Prop. 101 L (2012–2013)

Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Til innhaldsliste

11 Skjønn og andre avgjerder etter andre lover

11.1 Omgrepet skjønn

11.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at omgrepet skjønn i utgangspunktet skal brukast om tradisjonell utmåling av erstatningsvederlag eller liknande. Arbeidsgruppa bruker ikkje formuleringa «fritt skjønn» slik ein gjer i nokre tilfelle i dag, fordi ein kan få den trua at skjønnet er heilt fritt. I dei tilfella jordskifteretten ikkje skal gjere tradisjonelle erstatningsutmålingar eller liknande, vil arbeidsgruppa ikkje seie meir enn at jordskifteretten skal avgjere det aktuelle spørsmålet.

11.1.2 Høyringsinstansane

Rett få høyringsinstansar uttaler seg om omgrepet skjønn. Justisdepartementet seier seg samd med arbeidsgruppa i at omgrepet skjønn bør utelatast i reindriftslova §§ 21 andre ledd andre punktum, 63 tredje ledd første punktum og 69. Justisdepartementet meiner derimot at omgrepet skjønn kan behaldast i reindriftslova § 70.

Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) er heller ikkje samd i at omgrepet skjønn skal gå ut av reindriftslova § 70. Dei kan ikkje heilt sjå kva ein vinn ved den endringa da det går fram av høyringsforslaget § 70 a at det er reglane i kapittel 5 i forslag til ny jordskiftelov som skal brukast. NRL peikar på at dette kapitlet har overskrifta skjønn.

11.1.3 Departementets vurderingar

Omgrepet skjønn blir i nokre tilfelle brukt for å få fram kva som er skjønnstema. Omgrepet blir brukt om vurderingar der lova seier lite eller ingen ting om kva ein skal trekkje inn i vurderinga eller korleis ein skal leggje vekt på dei ulike omsyna. Svært ofte vil det handle om ei vurdering av kva som er hensiktsmessig, nyttig, fornuftig og rimeleg. Omgrepet blir òg brukt for å få fram at avgjerda skal gå etter den serlege rettargangsmåten som er regulert i skjønnsprosesslova. Omgrepet skjønn blir dessutan brukt for å få fram at det er ein skjønnsrett som skal avgjere eit spørsmål. Eitt eksempel på det siste, finn ein i veglova § 55 andre ledd tredje punktum. Der står det at veglaget skal leggje si avgjerd i saka fram til endeleg avgjerd «for skjønnet».

Nokre avgjerder som er kalla skjønn i dag, er av ein karakter som ikkje gjer det naturleg å omtale sjølve vurderinga som skjønn i tradisjonell meining. Eitt eksempel på det finn ein i reindriftslova § 63. Paragrafen gjeld utnytting av eigedom i reinbeiteområde. I tredje ledd står det at «Spørsmål om tiltak kommer i strid med første ledd, kan avgjøres på forhånd ved skjønn ved jordskifteretten. Skjønnet kan også ….» Denne vurderinga er etter departementets meining ikkje rett å kalle skjønn, fordi det spørsmålet ein skal avgjere, er om dei nærare omtalte rettslege vilkåra er oppfylte. I departementets forslag, blir berre omgrepet skjønn brukt som ein karakteristikk av avgjerda dersom det handlar om avgjerder til fastsetting av pengebeløp. Departementet bruker såleis omgrepet skjønn dersom det gjeld utmåling av erstatning i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte, sjå lovforslaget § 5-1 første punktum. Omgrepet skjønn blir òg brukt om den erstatningsutmålinga jordskifteretten gjer etter reindriftslova § 70.

Departementet foreslår at kapitla 1, 2, 6 og 8 skal gjelde så langt dei høver for skjønn og andre avgjerder som jordskifteretten held eller tek etter lovforslaget §§ 5-1 til 5-3. I § 5-1 er det reglar om skjønn i samband med tiltaksjordskifte og i § 5-2 er det reglar om skjønn i samband med jordskifte som følgje av tiltak fastsett av jordskifteretten i vassdrag. I § 5-3 er det reglar om skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett. I tillegg gjeld lovforslaget § 7-1 og § 7-10. Dessutan gjeld reglane for rettslege skjønn i skjønnsprosesslova så langt kapitla 1, 2, 6 og 8 samt § 7-1 og 7-10 ikkje regulerer spørsmålet. Skjønn og andre avgjerder som går som eiga sak etter lovforslaget §§ 5-4 til 5-6, skal gå etter reglane i skjønnsprosesslova. Skiljet mellom skjønn og andre avgjerder i samband med sak for jordskifterett og skjønn og andre avgjerder som eiga sak (det tospora systemet) inneber at ein ikkje treng bruke omgrepet skjønn for å få fram etter kva for reglar saka skal behandlast. Departementet har i staden vald å seie beint fram i ein eigen paragraf i kapittel 5 kva for reglar som gjeld for saker etter kapittel 5, sjå lovforslaget § 5-7.

Når det gjeld avgjerdsforma, vil den følgje av reglane i skjønnsprosesslova når skjønn eller andre avgjerder blir behandla som eiga sak etter reglane i skjønnsprosesslova.

Ulike uttrykksmåtar blir etter gjeldande reglar brukt for å få fram at avgjerda skal takast av ein skjønnsrett og etter reglane om saksbehandling i skjønnsprosesslova. I for eksempel veglova § 50 første ledd, blir «etter skjønn» brukt, i § 53 første ledd første punktum «i skjønn», medan det i beitelova § 11 første ledd første punktum står at dei aktuelle spørsmåla kan krevjast avgjorte «ved skjønn». Departementet foreslår endringar i omgrepsbruken i dei tilfelle jordskifteretten skal ha eksplisitt kompetanse. Ein foreslår endringar som gjer det lett å sjå at jordskifteretten skal ta dei aktuelle avgjerdene etter grannegjerdelova, beitelova, veglova kapittel VII, servituttlova og nokre føresegner i reindriftslova.

Jordskifteretten skal etter lovforslaget § 5-1 første punktum halde skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte. Omgrepa tiltaksjordskifte og vernejordskifte er definerte i lovforslaget § 1-3. Jordskifteretten skal òg etter lovforslaget § 5-2 halde skjønn til fastsetjing av erstatninga eigedommar utanfor skiftefeltet skal ha som følgje av tiltak etter lovforslaget § 3-9. Jordskifteretten skal dessutan i samband med sak for jordskifterett ta avgjerder etter dei lovene som er nemnde i lovforslaget § 5-3. Avgjerdsforma for desse avgjerdene er jordskifteavgjerd når det aktuelle spørsmålet blir behandla i samband med sak for jordskifterett, sjå lovforslaget § 6-23. Kva for innhald avgjerda skal ha, går da fram av lovforslaget § 6-24.

Når jordskifteretten behandlar skjønn eller tek andre avgjerder som eiga sak etter dei lovene som er nemnde i lovforslaget § 5-3, jf. § 5-4, skal jordskifteretten følgje reglane i skjønnsprosesslova. Krav til form og innhald med vidare går da fram av reglane i skjønnsprosesslova.

Det går elles fram av lovforslaget § 8-1 kva for rettsmidlar som kan brukast mot skjønn og andre avgjerder etter andre lover.

Oppryddinga er ikkje ein fullgod og endeleg rydding når det gjeld bruken av omgrepet skjønn. Ei ytterlegare rydding kan ein gjere for eksempel i samband med ein eventuell revisjon av skjønsprosesslova.

11.2 Systematikk

11.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å samle dei mest sentrale paragrafane om skjønn i eit eige kapittel. Høyringsforslaget legg likevel opp til at ein framleis skal ha reglar om skjønn for jordskifteretten både i jordskiftelova og i andre lover. Arbeidsgruppa foreslår å skilje mellom skjønn i samband med jordskifte og skjønn som ikkje har samband med jordskifte. Arbeidsgruppa meiner at kompetansen jordskifteretten har til å halde avtaleskjønn bør synleggjerast på ein betre måte enn i gjeldande jordskiftelov. Arbeidsgruppa foreslår derfor at heimelen skal gå fram av ein eigen paragraf fremst i kapitlet.

11.2.2 Høyringsinstansane

Fleire høyringsinstansar uttaler seg om systematikken i skjønnskapitlet. Fleire meiner gjeldande reglar om jordskifteretten og skjønn er uoversiktlege. Det er mellom anna vanskeleg å forstå kva for kompetanse jordskifteretten har på dette området.

Det har kome inn ulike forslag til korleis kapitlet bør byggjast opp og særleg jordskifterettane er opptekne av at lovteksten bør strukturerast betre enn i høyringsforslaget.

Domstoladministrasjonen (DA) delar oppfatninga til arbeidsgruppa om at jordskiftelova både er uoversiktleg og lite tilgjengeleg når det gjeld skjønn. DA ser det derfor som positivt at dei vesentlegaste reglane om skjønn samlast i eit eige kapittel. DA støttar ein forenkla struktur, der ein utelukkande skil mellom skjønn i tilknyting til jordskiftesak og skjønn som eiga sak.

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner mellom anna at høyringsforslaget § 5-1 om avtaleskjønn for eit utrent auge kan lesast som ei formålsføresegn for alle skjønn som jordskifteretten skal halde. Ei slik forståing vil da leie til at jordskifteretten berre kan halde skjønn, dersom partane er samde om det. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler at det er ulik systematikk knytt til dei ulike skjønna som jordskifteretten kan halde. Dette fører vidare dagens noko rotete ordning med å angi kompetansen til jordskifteretten i skjønnsspørsmål. Det ryddigaste vil vere at det i jordskiftelova berre er ei tilvising til særlovene, og at ei nærare utgreiing av kompetansen blir teken inn i særlovene. I tillegg blir det peikt på at det er forskjellar når det gjeld kven som kan krevje ulike typar skjønn. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme foreslår ei anna rekkjefølgje på paragrafane i kapittel 5 enn det som følgjer av høyringsforslaget. Dei foreslår òg at det blir teke inn i lov 14. juni 1912 nr. 1 om anlæg av taugbaner og løipestrenger mv. § 16 at jordskifteretten har kompetanse til å ta avgjerd etter taubanelova. I tillegg meiner dei at det bør takast inn ei tilvising til høyringsforslaget § 5-3 (deira forslag 5-2) i vannressurslova § 14.

Fleire høyringsinstansar meiner paragrafen om avtaleskjønn ikkje er så sentral at han fortener å stå først i kapittel 5. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme peikar på at avtaleskjønn er, og vil vere, ein unntaksregel som ikkje bør komme fremst i kapittel 5.

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme meiner at kapittel 5 er noko uryddig, og at det kunne vori redigert betre. Lova blir etter deira meining meir ryddig og informativ om ein listar opp alle skjønn som jordskifteretten held som eiga sak. Dei foreslår at kapitlet blir redigert, slik at ein får eigne paragrafar for tiltaks- og vernejordskifte, skjønn i samband med jordskifte og skjønn som jordskifteretten held som eiga sak. Med ei slik inndeling meiner dei at prosessforma blir meir tydeleg.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme trur skjønn vil komme sterkare inn i jordskiftedomstolen i åra framover. Særleg kombinasjonen av jordskifte og skjønn. Dei vil systematisere dei sakstypane som er knytt til skjønn, slik at ein får tre grupper: det dei kallar reine skjønnssaker (erstatningsskjønn i form av pengar), skjønn i samband med vern og utbygging (tradisjonelle, kombinerte saker) og jordskiftesaker med innslag av og behov for særskilte skjønn (det vil seie dagens §§ 43 og 44). Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme peikar òg på problem knytt til innskrenkingane i dagens reglar når det gjeld høve til å halde skjønn som del av ei jordskiftesak. Dei meiner desse problema må løysast i den nye jordskiftelova. Det må bli slik at ei sak som startar opp som jordskiftesak òg kan avsluttast som jordskiftesak, sjølv om den endar med skjønn etter særlov som jordskifteretten har heimel til å behandle. Det primære er da at det er jordskifteretten, slik den er sett saman i jordskiftesaken, som òg held skjønnet. Det primære er at heile saka behandlast etter saksbehandlingsreglene i kapittel 6. For å gjere det heilt klart at jordskifteretten kan behandle skjønn etter fleire særlover, både som del av ei jordskiftesak og som eiga sak, foreslår Nedre Telemark jordskifterett å samle den kompetansen i ein paragraf. Den ønskjer ei komplett opplisting av særlover som jordskifteretten kan halde skjønn etter, anten som del av jordskiftesak eller som eiga sak. Dei er klar over at dei dermed utvidar heimelen som ein nå har i vannressurslova, men dei ser ingen grunn til at den ikkje skal vere med.

11.2.3 Departementets vurderingar

11.2.3.1 Eige kapittel for skjønn og andre avgjerder etter andre lover

Departementets forslag til kapittel 5, skil seg frå forslaga til arbeidsgruppa på ein del punkt. Det er grunnen til at departementets forslag til struktur og lovtekst avvik frå høyringsforslaga.

Departementet meiner som arbeidsgruppa og fleire av høyringsinstansane, at det er rett å samle dei mest sentrale reglane om det ein etter gjeldande reglar kallar skjønn i eit eige kapittel i den nye jordskiftelova. Det vil gjere det lettare å finne fram til reglane for dei som skal bruke dei. Departementet meiner likevel at kapitteloverskrifta bør ha ein annan ordlyd enn berre skjønn da jordskifteretten òg skal treffe avgjerder som ikkje lenger skal kallast skjønn i saker etter andre lover. Departementet foreslår å leggje reglane til kapittel 5 Skjønn og andre avgjerder etter andre lover.

11.2.3.2 Skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett og som eiga sak

Jordskifteretten kan etter jordskiftelova halde skjønn som del av jordskifte, som sjølvstendig del i samband med jordskifte og som eiga sak utan samband med sak for jordskifterett. Departementet meiner det ikkje er nødvendig å halde på denne tredelinga. Det er likevel ein fordel å skilje mellom skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett, og skjønn og andre avgjerder etter andre lover som eiga sak. Det er fleire grunnar for eit slikt skilje, for eksempel korleis ein skal setje saman retten og kva for reglar for saksbehandling med vidare som skal gjelde.

Departementet meiner jordskifteretten òg bør ha kompetanse til å ta avgjerd etter dei lovene som er nemnde i lovforslaget § 5-3 i samband med sak for jordskifterett. Grunnen til det er at ein må ha reglar som inneber at partane enklast, og så billeg som mogleg, får gjennomført sakene. Det vil oftast vere ein klar samanheng mellom bruken av dei ulike verkemidla i eit jordskifte og skjønn og andre avgjerder etter andre lover etter kapittel 5 som blir halde i samband med eit jordskifte. Ein må da leggje opp til ei så smidig behandling som mogleg av prosessøkonomiske grunnar. Tiltaks- eller vernejordskifte er eksempel på område der det er viktig ha reglar som gir moglegheit for smidige løysingar. Eit anna eksempel er der det ligg føre eit prinsipalt krav om sams tiltak, og eit subsidiært krav om skjønn etter veglova.

Behovet for ein smidig behandlingsmåte gjeld uansett om behovet for skjønn eller anna avgjerd etter andre lover etter kapittel 5 er kjent på kravtidspunktet, eller om dette kjem opp seinare. Det er mellom anna viktig å sleppe å setje retten med nye meddommarar.

Departementets forslag inneber at skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett så langt det høver skal behandlast etter jordskiftelova kapittel 1, 2, 6 og 8. I tillegg skal lovforslaget §§ 7-1 og 7-10 gjelde. Reglane for rettslege skjønn i skjønnsprosesslova gjeld så langt kapittel 1, 2, 6 og 8 ikkje har reglar om behandlinga. I tillegg til desse reglane har ein serlege reglar for skjønn og andre avgjerder i nokre av dei lovene som er nemnde i lovforslaget § 5-3.

Når sak etter kapittel 5 går som eiga sak utan samband med sak for jordskifterett, er det ikkje andre spørsmål som skal behandlast og som kompliserer behandlinga. Heimelen jordskifteretten har til å halde skjønn som eiga sak foreslår departementet å plassere i tre paragrafar, sjå lovforslaget §§ 5-4 til 5-6. Desse sakene skal behandlast etter reglane i skjønnsprosesslova, sjå lovforslaget § 5-7 andre ledd.

11.2.3.3 Skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte

Departementet meiner jordskifteretten framleis bør ha kompetanse til å halde skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte. Nokre høyringsinstansar foreslår å ha ein eigen paragraf for skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte. Jordskifterettene i Hålogaland jordskiftedømme meiner for eksempel at ei slik inndeling vil gi ei meir ryddig prosessform. Departementet er samd i dette og foreslår å leggje kompetansen til jordskifteretten til å halde skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte til lovforslaget § 5-1 første punktum. Lovforslaget § 5-1 første punktum tek sikte på dei skjønna jordskifteretten kan halde etter gjeldande jordskiftelov § 6 første til fjerde ledd første punktum. Omgrepa tiltaksjordskifte og vernejordskifte blir definert elles i lovforslaget § 1-3 bokstavane b og c.

11.2.3.4 Kompetansen til jordskifteretten skal gå fram både av jordskiftelov og av særlov

Departementet forslår reglar om kompetansen jordskifteretten har til å halde skjønn og ta andre avgjerder etter andre lover i både lovforslaget kapittel 5 og i aktuell særlov. Forslaget er grunna i omsynet til dei som skal finne fram til reglane. Det kan vere aktuelt å ta andre avgjerder i samband med sak for jordskifterett enn dei tradisjonelle avgjerdene jordskifteretten tek etter kapittel 3 i lovforslaget. Det vil for eksempel kunne vere meir eller mindre aktuelt å ta avgjerder etter grannegjerdelova, beitelova, servituttlova, reindriftslova og vannressurslova. Det kan vere noko tilfeldig kva for innfallsvinkel ein part har når han vil finne ut kven det er som avgjer spørsmålet.

Av omsyn til parten, meiner departementet at kompetansen bør gå fram både av lovforslaget kapittel 5 Skjønn og andre avgjerder etter andre lover, og av den aktuelle særlova. Departementet meiner det bør visast til kompetansen jordskifteretten har etter andre lover i lovforslaget § 5-3, som gjeld skjønn og avgjerder i samband med sak for jordskifterett. Når det blir vist til dei aktuelle lovene i lovforslaget § 5-3, er det tilstrekkeleg å vise til § 5-3 i lovforslaget § 5-4 for å få fram kva for lover jordskifteretten kan halde skjønn og ta andre avgjerder etter som eiga sak. Jordskiftelova blir meir ryddig og informativ om ein lister opp dei lovene som jordskifteretten kan halde skjønn og ta andre avgjerder etter. Kva for skjønn og avgjerder jordskifteretten skal halde eller treffe, vil gå nærare fram av særlova. Lovforslaget § 5-4 andre punktum inneber at jordskifteretten framleis ikkje skal ha kompetanse til å ta avgjerder etter taubanelova som eiga sak. Departementet vurderer i kapittel 11.5.4.3 om det er grunn til å endre kompetansen jordskifteretten har etter taubanelova. Da det foregår eit arbeid med sikte på å endre taubanelova, foreslår departementet inga endringar.

11.2.3.5 Avtaleskjønn

Jordskifteretten har kompetanse til å halde avtaleskjønn etter jordskiftelova § 6 fjerde ledd andre punktum. Kompetansen er stadleg avgrensa, sjå § 6 femte ledd. Departementet foreslår å føre vidare kompetansen utan stadleg avgrensing. Departementet meiner heimelen bør synleggjerast på ein betre måte enn tilfellet er i gjeldande lov. Det gjer ein ved å plassere heimelen i ein eigen paragraf.

Departementet er samd med dei høyringsinstansane som meiner at det knapt dreier seg om den mest sentrale og viktigaste kompetansen som jordskifteretten har. For òg å unngå at plasseringa fører til mistydingar av den type jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme er inne på, foreslår departementet at paragrafen ikkje blir plassert fremst i kapittel 5. Kompetansen til å halde avtaleskjønn som eiga sak går fram av lovforslaget § 5-5.

I dei tilfella det er inngått avtale om å halde skjønn eller ta avgjerd som nemnt i lovforslaget §§ 5-1, 5-2 eller 5-3 i samband med sak for jordskifterett, følgjer kompetansen til jordskifteretten av desse føresegnene. I dei tilfella det er inngått avtale om å halde skjønn eller ta avgjerd i eiga sak, følgjer kompetansen av lovforslaget § 5-4.

Det følgjer av lovforslaget § 5-7 korleis avtaleskjønn som eiga sak etter lovforslaget § 5-5 skal behandlast.

11.2.3.6 Skjønn og andre avgjerder etter reindriftslova

Lovforslaget inneber at jordskifteretten framleis skal kunne halde skjønn etter reindriftslova § 70 og elles treffe ei rekkje andre avgjerder etter reindriftslova. Departementet meiner skjønn og andre avgjerder etter reindriftslova ikkje er så spesielle at det er behov for ein eigen paragraf i jordskiftelova om dette, slik det er i gjeldande jordskiftelov. Kompetansen jordskifteretten har til å halde skjønn og ta avgjerder etter reindriftslova går fram av §§ 5-3 bokstav g og 5-4 og av reindriftslova slik tilfellet er for avgjerder etter andre særlover.

11.3 Parallell kompetanse

11.3.1 Kva er parallell kompetanse

Tingrett, jordskifterett og lensmenn, namsfut og politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver, såkalla «lensmannsskjønn», har på nokre område kompetanse til å styre og avheimle same slags skjønn. Kompetansefordelinga kan variere frå område til område. Kompetansen innafor eit skjønnstema kan liggje til tingrett og jordskifterett (for eksempel skjønn ved skade vald av rein), eller han kan liggje til jordskifterett og «lensmannsskjønn» (for eksempel skjønn etter servituttlova). Ein tredje situasjon har ein der kompetansen ligg til tingrett, jordskifterett eller «lensmannsskjønn». Det er tilfelle for vegskjønn etter veglova kapittel VII. Eit slikt skjønn er i utgangspunktet eit rettsleg skjønn, men det kan gå som «lensmannsskjønn», dersom partane er samde om det. Ligg eigedommen i eit LNFR-område (landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift etter plan- og bygningslova §§ 11-7 nr. 5 og 12-5 nr. 5), held jordskifteretten skjønnet dersom rekvirenten set fram krav om skjønn for jordskifteretten, sjå veglova § 60 andre ledd. Ulike omgrep blir brukt for å karakterisere kompetansesituasjonen. Mest vanleg er «overlappande kompetanse», «delt kompetanse» eller «parallell kompetanse». Departementet brukar omgrepet «parallell kompetanse» i denne lovproposisjonen.

11.3.2 Kven kan halde skjønn

Når ikkje anna er bestemt ved lov, skal tingretten med skjønnsmedlemmer halde skjønnsforretningar, sjå skjønnsprosesslova § 5 første ledd. Andre organ kan berre halde skjønnsforretning når det er særskilt bestemt i lov. Det er i nokre tilfelle bestemt at ein lensmann, namsfut eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver kan styre skjønn (såkalla lensmannsskjønn). Ut over dette kan jordskifteretten halde skjønn etter reglar i jordskiftelova eller andre lover.

11.3.3 I kva for situasjonar har tingrett, jordskifterett og «lensmannsskjønn» parallell kompetanse

Tingrett og jordskifterett har parallell kompetanse når det gjeld dei avtaleskjønna jordskifteretten kan halde i medhald av jordskiftelova § 6 tredje og fjerde ledd. Tingretten kan alltid halde skjønnet, men partane kan avtale at jordskifteretten skal halde skjønnet. Kompetansen jordskifteretten har til å halde avtaleskjønn etter § 6 tredje og fjerde ledd, er likevel stadleg avgrensa, sjå jordskiftelova § 6 femte ledd.

Tingrett og jordskifterett har parallell kompetanse i saker om utmåling av erstatning for skade valde av rein etter reindriftslova § 70. Rekvirenten kan velje mellom tingrett og jordskifterett dersom han vil ha avgjerd etter reindriftslova § 70.

