når jordskiftedommaren finn grunn til det. Det same gjeld etter andre ledd andre punktum når eit avslutta jordskifte ikkje får rettskraft på grunn av anke.

Til kapittel 7 Sakskostnader og gebyr

Lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav o seier at tvistelova kapittel 20 om sakskostnader gjeld så langt det høver. Det tyder at reglane i tvistelova gjeld dersom lovforslaget ikkje har reglar for det aktuelle tilfellet knytt til sakskostnader for jordskifteretten.

Til I Sakskostnader

Til § 7-1 Sakskostnader

Paragrafen gjeld kva for sakskostnader partane skal betale til jordskifteretten. Paragrafen byggjer på gjeldande jordskiftelov § 74 niande ledd. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.2.3.

Første ledd inneheld reglane om betaling av sakskostnader for sak etter lovforslaget kapittel 3 og 4. Kapittel 3 gjeld jordskifte (under dette fordeling av planskapt netto verdiauke). Kapittel 4 gjeld rettsutgreiing og grensefastsetjing og anna.

Første ledd bokstavane a til g inneheld ei uttømmande opprekning av kva partane skal betale til jordskifteretten.

Bokstav a seier at partane skal betale gebyr etter lovforslaget §§ 7-2 til 7-5.

Bokstav b seier at partane skal betale godtgjering til jordskiftemeddommarar etter domstollova § 105 a. Det blir den same regelen for jordskifteretten som for dei vanlege domstolane.

Bokstav c seier at partane skal betale kostnader til grensemerke. Med «grensemerke» meiner ein dei merka som jordskifteretten set ned i grenser som blir fastsett i saka. I sak om fastsetjing av grense etter matrikkellova må partane òg betale for grensemerka.

Bokstav d seier at partane skal betale godtgjering til ekstrahjelp til verdsetjing etter lovforslaget § 3-14, til nødvendig kartlegging og til måling og merking av grenser etter §§ 4-2 og 6-29. Med «ekstrahjelp» meiner ein andre enn tenestemennene som er tilsette i jordskifteretten.

Bokstav e seier at partane skal betale den godtgjeringa som rettstolkar og sakkunnige som er oppnemnde av retten etter lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse, har krav på. Det er same regel som gjeld for dei alminnelege domstolane.

Bokstav f seier at partane skal betale for utskrift eller kopi av tinglyste dokument eller dokument frå statsarkivet som jordskifteretten hentar inn på vegner av partane.

Bokstav g seier at partane skal betale sideutgifter som nemnt i rettsgebyrlova § 2 andre ledd. Sideutgifter er etter § 2 utgifter til meddommarar, skjønnsmedlemmer, sakkunnige, vitne, oversettingar, særlege undersøkingar og andre sideutgifter. Størstedelen av § 2 i rettsgebyrlova har mindre å seie, sidan dette er regulert direkte i jordskiftelova. Når tilvisinga til § 2 likevel er teken med, er dette fordi regelen opnar for å trekke inn «andre sideutgifter». I sakene jordskifterettane behandlar vil sideutgifter også kunne omfatte lønn og tilhøyrande utgifter til innleigd ekstrahjelp, ein del teknisk utstyr og nokre administrative utgifter for å halde tiltaks- og vernejordskifte innan rimeleg tid, slik det er lagt opp til i Ot.prp. 5 (1998–99) og slik det går fram av kapittel 13.2.3. Det er på dette punktet ikkje meininga å gjere endringar i eksisterande praksis.

Andre ledd seier at for skjønn og andre avgjerder i samband med jordskifte gjeld reglane om sakskostnader i skjønnsprosesslova. Det skal vere like reglar for sakskostnader med skjønn og andre avgjerder uansett om dei går som eiga sak eller i samband med jordskifte. Dette fører vidare kostnadsprinsippet som er nedfelt i gjeldande jordskiftelov § 74 andre ledd.

Tredje ledd seier at rettsgebyrlova gjeld slik det går fram av lova her, eller så langt det høver. Leddet er nytt. Dette er ei lovfesting av gjeldande praksis.

Til II Gebyr

Med «gebyr» meiner ein den avgifta til staten som partane må betale for sak for jordskifteretten.

Til § 7-2 Inngangsgebyr

Paragrafen inneheld føresegnene om inngangsgebyr for krav om sak etter lovforslaget kapittel 3 eller 4. Med «inngangsgebyr» meiner ein gebyr etter lovforslaget § 7-2. Paragrafen inneheld òg føresegnene om inngangsgebyr dersom kravet blir trekt før realiteten blir behandla, eller saka blir avvist. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.3.1.3.

Første ledd første punktum seier at den som krev sak skal betale fem gonger rettsgebyret for krav om sak etter kapittel 3 eller 4. Dette punktumet fastset storleiken på inngangsgebyret. Med «rettsgebyret» meiner ein det som er fastsett i rettsgebyrlova § 1. Med «sak etter kapittel 3» meiner ein jordskifte som er samleomgrepet for sak etter lovforslaget §§ 3-4 til 3-10, og sak om fordeling av planskapt netto nytte etter lovforslaget § 3-30. Første punktum fører vidare gjeldande jordskiftelov § 74 første ledd første punktum.

Innhaldet i første ledd andre punktum er at den som krev utviding av ei sak etter at jordskifteretten har avgrensa saka sakleg og geografisk, skal betale nytt inngangsgebyr. Regelen er ny.

Inngangsgebyret er ein del av dei samla sakskostnadene som skal delast mellom partane etter lovforslaget §§ 7-6 og 7-7.

Andre ledd fastset gebyret dersom kravet blir trekt eller avvist av retten. I denne samanheng blir kravet rekna som innkome, når inngangsgebyret er betalt. Med «realitetsbehandling» meiner ein her første vanlege rettsmøte. Dersom kravet blir trekt i denne perioden, skal rekvirenten betale to gonger rettsgebyret. Han har alt betalt eit forskott på fem gonger rettsgebyret. I praksis betyr det at han skal få tilbakebetalt tre gonger rettsgebyret.

Til § 7-3 Grenselengdegebyr

Paragrafen inneheld føresegnene om grenselengdegebyr. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.3.2.3.

Første punktum seier at partane skal betale gebyr for merking og koordinatfesting av nye grenser og for koordinatfesting av eksisterande grenser. Føresegna om betaling for grensemerking fører vidare gjeldande jordskiftelov § 74 første ledd andre punktum. Føresegnene om koordinatfesting er nye, men dei er bygde på praksis som er basert på Håndbok for teknisk arbeid i jordskifteverket av mars 1999. Etter lovforslaget vil hovudregelen vere at nye grensemerke i endepunkt og knekkpunkt i grensa skal koordinatfestast. Dette gjeld likevel ikkje når grensa følgjer vatn og vassdrag. Praksisen er elles i tråd med kravet til koordinatfesting i matrikkellova § 34 første ledd første punktum.

Partane skal betale for «merking og koordinatfesting» som ein av dei tilsette ved retten utfører. Med «merking» meiner ein nedsetting av eit grensemerke. Etter lovforslaget § 6-29 kan departementet gi forskrift om utforming av grensemerke. Med «koordinatfesting» meiner ein at grensepunktet er innmålt eller beregna i det aktuelle aksesystemet («rutenettet») for eksempel EUREF89. Koordinatane skal fylle dei krav til nøyaktigheit som gjeld for det aktuelle området. Med «nye grenser» meiner ein grenser som er fastsette av retten, og som er forskjellige frå dei grensene som var der da saka tok til. Med «koordinatfesting av eksisterande grenser» meiner ein å skaffe fram koordinatar for grenser som ikkje blir endra i saka.

Det følgjer elles av dette at dersom det korkje er nødvendig å merkje eller koordinatfeste ei grense, så skal partane ikkje betale noko grenselengdegebyr. Det kan vere tilfellet for ei grense i eit jordskifte etter lovforslaget kapittel 3.

Andre punktum seier at departementet fastset storleiken på gebyra ved forskrift.

Til § 7-4 Partsgebyr

Paragrafenseier at partane skal betale to gonger rettsgebyret for kvar part i sak etter lovforslaget kapittel 3 og 4. Paragrafen fører vidare prinsippet om partsgebyr i gjeldande jordskiftelov § 74 første ledd første punktum. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.3.3.3.

Lovforslaget inneheld ein auke i partsgebyret frå 1,8 til 2 gonger rettsgebyret for kvar part i sak etter lovforslaget kapittel 3 og 4.

Partsgebyreter ein del av dei samla gebyrkostnadene som skal delast mellom partane etter reglane om deling av kostnader, sjå lovforslaget §§ 7-6 og 7-7.

Med «part» meiner ein her den som opptrer på vegner av ein eigedom, ein bruksrett eller anna rett som har krav på å bli teken vare på i saka. Departementet meiner at dette må avgjerast konkret i kvar enkelte sak. I eit jordskifte som går på full oppdeling av eit sameige, er kvar sameigar part. I ei sak om fastsetjing av grense med eit sameige på eine sida, og eit eineeige på andre sida, vil det oftast vere rett å sjå på sameiget som ein part. I slike saker vil sameigarane ofte ha samanfallande interesse av utfallet av saka. Da ligg det til rette for at sameiget kan vere representert av éin person. Dette er som etter gjeldande jordskiftelov.

Til § 7-5 Samla gebyr og arbeidstid

Paragrafen seier at jordskifteretten kan endre dei samla gebyra etter lovforslaget §§ 7-2 til 7-4 dersom arbeidstida i saka avvik nemnande frå det vanlege. Paragrafen er meint vere ein unntaksregel, og ikkje hovudregelen, for fastsetjing av samla gebyr. Paragrafen fører vidare innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 74 åttande ledd sjølv om det er mindre endringar i ordlyden. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.3.4.3.

Med ordet «endre» meiner ein at samla gebyr både kan bli høgare og lågare.

Med «dei samla gebyra etter lovforslaget §§ 7-2 til 7-4», meiner ein summen av inngangsgebyret etter lovforslaget § 7-2, grenselengdegebyra etter lovforslaget § 7-3 og partsgebyra etter lovforslaget § 7-4.

Med «arbeidstida i sak» meiner ein den tida dei fast tilsette ved jordskifteretten har brukt på saka. Arbeidstida til ekstrahjelp i saka skal ikkje reknast inn i denne samanheng. Partane skal betale for ekstrahjelp etter lovforslaget § 7-1 første ledd bokstav d. Det er ikkje nødvendig å dokumentere arbeidstida i saka ved timelister eller andre tidsregistreringar.

Med ordet «nemnande» meiner ein her at det må vere eit klart avvik frå det vanlege.

Til III Fordeling av sakskostnader

Til § 7-6 Fordeling av sakskostnader

Paragrafeninneheld føresegnene om korleis dei ordinære sakskostnadene i sak etter lovforslaget kapittel 3 og 4 skal fordelast mellom partane. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.4.1.3 og 13.4.2.3.

Første ledd seier at jordskifteretten i saker etter lovforslaget kapittel 3 og 4 skal dele sakskostnadene mellom partane etter den nytta dei har av saka, med dei unntaka som går fram av andre og tredje ledd og lovforslaget § 7-7. Dette fører vidare hovudregelen i gjeldande jordskiftelov § 76 første ledd.

I sak om fastsetjing av grense utan tvist må ein rekne med at alle som får fastsett eit punkt i si grense, har like stor nytte av det. I sak om rettsutgreiing utan tvist vil alle som får fastsett noko, ha nytte av det. For dom i tvist viser ein til merknadene til lovforslaget § 7-9 første ledd.

Andre leddførste punktum seier at tiltakshavar skal betale sakskostnadene i tiltaksjordskifte. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 81 andre ledd slik regelen er tolka i Rt. 2000 side 143. Eksproprianten må da som hovudregel betale nødvendige kostnader til advokat både i jordskiftesaka og i skjønnssaka. Kva som er meint med tiltaksjordskifte, går fram av lovforslaget § 1-3 bokstav b.

Andre ledd andre punktum seier at i vernejordskifte skal vernemyndigheita betale sakskostnadene. Dette fører òg vidare gjeldande jordskiftelov § 81 andre ledd. Kva som er meint med vernejordskifte, går fram av lovforslaget § 1-3 bokstav c.

Andre ledd tredje punktum seier at jordskifteretten kan leggje sakskostnader på partar som får netto nytte. Med «netto nytte» meiner ein at ein eigedom er betre for eigaren etter den samla verknaden av eigedomsinngrepet (tiltaket eller vernet) og jordskiftet, enn føreigedomsinngrep og jordskifte.

Jordskifteretten fastset storleiken på den delen av sakskostnadene som ikkje fell på høvesvis tiltakshavar eller vernemyndigheit.

Dersom lovforslaget § 7-6 andre ledd tredje punktum brukast, gjeld første ledd for fordelinga av dei sakskostnadene som fell på andre partar enn høvesvis tiltakshavar eller vernemyndigheit.

Tredje ledd seier at vernemyndigheita skal betale sakskostnadene i grensefastsetjing etter lovforslaget § 4-2 første ledd bokstav f.

Til § 7-7 Sakskostnader som følgje av trekking av sak, avvising med vidare

Paragrafen gjer unntak frå regelen i lovforslaget § 7-6 første ledd om at jordskifteretten i saker etter lovforslaget kapittel 3 og 4 deler sakskostnadene mellom partane etter den nytta dei har av saka. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.4.3.

Første ledd inneheld ei uttømmande opprekning av dei tilfella der jordskifteretten skal leggje sakskostnader på dei som har valda sakskostnadene. Dette byggjer på gjeldande jordskiftelov § 75 første ledd. Med omgrepet «har valda» kostnadene, er meint slik at det må vere årsakssamanheng mellom kostnaden og dei handlingane som er omtala i bokstavane a til c.

Første ledd bokstav a seier at jordskifteretten skal leggje sakskostnader knytte til trekking av ei sak på dei som har valde kostnadene. Det er rekvirenten som kan trekkje saka. Da er det rekvirenten som «har valda» sakskostnadene.

Første ledd bokstav b seier at jordskifteretten skal leggje sakskostnader knytte til avvising av ei sak når vilkåra for saka ikkje er oppfylte, på dei som har valda kostnadene. Avvising kan bli aktuelt fordi formelle eller materielle vilkår for sak ikkje er oppfylte. Avvising av formelle grunnar kan for eksempel vere aktuelt dersom kravet ikkje oppfyller vilkåra i lovforslaget § 6-2. Med materielle vilkår er meint dei vilkåra for jordskiftesak som går fram av §§ 3-2, 3-3 og 3-18. Departementet viser til drøftinga i kapitla 13.4.3.2 og 13.4.3.3. i lovproposisjonen for ein nærare gjennomgang av avvising i forskjellige fasar av eit jordskifte. Når det gjeld innhaldet i lovforslaget §§ 3-2, 3-3 og 3-18, viser departementet til merknadene til desse paragrafane.

Første ledd bokstav c seier at jordskifteretten skal leggje sakskostnader knytte til «for seine krav eller opplysningar» på dei som har valda kostnadene. Med «for seine» meiner ein at eventuelle fristar fastsette av jordskifteretten er ute. Med «krav» meiner ein krav som går på sakleg eller geografisk avgrensing av saka og som kjem etter den frist retten har sett med heimel i lovforslaget § 6-9 andre ledd. For seine «opplysningar» refererer til plikta til å opplyse saka etter lovforslaget § 6-15 om bevis.

Andre ledd seier at utgift som omsynet til berre enkelte eigedommar eller berre ein part har valda kan leggjast på vedkomande aleine. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 76 andre ledd første punktum. I store saker vil det ofte vere slik at retten med fordel kan halde eigne rettsmøte for å løyse delproblem som berre gjeld nokre partar. Sakskostnadene med slike delproblem kan etter lovforslaget § 7-7 andre ledd leggjast på dei det gjeld. Eit eksempel kan vere ein tvist om ei grense mellom to av partane i eit jordskifte.

I andre tilfelle vil behandlinga av delproblem berre vere ein del av eit rettsmøte. Da kan det både vere vanskeleg å knyte bestemte sakskostnader til delproblemet, og dei aktuelle kostnadene vil ofte vere heller små.

Med «enkelte eigedommar» meiner ein matrikkeleiningar som blir behandla som sjølvstendig eining i saka. Med «part» meiner ein den eller dei som representerer matrikkeleiningane eller som på annan måte har fått status som part i saka.

