Prop. 101 L (2012–2013)

Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Til innhaldsliste

7 Endringar med omsyn til organiseringa av domstolen

7.1 Strukturen i kapittel 2 i lovforslaget

7.1.1 Høyringsforslaget

Kapitel 2 i høyringsforslaget inneheld reglar om to forskjellige tema. Høyringsforslaget §§ 2-1 til 2-7 gjeld tilhøve som har lite å gjere med den enkelte sak for jordskifteretten. Dei regulerer organisatoriske tilhøve. Høyringsforslaget §§ 2-8 til 2-11 er reglar om samansetjinga jordskifteretten har i den enkelte sak og om lovnad frå nye jordskiftemeddommarar.

I høyringsforslaget er det eigne paragrafar for jordskiftedommarar (§ 2-2), jordskiftedommarfullmektigar (§ 2-3) og for anna personale (§ 2-6). Redaksjonelt er dette klart forskjellig frå gjeldande jordskiftelov der ein berre har ein paragraf om bemanninga.

Som følgje av forslaget om ny rettsmiddelordning er dei fleste reglane om jordskifteoverrettane tekne ut av kapittel 2 i høyringsforslaget. I høyringsforslaget §§ 2-4 femte ledd og 2-6 første ledd finn ein likevel reglar som gjeld ankeinstansen.

7.1.2 Høyringsinstansane

Høyringsinstansane ytrar seg ikkje seg om todelinga av innhaldet i kapittel 2 i høyringsforslaget.

Høyringsinstansane uttaler seg heller ikkje om opplegget med eigne paragrafar for forskjellige delar av bemanninga ved jordskifterettane. Fleire høyringsinstansar tek likevel opp tilhøvet til domstollova i merknadene til §§ 2-2 til 2-5 i høyringsforslaget. Ofte kjem dei med forslag om at jordskiftelova berre treng ei tilvising til tilsvarande reglar i domstollova. Desse merknadene blir nærare omtalt og drøfta der dei tematisk høyrer heime.

Høyringsinstansane har ikkje merknader til at høyringsforslaget §§ 2-4 femte ledd og 2-6 første ledd inneheld reglar som gjeld ankeinstansen.

7.1.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner det er grunn til å tydeleggjere forskjellen mellom reglar om organisering av jordskifterettane og samansetjinga av jordskifteretten i den enkelte sak. I lovforslaget gjer ein det ved å dele kapittel 2. Jordskifterettane i to underkapittel. Underkapittel I har overskrifta Organisering av jordskifterettane. Underkapittel II har overskrifta Samasetjinga av jordskifteretten i ulike slags saker. Lovnad frå jordskiftemeddommar med meir.

Departementet meiner todelinga gir lova ei meir logisk og betre redaksjonell oppbygging, gjer lova lettare tilgjengeleg for folk flest og gjer det enklare med krysstilvisingar i sjølve lova.

Departementet meiner det er tilstrekkeleg med ein paragraf om bemanninga ved jordskifterettane. Dei er særdomstolar, jf. domstollova § 2 nr. 1. Domstollova gjeld for jordskifterettane med mindre det er gjort lovpositive unntak. Behovet for eigne reglar om stillingsgruppene i særdomstolen er i utgangspunktet avgrensa til det som er spesifikt for jordskifterettane. Departementet meiner at det er behov for å fastsetje titlar på leiaren av og dommarane ved jordskifteretten, ordninga med jordskiftedommarfullmektig, og sist - men ikkje minst – å få lovfesta kravet til at det skal vere eit teknisk personale ved jordskifterettane.

Departementet meiner kapittel 2 i lovforslaget ikkje skal innehalde reglar om ankeinstansen. Reglar om ankeinstansen går fram av domstollova og kapittel 8 i lovforslaget. Departementet går ikkje inn for at det skal vere noko krav til karakternivå slik arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 2-4 femte ledd, sjå kapittel 7.5 nedanfor. Dette gjeld òg for tilsette i ankeinstansen.

Departementet er samd med arbeidsgruppa når det gjeld realiteten i høyringsforslaget § 2-6 første ledd om at lagmannsrettane må ha nødvendig personale til å utføre jordskifteteknisk arbeid. Redaksjonelt meiner departementet at ein regel om dette høyrer heime i domstollova. Der finn ein reglane om bemanninga i lagmannsrett. Nærare drøfting av innhald i regelen om dette og plasseringa av han finn ein nedanfor i tilknyting til forslaget om ny § 62 a i domstollova.