Skjønn etter veglova er rettslege skjønn. Desse skjønna kan likevel haldast som «lensmannsskjønn» når partane er samde om det. Når det gjeld vegskjønn etter veglova kapittel VII (private vegar), har òg jordskifteretten skjønnskompetanse. Jordskifteretten kan etter jordskiftelova § 43 andre ledd halde slike skjønn, dersom skjønnet er nødvendig av omsyn til jordskifte. Jordskifteretten kan halde slike skjønn, sjølv om det ikkje gjeld eigedommar som kjem inn under jordskiftet. Jordskifteretten har òg kompetanse til å halde vegskjønn etter kapittel VII etter veglova § 60. Rekvirenten må setje fram krav om skjønn for jordskifteretten, anten i samband med sak etter jordskiftelova § 6 første til fjerde ledd første punktum, eller som eiga sak.

Det er ikkje berre i veglova ein finn eksempel på parallell kompetanse heimla i særlov. Ein har fleire eksempel på at skjønn kan haldast, anten som «lensmannsskjønn», eller som skjønn for jordskifterett. Det er for eksempel tilfelle når det gjeld skjønn etter taubanelova, grannegjerdelova og servituttlova.

11.3.4 Bør jordskifteretten ha eksklusiv kompetanse

11.3.4.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår endringar på fleire punkt i reglane om parallell skjønnskompetanse. Arbeidsgruppa foreslår at jordskifteretten skal ha kompetanse aleine til å halde erstatningsskjønn etter reindriftslova § 70 og skjønn etter veglova kapittel VII (private vegar). Jordskifteretten skal ha denne kompetansen anten han held skjønnet i samband med jordskifte, eller som eiga sak. Arbeidsgruppa foreslår òg at jordskifteretten skal ha kompetanse aleine til å avgjere spørsmål om gjerdehaldstvang og gjerdehaldsdeling dersom det er kravd jordskifte, bruksordning, avløysing eller grensegang etter jordskiftelova. Dette gjeld òg gjerdeskjønn med grunnlag i avtale mellom partane. Arbeidsgruppa foreslår dessutan å leggje kompetansen til å omskipe og avskipe servituttar etter servituttlova §§ 5 til 7, og utvise skog etter § 13 til jordskifteretten aleine.

11.3.4.2 Høyringsinstansane

Mange høyringsinstansar uttaler seg om parallell kompetanse. Høyringsuttalane viser at det er delte meiningar om disse spørsmåla. Høyringsuttalane kan grovt reknast i to grupper. I den eine dei som i hovudsak gjeld tilhøvet mellom tingrett og jordskifterett og den andre dei som gjeld tilhøvet mellom jordskifterett og såkalla lensmannsskjønn.

Parallell kompetanse tingrett – jordskifterett

Justisdepartementet er generelt skeptisk til å utvide kompetansen til særdomstolar, særleg dersom kompetansen til dei alminnelege domstolane skal reduserast tilsvarande. Ei utviding bør vere grunna i at særdomstolen har kvalifikasjonar som gjer den vesentleg betre egna enn dei alminnelege domstolane til å avgjere tvisten. I den grad jordskifteretten har ein særleg kunnskap på området, bør likevel kompetansen truleg leggjast til jordskifteretten aleine. Særleg gjer dette seg gjeldande der det etter dei alminnelege reglar eksisterar ein parallell kompetanse mellom jordskifteretten og dei alminnelege domstolar. Utover dei tilfella der jordskifteretten har særskilde kvalifikasjonar på området, bør kompetansen til jordskifteretten avgrensast til skjønn i samband med jordskifte.

Domstoladministrasjonen (DA) meiner at jordskifteretten bør ta over nokre av skjønnsoppgåvene til tingretten. Jordskifterettane har ein fagleg kunnskap og erfaringsbakgrunn knytt til fast eigedom som gjer at ytterlegare skjønnskompetanse burde vore vurdert overført. Dette gjeld ei rekkje av «lensmannsskjønna», men òg skjønn som blir behandla i tingrett i første instans.

Statens vegvesen ser positivt på å endre reglane om parallell skjønnskompetanse. Dei har merka seg at høyringsforslaga mellom anna vil få konsekvensar for skjønn etter veglova kapittel VII (private vegar). Statens vegvesen uttaler at

«Her vil det kun være jordskifteretten som kan holde skjønn og den stedlige kompetansen vil ikke lenger bli avgrenset til LNF-områder. Vegdirektoratet mener dette vil bli en god løsning. Ettersom jordskifteretten i disse sakene ofte møter de samme spørsmål som under jordskifte, mener vi jordskifteretten er særlig kvalifisert til å ta seg av sakene. Vi sikter her særlig til spørsmål som gjelder kostnadsdeling og felles bruk.»

Dommerforeningen har på si side innvendingar mot forslaget om å føre vidare kompetansen jordskifteretten har til å halde avtaleskjønn som eiga sak etter jordskiftelova § 6 fjerde ledd andre punktum. Dommerforeningen ser dette i samband med forslaget til arbeidsgruppa om ta bort den stadlege avgrensinga av skjønnskompetansen til jordskifteretten som ein finn i fleire lover. Dommerforeningen uttaler at

«Skjønn innenfor byer og tettbygde strøk reiser erfaringsmessig kompliserte problemstillinger både av prosessuell og erstatningsrettslig karakter. Forslaget berører også jordskifterettens kapasitet til å påta seg stadig nye oppgaver utenfor domstolens kjernevirksomhet. Saksbehandlingstiden i jordskifteretten ligger på et helt annet nivå enn i de alminnelige domstoler. Det arbeides derfor med langsiktige planer for å redusere restansene og bringe saksbehandlingstiden gradvis nedover. Dersom jordskifterettens saksfelt skal utvides ytterligere, må det derfor begrunnes i et sterkt behov for å etablere et alternativ til tingrettens skjønnskompetanse. Dommerforeningen kan ikke se at dette behov er til stede. Spørsmålet er heller ikke problematisert i høyringsnotatet. Jordskifterettens kompetanse innenfor urbane områder bør derfor begrenses til avtaleskjønn som inngår som del av jordskifte, jf. utkastet § 5-1 første punktum. Den generelle adgang til å behandle skjønn som egen sak bør derfor gå ut.»

Fleire høyringsinstansar innan reindriftsnæringa er skeptiske, eller går i mot at jordskifteretten skal få eksklusiv kompetanse til å halde erstatningsskjønn etter reindriftslova § 70. Nokre spør seg om reindriftsnæringa vil oppfatte jordskifteretten som tilstrekkeleg nøytral, om jordskifteretten har den indre forståinga av reindrifta, og om det er rette tida for å gjere endringar. Reindriftsforvaltningen meiner ein kan spørje

«om reindriftsnæringen vil oppfatte jordskifteretten tilstrekkelig nøytral i tvister mellom jordbruk og reindrift. Vi antar at det i saker kan være grunnleggende tvil om dette i reindriftsnæringen. Det innebærer at kjennelse i jordskifteretten ikke får den nødvendige aksept som slike avgjørelser skal ha. Valgadgangen mellom jordskifterett og tingrett bør derfor opprettholdes.»

Reinbeitedistrikt 36 uttaler på si side at

«For skader forårsaket av rein er det ikke alltid reineieren alene som har skylden. Det er i dag mange flere grunner for slike skader, enn her for 30 til 50 år siden. Derfor er det viktig at domstolene har den indre reindriftsforståelsen.»

Reinbeitedistrikt 36 ser ingen grunn til å endre på dagens ordning, spesielt fordi ein i indre Finnmark har fått ein eigen tingsrett, der det samiske språket, kulturen og reindrift har ein eigen plass.

Norske Reindriftsamers Landsforbund meiner

«at en slik endring i kompetansespørsmålet ikke må gjennomføres nå. Samerettsutvalget 2 har enstemmig foreslått flere endringer i reindriftsloven, bl.a. i erstatningsreglene, se NOU 2007: 13 punktene 16.5.3 – 16.5.6 og s. 1230 flg. Etter Samerettsutvalgets forslag vil erstatningsreglene for skade voldt av rein komme på linje med de prinsipper som gjelder i den alminnelige erstatningsretten. Slike erstatningsrettslige spørsmål avgjøres i dag av de alminnelige domstolene, og slik bør det også være for reindriften. Når det gjelder skade som andre beitedyr gjør, for eksempel ku, sau eller geit, er det de vanlige domstolene som avgjør disse erstatningsspørsmålene, se beiteloven av 16. juni 1961. Det er ingen grunn til å sette skade som rein setter i en særstilling i forhold til andre beitedyr.»

Fleire høyringsinstansar seier meininga si om parallell kompetanse i tilhøvet mellom jordskifterett og «lensmannsskjønn». Her er òg meiningane delte.

Parallell kompetanse jordskifterett – lensmannsskjønn

Justisdepartementet uttaler seg mellom anna om kva som blir konsekvensane av forslaget til arbeidsgruppa samla sett. Forslaget vil

«innebære at det i begrenset grad vil være aktuelt med «lensmannsskjønn». Med tanke på antallet skjønnssaker antas å bli begrenset, er en nærliggende problemstilling hvordan kompetansen på skjønnssaker skal opprettholdes (herunder utformingen av et passende undervisningsopplegg på Politihøgskolen). En fullstendig oppheving av ordningen med lensmannsskjønn vil kunne være en mulig tilnærming. Uansett anser vi det som nødvendig at disse konsekvenser av arbeidsgruppens forslag hensyntas og vurderes i det videre arbeidet.»

Domstoladministrasjonen (DA) meiner det går fram av departementets mandat at arbeidsgruppa òg skal ta stilling til «om dei reglene som i dag legg avgjørelsesmyndighet til ulike domstoler i same slag saker bør oppretthaldast, eventuelt om det er behov for endringer, jf. dei arbeidsoppgåvene som er nemnde i NOU 2002: 9 kap 9.3.6.6.1». DA viser til at det i NOU 2002: 9 kap. 9.3.6.6.1 mellom anna er vist konkret til at lovutredninga bør sjå nærare på moglegheitene for å overføre lensmannsskjønn til jordskifterettane. DA kan ikkje sjå at det i høyringsforslaget er gjort ein generell gjennomgang av ulike typar skjønn og skjønnskompetanse innanfor gjeldande lovgjeving. Høyringsforslaget drøfter i svært avgrensa grad spørsmålet om overføring av ytterlegare skjønnskompetanse til jordskifterettane etter deira meining.

DA viser til kor mange ulike heimlar det er av såkalla lensmannsskjønn og at med berre tre unntak er dette skjønn som i all hovudsak er relatert til fast eigedom. DA samanliknar òg grunnutdanninga ved politihøgskolen med undervisninga retta mot jordskiftekandidatane. DA meiner at jordskifterettane har ein fagleg kompetanse og erfaringsbakgrunn knytt til fast eigedom som gjer at ytterlegare skjønnskompetanse burde vore vurdert overført. Dette gjeld ei rekkje av «lensmannsskjønn», men òg skjønn som blir behandla i tingrett i første instans.

Politidirektoratet sluttar seg òg til forslaget til ny jordskiftelov om skjønn. Dei legg vekt på behovet for eit sterkt fagmiljø og eit visst sakstilfang for å kunne oppretthalde nødvendig kunnskap på området, samt omsynet til likebehandling.

Norges Bondelag støttar òg forslaga frå arbeidsgruppa. Dei meiner at kompetansen til å avgjere spørsmål om gjerdehaldstvang og kostnadsfordeling etter grannegjerdelova, fullt ut bør leggjast til jordskifteretten. Jordskifteretten har god kunnskap til å avgjere slike spørsmål, ein kunnskap som dei alminnelege domstolane ofte manglar.

Fleire jordskifterettar gir uttrykk for at dei støttar forslaga heilt eller delvis. Sør-Rogaland jordskifterett seier at

«Rent bortsett fra servituttskjønn er vi enig med arbeidsgruppas forslag og begrunnelse. Vi mener som arbeidsgruppa at servituttskjønn kan gå for jordskifteretten alene, men er skeptisk til å flytte bestemmelsene fra servituttloven.»

Gulating jordskifteoverrett uttaler på si side at

«Forslaget fører til at jordskifteretten får eksklusiv kompetanse til mellom anna å halde beiteskjønn, gjerdeskjønn, servituttskjønn og skjønn etter reindriftslova. Samstundes blir jordskifteretten si stadlege avgrensing av skjønnskompetanse oppheva. Vi er samde i forslaga og meiner at dette kan føre til meir lik handsaming av slike saker.»

Det har òg kome innvendingar mot forslaget til arbeidsgruppa om å leggje einskilde skjønnstypar til jordskifteretten aleine. Norges Politilederlag ønskjer at ordninga med «lensmannsskjønn» skal førast vidare. Norges Politilederlag uttaler mellom anna at

«Det er grunn til å understreke at for at et slikt gjøremål for lensmenn/namsfogder/politistasjonssjefer skal kunne utføres på en skikkelig måte og for at kompetansen skal kunne opprettholdes må det være et visst volum på gjøremålet. Vi nevner også at det i dag foregår hensiktsmessig undervisning i faget på politiskolen.»

Rødøy kommune har òg innvendingar. Kommunen uttaler

«at jordskifteretten vil trenge lang tid for å ta opp en sak. Det må fortsatt være anledning for lensmannsskjønn i beite og gjerdetvister der det trenges en snar avgjørelse for kortere eller nærmere avgjort tidsrom.»

11.3.4.3 Departementets vurderingar

Generelt

Departementet meiner at lovreguleringa av skjønn og andre avgjerder etter andre lover reiser fleire problemstillingar. Ein må sørgje for å leggje kompetansen til å halde skjønn eller treffe andre avgjerder til den instansen som er best fagleg rusta til det. Det kan vere fleire instansar som har tilstrekkeleg fagleg kunnskap. Ein må òg ta omsyn til mogleheita brukarane har til å finne fram til rett instans, til den saksbehandlingstida ein må rekne med, og den tiltrua brukarane har til at behandlinga er upartisk, anten det er tingretten, jordskifteretten eller «lensmannsskjønn» som held skjønnet eller tek avgjerda.

Spørsmål om å gjere endringar i reglar som inneber parallell kompetanse har vore oppe til drøfting tidlegare. Ei slik vurdering er mellom anna gjort i Ot.prp. nr. 106 (2002–2003) Om lov om endringer i domstolloven og jordskifteloven (jordskifterettenes stilling og funksjoner) punkt 7.6, som viser til utgreiinga til Løken-utvalet i NOU 2002:9 Jordskifterettenes stilling og funksjoner. Utvalet vurderte spørsmålet slik:

«En rekke skjønn etter særlov kan eventuelt vurderes lagt eksklusivt til jordskifterettene. Dette gjelder for eksempel gjerdeskjønn, beiteskjønn (som jordskifterettene i dag har hjemmel til å behandle), visse skjønn etter vegloven og skjønn etter servituttloven og jordloven.»

Landbruks- og matdepartementet slutta seg i hovudsak til merknadene til utvalet om framtidige oppgåver. Mandatet departementet ga til arbeidsgruppa som skulle vurdere ny jordskiftelov viser synspunkta, sjå kapittel 2.

Når ein vurderer om jordskifteretten skal få utvida sin kompetanse til å halde skjønn og ta andre avgjerder, må ein ta omsyn til at jordskifteretten behandlar langt fleire problemstillingar nå enn da gjeldande jordskiftelov blei til. Problemstillingane er av ulik karakter. Jordskifteretten er nå inne i urbane strok, og er såleis godt kjende med dei spesielle problema som saker i slike strok reiser. Departementet meiner jordskifteretten i mykje større grad enn tidlegare er i stand til å løyse problemstillingar av prosessuell og erstatningsrettsleg karakter i både rurale og urbane strok.

Erstatningsskjønn etter reindriftslova § 70

Fleire høyringsinstansar innan reindrifta ønskjer at det framleis skal vere mogleg for partane å kunne velje mellom tingrett og jordskifterett når det gjeld erstatningsskjønn for skade valde av rein etter reindriftslova § 70. Reindriftsforvaltinga reiser for eksempel spørsmål om reindriftsnæringa vil oppfatte jordskifteretten som tilstrekkeleg nøytral i tvistar mellom jordbruk og reindrift. Reinbeitedistrikt 36 uttaler at det er viktig at domstolane har det dei omtalar som «den indre reindriftsforståelsen». Norske Reindriftsamers Landsforbund meiner at det ikkje er rette tida til å gjere endringar nå.

Spørsmålet om jordskifteretten skal ha skjønnskompetanse i erstatningsskjønn etter reindriftslova § 70, og om den eventuelt skal dele den med tingretten, er tidlegare drøfta i Ot.prp. nr. 28 (1994–95) Om lov om endringar i reindriftsloven, jordskifteloven og viltloven. Landbruksdepartementet vurderte både jordskifteretten og herads- eller byretten som moglege instansar for slikt erstatningsskjønn. Departementet kom til at både jordskifterett og herads- eller byrett er egna til å halde desse skjønna. Departementet meinte at det burde vere høve til å velje jordskifterett eller herads- eller byrett og peikte på at ein har ei tilsvarande ordning for grensegangssaker etter jordskiftelova § 88.

Departementet er i nokon tvil om behovet for å ha ein valfridom i saker etter reindriftslova § 70. Departementet har likevel merka seg at det innan reindrifta kan vere tvil om jordskifteretten er tilstrekkeleg nøytral i tvistar mellom reindrift og jordbruk. Reindriftsforvaltinga seier i si uttale at det kan vere grunnleggjande tvil om det i reindriftsnæringa. Ein slik skepsis er òg kome til uttrykk i Ot.prp. nr. 25 (2006–2007) Om lov om reindrift (reindriftsloven) punkt 8.20 side 47.

Det er eit mål at det skal gå føre seg ei tillitsskapande behandling av saker i jordskifteretten på lik line med dei krava ein stiller til behandlinga i andre rettar. For jordskifteretten er det særleg kome til uttrykk i lovforslaget § 1-1 andre ledd. Den nye jordskiftelova skal leggje til rette for mellom anna rettferdig og tillitsskapande behandling av sakene. Jordskifteretten må opptre nøytralt for å nå dette målet. Lovforslaget § 6-16 fjerde ledd kan bidra til at målet blir nådd. Det er sagt i føresegna at «Retten må gi rettleiinga på ein måte som ikkje svekkjer tilliten til at han er upartisk. Retten kan ikkje gi partane råd om standpunkt i tvistespørsmål, eller om kva prosesshandlingar dei bør setje i verk.» Det er uansett ikkje berre i saker om erstatning etter reindriftslova § 70 der det er viktig for jordskifteretten å opptre nøytralt. Det gjeld for alle dei sakene jordskifteretten har til behandling.

Departementet meiner det ikkje er grunn til å tru noko anna enn at jordskifteretten vil opptre like nøytralt i tvistar mellom reindrift og jordbruk som det dei alminnelege domstolane gjer. Høyringsuttalane frå Norske Samers Riksforbund, Norske Reindriftsamers Landsforbund og Reinbeitedistrikt 36 tyder på at næringa har tiltru til den faglege kompetansen til jordskifteretten når det gjeld å ordne opp i konfliktar mellom dei som utøvar reindrift. Når næringa har denne tiltrua til jordskifteretten, skulle det heller ikkje vere grunnlag for skepsis til nøytraliteten til jordskifteretten i saker etter reindriftslova § 70.

Det er òg høyringsuttalar som støttar forslaget til arbeidsgruppa. Hålogaland jordskifterett meiner det er riktig at jordskifteretten får einekompetansen på nokre sentrale område, mellom anna når det gjeld skjønn etter reindriftslova.

Sjølv om det ikkje er grunnlag for å tru at jordskifteretten vil opptre partisk i saker etter reindriftslova § 70, er det likevel ikkje rett å endre reglane dersom fleire aktørar innan reindrifta framleis stiller spørsmålsteikn ved nøytraliteten til jordskifteretten i skjønnsaker etter reindriftslova § 70. Norske Reindriftsamers Landsforbund viser til at Samerettsutvalget 2 samstemt har foreslått fleire endringar i reindriftslova, mellom anna i erstatningsreglane, sjå NOU 2007: 13 punkta 16.5.3 – 16.5.6 og side 1230 flg. Etter forslaget til Samerettsutvalget vil erstatningsreglane for skade voldt av rein komme på line med dei prinsippa som gjeld i den alminnelege erstatningsretten. Slike erstatningsrettslige spørsmål avgjer dei alminnelege domstolane i dag. Departementet meiner ein bør vente og sjå kva som kjem ut av arbeidet med innstillinga frå Samerettsutvalget.

Departementet foreslår etter dette ikkje endringar i kompetansen til å halde skjønn etter reindriftslova § 70.

Parallell kompetanse, jordskifterett – såkalla lensmannsskjønn

Når det gjeld parallell kompetansedeling mellom jordskifterett og «lensmannsskjønn» meiner departementet at ordninga gjer regelverket komplisert.

Det vil for vanlege rekvirentar kunne vere vanskeleg å finne fram til rett instans og finne ut korleis sakene skal behandlast.

Departementet meiner òg at ein bør gjere reglane om rettsmiddel enklare. Høyrer skjønnsforretninga under «lensmannsskjønn», kan partane etter skjønnsprosesslova § 31 første ledd klage til tingretten over nærare nemnde avgjerder forut for forretninga, eller som blir trefte under forretninga. Lensmannsskjønn kan elles prøvast ved overskjønn når ikkje anna er bestemt ved lov. Ingen av «lensmannsskjønna» det er aktuelt å gi til jordskifteretten aleine, er tekne unna denne regelen. Dersom jordskifteretten held skjønnsforretninga i staden, vil desse spørsmåla behandlast av lagmannsretten.

Departementet meiner at ein må ha eit visst volum på gjeremåla for at dei skal kunne utførast på ein skikkeleg måte. Departementet meiner det kan vere ein fordel å leggje kompetanse til eit organ aleine. Det vil auke kunnskapen og erfaringa til den retten som har kompetansen. Dette må reknast for å vere sers viktig på område der det er få saker. Ein må òg sjå på korleis ein utdannar dei som skal leie skjønnssaker. Det går føre seg ei hensiktsmessig undervising på Politihøgskolen, men det er grunn til å tru at undervisinga av jordskiftekandidatane er meir retta inn på å løyse skjønnsoppgåver, noko Domstoladministrasjonen er inne på i sin høyringsuttale.

Det er om lag 22 heimlar for «lensmannsskjønn» fordelt på ulike lover. Reduserar ein talet på «lensmannsskjønn», som år om anna ikkje er stort, med 5 sakstypar slik departementets lovforslag går ut på, vil det kunne føre til ei gradvis nedtrapping av kunnskapen og erfaringa til dei som held «lensmannsskjønn». Det er ikkje heldig med tanke på dei skjønnsforretningar lensmenn skal halde etter andre lover. Det viktigaste er likevel å gjere skjønnsordninga mest mulig forståeleg, og gjere dei aktørane som opptrer så gode som mogleg. Det får ein til om ein legg meir kompetanse til jordskifteretten. Ein bør seinare vurdere om det er andre skjønnsforretningar som òg bør styrast av jordskifteretten.

Departementet meiner parallell kompetanse kan gjere det vanskelegare å få likebehandling av same type sak. Det er truleg vanskeleg for styrarane av lensmannsskjønn å halde seg orientert om resultata i jordskifteskjønna og omvendt. Ein får truleg lettare einsarta praksis ved å redusere omfanget av parallell kompetanse.

På den andre sida er det fordelar knytt til ordninga med «lensmannsskjønn». I Ot.prp. nr. 43 (2003–2004) Om lov om endringer i rettergangslovgivningen m.m. (organiseringen av den sivile rettspleie på grunnplanet) er det i punkt 6.6 mellom anna sagt at «lensmannsskjønn» ofte vil falle rimelegare enn rettslege skjønn. Grunnen til det er mellom anna at det ved «lensmannskjønn» skal delta to skjønnsmenn, medan det ved tingretten som hovudregel skal delta fire skjønnsmenn. Det blir dessutan halde fram at partane oftare vil føle behov for advokat når skjønnet går for tingretten.