Med «har valda», meiner ein den eller dei som har forårsaka kostnaden.

Lovforslaget inneheld ikkje nokon eigen regel for den innbyrdes fordelinga dersom det er fleire som har ansvar for sakskostnader etter lovforslaget § 7-7 andre ledd. Da gjeld lovforslaget § 7-6.

Til IV Kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp

Del IV inneheld reglar om kven som skal betale for kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp i sak etter lovforslaget kapittel 3 og 4. I tillegg gjeld reglane i tvistelova kapittel 20 så langt dei høver.

Til § 7-8 Kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp

Paragrafeninneheld hovudregelen som er at med dei unntak som går fram av lovforslaget § 7-9, skal kvar part bere eigne kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp i sak etter lovforslaget kapittel 3 og 4. Dette byggjer på gjeldande jordskiftelov § 76 første ledd. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.5.1.3.

Med «rettshjelp» meiner ein det som går fram av domstollova § 218. Bruk av advokat er den vanlegaste forma for rettshjelp. Sakkunnige oppnemd av retten er noko anna enn sakkunnig hjelp. Kostnadene til sakkunnige oppnemnt av retten fell inn under reglane i lovforslaget § 7-1. Med «sakkunnig hjelp» meiner ein hjelp frå ein som er fagleg kvalifisert til å bli brukt til å gi sakkunnigbevis etter føresegnene i tvistelova kapittel 25

Til § 7-9 Erstatning for kostnader til rettshjelp og anna sakkunnig hjelp

Paragrafen inneheld unntaka frå hovudregelen i lovforslaget § 7-8 om at kvar part skal bere eigne kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.5.2.1.3.

Første ledd første punktum seier at blir det sagt dom i tvist, gjeld tvistelova kapittel 20 for erstatning for kostnader som er direkte knytt til behandlinga av tvisten. Sjølv om ordlyden er noko endra, er det ikkje meininga å gjere endringar i realiteten for dom i tvist der tvistesummen er 125 000 kroner eller meir.

Med «gjeld tvisteloven»er meint at reglane om vederlag for kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp ved behandling av tvistar, skal vere identiske uansett om det blir sagt dom i tingretten eller i jordskifteretten. Jordskifteretten kan ikkje trekkje inn kostnader som fell på partane med førearbeid knytt til eventuell kartlegging av jordskifteområdet, og etterarbeid som merking og koordinatfesting av grenser som dommen fastset.

Første ledd andre punktum seier at dersom tvistesummen er under 125 000 kroner, gjeld tvistelova § 10-5 første og andre ledd. Regelen er ny. Med «tvistesummen» meiner ein verdien av det tvisten gjeld. Omgrepet tvistesummen skal ha same innhald etter jordskiftelova som etter tvistelova. Det er meininga at tvistelova § 10-5 første ledd bokstav d skal gjelde på same måte for tingretten og jordskifteretten. Jordskifteretten fastset verdien av det tvisten gjeld.

Andre leddførste punktum seier at ved trekking av sak og ved avvising av ei sak fordi formelle vilkår for å behandle saka ikkje er oppfylte, gjeld tvistelova kapittel 20. Forslaget er i samsvar med rettspraksis.

Kva som ligg i trekking av sak, er greidd ut i merknadene til lovforslaget § 6-19.

Andre ledd andre punktum seier at første punktum òg gjeld ved trekking av krav om endra avgrensing av saka, og ved avvising av eit endringskrav. Dette tyder at den som kjem med krav om endring, har same ansvar for kostnader for dette som rekvirenten har for kravet som sett saka i gang. Lovforslaget § 6-9 inneheld føresegner om avgrensinga av saka. Grunngivinga for forslaget til andre ledd går fram av kapittel 13.5.2.3.3.

Til V Kostnader knytt til skjønn og andre avgjerder i samband med jordskifte, anke med meir

Til § 7-10 Kostnader med skjønn og andre avgjerder etter §§ 5-2 og 5-3

Paragrafen inneheld føresegnene om sakskostnader knytt til skjønn og andre avgjerder etter lovforslaget §§ 5-2 og 5-3. Lovforslaget § 5-2 gjeld skjønn som følgje av tiltak fastsett av jordskifteretten i vassdrag, medan lovforslaget § 5-3 gjeld skjønn og andre avgjerder etter andre lover. Lovforslaget § 7-10 første ledd gjeld når jordskifteretten held slike skjønn eller tek andre avgjerder som råkar eigedom utanfor jordskifteområdet. Andre ledd regulerer fordelinga av kostnadene ved slike skjønn og avgjerder mellom dei som er partar innanfor jordskifteområdet. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.6.3.

Første ledd seier at skjønnsprosesslova § 54 gjeld for kostnader med skjønn og andre avgjerder etter lovforslaget §§ 5-2 og 5-3 som råkar eigedom som ikkje er med i jordskifteområdet.

Det at «skjønnsprosesslova § 54 gjeld for kostnader», inneber at det er desse føresegnene om fordelinga av kostnader som gjeld i tilhøvet mellom oreignar og den som blir råka av ekspropriasjon. Det er partane innanfor jordskifteområdet som er i rolla som oreignar i slike skjønn. Dermed er det dei som i utgangspunktet må bere kostnadene med skjønnet.

Med formuleringa «råkar eigedom som ikkje er med i jordskifteområdet», meiner ein eigedom som ligg utanfor jordskifteområdet slik det er avgrensa etter lovforslaget § 6-9. Eigar av eigedom som er råka av tiltak som vegbygging, anlegg av taubane, kanalisering og liknande er i slike høve ikkje part i jordskiftesaka ut over det at han kan vere nabo til jordskifteområdet. Denne eigaren vil difor oppleve skjønnet som ei sjølvstendig sak.

Andre ledd seier at kostnader etter første ledd skal delast etter lovforslaget § 3-28 mellom dei partane som er knytte til investeringstiltaket. § 3-28 fører vidare innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 42 tredje ledd, sjølv om ordlyden ikkje er heilt lik. Kostnadene med skjønnet eller ei anna avgjerd knytte til eit investeringstiltak på eigedom utanfor jordskifteområdet skal etter § 7-10 andre ledd også delast mellom dei som er partar innanfor jordskifteområdet. Slik fordeling skal skje etter den nytten kvar av partane har av investeringstiltaket.

Til § 7-11Kostnader med anke over jordskifteavgjerd

Paragrafen har reglar om kven som skal betale kostnader ved anke over jordskifteavgjerd. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.7.3.

Første ledd første punktum seier at den som ankar ei jordskifteavgjerd, skal bere kostnadene med ankebehandlinga. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 75 andre ledd sjølv om ordlyden er tilpassa forslaget til ny ankeordning. Dersom forskjellige partar ankar på forskjellige jordskifteavgjerder i same sak, må kostnadene delast høvesvis på dei forskjellige ankane. Dersom minst to partar ankar på same avgjerd, må kostnadene i utgangspunktet delast mellom dei.

Med «kostnadene med ankebehandlinga» meiner ein her gebyr, godtgjersle til meddommarar og andre sideutgifter for lagmannsretten.

Første ledd andre punktum seier at dersom ankebehandlinga fører til ei monaleg endring i jordskiftet, skal lagmannsretten dele kostnadene med ankebehandlinga etter nytta kvar part får av det nye jordskiftet. Formuleringa «monaleg endring i jordskiftet» blir ført ordrett vidare frå gjeldande jordskiftelov § 75 andre ledd. Det er ikkje meininga å gjere noka endring i innhaldet i denne formuleringa.

Det er meininga at innhaldet skal vere det same i lovforslaga § 7-11 første ledd og i § 7-6 første ledd.

Med «det nye jordskiftet» meiner ein den endelege jordskifteløysinga som lagmannsretten fastset. På same måte som etter gjeldande jordskiftelov, vil det vere endringa i endeleg jordskifteløysing frå første til andre instans som utgjer grunnlaget for vurderinga av bruken av føresegnene om kven som skal bere kostnadene.

Andre ledd første punktum seier at dersom ei jordskifteavgjerd blir oppheva etter lovforslaget § 8-10 tredje ledd, skal den som ankar betale kostnadene med ankebehandlinga på forskott. Denne føresegna gjeld i dei tilfella jordskiftet går tilbake til jordskifteretten for ny behandling.

Andre ledd andre punktum seier at dei forskotterte kostnadene med ankebehandlinga skal reknast som ein del av kostnadene med den nye jordskifteavgjerda. Dette tyder at jordskifteretten ved den nye behandlinga av jordskiftet skal fordele summen av kostnadene med behandlinga i lagmannsretten og sakskostnadene ved det nye jordskiftet.

Innhaldet i andre ledd er ei lovfesting av gjeldande rettspraksis.

Tredje ledd første punktum seier at ved behandling av anke over jordskifteavgjerd skal kvar part bere sine eigne kostnader til rettshjelp og til anna sakkunnig hjelp for lagmannsretten. Dette er ei lovfesting av rettspraksis for kostnadsansvaret for rettshjelp og anna sakkunnig hjelp for lagmannsretten når ei jordskifteavgjerd blir oppheva.

Tredje ledd andre punktum seier at dersom lagmannsretten seier dom i tvist som ikkje har vore behandla i jordskifteretten, gjeld lovforslaget § 7-9 første ledd. Det tyder at dersom lagmannsretten må seie dom i tvist, gjeld tvistelova kapittel 20 for vederlag for sakkunnig hjelp og for andre kostnader som er direkte knytt til behandlinga av tvisten. Dersom tvistesummen er under 125 000 kroner, gjeld tvistelova § 10-5 første ledd bokstav d.

Tredje ledd tredje punktum seier at ved trekking av anke over jordskifteavgjerd og ved avvising av anke over jordskifteavgjerd, gjeld lovforslaget § 7-9 andre ledd. Det tyder at både ved trekking og avvising av anke, gjeld tvistelova kapittel 20. Dette er i samsvar med rettspraksis. Med formuleringa «avvising av anke», meiner ein det same som ligg i lovforslaget § 6-23 andre ledd bokstav a, sjølv om ordet «sak» er erstatta med ordet «anke» i lovforslaget § 7-11 tredje ledd tredje punktum.

Fjerde ledd seier at ved anke over jordskifteavgjerd om utmåling av erstatning i tiltaksjordskifte og i vernejordskifte, gjeld skjønnsprosesslova §§ 54 a og 54 b. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 81 andre ledd tredje punktum.

Til § 7-12 Kostnader ved gjenopning

Paragrafeninneheld reglane om sakskostnader knytt til behandling av krav om gjenopning. Reglane om kostnader knytt til gjenopning er samla i denne paragrafen. Reglane om kva gjenopning kan gå ut på, finn ein i lovforslaget §§ 8-14 til 8-16.Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.8.3.

Første ledd seier at reglane i dette kapitlet gjeld for gjenopning med dei unntak som går fram av andre og tredje ledd. Andre ledd inneheld særreglar for gebyr. Tredje ledd inneheld særreglar for fordeling av sakskostnader mellom partane.

Andre ledd første punktum seier at den som krev gjenopning, skal betale seks gonger rettsgebyret. Innhaldet i denne føresegna skal tolkast på same måte som innhaldet i lovforslaget § 7-2 første ledd første punktum.

Andre ledd andre punktum seier at gebyret skal setjast ned til to gonger rettsgebyret dersom kravet om gjenopning blir avvist eller trekt før realitetsbehandling. Innhaldet i denne føresegna skal tolkast på same måte som tilsvarande innhald i lovforslaget § 7-2 andre ledd.

Andre ledd tredje punktum seier at gjenopningsgebyret etter første punktum kjem i staden for inngangsgebyret etter lovforslaget § 7-2 dersom krav om gjenopning blir teke til følgje. Gjenopningsgebyret etter første ledd er seks gonger rettsgebyret medan inngangsgebyret etter lovforslaget § 7-2 er fem gonger rettsgebyret.

Tredje ledd første punktum seier at jordskifteretten deler sakskostnadene mellom partane etter den nytte kvar part har av heile saka dersom krav om gjenopning takast til følgje. Sjølv om det er nokre språklege endringar, fører dette vidare innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 75 fjerde ledd første punktum. Det er ikkje meininga at dei språklege endringane skal endre det materielle innhaldet.

Omgrepet «sakskostnadene» er meint å ha same innhald som i lovforslaget § 7-1, sjå merknadene til den paragrafen.

Med «heile saka» meiner ein den saka som er gjenopna i sin heilskap, ikkje berre den som konkret blir behandla etter gjenopninga. Dette må ein sjå i samanheng med neste punktum i føresegna.

Tredje ledd andre punktum seier at det skal takast omsyn til fordelinga av kostnadene i den tidlegare saka. Sett i samanheng med førre punktum tyder dette at jordskifteretten skal fordele dei samla sakskostnadene før og etter gjenopning etter den samla nytten som fell på partane når behandlinga av saka om gjenopning avslutta. Grunnlaget for vurderinga når det gjeld fordelinga av kostnadene skal vere nyttetilstanden før oppstart av den opphavlege saka, og sluttresultatet etter avslutta gjenopningsbehandling.

Til VI Andre reglar

I denne delen finn ein reglar som det ikkje høver å ta med i dei andre delane.

Til § 7-13 Forskott

Paragrafen inneheld reglar om forskott for sakskostnader. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.9.1.3.

Første ledd første punktum seier at jordskifteretten kan krevje forskott frå rekvirenten av sak etter lovforslaget kapittel 3 eller 4 for sakskostnader etter lovforslaget § 7-1. Forslaget byggjer på gjeldande jordskiftelov § 79 første punktum. Innhaldet i omgrepet forskott skal vere det same som i «forskudd» etter rettsgebyrlova.

Kompetansen til å kunne krevje inn forskott etter denne føresegna, er avgrensa til jordskifte etter lovforslaget kapittel 3 og rettsfastsetjande saker etter lovforslaget kapittel 4. For saker etter finnmarkslova § 45 skal det ikkje betalast sakskostnader. Dermed er det heller ikkje aktuelt med forskott.

Kva som fell inn under formuleringa «sakskostnader etter lovforslaget § 7-1», går fram av merknadene til lovforslaget § 7-1.

Det følgjer av lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav o at tvistelova kapittel 20 om sakskostnader gjeld så langt han høver. I denne samanheng har departementet lagt til grunn at tvistelova § 20-11 om å stille trygd for sakskostnadene, gjeld for saker etter lovforslaget kapittel 3 og 4. Dette er eit alternativ til å betale forskott. Det tyder at jordskifteretten må gjere merksam på dette alternativet i kravet om innbetaling av forskott.

Første ledd andre punktum seier at når det er ført inn i rettsboka at behandlinga av eit jordskifte har teke til, kan retten krevje forskott frå alle partar til dekking av sakskostnader etter lovforslaget § 7-1. Dette byggjer på gjeldande jordskiftelov § 80 første ledd til å kunne krevje forskott frå fleire partar enn rekvirenten. Det følgjer av denne formuleringa i gjeldande jordskiftelov § 80 første ledd: «… betale utgifter som vil kome på etter kvart etter ei førebels utlikning.»

Med formuleringa «Når det er ført inn i rettsboka at behandlinga av eit jordskifte har teke til» er meint det same som i lovforslaget § 6-19 første ledd.

Det går fram av tredje punktum at ved forskott etter første og andre punktum, gjeld lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr § 3. Rettsgebyrlova § 3 handlar om rettsgebyr og sideutgifter som ikkje blir dekte av gebyret.

Andre ledd seier at jordskifteretten kan fastsetje at det skal reknast rente av innbetalte forskott. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 80 tredje ledd første punktum der det heiter: «Av forskott kan det reknast rente som jordskifteretten fastset etter skjønn». Med «rente» meiner ein den innskotsrenta retten har avtalt med den aktuelle banken.

Til § 7-14 Betalingsfrist

Paragrafeninneheld reglane om fristlengde for betaling av forskott og sakskostnader og følgjene av å oversitje frist. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.9.2.3.

Første ledd første punktum seier at pålagte forskott og sakskostnader forfell til betaling 14 dagar etter at den kravet er retta mot, er gjort kjendt med pålegget om å betale. Dette er hovudregelen for fristlengde. Dette er same fristlengde som for dei vanlege domstolane.