7.2 Inndeling i jordskiftesokn (verneting)

7.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa meiner det ikkje er grunn til å endre regelen om at Kongen deler riket inn i jordskiftesokn for jordskifterettane.

7.2.2 Høyringsinstansane

Det er ikkje merknader til høyringsforslaget til arbeidsgruppa.

7.2.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner det er nødvendig å ha ein regel om inndeling i jordskiftesokn. På den måten får ein på plass to viktige element i organiseringa. For det første avgjer det spørsmålet om verneting, det vil seie kvar saka høyrer heime. For det andre avgjer det tenesteområdet for dei som arbeider i jordskifteretten. Departementet meiner òg at det av omsyn til partane er betre at denne regelen står i jordskiftelova enn i domstollova. Alternativet er å ta inn ein ny regel i domstollova med same ordlyd.

Det er Kongen som deler inn riket for dei vanlege domstolane. Kongen bør gjere det same for jordskifterettane.

Departementets forslag går fram av § 2-1 i lovforslaget.

7.3 Tilhøvet til domstollova

7.3.1 Høyringsforslaget

Tilhøvet til domstollova er ikkje eksplisitt drøfta i høyringsnotatet.

Med unntak av dei endringane som følgjer av ny rettsmiddelordning, kjem da heller ikkje arbeidsgruppa med forslag til vesentleg endring i høvet mellom domstollova og jordskiftelova.

7.3.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet uttaler:

«Det følger av domstolloven § 2 andre ledd at domstolloven gjelder for jordskifterettene om ikke annet er bestemt. Vi mener at jordskifteloven av informasjonshensyn bør ha med en henvisningsbestemmelse til domstollovens regler.
Følgende bestemmelse kan plasseres i en egen paragraf etter lovutkastet § 2-1:
«§ […] Forholdet til domstolloven
Domstolloven gjeld for jordskifterettane om ikkje anna er bestemt, jf. domstolloven § 2 andre ledd.»»

Justisdepartementet meiner òg at det ikkje er nødvendig å ta inn eit nytt tredje ledd om jordskiftedomstolane i domstollova § 33 c. Denne regelen gjeld rolla som Domstoladministrasjonen har i budsjettarbeidet.

Fleire høyringsinstansar tek opp tilhøvet til domstollova i merknadene til §§ 2-2 til 2-5 i høyringsforslaget. I fleire forslag om jordskiftelova blir det sagt at ein berre treng ei tilvising til tilsvarande reglar i domstollova. Desse merknadene blir nærare omtala og drøfta der dei tematisk høyrer heime.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner at reglane om utnemning og konstitusjon bør vere i domstollova. Ei eventuell tilvising bør vere i ein samleparagraf til sist i lova. Dei meiner derfor at § 2-5 i høyringsforslaget kan gå ut.

7.3.3 Departementets vurderingar

Departementet er samd med Justisdepartementet og jordskifterettane i Agder jordskiftedøme om at det er ein fordel å ta inn ei føresegn som viser til at domstollova i utgangspunktet gjeld. Det dekkjer eit alminneleg informasjonsbehov om samanhengen mellom jordskiftelova og domstollova. Ein slik regel fører ikkje med seg noko realitetsendring, men slik § 2-2 i lovforslaget er forma, oppstår det eit behov for unntak frå domstollova i dei tilfella arbeidet til jordskifteretten gjer det nødvendig med eigne reglar. Det er mellom anna tilfellet når det gjeld inndeling i jordskiftesokn, bemanning ved og leiing av jordskifterett, krav til jordskiftedommarar, utval av jordskiftemeddommarar, oppnemning av jordskiftemeddommarar og tilpassa lovnad frå jordskiftemeddommarane.

Departementet er samd med jordskifterettane i Agder jordskiftedømme om at reglane om utnemning og konstitusjon av jordskiftedommarar bør vere i domstollova. Reglane om utnemning og konstitusjon av dommarar vil til vanleg vere av lita interesse for partane i saka. Omsynet til sjølvprosederande partar veg derfor ikkje særleg tungt i denne samanheng. Når det kjem inn ei generell tilvising til domstollova, er det etter departementets meining ikkje grunn til å føre vidare den meir avgrensa og konkrete tilvisinga som ein finn i § 2-5 i høyringsforslaget.

Departementet er samd med Justisdepartementet i at det ikkje er nødvendig å gjere endring i domstollova § 33 c slik arbeidsgruppa foreslår. Etter den paragrafen er det Domstoladministrasjonen (DA) som har ansvaret for å fremje budsjettforslag for domstolane overfor Justisdepartementet. Sidan jordskifteretten er ein domstol som DA har ansvar for, har DA òg ansvaret for budsjettet til jordskifteretten.