Det som står i avsnittet over gjeld tilhøvet mellom skjønnsforretningar for tingretten og lensmannsskjønn. I nokon grad gjeld det òg i tilhøvet mellom jordskifterett og lensmannsskjønn. Departementet foreslår å endre reglane om samsetjinga til jordskifteretten, slik at hovudregelen blir at jordskifteretten kan setjast med jordskiftemeddommaren som einedommar. Partane kan dermed la saka gå utan meddommarar om dei vil spare kostnadene til dette. Ei endring vil såleis ikkje føre til auka kostnader av avgjerande tyding for skjønn og andre avgjerder i samband med sak for jordskifterett. For skjønn og andre avgjerder i eiga sak, følgjer kostnadene av skjønnsprosesslova. Det er elles i praksis ikkje så vanleg at partane brukar advokat i saker for jordskifteretten. Departementet fryktar såleis ikkje at partane skal føle auka behov for å bruke advokat om skjønn blir halde av jordskifteretten i staden for at det blir halde som eit «lensmannsskjønn».

Departementet foreslår etter dette endringar i reglane om parallell kompetanse både når det gjeld tilhøvet mellom tingrett og jordskifterett og når det gjeld tilhøvet mellom «lensmannsskjønn» og jordskifterett. Departementet foreslår òg at jordskifteretten skal overta kompetansen til å halde skjønn på område der ein i dag har lensmannsskjønn. Forslaga går fram av den tematiske gjennomgangen i punkt 11.5.

11.4 Stadleg avgrensing

11.4.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å ta bort den stadlege avgrensinga (knytt til plan- og bygningslova) av kompetansen som jordskifteretten har til å halde skjønn etter jordskiftelova § 6, veglova § 60, grannegjerdelova § 16 og servituttlova § 19.

11.4.2 Høyringsinstansane

Ei rekkje høyringsinstansar uttaler seg om forslaget. Mange av dei som uttaler seg meiner at ein bør fjerne den stadlege avgrensinga (knytt til plan- og bygningslova) av kompetansen som jordskifteretten har. Nokre få meiner at det er grunn til å halde på avgrensinga.

Justisdepartementet er av dei som meiner at avgrensinga bør fjernast. Dei uttaler:

«Justisdepartementet peker også på at når skjønnsprosessloven skal revideres, vil også jordskifterettens skjønnskompetanse måtte vurderes. Men vi kan ikke se at dette hindrer at en allerede nå kan fremme forslag om utvidelse av jordskifterettens skjønnskompetanse der hvor dette nettopp er begrunnet i rettens særlige kompetanse på området og eventuelt for å unngå en uønsket dobbeltkompetanse. Generelt sett støtter vi derfor arbeidsgruppens forslag om utvidelser i jordskifterettens skjønnskompetanse, men ber om at de retningslinjer som er antydet her hensyntas i det videre lovarbeidet.»

Domstoladministrasjonen (DA) meiner ein bør fjerne avgrensinga. DA uttaler:

«Lovforslaget innebærer også at den stedlige begrensningen for jordskifterettens skjønnskompetanse oppheves. DA støtter disse delene av lovforslaget og mener dette er et viktig og nødvendig grep for å sikre en mer rasjonell, effektiv og lik behandling av skjønnssaker.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme og Statens vegvesen er positive til at den stadlege avgrensinga blir teken bort. Det same er Fylkesmannen i Hordaland fordi det dreier seg om sakstypar der jordskifteretten har god kompetanse, og der handsaming i jordskifteretten kan finne stad på ein meir kostnadseffektiv måte enn ved nåverande ordning. Vegdirektoratet meiner òg ein får ei god løysing når kompetansen til jordskifteretten ikkje lenger avgrensast til LNF område. Ettersom jordskifteretten i disse sakene ofte møter dei same spørsmåla som under jordskifte, meiner Vegdirektoratet at jordskifteretten er særlig kvalifisert til å ta seg av sakene. Dei sikter særleg til spørsmål som gjeld kostnadsdeling og felles bruk. Vegdirektoratet peikar òg på at høyringsforslaget kan få konsekvensar for skjønn som partane kan avtale etter § 6 fjerde ledd i jordskiftelova. Dette vil føre til at det utanfor LNF område blir høve til å avtale at jordskifteretten held skjønn for å få fastsett erstatning i samband med grunnerverv. Dette ser Vegdirektoratet som ein fordel, fordi jordskiftedommarar har ein kompetanse innanfor verdsetjing som tingrettsdommarar etter deira meining til vanleg ikkje har.

Dommerforeningen meiner kompetansen til jordskifteretten innanfor urbane område bør avgrensast til avtaleskjønn som inngår som ein del av jordskifte. Det generelle høvet til å behandle skjønn som eiga sak, bør gå ut. Jordskifterettane har gjennom sin spesielle kompetanse fått tilført jordskiftefaglege oppgåver innafor urbane område, men det kan etter deira meining ikkje utan vidare gi grunnlag for å gi dei generell skjønnskompetanse på line med tingrettane innanfor det same området. Dommerforeningen viser til at skjønna i urbane strok erfaringsmessig reiser kompliserte problemstillingar, både av prosessuell og erstatningsrettsleg karakter. Forslaget rører òg ved kapasiteten til jordskifteretten til å ta på seg stadig nye oppgåver utanfor kjerneverksemda til domstolen. Saksbehandlingstida i jordskifteretten ligg på eit heilt anna nivå enn i alminnelege domstolar. Dersom saksfeltet til jordskifteretten skal utvidast ytterlegare, må det difor bli grunna i eit sterkt behov for å skipe eit alternativ til skjønnskompetansen til tingretten. Dommerforeningen kan ikkje sjå at dette behovet er til stades.

11.4.3 Departementets vurderingar

Kompetansen som jordskifteretten har til å halde skjønn etter gjeldande jordskiftelov § 6, veglova § 60, grannegjerdelova § 16 og servituttlova § 19 er stadleg avgrensa. Avgrensinga inneber at jordskifteretten i hovudsak berre kan halde skjønn for areal som er lagt ut som landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift i medhald av § 11-7 nr. 1 i plan- og bygningslova eller er regulert til slik bruk eller vern, eller areal som ligg i uregulert område.

Den stadlege avgrensinga i gjeldande jordskiftelov § 6 er språkleg sett ikkje heilt lik avgrensinga i veglova § 60, grannegjerdelova § 16 og servituttlova § 19. Dette kompliserar reglane noko.

Gjeldande jordskiftelov § 6 femte ledd første punktum inneheld hovudregelen for den stadlege avgrensinga for saker etter gjeldande jordskiftelov § 6. Kompetansen til jordskifteretten til å halde skjønn etter gjeldande jordskiftelov § 6 er avgrensa til å gjelde for areal som er lagt ut til landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift i medhald av § 11-7 nr. 1 i plan- og bygningslova, eller er regulert til slik bruk eller vern, eller ligg i uregulert område. Det er gjort eit unntak i § 6 femte ledd andre punktum. Jordskifteretten kan likevel halde skjønn etter første, andre og tredje ledd, dersom det er nødvendig av omsyn til jordskiftet når dei interessene som det blir rokka ved gjeld landbruk-, naturvern- eller friluftsliv, eller når det ligg føre særlege grunnar. Ein finn ikkje den same unntaksregelen i veglova § 60, grannegjerdelova § 16 og servituttlova § 19. Dei ulike reglane bidrar til å komplisere reglane.

Når det gjeld grunngjevinga for den stadlege avgrensinga i veglova § 60, grannegjerdelova § 16 og servituttlova § 19, blir det i forarbeida vist til grunngjevinga for avgrensinga av kompetansen etter gjeldande jordskiftelov § 6 femte ledd første punktum, sjå Ot.prp. nr. 57 (1997–98) om lov om revisjon av jordskiftelova side 37. På side 37 er det sagt følgjande om den stadlege avgrensinga i jordskiftelova § 6:

«Framlegget er ei vesentleg avgrensing i høve til framlegget i oppgåverapporten, som gjekk ut på at jordskifteretten skulle ha kompetanse i heile landet. Etter departementet si meining er det først og fremst LNF-områda jordskifteretten har røynsle frå gjennom samferdselsjordskifte, det er slike område spisskompetansen i verdsetting knyter seg til, og det er i slike område tilhøva i dag ligg best til rette for arealbyte, tilleggsjord og store skiftegevinstar.»

Det står vidare følgjande om unntaket på side 37 om forslaget til unntak i § 6 femte ledd andre punktum:

«Departementet finn det nødvendig å gjere framlegg om unntak frå hovudregelen om stadleg kompetanse. Det må framleis vere heimel til å take med eigedomar som fell utanfor omgrepet LNF-område når det er nødvendig av omsyn til jordskiftet.»

Det står vidare på side 37 at departementet meiner

«det må gjerast unnatak for dei høve det er motstrid mellom formell planstatus og realitet. Problemstillinga kan illustrerast med eit døme. Eit skogareal vert lagt ut som byggeområde i arealdelen av kommuneplan. Styresmaktene vedtek seinare at området skal vernast som reservat etter naturvernlova. Etter departementet sitt framlegg til hovudregel vil det i slike høve kunne oppstå tvil om den stadlege kompetansen. Departementet legg til grunn at det må vere den reelle situasjonen som vert avgjerande for jordskifteretten sin kompetanse i slike høve. Departementet gjer derfor framlegg om at jordskifteretten skal ha kompetanse når dei interesser som vert berørt gjeld landbruk, naturvern eller friluftsliv. Det er såleis desse interessene som er dei dominerande i jordskiftet og i skjønnet. Endeleg ser departementet det som naudsynt med eit unnatak når det ligg føre særlege grunnar. Dette vil vere aktuelt for mindre samanhengande område som vert omfatta av ei større jordskiftesak. Føresetnaden for dette er at det framstår som praktisk og prosessøkonomisk – og at partane er samde om det.»

Det har stadig skjedd ei utvikling når det gjeld verkeområdet til jordskifteretten. Gjeldande jordskiftelov § 2 fekk med verknad frå 1. januar 2007 eit tillegg slik at jordskifteretten etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd (ny) bokstav h kan fordele arealverdiar og fordele kostnader ved ulike sams tiltak i og for område for bebyggelse og anlegg etter §§ 11-7 nr. 1 og 12-5 nr. 1 i plan- og bygningslova. Jordskifte kan òg etter gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd (ny) bokstav i gå ut på å omforme eigedommar og rettar på grunnlag av utenlege eigedomstilhøve som følgje av godkjent reguleringsplan etter plan- og bygningslova i område som gjeld eksisterande byggjeområde og nytt byggjeområde.

Departementet meiner den erfaringa jordskifteretten har fått etter å ha behandla saker i urbane strok sidan 2007 inneber at ein nå kan sjå annleis på spørsmålet. Jordskiftelova gjeld for byar og tettstader med mindre det ligg føre lovpositive unntak. Jordskifteretten har sidan 1934 hatt kompetanse til å halde grensesaker. Jordskifteretten er i byar og tettstader når det gjeld reine jordskiftesaker.

Jordskifteretten har andre kompliserte oppgåver utanfor LNFR-området som avgrensar kompetansen til jordskifteretten. Det kan vere aktuelt å halde skjønn og ta avgjerd etter særlov i desse høve. Når jordskifteretten allereie har oppgåver, meiner departementet det er naturleg at dei òg held skjønn og tek andre avgjerder som følgjer med. Departementet meiner jordskifterettane nå har den kunnskapen og erfaringa som skal til for å halde desse skjønna uansett planstatus. Dei fleste høyringsinstansane som uttaler seg meiner det vil føre til ei god løysing om ein tek vekk den stadlege avgrensinga, sjå for eksempel uttalen til Statens vegvesen. Departementet er samd med desse høyringsinstansane. Jordskifteretten møter i desse sakene ofte dei same spørsmål som under jordskifte. Jordskifteretten må da reknast for særlig kvalifisert til å ta seg av sakene. Dette gjeld særleg spørsmål som gjeld kostnadsdeling og felles bruk.

Statens vegvesen uttaler òg at forslaget vil kunne få konsekvensar for skjønn som partane kan avtale etter § 6 fjerde ledd i gjeldande jordskiftelov. Forslaget inneber at det utanfor LNFR-område blir høve til å avtale at jordskifteretten held skjønn for å få utmålt erstatning i samband med grunnerverv. Dette ser Vegvesenet som ein fordel, ettersom jordskiftedommarar har kunnskap og erfaring innanfor verdsetjing som tingrettsdommarar som regel ikkje har. Departementet er samd i dette.

Departementet er samd med Dommerforeningen i at skjønn innafor byar og tettbygde strok erfaringsmessig reiser kompliserte problemstillingar både av prosessuell og erstatningsrettsleg karakter, men meiner likevel at jordskifteretten nå har den kompetansen som skal til for å løyse spørsmåla.

Departementet meiner òg som Fylkesmannen i Hordaland at behandling i jordskifteretten kan finne stad på ein meir kostnadseffektiv måte enn ved noverande ordning. Departementet er òg i tvil om ein vil få vesentleg lengre saksbehandlingstid i jordskifteretten enn i dei alminnelege domstolane. Dette er likevel eit administrativt spørsmål som ein meiner må kunne løysast.

Kommentarane i forarbeida til gjeldande jordskiftelov § 6 femte ledd andre punktum kan tyde på at det er ein vanskeleg regel å praktisere. Det inneber at ein kan få vanskelege grensetilfelle og det er ikkje heldig å ha eit så vidt uklart kompetansegrunnlag som den stadlege avgrensinga inneber. Departementet meiner det ligg ei vesentleg regelverkforenkling i forslaget om å ta bort den stadlege kompetanseavgrensinga. Da det dessutan må leggjast til grunn at jordskifterettane har den kunnskapen som skal til for å løyse desse sakene, òg utanfor det området dei allereie har kompetanse, kan departementet ikkje sjå nokon avgjerande grunn til å ha ei slik avgrensing framover.

11.5 Kompetansen til jordskifteretten

11.5.1 Skjønn i samband med tiltaksjordskifte, vernejordskifte med meir

11.5.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår ikkje endringar i det materielle innhaldet i gjeldande jordskiftelov § 6, med unntak av den stadlege avgrensinga av kompetansen til å halde skjønn, sjå punkt 11.5. Arbeidsgruppa meiner gjeldande jordskiftelov § 6 er noko vanskeleg å forstå, og foreslår to nye paragrafar i staden for ein som i dag. Arbeidsgruppa foreslår å korte ned på teksten. Det er ikkje meininga til arbeidsgruppa å endre det materielle innhaldet utover dette. Arbeidsgruppa foreslår å leggje kompetansen til å halde avtaleskjønn etter gjeldande jordskiftelov § 6 fjerde ledd andre punktum til ein eigen paragraf fremst i kapitlet. Arbeidsgruppa foreslår dessutan å føre vidare presiseringa i jordskiftelova § 6 sjette ledd om at paragrafen ikkje gjeld for ekspropriasjon og regulering av eigarrådveldet i vassdrag.

11.5.1.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) konstaterer at arbeidsgruppa foreslår å føre vidare avgrensinga i skjønnskompetansen ved vernejordskifte. Forslaget synest ikkje å vere utreda eller grunna. DA konstaterer at jordskiftedomstolane har kompetanse til å fastslå om det ligg føre eit erstatningsgrunnlag i fleire andre erstatningsskjønn, så som ved tiltaksjordskifte og reinbeiteskjønn. DA ser derfor ingen fagleg og sakleg grunn til at denne særregelen ved vernejordskifte skal førast vidare.

Jordskiftedommarane iGulating jordskiftedømme konstaterar at høyringsforslaget § 5-2 om skjønn ved tiltaks- og vernejordskifte fører vidare føresegna som gjeld i dag. Paragrafen har etter deira syn fått ei god utforming.

Jordskiftedommarane i Eidsivating jordskiftedømme meiner at siste del av høyringsforslaget til arbeidsgruppa § 5-2 må takast bort. Dei meiner at jordskifteretten må kunne behandle både erstatningsspørsmålet og sjølve skjønnet ved offentleg ekspropriasjon til bestemte tiltak eller ved «offentleg regulering av rådighetsinnskrenkning». Det er etter deira meining ufornuftig å kjøre to parallelle løp for å avgjere det same. Dei meiner dette ligg godt innafor kompetansen til jordskifteretten. Dei seier dei er vant til dette i samband med mellom anna tålegrenser. Ny naturmangfoldlov gjer òg spørsmålet enklare etter deira meining.

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler om gjeldande jordskiftelov § 6 andre ledd:

«Vi meiner i alle høve at det ikkje kan vere nødvendig at spørsmålet om erstatning eller ikkje først skal avgjerast av dei ordinære domstolane, og at jordskifteretten kjem etter og gjennomfører skjønnet. Jordskifteretten må få heimel til å dekkje heile prosessen.»

Sør-Trøndelag jordskifterett meiner teksten i høyringsforslaget § 5-2 er omstendeleg og foreslår følgjande lovtekst: «Jordskifteretten held skjønn under tiltaksjordskifte og vernejordskifte.»

Fleire høyringsinstansar meiner det er unødvendig å seie i lova når jordskifteretten ikkje kan halde skjønn. Advokatforeningen uttaler dessutan at det kan skapast eit inntrykk av at kapitlet skal gjelde i alle skjønnstilfelle der det ikkje spesifikt er gjort unntak. Grunnen til det er at det i kapitlet seiast kompetansen ikkje gjeld for ekspropriasjon og regulering av eigarrådvelde i vassdrag.

11.5.1.3 Departementets vurderingar

Skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte

Departementet foreslår å knytte dei skjønna som i dag er heimla i gjeldande jordskiftelov § 6 første ledd til omgrepet tiltaksjordskifte og skjønn etter gjeldande jordskiftelov § 6 andre ledd til omgrepet vernejordskifte. Omgrepa tiltaksjordskifte og vernejordskifte blir ikkje brukt i gjeldande jordskiftelov § 6. Det er likevel vanleg å kalle jordskifta omhandla i første og andre ledd for tiltaksjordskifte og vernejordskifte. Omgrepet tiltaksjordskifte blir definert i lovforslaget § 1-3 bokstav b. Innhaldet i lovforslaget § 1-3 bokstav b er meint å dekkje det ein til vanleg har forstått med tiltaksjordskifte. Med tiltaksjordskifte er meint jordskifte som følgje av iverksetjing av slike tiltak som bygging, utbetring, vedlikehald, drift og nedlegging av anlegg. Omgrepet vernejordskifte er definert i lovforslaget § 1-3 bokstav c. Med vernejordskifte er meint jordskifte som er ein følgje av offentleg regulering av eigarrådvelde.

Jordskifteretten «held» ekspropriasjonsskjønnet ved tiltaksjordskifte når den er stadleg kompetent. Jordskifteretten har såleis eksklusiv kompetanse når skjønn blir halde samtidig med eller i samband med jordskifte innafor eit stadleg avgrensa område. Departementet meiner ein bør føre vidare den eksklusive kompetansen jordskifteretten har til å halde tiltaksskjønn i samband med jordskifte i den nye jordskiftelova.

I gjeldande jordskiftelov § 6 første ledd står det at jordskifteretten «held» ekspropriasjonsskjønnet, medan det i andre ledd står at jordskifteretten «kan halde» erstatningsskjønnet. Når det i andre ledd står at jordskifteretten kan halde erstatningsskjønnet, så kan det tyde på at jordskifteretten og tingretten har parallell kompetanse. Departementet meiner jordskifteretten framleis skal ha kompetanse til å halde erstatningsskjønn ved offentleg regulering av eigarrådvelde når jordskifte blir halde i samband med slik regulering. Departementets forslag inneber at kompetansen skal vere eksklusiv for jordskifteretten i desse tilfella. Departementet meiner det fagleg sett ikkje er grunnlag for å skilje skjønn i samband med tiltaksjordskifte og skjønn i samband vernejordskifte. Ein får dessutan enklare reglar om ein har like reglar om kompetanse for disse skjønna. Jordskifteretten har den kunnskapen og erfaringa som skal til for å halde verneskjønnet og ein kan ikkje sjå at det skal vere nokon avgjerande grunn til at partane skal kunne velje mellom to rettar.

Etter gjeldande reglar kan jordskifteretten halde skjønn til fastsetjing av erstatning i samband med regulering av eigarrådvelde når vedkomande offentlege styresmakt sjølv legg til grunn at det skal ytast erstatning. Departementets forslag til nye reglar er ikkje meint å endre på dette.

Legg ikkje vedkomande offentlege styresmakt til grunn at det skal ytast erstatning, kan jordskifteretten berre halde skjønn til fastsetjing av erstatning, dersom det er rettskraftig avgjort av dei ordinære domstolane at det skal ytast erstatning. Departementet er samd med Jordskiftedommarane i Eidsivating jordskiftedømme og jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme i at denne avgrensinga bør takast bort.Departementet meiner det er fornuftig at jordskifteretten skal kunne behandle både erstatningsspørsmålet, og sjølve skjønnet ved offentleg regulering av eigarrådvelde. Departementet meiner jordskifteretten har den kunnskapen og erfaringa som skal til for å avgjere erstatningsspørsmålet. Jordskifteretten er vant til dette i frå saker som gjeld konfliktar mellom ulike interessegrupper. Departementet meiner òg som jordskiftedommarane i Eidsivating jordskiftedømme at spørsmålet har blitt enklare å avgjere med den nye naturmangfoldlova. Ein viser til naturmangfoldlova § 50 første ledd. Der står det at ein eigar eller rettshavar i ein eigedom som heilt eller dels blir verna som nasjonalpark, landskapsvernområde, naturreservat, biotopvernområde eller marint verneområde, har rett til erstatning frå staten for økonomisk tap. Det er eit vilkår at vernet fører til ei vanskeleggjering av igangverande bruk. For bruk som treng løyve frå offentleg myndigheit, gjeld retten til erstatning berre om løyve er gitt før det er kunngjort etter § 42. Ein viser òg som Domstoladministrasjonen til at jordskiftedomstolane har kompetanse til å fastslå om det ligg føre eit erstatningsgrunnlag i fleire andre erstatningsskjønn. Det er tilfelle ved tiltaksjordskifte og skjønn etter reindriftslova § 70. Departementet ser derfor ingen avgjerande grunn til at denne særregelen ved vernejordskifte skal førast vidare. Departementets lovforslag inneber at jordskifteretten skal avgjere ved dom om det skal ytast erstatning i dei tilfella vedkomande offentlege styresmakt sjølv ikkje har lagt til grunn at det skal ytast erstatning. Dette går fram av lovforslaget § 5-8 tredje ledd.

Departementet er samd med jordskiftedommarane i Eidsivating jordskiftedømme i at ein kan gjere heimelen enklare når en tek bort vilkåret om at erstatningsspørsmålet skal vere rettskraftig avgjort av dei ordinære domstolane. Ein kan da slå saman første og andre punktum i høyringsforslaget § 5-2, sjå lovforslaget § 5-1 første punktum. Sidan omgrepa tiltaksjordskifte og vernejordskifte er definerte i lovforslaget § 1-3 bokstavane b og c, meiner departementet at regelen vil bli lett å forstå.

Avtaleskjønn ved friviljug avståing av areal til formål det er ekspropriasjonsheimel for, friviljug avtale om regulering av eigarrådvelde og skjønn for eigedom som ikkje blir omfatta av jordskifte

Jordskifteretten kan etter gjeldande jordskiftelov § 6 tredje ledd halde skjønn når nokon samtidig med, eller i samband med jordskifte, friviljug avstår areal til formål det er ekspropriasjonsheimel for, eller når ein friviljug inngår avtale om regulering av eigarrådvelde. Det må liggje føre avtale mellom partane om at jordskifteretten skal halde skjønnet som del av jordskiftesaka. Departementet meiner denne kompetansen bør førast vidare i den nye jordskiftelova. Gjeldande jordskiftelov § 6 tredje ledd inneheld mellom anna formuleringa «avstår areal til føremål som det er ekspropriasjonsheimel for». Formuleringa famnar friviljug avstått areal i samband med tiltaksjordskifte. Gjeldande jordskiftelov § 6 tredje ledd famnar òg avtalar i samband med vernejordskifte. Når slike avtalar om innskrenkingar i råderetten blir inngått i samband med vernejordskifte, kan lovforslaget § 5-1 første punktum brukast som heimel for jordskifteretten til å halde skjønnet. Departementets forslag til § 5-1 første punktum er òg meint å famne dei avtaleskjønna som jordskifteretten kan halde etter gjeldande jordskiftelov § 6 tredje ledd.