Med formuleringa «er gjort kjendt med», meiner ein at pålegget har kome fram til den som skal betale. Det er meininga at utgangspunktet for når fristen tek til, skal vere likt med tilsvarande frist for pålegg om betaling for dei alminnelege domstolane.

Første ledd andre punktum seier at jordskifteretten kan setje ein annan frist. Det tyder at retten både kan setje ein kortare og ein lengre frist enn 14 dagar. Dette er i samsvar med domstollova § 151.

Andre ledd seier at dersom den som krev saka ikkje held betalingsfristen for inngangsgebyret etter lovforslaget § 7-2, forskott etter lovforslaget § 7-13 første ledd første punktum eller gjenopningsgebyret etter lovforslaget § 7-12 andre ledd første punktum, skal det reknast jamngodt med at sakskravet er trekt tilbake. Dette er i samsvar med gjeldande jordskiftelov § 79 tredje ledd. Manglande betaling av desse gebyra eller av pålagt forskott etter lovforslaget § 7-13 første ledd første punktum fører til at det ikkje blir noka realitetsbehandling av kravet. Dersom rekvirenten har betalt inngangsgebyret eller gjenopningsgebyret, men ikkje betaler pålagt forskott, skal retten leggje til grunn at kravet er trekt.

Manglande betaling av forskott som blir pålagt ved eit seinare tidspunkt i sak etter lovforslaget kapittel 3 og 4, fører ikkje til at retten kan leggje til grunn at saka er trekt. Da må retten velje mellom å la det gå til tvangsinndriving straks, eller vente til alle slike kostnader blir gjort opp ved avsluttinga av saka.

Til § 7-15 Statens erstatningsansvar

Paragrafen inneheld reglane om statens erstatningsansvar for sakskostnader som blir påført ein part på grunn av feil ved behandlinga til jordskifteretten av ei sak. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.9.3.3.

Med «sakskostnader» meiner ein her det same som i tvistelova. Det vil seie at òg kostnader til rettshjelp fell inn under omgrepet.

Alle avgjerder jordskifteretten kan ta, fell inn under formuleringa «feil ved saksbehandlinga til jordskifteretten».

Til § 7-16 Panterett for pålagt kostnad eller yting

Paragrafen seier at tinglysing av sak etter lovforslaget kapittel 3 og 4 fører til at pålagt kostnad eller yting blir sikra i 10 år med pant i matrikkeleininga til parten som har fått pålegget. Regelen fører vidare innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 91 andre ledd sjølv om ordlyden er endra. Grunngivinga for forslaget går fram av kapittel 13.9.4.3.

Første punktum seier at ved tinglysing av utdrag av rettsboka etter § 6-31 første ledd i sak etter kapittel 3 og 4, sikrast kostnad eller yting som jordskifteretten legg på ein part med panterett i matrikkeleininga til parten. Med «kostnad» meiner ein ei pengeyting. Med «yting» meiner ein dei tilfella der ein part i ei sak etter lovforslaget kapittel 3 er pålagt å delta i ei investering etter lovforslaget § 3-9 med eit bestemt arbeid. Med formuleringa «matrikkeleininga til parten» meiner ein den matrikkeleininga som har vore med i saka.

Andre punktum seier at verknaden av tinglysinga fell bort etter 10 år. Regelen er eit avvik frå reglane i pantelova om bortfall av tinglyst legalpanterett etter tre år, sjå pantelova § 6-3 første ledd.

Til kapittel 8 Rettsmiddel med vidare

Lovforslaget kapittel 8 gjeld rettsmiddel. Det erstattar kapittel 7 i gjeldande jordskiftelov. Kapitlet gjeld som tidlegare både anke og gjenopning. I tillegg er det vist til nokre reglar som gjeld prøving av skjønn som jordskifteretten har avgjort. Rettsmiddelordninga er drøfta i kapittel 14.

Kapitlet tek først opp ulike rettsmiddel og fastset kva for prosessreglar som gjeld. Dernest er det fastsett nokre reglar for anke og ankebehandlinga. Til slutt finn ein reglar for gjenopning.

Til § 8-1 Rettsmiddel og kva for prosessreglar som gjeld ved bruk av rettsmiddel

Paragrafen byggjer i nokon grad på innhaldet i §§ 61 og 63 tredje ledd.

Det går fram av første ledd at avgjerd teke av jordskifteretten kan prøvast med anke til lagmannsretten. Det er nytt at prøving av alle typar avgjerder går til lagmannsretten. Sjå drøftinga av dette endringsforslaget i kapittel 14.1. Etter gjeldande jordskiftelov § 61 er det berre anke over visse avgjerder som er nemnde i andre og tredje ledd som går til lagmannsretten. Andre avgjerder jordskifteretten gjer kan etter gjeldande jordskiftelov § 61 fjerde ledd ankast til jordskifteoverretten. Forslaget fører til at det ikkje lenger er nødvendig å vurdere om prøvinga skal skje i den eine eller den andre domstolen. Det går fram mellom anna av lovforslaget § 8-7 at samansetjinga av retten vil variere avhengig av kva kravet om prøving gjeld. I lovforslaget § 8-1 andre til femte ledd er det elles fastsett ulike prosessformer avhengig av kva kravet om prøving gjeld. Grunngivinga for endringsforslaga går fram av kapitla 14.1.3, 14.2.3 og 14.3.3.

Det går fram av føresegna at avgjerda «kan prøvast». Grunnlaget for prøvinga i ankeinstansen er det partane i ankesaka har anka over. Fordi alle ankesaker skal gå for lagmannsretten, er det inga avkorting i lova av den kompetansen lagmannsretten har. Innanfor det anken gjeld, må lagmannsretten såleis etter lovforslaget kunne bruke alle verkemidla i jordskiftelova.

Føresegna er knytt til avgjerdsforma som er nytta, ikkje til ein særskilt sakstype. Ein kan såleis sjå for seg at ulike partar eller partskonstellasjonar nyttar rettsmiddel, for eksempel anke eller overskjønn samtidig.

Ut over dette fører forslaget i § 8-1 første ledd til at det blir mogleg å få ei overprøving av heile jordskiftedelen i dei såkalla tiltaks- og vernejordskifta, saker der skjønn og jordskifte er kombinerte, sjå definisjonen av slike saker i lovforslaget § 1-3 b og c, og heimelen for å halde skjønn i lovforslaget § 5-1.

Det går fram av andre ledd at ved anke over dom, orskurd eller vedtak, gjeld reglane i tvistelova fullt ut. Dei ulike formene for avgjerd som er nemnde i paragrafen er definerte i lovforslaget § 6-23 første til fjerde ledd. Regelen i lovforslaget har fått ei generell utforming. Regelen gjeld såleis alle orskurder og vedtak, ikkje berre dei som går fram av gjeldande jordskiftelov § 61. Han fastset at prosessforma som er aktuell ved behandlinga i lagmannsretten går fram av tvistelova, ikkje jordskiftelova.

Når det går fram av lovforslaget at tvistelova gjeld «fullt ut», vil det seie at tvistelova gjeld utan atterhald.

I lovforslaget tredje ledd første punktum går det fram at reglane i jordskiftelova gjeld så langt dei høver ved behandlinga av jordskifteavgjerder for lagmannsretten. Departementet har grunn til å tru at det berre unntaksvis vil vere behov for å avvike frå reglane om saksbehandling i den nye jordskiftelova. Hovudregelen om samansetjinga av retten går fram av lovforslaget § 8-7 andre ledd første og andre punktum, og legg opp til ei samansetjing som liknar på samansetjinga i jordskifteretten; det skal vere ein jordskiftelagdommar saman med to eller fire oppnemnde jordskiftemeddommarar. Lagmannsretten må dessutan sikrast teknisk hjelp til å utføre reine jordskifteoppgåver som merking og måling med meir, jf. lovforslaget § 8-11 første ledd. Unntaka frå reglane om saksbehandling som regelmessig vil vere aktuelle er såleis ikkje knytt til at behandlinga skjer i lagmannsretten, men til at ein er i ein ankesituasjon.

I tredje ledd andre punktum går det fram at tvistelova elles gjeld slik det går fram av paragrafane i kapitlet.

Lovforslaget § 8-1 fjerde ledd er ny. Det går fram at reglane om saksbehandling i jordskiftelova skal gjelde ved anke over skjønn eller andre avgjerder som er teke i medhald av lovforslaget §§ 5-1 til 5-3, det vil seie kombinerte saker med både jordskifte og skjønn eller andre avgjerder. Føresegna gjeld anten kravet om prøving gjeld jordskifteavgjerda, skjønnet, eller begge delar.

Etter femte ledd skal skjønn eller andre avgjerder teke som eiga sak i medhald av lovforslaget §§ 5-4 til 5-6 prøvast ved krav om overskjønn til lagmannsretten, etter reglane i skjønnsprosesslova. Femte ledd er teke inn ut frå omsynet til å informere lesarane av lova. Overskjønn er ikkje eit rettsmiddel etter jordskiftelova, jf. omgrepet «anke» i lovforslaget § 8-1 første ledd. Innhaldet i lovforslaget § 8-1 femte ledd er om lag som gjeldande lov og praksis, men ordlyden er gjort meir generell enn gjeldande føresegner, og omfattar såleis noko meir.

Sjette ledd er ein ny regel. Regelen har samanheng med at alle avgjerder etter den nye lova skal behandlast i lagmannsretten, og byggjer på at denne behandlinga vil bli mest effektiv om dei ulike avgjerdene i den same saka blir behandla av dei same dommarane og nokolunde samstundes i tid. Føresegna gjeld avgjerder som er definerte i lovforslaget § 6-23. Skjønn som eiga sak, fell såleis utanfor.

Dei ulike avgjerdene må vere fastsette «i same sak». Kva som er same sak må ein sjå i lys av omgrepet «heile saka» som er brukt i lovforslaget § 8-2 første ledd. Det følgjer av lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav j, at tvistelova §§ 15-2 og 15-6 gjeld. Det vil for det første seie at fleire partar er saksøkte i ei sak anten frå starten av, eller undervegs i saka. I andre høve kan jordskifteretten ha fastsett at likearta spørsmål som skal behandlast med same samansetjing i retten og etter hovudsakleg dei same reglane om saksbehandling er samla til felles behandling og felles avgjerd. Eksempel på dette er fastsetjing av grense etter lovforslaget kapittel 4 og jordskiftesak etter lovforslaget kapittel 3. Dei to sakene er da avgjort i same sak.

Det må ankast «samtidig». Formuleringa er ikkje meint slik at dei ulike ankane må komme inn til retten på same dagen, men dei må vere innkomne innan ankefristen i lovforslaget § 8-3. Ein kan såleis tenkje seg at det er anka med nokre dagar eller vekers mellomrom.

Føresegna fastset at anken «kan» behandlast som ei sak. Det er såleis rom for å vurdere kva som er mest tenleg. Det går fram av andre punktum at vurderinga ligg til førstelagmannen som etter domstollova § 11 skal fordele sakene mellom dommarane ved domstolen. Avgjerda kan ikkje ankast. Sjå elles lovforslaget § 8-7 tredje ledd som fastset at førstelagmannen i høve som dette avgjer samansetjinga av retten.

Føresegna tek ikkje stilling til kva for prosessform behandlinga skal følgje. Ho opnar såleis for at prosessen følgjer prosessforma for det eller dei avgjerdene det er anka over, sjå omtale i samband med lovforslaget § 8-1 andre til fjerde ledd. Lagmannsretten må da etter omstenda, og på same vis som jordskifteretten, sjølv sameine fleire prosessformer i ei og same sak.

I sjuande ledd er det fastsett at avgjerd etter lova kan gjenopnast slik det går fram av lovforslaget § 8-14.

Til § 8-2 Når avgjerd kan ankast, og utsett iverksetjing av jordskiftet

Grunngivinga for endringane går fram av kapittel 14.5.3.

Etter lovforslaget § 8-2 første ledd kan anke berre brukast når jordskifteretten har avgjort heile saka. Sjå omtalen i «til § 8-1 sjette ledd» av kva som må reknast som ei sak. Regelen fastset tidspunktet for når ankemoglegheita oppstår. Regelen byggjer på praksis etter gjeldand jordskiftelov § 62 første ledd.

Jordskifteretten har avgjort heile saka når det er gitt slik underretning som fastsett i lovforslaget § 6-25 andre ledd. Det er der vist til at tvistelova § 19-5 skal gjelde tilsvarande så langt regelen høver. Dette inneber at avgjerder som avsluttar saka skal forkynnast for partane og eventuelle partshjelparar. Heller ikkje dette er nytt.

I andre ledd er det fastsett eit unntak slik at orskurd kan ankast straks han er forkynt eller avsagt overfor partane. Tidspunktet for forkynning eller avseiing blir da utgangspunktet for ankefrist etter lovforslaget § 8-3 jf. domstollova § 147. Innhaldet i omgrepet orskurd går fram av lovforslaget § 6-23 andre ledd.

Regelen byggjer på gjeldande jordskiftelov § 62 tredje ledd, men utvidar denne heimelen til å gjelde alle orskurdar.

Det er først når orskurden er forkynt eller avsagt at avgjerda kan ankast. Det går fram av tvistelova § 19-4 andre ledd at avgjerda er avsagt skriftleg når alle medlemmene i retten har underteikna avgjerda. Ein orskurd som avsluttar saka skal etter tvistelova § 19-5 forkynnast. I lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav n er det lagt til grunn at tvistelova kapittel 19 gjeld.

Tredje ledd i lovforslaget fastset òg unntak frå hovudregelen om at anke kan framsetjast når jordskifteretten har avgjort heile saka.

Jordskifteretten kan etter lovforslaget tredje ledd første punktum gjere vedtak om at det kan ankast før heile saka er avgjort. Føresegna legg til rette for at avgjerda etter ei konkret vurdering kan ankast før heile saka er avgjort. Det nye i lovforslaget er at opninga for å sette ei avgjerd til «førehands påanke» er gjort generell.

Avgjerda jordskifteretten tek, er eit vedtak, jf. lovforslaget § 6-23 tredje ledd. Vedtaket kan ankast dersom jordskifteretten med heimel i lovforslaget § 8-2 tredje ledd har fastsett dette.

I tredje ledd andre punktum er det gjort unntak frå første punktum. Unntaket gjeld dom som gjeld eigedom eller bruksrett for ein som ikkje er godkjent som eigar eller bruksrettshavar i jordskifteområdet. Slik avgjerd skal kunne ankast straks, og utan at jordskifteretten har gjort eige vedtak om det. Etter tredje ledd tredje punktum gjeld det same for nabo til jordskifteområdet. Dei to punktuma tilsvarer gjeldande lov § 62 andre ledd første punktum som både gjeld eigarar og bruksrettshavarar innan skiftefeltet, og grannar og bruksrettshavarar som grensar til skiftefeltet.

Regelen i lovforslaget § 8-2 tredje ledd andre og tredje punktum fører til at tidspunktet for at retten til å anke oppstår og ankefristen blir lik anten den som vil anke er «godkjent» som eigar eller bruksrettshavar, er del av jordskifteområdet eller høyrer til utanfor dette området (skiftefeltet). Det er såleis utan interesse å skilje mellom dei ulike gruppene som er nemnde. Føresetnaden er som tidlegare at vedkomande har vore part i den tvisten avgjerda gjeld, er blitt behandla som part i dommen, eller at dommen er bindande for han.

Tredje ledd fjerde punktum gjer tvistelova § 29-3 tredje ledd gjeldande for vedtak om å tillate anke før heile saka er avgjort. Det betyr at grunngivinga for ein anke over avgjerda etter tredje ledd første punktum anten kan vere at retten har bygd på ei generell feil forståing av kva for avgjerder retten kan treffe etter den føresegna som er brukt, eller på at avgjerda openbert er uforsvarleg eller urimeleg. Det er nytt i lovforslaget at dette går uttrykkeleg fram.

I fjerde ledd går det fram at om det er brukt rettsmiddel mot ei avgjerd, må iverksetjing av jordskiftesaka utsetjast til saka er rettskraftig avgjort. I lovforslaget er regelen gjort generell slik at jordskiftesaka må utsetjast òg ved anke over orskurd eller vedtak.

Når omgrepet rettsmiddel er nytta, gjeld regelen anten det er anka, kravd overskjønn eller sett fram krav om gjenopning.