7.4 Bemanning

7.4.1 Kven fastset bemanninga i jordskifteretten

7.4.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare kompetansen Domstoladministrasjonen (DA) har til å fastsetje tal stillingar for faste jordskiftedommarar ved den enkelte jordskifterett. DA blir i det heile tillagt same rolle overfor jordskifterett som overfor tingrett. Konkret går arbeidsgruppa inn for å tydeleggjere dette gjennom ei endring i § 33 c i domstollova.

Standardbemanning ved jordskifterett er jordskiftedommar(ar), jordskiftekandidat (overingeniør) med allment løyve, teknisk personale (ingeniørar) og administrativt personale. Arbeidsgruppa foreslår ikkje endringar i standardbemanninga. Ved enkelte jordskifterettar finn ein òg tilsette som har fagleg spesialiserte oppgåver. Deira rolle er dels å bidra med spisskompetanse og dels å utvikle hjelpemiddel til bruk for alle. Eksempel finn ein innafor kartfaglege område og takstopplegg for skog.

Det er DA som fastset talet på stillingar òg når det gjeld det tekniske og administrative personalet. For desse gjeld lov 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn m.m. dersom ikkje anna følgjer av domstollova.

7.4.1.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren iFrostating jordskiftedømme meiner det bør gå eintydig fram av ein eventuell lovtekst at det er DA som bestemmer tal jordskiftedommarar i kvar jordskifterett.

7.4.1.3 Departementets vurderingar

Departementet sluttar seg til forslaget frå arbeidsgruppa og jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme om at DA skal ha kompetansen til å fastsetje bemanninga ved den enkelte jordskifterett. Departementet meiner dette allereie går klart fram av domstollova § 33 c andre ledd som seier at DA fastset tal faste dommarstillingar ved domstolane. Denne paragrafen gjeld òg for jordskifterettane. Spørsmålet blir da om det er nødvendig med eigne reglar om dette i jordskiftelova. Departementet meiner dette er eit tema som er av lita interesse for partane i jordskiftesakene. Etter ei samla vurdering er departementet kome til at det ikkje er nødvendig med ein slik regel i jordskiftelova.

7.4.2 Tal faste embete for jordskiftedommar

7.4.2.1 Høyringsforslaget

Høyringsforslaget inneheld tre endringar. Arbeidsgruppa foreslår for det første at føresegna om jordskiftedommar utan fast tenestekrins skal takast ut av jordskiftelova.

Det andre forslaget er at kravet i § 7 andre ledd i gjeldande jordskiftelov om at det alltid skal vere minst ein jordskiftedommar i kvart jordskiftesokn, skal erstattast av at det alltid skal vere ein jordskifterettsleiar. Sjølv om det ikkje står i klartekst nokon stad, går det fram av samanhengen at jordskifterettsleiaren – på same måte som sorenskrivaren – skal gjere teneste som jordskiftedommar ved sidan av leiaroppgåvene.

Det tredje forslaget var den harmoniseringa til reglane i domstollova som ligg i innføringa av denne formuleringa i høyringsforslaget § 2-2 første ledd siste punktum: «…som til kvar tid er bestemt.»

7.4.2.2 Høyringsinstansane

Ingen har merknader til dei tre forslaga.

7.4.2.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår å ta bort heimelen i jordskiftelova for jordskiftedommar utan fast tenestekrins. Departementet konstaterer at det er lenge sidan denne heimelen har blitt brukt. Departementet meiner det er nok med regelen i domstollova § 33 c andre ledd andre punktum som seier at DA kan skipe faste dommarstillingar felles for fleire domstolar.

Departementet meiner det ikkje er behov for å ha ein regel om minstebemanning av jordskiftedommarar. Departementet legg vekt på at det ikkje er høyringsutsegner om dette og at eit lovfesta minste tal for jordskiftedommarar vil leggje etter måten sterke føringar for organiseringa av jordskifterettane.

Departementet meiner det bør gå fram av jordskiftelova at det skal vere så mange jordskiftedommarar som til kvar tid er bestemt. Det tilsvarar løysinga i domstollova § 19 første ledd første punktum. Departementet meiner at det ikkje er grunn til å ha nokon forskjell mellom tingrettane og jordskifterettane på dette området.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 2-3 første ledd.