Gjeldande jordskiftelov § 6 fjerde ledd første punktum gjeld kompetansen til jordskifteretten til å halde avtaleskjønn i samband med sak etter første til tredje ledd. Føresegna handlar om friviljug avståing av grunn, bruksrett eller ved friviljug avgrensing av eigarrådvelde for eigedom som heilt eller dels skal nyttast til erstatning og som ligg utanfor jordskiftefeltet når dette skjer i samband med jordskifte. Departementet foreslår at regelen i gjeldande jordskiftelov § 6 fjerde ledd første punktum skal førast vidare. I desse tilfella handlar det òg om avståing eller innskrenkingar i råderetten i samband med tiltaksjordskifte eller vernejordskifte. Heimelen til å halde desse skjønna er da lovforslaget § 5-1 første punktum.

Kompetansen til jordskifteretten til å halde skjønn etter gjeldande jordskiftelov § 6 tredje og fjerde ledd første punktum, er avgrensa til dei tilfella der det ligg føre avtale om skjønn for jordskifterett. Departementet meiner denne avgrensinga av kompetansen ikkje bør førast vidare i den nye jordskiftelova. Jordskifteretten har dei kvalifikasjonane som skal til for å halde slike skjønn. Det blir eit enklare regelverk om jordskifteretten får eksklusiv kompetanse. Kompetansen til jordskifteretten følgjer av lovforslaget § 5-1 og omgrepet «held». Departementet viser elles til drøftinga av parallell kompetanse i kapittel 11.3. Som ein følgje av dette foreslår departementet ikkje å føre vidare kravet om at det må liggje føre avtale om skjønn for jordskifterett.

Skjønn ved ekspropriasjon og regulering av eigarrådvelde i vassdrag

Fleire høyringsinstansar meiner at det er unødvendig å seie i lova at jordskifteretten ikkje kan halde skjønn i vassdrag. Det som etter deira meining må seiast er at jordskifteretten kan halde skjønn, ikkje at han ikkje kan halde skjønn. Departementet meiner at ein som hovudregel ikkje treng si at jordskifteretten manglar kompetanse til å halde skjønn. Departementet meiner likevel det er nødvendig å seie dette når det gjeld kompetansen til jordskifteretten til å halde skjønn ved tiltaksjordskifte og vernejordskifte i vassdrag. Ordlyden i lovforslaget § 5-1 første punktum famnar òg skjønn i vassdrag. Departementet meiner det da bør seiast klart i lova at skjønn i vassdrag ikkje skal vere ein del av kompetansen til jordskifteretten. Skjønn i vassdrag kan reise særlege problem. Det bør gjerast ei nærare utreiing om dette før ein gir jordskifteretten kompetanse til å halde slike skjønn, sjå Ot.prp. nr. 57 (1997–1998) Lov om vassdrag og grunnvann (vannressursloven) side 37. Departementet meiner såleis på grunn av det generelle utgangspunktet til føresegna i første punktum, at det framleis er behov for å seie at jordskifteretten ikkje har kompetanse til å halde skjønn i samband med tiltaks- og vernejordskifte i vassdrag. Departementet foreslår å føre vidare gjeldande jordskiftelov § 6 sjette ledd i lovforslaget § 5-1 andre punktum.

Skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett skilde ut som eiga sak

I nokre tilfelle kan det vere uhensiktsmessig å halde skjønn og ta dei avgjerdene som er heimla i lovforslaget §§ 5-1 til 5-3 som del av jordskiftesaka. Departementet foreslår derfor i lovforslaget § 5-6 at jordskifteretten skal kunne bestemme at saker etter lovforslaget §§ 5-1 til 5-3 skal behandlast som eiga sak. Ein av konsekvensane er da at saka skal behandlast etter reglane i skjønnsprosesslova. Jordskifteretten må da orientere partane om kva for konsekvensar det får.

Avtaleskjønn som eiga sak

I andre tilfelle enn dei som er nemnde i gjeldande jordskiftelov § 6 første til fjerde ledd første punktum, kan jordskifteretten halde avtaleskjønn som eiga sak, sjå § 6 fjerde ledd andre punktum. Denne kompetansen meiner departementet at jordskifteretten framleis skal ha. Departementets forslag inneber at partane framleis skal kunne velje mellom tingrett og jordskifterett. I dei tilfella partane kan avtale at jordskifteretten skal halde skjønn, deler jordskifteretten framleis sin formelle kompetanse med tingretten.

Når det gjeld kompetansen til jordskifteretten til å halde avtaleskjønn utan samband med jordskifte, meiner departementet at kompetansen til jordskifteretten bør stå i ein eigen paragraf, sjå punkt 11.2.3.5 og lovforslaget § 5-5.

11.5.2 Skjønn og andre avgjerder etter reindriftslova

11.5.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår ikkje å føre vidare ordninga med ein eigen skjønnsheimel i jordskiftelova for skjønn etter reindriftslova. Arbeidsgruppa foreslår eit skilje mellom materielle reglar og reglar om saksbehandling. Dei materielle reglane skal gå fram av reindriftslova, medan reglane om saksbehandling skulle gå fram av høyringsforslaget § 5-5. Arbeidsgruppa foreslår å endre reindriftslova §§ 21 andre ledd andre punktum, 63 tredje ledd første punktum, 69 og 70, slik at omgrepet skjønn ikkje brukast om avgjerdene til jordskifteretten knytt til desse paragrafane. Arbeidsgruppa foreslår å bruke omgrepet avgjerd, treff avgjerd eller liknande utan å bruke omgrepet skjønn for å karakterisere vurderingstema. Arbeidsgruppa meiner kompetansen til å avgjere spørsmåla etter reindriftslova § 70 bør liggje til jordskifteretten aleine. Arbeidsgruppa foreslår å spalte opp paragrafen, slik at § 70 berre skal handle om kompetansen til jordskifteretten til å avgjere spørsmål om erstatning for skade valda av rein. Arbeidsgruppa foreslår ein ny § 70 a der ein seier kva for reglar om saksbehandling saker etter § 70 skal følgje. Arbeidsgruppa foreslår i § 70 b særlege reglar for behandlinga av saker etter høyringsforslaget § 70.

11.5.2.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet noterer seg at arbeidsgruppa ikkje meiner det er nødvendig å ha ein eigen heimel i jordskiftelova for skjønn etter reindriftslova. Justisdepartementet ber Landbruks- og matdepartementet likevel vurdere om høyringsforslaget ut over dette sikrar at gjeldande heimlar for å halde skjønn og treffe avgjerder etter reindriftslova som del av jordskifte blir ført vidare.

Justisdepartementet uttaler òg at

«Utkastet til ny § 70 a, jf. utkastet til ny jordskiftelov § 5-5 innebærer etter det vi kan se en realitetsendring som ikke er tilstrekkelig kommentert eller drøftet. Etter gjeldende jordskiftelov § 6 a gjelder samme saksbehandlingsregler enten skjønn etter reindriftsloven avholdes som egen sak eller i forbindelse med jordskifte – saksbehandlingen skal følge reglene i jordskifteloven supplert med skjønnsloven § 26. Etter utkastet til ny § 70 a, jf. utkastet til ny jordskiftelov § 5-5, bestemmes saksbehandlingsreglene av om skjønnet holdes sammen med jordskifte eller som egen sak, jf. henvisningen til utkastet til ny jordskiftelov § 5-5. Endringen bør nevnes og drøftes. Vi foreslår for øvrig at utkastet til ny § 70 b innarbeides i gjeldende § 70 slik at man fortsatt har en samlebestemmelse som inneholder både kompetanseregler og saksbehandlingsregler for disse sakene.»

Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) er positive til oppsplittinga av § 70 i tre paragrafar. Dei meiner at ei slik oppdeling står fram som meir lesarvenleg.

NRL uttaler òg:

«Som nevnt er det i reindriftsloven § 70 foreslått å fjerne begrepet skjønn, men samtidig skal avgjørelsen behandles etter reglene for skjønn. Begrepet skjønn foreslås også fjernet fra følgende bestemmelser i reindriftsloven: § 21 (Rett til husvær, buer og lignende), § 63 (Utnytting av eiendom i reinbeiteområde og § 69 (Gjerdeskjønn). For disse endringene fremstår det som uklart om reglene for skjønn fortsatt skal gjelde. Hvis jordskifterettens kompetanse i disse sakene til tross for endringene går etter reglene for skjønn, skal skjønnsmenn være med på avgjørelsen. NRL forstår det slik at skjønnsmenn i så fall skal velges fra det utvalg av skjønnsmenn som er omhandlet i skjønnsprosessloven av 1. juni 1917 nr. 1, se lovutkastet § 2-9 annet ledd (s. 222). Etter skjønnsprosessloven § 14 skal utvalget av skjønnsmenn ha kyndighet i ett eller flere områder som behandles i skjønn. NRL vil understreke viktigheten av at skjønnsmenn i saker etter reindriftsloven har kyndighet i reindrift. Hvis de foreslåtte endringene i § 21, § 63 og § 69 innebærer at sakene her ikke går etter jordskifterettens regler for skjønn, er hovedregelen at en sak går med en jordskiftedommer, lovutkastet § 2-8 første setning (s. 222). Men det skal oppnevnes to meddommere hvis partene krever det, se § 2-8 annen setning. NRL finner det betryggende at det kan oppnevnes meddommere for å sikre at jordskifteretten har reindriftsfaglig kompetanse. Men det forutsetter at utvalget av meddommere som nevnt i lovutkastet § 2-7, har denne kompetanse. NRL vil fremheve at slik kompetanse er viktig.»

11.5.2.3 Departementets vurderingar

Jordskifteretten kan etter gjeldande jordskiftelov § 6 a første ledd i særskild sak eller i samband med jordskifte halde skjønn etter reindriftslova. Skjønn etter reindriftslova kan gjelde rett til husvære, buer, flyttleiar, gjerde og andre anlegg, brensel og trevirke i det samiske reinbeiteområdet, utnytting av eigedom i reinbeiteområde, gjerdeskjønn og erstatningsskjønn for skade valde av rein. Jordskifteretten kan òg behandle saker etter reindriftslova 59 fjerde ledd. Omgrepet skjønn blir ikkje brukt om desse sakene. Jordskifteretten kan etter § 59 fjerde ledd andre punktum setje til sides regler om beitebruk som slår urimeleg ut ovafor den enkelte, eller som er i strid med rettar erverva ved særskilt rettsgrunnlag.

Jordskifteretten kan etter gjeldande jordskiftelov § 6 a første punktum halde alle skjønn etter reindriftslova, og § 6 a andre ledd ta avgjerd etter reindriftslova § 59 fjerde ledd som eiga sak, eller i samband med jordskifte. Departementets lovforslag fører vidare at jordskifteretten skal ha slik kompetanse, men det er berre når det gjeld avgjerd etter reindriftslova § 70 om skade valde av rein, at lova brukar omgrepet skjønn. Sjå omtala nedanfor når det gjeld bruken av omgrepet ved avgjerder etter reindriftslova.

Lovforslaget inneber at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å ta avgjerd etter reindriftslova. Det skal gjelde anten avgjerda takast i samband med sak for jordskifterett, eller som eiga sak. Jordskifteretten skal likevel ikkje ha eksklusiv kompetanse når det handlar om erstatningsskjønn etter reindriftslova § 70 som gjeld skade valde av rein, sjå punkt 11.3.4.3. Her skal rekvirenten framleis kunne velje mellom tingrett og jordskifterett.

Kompetansen til jordskifteretten til å halde skjønn og ta andre avgjerder etter reindriftslova i samband med sak for jordskifterett går fram av lovforslaget § 5-3 bokstav g, og lovforslaget § 5-4 dersom det aktuelle kravet blir behandla som eiga sak. Kompetansen til jordskifteretten vil òg gå fram av reindriftslova. Det er i reindriftslova ein nærare kan sjå kva for kompetanse jordskifteretten har. Departementets forslag om å la kompetansen gå fram av jordskiftelova og reindriftslova, er grunna i behovet som brukarane har for å finne fram til reglane om kompetanse. For dei som brukar reindriftslova, er det ein fordel om reindriftslova fortel kva for domstol det er som skal avgjere dei aktuelle spørsmåla. Departementet kan ikkje sjå at det vil kunne oppstå forvirring om rekkevidda av kompetansen til jordskifteretten. Det vil etter forslaget aleine gå fram av reindriftslova kva skjønn og andre avgjerder jordskifteretten kan halde eller ta etter reindriftslova.

Behandlinga av saker etter reindriftslova går fram av lovforslaget § 5-7 og forslaget til ny § 70 b i reindriftslova.

Bruken av omgrep ved avgjerder etter reindriftslova

Omgrepet skjønn er brukt fleire stader i reindriftslova. Departementet foreslår å endre omgrepsbruken for disse avgjerdene.

Når det gjeld den avgjerda som blir treft etter reindriftslova § 21 andre ledd andre punktum, er departementet samd med Justisdepartementet i at ho ikkje trengst å bli kalla skjønn, sjå kapittel 11.1.2. Departementet viser her til at det jordskifteretten skal avgjere, er om ein reindriftsutøvar skal få utvist tomt til bustad. Det er ikkje nødvendig å bruke omgrepet «ved skjønn ved jordskifteretten» for å få fram at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å avgjere spørsmåla som kan løysast med heimel i reindriftslova § 21. Jordskifteretten skal framleis ha kompetanse til å halde skjønn etter reindriftslova § 21 i samband med sak for jordskifte og som eiga sak. Korleis saka skal behandlast går fram av lovforslaget § 5-7 og reindriftslova ny § 70 b. Departementet meiner ein ved å ta bort omgrepet «ved skjønn ved jordskifteretten» klarare får fram poenget. Poenget er at jordskifteretten avgjer spørsmålet etter ei vurdering ut frå vilkåra i den aktuelle føresegna. Det same gjeld avgjerder etter reindriftslova § 63 tredje ledd første punktum. Det jordskifteretten skal avgjere etter reindriftslova § 63, er om eit tiltak i reinbeiteområde kjem i strid med reglane for korleis eigedom i reinbeite kan utnyttast. Til sist er departementet samd med Justisdepartementet i at ein ikkje bør kalla avgjerda etter reindriftslova § 69 for skjønn, sjå kapittel 11.1.2. Det jordskifteretten skal avgjere, er mellom anna om ein reineigar skal få rett til å oppføre gjerde til støtte for driveplikta han har, og sikring mot erstatningsansvar. Departementet kan ikkje sjå at det er nødvendig å bruke omgrepet skjønn i nokre av desse tilfella for å få fram at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse, kva jordskifteretten skal gjere og etter kva reglar saka skal behandlast etter.

Departementet foreslår å ta ut omgrepet skjønn i disse paragrafane, slik at paragrafane berre seier at jordskifteretten avgjer spørsmålet utan å gi noen karakteristikk av sjølve vurderinga. Slik er reglane allereie utforma i reindriftslova § 59 om beitebruk. I fjerde ledd tredje punktum står det berre at jordskifteretten kan setje til sides reglar om beitebruk som slår uheldig ut for den einskilde, eller er i strid med rettar erverva ved særskilt rettsgrunnlag. Reindriftslova § 21 gjeld rett til husvære, buer og anna. I andre ledd står det at jordskifteretten avgjer ved skjønn spørsmål om retten til å krevje utvising av tomt er til stades, eller om stadval, storleik og avgrensing dersom partane ikkje blir samde. Departementet foreslår å ta bort omgrepet skjønn slik at det heretter berre står at jordskifteretten avgjer spørsmålet. Reindriftslova § 63 gjeld utnytting av eigedom i reinbeiteområde. I tredje ledd står det at «Spørsmål om tiltak kommer i strid med første ledd, kan avgjøres på forhånd ved skjønn ved jordskifteretten. Skjønnet kan også ….». Departementet foreslår å ta bort omgrepet skjønn.

Reindriftslova § 69 har overskrifta «Gjerdeskjønn». Etter departementets syn gir dette ein noko uheldig assosiasjon til reglane i grannegjerdelova. Departementet meiner overskrifta bør endrast. Departementet foreslår følgjande overskrift: «Gjerder til støtte for reineierens driveplikt og sikring mot erstatningsansvar.»

Etter reindriftslova § 69 første ledd første punktum kan så vel distriktsstyre som den enkelte reineigar i eit reinbeitedistrikt i mangel av minneleg avtale få avgjort «ved skjønn» ved jordskifteretten om reineigaren skal ha høve til å føre opp gjerde til støtte for sin driveplikt og sikring mot erstatningsansvar. Departementet foreslår å ta ut omgrepet «ved skjønn» slik at det ikkje står meir enn at ein kan få avgjort spørsmålet ved jordskifteretten. Departementet foreslår å gjere ei liknande endring i reindriftslova § 69 andre ledd.

Departementet foreslår òg andre formuleringar i reindriftslova §§ 22, 24 og 25. Sjølv om § 22 gjeld erstatning for skade, § 24 vederlag for utføring av anlegg, § 25 fastsetjing av vederlag for trevikre og avgjerda såleis går ut på å fastsetje storleiken på eit pengebeløp, meiner departementet det ikkje er nødvendig å bruke omgrepet skjønn for å få fram at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse, kva vurderingstemaet er og etter kva for reglar saka skal behandlast etter. Departementet er likevel samd med Justisdepartementet i at omgrepet skjønn ikkje bør gå ut av reindriftslova § 70 (skade valde av rein), sjå kapittel 11.1.2. Dette skjønnstemaet handlar om fastsetjing av pengevederlag der tingretten framleis skal ha kompetanse til å avgjere erstatningsspørsmålet på lik line med jordskifteretten. Det kan såleis vere ein fordel om ein brukar omgrepet skjønn her.

11.5.3 Vegskjønn

11.5.3.1 Høyringsforslaget

Forslaget til arbeidsgruppa går fram av høyringsforslaget § 5-3. Arbeidsgruppa meiner kompetansen til å leggje ut vegar med vidare, sjå jordskiftelova § 43 første ledd, ikkje bør stå i same paragraf som kompetansen jordskifteretten har til å halde vegskjønn, sjå gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd. Reglane i gjeldande jordskiftelov § 43 første ledd foreslår arbeidsgruppa å føre vidare i høyringsforslaget § 3-13 første ledd, men reglane er formulert meir generelt enn gjeldande reglar. Arbeidsgruppa meiner det bør gjerast klart i ny jordskiftelov at jordskifteretten ved utlegging avvegar ikkje har materiell kompetanse til å halde andre skjønn enn dei som følgjer av kapittel VII i veglova. Forslaget til arbeidsgruppa går fram av høyringsforslaget § 5-3. For skjønn etter veglova kapittel VII meiner arbeidsgruppa regelen bør vere at jordskifteretten skal ha desse skjønna aleine.

Arbeidsgruppa meiner kompetansen til jordskifteretten til å halde skjønn etter veglova kapittel VII bør plasserast i ein paragraf, og det er høyringsforslaget § 5-3. Den foreslår å ta bort kravet om at skjønnet skal vere nødvendig av omsyn til jordskiftet. Det skal vere nok at skjønnet haldast i samband med jordskifte. Arbeidsgruppa foreslår å oppheve den stadlege kompetanseavgrensinga til jordskifteretten.

11.5.3.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) oppfattar høyringsforslaget slik at høvet til å halde skjønn for eigedommar utanfor jordskiftefeltet er falt ut. DA meiner ein må innarbeide ein slik heimel, og det er naturleg at ein gjer det i skjønnskapittelet. Det bør òg vurderast å nytte formuleringa «sak for jordskifteretten» i staden for «jordskifte».

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme held fram at jordskifteretten har god fagleg kompetanse til å halde skjønn i samband med ekspropriasjon til utbygging og utviding av offentlege vegar. Dei uttaler at

«For en del jordskifteretter er samferdselsjordskifter med skjønn blitt en vanlig sakstype. Utgangspunktet i slike saker er at jordskifteretten ved hjelp av jordskiftelovens virkemidler, skal erstatte tapt areal med erstatningsjord og fjerne eller redusere driftsulemper. Ved skjønn fastsetter jordskifteretten pengeerstatninger for restareal og alle slags restulemper. Jordskifteretten fastsetter erstatningar for alle eiendommer innenfor jordskifteområdet, også boliger og næringseiendommer. Jordskifteretten har i dag ikke lovhjemmel til å holde skjønn i forbindelse med ekspropriasjon til offentlige veier når det ikke samtidig er jordskifte. Jordskifteretter har fått slike forespørsler frå ekspropriantar, og svaret har da måttet bli at det i tilfelle må gjennomføres som avtaleskjønn. Veglovens § 50 i kapittel VI viser til «vederlag etter skjønn til den det råkar» og veglovens § 60 fastsetter at «skjønn etter denne lova skal haldast som rettsleg skjønn etter skjønnslova». Jordskifteretten kan holde skjønn etter veglovens kapittel VII, ikke etter kapittel VI. Arbeidsgruppa har kommet med framlegg om endring av vegloven når det gjelder skjønn etter kapittel VII. Vi mener det er kritikkverdig og svært lite framtidsrettet at arbeidsgruppa ikke har foreslått at jordskifteretten også skal kunne holde skjønn etter kapittel VI.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler òg at

  • «Muligheten til å holde vegskjønn også for eiendommer utenfor jordskiftefeltet er ikke med i ny lov. En slik hjemmel må vi ha. Det vises til nåværende jordskiftelov § 43, 2. ledd «endå om»

  • Vi har registrert at uttrykket «av omsyn til jordskiftet» er blitt endret til «i samband med jordskiftet». Dette er en utvidelse av jordskifterettens kompetanse til å holde skjønn i forbindelse med en jordskiftesak. Dette er vi enige i.

  • Vi mener ordet jordskifte bør endres til sak for jordskifteretten.

  • Det bør presiseres at det bare er jordskifteretten som kan holde skjønn i samband med sak for jordskifteretten.

  • Vi er enige i at vi skal holde begge slags skjønn også som egen sak.»

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme er svært skeptiske til å fjerne kravet om at det skal vere nødvendig i gjeldande jordskiftelov § 43. Dei uttaler at

«For fremming av veg- og taugbaneskjønn i samband med jordskiftesaker, legger bestemmelsen opp til at det ikkje lenger skal stilles vilkår om nødvendighet i forhold til det selve jordskiftesaken gjelder. Denne endringa er vi svært skeptiske til. Endringen vil gjøre det vanskelig å tilskjære sakene. I verste fall må jordskifteretten legge ned betydelige ressurser til behandling av skjønn som ikke har noe med selve kravet å gjøre. Av prosessøkonomiske grunner er det betenkelig at dagens begrensning fjernes. Etter vår oppfatning er det viktig å avgrense en jordskiftesak til det saken gjelder. Dersom det er behov for vegskjønn i same område, utan at dette er av betydning for jordskiftesaken, mener vi skjønnet kreves som egen sak.»

Jordskiftedommarane i Agder jordskiftedømme uttaler at dei tradisjonelle jordskifta etter høyringsforslaget §§ 3-6 og 3-7 ikkje er så framtredande lenger. Dei foreslår derfor at avgrensinga «utenfor skiftefeltet» ikkje blir ført vidare for nokon av dei tre skjønnstypane som går fram av høyringsforslaget §§ 5-3 og 5-4.

11.5.3.3 Departementets vurderingar

Gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd og veglova § 60 gir jordskifteretten kompetanse til å halde skjønn etter veglova kapittel VII (private vegskjønn).

Gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd seier at jordskifteretten kan «halde skjønn etter vegloven 21 juni 1963 nr. 23». Føresegna viser såleis generelt til skjønn etter veglova. Til tross for den generelle ordlyden, har det i praksis ikkje vore tvil om at gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd berre gjeld private vegar. Departementet meiner ein bør gjere dette tydeleg ved å seie det uttrykkeleg i den nye jordskiftelova. Heimelen til å ta avgjerd etter kapittel VII i veglova, vil etter lovforslaget gå fram av § 5-3 bokstav d. Heimelen til jordskifteretten til å ta slike avgjerder i eiga sak, går fram av lovforslaget § 5-4.

Veglova kapittel VII gjeld private vegar. Etter veglova § 53 første ledd første punktum kan det gjerast vedtak om eigedomsinngrep til mellom anna bygging, utbetring, vedlikehald og drift av privat veg «i skjønn» mot vederlag til den det råkar. Jordskifteretten tek avgjerda om ekspropriasjon når den har skjønnskompetansen. Når formuleringa «i skjønn» er brukt tyder det på at ein vil ha fram kva rett og reglar om saksbehandling ein skal følgje i desse sakene. Departementet foreslår å ta ut formuleringa «i skjønn». Departementet foreslår å endre veglova § 53 første ledd første punktum, slik at det går eksplisitt fram av føresegna, at jordskifteretten skal ta den aktuelle avgjerda. Det kan ein gjere utan å bruke omgrepet skjønn.