Det ligg i omgrepet «iverksetjing» at den praktiske iverksetjinga av jordskifteavgjerda må setjast på vent når det er brukt rettsmiddel mot avgjerda.

«Saka» er «rettskraftig avgjort» når det ikkje lenger kan brukast rettsmiddel mot avgjerda.

I nokre høve er ikkje heile saka avgjort før det blir brukt rettsmiddel mot ei avgjerd. Jordskifteretten må i slike høve òg utsetje den vidare behandlinga av jordskiftesaka fram til spørsmålet det er anka over er rettskraftig avgjort. Gjeld den rettskraftige avgjerda av anken eit spørsmål som er sett til førehands påanke, kan jordskifteretten leggje avgjerda til grunn i det vidare arbeidet med jordskifteavgjerda.

I nokre saker der det er anka over ulike spørsmål, kan det tenkjast at dei ulike ankesakene blir rettskraftig avgjort til ulik tid. Eit eksempel på dette er der eit spørsmål er anka vidare til Høgsterett, medan eit anna er rettskraftig avgjort av lagmannsretten. Iverksetjing av jordskiftesaka må i slike tilfelle utsetjast til alle avgjerdene er rettskraftig avgjort.

Til § 8-3 Frist for anke

Det går fram av lovforslaget § 8-3 at fristen for å anke til vanleg er ein månad. Jordskiftelova følgjer elles reglane i tvistelova § 29-5. Det fører mellom anna til at det kan vere fastsett ein annan ankefrist i lov eller i visse høve av retten. Omgrepet «til vanleg» er nytta for å vise at dette er hovudregelen, og at dei andre reglane om frist følgjer tvistelova. Tilvisinga til tvistelova § 29-5 fører mellom anna til at ankefristen byrjar ved forkynning eller underretning. I lovforslaget går reglane om avseiing og underretning, til dette reglar om forkynning, fram av lovforslaget § 6-25 som blant anna viser til tvistelova §§ 19-4 og 19-5.

Grunngivinga for endringane går fram av kapittel 14.6.3.

Til § 8-4 Avkall på rett til å anke

Det går fram av første punktum at tvistelova § 29-6 gjeld den retten partane har til å seie frå seg moglegheita til å anke. Regelen svarar til gjeldande jordskiftelov § 97 første ledd a. Tvistelova § 29-6 gjer eit skilje mellom avkall på anke før avgjerda skjer, og avkall på anke etter at det er fatta ei avgjerd. I det første tilfellet, kan ein part berre gi avkall på anke om avkallet er gjensidig.

Andre punktum seier at avkall på ankerett kan gjelde alle avgjerder tekne etter reglane i jordskiftelova. Andre punktum fører vidare innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 97 bokstav a som viser til tvistelova på dette punktet.

Grunngivinga for endringane går fram av kapittel 14.6.3.

Til § 8-5 Ankefråsegna

Kravet til innhald i ankefråsegna går fram av lovforslaget § 8-5. Grunngivinga for endringsforslaga går fram av kapittel 14.6.3.

I første ledd går det fram at ankefråsegna skal fylle krava i tvistelova § 29-9 dersom anke gjeld dom, orskurd eller vedtak.

I tvistelova § 29-9 er det lagt til grunn at anke kan vere skriftleg eller munnleg, og det går fram av tredje ledd at ankefråsegna skal nemne ei rekkje tilhøve, for eksempel kven som er partar med vidare, kva for avgjerd som det er anka over, om anken gjeld heile avgjerda eller berre deler av henne. Det er lagt til grunn i fjerde ledd at ankefråsegna skal gi grunnlag for ei forsvarleg behandling av saka både for partane og for retten.

Anke over jordskifteavgjerd skal òg etter andre ledd første punktum i lovforslaget setjast fram anten skriftleg eller munnleg etter reglane i tvistelova § 12-1 for den jordskifteretten som har hatt saka. Med dei justeringane som trengst fordi jordskifteavgjerd ikkje er ei avgjerdsform som finst i tvistelova, er regelen identisk med tvistelova § 29-9 andre ledd.

I andre ledd andre punktum går det ut over dette fram kva for tilhøve som skal vere opplyst i ankefråsegna når anken gjeld ei jordskifteavgjerd. Opprekninga av dei tilhøva som må nemnast er ikkje så omfattande som vilkåra i tvistelova § 29-9 tredje ledd. I lovforslaget er det fastsett at namnet på ankedomstolen skal nemnast. Det går òg fram at saksnummeret på saka og kva for avgjerd anken gjeld, skal nemnast. Ut over dette skal det i anken opplysast om anken gjeld heile avgjerda eller visse delar av henne, og det skal opplysast om ankegrunnane som skal opplysa kvifor ein ankar og kva ein vil med anken.

Tvistelova § 29-9 fjerde ledd der det står at ankefråsegna skal gi grunnlag for ei forsvarleg behandling av saka for partane og for retten er ikkje gjort direkte gjeldande ved anke over jordskifteavgjerd. Det følgjer likevel av lovforslaget § 8-1 tredje ledd at lovforslaget kapittel 6 gjeld for anke så langt reglane passar. Det er lagt til grunn for lovforslaget § 6-2 tredje ledd at krav om sak skal vere utforma slik at det gir grunnlag for ei forsvarleg behandling av saka, og at innhaldet må vere slik at dei andre partane kan ta stilling til kravet og førebu saka. Ut over dette må kravet gi retten grunnlag for å vurdere om han kan behandle saka. Dette er generelle krav som må gjelde tilsvarande ved anke over jordskifteavgjerd.

I tredje ledd er det ein ny regel om anke som gjeld jordskifteavgjerd. Der det ikkje ligg føre særlege grunnar, skal alle som var partar i jordskiftesaka òg bli partar i ankesaka. Den avsluttande jordskifteløysinga er ei løysing som gjeld for alle partane i jordskiftesaka. Sjølv om anken berre gjeld ein del av jordskiftet, kan ei endring som følgje av anken forplante seg til andre delar av jordskiftet, og få følgjer for andre eller alle partar. Regelen sikrar deira interesser. Omsynet til desse partane må avvegast mot omsynet til prosessøkonomi, og omgrepet «særlege grunnar» må tolkast i lys av denne avveginga. Særlege grunnar som kan føre til at ikkje alle partar i jordskiftesaka blir dregne med i ankesaka kan vere at det er anka over ein liten del av avgjerda, samstundes som dei aktuelle endringane som kan skje som følgje av anken berre vil føre til endringar mellom nokre av partane. Dei særlege grunnane må gå klart fram på eit tidleg tidspunkt i ankesaka.

Til § 8-6 Saksførebuing i jordskifteretten

Paragrafen gjeld jordskifteretten si saksførebuing. Grunngivinga av forslaga går fram av kapittel 14.7.3.

Det går fram av første ledd at jordskifteretten skal førebu behandlinga av anke som gjeld dom, orskurd eller vedtak. Ein tilsvarande regel gjeld etter jordskiftelova § 63 andre ledd første punktum der det heiter at anke skal givast inn til den jordskifteretten som har teke den avgjerda anken gjeld.

Det går òg fram av første ledd at førebuinga skal følgje tvistelova § 29-10. Jordskifteretten skal da sjå til at det ikkje er manglar ved anken. Om dette er tilfelle, eller om fristen for anke er ute, skal jordskifteretten gi den ankande parten moglegheit for å avhjelpe feilen. Jordskifteretten kan ikkje sjølv avvise anken, eller gi oppfrisking for fristoversitjing. Kompetansen til å gjere dette ligg til lagmannsretten. Jordskifteretten sørgjer for forkynning av ankefråsegna for partane i saka og fastset frist for merknader frå dei andre partane i saka. Når førebuinga er gjennomført, skal saka sendast til lagmannsretten.

Lovforslaget er ordlydsmessig ei endring i høve til gjeldande jordskiftelov § 63 andre ledd andre punktum der det berre er fastsett at jordskiftedommaren snarast råd skal gjere alle interesserte partar kjende med anken. Tvistelova § 29-10 første ledd er likevel gjort gjeldande i jordskiftelova så langt det høver, sjå gjeldande jordskiftelov § 97 første ledd a. Jordskifteretten har såleis òg etter gjeldande rett og i alle saker plikt til å sjå til at det ikkje er manglar ved anken. I tillegg gjeld reglane i tvistelova så langt dei høver for avgjerder som etter gjeldande rett går til lagmannsretten, sjå gjeldande jordskiftelov § 63 tredje ledd. Dette fører til at òg tvistelova § 29-10 andre og tredje ledd gjeld i saker som gjeld dom, orskurd eller vedtak. Alt i alt fører endringa i ordlyd såleis ikkje til endring i innhaldet i regelen.

Andre ledd gjeld førebuing i jordskifteretten av anke over jordskifteavgjerd. I slike høve skal jordskifteretten etter andre ledd første punktum òg sjå til at det ikkje er manglar ved anken, eller at fristen har gått ut. Om jordskifteretten ser at det ligg føre manglar eller oversitjing av frist, skal jordskifteretten gi partane høve til å rette feilen i samsvar med reglane i tvistelova §§ 16-5 og 16-6. Regelen svarar til regelen for dom med vidare. Han svarar òg til slik regelen er i gjeldande jordskiftelov, sjå gjeldande jordskiftelov § 97 første ledd a som gjer at tvistelova § 29-10 første ledd gjeld så langt det høver.

I andre ledd andre punktum leggjast det til grunn at avgjerd om avvising med vidare på same måten som for dom med vidare skal treffast av lagmannsretten etter tvistelova § 29-10. Denne regelen er òg i samsvar med gjeldande jordskiftelov § 97 første ledd a.

Tredje ledd første punktum seier at ein anke snarast råd skal forkynnast for dei partane det gjeld (sjå òg lovforslaget § 6-22 om avseiing og underretning om avgjerd), og at det skal setjast ein frist for å uttale seg om anken. Føresegna om forkynning svarar til regelen i gjeldande jordskiftelov § 63 andre ledd. Omgrepet «snarast råd» er òg nytta i gjeldande jordskiftelov. Som følgje av lovforslaget § 8-5 tredje ledd vil dei partane ankesaka gjeld normalt vere alle partane i jordskiftesaka. Føresegna om at det skal setjast ein frist er ikkje lovfesta i gjeldande reglar.

Tredje ledd andre punktum seier at saka utan opphald skal sendast til lagmannsretten når fristen for uttale er ute. Sjølv om regelen er ny, har dette vore praksis òg etter gjeldande jordskiftelov.

Til § 8-7 Samansetjinga av lagmannsretten

Paragrafen gjeld samansetjinga av lagmannsretten ved behandling av anke over ulike avgjerder. Reglane i paragrafen er nye. Grunngivinga for forslaga til samansetjing av langmannsretten går fram av kapittel 14.4.3. Samansetjinga både av fagdommarar og meddommarar vil kunne variere avhengig av kva for avgjerd som det er anka over. Paragrafen må sjåast i samanheng med domstollova § 12 og dei endringane som er foreslått der.

Første ledd seier at prøving av dom, orskurd eller vedtak skal behandlast av ein lagmannsrett sett saman etter reglane i domstollova § 12. Utgangspunktet er da ei samansetjing med tre juridiske dommarar. Som følgje av lovforslaget § 9-7 nr. 2 § 12 nytt andre ledd første punktum kan likevel førstelagmannen bestemme at ein av dei tre juridiske dommarane skal vere jordskiftelagdommar. Avgjerda til førstelagmannen om dette kan ikkje ankast.

Føresegna gjeld dom, orskurd eller vedtak, jf. lovforslaget § 6-23 første til tredje ledd. Det følgjer av lovforslaget § 6-23 femte ledd at det ikkje har betyding for overprøvinga om avgjerda i jordskifteretten ikkje er teken i rett form. Ved anke skal ein følgje dei reglane som gjeld for den avgjerdsforma som retten skulle ha brukt.

Andre ledd gjeld prøving av jordskifteavgjerd, jf. lovforslaget § 6-23 fjerde ledd. I slike høve er hovudregelen i andre ledd første punktum at lagmannsretten skal setjast saman av ein jordskiftelagdommar, definert i lovforslaget § 9-7 nr. 1 domstollova § 54 andre ledd, og av to oppnemnde jordskiftemeddommarar frå det utvalet som er nemnt i § 2-5 i lovforslaget.

Det er foreslått to unntak frå denne hovudregelen. Begge unntaka gir førstelagmannen kompetanse til å fastsetje ei anna samansetjing av retten. Det første unntaket er gitt i andre ledd andre punktum. Dersom ein part krev det, kan førstelagmannen fastsetje at retten skal ha fleire meddommarar. I slike høve skal talet på meddommarar vere fire. Dette kan for eksempel vere praktisk i større saker der det kan vere vanskeleg å fastsetje verdien for arealet på eigedommane som går inn i skiftet. Det kan òg vere aktuelt i saker der jordskifteretten var sett saman av ein jordskiftedommar og to meddommarar, sjå lovforslaget § 2-6 andre ledd som opnar for ei slik samansetjing. Det andre unntaket er gitt i andre ledd tredje punktum. Førstelagmannen kan som eit alternativ fastsetje at lagmannsretten skal setjast med ein jordskiftelagdommar, ein lagdommar og ein eller tre oppnemnde jordskiftemeddommarar. Reglane om kven som kan vere jordskiftelagdommar og lagdommar går fram av domstollova § 54. Reglane om jordskiftemeddommarar går fram av lovforslaget § 2-5. Ei samansetjing som dette kan for eksempel vere aktuell dersom det etter skjønnet til førstelagmannen eller ut frå den vurderinga førstelagmannen har av dei aktuelle dommarane ved domstolen krevst større breidde i fagkompetansen eller meddommarkompetansen for å løyse saka på ein god måte.

Lovforslaget § 8-7 tredje ledd er ein ny regel som gjeld anke som gjeld ulike avgjerder i same sak, og der behandlinga av saka etter § 8-1 er samla i ei sak for lagmannsretten. I slike høve fastset òg førstelagmannen samansetjinga av retten, men jordskiftelagdommaren skal alltid delta ved behandlinga av ein anke over jordskifteavgjerd.

Det går fram av fjerde ledd at det òg vil vere opp til førstelagmannen å fastsetje kven som skal vere saksførebuande dommar og leiar av retten. Følgjer samansetjinga hovudregelen i andre ledd første eller andre punktum, vil jordskiftelagdommaren automatisk ha slike roller ved anke over jordskifteavgjerd. Gjeld anken jordskifteavgjerd som omtalt i andre ledd tredje punktum har førstelagmannen eit val slik at ein annan dommar kan bli saksførebuande dommar og/eller leiar av retten. Òg ved andre avgjerder som anke over dom, orskurd eller vedtak kan førstelagmannen etter lovforslaget § 9-7 nr. 1 domstollova § 12 andre ledd fastsetje at ein av dei tre dommarane skal vere jordskiftelagdommar. I slike høve kan førstelagmannen dessutan velje om jordskiftelagdommeren skal ha anten saksførebuande rolle, vere leiar av retten, eller begge delar.

Femte ledd seier at avgjerdene førstelagmannen tek etter lovforslaget § 8-7 ikkje kan ankast. Dersom ein eller fleire partar meiner avgjerda er feil, må dette takast opp som ein eventuell ankegrunn når ankesaka er avgjort.

Til § 8-8 Nekting eller avvising av anken

Grunngivinga for forslaget til føresegn om nekting eller avvising av anken går fram av kapittel 14.8.3.

Paragrafen gjeld den kompetansen lagmannsretten har til å nekte eller avvise anken. Det går fram av første ledd at anken kan avvisast, ankesaka kan hevast og ei anka avgjerd kan opphevast under saksførebuinga i lagmannsretten etter tvistelova § 29-12 første ledd. Lagmannsretten kan såleis avvise ein anke dersom det ligg føre feil som må føre til avvising, heve ei sak eller delar av henne fordi ho ikkje høyrer under domstolane eller er rettskraftig avgjort. Lagmannsretten kan dessutan oppheve ei avgjerd som er anka dersom det ligg føre feil som utan vidare skal tilleggjast verknad, jf. tvistelova § 29-21 andre ledd.