7.4.3 Tilkalling av jordskiftedommar og oppnemning av jordskiftedommar i den enkelte saka

7.4.3.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa meiner at regelen i domstollova § 19 andre ledd om tilkalling av jordskiftedommarar dekkjer same realitet som regelen i gjeldande jordskiftelov § 7 andre ledd andre punktum om oppnemning av jordskiftedommar til å styre den enkelte saka. Arbeidsgruppa foreslår derfor ei ordning for tilkalling som er tilnærma lik den som gjeld for tingrettane. Ordninga for tingrettane er todelt. Til å ta sete i retten i ei eller fleire bestemte saker, kan sorenskrivaren tilkalle dommarar frå andre tingrettar. Vilkåret er at dei tilkalla dommarane er viljuge til å gjere dette. I den andre delen av ordninga kan lagmannsretten trekkjast inn. Sorenskrivaren kan be lagmannsretten om å foreta tilkalling av slike dommarar innan lagdømmet.

7.4.3.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) har ikkje merknader til innhaldet i tilkallingsordninga. DA reiser spørsmål ved om det er nødvendig å ha eigne reglar om dette i jordskiftelova, eller om det er nok med ei tilvising til domstollova § 19 andre ledd.

Norges Bondelag meiner det er meir naturleg å leggje kompetansen til å tilkalle jordskiftedommarar til DA, enn til lagmannsretten.

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner at det ikkje skal vere fritt å kunne tilkalle jordskiftedommar frå heile landet. Hovudregelen bør vere tilkalling frå jordskifteretten i jordskiftedømmet.

Tekna meiner at forslaget om tilkalling av jordskiftedommar med fordel kan erstattast av eit regelverk som gir heimel for å kunne konstituere jordskiftedommarar på bestemte saker på ubestemt tid og utan utlysing. Tekna argumenterar slik:

«Jordskiftesakene strekker seg ofte over lengre tid og omfatter mange rettsmøter. Det er nødvendig at det går noe tid mellom møtene, i og med at det må foretas verdsettinger, grenseavmerkinger og annet arbeid utenom sjølve rettsmøtene. I arbeidsmengde kan derfor ei jordskiftesak heller sammenliknes med en serie ulike saker for de ordinære domstolene.»

Sør-Trøndelag jordskifterett har drøfta formålet med tilkallingsordninga og er noko kritisk til løysinga i høyringsforslaget. Jordskifteretten meiner det same som Tekna når det gjeld å tilkalle jordskiftedommar knytt til sak i staden for knytt til ei viss tid. Uttalen endar elles ut i denne tilrådinga:

«Det burde derfor være tilstrekkelig med en henvisning til domstolloven under forutsetning av at domstolloven fikk nødvendig tilpasning til jordskifteretten.»

7.4.3.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at jordskifterettsleiaren skal kunne tilkalle jordskiftedommarar til å styre saker. Dette er ei praktisk nyttig ordning for å kunne jamne ut kortvarige variasjonar i arbeidsmengda for jordskiftedommarane ved dei forskjellige jordskifterettane. Det skal vere same reglar for tingrettane og jordskifterettane på dette området. Departementet er samd med Domstoladministrasjonen (DA) i at det ikkje er behov for å ha eigne reglar om tilkallingsordning. Det er nok med ein tilvisingsregel.

Departementet meiner Tekna har ei treffande omtale av korleis tidsbruk og tal rettsmøte kan vere i enkelte jordskiftesaker. Departementet meiner at det ikkje ligg til rette for å jamne ut meir kortvarige forskjellar i jordskiftedommararbeidet ved å bruke tilkallingsordninga i slike omfattande saker. I denne samanheng vil departementet peike på at ein tilvisingsregel i utgangspunktet ikkje er til hinder for å tilpasse tilkallingsordninga til særpreget ved sakene for jordskifterett så lenge tilpassinga ligg innanfor det som er intensjonen med tilkallingsordninga.

Departementet meiner det ikkje er grunn til å følgje opp forslaget til Norges Bondelag om å flytte tilkallingsmyndigheit frå lagmannsretten til DA. Departementet kan ikkje sjå at det er grunn til å ha forskjellige reglar for tingrett og jordskifterett når det gjeld denne delen av tilkallingsordninga. Elles vil det nok vere slik at dersom behovet for ekstraordinær kapasitet som jordskiftedommar er stort, vil det òg vere behov for ekstra løyvingar. Dermed kjem DA inn i arbeidet med å finne løysing på kapasitetsbehovet.