Eigedomsinngrep etter § 53 første ledd kan berre skje når det må reknast for klart at inngrepet vil vere til meir gagn enn skade, sjå veglova § 53 første ledd første punktum. På same måte og vilkår kan «skjønnet» òg gi rett til å bruke veg som allereie ligg der, sjå veglova § 53 første ledd andre punktum. Forslaget til endring i § 53 første ledd første punktum, inneber at ein òg bør gjere ei endring i første ledd andre punktum for å få fram at det er jordskifteretten som tek avgjerda. Departementet foreslår å bytte ut omgrepet «skjønnet» med «jordskifteretten». Kvar av partane kan elles krevje avgjort av jordskifteretten om vegretten alt er til, at han vert nærare fastlagt, eller få bruken flytt, sjå veglova § 53 første ledd tredje punktum.

Slikt eigedomsinngrep kan òg gjelde grunn og rettar til fordel for ein som lyt tåle eigedomsinngrep etter første ledd eller for tredjemann, så framt skaden og ulempene da i alt blir monaleg mindre, sjå veglova § 53 andre ledd.

I veglova § 53 tredje ledd står mellom anna at «Skjønnet tar avgjerd …» og «Skjønnet kan fastsetje …», sjå tredje ledd første og andre punktum. Departementet foreslår å bytte ut desse to formuleringane med «jordskifteretten». Når omgrepet «jordskifteretten» er brukt, viser det at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å avgjere spørsmåla. Veglova § 53 tredje ledd tredje punktum brukar formuleringa «Skjønn til fastsetting av slikt vederlag kan …» Som ei følgje av dei andre endringane foreslår departement å endre dette til «Sak for jordskifterett til fastsetting av slikt vederlag kan …».

Fjerde ledd i veglova § 53 bør endrast som ei følgje av endringane i veglova § 53 første og tredje ledd. Partane kan, dersom nærare gitte vilkår er oppfylde, krevje «nytt skjønn» om vederlaget med vidare, sjå veglova § 53 fjerde ledd første punktum. Etter fjerde ledd andre punktum, kan eigar eller brukar av den tenande eigedommen krevje at det skal haldast «nytt skjønn» om inngrepet i det heile skal stå ved lag. Departementet foreslår å endre første og andre punktum slik at formuleringa «nytt skjønn» ikkje brukast. Departementet foreslår ei endring slik at det går fram av fjerde ledd at det er jordskifteretten som skal avgjere spørsmåla veglova § 53 fjerde ledd omhandlar.

Blir brukarane av privat veg ikkje samde om korleis plikta til vedlikehald eller utbetring skal fordelast, kan kvar av dei etter veglova § 54 tredje ledd krevje at desse spørsmåla skal avgjerast «ved skjønn». Bruken av omgrepet skjønn gir lesaren eit inntrykk av at saka skal behandlast av ein skjønnsrett og at det er reglane om saksbehandling i skjønnsprosesslova som skal følgjast. Departementet meiner ein ved å bruke omgrepet skjønn på denne måten lett kan få lesaren til å tru at alle private vegskjønn skal følgje reglane i skjønnsprosesslova. Avgjerder etter kapittel VII i veglova kan takast av jordskifteretten. Departementets lovforslag inneber òg at dei aktuelle avgjerdene for saker i samband med sak for jordskifterett, skal følgje reglane i lovforslaget § 5-7. Det er berre skjønn og andre avgjerder i eiga sak etter lovforslaget §§ 5-4 til 5-6 som fullt ut skal følgje reglane i skjønnsprosesslova. Departementet foreslår ei endring i veglova § 54 tredje ledd for å få fram det sentrale etter lovendringa. Det er at det er jordskifteretten som eksklusivt skal avgjere spørsmåla. Departementet foreslår at det skal seiast at «spørsmåla skal avgjerast av jordskifteretten». Det skal, ikkje seiast «ved skjønn» som etter gjeldande reglar.

Er avgjerd etter veglova § 54 tredje ledd og avgjerd etter veglova § 53 tredje ledd teken etter reglar i veglova § 55, må «skjønn» vere kravd innan ein nærare fastsett frist, sjå veglova § 54 fjerde ledd. Ein konsekvens av forslaget til endringar i paragrafen elles, er at formuleringa «må skjønn vere kravd» må erstattast av » må krav om avgjerd bli sett fram».

Når fem år er gått sidan bindande avgjerd er teken etter reglane i veglova § 55, eller sidan siste skjønn, kan dei interesserte eller veglaget krevje ny avgjerd eller nytt skjønn, sjå veglova § 54 femte ledd. Departementet foreslår å erstatte omgrepet skjønn i tredje og fjerde ledd med avgjerd. Det inneber at det òg er behov for å endre omgrepsbruken i femte ledd. Departementet foreslår ein ordlyd som seier at » Når fem år er gått sidan bindande avgjerd er tatt etter reglane i veglova § 55 eller av jordskifteretten, kan dei interesserte eller veglaget krevje ny avgjerd av veglaget eller av jordskifteretten».

Dei som har plikter etter veglova § 54 (vedlikehald), utgjer etter veglova § 55 første ledd eit veglag. Når det ikkje er grunn for anna, har einkvar i veglaget ei røyst. Dersom nokon i veglaget blir tillagt større plikt enn andre, skal røysteretten aukast tilsvarande, sjå veglova § 55 andre ledd andre punktum. I mangel av semje om slik fordeling, skal veglaget leggje si avgjerd i saka fram for «skjønnet» etter veglova § 54 tredje ledd, sjå veglova § 55 andre ledd tredje punktum. Omgrepet «skjønnet» blir brukt for å få fram at det er skjønnsretten som skal ta stilling til spørsmålet. Etter departementets forslag skal jordskifteretten eksklusivt ha kompetanse til å avgjere dei aktuelle spørsmåla. Departementet meiner ein da ikkje bør seie at saka skal leggjast fram for «skjønnet», men jordskifteretten. Veglaget har etter gjeldande reglar tilsynet med at pliktene stettast slik som fastsett «av veglaget, ved skjønn, jordskifte eller på anna vis». Departementet foreslår som ein konsekvens av dei andre endringane ordlyden «av veglaget, jordskifteretten eller på anna vis».

Nærare om kompetansen jordskifteretten har til å ta avgjerder etter veglova kapittel VII

Kompetansen jordskifteretten har til å halde skjønn etter gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd krev at det er reist ei jordskiftesak. Er det reist ei jordskiftesak, kan jordskifteretten halde skjønn etter veglova kapittel VII, anten eigedommen ligg i jordskiftefeltet, eller om eigedommen ikkje kjem inn under jordskiftet. Skjønnet må likevel vere nødvendig av omsyn til jordskiftet. Domstoladministrasjonen peikar på at arbeidsgruppa i høyringsforslaget § 5-3 snevrar inn den formelle kompetansen som jordskifteretten har i høve til gjeldande reglar. Det same er jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme inne på. Det går ikkje fram av høyringsforslaget at jordskifteretten kan halde skjønn som nemnt i gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd òg for eigedommar som ikkje kjem inn under jordskiftet. Særmerknadene til høyringsforslaget § 5-3 viser likevel at det ikkje var meininga å foreslå ei innskrenking i kompetansen til jordskifteretten. Departementets lovforslag går ut på at jordskifteretten òg skal kunne ta avgjerder i dei tilfella gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd nemner, sjølv om eigedommen ikkje kjem inn under jordskifte. Departementet bruker omgrepet «i samband med sak for jordskifterett» for å få det fram, sjå lovforslaget § 5-3. Det følgjer dessutan av lovforslaget § 5-4 at jordskifteretten kan behandle kravet som eiga sak.

Det er eit vilkår i § 43 andre ledd at skjønnet er «nødvendig av omsyn til jordskiftet». Vilkåret viser at det etter gjeldande reglar er tale om skjønn i samband med jordskifte og ikkje skjønn som eiga sak. Departementet meiner det ikkje er nokon avgjerande grunn til å seie i lova at avgjerda er nødvendig av omsyn til jordskifte. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme er svært skeptiske til å fjerne kravet om nødvendigheit i gjeldande jordskiftelov § 43. Dei meiner høyringsforslaget vil gjere det vanskeleg å skjere til sakene. I verste fall må jordskifteretten leggje ned betydelege ressursar i behandling av spørsmål som ikkje har noko med sjølve kravet å gjere. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner endringa er «betenkelig» av prosessøkonomiske grunnar. Departementet er likevel samd med jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og vil endre omgrepsbruken for å få til ei ønskja utviding av kompetansen til jordskifteretten.

Departementet foreslår å erstatte «nødvendig av omsyn til jordskiftet» med«i samband med sak for jordskifterett». Dette er ei utviding av kompetansen til jordskifteretten til å ta avgjerder etter kapittel VII i samband med ei jordskiftesak. Departementet foreslår i lovforslaget § 5-6 reglar som gjer det mogleg for jordskifteretten å skilje ut sak etter veglova kapittel VII som eiga sak. Det gjer det mogleg å avgrense jordskiftesaka på ein høveleg måte, òg i saker etter veglova kapittel VII.

Veglova § 60 andre ledd går lengre enn gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd. Etter § 60 kan jordskifteretten òg halde skjønn som eiga sak dersom vilkåra i § 60 elles er oppfylte. Heimelen i veglova § 60 andre ledd skil seg òg frå gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd fordi det i veglova § 60 ikkje er noko krav om at det skal vere nødvendig av omsyn til jordskiftet.

Det er ingen stadleg avgrensing av heimelen i gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd slik det er i veglova § 60 andre ledd. Departementet meiner at det ikkje er grunnlag for å føre vidare den stadlege avgrensinga av kompetansen til jordskifteretten til å ta avgjerd etter veglova kapittel VII, sjå punkt 11.4.

Veglova § 60 viser òg til skjønnsheimlane i gjeldande jordskiftelov § 6 første til fjerde ledd første punktum, noko gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd ikkje gjer. Gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd krev ikkje at det dreier seg om vegskjønn (private vegar) i samband med tiltaks- eller vernejordskifte. Gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd er ein generell regel for saker som blir behandla etter jordskiftelova. Skjønn med heimel i veglova § 60 andre ledd, må haldast som eiga sak, eller saman med tiltaks- eller vernejordskifte.

Gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd tek berre sikte på dei tilfella der det er aktuelt å ta avgjerd etter veglova kapittel VII fordi jordskifteretten må leggje ut vegar og gi skriftlege forklaringar om kvar dei går med vidare. Veglova § 60 andre ledd tek på si side sikte på dei tilfella rekvirenten ønskjer at jordskifteretten i samband med sak etter gjeldande jordskiftelov § 6 første til fjerde ledd første punktum, eller som eiga sak, skal ta avgjerder etter veglova kapittel VII.

Departementet meiner reglane om kompetansen til jordskifteretten til å ta avgjerder etter veglova kapittel VII er vanskeleg å forstå. Grunnen er for det første at kompetansen til jordskifteretten er heimla i to ulike lover (gjeldande jordskiftelov § 43 andre ledd og veglova § 60). For det andre er det tre ulike aktørar med parallell kompetanse til å halde skjønn etter veglova kapittel VII (tingretten, lensmannsskjønn og jordskifteretten).

Det følgjer av veglova § 60 første ledd at skjønn etter veglova er rettsleg skjønn. Veglova § 60 første ledd andre punktum må ein forstå slik at skjønna går for tingretten, men at dei kan haldast som lensmannsskjønn dersom partane er samde om det. Utgangspunktet er i dei tilfella at partane kan velje mellom tingrett eller eit skjønn styrt av for eksempel lensmann.

Frå dette utgangspunktet gjer veglova § 60 andre ledd unntak. Innafor eit stadleg avgrensa område, held jordskifteretten skjønnet dersom rekvirenten set fram krav om skjønn for jordskifteretten i samband med sak etter gjeldande jordskiftelov § 6 første til fjerde ledd første punktum, eller dersom rekvirenten set fram krav om skjønn for jordskifteretten som eiga sak.

Departementet foreslår å ta bort den stadlege avgrensinga av kompetansen til jordskifteretten, sjå kapittel 11.4. Spørsmålet blir da om ein likevel skal behalde kravet om at rekvirenten må ha kravd avgjerd av jordskifteretten. For avgjerder etter veglova kapittel VII, meiner departementet at regelen bør vere at jordskifteretten skal ta desse avgjerdene, anten spørsmålet blir behandla i samband med sak for jordskifterett, eller som eiga sak. Jordskifteretten har den kunnskapen som skal til. Departementet meiner det vil forenkle regelverket på dette området, og ein kan ikkje sjå at det vil gå utover rettstryggleiken til partane. Departementet har drøfta spørsmålet om parallell kompetanse i kapittel 11.3. Departementet meiner omsynet til forenkling av regelverket og omsynet til å få best mogleg kunnskap og erfaring om avgjerdstema i kapittel VII inn i skjønnsretten, gir grunnlag for å endre reglane slik at jordskifteretten får eksklusiv kompetanse til å ta avgjerder etter kapittel VII i veglova.

Departementet foreslår etter dette å føre vidare kompetansen jordskifteretten har til å ta avgjerder etter veglova kapittel VII. Departementets lovforslag § 5-3 bokstav d gir jordskifteretten kompetanse til å ta avgjerder etter veglova kapittel VII i samband med sak for jordskifterett. Lovforslaget § 5-4 gir jordskifteretten kompetanse til å ta avgjerder etter veglova kapittel VII som eiga sak. Lovforslaget § 5-7 og veglova § 60 andre ledd andre punktum seier korleis sakene skal behandlast med vidare.

Bør jordskifteretten få kompetanse til å halde skjønn etter veglova kapittel VI

Jordskifteretten har i dag ikkje lovheimel til å halde skjønn i samband med ekspropriasjon til offentlege vegar når det ikkje samtidig er jordskifte. Departementet har merka seg at nokre jordskifterettar har fått slike spørsmål frå ekspropriantar, og at svaret da har måtte bli at det i tilfelle må gjennomførast som avtaleskjønn.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme ønskjer å utvide kompetansen til jordskifteretten til òg å gjelde vegskjønn etter kapittel VI. Kapittel VI i veglova gjeld eigedomsinngrep med meir.

Departementet meiner at jordskifteretten har tilstrekkeleg kunnskap til å ta dei avgjerdene ein finn i veglova kapittel VI. Departementet legg til grunn at tiltaksjordskifte (samferdselsjordskifte) med skjønn er blitt ein vanleg sakstype for ein del jordskifterettar. Utgangspunktet i slike saker er at jordskifteretten ved hjelp av verkemidla i jordskiftelova skal erstatte tapt areal med erstatningsjord og fjerne eller redusere driftsulemper. Ved skjønn fastset jordskifteretten pengeerstatningar for restareal og alle slags restulemper. Jordskifteretten fastsett erstatningar for alle eigedommar innanfor jordskifteområdet, òg bustader og næringseigedommar.

Departementet ser gode grunnar for at jordskifteretten òg skal kunne halde skjønn etter veglova kapittel VI. Forslag om å gi jordskifteretten kompetanse til å halde skjønn etter veglova kapittel VI har ikkje vore ute på høyring. Departementet går difor ikkje nærare inn på dette spørsmålet i denne lovproposisjonen.

11.5.4 Skiping av taubanar og løypestrengar mv.

11.5.4.1 Høyringsforslaget

Forslaga til arbeidsgruppa går fram av høyringsforslaget § 5-3. Gruppa foreslår å føre vidare kompetansen jordskifteretten har til å halde skjønn etter taubanelova § 8, sjå gjeldande jordskiftelov § 43 tredje ledd. Arbeidsgruppa vurderer om kompetansen jordskifteretten har i dag i gjeldande jordskiftelov § 43 andre og tredje ledd, bør gå fram av same paragraf som ekspropriasjonsskjønna. Arbeidsgruppa foreslår at reglane skal stå i kvar sin paragraf. Arbeidsgruppa foreslår ei endring med omsyn til realiteten. Arbeidsgruppa meiner det er nok å krevje at skjønnet skal haldast i samband med jordskifte. Det skal ikkje stillast krav om at skjønnet skal vere nødvendig av omsyn til jordskiftet.

11.5.4.2 Høyringsinstansane

Det er få høyringsuttalar knytt til forslaget.

Justisdepartementet uttaler at

«Vi er usikker på hva som egentlig er forslaget når det gjelder jordskifterettens kompetanse til å avholde skjønn etter lov om anlæg av taugbaner og løipestrenger mv. (taubaneloven). På side 78 i høyringsnotatet foreslås det at jordskifteretten skal ha slik kompetanse når skjønnet skal holdes i forbindelse med jordskifte (men uten at skjønnet skal være nødvendig for jordskiftet). Det samme fremgår av kommentaren til merknaden. Etter ordlyden i utkastet § 5-3 kan jordskifteretten imidlertid også avholde skjønn som egen sak, også etter taubaneloven.»

Gulating jordskifteoverrett uttaler at

«I veglova er det gjort ei tilføying om at det er jordskifteretten som «held» slike skjønn. Ein tilsvarande regel burde bli tatt inn i lov om taugbaner mv.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler:

  • «Vi har registrert at uttrykket «av omsyn til jordskiftet» er blitt endret til «i samband med jordskiftet». Dette er en utvidelse av jordskifterettens kompetanse til å holde skjønn i forbindelse med en jordskiftesak. Dette er vi enige i.

  • Vi mener ordet jordskifte bør endres til sak for jordskifteretten.

  • Det bør presiseres at det bare er jordskifteretten som kan holde skjønn i samband med sak for jordskifteretten.

  • Vi er enige i at vi skal holde begge slags skjønn også som egen sak.»

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler at

«For fremming av veg- og taugbaneskjønn i samband med jordskiftesaker, legger bestemmelsen opp til at det ikke lenger skal stilles vilkår om nødvendighet i forhold til det selve jordskiftesaken gjelder. Denne endringa er vi svært skeptiske til. Endringen vil gjøre det svært vanskelig å tilskjære sakene. I verste fall må jordskifteretten legge ned betydelige ressurser i behandling av skjønn som ikke har noe med selve kravet å gjøre. Av prosessøkonomiske grunner er det betenkelig at dagens begrensning fjernes. Etter vår oppfatning er det viktig å avgrense en jordskiftesak til det saken gjelder. Dersom det er behov for vegskjønn i same område, uten at dette er av betydning for jordskiftesaken, mener vi skjønnet kreves som egen sak.»

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme foreslår òg at det blir teke inn i lov 14. juni 1912 nr. 1 om anlæg av taugbaner og løipestrenger mv. § 16 noko om kompetansen til jordskifteretten.

11.5.4.3 Departementets vurderingar

Er det nødvendig av omsyn til jordskiftet kan jordskifteretten halde skjønn etter § 8 i lov 14. juni 1912 om anlæg av taugbaner og løipestrenger (taubanelova). Det følgjer av taubanelova § 8 at ein på nærare gitte vilkår i lova kan erverve rett til å leggje løypestreng over grunn annan mann har. I tilfelle det blir gitt løyve til slikt erverv, kan det òg givast rett til å disponere over nødvendig tomt til strengen, feste, avlastingsplass, og tilhøyrande veg. Vilkåret er at det ved skjønn blir godtgjort at løypestrengen for vedkomande er av vesentleg interesse, og fordelane ved anlegget er av overvegande tyding i høve til den skade eller ulempe som blir resultatet av anlegget.

Kompetansen jordskifteretten har er avgrensa til § 8 og jordskifteretten kan berre halde skjønn etter § 8 når det er nødvendig av omsyn til jordskifte, sjå gjeldande jordskiftelov § 43 tredje ledd. Dersom det er tilfelle, kan jordskifteretten halde slikt skjønn, sjølv om det gjeld eigedommar som ikkje kjem inn under jordskiftet.

Forutan § 8 er det skjønnsheimlar i taubanelova §§ 7, 10 andre og tredje ledd og 13 første ledd første punktum. Desse skjønna blir styrt som lensmannsskjønn, sjå taubanelova § 16.

Departementet ser, slik Justisdepartementet er inne på, at det kan knyte seg usikkerheit til kva som eigentlig er høyringsforslaget når det gjeld kompetansen jordskifteretten skal ha til å ta avgjerd etter taubanelova. Departentet går likevel ikkje nærare inn på kva arbeidsgruppa foreslår av endringar i taubanelova. Grunnen til dette er at det foregår eit arbeid med sikte på å vedta ny taubanelov.

Departementet kan ikkje sjå at det er nødvendig og hensiktsmessig å foreslå endringar i kompetansen jordskifteretten allereie har. Det er heller ikkje grunnlag for å foreslå å leggje ytterlegare kompetanse etter taubanelova til jordskifteretten.

Departementet foreslår å føre vidare den kompetansen jordskifteretten har etter gjeldande jordskiftelov § 43 tredje ledd, jf. taubanelova § 8, utan endringar.

Omgrepet skjønn blir brukt fleire stader i taubanelova § 8. Departementet meiner ein burde bruke andre formuleringar, men fordi det blir arbeidd med ny taubanelov, vil departementet ikkje foreslå endringar. Kompetansen jordskifteretten har til å ta avgjerd etter jordskiftelova § 8, går fram av lovforslaget § 5-3 bokstav a.

Kompetansen jordskifteretten har etter taubanelova § 8 gjeld avgjerder i samband med jordskifte. Jordskifteretten har ikkje kompetanse til å ta avgjerd etter § 8 som eiga sak. Departementet foreslår ikkje å utvide kompetansen. Lovforslaget § 5-4 har reglar om når jordskifteretten kan ta avgjerd etter særlov som eiga sak. Det må seiast i lovforslaget § 5-4 at kompetansen etter § 5-4 ikkje gjeld for saker etter § 5-3 bokstav a.

11.5.5 Tiltak som gjeld grøfter, kanalar, vass- og kloakkleidningar

11.5.5.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår ein eigen paragraf om skjønn knytt til vasshushald, jf. høyringsforslaget § 5-4. Arbeidsgruppa finn at tilvisinga i jordskiftelova § 44 tredje ledd til lov 15. mars 1940 nr. 3 om vassdragene, må vere feil. Arbeidsgruppa meiner det rette måtte vere å vise til vassressurslova §§ 14 og 31 i staden for til vassdragslova av 1940. Arbeidsgruppa foreslår at jordskifteretten skal kunne halde skjønn etter vassressurslova §§ 14 og 31, dersom eit tiltak etter høyringsforslaget § 3-27 kan få verknad utanfor jordskifteområdet. Arbeidsgruppa foreslår at jordskifteretten skal halde dette skjønnet og forslaget til arbeidsgruppa til reglar om saksbehandling i høyringsforslaget § 5-5 skal leggjast til grunn.

11.5.5.2 Høyringsinstansane

Det er få høyringsinstansar som uttaler seg til forslaga.

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler mellom anna at paragrafen gjer det mogleg å halde skjønn om grøfter og kanalar med vidare. Dette gjeld òg for eigedommar som ligg utanfor jordskifteområdet. Dei ser eit klart behov for denne føresegna, men meiner ho bør brukast med varsemd. I ei enkel jordskiftesak mellom 3 til 4 eigedommar kan eit skjønn etter denne føresegna komme til å omfatte eit betydeleg tal eigedommar utanfor jordskifteområdet. Skjønnet vil difor føre til at kostnadene ved jordskiftesaka ikkje står i rimeleg høve til kva partane oppnår. I slike tilfelle er det etter deira meining betre at skjønnet blir krevd som eiga sak.

Jordskiftedommarane i Agder jordskiftedømme meiner høyringsforslaget § 5-4 Skjønn ved tiltak som gjeld, grøfter, kanalar, vass- og kloakkleidningar kan strykast. For å gjere det heilt klart at jordskifteretten kan behandle skjønn etter fleire særlover, både som del av en jordskiftesak, og som eiga sak, vil dei samle heimelen i ein paragraf, § 5-3. Dei vil òg ta med grannegjerdelova, beitelova og vannressurslova, for å få ei komplett opplisting av særlover som jordskifteretten kan halde skjønn etter, anten som del av jordskiftesak eller som eiga sak.