Andre ledd seier at tvistelova § 29-13 gjeld ved anke over dom. Den same løysinga går fram av gjeldande jordskiftelov § 63 tredje ledd. Kravet til samtykke i tvistelova § 29-13 inneber at anke ikkje kan fremjast utan samtykke frå lagmannsretten dersom verdien av ankegjenstanden er lågare enn 125.000,- kroner. Ved vurderinga av om lagmannsretten skal gi samtykke, skal det mellom anna takast omsyn til karakteren saka har, behovet partane har for overprøving og om det synest vere manglar ved avgjerda som er anka eller behandlinga av saka. Lagmannsretten kan nekte å fremje anken når retten finn det klart at anken ikkje vil føre fram. Slik nekting kan avgrensast til nokre krav eller ankegrunnar. Sjølv om saka ikkje blei nekta fremja før ankebehandlinga fordi verdien av ankegjenstanden var over 125.000,- kroner, kan nekting skje etter at saka er starta opp dersom det viser seg at verdien er lågare enn denne summen. Lagmannsretten pliktar å gi varsel på førehand om at retten vurderer å nekte å fremje anken.

Det går fram av tredje ledd første punktum at lagmannsretten kan nekte å ta anken opp til behandling dersom retten finn det klart at ein anke over jordskifteavgjerd ikkje vil føre fram. Tredje ledd andre punktum seier at i slike høve gjeld tvistelova § 29-13 andre ledd. Det inneber at ei nekting kan avgrensast til enkelte krav eller ankegrunnar. Det betyr òg at vurderinga av om det er klart at anken ikkje vil føre fram er den same som etter tvistelova. Det vil seie at vilkåret for å nekte skal tolkast strengt. Det må vere ein høg grad av sikkerheit for at resultatet ville blitt ståande etter ei eventuell full ankeprøving. Det er ikkje noko krav om at lagmannsretten skal vere samd i den avgjerda jordskifteretten har gjort. Det er nok at retten finn det klart at resultatet må bli ståande.

Føresegna om at retten kan nekte behandling av ein anke over jordskifteavgjerd er ny. Regelen har likevel ein viss parallell i gjeldande jordskiftelov § 67 andre ledd andre punktum der det mellom anna er fastsett at om det viser seg at anken er grunnlaus, skal jordskiftet stadfestast. Etter denne regelen må jordskifteoverretten behandle saka, men avgjerda i jordskifteretten skal stadfestast. Etter regelen i lovforslaget kan retten nekte å ta saka til behandling ved å forkaste anken.

Fjerde ledd seier at det er den saksførebuande dommaren som skal ta avgjerd om å nekte å ta anken opp til behandling etter tredje ledd. Regelen er ei følgje av tredje ledd. Det er òg lagt til grunn i fjerde ledd at partane på same måten som etter tvistelova, skal få høve til å uttale seg på førehand om nektinga.

Til § 8-9 Tilbakekalling av anke, nye fristar

Grunngivinga for forslaget til føresegn om tilbakekalling av anke og nye fristar i kapittel 14.6.3.5.

Det går fram av første ledd at tvistelova § 29-19 gjeld ved tilbakekalling av anke. Regelen i tvistelova gir den som har anka rett til å trekkje anken tilbake fram til ankeforhandlinga har begynt. Om motparten er samd i det, eller dersom saka fullt ut skal behandlast skriftleg, kan anken trekkjast tilbake fram til kravet er avgjort. Blir ein anke trekt tilbake, er dette til hinder for ny anke.

Regelen i første ledd gjeld etter gjeldande lov for anke over dom med vidare som går til lagmannsretten. Det er nytt ved lovforslaget regelen vil gjelde anke over jordskifteavgjerd. I høve til jordskifteavgjerd tilsvarer regelen eit stykke på veg gjeldande jordskiftelov § 68 første ledd. Der er det lagt til grunn at anke til jordskifteoverrett kan kallast tilbake når det gjeld ankepost som ikkje er avgjort. Er ankeposten avgjort, kan anken kallast tilbake om alle som saka gjeld er samde i det. For saker som etter gjeldande rett går til jordskifteoverretten, er regelen i lovforslaget ei innstramming i tidsrommet som ein anke kan trekkjast tilbake.

Etter andre ledd skal lagmannsretten endre fristar for iverksetjing etter § 3-36 om anken blir kalla tilbake etter at ankefristen er ute, og dersom retten finn at endring trengst. Føresegnene i andre ledd får noko å seie ved jordskifteavgjerd, og fører vidare regelen i gjeldande jordskiftelov § 68 andre ledd første og andre punktum som gir heimel for å endre fristar.

Til § 8-10 Prøving av jordskifteavgjerd

Grunngivinga for forslaget til føresegn om prøvinga av jordskifteavgjerd går fram av kapittel 14.9.3 og 14.11.3.

I lovforslaget § 8-10 er det lagt opp til nye ord og uttrykk slik at terminologien er tilpassa at lagmannsretten er ankeinstans.

Det går fram av første ledd at lagmannsretten kan prøve alle sider av jordskifteavgjerda.

Det går fram av andre ledd at om anke over jordskifteavgjerd ikkje fører til endring, skal anken forkastast etter tvistelova § 29-23 andre ledd. I tvistelova § 29-23 andre ledd er det fastsett at lagmannsretten skal forkaste anken om retten finn at han ikkje kan føre fram. Regelen gjeld uansett kva for ankegrunnar som det er vist til. Regelen er ei endring i høve til gjeldande jordskiftelov § 67 andre ledd andre punktum der det er fastsett at om anken berre kan føre til endring som det etter måten ikkje kan leggjast nemnande vekt på, skal jordskiftet stadfestast.

Etter tredje ledd skal lagmannsretten, om anke over jordskifteavgjerd fører til (nemnande) endring, ta ei ny jordskifteavgjerd eller oppheve avgjerda etter tvistelova §§ 29-23 tredje ledd og 29-24. Det ligg i tilvisingane at lagmannsretten ved opphevinga kan bestemme at den vidare behandlinga av saka skal skje for ein annan domstol eller med andre dommarar. Om grunnen til oppheving fører til at det ikkje er mogleg å fortsetje behandlinga av saka, skal ho avvisast. Når saka er oppheva, skal ho sendast til den domstolen som skal behandle saka vidare. Retten skal av eige tiltak sørgje for behandlinga. Ved behandlinga skal jordskifteretten følgje den rettsoppfatninga som ligg til grunn for opphevinga frå lagmannsretten.

Blir avgjerda oppheva, går saka tilbake til jordskifteretten for behandling, sjå tvistelova §§ 29-23 og 29-24. Jordskifteretten må da kalle inn til ny behandling. Fristen på to veker etter lovforslaget § 6-10 vil da gjelde. Dette er ei endring i høve til gjeldande jordskiftelov § 65 andre ledd der fristen er på tre veker.

Fjerde ledd gjeld når lagmannsretten skal treffe ny jordskifteavgjerd. I slike tilfelle kan lagmannsretten trekkje inn òg dei delane av jordskifteavgjerda frå jordskifteretten som det ikkje er anka over. Føresegna opnar for at lagmannsretten kan ta til behandling tilhøve som ikkje er påanka. Lagmannsretten kan i slike høve, gå så langt som det er nødvendig for å fylle vilkåra i lovforslaget §§ 3-18 og 3-19, som slår fast at ingen part skal li tap ved jordskifteløysinga, og at jordskifteløysinga heller ikkje skal redusere verdien av eigedommen for nokon som har panterett eller bruksrett til han. Vurderinga er såleis knytt til tapsgarantien i lovforslaget, ikkje til det resultatet parten har oppnådd i jordskifteretten.

Moglegheita til å utvide saka og tilhøvet til garantien ein har mot tap etter jordskiftelova er ikkje ny, sjølv om ordlyden i lovforslaget er ein annan enn i gjeldande lov. Sjå gjeldande jordskiftelov § 67 andre ledd femte og sjette punktum som gir jordskifteoverretten kompetanse til å granske jordskiftet så langt retten finn det nødvendig. I gjeldande lov er det òg lagt til grunn at ei endring i jordskiftet som dette kan føre til, kan gjennomførast sjølv om ankeparten i det heile ikkje blir så godt faren som han var etter jordskiftet. Slik lovforslaget er utforma vil lagmannsretten ha den same kompetansen til å utvide saka som jordskifteretten har i dag. Lagmannsretten kan for eksempel ta opp heile jordskiftet til behandling dersom retten finn det nødvendig for å fylle vilkåret om ikkje-tap, sjå blant anna Borgarting lagmannsrett i dom 8. september 1998.

Det følgjer av femte ledd at om det kjem opp tvist om grenser, eigedomsrett, rettar eller anna som jordskifteretten ikkje har avgjort endeleg, kan lagmannsretten avgjere tvisten om det trengst av omsyn til jordskiftet. Regelen svarar til gjeldande jordskiftelov § 70 første ledd. Tvisten er avgjort endeleg dersom jordskifteretten har sett dommen til førehands påanke, og ankefristen er ute, eller om lagmannsretten har behandla anken.

Etter gjeldande lov ankast slike tvistar til lagmannsretten medan jordskifteavgjerda ankast til jordskifteoverretten. Gjeldande jordskiftelov har samstundes ein regel i § 70 første ledd som tek sikte på å dekkje nokolunde det same innhaldet som føresegna i lovforslaget. Etter denne regelen skal jordskifteoverretten avgjere tvisten om det trengst av omsyn til jordskiftet dersom slik tvist ikkje er avgjort av jordskifteretten ved dom eller der tvisten heller ikkje er endeleg avgjort på annan måte.

Sjette ledd er nytt. Der seiast det at tvistelova § 29-3 andre ledd gjeld for ei avgjerd om å vise ei sak tilbake til jordskifteretten. Det følgjer av dette at avgjerda berre kan angripast på det grunnlaget at avgjerda er uforsvarleg eller klart urimeleg. Med angripast meinast både anke og at orskurden blir nytta som ankegrunn ved anke over ein seinare dom eller ei orskurd. Ei avgjerd om å vise ei sak tilbake til jordskifteretten er å rekne som ei saksbehandlingsavgjerd, og avgjerda skal byggje på kva som er tenleg og forsvarleg. At avgjerda etter tvistelova må vere uforsvarleg eller klart urimeleg, fører ikkje til eit krav om at urimelegheita er sterk eller openberr. På den andre sida er det ikkje nok at avgjerda i lagmannsretten er lite rimeleg eller mindre rimeleg enn eit anna utfall.

Til § 8-11 Hjelp til teknisk arbeid

Grunngivinga for forslaget til føresegn om hjelp til teknisk arbeid går fram av kapittel 14.10.3.

Etter første ledd pliktar jordskifteretten å gi teknisk hjelp til lagmannsretten dersom lagmannsretten ber om det. Føresegna er ny, og har bakgrunn i at jordskifteretten og lagmannsretten er to ulike organisasjonar. Lagmannsretten skal etter lovforslaget § 9-7 nr. 1 domstollova ny§ 62 a, ha jordskifteteknisk personale. Føresegna vil etter dette ikkje vere aktuell å bruke i alle saker. Slik assistanse er særleg aktuell når det er mogleg å bruke lokal teknisk hjelp, og dette reduserer kostnadene, for eksempel reiseutgifter.

Det er den jordskifteretten som har avgjort saka i første instans som har ei slik plikt. Med teknisk hjelp er meint hjelp til merking, måling og andre tekniske oppgåver. Lagmannsretten kan be om hjelp som ein del av saksførebuinga, men kan òg ta dette opp på eit seinare tidspunkt.

Etter gjeldande jordskiftelov § 69 andre ledd har jordskiftedommaren som har styrt jordskiftet plikt til å møte ved overjordskifte og stå til teneste om jordskifteretten finn det nødvendig. Denne plikta er av eit anna slag enn plikta etter lovforslaget til å gi teknisk hjelp.

I andre ledd går det fram at lagmannsretten kan bestemme at jordskifteretten skal merke av dei nye grensene som følgje av ankebehandlinga. Det følgjer av lovforslaget § 8-10 tredje ledd at lagmannsretten kan bestemme at jordskifteretten skal behandle saka vidare. Denne føresegna gjeld realitetsbehandlinga. Der lovforslaget § 8-11 andre ledd blir aktuell, er realiteten i saka avgjort, men merking med vidare står att. Dette kan lagmannsretten òg overlate til jordskifteretten.

Til § 8-12 Frist for å setje i verk jordskiftet

Grunngivinga for forslaget til føresegn om frist for å setje i verk jordskiftet går fram av kapittel 14.12.3.

Lagmannsretten vil som ein del av den endelege jordskifteavgjerda, og med heimel i første punktum, ha kompetanse til å fastsetje nye fristar for å setje jordskiftet i verk. Denne kompetansen har lagmannsretten allereie etter lovforslaget § 3-36 jf. § 6-27, fordi det er fastsett i lovforslaget § 8-1 tredje ledd at reglane i lova gjeld ved anke over jordskifteavgjerd.

Om det ikkje er gitt ein ny frist i ankeavgjerda, og ein part krev det, går det fram av lovforslaget § 8-12 andre punktum at førstelagmannen kan gi nye fristar.

Kompetansen til å gi fristar følgjer av gjeldande jordskiftelov §§ 59 og 66.

Til § 8-13 Anke til Høgsterett

Grunngivinga for forslaget til føresegn om anke til Høgsterett går fram av kapittel 14.13.3.

Av denne paragrafen går det fram at Høgsterett er ankeinstans for avgjerder som er tekne av lagmannsretten etter ny jordskiftelov. I slike høve gjeld tvistelova kapittel 29 eller 30. Gjeld avgjerda i lagmannsretten anke over jordskifteavgjerd eller slik avgjerd i kombinasjon med krav om overskjønn, kan avgjerda berre ankast på grunnlag av feil rettsbruk eller feil ved saksbehandlinga. Regelen er ny, og ho er ei følgje av at lagmannsretten blir einaste ankeinstans.

Til § 8-14 Gjenopning

Grunngivinga for forslaga til føresegner om gjenopning går fram av kapittel 14.14.3.

Etter denne paragrafen kan ei sak som er avgjort etter jordskiftelova gjenopnast. Rettsmidlet gjeld sak som er «rettskraftig avgjort» slik dette er formulert i tvistelova § 19-14. Gjenopninga er eit ekstraordinært rettsmiddel, og det er subsidiært i høve til rettsmiddel som anke og oppfrisking.

Det går fram av paragrafen at vilkåra for gjenopning av sak etter ny jordskiftelov følgjer reglane i tvistelova kapittel 31. Heimelen for gjenopning er etter gjeldande lov § 73 første ledd som på same vis viser til tvistelova kapittel 31. Det fører mellom anna til at gjenopning ikkje kan krevjast for avgjerder som gjeld midlertidig, for eksempel der retten har gitt reglar for bruken av jordskifteområdet medan jordskiftet pågår, sjå lovforslaget § 3-34. Avgjerd om å nekte anke og orskurd om å nekte oppfrisking kan berre gjenopnast på grunnlag av slike feil ved rettargongen som er nemnde i tvistelova § 31-3.

Til § 8-15 Særleg vilkår ved gjenopning av jordskifteavgjerd

Vilkåra for å gjenopne jordskifteavgjerd følgjer hovudregelen i tvistelova kapittel 31. I tillegg til dette går det fram av første ledd at jordskifteavgjerd kan gjenopnast dersom føresetnadene som er lagt til grunn for avgjerda endrast på ein slik måte at avgjerande tiltak i jordskifteløysinga ikkje kan gjennomførast, og det er tvillaust at garantien mot å li tap etter lovforslaget §§ 3-18 og 3-19 ikkje er oppfylt for ein eller fleire. Eksempel på at føresetnadene er endra vil vere dersom kommunen eller andre planmyndigheiter endrar ein kommuneplan på ein slik måte at tiltaket ikkje kan realiserast lenger. Ei slik endring etter at jordskiftet er rettskraftig, kan lett føre til at ein eller fleire partar kjem ut av skiftet med tap og at resultatet derfor er i strid med lovforslaget §§ 3-18 og 3-19. Det er eit vilkår at «avgjerande tiltak» ikkje kan gjennomførast. Eksempel på dette er bygging av veg, tørrlegging før nydyrking og liknande. Det må vere «tvillaust» at garantien mot å li tap ikkje er oppfylt.