Departementet er samd med jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme om at det er ein fordel om tilkalla jordskiftedommarar som hovudregel kjem frå det lagdømmet jordskifteretten ligg i. Departementet viser likevel til at det frå tid til annan kan vere tenleg å kunne tilkalle jordskiftedommar frå jordskiftesokn som ligg i nabolagdømme. I denne samanheng er det i det heile fleire praktiske omsyn som gjer at det er ein fordel med ein regel som opnar for fleksible løysingar. Departementet meiner domstollova § 19 andre ledd er fleksibel nok.

Departementet meiner at forslaget til arbeidsgruppa ikkje fullt ut fører vidare praksis etter gjeldande jordskiftelov når det gjeld oppnemning av jordskiftedommar i den enkelte saka. Departementet viser til at det har blitt oppnemnt overingeniørar med allment løyve til å styre sak. Slik enkeltsaksoppnemning har i enkelte tilfelle vart lenger enn dei to åra som domstollova § 55 f opnar for. Departementet ser det slik at høyringsforslaget § 2-2 andre ledd om tilkalling gjeld for dei som allereie er embetsdommarar. Departementet meiner derfor at forslaget arbeidsgruppa har til tilkallingsordning på dette punktet er forskjellig frå den praksis som er etablert med heimel i gjeldande jordskiftelov.

Departementet er ikkje nøgd med praksis for saksoppnemnde jordskiftedommarar etter gjeldande jordskiftelov. Departementet meiner at ordninga i seg sjølv ikkje legg opp til så effektiv avvikling av saker som ein bør ha. Det er færre uheldige sider ved ordninga med fast dommar for fleire jordskiftesokn etter domstollova § 33 c andre ledd, enn med oppnemning av jordskiftekandidat til dommar på enkeltsak som truleg vil vare meir enn to år.

Departementets forslag inneber at gjeldande jordskiftelov § 7 andre ledd siste punktum om oppnemning av jordskiftedommar til å styre den enkelte saka for jordskifteretten skal erstattast av reglane i domstollova §§ 19 og 33 c.

7.4.4 Jordskiftedommarfullmektigar

7.4.4.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår ei fullmektigordning i jordskifterettane etter same mønster som for tingrettane. Avgrensa funksjons- og tilsettingstid og krav til særskilt fullmakt for å leie hovudforhandlingar og til å seie dom, er karakteristiske trekk ved ordninga med dommarfullmektigar i tingrettane. I tillegg er det ei alminneleg oppfatning at dommarfullmektigstillinga er ei opplæringsstilling.

7.4.4.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) meiner at behovet for å kunne rekruttere nye jordskiftedommarar gjer det viktig at jordskiftedommarfullmektigane får mest mogleg sakserfaring slik at dei blir kvalifisert til stilling som jordskiftedommar. DA peiker på at høyringsforslaget inneber at oppgåvene heng saman med fullmakter som blir gitt i to etappar. Den generelle fullmakta ligg til sjølve stillinga. Kompetansen til å leie rettsmøte og til å ta avgjerder, krev ei særskilt fullmakt. Hausten 2009 gjennomførte DA ei intern utgreiing som viser at det i gjennomsnitt gikk 1,1 år frå tilsetting av jordskiftekandidat, til allment løyve blei gitt. DA går inn for at den særskilte fullmakta skal bli gitt på eit langt tidlegare tidspunkt.

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme og Sør-Trøndelag jordskifterett meiner at ein kan erstatte reglane i andre ledd i § 2-3 i høyringsforslaget med ei tilvising til aktuelle reglar i kapittel 3 i domstollova. § 55 g er i så fall ein heilt sentral paragraf.

Jordskiftedommarane i Eidsivating jordskiftedømme meiner fullmakta til jordskiftedommarfullmektigen er for snever når den er avgrensa til å leie rettsmøte eller seie dom. Dei meiner at utgangspunktet må vere at jordskiftedommarfullmektigen skal kunne styre sak etter jordskiftelova.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme skriv i si uttale til § 2-3 siste ledd i høyringsforslaget:

«Her bør det heller fremgå hva en jordskiftedommerfullmektig kan utføre, og ikke hva han ikke kan utføre.»

Sør-Trøndelag jordskifterett og DA meiner tittelen jordskiftedommarfullmektig gir betre forklaring på arbeidsoppgåvene som ligg til stillinga, enn jordskiftekandidat med allment løyve. Jordskifteretten meiner tittelen er upraktisk lang, men har ikkje noko betre forslag.