11.5.5.3 Departementets vurderingar

Jordskifteretten skal etter gjeldande jordskiftelov § 44 første ledd syte for utstikking og gi reglar om opparbeiding og vedlikehald av ulike slag opne og lukka grøfter og kanalar. Jordskifteretten skal etter gjeldande jordskiftelov § 44 andre ledd gi nødvendige reglar om bruken av vatn og vassdrag og om vassleidningar og kloakkleidningar. Dette er reglar som har verknad for eigedommar innan skiftefeltet. Tredje ledd i gjeldande jordskiftelov § 44 gjeld eigedommar utanfor skiftefeltet. Dersom tiltak etter første og andre ledd, og tørrleggingstiltak etter gjeldande jordskiftelov § 2 bokstav e kan få verknad for eigedommar utanfor skiftefeltet, kan jordskifteretten etter gjeldande reglar halde skjønn etter lov 15. mars 1940 nr. 3 om vassdragene. Ingen høyringsinstans gir uttrykk for at det er feil eller at det blir skapt ein uklar heimel ved å vise til vassdragslova.

Departementet meiner likevel at tilvisinga i gjeldande jordskiftelov § 44 tredje ledd til lov 15. mars 1940 nr. 3 om vassdragene, skapar ein uklar heimel for jordskifteretten. til å halde skjønn i dag i samband med tiltak som er nemnde i gjeldande jordskiftelov § 44. Av Ot.prp. nr. 56 (1978–1979) Om lov om jordskifte o.a. er det mellom anna sagt på side 89:

«For eigedomar utanfor skiftefeltet har jordskifteretten fått heimel til å halde dei skjønna etter vassdragsloven som tiltak i feltet gjer nødvendig. Ved slike skjønn er jordskifteretten bunden av vilkåra i vassdragsloven, men saksbehandlinga i jordskifteretten, anke o.l. går etter reglane i jordskifteloven, fordi det som skjer utanfor skiftefeltet vanskeleg kan isolerast frå det som blir gjort i skiftefeltet.»

Paragrafane 7 til 158 i vassdragslova blei oppheva ved lov nr. 82/2000 (vannressursloven). Berre ein paragraf i vassdragslova har no noko med skjønn å gjere. Det er § 5 nr. 2 i vassdragslova som seier at mellom eigedommar som ligg på kvar si side av elv, bekk eller innsjø, fastsetjast grensa ved skjønn.

Vassdragslova hadde tidlegare ei rekkje skjønnsheimlar. Vannressurslova legg opp til at få avgjerder skal treffast ved skjønn. Stort sett er skjønnsavgjerder erstatta med andre mindre ressurskrevjande ordningar, sjå Ot.prp. nr. 39 (1998–1999) om lov om vassdrag og grunnvann (vannressursloven) side 258.

Vannressurslova har skjønnsheimlar i §§ 14, 31, 35 nr. 9 og § 67 andre ledd.

Etter vannressurslova § 14, kan vassdragsmyndigheita med seks månaders varsel til grunneigaren gjenopne eit lukka vassdrag. Grunneigaren har i så fall rett til erstatning etter lov 6. april 1984 nr. 17 om vederlag ved oreigning av fast eigedom for tap som kjem av gjenopninga. Dersom ikkje anna er avtala, skal erstatninga bli krevd ved skjønn som blir fastsett av vassdragsmyndigheita, sjå § 14 tredje punktum.

Vannressurslova § 31 gjeld refusjon for utgifter til fellestiltak. Viss ikkje fellesutgifter blir fordelte etter avtale mellom deltakarane i tiltaket eller særskilte reglar, kan ein velje ein av fleire måtar å fordele dei på, sjå vannressurslova § 31 tredje ledd. Ein måte å fordele fellesutgiftene på, er å la jordskifteretten gjere det. Etter vannressurslova § 31 tredje ledd bokstav c kan ein deltakar krevje ei slik «fordelingssak» for jordskifteretten. Jordskifteretten kan òg behandle saka dersom vassdragsmyndigheita viser spørsmålet til jordskifteretten, sjå tredje ledd bokstav c. Det er eit vilkår for å få behandla «fordelingsspørsmålet» i jordskifteretten at vassdragstiltaket har samanhang med andre tiltak som står under jordskifte.

Vannressurslova § 35 nr. 9 gjeld verna vassdrag. Etter føresegna kan vassdragsmyndigheita treffe vedtak om å reetablere vegetasjon som er naturleg på staden i ein sone langs bredda som fastsetjast i bindande plan etter plan- og bygningslova. For tap som følgje av vedtaket betalast det erstatning etter reglane i lov 6. april 1984 nr. 17 om vederlag ved ekspropriasjon av fast eigedom. Med mindre anna er avtala, blir erstatninga fastsett ved skjønn som blir krevd av vassdragsmyndigheita.

Vannressurslova § 67 andre ledd seier at avtalar om levering av kraft i samsvar med reglane i tidlegare vassdragslova kan krevjast avløyst ved skjønn mot full erstatning.

Vannressurslova § 14 gjeld erstatning ved gjenopning av eit lukka vassdrag og § 31 fordeling av fellesutgifter. Rekkevidda når det gjeld gjeldande jordskiftelov § 44 har truleg meint å vore mykje vidare. Departementet viser her til at skjønnsheimelen i gjeldande jordskiftelov tredje ledd i § 44 er kopla til tiltak som for eksempel utstikking og gi reglar om opparbeiding og vedlikehald av ulike slag opne og lukka grøfter og kanalar, samt tørrleggingstiltak etter gjeldande jordskiftelov § 2 e. Etter gjeldande jordskiftelov § 2 e kan jordskifte gå ut på tørrleggingstiltak etter vannressurslova § 30. Tiltak for tørrlegging etter vannressurslova § 30 skal i rimeleg utstrekning utførast slik at dei kan komme til nytte for andre grunneigarar.

Etter vannressurslova § 31 tredje ledd bokstav c kan ein overlate til jordskifteretten å avgjere spørsmål om fordeling av fellesutgifter til fellestiltak. Ein deltakar kan krevje ei slik «fordelingssak» for jordskifteretten. Jordskifteretten kan òg ta saka dersom vassdragsmyndigheita viser spørsmålet til jordskifteretten, sjå vannressurslova § 31 tredje ledd bokstav c.

Jordskifteretten kan likevel berre behandle saker om fordeling av felleskostnader etter vannressurslova § 31 tredje ledd bokstav c dersom vassdragstiltaket har samanhang med andre tiltak som står under jordskifte.

Med heimel i gjeldande jordskiftelov § 44 tredje ledd held jordskifteretten skjønn etter vassdragslova dersom vannforsynings- eller tørrleggingstiltak som jordskifteretten behandlar, gjeld eigedommar utanfor feltet. Føresegna må forståast slik at den nå gjeld vannressurslova § 31 tredje ledd bokstav c, og at visinga til vassdragslova er misvisande. Departementet går ikkje nærare inn på korleis ein skal forstå gjeldande jordskiftelov § 44 tredje ledd.

Departementet meiner ein bør føre vidare den kompetansen jordskifteretten har i dag etter vannressurslova § 31 tredje ledd bokstav c.

Departementet foreslår at dette blir gjort ved å nemne vannressurlslova § 31 tredje ledd bokstav c i lovforslaget § 5-3 bokstav f. Det gir jordskifteretten kompetanse til å behandle spørsmål om felleskostnader etter vannressurslova § 31 tredje ledd bokstav c når avgjerda blir teken i samband med sak for jordskifterett.

Departementet meiner det er behov for å sjå på om jordskifteretten skal ha ytterlegare kompetanse til å fordele felleskostnader som nemnt i vannressurslova § 31 tredje ledd bokstav c.

Fram til vannressurslova blei vedteken, var vilkåret «av omsyn til jordskiftet». Vilkåret nå er «har sammenheng med andre tiltak som står under jordskifte». Båe formuleringar utelukkar at jordskifteretten kan ta avgjerd etter vannressurslova § 31 tredje ledd bokstav c som eiga sak.

Sjølv om spørsmålet om jordskifteretten skal kunne avgjere spørsmål om fordeling av kostnader som eiga sak ikkje har vore på høyring, foreslår departementet å endre vannressurslova § 31 tredje ledd bokstav c slik at det ikkje skal vere noka avgrensing av kompetansen jordskifteretten har til å fordele kostnader etter § 31 tredje ledd bokstav c. Departementet meiner at dette er ei lita endring. Jordskifteretten har dessutan kunnskap og erfaring som skal til for å avgjere spørsmålet, og det vil vere ei forenkling om jordskifteretten kan behandle kravet om fordeling av kostnader anten kravet har samband med sak for jordskifterett eller som eiga sak. Departementet foreslår å ta ut formuleringa «dersom vassdragstiltaket har sammenheng med andre tiltak som står under jordskifte». Bokstav c vil da lyde: «c) av jordskifteretten etter begjæring fra en deltaker eller henvisning fra vassdragsmyndigheten.» Det vil òg gå fram av lovforslaget § 5-4 at jordskifteretten kan behandle spørsmål om kostnader etter vannressurslova § 31 tredje ledd bokstav c som eiga sak.

Meininga med lovforslaget er at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å behandle saker om fordeling av kostnader etter vannressurslova § 31 tredje ledd bokstav c.

Før vannressurslova og endringane i vassdragslova tok til å gjelde, hadde jordskifteretten kompetanse til å halde erstatningsskjønn for tap som oppsto på eigedommar utanfor skiftefeltet som følgje av tiltak innanfor skiftefeltet. Heimelen fant ein i gjeldande jordskiftelov § 44 tredje ledd. Heimelen fell bort da vassdragslova blei endra. Spørsmålet om å gi denne kompetansen attende til jordskifteretten har ikkje vore på høyring. Departementet meiner likevel at heimelen bør førast inn igjen. Det var ikkje meininga å ta frå jordskifteretten denne kompetansen. Jordskifteretten har òg den faglege kunnskapen og erfaringa som skal til for å halde desse skjønna, jf. at han har hatt heimelen tidlegare. Det handlar òg om skjønn i eit område der jordskifteretten allereie er på staden. Prosessøkonomiske omsyn taler da for at jordskifteretten òg held disse skjønna. Departementet foreslår ein eigen paragraf for denne heimelen, sjå lovforslaget § 5-2.

11.5.6 Gjerdeplikt og deling av gjerdehaldet med vidare

11.5.6.1 Høyringsforslaget

Jordskiftelova § 52

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare reglane i gjeldande jordskiftelov § 52 første ledd om gjerdeplikt og deling av gjerdehaldet innan skiftefeltet og mot naboeigedom. Arbeidsgruppa foreslår likevel at reglane ikkje skal plasserast i kapittel 5, men i høyringsforslaget § 3-28 utan å bruke formuleringa «fritt skjønn» som står i § 52.

Grannegjerdelova § 16

Arbeidsgruppa foreslår at jordskifteretten skal ha kompetanse til å halde gjerdeskjønn uavhengig av om det er reist krav om eit jordskifte. Arbeidsgruppa foreslår å oppheve den stadlege avgrensinga av kompetansen slik at jordskifteretten får kompetanse til å halde gjerdeskjønn uavhengig av planstatus. Arbeidsgruppa foreslår òg å føre vidare at jordskifteretten skal ha kompetanse aleine til å avgjere spørsmål om gjerdehaldstvang og gjerdehaldsdeling når det er kravd jordskifte, bruksordning, avløysing eller grensegang etter jordskiftelova. Forslaget gjeld òg gjerdeskjønn med grunnlag i avtale mellom partane. Partane skal ikkje kunne avtale at avgjerda skal takast av lensmannen, namsfuten eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver.

11.5.6.2 Høyringsinstansane

Høyringsuttalar om parallell kompetanse er omtala i punkt 11.3.4.2. Høyringsuttalar knytt til oppheving av avgrensinga av den stadlege kompetansen jordskifteretten har i ei rekkje skjønnssaker går fram av punkt 11.4.2. Det er likevel nokre høyringsuttalar som gjeld andre sider ved forslaga.

Justisdepartementet uttaler at

«Arbeidsgruppen har gitt uttrykk for tvil om hvordan forholdet mellom grannegjerdelova § 14 andre ledd og § 16 annet ledd skal forstås. Vi bemerker at grannegjerdelova § 14 regulerer avgjørelsesmåten for spørsmål om gjerdehold. Utgangspunktet er at det skal avgjøres ved skjønn, jf. første ledd, men unntaksvis kan det avgjøres som del av jordskiftesak, jf. annet ledd. Paragraf 16 bestemmer derimot hvem som skal holde gjerdeskjønn, det vil si av avgjørelsen av gjerdespørsmål som skal avgjøres ved skjønn etter § 14 første ledd. Vi forstår arbeidsgruppen slik at den mener jordskifteretten skal ha kompetanse alene til å avgjøre spørsmål om gjerdehold som ledd i jordskiftesak (høyringsnotatet side 80). Vi antar at dette er rettstilstanden også i dag, jf. § 14 annet ledd. I tillegg forstår vi det slik at arbeidsgruppen legger opp til at jordskifteretten skal ha delt kompetanse med lensmannen til å avholde gjerdeskjønn etter § 14 første ledd. Arbeidsgruppens forslag om å oppheve § 16 innebærer at grannegjerdelova ikke lenger vil regulere hvem som skal styre skjønn etter § 14 første ledd, som ikke er foreslått opphevet. Utkastet til endring av § 14 annet ledd gjelder ikke i de tilfeller hvor det skal avholdes gjerdeskjønn og gir heller ikke jordskifteretten kompetanse i tilfeller hvor partene ikke er enige og gjerdespørsmålet heller ikke er en del av jordskiftesak.»

Domstoladministrasjonen, jordskiftedommarane i Agder og jordskiftedommarane i Eidsivating og jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme viser til at lovforslaget inneber ei endring i jordskiftelova § 14 andre ledd. Slik forslaget er formulert, inneber det at partane må vere samde for å kunne halde gjerdeskjønn utanfor jordskiftesak. Det kan etter deira meining neppe ha vore meininga.

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler at det er ulikskap når det gjeld kven som kan krevje ulike typar skjønn. Kvifor det da skal vere semje om at jordskifteretten skal behandle spørsmål om gjerdehaldstvang og gjerdehaldsdeling er for dei uforståeleg. Særleg gjeld dette når endringa i grannegjerdelova gjer at det berre er jordskifteretten som kan behandle slike spørsmål.

11.5.6.3 Departementets vurderingar

Gjerdeplikt og deling av gjerdehaldet innan skiftefeltet og mot naboeigedom, gjeldande jordskiftelov § 52

Gjeldande jordskiftelov § 52 første ledd gir reglar om gjerdeplikt og deling av gjerdehaldet innan skiftefeltet, og mot naboeigedom.

Departementet foreslår at reglane om gjerdehald i eit jordskifte ikkje skal plasserast i lovforslaget kapittel 5 Skjønn og andre avgjerder etter andre lover. Sjølv om det ikkje er uttrykkeleg sagt i lovforslaget § 3-8, er meininga at reglane om sambruk skal kunne brukast til å gi reglar om gjerdehald. Sjå kapittel 8.13.5.3 i lovproposisjonen der dette er omtala.

Gjerdehald i saker om grensefastsetjing

Nye reglar om gjerdehald i saker om grensefastsetjing er behandla i kapittel 10.4.10 i lovproposisjonen. Departementets forslag er at jordskifteretten skal få kompetanse til å ta avgjerd om gjerdehald langs den grensa som er til behandling som sak om grensefastsetjing etter lovforslaget § 4-2, sjå lovforslaget § 4-3 første ledd.

Gjerdeskjønn etter lov 5. mai 1961 om grannegjerde (grannegjerdelova) som eiga sak

Grannegjerdelova §§ 14 til 16 er samla under omgrepet gjerdeskjønn. Det går fram av grannegjerdelova § 14 første ledd at spørsmål om gjerdehald skal avgjerast «med gjerdeskjønn», så langt ikkje anna er serskilt fastsett i lov. Det følgjer av grannegjerdelova § 14 andre ledd at jordskifteretten avgjer spørsmål om gjerdehaldstvang og gjerdehaldsdeling i samsvar med jordskiftelova når det er kravd jordskifte, bruksordning, avløysing eller grensegang etter jordskiftelova. Omgrepet skjønn er ikkje brukt om desse avgjerdene.

Gjerdeskjønn blir styrt av lensmann, namsfuten eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver, sjå grannegjerdelova § 16 første ledd. Jordskifteretten held etter grannegjerdelova § 16 andre ledd gjerdeskjønn i område som er lagt ut som landbruks-, natur- og friluftsformål samt reindrift i medhald av plan- og bygningslova § 11-7 nr. 5, eller er regulert til slik bruk eller vern og i uregulert område. Det er eit vilkår at rekvirenten sett fram krav om skjønn for jordskifteretten i samband med sak etter gjeldande jordskiftelov § 6 første til fjerde ledd første punktum, eller som eiga sak.

Grannegjerdelova § 15 første ledd første punktum seier at gjerdeskjønnet tek nødvendige avgjerder om korleis gjerdet skal vere, og kva tid det seinast skal vere sett lovleg i stand.

Det er berre jordskifteretten som kan avgjere spørsmål om gjerdehaldstvang og gjerdehaldsdeling når det er kravd jordskifte, bruksordning, avløysing eller grensegang etter jordskiftelova, sjå grannegjerdelova § 14 andre ledd.

Departementet meiner det ikkje er grunn til å halde på desse avgrensingane av kompetansen til jordskifteretten. Jordskifteretten må reknast for å ha den kunnskapen og erfaringa som er nødvendig for å avgjere slike spørsmål anten avgjerda har samband med sak for jordskifterett, eller som eiga sak. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme peikar på at forslaget til arbeidsgruppa inneber skilnader når det gjeld kven som kan krevje ulike typar avgjerder. Kvifor det skal vere semje om at jordskifteretten skal behandle spørsmål om gjerdehaldstvang og gjerdehaldsdeling, er etter deira meining uforståeleg. Særleg gjeld dette når endringa i grannegjerdelova gjer at det bare er jordskifteretten som kan behandle slike spørsmål. Departementets forslag tar omsyn til desse innvendingane. Departementets forslag byggjer på at jordskifterettane lenge har hatt kompetanse til å løyse ulike spørsmål knytt til gjerdehald innan skiftefeltet og mot naboeigedom. Det vil òg innebere ei forenkling om jordskifteretten tek alle avgjerder om gjerdehald etter grannegjerdelova. Kompetansen til jordskifteretten bør ikkje vere avhengig av plansituasjonen i området, sjå drøftinga i kapittel 11.4.3. Departementet foreslår derfor at jordskifteretten skal ha kompetanse til å ta alle avgjerder om gjerdehald etter grannegjerdelova, utan omsyn til om det ligg føre eit jordskifte, ei bruksordning, avløysing eller gransefastsetjing, og uavhengig av planstatus. Departementet foreslår å oppheve grannegjerdelova § 16 første ledd kor ein i dag finn heimelen for «lensmannsskjønn». Forslaget inneber mykje enklare reglar om kompetanse.

Departementet foreslår at jordskifteretten skal ha kompetanse aleine til å avgjere spørsmål om gjerdehald anten det gjeld sak i samband med sak for jordskifterett eller som eiga sak, sjå forslag til endring i grannegjerdelova § 14 første ledd. Departementets forslag inneber ikkje at det må liggje føre semje mellom partane om at avgjerda om gjerdehald skal takast av jordskifteretten.

Departementet foreslår såleis at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse når det gjeld avgjerder etter grannegjerdelova. Det inneber at departementet òg foreslår endringar i grannegjerdelova § 5 tredje punktum. Endringa inneber at jordskifteretten skal avgjere tvist etter § 5. Endringa i § 8 første ledd andre punktum inneber at det er jordskifteretten som skal fordele gjerdehaldsskyldnaden. Når det gjeld § 9 andre punktum så seiast det at der lende, grindhald eller andre tilhøve gjer gjerdehaldet dyrare på det eine stykke enn på det andre skal skyldnaden jamnast ut med avstytting i lengda eller på annan måte. Forslaget inneber at det er jordskifteretten som skal fastsetje utjamninga. I § 10 første ledd gjer departementet ei endring slik at det er klart at der det er tenlegast, så kan jordskifteretten ta avgjerd om at grannane skal ha heile eller noko av gjerdehaldet i lag eller at den eine skal ha det aleine mot at den andre yter han tilskott. Departementets forslag gjer det klart at det er jordskifteretten som skal fastsetje tilskottet. I § 17 første ledd første punktum står det at avgjerdene jordskifteretten tek er tvangsgrunnlag på same måte som orskurder. I første ledd andre punktum foreslår departementet at det berre er jordskifteretten som eventuelt skal kunne gi ei klage utsetjande verknad. Endringa i § 17 andre ledd tredje punktum inneber at jordskifteretten kan avgjere tvist om kostnadsspørsmålet når arbeidet er gjort i dei tilfella der det ikkje er tvangsgrunnlag frå før. I § 19 foreslår departementet at det er jordskifteretten som kan endre gjerdeskipnad som er fastsett før grannegjerdelova tok til å gjelde.

Departementet foreslår òg at kompetansen til jordskifteretten ikkje lenger skal vere stadleg avgrensa. Det inneber at ein vil foreslå å oppheve § 16 første og andre ledd. Kompetansen til jordskifteretten vil etter lovforslaget gå fram av grannegjerdelova § 14 første ledd. Lovforslaget inneber at jordskifteretten skal avgjere spørsmål om «gjerdehald», noko som òg famnar det ein i dag kallar «gjerdehaldstvang» og «gjerdehaldsdeling», sjå grannegjerdelova § 14 andre ledd.

Kompetansen til jordskifteretten til å ta avgjerder etter grannegjerdelova går fram av lovforslaget § 5-3 bokstav b når spørsmålet gjer seg gjeldande i samband med sak for jordskifterett, og av lovforslaget § 5-4 dersom spørsmålet blir behandla som eiga sak. Korleis sakene skal behandlast med vidare, går fram av lovforslaget § 5-7 og grannegjerdelova § 14 første ledd andre punktum.

I dei tilfella gjerdehaldssaka går som eiga sak vil reglane i grannegjerdelova § 16 tredje ledd om sakskostnader gjelde. Grannegjerdelova § 16 tredje ledd bestemmer at kostnaden ved skjønn om gjerdehaldstvang og gjerdehaldsdeling etter §§ 7 og 8 ber partane i høve til den nytten kvar av dei har av gjerde, såframt skjønnet ikkje finn grunn til ei anna deling. Om kostnaden elles, gjeld det som er fastsett i tvistelova kapittel 20. Departementet meiner det ikkje er grunnlag for å endre reglane i grannegjerdelova § 16 om sakskostnader. Reglane om kostnader vil ein etter lovforslaget finne i § 16 første ledd. Departementet foreslår nokre språklege endringar utan at det er meininga å endre innhaldet.

11.5.7 Lov 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom

11.5.7.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å leggje kompetansen jordskifteretten har etter lov 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom (servituttlova) til jordskifteretten aleine. Arbeidsgruppa foreslår òg å ta bort den stadlege avgrensinga av kompetansen til jordskifteretten. Kompetansen blei, med unntak av kompetansen etter servituttlova § 13, foreslått innarbeidd i den nye jordskiftelova, jf. høyringsforslaget §§ 3-9 til 3-12. Arbeidsgruppa foreslår etter dette å oppheve servituttlova §§ 5 til 7 om omskiping og avskiping. Ho foreslår ny § 13 a for å få fram at avgjerd om utvising av skog skal liggje til jordskifteretten aleine. Arbeidsgruppa foreslår å oppheve servituttlova §§ 18 og 19.

Landbruks- og matdepartementet kom likevel til at reglane om avskiping og omskiping framleis bør stå i servituttlova, sjølv om ein gjer dette til verkemiddel i jordskifte slik arbeidsgruppa foreslår, jf. høyringsbrev av 18. september 2009.

11.5.7.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler seg mellom anna til spørsmålet om kor reglane om omskiping, avskiping og utvising bør stå. Justisdepartementet støttar Landbruks- og matdepartementets syn om at reglane om avskiping, omskiping av servituttar framleis bør stå i servituttlova. Justisdepartementet er samd i at avskiping og omskiping av servituttar kan vere nye jordskifteverkemeddel, men dei kan ikkje sjå at det av den grunn er nødvendig eller tenleg å flytte reglane frå servituttlova. Reglane er etter Justisdepartementets meining ein viktig del av det privatrettslege rettshøvet mellom grunneigar og servitutthavaren, som elles er regulert i servituttlova. Reglane høyrer derfor naturleg heime i servituttlova, og ikkje i jordskiftelova som har meir preg av å vere ein prosesslov. Justisdepartementet foreslår at det i staden for å flytte reglane skal visast til reglane i servituttlova om avskiping og omskiping.