Spørsmålet om gjenopning må sjåast i lys av at ei jordskifteavgjerd kan takast opp att når det er gått 10 år. Sjå gjeldande lov § 4 og lovforslaget § 3-37 Sperretid for nytt jordskifte. Ved ei slik sak vil ein òg kunne sjå på utviklinga som i tid har funne stad etter at saka var oppe. Dette skil ei sak etter lovforslaget § 3-37 frå ei sak etter lovforslaget § 8-15.

Spørsmålet om gjenopning har samanheng med dei fristane som retten har sett for iverksetjing av jordskiftet, sjå lovforslaget § 3-36 som gjeld slike fristar (gjeldande jordskiftelov § 59). Det går fram av lovforslaget § 8-15 andre ledd at det ikkje kan krevjast gjenopning etter første ledd dersom fristen for å iverksetje tiltaket er ute.

Til § 8-16 Nærare om behandlinga av sak om gjenopning

Det går fram av første ledd at krav om gjenopning av ei sak som er avgjort av jordskifteretten skal rettast til ein jordskifterett med jordskiftesokn som grenser til domstolen som har teke avgjerda. Føresegna er i samsvar med løysinga i tvistelova § 31-1 tredje ledd. Gjeld kravet gjenopning for lagmannsretten følgjer løysinga direkte av tvistelova § 31-1 tredje ledd. Den som krev gjenopning vel sjølv kva for sideordna domstol kravet skal rettast til. Om dette valet ikkje viser seg tenleg, kan dei alminnelege reglane i domstollova § 38 gi moglegheit til å overføre saka til ein annan domstol, jf. lovforslaget § 2-2der det er lagt til grunn at domstollova gjeld om ikkje anna er fastsett.

I andre ledd er oppgåvene for gjenopningsdomstolen nemnde. Gjenopningsdomstolen skal gjere dei endringane som trengst for å rette opp mishøvet. Gjeld endringa grenser eller liknande der kostnadene ikkje vil stå i rimeleg høve til det ein oppnår, kan endringar gjerast opp heilt eller delvis i pengar, skog eller andre verdiar. Innhaldet i andre ledd er i samsvar med gjeldande jordskiftelov § 73 tredje ledd andre og tredje punktum.

Tredje ledd fastset at reglane i tvistelova kapittel 31 skal gjelde så langt dei høver. Dette gjeld frist for krav om gjenopning, utforminga av kravet om gjenopning, og behandlinga i retten.

Til kapittel 9 Ymse føresegner

Reglane i dette kapitlet er behandla i kapittel 15 i proposisjonen.

Til § 9-1 Utbetaling av pengevederlag

Paragrafen erstattar gjeldande jordskiftelov § 90.

Paragrafen har reglar om utbetaling av pengevederlag til eigaren av ein pantsett eigedom, og om deponering. For å sikre panthavarar mot at eigaren skal bruke opp pengane slik at sikkerheita til panthavaren blir redusert, er det i jordskiftelova § 90 første ledd sett eit forbod mot å betale ut eit pengevederlag til eigaren utan at rettshavarane samtykkjer. Regelen blir ført vidare i første ledd. Regelen har samanheng med at eit jordskifte er bindande for alle som har rettar i dei eigedommane som er underlagt jordskifte, òg panthavarar og andre med sikkerheit i eigedommane.

Etter andre ledd gjeld reglane i lov 17. februar 1939 om deponering i gjeldshøve, tilsvarande for deponering av pengevederlag som ikkje kan utbetalast etter første ledd. Deponeringa skal da skje i Noregs Bank, og ikkje hos politimeistaren, slik det er etter gjeldande lov.

Til § 9-2 Skyldnader knytte til eigedom som er med i jordskifte

Paragrafen erstattar gjeldande lov 92 første ledd.

Paragrafen omhandlar skyldnader knytt til eigedom som er med i jordskifte. Første og andre punktum avløyser og er innhaldsmessig likelydande med gjeldande jordskiftelov § 92 første ledd første og andre punktum. Regelen gjeld dei tilfella der ein eigedom er pålagt plikter eller grunnbyrder av ulike slag, gjerne knytt til avgrensa delar av eigedommen. Blir eit grunnstykke overført til ein annan eigedom, skal pliktene følgje med så langt det lar seg gjere utan avgjerande ulempe for det som er formålet med jordskiftet. Pliktene blir fjerna frå den eine eigedommen, og tinglyst på den nye tenande eigedommen.

Til § 9-3 Meldeplikt etter kulturminnelova

Paragrafen erstattar gjeldande jordskiftelov § 92 andre ledd.

Etter lov 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminner, skal offentlege organ som kjem i berøring med tiltak som fell inn under lova, melde frå til vedkommande kulturminnemyndigheit, jf. kulturminnelova § 25. Denne plikta skal òg gjelde for jordskifterettane, for tiltak som blir planlagd eller sett i verk i samband med jordskifte. Meldeplikta gjeld for jordskifterettane «ved sida av eigar og brukar». Dette inneber at eigar og brukar òg har ei meldeplikt sjølv om saka er under jordskifte, sjå kulturminnelova § 8. Paragrafen fører vidare regelen i gjeldande lov.

Til § 9-4 Fordeling av skogfond

Paragrafen omhandlar den myndigheit jordskifteretten skal ha i høve til fordeling av skogfondsmidlar i eit jordskifte. Paragrafen avløyser gjeldande jordskiftelov § 93, som gir jordskifteretten myndigheit til å ta avgjerder etter lov 27. mai 2005 nr. 31 om skogbruk (skogbrukslova), det vil seie avgjerder som eigentleg høyrer under skogbruksmyndigheita. Første ledd første punktum er avgrensa til å gjelde fordeling av inneståande skogfondmidlar ved ny utforming av eigedom etter lovforslaget § 3-4, ved oppløysing av sameige etter lovforslaget § 3-6, og ved deling av eigedom etter lovforslaget § 3-7. Grunngiving for endringane er gitt i kapittel 15. Fordelinga skal leggjast fram for skogbruksmyndigheita for uttale, sjå første ledd andre punktum.

Når det gjeld innhenting av nødvendige løyve frå skogbruksmyndigheita gjeld lovforslaget § 3-17 andre ledd tilsvarande.

Ein føresetnad for kompetansen til å fordele og overføre skogfondmidlar, er at retten kan få innsyn i saldo i skogfondrekneskapen for dei aktuelle partane. Etter andre ledd skal skogbruksmyndigheita gi jordskifteretten innsyn i saldo for skogfondregnskapet når retten ber om det.

Myndigheit for jordskifteretten til å fordele skogfondsmidlar ved deling av eigedom følgjer òg av forskrift om skogfond 3. juli 2006 § 16.

Til § 9-5 Iverksetjing

Første punktum overlet til Kongen å bestemme når lova skal ta til å gjelde. Før lova kan ta til å gjelde, må det gjerast fleire administrative grep. Det må for det første leggjast praktisk til rette for dei endringane som gjeld ankeinstansen.

Det bør òg skje ei oppgradering av det saksbehandlingssystemet jordskifterettane brukar.

I perioden fram til lova tek til å gjelde, vil det òg vere nødvendig med ei oppbygging av kompetansen i jordskifterettane og i nokon grad i lagmannsrettane.

Andre punktum fastset at gjeldande jordskiftelov held opp å gjelde samstundes med at den nye jordskiftelova tek til gjelde etter første punktum.

Til § 9-6 Overgangsreglar

Overgangsreglane er grunngitt i kapittel 15.2.3.1.

Etter første ledd skal saker som er til behandling i jordskifterettane når den nye lova tek til å gjelde, behandlast ferdig etter reglane i gjeldande jordskiftelov. Med «er til behandling» er meint saker der det er fatta vedtak om at saka skal fremmjast, og realitetsbehandlinga er i gang, jf. gjeldande lov § 14. Det same gjeld der realitetsbehandlinga har teke til, utan at det er fatta eit fremmjingsvedtak. Dersom saka ikkje har kome lenger enn til skriftleg saksførebuing, innhenting av tilsvar med vidare har realitetsbehandlinga ikkje teke til. Saka er da ikkje «til behandling» i høve til overgangsreglane i § 9-6.

Etter andre ledd første punktum skal anke som er innlevert før lova tek til å gjelde, men som ikkje er ferdigbehandla og avgjord, behandlast av lagmannsretten som ankeinstans. Etter lovforslaget trer ankeordninga i kraft utan overgangsperiode når det gjeld kva som er rett ankeinstans. Dette inneber at óg ankar som er innlevert før lova tek til å gjelde, men som ikkje er ferdigbehandla og avgjort av jordskifteoverrretten, behandlast ferdig av lagmannsretten som ankeinstans, og med lagmannsretten sett saman etter reglane i den nye jordskiftelova.

Saker som ikkje er ferdigbehandla av jordskifteoverretten, skal overførast til lagmannsretten. Lagmannsretten skal setjast saman etter reglane i den nye lova. Lova er ikkje til hinder for at samansetjinga av lagmannsretten blir den same som i jordskifteoverretten. Det er likevel ikkje nokon automatikk i at løysinga blir slik. I den grad det blir nødvendig med reassumering gjeld tvistelova § 9-17 andre ledd, jf. lovforslaget § 6-1 andre ledd bokstav d.

Saker som etter gjeldande lov skal ankast til lagmannsretten behandlast ferdig av den same lagmannsretten.

I saker der det er anka til lagmannsretten og subsidiært til jordskifteoverretten, kan anke etter § 8-1 sjette ledd blir behandla som ei sak for lagmannsretten. Dette blir avgjort av førstelagmannen. I slike høve skal førstelagmannen etter § 8-7 tredje ledd fastsetje samansetjinga av retten. Lova er såleis ikkje til hinder for at ny løysing med felles behandling av dei to ankane, men retten bør bruke mogelegheita med varsemd og høyre partane.

Etter at ny lov tek til å gjelde skal behandlinga av ankesakene følgje saksbehandlingsreglane den nye lova, medan reglane i gjeldande lov leggjast til grunn for lagmannsretten si prøving av dei saksbehandlingsfeil og materielle tilhøve som er påanka, jf. andre ledd andre punktum. Dette får m.a. verknad for spørsmålet om å skilje ut ein del av saka som eiga sak. Dette kan skje etter lovforslaget, men ikkje etter gjeldande jordskiftelov. Saker som behandlast etter gjeldande jordskiftelov må følgje gjeldande lov også når det gjeld spørsmålet om å dele opp saka.

Til § 9-7 Endringar i andre lover

Frå den tida den nye jordskiftelova tek til å gjelde, tek òg endringar i ei rekkje andre lover til å gjelde.

Til nr. 1. Lov 13.august 1915 nr. 5 om domstolene

Til § 10

Denne paragrafen er endra som følgje av at jordskifteoverretten blir slått saman med lagmannsretten.

I første ledd er ordet «jordskiftelagdommere» teke inn. Det er heimelen for ein ny type lagdommar. Desse lagdommarane var tidlegare jordskifteoverdommarar. Tilføyinga i første ledd fastset òg den nye tittelen til desse tidlegare jordskifteoverdommarane. Kva for ankesaker jordskiftelagdommarane kan behandle, er fastlagt i § 8-2 i lovforslaget.

Andre ledd nytt tredje punktum seier at tilkallingsordninga av dommarar til lagmannsretten, òg gjeld for jordskiftelagdommarar og jordskiftedommarar.

Til § 12 nytt andre ledd

Andre ledd er nytt. Andre ledd første punktum inneber at førstelagmannen får kompetanse til å bestemme at ein av dei tre dommarane i lagmannsretten skal vere jordskiftelagdommar.

I andre ledd andre punktum går det fram at førstelagmannen òg i andre saker som gjeld bruks- eller eigedomsrett til fast eigedom, kan fastsetje tilsvarande samansetjing av retten. Førstelagmannen får såleis ei slik rolle òg i saker som kjem frå tingretten. Saker som gjeld bruks- eller eigedomsrett til fast eigedom, er først og fremst saker der partane har ein valfridom med omsyn til å reise sak for anten jordskifteretten eller tingretten. Ein kan òg tenkje seg andre saker der tvisten primært er knytt til eigedommen, ikkje til eigartilhøvet eller til utøving av forvaltning.

I andre leddtredje punktum er det lagt til grunn at førstelagmannen si avgjerd om samansetjinga ikkje kan ankast.

Til § 14

Denne paragrafen er endra for å føre vidare lekmannsinnslaget i ankesaker. Etter § 8-2 i lovforslaget skal det vere to jordskiftemeddommarar i lagmannsretten ved behandling av anke over jordskifteavgjerd. Dersom det er anka både over dom og jordskifteavgjerd, avgjer førstelagmannen korleis lagmannsretten skal vere samansett.

Til § 15

Denne endringa slår fast at dersom lagmannsretten først er sett med jordskiftelagdommar, så skal jordskiftelagdommaren delta under heile forhandlinga.

Til § 25 nytt femte ledd

Femte ledd første punktum seier at dersom ikkje staten stiller rettslokale til rådvelde for jordskifteretten, skal vedkommande kommune eller kommunar skaffe rettslokale. Dette er ei harmonisering slik at jordskifteretten og tingretten skal ha like vilkår når det gjeld rettslokale.

Femte ledd andre punktum seier at domstollova § 25 andre til fjerde ledd gjeld tilsvarande for lokale jordskifteretten bruker til rettsmøte. Det vil seie at staten eller kommunen har ansvaret for å skaffe rettslokale og andre nødvendige rom, og for å sørgje for oppvarming, lys, reinhald og utstyr i romma. Andre punktum inneber òg at rettslokala må vere godkjente av Domstoladministrasjonen. Endeleg inneber andre punktum at jordskifteretten kan halde fram med å setje rettsmøte på andre stader enn i dei faste lokala, når det er hensiktsmessig.

Til § 33 a første ledd andre punktum

Paragrafen er endra som følgje av at jordskifteoverrettane avviklast, og lagmannsretten blir einaste ankeinstans for avgjerdene til jordskifteretten. I staden for ein jordskifteoverdommar kan ein jordskiftelagdommar oppnemnast som medlem av styret for Domstoladministrasjonen.

Til § 54

Nedre aldersgrense for ein jordskiftedommar eller ein jordskiftelagdommar er 25 år. Alderskravet er nytt. Det er same aldersgrense som for lagdommarar og tingrettsdommarar. Nedre aldersgrense for ein jordskiftedommarfullmektig er 21 år.

Utdanningskravet er jordskiftefagleg utdanning på mastergradsnivå, sjå lovforslaget § 2-4 og spesialmerknadene til forslaget.

Til §§ 55, 55 a, 55 b, 55 d og 55 e

Desse paragrafane er tilpassa ny rettsmiddelordning. I paragrafane er ordet «jordskifteoverdommer» erstatta med «jordskiftelagdommer».

Til § 55 g

Dei tre første ledda i denne paragrafen inneheld føresegnene om funksjonstida til jordskiftedommarfullmektigar. Funksjonstida er som i gjeldande lov. Normal funksjonstid er tre år med mogleg forlenging til fire år. Funksjonstida er eitt år lenger enn for dommarfullmektig ved tingrettane.

Unntaksregelen i nytt tredje ledd nytt tredje punktum er ny. Etter dette kan departementet fastsetje unntak frå funksjonstida til jordskiftedommarfullmektigane. Unntaket må gjelde for alle jordskiftedommarfullmektigar. Unntaket kan både forkorte og forlenge funksjonstida.

Nytt fjerde ledd gir departementet kompetanse til å gi nærare reglar for tilsetting av jordskiftedommarfullmektigar. Føresegna er ny. Departementet har same kompetanse når det gjeld reglar for tilsetting av dommarfullmektigar.

Til §§ 55 h

Paragrafen er tilpassa den nye ordninga med jordskiftedommarfullmektigar. Uttrykket «jordskiftedommar med allment løyve» er erstatta med ordet «jordskiftedommarfullmektig».

Til § 62 a

Paragrafen slår fast at lagmannsretten skal ha jordskifteteknisk personale. Domstoladministrasjonen avgjer på vanleg måte kor mange slike årsverk det skal vere ved kvar lagmannsrett. I dei økonomiske konsekvensane av lovforslaget har departementet lagt til grunn at det skal vere eitt årsverk ved kvar lagmannsrett.

Til § 109 nytt andre punktum

Nytt andre punktum er lagt til i § 109, slik at regelen om verknaden av ugildskap for dommaren og for dommarfullmektigen, skal gjelde tilsvarande for ein jordskiftedommarfullmektig.