Den norske Dommerforening er oppteken av kva for funksjon stillinga som jordskiftedommarfullmektig skal dekkje. Foreininga meiner at stillinga først og fremst skal vere ei opplæringsstilling som kan vere eit viktig bidrag til rekruttering av jordskiftedommarar. Foreininga peiker på at det er nødvendig med ein plan for opplæringa, og kva for sakstypar som jordskiftedommarfullmektigen kan behandle. Dei nærare retningslinene for dette må vere på plass før ordninga kan setjast i verk. Foreininga er mot at ordninga med fullmektigar skal kunne brukast til å løyse eit varig behov for fleire jordskiftedommarar.

Jernbaneverket går inn for at jordskiftedommarfullmektigar skal kunne styre ekspropriasjonssaker og uttaler:

«Slik vi ser det er ekspropriasjonssaker som regel ikke mer komplekse enn andre sakstyper. Generelt vil det derfor ikke være grunn til å stille ekspropriasjonsskjønn i en særstilling når det gjelder jordskiftedommerfullmektigens dommerkompetanse. Vi mener det må være opp til jordskifterettens leder å vurdere forsvarligheten av om vedkommende fullmektig, i lys av vedkommendes kvalifikasjoner og sakens omfang og vanskelighetsgrad, er kompetent til å fungere.»

7.4.4.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner dei same grunnleggjande omsyn bør gjelde for ordningane med fullmektig i jordskifterett og tingrett. Departementet foreslår endringar som dels gå fram av lovforslaget § 2-3 i jordskiftelova, og dels av domstollova §§ 55 g og 55 h.

Departementet er ikkje samd med jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme og Sør-Trøndelag jordskifterett i at det er nok med ei tilvising til domstollova § 23. Departementet meiner at det er ryddig å leggje til grunn at Domstoladministrasjonen (DA) skal kunne utarbeide ei forskrift som fastset i kva for tilfelle jordskiftedommarfullmektigen skal kunne få myndigheit. Dette samsvarar òg betre med den løysinga som finnst for dommarfullmektigar for tingretten. Departementet er samd med jordskiftedommarane i Eidsivating jordskiftedømme i at utgangspunktet må vere at jordskiftedommarfullmektigen kan styre sak etter jordskiftelova.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 2-3 tredje ledd.

Departementet meiner fungeringstida skal vere tre år med høve til eitt års forlenging. Etter gjeldande jordskiftelov varer fullmektigperioden eitt år lenger ved jordskifterett enn ved tingrett. Sidan arbeidsgruppa går inn for å føre vidare forskjellen i fungeringstid, er ikkje høyringsforslaget ei full harmonisering av fullmektigordningane ved dei to domstolane.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 9-7 endringar i andre lover nr. 1 domstollova § 55 g nytt andre ledd, og nytt tredje ledd nytt andre punktum.

Departementet er samd med Dommerforeningen og DA som begge – på noko forskjellig vis – peiker på at fullmektigordninga er viktig når det gjeld rekruttering av jordskiftedommarar.

Departementet meiner at talet på jordskiftedommarfullmektigar ikkje bør regulerast i lova. DA er den instansen som bør ta avgjerd om talet på jordskiftedommarfullmektigar og ved kva for jordskifterettar dei skal vere.

Departementet meiner tildelinga av fullmakt bør skje i to steg slik DA foreslår. Etter lovforslaget er det DA som har hand om forskrifta for fullmakta. Departementet meiner at dette gir DA tilstrekkeleg spelerom til å få til ei forsvarleg og rask tildeling av fullmakt.

Jordskiftedommarfullmektigen bør kunne behandle saker som jordskifterettsdommaren har kompetanse til. Departementet meiner at tidsavgrensinga i ordninga likevel vil føre til at jordskiftedommarfullmektigane ikkje får styre dei største og mest komplekse sakene. Departementet meiner det kan vere tenleg at leiaren av jordskifteretten kan tildele myndigheit til jordskiftedommarfullmektigen, og lova er ikkje til hinder for det. Departementet er samd med Jernbaneverket i at leiaren av jordskifteretten er den næraste til å kunne vurdere om jordskiftedommarfullmektigen har dei kvalifikasjonar som skal til, ut frå omfanget saka har og kor vanskeleg ho er. Ein følgje av dette er at fullmakta må innehalde ei klar utsegn om at jordskiftedommarfullmektigen blant anna kan styre skjønn som eiga sak, sjå skjønnsprosesslova § 5 andre ledd.