Domstoladministrasjonen (DA) uttaler seg mellom anna om bruken av omgrepet servituttar. DA uttaler at

«I lovutkastet benyttes begrepet servitutter og bruksretter om hverandre. En bruksrett innebærer at man har en rett til å bruke en annen eiendom i større eller mindre grad. De fleste bruksretter til fast eiendom, faller inn under definisjonen for positive servitutter. Begrepet servitutter omfatter både negative og positive servitutter. I første ledd heter det at «Jordskifteretten kan avløyse bruksrettar, herunder positive servituttar.» DA stiller spørsmål om hva som legges i begrepet bruksrett i denne sammenheng. Dette er for upresist og må konkretsiseres nærmere.»

Advokatforeningen uttaler seg mellom anna om konsekvensane som høyringsforslaget har for kompetansen til jordskifteretten. Advokatforeningen uttaler at

«Lovutkastet §§ 3-9 til 3-12 innebærer at jordskifteretten kan omskipe og avskipe servitutter etter servituttloven. Dette er en utvidelse av jordskifterettens kompetanse. Det fremgår ikke uttrykkelig av utredningen hvorvidt jordskifteretten skal ha enekompetanse på det området som i dag er regulert i servituttloven §§ 5 til 8. Advokatforeningen mener at jordskifteretten på dette området muligens bør være kompetent, men ikke ha enekompetanse. Det bør være lovens hovedregel at denne type avgjørelser (om- og avskiping av servitutter) hører under rettslig skjønn, men partene kan eventuelt velge jordskifte.»

Gulating jordskifteoverrett uttaler seg òg om kompetansen til jordskifteretten. Deira generelle kommentar til høyringsforslaget til arbeidsgruppa kapittel 5, er at høyringsforslaget fører til at jordskifteretten får eksklusiv heimel til mellom anna å halde beiteskjønn, gjerdeskjønn, servituttskjønn, og skjønn etter reindriftslova. Samstundes blir den stadlege avgrensing av skjønnskompetansen til jordskifteretten oppheva. Dei er samde i desse forslaga og meiner at dette kan føre til meir lik behandling av slike saker.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler seg mellom anna til kompetansen til jordskifteretten til å bruke pengeerstatning. Dei meiner at forslaget om å gjere servituttlova til eit verkemiddel i jordskiftesak er eit av dei beste grepa i arbeidet med ny jordskiftelov. Gjeldande jordskiftelov § 30 gir små rom for å bruke pengeerstatning i dei tilfella resultatet av bruken av verkemidla i gjeldande jordskiftelov § 2 ikkje fullt ut tilfredsstillar kravet i gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a. Denne situasjonen vil ofte kunne oppstå i jordskiftesaker i byer og tettbygde strok. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme viser til gjeldande jordskiftelov § 43 om ekspropriasjonsheimelen til jordskifteretten som del av jordskiftesak. Dei meiner at ei tilsvarande føresegn, men innanfor jordskiftefeltet, skal inngå i jordskiftelova. Dei kan ikkje sjå at argumentet om dobbeltkompetanse er relevant. Når kravet om jordskifte er litispendent, vil ingen andre kunne anvende servituttlova i jordskiftefeltet. For partane vil dette føre til prosessøkonomiske gevinstar. I dag blir enkelte jordskiftesaker avslutta utan at problema til partane fullt ut er løyste på grunn av det smale høvet jordskifteretten har til å bruke pengar etter gjeldande jordskiftelov § 30. Partane må derfor krevje servituttskjønn som eiga sak, eventuelt av forvaltinga, nye skjønnsmenn og nye gebyr.

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme uttaler til høyringsforslaget § 3-10:

«Vi er positive til den utvida heimelen som her er foreslått. Vi ser at Landbruks- og Matdepartementet i høyringsbrevet går inn for at reglane om avskiping og omskiping fortsatt skal stå i servituttlova, sjølv om ein gjer dette til eit jordskifteverkemiddel slik som lovforslaget legg opp til. Dersom LMD sitt forslag om dette vert det endelege, vil vi foreslå ein tilvisingsparagraf i ny jordskiftelov, ev. krysstilvising både i jordskiftelova og servituttlova, slik at det går tydeleg fram også av jordskiftelova at av- og omskiping er eit jordskiftevirkemiddel. Det vil vere uheldig om eit jordskifteverkemiddel ikkje går fram av jordskiftelova, men må leitast fram i ei anna lov.»

11.5.7.3 Departementets vurderingar

Innleiing

Spørsmål om omskiping og avskiping av rettar over fast eigedom kan oppstå i eit jordskifte. For slike tilfelle har ein reglar om kva jordskifteretten kan gjere i jordskiftelova. Det kan likevel òg vere slik at ein grunneigar eller rettshavar krev omskiping, avskiping eller utvising etter reglane i servituttlova. Eit slik krav kan oppstå i samband med eit jordskifte eller som eiga sak.

Bør reglane om omskiping, avskiping og utvising stå i ny jordskiftelov eller servituttlova

Arbeidsgruppa foreslår å innarbeide reglane i servituttlova om omskiping og utskiping i den nye jordskiftelova. Landbruks- og matdepartementet kom i høyringsbrevet til at reglane om avskiping, omskiping og utvising framleis burde stå i servituttlova, sjølv om dette blei verkemiddel i jordskifte slik arbeidsgruppa foreslår.

Departementet er samd med Justisdepartementet i at ein bør føre vidare reglane om omskiping (§§ 5 og 6), avskiping (§ 7) og utvising (§ 13) i servituttlova. Reglane er ein viktig del av det privatrettslege rettshøvet mellom grunneigar og servitutthavaren, som elles er regulert i servituttlova. Reglane høyrer derfor naturleg heime i servituttlova.

Departementet har i kapittel 8.5 vurdert om det er grunnlag for å foreslå reglar i lovforslaget kapittel 3 Jordskifte i den nye jordskiftelova som mellom anna fangar opp dei problema jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme peikar på. Departementet foreslår å føre vidare gjeldande lov når det gjeld tilhøvet til servituttar. Departementet meiner gjeldande jordskiftelov § 30 gir små rom for å bruke pengeerstatning i dei tilfella resultatet av bruken av verkemidla i gjeldande jordskiftelov § 2 ikkje fullt ut tilfredsstillar kravet i gjeldande jordskiftelov § 3 bokstav a. I dag blir enkelte jordskiftesaker avslutta utan at problema til partane fullt ut er løyste på grunn av den avgrensa kompetansen jordskifteretten har til å bruke pengar etter gjeldande jordskiftelov § 30. Departementet meiner likevel at det rette grepet ikkje er å ta reglane i servituttlova inn i den nye jordskiftelova. Departementet har òg vurdert om nokre av reglane i servituttlova om omskiping, avskiping og utvising elles òg bør innarbeidast i den nye jordskiftelova. Departementet meiner at forslaget til reglar om omskiping og avløysing av rettar dekkjer behovet til jordskifteretten. Jordskifteretten kan etter lovforslaget § 3-4 forme ut alltidvarande bruksrett på nytt, og etter § 3-11 på nærare vilkår omskipe og avløyse bruksrettar som ikkje ligg til fast eigedom. Jordskifteretten kan etter § 3-12 avløyse alltidvarande bruksrett som ligg til fast eigedom eller rett til å forby enkelte slag verksemd, bruk eller tilstand (negative servituttar).

Kompetansen jordskifteretten har til å treffe avgjerd om omskiping, avskiping og utvising etter servituttlova

Avgjerd om omskiping, avskiping og utvising blir behandla etter reglane i skjønnsprosesslova, sjå servituttlova § 18 første ledd og formuleringa «høyrer under skjøn». Saka blir styrt av lensmannen, namsfuten eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver, sjå servituttlova § 19 første ledd. Jordskifteretten kan etter andre ledd innafor eit stadleg avgrensa område (LNFR-område etter plan- og bygningslova), avgjere spørsmål om omskiping, avskiping eller utvising av trevirke etter servituttlova, dersom rekvirenten set fram krav om det for jordskifteretten. Jordskifteretten kan ta avgjerder i samband med sak etter jordskiftelova dersom det dreier seg om saker etter gjeldande jordskiftelov § 6 første til fjerde ledd første punktum. Jordskifteretten kan elles ta avgjerder om omskiping, avskiping og utvising innafor det stadleg avgrensa området som eiga sak dersom rekvirenten krev det.

Jordskifteretten kan etter servituttlova § 5 første ledd prøve om det er nokon avgjerande grunn i mot å flytte bruken eller å få han nærare fastlagd, eller omskipe rettshøvet på annan måte. I tillegg til vilkåret om at ingen avgjerande grunn er i mot, må parten som krev omskiping betale kostnaden sjølv. Det er ytterlegare eit vilkår at den nye skipnaden er minst like god for motparten som den tidlegare. Utan at partane er samde, kan omskiping etter § 5 ikkje gå så langt at retten blir av eit anna slag enn før, sjå § 5 tredje ledd. I andre ledd er det eit unntak frå kravet om at rekvirenten må dekkje sakskostnadene. Det er parten som krev omskiping som må bevise at ingen avgjerande grunn er mot omskiping.

Er det mykje om å gjere for ein part, og det ikkje er tvil om at vinninga på hans side blir monaleg større enn tapet på den andre sida, kan han få omskiping jamvel om den nye skipnaden ikkje blir likså god for motparten som den tidlegare, sjå servituttlova § 6 første ledd. I servituttlova § 6 første ledd er det heimel for å gjere såpass vidtgåande endringar at det grensar mot innløysing eller ekspropriasjon. I servituttlova § 6 er det ikkje noko krav om at retten må vere av same slag som før. Når skipnaden ikkje blir likså god for motparten som tidlegare, må han som får medhald i kravet om omskiping svara mellomlag i jord, rettar eller pengar etter avgjerd i skjønn. Mellomlaget må ikkje setjast så lågt at omskipinga blir til skade for motparten, sjå servituttlova § 6 andre ledd første og andre punktum.

Når retten er omskipa i avgjerd etter servituttlova §§ 5 eller 6, kan omskiping etter servituttlova ikkje krevjast før minst 20 år er gått eller nye tilhøve gir rimeleg grunn til det. Det same gjeld når omskiping eller avskiping blir nekta i realitetsavgjerd etter servituttlova.

Avskiping er det sterkaste inngrepet i eit servituttilhøve. Servituttlova stiller i § 7 strenge vilkår for avskiping. Det må dreie seg om ein rett som klart er til meir skade enn gagn. Da kan eigaren få avskipa retten så framt mishøvet ikkje kan bli retta med omskiping etter servituttlova §§ 5 eller 6. Som for omskiping etter servituttlova § 6, skal eigaren i slike høve svara vederlag i jord, rettar eller pengar etter avgjerd i skjønn. Vederlaget må ikkje setjast lågare enn det retten er verd for rettshavaren, sjå andre ledd.

Når skogeigaren krev det, lyt han eller ho som har rett til trevirke til hushald eller gardsbruk, ta det etter utvising, sjå servituttlova § 13. Det er nærare reglar i paragrafen om korleis utvising skal gå føre seg.

Dei særskilde råderettane over fast eigedom som jordskifterettane har til behandling i jordskiftesak, kan behandlast etter reglane i servituttlova.

Departementet drøftar spørsmålet om stadleg avgrensing av kompetansen til jordskifteretten til LNFR-område etter plan- og bygningslova, i kapittel 11.4. Departementet foreslår å ta bort denne stadlege avgrensinga.

Kompetansen til jordskifteretten er avhengig av at rekvirenten sett fram krav om skjønn for jordskifterett som eiga sak eller i samband med sak etter gjeldande jordskiftelov § 6 første til fjerde ledd første punktum. Departementet kan ikkje sjå at det er nokon grunn til å føre vidare dette vilkåret. Departementet meiner jordskifteretten bør kunne ta avgjerd etter servituttlova §§ 5 til 7 og 13 i alle dei tilfella det blir krevd avgjerd av ein grunneigar eller rettshavar.

Departementet har i kapittel 11.3 drøfta spørsmålet om jordskifteretten bør ha eksklusiv kompetanse på dei områda der ein må rekne jordskifteretten for å ha serleg gode føresetnader for å ta avgjerd. Departementet er samd med Advokatforeningen i at jordskifteretten er kompetent på det området som servituttlova §§ 5 til 7 regulerar. I tillegg meiner departementet at jordskifteretten er kompetent til å avgjere spørsmål om utvising etter servituttlova § 13. Departementet meiner likevel jordskifteretten, leia av ein jordskiftedommar, ikkje berre er kompetent, men truleg er betre kvalifisert til å ta dei aktuelle avgjerdene enn ein skjønnsrett leie av lensmann, namsfut eller ein politistasjonssjef. Ein jordskiftedommar vil truleg ha mykje meir erfaring med å handtere spørsmål om omskiping, avskiping og utvising fordi dette er relativt vanlege spørsmål i sak for jordskifterett. Departementet er ikkje samd med Advokatforeningen i at det bør vere hovudregelen i lova at denne type avgjerder skal høyre under rettsleg skjønn. Jordskifteretten har så lenge ein har hatt jordskiftereglar, hatt kompetanse til å omskipe bruksrettar. Når det gjeld avskiping (innløysing) har jordskifteretten òg i lang tid hatt kompetanse innanfor skiftefeltet. I tillegg til erfaringa til jordskifteretten med spørsmål om omskiping og avskiping i ordinære jordskifte, talar omsynet til lik behandling av sakene for at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse. Departementet foreslår etter dette å gi jordskifteretten eksklusiv kompetanse til å omskipe, avskipe eller utvise etter reglane i servituttlova.

Etter gjeldande reglar kan jordskifteretten berre ta avgjerder om omskiping, avskiping og utvising i samband med sak etter jordskiftelova dersom det gjeld sak etter jordskiftelova § 6 første til fjerde ledd første punktum. Det kan tenkjast at det kan vere aktuelt å fremje krav om omskiping, avskiping eller utvising òg i andre tilfelle i samband med sak etter jordskiftelova. Departementet meiner det ikkje er nokon avgjerande grunn til ikkje å gi jordskifteretten eksklusiv kompetanse til å avgjere alle saker om omskiping, avskiping og utvising når kravet blir reist i samband med sak for jordskifterett. Lovforslaget § 5-3 bokstav e gir jordskifteretten slik kompetanse.

Spørsmål om omskiping, avskiping eller utvising kan òg vere ønska utan at spørsmålet har nokon samanhang med jordskifte. Sak etter servituttlova §§ 5 til 7 og 13 skal framleis kunne behandlast av jordskifteretten som eiga sak. Dette går fram av lovforslaget § 5-4. Det går fram av lovforslaget § 5-7 og forslaget til endring av servituttlova § 18 korleis slike saker skal behandlast.

Departementet foreslår ei endring i servituttlova § 6 andre ledd første punktum. Formuleringa «etter avgjerd i skjøn» er teken ut. Korleis saka skal behandlast med vidare, går fram av lovforslaget § 5-7. Ei tilsvarande endring er gjort i servituttlova § 7 andre ledd første punktum.

For å gjere det lettast mogleg å finne fram til kven som skal avgjere spørsmål om omskiping, avskiping og utvising foreslår ein eit nytt første ledd i servituttlova § 18. Der blir det sagt at det er jordskifteretten som skal avgjere spørsmåla som eiga sak. I paragrafen blir det òg sagt etter kva for reglar saka skal behandlast.

Andre ledd i servituttlova § 18 om frist for nytt krav om omskiping, avskiping og utvising blir ført vidare.

Departementet foreslår å gi jordskifteretten eksklusiv kompetanse til å avgjere spørsmål om omskiping, avskiping og utvising når spørsmålet blir behandla som eiga sak etter servituttlova, sjå kapittel 11.3. Departementet foreslår derfor å oppheve servituttlova § 19 første ledd. Departementet foreslår òg å ta bort den stadlege avgrensinga av kompetansen til jordskifteretten til å ta slike avgjerder. Departementet foreslår derfor å oppheve servituttlova § 19 andre ledd første punktum.

Servituttlova § 19 andre ledd andre punktum seier at jordskifteretten gjer nødvendig oppmålingsarbeid som del av saka dersom partane er samde om det. Departementet meiner denne regelen bør førast vidare i § 19 første ledd. Servituttlova § 19 andre ledd tredje punktum seier at gjeldande jordskiftelov §§ 58, 61 d og 74 tredje ledd gjeld tilsvarande. Departementet foreslår å føre vidare desse reglane. Reglane finn ein att i lovforslaget § 6-29, § 8-1 og § 7-3. Dette går fram av servituttlova § 19 første ledd.

Servituttlova § 19 tredje ledd har reglar om kostnaden ved det som kallast skjønn etter servituttlova. Departementet foreslår nokre språklege endringar i reglane.

11.6 Ny kompetanse til jordskifteretten, avgjerder etter beitelova

11.6.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at jordskifteretten skal avgjere dei spørsmåla som beitelova §§ 7 og 9 omhandlar. Arbeidsgruppa meiner det bør gå fram av beitelova sjølv, og foreslår derfor ei endring i beitelova der det seiast at kvar av partane «kan krevje at jordskifteretten skal avgjere spørsmålet». Meininga er at jordskifteretten skal ha denne kompetansen aleine.

Arbeidsgruppa meiner at det ikkje er behov for regelen om varsel om skjønnet innan fem dagar. Arbeidsgruppa foreslår at saksbehandlinga skal følgje reglane i høyringsforslaget § 5-5. Det inneber at reglane om saksbehandling i jordskiftelova skal gjelde når skjønnet haldast i samband med jordskifte. Skjønnet skal behandlast etter reglane i skjønnsprosesslova dersom skjønnet ikkje haldast i samband med jordskifte. Gruppa meiner at kostnadene med skjønnet òg bør følgje dei same reglane som for andre skjønn. Gruppa foreslår denne regelen sløyfa i beitelova § 11. Arbeidsgruppa kan heller ikkje sjå at det skal vere nødvendig å ha regelen om inndriving av pengekrav i beitelova § 11 siste ledd. Det må òg kunne følgje vanlege reglar.

11.6.2 Høyringsinstansane

Få høyringsinstansar uttaler seg eksplisitt om dette spørsmålet. Domstoladministrasjonen foreslår ei oppstramming av regelen i høve til teksten i høyringsforslaget. Dei andre som uttaler seg støttar forslaget.

11.6.3 Departementets vurderingar

Kjem husdyr inn på område der eigaren eller innehavaren av dyret ikkje har rett til å la det halde til, er eigaren eller innehavaren etter beitelova § 7 første ledd skyldig å svare erstatning for den skaden dyret valdar på avling og annan eigedom. Har skadelidne sjølv medverka til skaden med å ikkje overhalde gjerdeplikta si, eller på annan måte, kan erstatninga setjast ned eller falle heilt bort, alt etter kor stor skuld han har.

Den som har sett inn dyr fordi han har fått det inn på sin grunn, har etter beitelova § 9 andre ledd rett til å halde det tilbake til det er reidd ut erstatning som fastsett i beitelova § 7 og godtgjering for det arbeidet og dei utlegg mellom anna innsettinga har ført med seg, eller til det er gitt full trygd for kravet til innsetjaren.

Blir det tvist om krav etter beitelova §§ 7 eller 9, kan kvar av partane krevje at spørsmålet skal avgjerast «ved skjønn», sjå beitelova § 11 første ledd første punktum. Slike skjønn blir styrt etter første ledd andre punktum av lensmann, namsfuten eller politistasjonssjef med sivile rettspleieoppgåver (lensmannsskjønn).

Jordskifteretten har lenge hatt kompetanse til å gi reglar om bruk og sambruk innan skiftefeltet òg når det gjeld beite. I gjeldande jordskiftelov går kompetansen fram av § 35 bokstavane a til d. Jordskifterettane må reknast for å ha mykje erfaring med beitesaker. Departementet meiner dei vurderingane som det er tale om å gjere etter beitelova § 11, jf. §§ 7 og 9, er av ein slik karakter at dei bør kunne leggjast til jordskifteretten. Departementet viser til at det ein skal finne ut, er kva erstatning ein skal betale for den skaden dyr har årsaka på avling og annan eigedom. Eit anna tema er erstatning for det arbeidet og dei utlegg mellom anna innsettinga har ført med seg. I slike saker er det ein fordel å kunne bruke jordskifteretten, ettersom jordskifteretten har god nok kunnskap til å avgjere dei spørsmåla om beiterett som lett oppstår i slike tilfelle.

Departementet vil òg peike på at jordskifteretten allereie gjer skjønnsmessige vurderingar etter reindriftslova som liknar på desse vurderingane, og at nokre jordskifterettar held erstatningskjønn etter reindriftslova § 70.

Departementet foreslår derfor at jordskifteretten skal avgjere dei spørsmåla som beitelova §§ 7 og 9 omhandlar. Departementet foreslår endringar i beitelova § 11 for å få fram at jordskifteretten skal ha eksklusiv kompetanse til å avgjere dette. Departementet foreslår å erstatte formuleringa «ved skjønn» med «at jordskifteretten skal avgjere spørsmålet» for å få fram dette. Det går fram av lovforslaget § 5-7 korleis sakene skal behandlast.

Departementet foreslår som ei følgje av lovforslaget å oppheve § 11 første ledd andre punktum der det i dag framgår at skjønn etter beitelova er «lensmannsskjønn».

Departementet foreslår av informative omsyn òg å ta inn kompetansen til jordskifteretten til å avgjere dei spørsmål beitelova §§ 7 og 9 omhandlar i jordskiftelova. Kompetansen jordskifteretten har til å ta avgjerder etter beitelova §§ 7 og 9 i samband med sak for jordskifterett, går fram av lovforslaget § 5-3 bokstav c. Kompetansen jordskifteretten har til å ta avgjerd etter beitelova §§ 7 og 9 som eiga sak, går fram av lovforslaget § 5-4. Korleis sakene skal behandlast går fram av lovforslaget § 5-7 og beitelova § 11 første ledd nytt andre punktum.

Når det gjeld sakskostnader, følgjer det av beitelova § 11 andre ledd at eigaren eller innehavaren ber kostnaden med skjønnet, så framt skjønnet ikkje finn grunn til ei anna deling. Departementet foreslår å endre andre ledd slik: «Kostnaden ved avgjerda ber eigaren eller innehavaren så framt jordskifteretten ikkje finn grunn til ei anna deling.» Departementet foreslår òg ei språkleg endring i beitelova § 11 tredje ledd: «Pengesummar nokon har krav på etter avgjerd i medhald av denne paragrafen kan søkjast inn etter dei reglar som gjeld om fullføring av dommar.»

Departementet kan etter beitelova § 14 første ledd setje forbod mot beiting med alle slags dyr heile året. Forbodet kan gjelde for heile kommunen, eller for ein del av kommunen, men aldri for bygdeallmenningar eller statsallmenningar. Den som har beiterett, og som blir råka av departementets forbod, kan etter beitelova § 14 andre ledd krevje retten sin avløyst etter reglane i jordskiftelova § 92. Beitelova § 14 viser til tidlegare lov. Tilvisinga til gjeldande jordskiftelov skal truleg vere gjeldande jordskiftelov § 2 første ledd bokstav d.

Jordskifteretten har kompetanse til å avløyse slik rett. Det er såleis ikkje tale om nokon ny kompetanse. I dag kan jordskifteretten behandle krav etter § 14 andre ledd som eiga sak. Departementets forslag i lovforslaget § 5-3 inneber at jordskifteretten òg skal kunne avløyse slik beiterett i samband med sak for jordskifterett. Departementet foreslår å gjere ei endring i beitelova § 14 andre ledd slik at det ikkje lenger er vist til forelda lovreglar.