Til §§ 121 b, 121 c og 121 e

Paragrafane er endra slik at omgrepet «jordskifteoverrettane» er teke ut, jf. forslaget om endringar i ankeordninga.

Til § 235

Paragrafen er tilpassa ny rettsmiddelordning. Tittelen «jordskifteoverdommer» i første ledd er erstatta med «jordskiftelagdommer». Fordi jordskifteoverretten avviklast, er han teken ut.

Til § 236

Paragrafen er endra slik at omgrepet «jordskifteoverretten» er teke ut, jf. forslaget om endringar i ankeordninga.

Til § 241

Nytt tredje ledd opnar for å godkjenne utdanning i utlandet i jordskiftefag på same vilkår som i rettsvitskap. Sjølv om lovteksten inneheld ordet mastergrad, er det ikkje meint å vere til hinder for å godkjenne utdanning på tilsvarande nivå frå tida før mastergrad blei innført.

Til nr. 2. Lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom

Til § 30 nr. 21

Oreigningslova § 30 nr. 21 er endra slik at føresegna viser til den nye jordskiftelova. Endringa har ingen verknad ut over dette.

Til nr. 3. Lov 5. mai 1961 om grannegjerde

Overskrifta «Gjerdeskjøn» er endra til «Avgjerd om gjerdehald». Det er ei oppfølging av forslag om endra språkbruk og inneber ikkje noka realitetsendring.

Til § 5

Tredje punktum endrast slik at det går fram at jordskifteretten skal avgjere tvistar etter § 5. Paragrafen gjeld elles uendra.

Til 8

Første ledd andre punktum endrast slik at det går fram at jordskifteretten avgjer gjerdehaldsskyldnaden når urimeleg mykje av gjerdehaldsskyldnaden fell på ein av grannane etter den nytten han har av gjerdet. Paragrafen gjeld elles uendra.

Til § 9

Andre punktum endrast slik at der lende, grindhald eller andre tilhøve gjer gjerdehaldet dyrare på det eine stykket enn på andre, skal skyldnaden jamnast ut med avstytting i lengda eller på annen måte som jordskifteretten fastset. Paragrafen gjeld elles uendra.

Til § 10

Første ledd endrast slik at det går fram at det er jordskifteretten som kan ta avgjerd om at grannane skal ha heile eller noko av gjerdehaldet i lag eller at den eine skal ha det heile aleine mot at den andre yter honom tilskott. Første ledd endrast òg for å få fram at jordskifteretten skal avgjere tilskottet. Paragrafen gjeld elles uendra.

Til § 14

Formuleringa «Jordskifteretten avgjer» i første ledd første punktum er brukt for å få fram at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å avgjere spørsmål om gjerdehald i samband med sak for jordskifteretten, eller som eiga sak. Omgrepet gjerdehald famnar omgrepa gjerdehaldstvang og gjerdehaldsdeling. Lovforslaget inneber ei endring i høve til gjeldande rett der regelen er at gjerdeskjønn i utgangspunktet skal haldast som «lensmannsskjønn». Frå berre å ha kompetanse innanfor ei stadleg avgrensing, får jordskifteretten etter forslaget full kompetanse aleine. Kva som ligg i samband med sak for jordskifteretten, er kommentert i spesialmerknadene til lovforslaget § 5-1.

Første ledd andre punktum er nytt. Grannegjerdelova har ikkje reglar om korleis saker etter lova skal behandlast. Nytt andre punktum viser til lovforslaget § 5-7 for skjønn og andre avgjerder etter andre lover etter kapittel 5. Saker etter grannegjerdelova vil behandlast etter den same skiljelina som for andre avgjerder jordskifteretten tek etter kapittel 5. Avgjerande blir om det er ei sak i samband med sak for jordskifteretten, eller ei eiga sak.

Til § 15

I første ledd første punktum er formuleringa «gjerdeskjønet» endra til «jordskifteretten». Endringa skyldast endra bruk av omgrep og for å få fram at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse.

Til § 16

Gjeldande første ledd opphevast som følgje av at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å avgjere skjønn etter grannegjerdelova. Det går fram av grannegjerdelova §§ 14 og 15 at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å treffe avgjerder etter desse paragrafane.

Gjeldande andre ledd opphevast. Kompetansen jordskifteretten har når det gjeld saker i samband med sak for jordskifteretten går fram av lovforslaget § 5-3 andre ledd bokstav b. Kompetansen til jordskifteretten skal ikkje lenger vere avgrensa til saker som nemnt i gjeldande jordskiftelov § 6 første til fjerde ledd første punktum. Kompetansen jordskifteretten har til å ta avgjerder etter grannegjerdelova §§ 14 og 15 som eiga sak går fram av lovforslaget § 5-4.

Grannegjerdelova § 16 vil etter opphevinga av første og andre ledd berre bestå av eitt ledd. Gjeldande tredje ledd blir § 16. I første punktum er ordet «skjøn» erstatta av «avgjerd». Dette er ny bruk av omgrep og ikkje ei realitetsendring. Formuleringa «gjerdehaldstvang og gjerdehaldsdeling» er òg erstatta med «gjerdehald». Meininga er at omgrepet skal dekkje «gjerdehaldstvang og gjerdehaldsdeling». Dessutan er ordet «skjønet» erstatta av «jordskifteretten» for å få fram at jordskifteretten eksklusivt skal avgjere spørsmålet. Ordet «skjønskostnaden» er endra til «kostnaden» som ein konsekvens av ny bruk av omgrep.

Til § 17

Første ledd første punktum endrast for å få fram at avgjerdene jordskifteretten tek etter grannegjerdelova er tvangsgrunnlag på same måte som orskurdar. Ordlyden endrast òg i andre punktum får å få fram at det er jordskifteretten som eventuelt kan gi klagen utsetjande verknad. Andre endringar gjerast ikkje i første ledd.

Andre ledd tredje punktum endrast for å få fram at det er jordskifteretten som no kan avgjere tvist om kostnadsspørsmålet når arbeidet er gjort i dei tilfella der det ikkje er tvangsgrunnlag frå før.

Til nr. 4. Lov 16. juni 1961 nr. 12 om ymse beitespørsmål

Til § 11

I første ledd første punktum er formuleringa «spørsmålet vert avgjort ved skjøn» erstatta av «jordskifteretten skal avgjere spørsmålet». Meininga er at jordskifteretten skal overta kompetansen som ligg til «lensmannsskjønn» etter gjeldande reglar.

Gjeldande andre punktum opphevast. Paragrafen får eit nytt andre punktum. Nytt andre punktum viser til lovforslaget § 5-7 som gjeld samansetjinga til retten, reglar om saksbehandling, sakskostnader og rettsmiddel for skjønn og andre avgjerder etter lovforslaget kapittel 5. Saker etter beitelova skal behandlast på same måten som andre avgjerder jordskifteretten tek etter kapittel 5. Avgjerande blir om det er ei sak i samband med sak for jordskifteretten eller ei eiga sak.

I gjeldande andre ledd brukast ordet «skjønet» to stader. Orda er erstatta av «avgjerda» og «jordskifteretten». Endringa er dels ei oppfølging av endra omgrepsbruk og dels for å få fram at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å avgjere spørsmålet.

I tredje ledd er ordet «skjønsavgjerd» erstatta av «avgjerd». Endringa er ei følgje av forslaget om endra bruk av omgrep.

Til § 14 andre ledd første punktum

Den som har beiterett og som blir råka av forbodet i denne paragrafen, kan krevje retten sin avløyst av jordskifteretten. Det er ikkje gjort realitetsendringar i paragrafen. Tilvising til tidlegare lovgiving er teken bort. For behandlinga av slike saker gjeld lovforslaget § 5-7.

Til nr. 5. Lov 21. juni 1963 nr. 23 om vegar (veglova)

Til § 53

I første ledd første punktum er formuleringa «Jordskifteretten kan gjere vedtak om eigedomsinngrep» teken inn. Formuleringa «kan det gjerast vedtak om i skjønn» er teken bort. Grunngivinga for endringa er at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å ta dei avgjerdene punktumet omhandlar. Kompetansen tingretten har, eller som ligg til «lensmannsskjønn» i gjeldande reglar, er lagt til jordskifteretten. Kompetansen til jordskifteretten vil ikkje lenger vere stadleg avgrensa. Sjå spesialmerknadene til veglova § 60. I andre punktum er ordet «skjønnet» erstatta av «jordskifteretten» som ei følgje av endra omgrepsbruk.

I tredje ledd første og andre punktum er ordet «skjønnet» erstatta av «jordskifteretten» som ei følgje av endra bruk av omgrep. I tredje punktum er ordet «Skjønn» erstatta av formuleringa «Sak for jordskifterett» som ein konsekvens av endringane i første og andre punktum.

I fjerde ledd er ordlyden i første punktum endra. Det er ikkje meininga å endre realitetsinnhaldet i punktumet. I andre punktum er formuleringa «det skal haldast nytt skjønn» erstatta med «jordskifteretten avgjer». Endringa er gjort for å få fram at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse.

Til § 54

I tredje ledd er formuleringa «ved skjønn» erstatta av «av jordskifteretten» for å få fram at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å avgjere spørsmålet.

I fjerde ledd er formuleringa «skjønn vere kravd» erstatta av «krav om avgjerd vere sett fram» som ei følgje av endra omgrepsbruk.

I femte ledd er omgrepet «sidan siste skjønn» erstatta av «av jordskifteretten». Meininga er at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å ta avgjerda. Formuleringa «av veglaget» er teken inn i leddet for å få klart fram at òg veglaget kan treffe ny avgjerd. Formuleringa «nytt skjønn» er erstatta av «av jordskifteretten». Meininga er å få fram at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse.

Til § 55

I andre ledd tredje punktum er ordet «skjønnet» erstatta av «jordskifteretten» for å få fram at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse.

I tredje ledd fjerde punktum er ordet «skjønn» erstatta av «jordskifteretten» for å få fram at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse.

Til § 60

Endringa i første ledd første punktum er gjort som ein konsekvens av opphevinga av gjeldande første ledd andre punktum og opphevinga av den stadlege avgrensinga av kompetansen i gjeldande andre ledd. Med unntak av avgjerdene etter kapittel VII skal skjønn etter veglova haldast som rettslege skjønn med moglegheit for å halde «lensmannsskjønn» dersom partane er samde om det. Med unntak for kapittel VII blir reglane som før.

Gjeldande andre ledd opphevast og erstattast av eit nytt andre ledd. Av nytt andre ledd første punktum går det fram at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å ta dei avgjerdene som er heimla i kapittel VII. Det går fram av andre punktum at dette gjeld anten det gjeld sak i samband med sak for jordskifteretten, eller som eiga sak. For behandlinga av saka med meir viser tredje punktum til lovforslaget § 5-7 om behandlinga av saker etter kapittel 5. Saker etter veglova kapittel VII vil bli behandla på same måten som andre avgjerder jordskifteretten tek etter kapittel 5. Avgjerande blir om det er sak i samband med sak for jordskifteretten, eller eiga sak.

Til nr. 6. Lov 10. februar 1967 om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven)

Til § 4 første ledd bokstav b

Det er gjort ei endring ved at omgrepet «jordskifteloven» er endra til «jordskiftelova» som er kortnamnet på den nye lova. Departementet foreslår ikkje endringar ut over dette.

Til nr. 7. Lov 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom

Til § 6

I andre ledd første punktum er formuleringa «etter avgjerd i skjøn» fjerna. Det er ikkje meininga å gjere noka realitetsendring.

Til § 7

I andre ledd første punktum er formuleringa «etter avgjerd i skjøn» fjerna. Det er ikkje meininga å gjere noka realitetsendring.

Til endring av overskrifta Skjøn

Overskrifta «Skjøn» blir endra til «Avgjerd om omskiping, avskiping eller utvising». Endringa heng saman med dei andre endringane i lovforslaget som gjeld omgrepsbruken.

Til § 18

Første ledd første punktum regulerer spørsmålet om kven som skal ha kompetanse til å styre og ta avgjerder i saker etter §§ 5 til 7 og 13. Den erstattar såleis gjeldande § 19. Meininga er at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse, jf. omgrepet «tek avgjerder». Det vil ikkje lenger vere slik at saker etter §§ 5 til 7 og 13 kan styrast av lensmann, namsfut eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver.

For behandlinga av saken med meir viser andre punktum til lovforslaget § 5-7 som gjeld behandlinga av saker etter kapittel 5. Det er ikkje gjort noka endring med omsyn til gjeldande avgrensingar i høve til det å krevje ny omskiping eller avskiping i dei tilfella omskipinga eller avskipinga har grunnlaget sitt i ei avgjerd av jordskifteretten. Formuleringa «i jordskifteretten» viser at reglane handlar om dei avgjerdene jordskifteretten tek etter §§ 5 til 7 og 13.

Andre ledd fører vidare gjeldande § 18 andre ledd.

Til § 19

I første ledd første punktum er andre ledd andre punktum ført vidare.

I første ledd andre punktum er andre ledd tredje punktum ført vidare. Ordlyden er endra slik at det visast til paragrafane i lovforslaget som erstattar dei paragrafane det er vist til i gjeldande lov. Gjeldande jordskiftelov § 58 er erstatta med § 6-29, § 61 tredje ledd bokstav d er erstatta med § 8-1 og § 74 tredje ledd er erstatta med § 7-1 andre ledd.

Andre ledd fører vidare føresegna i § 19 tredje ledd. Det er gjort nokre språklege endringar i første punktum.

Til nr. 8. Lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten

Til § 16

Tredje ledd andre og tredje punktum:

Endringa er ein konsekvens av at ein foreslår å oppheve kompetansen jordskifteretten har til å halde valdgiftsjordskifte, sjå kapittel 8.36.1.3 Det er ikkje meininga å gjere endringar i den odelsrettslege statusen til makeskifta areal.

Femte ledd:

Departementet foreslår leddet oppheva som ein konsekvens av jordskifteretten ikkje lenger skal ha kompetanse til å halde valdgiftsjordskifte, sjå kapittel 8.36.1.3.

Til § 32

Første ledd andre punktum opphevast som følgje av at ordninga med valdgiftsjordskifte opphevast, sjå kapittel 8.36.1.3.

Til nr. 9. Lov 6. juni 1975 nr. 31 om utnytting av rettar og lunnende m.m. i statsallmenningane (fjellova)

Til § 16 andre ledd

Nytt andre ledd fører vidare at nokon med beiterett kan bringe ei vedteken beiteordning inn for jordskifteretten. Endringa i fjellova § 16 har samanheng med at gjeldande jordskiftelov § 33 blir oppheva. Den konkrete heimelen for prøvinga til jordskifteretten blir flytta til fjellova, men dette medfører inga realitetsendring i høve til gjeldande fjellov og jordskiftelov. Med dei reglane ein foreslår i den nye jordskiftelova, og den endringa ein foreslår i lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningane § 4-2, treng reglar om prøvinga til jordskifteretten av beiteordning heller ikkje stå både i fjellova og statsallmenningslova. Fristen for krav er på 6 månader blir ført vidare. Fristen skal, som etter gjeldande reglar, reknast frå kunngjeringa av den ordninga fjellstyret har gjennomført.

Til nr. 10. Lov 12. desember 1975 nr. 59 om dokumentavgift

Til § 7 femte ledd andre punktum

Endringa innber ei tilvising til den nye jordskiftelova. Ut over dette gjerast det ikkje endringar.

Til nr. 11. Lov 17. desember 1982 nr. 86 om rettsgebyr

Til § 22 første ledd nr. 9

Endringa innber ei tilvising til den nye jordskiftelova. Ut over dette gjerast det ikkje endringar.

Til nr. 12. Lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v.

Til § 25

Paragraf 25 i lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. inneheld reglar om organisering av fiskeforvaltinga i vassdrag. Etter innlandsfiskelova § 25 åttande ledd første punktum kan det krevjast bruksordning etter gjeldande jordskiftelov for felles organisering av fiskeforvaltinga. Etter andre punktum kan departementet krevje bruksordning etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c, når ingen av partane vil krevje det, eller resultatet av minneleg ordning ikkje er hensiktsmessig. Første punktum i § 25 åttande ledd er foreslått endra slik at det blir vist til «jordskiftelova», som er kortnamnet på den nye lova. Andre punktum er foreslått endra slik at regelen viser til § 3-8 i den nye jordskiftelova. Denne paragrafen avløyser gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav c.