Departementet går inn for å innføre tittelen jordskiftedommarfullmektig. Departementet er samd med Sør-Trøndelag jordskifterett i at tittelen er upraktisk lang, men tittelen er presis i høve til realitetane i ordninga.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 9-7 endringar i andre lover nr. 1 domstollova §§ 55 g og 55 h første punktum.

7.4.5 Teknisk personale

7.4.5.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår ei lovfesting av at jordskiftedomstolane skal ha nødvendig teknisk personale. Det er ei direkte oppfølging av mandatet til arbeidsgruppa.

7.4.5.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen kjem i si uttale med ei skildring av oppgåvene til det tekniske personalet i jordskiftedomstolane:

«I dag er det ca. 120 årsverk i jordskiftedomstolene som har teknisk bakgrunn. Deres innsats, bakgrunn og kunnskap er helt avgjørende for å få en effektiv og rasjonell saksbehandling i jordskiftedomstolene. Det tekniske personellet utreder saken for dommeren, utarbeider og presenterer de ulike alternativene for jordskifteløsning, bistår i verdsettingsarbeid, registrerer og måler inn grenser. I mange jordskifteretter er ingeniøren også en viktig aktør i rettsmeklingen mellom partene. Dette har man meget gode erfaringer med. Ingeniøren er videre den i jordskifteretten som kanskje er mest i dialog med partene gjennom registreringsarbeidet. Ingeniøren bidrar i stor grad, gjennom samtaler med partene, til å holde konfliktnivået i sakene på et minimum. Ingeniørens arbeid fører til effektive og rasjonelle prosesser i jordskiftedomstolene, både for partene og samfunnet. DA ønsker derfor å understreke viktigheten av at det tekniske arbeidet fremdeles må være en integrert del av jordskifteprosessen.»

I eit brev til departementet av 5. juni 2012 tekDomstoladministrasjonen opp spørsmålet om lovregulering av ordninga med landskonsulentar i jordskifterettane. DA viser til at det for tida er 8 slike landskonsulentar, som i første rekkje har ein fagleg og teknisk støttefunksjon for jordskifterettane. Ordninga gir jordskifterettane tilgang på spisskompetanse innan fagområde som den enkelte jordskifteretten vanskeleg kan halde seg oppdatert på til ei kvar tid. Dette gjeld skogfag, landmåling/GPS og GIS. Landskonsulentane er lokaliserte til fire ulike jordskifterettar kring i landet. Landskonsulentane er tilsette i den jordskifteretten der dei er lokaliserte, medan DA har det faglege ansvaret for arbeidet dei utfører. DA viser til at organiseringa, der arbeidsgjevaransvaret og fagansvaret er delt, skaper både arbeidsrettslege og organisatoriske utfordringar. Ordninga er òg evaluert av ei arbeidsgruppe, som mellom anna tilrår å føre vidare ordninga med landskonsulentar og at ein skal vurdere organisering og lokalisering. DA uttaler at ein førebels ikkje har teke stilling til tilrådingane, men at det framstår som nokså sikkert at ordninga med landskonsulentar bør halde fram. Ordninga bør òg forankrast i lov. DA meiner lovforankringa bør gå fram av jordskiftelova, ikkje domstollova.

DA og jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner at det òg må vere teknisk personale i lagmannsrettane, og at det må inn i første ledd i § 2-6 i høyringsforslaget. Indirekte seier jordskifteoverrettane og jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme det same i sine utsegner om utdanningskravet til dette personalet, sjå nedanfor. I merknadene til dei enkelte paragrafane skriv jordskifteoverrettane:

«I første ledd andre setning står det at personale som skal utføre teknisk arbeid ved lagmannsretten bør ha same utdanning som jordskiftedommar. Det er viktig å vere klar over at dagens jordskiftekandidatar har svært lite landmålings- og kartfag og at det ikkje er naturlig at desse utfører det tekniske arbeidet. Vi foreslår at paragrafen blir endra slik at det står at personalet bør ha relevant jordskiftefaglig utdanning. Valet av kva utdanning som vil passe best i dei enkelte tilfelle vil mellom anna avhenge av den administrative organiseringa av lagmannsretten etter den nye ankeordninga.»

Jordskifteoverrettane uttaler òg:

«Utkastet stadfestar og ingeniøren sin viktige rolle i jordskiftedomstolen. I saker der det er parallell kompetanse mellom jordskifterett og tingrett vil jordskifterettane ha ein fordel då partane kan få utført kartlegging, grensemerking og tinglysing i ei og same sak. Det er rasjonelt og partane sparar kostnadar.»