Det er reglar om saksbehandling for behandlinga av skjønn etter beitelova, sjå beitelova § 11. Departementet meiner det ikkje er behov for regelen om varsel om skjønnet innan fem dagar. Departementet meiner saksbehandlinga bør følgje reglane i lovforslaget § 5-7. Det inneber at reglane om saksbehandling i jordskiftelova gjeld når spørsmålet blir behandla i samband med sak for jordskifterett, reglane i skjønnsprosesslova dersom spørsmålet blir behandla som eiga sak.

11.7 Reglar om saksbehandling

11.7.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa meiner eit mål om mest mogleg einsarta reglar for skjønn og andre avgjerder må liggje til grunn for revisjonen av reglane om saksbehandling. Arbeidsgruppa foreslår ei ordning der skjønn halde av jordskifteretten anten skal gå etter reglar om saksbehandling i den nye jordskiftelova (eventuelt supplert med særreglar i særlov) eller etter skjønnsprosesslova. Forslaget til arbeidsgruppa når det gjeld reglar om saksbehandling går fram av høyringsforslaget § 5-5.

11.7.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler:

«Utkastet til ny § 70 a jf. utkastet til ny jordskiftelov § 5-5 innebærer etter det vi kan se en realitetsendring som ikke er tilstrekkelig kommentert eller drøftet. Etter gjeldende jordskiftelov § 6 a gjelder samme saksbehandlingsregler enten skjønn etter reindriftsloven avholdes som egen sak eller i forbindelse med jordskifte – saksbehandlingen skal følge reglene i jordskifteloven supplert med skjønnsloven § 26. Etter utkastet til ny § 70 a, jf. utkastet til ny jordskiftelov § 5-5, bestemmes saksbehandlingsreglene av om skjønnet holdes sammen med jordskifte eller som egen sak, jf. henvisningen til utkastet til ny jordskiftelov § 5-5. Endringen her bør nevnes og drøftes.»

Domstoladministrasjonen (DA) har ingen kommentarar til forslaget arbeidsgruppa har til reglar om saksbehandling utover at det er naturleg at den blir delt inn i fleire ledd. DA meiner det bør vurderast å ta inn ei tilvising til føresegna i forslaget til arbeidsgruppa § 2-9 tredje ledd. DA stiller spørsmål ved kva som er meininga med høyringsforslaget § 2-9 fjerde ledd. Konsekvent lovteknikk tilseier at sida reindriftsskjønn er teken ut av jordskiftelova, bør dette leddet strykast.

Jordskifteoverrettane saknar ein grundigare gjennomgang av kva ein vinn på å ha to ulike regelsett for dei skjønn jordskifteretten skal halde. Dei uttaler:

«Om skjønn blir halde som eiga sak, eller som del av jordskifte, ville det etter vår meining vere interessant å vurdere ei ordning der jordskiftelova sine saksbehandlingsreglar skal gjelde. Begge regelsetta er svært like, bygd over same system etter modell frå kvarandre. Vi ser at det ville vere nødvendig å supplere jordskiftelova sine saksbehandlingsreglar med enkelte reglar frå skjønnslova, t.d. for kostnader, rettsmiddel m.v. Slik vi ser det vil det vere mykje å vinne på eit slikt system. Jordskifterettane vil halde seg til eit system, og det vil vere lett å skifte mellom jordskifte, skjønn og å kombinere desse. Eit krav om sams tiltak kan subsidiært framsettast som skjønn etter veglova § 53, dersom vilkåra for sams tiltak etter retten syn ikkje er oppfylt. Det er gjennom kombinasjon av verkemiddel at mange av fordelane med å bruke jordskifteretten i slike spørsmål ligg.»

Norges Bondelag uttaler:

«Norges Bondelag er opptatt av at regelverket skal være lett tilgjengelig og brukervennlig. I den forbindelse bør det søkes å oppnå færrest mulig særregler for jordskifteretten, herunder når det gjelder prosessreglene. Ved tvisteløsning som rettsutgreiing og grensegang, bør tvisteloven anvendes med mindre det er særlige forhold som taler foren annen løsning. Tilsvarende bør skjønn for jordskifteretten følge skjønnsprosesslovens regler. Det fremstår som mindre heldig at publikum skal kunne velge domstol etter hvilken prosessordning som passer best. Jordskifteretten bør i stedet velges fordi den har en særlig kompetanse som de alminnelige domstoler mangler. Det kan for øvrig ikke sees at det er gitt noen god begrunnelse for å unnta tvistelovens kapitler 5 og 20, samt §§ 12-1 fjerde ledd og 18-4, i rettsutgreiings og grensesaker. Tvert om vil det være naturlig å la disse reglene få anvendelse i slike tvister. I tilfeller hvor begge parter ønsker en avklaring av et rettsspørsmål uten at det foreligger en tvist, kan nevnte regler suppleres med en bestemmelse etter mønster av odelsloven § 6.»

11.7.3 Departementets vurderingar

I innstillinga til Skjønnslovutvalget, NOU 1993: 35, blir det uttrykt ønske om mest mogleg einsarta reglar for skjønnssaker (s. 83 første spalte). Departementet meiner det må vere eit mål òg for denne lovrevisjonen.

Departementet meiner skjønn og andre avgjerder etter andre lover bør behandlast etter eitt av to spor. Skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett bør behandlast etter reglane i jordskiftelova så langt dei høver, medan skjønn og andre avgjerder etter andre lover som eiga sak bør følgje reglane i skjønnsprosesslova. I tillegg må ein følgje dei serlege reglane som ein finn i dei lovene som er nemnde i lovforslaget § 5-3. Departementet kan vanskeleg sjå anna enn at ein da tek vare på rettstryggleiken til partane.

Det er argument mot å gjere for store inngrep i ordninga ein har i dag med tre spor. Denne løysinga er drøfta i kapittel 11.2.3.2. Det er likevel ei så stor forenkling knytt til det å gå over til to spor slik at skjønn og andre avgjerder anten går etter jordskiftelova sine reglar eller etter skjønnsprosesslova sine reglar, at departementet foreslår ei slik endring. Det endrar ikkje på dette at ein må supplere med reglar som finst i dei særlovene jordskifteretten kan behandle saker etter.

Skjønnsprosesslova er endra i samband med den nye tvistelova. Det er mellom anna gjort viktige endringar for å tilpasse reglane om saksbehandling til det at skjønn utgjer eit stort spekter av saker, både når det gjeld talet på partar og kor kompliserte faktiske og rettslege spørsmål som blir reist. Departementet meiner det tospora forslaget, gjer det mogleg å få til ei rask og rettssikker behandling av skjønna og avgjerdene i jordskifteretten.

11.7.3.1 Skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett

Gjeldande jordskiftelov har i § 6 b reglar om mellom anna saksbehandling for skjønn jordskifteretten held som eiga sak, skjønn som er ein del av jordskiftesak og for skjønn etter andre lover. For skjønn etter reindriftslova og for avgjerd etter reindriftslova § 59 fjerde ledd, er det eigne reglar om saksbehandling i § 6 a og reindriftslova § 70.

Etter gjeldande reglar går skjønn som er ein del av jordskiftesaka, etter reglane om saksbehandling i jordskiftelova så langt dei passar, og etter dei føresegnene i skjønnsprosesslova som er særskild nemnde i gjeldande jordskiftelov § 6 b.

Departementet foreslår at skjønn og andre avgjerder som jordskifteretten held eller tek etter §§ 5-1 til 5-3 skal behandlast etter kapitel 1, 2, 6 og 8 i lovforslaget så langt dei høver. Dette gjeld saker i samband med sak for jordskifterett og går fram av lovforslaget § 5 første ledd første punktum. I tillegg gjeld lovforslaget § 7-1 andre ledd og § 7-10. Reglane for rettslege skjønn i skjønnsprosesslova gjeld så langt kapitla 1, 2, 6 og 8 ikkje regulerer spørsmålet, sjå lovforslaget § 5-7 første ledd tredje punktum. Departementet foreslår i lovforslaget § 5-7 fjerde punktum ein regel om at i tillegg gjeld reglane i dei lovene som er nemnde i lovforslaget § 5-3 for behandlinga av desse sakene.

Reindriftslova har reglar om saksbehandling. Departementet meiner desse reglane må gjelde i tillegg til reglane i den nye jordskiftelova og skjønnsprosesslova som skal brukast i den aktuelle saka. Departementet meiner det bør går fram av lovforslaget § 5-7.

11.7.3.2 Skjønn og andre avgjerder etter andre lover som eiga sak

Skjønn jordskifteretten held som eiga sak eller etter andre lover enn gjeldande jordskiftelov, blir behandla etter reglane i skjønnsprosesslova, eventuelt supplert med reglar i særlova, sjå gjeldande jordskiftelov § 6 b. Departementet foreslår at skjønn og andre avgjerder jordskifteretten tek, fullt ut skal følgje reglane i skjønnsprosesslova. I tillegg må særreglane i dei lovene som er nemnde i lovforslaget § 5-3 gjelde. Forslaget går fram av § 5-7 andre ledd.

11.7.3.3 Reglar om saksbehandling for skjønn etter reindriftslova behandla av jordskifteretten

Gjeldande reglar for korleis jordskifteretten skal behandle det ein kallar skjønn i reindriftslova, er etter måten kompliserte. Det er stort behov for forenklingar.

Gjeldande jordskiftelov § 6 a inneheld ikkje berre reglar om den formelle kompetansen jordskifteretten har til å halde det ein i dag kallar skjønn etter reindriftslova og til å ta avgjerd etter reindriftslova § 59 fjerde ledd. Gjeldande jordskiftelov § 6 a inneheld òg reglar for korleis desse sakene skal behandlast. Departementet meiner det er ei dårleg løysing å ha ein paragraf som inneheld både reglar om kompetansen (materielt innhald) og reglar om saksbehandlinga. Ei slik løysing gjer det vanskeleg å finne fram i lova. I departementets forslag til ny jordskiftelov skil ein gjennomgåande mellom materielle reglar og reglar om saksbehandling. Departementet meiner dette gir ein betre systematikk i lovverket.

Reglane for jordskifte gjeld for skjønn etter reindriftslova og avgjerd etter reindriftslova § 59 fjerde ledd så langt dei høver, sjå gjeldande jordskiftelov § 6 a andre punktum. Med unntak av § 6 b i gjeldande jordskiftelov (som gjeld reglar om saksbehandling for skjønn etter jordskiftelova § 6) gjeld reglane i gjeldande jordskiftelov for behandlinga av det ein i dag kallar skjønn etter reindriftslova, samt § 26 i skjønnsprosesslova. Ved anke til jordskifteoverrett gjeld dessutan § 32 fjerde ledd og § 35 i skjønnsprosesslova for overskjønnet.

Departementet foreslår i § 5-7 reglar for behandlinga av skjønn og andre avgjerder etter andre lover. Det blir vist til desse reglane i forslaget til ny § 70 b i reindriftslova. Skjønn og andre avgjerder etter reindriftslova i samband med sak for jordskifterett, blir behandla etter reglane i lovforslaget kapitla 1, 2, 6 og 8. I tillegg gjeld lovforslaget § 7-1 og § 7-10. Utover dette gjeld reglane for rettslege skjønn i skjønnsprosesslova så langt kapitla 1, 2, 6 og 8 samt § 7-1 og 7-10 ikkje regulerer spørsmålet. Departementet meiner dette legg til rette for heilskaplege og fleksible løysingar. Sak som går som eiga sak skal følgje reglane i skjønnsprosesslova. I lovforslaget § 5-7 første ledd fjerde punktum foreslår departementet å føre vidare dei særlege reglane for behandlinga av saker etter reindriftslova § 59 fjerde ledd og dei særlege reglar for behandlinga av saker om erstatning for skade valde av rein etter reindriftslova § 70.

Departementet er samd med Justisdepartementet i at høyringsforslaget til arbeidsgruppa ny § 70 inneber ei realitetsendring. Etter gjeldande jordskiftelov § 6 a gjeld same reglar om saksbehandling, anten skjønn etter reindriftslova blir halde som eiga sak, eller i samband med jordskifte. Saksbehandlinga skal følgje reglane i jordskiftelova supplert med skjønnsprosesslova § 26.

Etter høyringsforslaget ny § 70 a, jf. høyringsforslaget § 5-5, skal reglane om saksbehandling bestemmast av om skjønnet blir halde i samband med jordskifte eller som eiga sak. Departementet foreslår at jordskifteretten skal behandle dei aktuelle spørsmåla knytt til reindriftslova etter lovforslaget kapittel 1, 2, 6 og 8 samt § 7-1 og § 7-10, og reglane i skjønnsprosesslova når reglane i jordskiftelova ikkje regulerer spørsmålet, når spørsmålet oppstår i samband med sak for jordskifterett. Forslaget inneber at spørsmåla skal behandlast etter skjønnsprosesslova når dei skal behandlast som eiga sak. Departementet kan ikkje sjå at endringa sett rettstryggleiken til partane i fare. Departementet meiner det er ein fordel å ha dei same reglane for avgjerder etter reindriftslova som for andre avgjerder jordskifteretten tek etter særlover. Det gir enklare reglar enn om ein har ei særordning for saker etter reindriftslova.

Skjønn etter reindriftslova har i tillegg eigne prosessreglar i gjeldande jordskiftelov § 6 a og reindriftslova § 70. Departementet foreslår å føre desse reglane vidare med redaksjonelle endringar.

Jordskifteretten kan behandle alle sakene dei har kompetanse til å avgjere etter reindriftslova som eiga sak. Det går fram av lovforslaget § 5-7 andre ledd at saker jordskifteretten behandlar som eiga sak etter reindriftslova skal følgje reglane for rettsleg skjønn i skjønnsprosesslova. Dei særlege reglane om saksbehandling i reindriftslova § 58 andre og sjette ledd og § 70 blir ført vidare. Dei særlege reglane om saksbehandling kjem i tillegg til reglane i skjønnsprosesslova for eiga sak etter reindriftslova §§ 59 og 70. Dette er klart sagt i lovforslaget § 5-7 første ledd fjerde punktum.

Reindriftslova § 70 slik han er i dag, inneheld både materielle reglar og reglar om saksbehandling. Departementet foreslår å spalte opp paragrafen. Departementet meiner at reindriftslova § 70 berre skal handle om kompetansen jordskifteretten har til å avgjere spørsmål om erstatning for skade valda av rein. Departementet foreslår òg ein ny paragraf, § 70 a, der det blir sagt kva for særlege reglar om saksbehandling saker etter § 70 skal følgje. I lovforslaget § 70 b er det reglar om tilhøvet til jordskiftelova ved behandlinga av saker etter reindriftslova § 70.

Departementet har merka seg Justisdepartementets uttale om forslaget til arbeidsgruppa om å leggje reglane om saksbehandling ein i dag finn i § 70 til ein eigen paragraf. Uttalen er referert under kapittel 11.5.2.2. Justisdepartementet foreslår at høyringsforslaget til ny § 70 b skal innarbeidast i gjeldande § 70 slik at ein framleis har ein samleparagraf som inneheld både reglar om kompetanse og reglar om saksbehandling for desse sakene. Forslaget til Justisdepartementet er ikkje nærare grunngitt, og det er difor vanskeleg å sjå kvifor ein bør ha materielle reglar om kompetanse og reglar om saksbehandling i ein og same paragraf. Ein slik kombinasjon av ulike typar reglar, kan truleg gjere det unødvendig komplisert å tilegne seg reglane i jordskiftelova.

11.8 Tvist

11.8.1 Høyringsforslaget

Forslaget til arbeidsgruppa til reglar når det er tvist om underliggjande rettshøve, går fram av høyringsforslaget § 5-6 siste punktum. Arbeidsgruppa meiner at det ikkje er grunnlag for å endre reglane om kompetansen til jordskifteretten til å avgjere tvist. Reglane i gjeldande jordskiftelov § 17 finn ein igjen i høyringsforslaget § 5-6. Tvist som oppstår ved skjønn i samband med jordskifte, skal etter forslaget behandlast etter den paragrafen. For skjønn jordskifteretten held som eiga sak etter reglane i skjønnsprosesslova, er forslaget at reglane for tvistar i den lova skal leggjast til grunn for behandlinga.

11.8.2 Høyringsinstansane

Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler at høyringsforslaget § 5-6 synest unødvendig da jordskifteretten i høyringsforslaget § 6-19 har heimel til rettslege avgjerder, når det er nødvendig for saken. Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme meiner òg at høyringsforslaget § 5-6 er ein unødvendig paragraf. Dei uttaler:

«Jordskifteretten har heimel i § 6-19 andre ledd til å seie dom når det er tvist om grenser, eigedomsrett, bruksrett o a. Dette gjeld generelt i ei jordskiftesak. Da må vel jordskifteretten ha den samme heimelen når den held skjønn som del av saka. Når jordskifteretten held skjønn som eiga sak, gjeld etter forslaget skjønnsprosesslova § 26: «Tvist om retten til og betingelserne for skjønnsforretningens fremme eller om, hvad der skal være gjenstand for skjøn, avgjøres under forretningen.» Heile § 5-6 er, slik vi ser det, unødvendig.»

Jordskifteoverdommarane uttaler at

«Siste punktum viser til § 26 i skjønnslova. Dette er «tvist» om heilt andre forhold enn det som er omtalt tidlegare i § 5-6. Medan første del av regelen gjeld tvistar om t.d. eigedomsgrenser og bruksrettar, gjeld siste punktum tvistar om fremme av skjønnsforretninga. Regelen i Skjønnslova § 26 gjeld uansett, sidan § 5-5 viser til prosessreglane for skjønn i skjønnslova for skjønn som eiga sak, og regelen i § 5-6 første punktum berre gjeld skjønn og jordskifte i kombinasjon. Siste punktum bør derfor takast ut. Slik det står no blir meininga uklar. I alle fall må paragrafen delast i to ledd der siste punktum blir eit eige ledd.»

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme gir i sin uttale utrykk for at dei er samde i høyringsforslaget § 5-6 medan jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme gir uttrykk for at dei ikkje har merknader til høyringsforslaget.

Jordskiftedommarane i Agder jordskiftedømme meiner at paragrafen bør delast i to ledd. Andre ledd bør starte med «For tvistar ved skjønn …»

11.8.3 Departementets vurderingar

Jordskifteretten kan etter gjeldande jordskiftelov § 17 tredje ledd avgjere tvist ved dom om eit underliggjande rettshøve i skjønnssak etter gjeldande jordskiftelov § 6 første til tredje ledd. Slike tvistar kan jordskifteretten likevel berre avgjere i den grad det er nødvendig for at skjønnssaka skal kunne avgjerast. Det må dessutan liggje føre eit krav frå ein part om at jordskifteretten skal avgjere tvisten. Jordskifteretten skal etter gjeldande jordskiftelov § 17 tredje ledd avgjere tvist ved dom om grenser, eigedomsrett, bruksrett og anna i saker om rettsutgreiing og saker om grensefastsetjing etter krav frå ein part når det er nødvendig å ta stilling til tvisten for å få avgjort saka om rettsutgreiing eller saka om grensefastsetjing. Denne kompetansen foreslår departementet å føre vidare, sjå kapittel 9 og 10 og lovforslaget § 4-4.

Jordskifteretten kan halde skjønn og ta andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett. I desse sakene kan det òg vere usemje knytt til underliggjande tilhøve. Jordskifteretten må som særdomstol, ha heimel for å kunne avgjere slike tvistar. Det vil av omsyn til framdrifta i jordskiftesaka og skjønnssaka vere ein fordel om jordskifteretten òg kan avgjere tvist om underliggjande tilhøve i samband med skjønn og andre avgjerder etter andre lover heimla i lovforslaget kapittel 5. Ein slik heimel foreslår arbeidsgruppa i høyringsforslaget § 5-6.

Nokre av høyringsinstansane gir uttrykk for at høyringsforslaget § 5-6 er unødvendig. Etter deira meining gir høyringsforslaget § 6-19 andre ledd jordskifteretten heimel til å ta rettslege avgjerder, når det er nødvendig for saka. Det blir hevda at dette etter høyringsforslaget gjeld generelt i ei sak for jordskifterett. Departementet viser likevel til at høyringsforslaget § 6-19 gjeld avgjerdsformene for avgjerdene til jordskifteretten. Høyringsforslaget § 6-19 er ikkje meint å skulle gi jordskifteretten heimel til å avgjere tvistar i samband med jordskifte, berre kva for form avgjerda skal ha. Meininga til arbeidsgruppa er at kompetansen til jordskifteretten til å halde skjønn skal stå i skjønnskapitlet, jf. høyringsforslaget § 5-6. Departementet ser dette på same måte som arbeidsgruppa. Departementets forslag inneber òg at ein vil finne heimelen til å avgjere tvist i samband med skjønn og andre avgjerder i skjønnskapittelet, sjå lovforslaget § 5-8.

Skjønnsprosesslova § 26 gir heimel til å avgjere tvist under skjønnsforretninga om retten til, og vilkåra for skjønnsforretninga si fremje, eller om kva som skal vere gjenstand for skjønn. Føresegna seier at tvist om desse spørsmåla skal avgjerast prejudisielt under skjønnsforretninga. Skjønnsprosesslova § 48 gjeld for ekspropriasjonssaker. Den seier at dersom det under ei skjønnsforretning som blir styrt av ein dommar, oppstår tvist om retten til og føresetnadene for ekspropriasjon, eller om kva som er gjenstand for ekspropriasjon, blir tvisten avgjort under skjønnsforretninga. Når jordskifteretten behandlar sak etter andre lover enn gjeldande jordskiftelov som eiga sak, gjeld desse reglane, sjå gjeldande jordskiftelov § 6 b første ledd.

Departementet meiner at jordskifteretten bør ha kompetanse til å avgjere alle tvistar som oppstår i tilknyting til skjønn og andre avgjerder etter andre lover i samband med sak for jordskifterett. Det inneber for det første at ein i det vesentlege bør føre vidare den kompetansen som jordskifteretten har i gjeldande jordskiftelov § 17 tredje ledd og som gjeld tvistar i saker etter gjeldande jordskiftelov § 6. Det kan ikkje utelukkast at det kan oppstå spørsmål om å få ei prejudisiell avgjerd av den karakter som er nemnt i skjønnsprosesslova § 26 òg i saker i samband med jordskifte. Ein tenkjer her særleg på skjønn i samband med tiltaksjordskifte og vernejordskifte. Legg ikkje vedkomande offentlege styresmakt til grunn at det skal ytast erstatning, kan jordskifteretten etter gjeldande reglar og høyringsforslaget til arbeidsgruppa § 5-1, berre halde skjønn til fastsetjing av erstatning, dersom det er rettskraftig avgjort av dei ordinære domstolane at det skal ytast erstatning, sjå gjeldande jordskiftelov § 6 andre ledd. Departementet foreslår at dette kravet skal takast bort, sjå punkt 11.5.1.3.Om det ligg føre eit erstatningsansvar, er likevel eit spørsmål som kan reisast i samband med skjønnssaka. Dersom nokon påstår at det ikkje ligg føre erstatningsansvar, må skjønnsretten prejudisielt ta stilling til det etter skjønnsprosesslova § 26. Departementet meiner det bør klargjerast i jordskiftelova at jordskifteretten òg kan avgjere slike spørsmål når skjønnet blir halde i samband med sak for jordskifterett. Lovforslaget § 5-8 tredje ledd inneber ei slik klargjering.

Departementet foreslår etter dette ein eigen paragraf i lovforslaget kapittel 5 om tvist, lovforslaget § 5-8. Forslaget byggjer på at jordskifteretten har dei kvalifikasjonane som skal til for å avgjere dei aktuelle spørsmåla, omsyn til ein effektiv behandling av sakene for jordskifteretten og informative omsyn.

I lovforslaget § 5-8 første ledd får jordskifteretten heimel til å bruke skjønnsprosesslova §§ 26 og 48 for saker som blir behandla etter lovforslaget kapittel 5. Heimelen er såleis generell. I lovforslaget § 5-8 tredje ledd finn ein att i det alt vesentlege reglane i gjeldande jordskiftelov § 17 tredje ledd. Jordskifteretten avgjer om det er nødvendig å avgjere tvisten ved dom av omsyn til jordskiftesaka. Når omgrepa «kan» og «nødvendig» blir brukt, slepp jordskifteretten å avgjere alt som måtte oppstå av tvistar. I lovforslaget tredje ledd andre punktum står det at jordskifteretten kan avgjere med endeleg verknad om det skal ytast erstatning som følgje av offentleg regulering av eigarrådvelde.

Til forsida