Til nr. 13. Lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger

Til § 1-4 (jordskifte)

I første ledd står det at bygdeallmenning kan inngå i slikt jordskifte som omhandla i lovforslaget §§ 3-4 og 3-9. Lovforslaget § 3-4 gjeld ny utforming av eigedom og alltidvarande bruksrett, medan lovforslaget § 3-9 gir heimel for pålegg om tiltak som gjeld fleire og pålegg om felles investeringar.

Endringa i første ledd er ei tilpassing til paragrafnemningane i forslag til ny jordskiftelov. Meininga er at jordskifteretten skal ha same kompetanse til å endre tilhøva innan bygdeallmenningane som han har etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b og e.

Andre ledd er nytt i paragrafen. I andre ledd seiast det at jordskifteretten kan ordne beitetilhøve i bygdeallmenning dersom styret for allmenningen først har gjennomført beiteordning der, og innehavar av beiterett har kravd sak inn for jordskifteretten innan seks månader. Innhaldet i andre ledd fører vidare innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 33 andre ledd.

Fristen på 6 månader førast vidare. Fristen skal, som etter gjeldande reglar, reknast frå kunngjeringa av den ordninga allmenningsstyret har gjennomført.

Tredje ledd byggjer på gjeldande bygdeallmenningslov § 1-4 andre ledd. Tredje ledd første punktum seier at jordskifteretten kan fastsetje grenser mellom statsallmenning og bygdeallmenning, mellom bygdeallmenningar, og mellom bygdeallmenning og annan tilstøytande eigedom. Tredje ledd andre punktum seier at jordskiftelova § 4-2 gjeld tilsvarande for fastsetjing av grensene. Punktumet er teke med for å få fram at grensefastsetjing som involverer bygdeallmenningar kan skje som eiga sak, og at jordskifteretten skal merkje og koordinatfeste grensene etter § 6-29 i forslaget til ny jordskiftelov, på same måte som for andre grensefastsetjingar. Alle dei eigedommane som er nemnde i forslaget til ny jordskiftelov § 4-2 første ledd kan vere «annen tilstøtende eigedom» etter forslaget til ny regel i bygdeallmenningslova § 1-4 tredje ledd.

Ut over dei reglane som etter forslaget er nemnde i bygdeallmenningslova § 1-4, får jordskiftelova ikkje verknad for bygdeallmenningar, sjå fjerde ledd. Dette fører vidare gjeldande bygdeallmenningslov § 1-4 tredje ledd.

Til § 6-3 andre ledd første punktum

Endringa i § 6-3 andre ledd første punktum kjem som følgje av at den kompetansen jordskifteretten har etter gjeldande jordskiftelov § 33 andre ledd, er flytt til bygdeallmenningslova § 1-4 andre ledd.

Til nr. 14. Lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene

Til § 4-2 (jordskifte)

Første ledd seier at statsallmenning kan inngå i slikt jordskifte som omhandla i jordskiftelova §§ 3-4 og 3-9. Lovforslaget § 3-4 gjeld ny utforming av eigedom og alltidvarande bruksrett, medan lovforslaget § 3-9 gir heimel for pålegg om tiltak som gjeld fleire og pålegg om felles investeringar.

Endringa i første ledd er ei tilpassing til paragrafnemningane i den nye jordskiftelova. Meininga er at jordskifteretten skal ha same kompetanse til å endre tilhøva innan statsallmenningane som den har etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav b og e.

Andre ledd byggjer på gjeldande statsallmenningslov § 4-2 andre ledd. Andre ledd første punktum seier at jordskifteretten kan fastsetje grenser mellom statsallmenning og bygdeallmenning, mellom statsallmenningar, og mellom statsallmenning og annan tilstøytande eigedom. Andre ledd andre punktum seier at jordskiftelova § 4-2 gjeld tilsvarande for fastsetjing av grensene. Punktumet er teke med for å få fram at grensefastsetjing som involverer statsallmenningar kan skje som eiga sak, og at jordskifteretten skal merkje og koordinatfeste grensene etter § 6-29 i den nye jordskiftelova, på same måte som for andre grensefastsetjingar. Alle dei eigedommane som er nemnde i forslaget til ny jordskiftelov § 4-2 første ledd, kan vere «annen tilstøtende eiendom» etter statsallmenningslova § 4-2 fjerde ledd.

Ut over dei reglane som er nemnde i forslag til endring i statsallmenningslova § 4-2, får jordskiftelova ikkje verknad for statsallmenningar, sjå tredje ledd. Dette fører delvis vidare gjeldande statsallmenningslov § 4-2 tredje ledd. I gjeldande statsallmenningslov § 4-2 står det at gjeldande jordskiftelov § 33 om beiteordning gjeld for statsallmenningar. Denne delen av gjeldande statsallmenningslov § 4-2 førast ikkje vidare. Etter lovforslaget vil regelen om prøvinga til jordskifteretten av beiteordning i statsallmenning gå fram av fjellova § 16 andre ledd, sjå forslaget til endringar i fjellova.

I fjerde ledd er omgrepet «grensegang» endra til «grensefastsetting», slik at omgrepsbruken blir den same som i den nye jordskiftelova.

Til nr. 15. Lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord (jordlova)

Til § 10 tredje punktum

Endringa er ei tilpassing til ny jordskiftelov.

Til § 12 femte ledd tredje punktum

Femte ledd andre punktum gjer unntak frå det generelle delingsforbodet i jordlova § 12 første ledd dersom det i samband med offentleg jordskifte er nødvendig å dele eigedom som er nytta eller kan nyttast til jordbruk eller skogbruk. Lovforslaget nytt tredje punktum i jordlova § 12 femte ledd seier at det likevel skal vere nødvendig med delingssamtykke når jordskifteretten deler ein eigedom etter lovforslaget §§ 3-7. I eit slikt tilfelle må såleis samtykke til deling liggje føre, sjå forslag til ny jordskiftelov § 3-17 andre ledd.

Til III åttande ledd

Jordlova III åttande ledd inneheld ein overgangsregel som ikkje lenger er aktuell. Det vil ikkje lenger kunne reisast skjønn etter jordlova av 1955, og overgangsregelen kan opphevast.

Til nr. 16. Lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt (skatteloven)

I § 9-2 tredje ledd bokstav g gjerast ei omgrepsendring ved at «jordskifteloven» endrast til «jordskiftelova», som er kortnamnet på den nye lova. Departementet foreslår ikkje endringar ut over dette.

Til nr. 17. Lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann (vannressursloven)

Til § 31 tredje ledd bokstav c

Forslaget til endring inneber at jordskifteretten kan fordele framtidige kostnader etter § 31 anten tiltaket er i samband med eit jordskifte eller som eiga sak. Ved å ta ut formuleringa «dersom vassdragstiltaket har sammenheng med andre tiltak som står under jordskifte» vil det såleis ikkje vere noka avgrensing av kompetansen til jordskifteretten til å fordele kostnader etter bokstav c.

Til nr. 18. Lov 20. mai 2005 nr. 28 om straff (straffeloven)

Til § 412 nr. 101

Straffelova § 412 nr. 101 har ei føresegn om endring av gjeldande jordskiftelov § 95. Endringa inneber at medverknad ikkje straffast. § 412 nr. 101 kan no opphevast. I forslaget til ny jordskiftelov givast det ikkje straffereglar, og det er dermed heller ikkje aktuelt med reglar om medverknadsansvaret.

Til nr. 19. Lov 17. juni 2005 nr. 85 om rettsforhold og forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark fylke (finnmarksloven)

Til 45 Grensegang og tinglysing

I første ledd første punktum er omgrepet «etter jordskifteloven § 88» teke ut. Det er ikkje meininga å endre kompetansen til jordskifteretten som er heimla i finnmarkslova § 45.

Første og andre punktum i første ledd er slått saman ved hjelp av omgrepet «som» for å få klarare fram kva jobb jordskifteretten skal gjere.

Til nr. 20. Lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova)

Til § 24 sjette og sjuande ledd

Fører sak for jordskifteretten til endringar i matrikkelen skal jordskifteretten etter lovforslaget § 6-30 rapportere til matrikkelmyndigheita om resultatet av saka. Nærare reglar om rapporteringa, mellom anna om rutinar for utferding av matrikkelbrev og for melding mellom matrikkel og grunnbok, givast i forskrift etter matrikkellova § 24 nytt sjette ledd. Endringar i forskrifta og føringsinstruks for matrikkelen må ta høgde for at jordskifteretten er ein domstol der disposisjonsprinsippet gjeld.

Til nr. 21. Lov 15. juni 2007 nr. 40 om reindrift (reindriftsloven)

Til § 8 tredje ledd

Tredje ledd er endra slik at det blir vist til § 3-9 i den nye jordskiftelova, som omhandlar felles tiltak, og som avløyser gjeldande jordskiftelov § 2 bokstav e om sams tiltak. Det er ikkje gjort endringar ut over dette.

Til § 21

I andre ledd andre punktum er formuleringa «avgjøres dette ved skjønn ved jordskifteretten» erstatta av «avgjøres dette av jordskifteretten». Det er ikkje meininga å endre det materielle innhaldet i paragrafen.

Til § 22

I andre ledd andre punktum er formuleringa «erstattes etter skjønn ved jordskifteretten» erstatta av «erstattes etter avgjørelse ved jordskifteretten». Det er ikkje meininga å endre det materielle innhaldet i paragrafen.

Til 24

I andre ledd tredje punktum er formuleringa «vederlag etter skjønn ved jordskifteretten» erstatta av «vederlag fastsatt av jordskifteretten». Det er ikkje meininga å endre det materielle innhaldet i paragrafen.

Til § 25

I tredje ledd tredje punktum er formuleringa «kreves fastsatt ved skjønn ved jordskifteretten» erstatta av «kreves fastsatt ved jordskifteretten». Det er ikkje meininga å endre det materielle innhaldet i paragrafen.

Til § 63

I tredje ledd første punktum er omgrepet skjønn teke bort. I andre punktum er ordet «Skjønnet» erstatta av «Jordskifteretten». I tredje punktum er ordlyden endra til «Krav for jordskifteretten kan fremmes av den som akter å setje eit tiltak i verk eller av distriktsstyret ved lederen.» I fjerde punktum er formuleringa «skjønn kreves» erstatta av «krav fremmes».

Det er ikkje meininga å endre det materielle innhaldet i § 63 tredje ledd.

Til 69

I første ledd første punktum er ordet «ved skjønn» teke ut. Det er ikkje meininga å endre det materielle innhaldet.

I andre ledd er formuleringa «ved skjønn» teken ut. Det er ikkje meininga å endre det materielle innhaldet.

Til § 70 Erstatningsskjønn

Gjeldande § 70 første ledd blir § 70. Andre til sjette ledd blir ny § 70 a. Det er ikkje foreslått endringar i reglane i første ledd. Når vilkåra elles er oppfylt skal rekvirenten framleis kunne velje mellom tingretten og jordskifteretten for å få avgjort krav om erstatning for skade valde av rein.

Til ny § 70 a Saksbehandlingen av erstatningskrav

Innhaldet i paragrafen er det same som innhaldet i gjeldande § 70 andre til sjette ledd. I tillegg til reglane om saksbehandling i § 70 a, er det reglar om behandlinga av saker etter reindriftslova i § 70 b.

Til ny § 70 b Forholdet til jordskiftelova

Jordskiftelova § 6 a andre og tredje punktum har reglar for korleis jordskifteretten skal behandle skjønnssaker etter reindriftslova. Reglane om saksbehandling for avgjerdene til jordskifteretten etter reindriftslova går etter lovforslaget fram av ny § 70 b.

Omgrepet «Saker» i første punktum famnar alle saker jordskifteretten behandlar etter reindriftslova. Sakene skal følgje reglane om saksbehandling i lovforslaget § 5-7.

Det følgjer av gjeldande § 6 a tredje punktum at skjønnsprosesslova § 26 gjeld i tillegg til reglane for jordskifte. Skjønnsprosesslova § 26 gjeld tvist om retten til og vilkåra for å fremje skjønsforretning og om kva som skal vere gjenstand for skjønn. Kompetansen jordskifteretten har til å avgjere desse spørsmåla går fram av lovforslaget § 5-8. Forslaget inneber inga realitetsendring.

Det følgjer av jordskiftelova § 6 a tredje punktum at skjønn etter reindriftslova basert på avtale (avtaleskjønn, jf. jordskiftelova § 6 fjerde ledd andre punktum) og skjønn som eiga sak, skal gå etter reglane i skjønnsprosesslova. Det følgjer av lovforslaget § 5-6 at avtaleskjønn og andre avtalar om avgjerd etter reindriftslova i samband med sak for jordskifteretten skal følgje reglane om saksbehandling i kapittel 6. For avtaleskjønn og andre avgjerder basert på avtale i samband med sak for jordskifteretten blir det såleis ei endring når det gjeld kva for reglar om saksbehandling jordskifteretten skal følgje. Når det gjeld skjønn og andre avgjerder etter reindriftslova som går som eiga sak, så skal dei behandlast etter reglane i skjønnsprosesslova, sjå lovforslaget § 5-7. Det inneber at departementet ikkje foreslår endringar når det gjeld behandlinga av desse sakene.

Til nr. 22. Lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan og bygningsloven) § 12-7 nr. 13

Etter føresegna kan kommunen stille krav i reguleringsplan om fordeling av planskapt netto verdiauke ved ulike felles tiltak innanfor heile eller ein nærare bestemt del av planområdet. Paragrafen gir kommunen heimel til å fastsetje at det skal skje ei fordeling av verdiauken som følgjer av reguleringsplanen. Paragrafen gir òg heimel for at kommunen avgrensar geografisk kva for område der det skal skje ei fordeling. Avgrensinga av området for fordeling vil såleis gå fram av reguleringsplanen og kan gjelde heile planområdet, eller delar av det. Sjølve fordelinga av verdiauken gjennomførast av jordskifteretten etter jordskiftelova § 3-30 flg.

Heimelen for kommunen til å fastsetje fordeling av verdiauken er knytt til ein reguleringsplan, og fordelinga vil skje innanfor denne planen. Om fordeling skal gjerast innanfor eit større område, legg løysinga til rette for at kommunen med heimel i plan- og bygningslova § 11-8 tredje ledd bokstav e i arealdelen av kommuneplanen fastset «Sone med krav om felles planlegging for fleire eiendommer, herunder med særlige samarbeids- eller eierformer samt omforming og fornyelse. Bestemmelser i denne sonen kan fastsette at flere eiendommer i et området skal undergis felles planlegging og at det skal brukes særskilte gjennomføringsvirkemidler.» Slik omsynssone er ikkje nødvendig for at kommunen kan fastsetje fordeling av planskapt netto verdiauke i reguleringsplan, men kan vere tenleg ved vurderinga av kor stort planområdet bør vere. Er det fastsett omsynssone etter plan- og bygningslova § 11-8, må kommunen etter plan- og bygningslova § 12-6 leggje arealdelen av kommuneplanen til grunn ved utarbeiding av reguleringsplanen. Det vil seie at kommunen ved utarbeidinga av reguleringsplan etter plan- og bygningslova § 12-5 første ledd må trekkje omsynssona inn i planen. Sjølve avgrensinga av området for fordeling vil gå fram av reguleringsplanen, og kan gjelde heile planområdet eller delar av det.

Til nr. 23. Lov 26. mars 2010 nr. 9 om vergemål for umyndige (vergemålsloven) § 39 første ledd bokstav e

I lov av 22. april 1927 nr. 3 om vergemål for umyndige § 50 andre ledd nr. 4 og 5, er brukt omgrepa «utskiftning» og «grenseregulering», om tiltak som ei verje må ha løyve frå fylkesmannen for å kunne setje i verk på vegne av den umyndige. I vergemålslova av 26. mars 2010 nr. 9 § 39 bokstav e, er det òg brukt omgrepa «utskiftning» og «grenseregulering». Departementet foreslår at den nye vergemålslova, får formuleringa «å kreve sak etter jordskiftelova,» i § 39 bokstav e. Departementet meiner det ikkje skulle vere grunnlag for skilje mellom ulike sakstypar etter jordskiftelova, i høve til det som treng løyve frå fylkesmannen.

Til forsida