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme viser til at jordskifterettane både har teknisk og kontoradministrativt personale som i utgangspunktet fell inn under omgrepet «anna personale». Dei meiner det tekniske personalet må nemnast og at det administrative kan nemnast i paragrafen. Dei skriv:

«Det er bra og naudsynt å lovfesta at jordskiftedomstolane skal ha teknisk personale.»

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme rår til at formuleringa «… i samband med saka …» i høyringsforslaget § 2-6 første ledd første punktum strykast.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner at kravet til teknisk personale ved lagmannsrettane bør vere slik at det òg er rom for kandidatar med teknisk kompetanse.

Sør-Trøndelag jordskifterett uttaler seg slik om behovet for anna personale i lagmannsrettane:

«I og med at det er behov for kartfesting/innmåling i forbindelse med lagmannsrettens arbeid, bør derfor person med utdanning tilsvarende det tekniske personalet i jordskifterettene tilsettes i tillegg til utrederen. Uttrykket «utdanning som jordskiftedommer» er uheldig, vi foreslår noe i retning av «jordskiftefaglig utdanning som fyller kvalifikasjonskravene til jordskiftedommerstilling».»

Jernbaneverket ser at det gjerne kunne ha stått slik i siste del av første ledd i § 2-6 i høyringsforslaget:

«…ha jordskiftefagleg utdanning slik som krava sett til jordskiftedommar jf. § 2-4»

7.4.5.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at jordskifterettane skal ha teknisk personale, og at det skal gå fram av lova. Jordskifteoverrettane og jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme er positive til dette og ingen går mot det. Departementet legg vekt på at dette er ei lovfesting av lang praksis. Av omsyn til rettstryggleiken er det viktig at òg dette arbeidet blir gjort av eit personale som ikkje er arbeidsmessig bunden til andre enn domstolen.

Dette er nytt i høve til gjeldande jordskiftelov, men i samsvar med lang praksis.

Departementet legg til grunn at løysinga med landskonsulentar, som har spesialkompetanse innan område som byr på særlege faglege utfordringar, bør halde fram. Som Domstoladministrasjonen peiker på, gir ordninga jordskifterettane tilgang på spisskompetanse innan fagområde som den enkelte jordskifteretten vanskeleg kan halde seg oppdatert på til ei kvar tid. Fordi jordskifterettane er domstolar, bør eigne organ som skal tene domstolen med støttefunksjonar som dette vere forankra i lovverket. Departementet er samd med Domstoladministrasjonen i at lovforankringa bør gå fram av jordskiftelova, ikkje domstollova. Departementet meiner det bør liggje til Domstoladministasjonen å organisere ordninga med landskonsulentar. Domstoladministrasjonen avgjer om eininga skal ha eigen leiar, og kva krav til kompetanse som skal stillast. Departementet meiner at det ikkje er hensiktsmessig å lovregulere oppgåvene til det tekniske personalet. På den måten får den enkelte jordskifterettsleiar spelerom til å kunne bruke det tekniske personalet etter behov og ut frå kompetanse.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 2-3 andre ledd.

Departementet meiner òg at lagmannsrettane skal ha teknisk personale. Når jordskifteoverrettane blir slått saman med lagmannsrettane, følgjer dei tekniske oppgåvene med. Derfor må dei ha teknisk personale. Både Domstoladministrasjonen og jordskifterettane i Agder jordskiftedømme seier dette i sin høyringsuttale. Jordskifteoverdommarane, jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme og Sør-Trøndelag jordskifterett seier indirekte det same når dei omtalar krava til det tekniske personalet ved lagmannsrettane.

Departementet meiner at reglane om teknisk personale i lagmannsrettane skal vere i domstollova. Det er i den lova ein finn reglane om lagmannsrettane. Konkret foreslår departementet ein ny § 62 a i domstollova. Der kjem føresegna umiddelbart etter reglane om tenestemenn i domstolane.

Departementet er samd med jordskifteoverdommarane når det gjeld utdanningskrav til teknisk personale ved lagmannsrettane. Kva for utdanning som vil passe best i det enkelte tilfellet, vil mellom anna avhenge av den administrative organiseringa av lagmannsretten etter den nye ankeordninga. Departementet har merka seg at fleire høyringsinstansar er av same prinsipielle meining som jordskifteoverrettane.

Etter ei samla vurdering er departementet kome til at det ikkje er nødvendig å lovfeste noko utdanningskrav. Den enkelte lagmannsrett vil da stå fritt til å stille krav når den skal lyse ut ei slik stilling.

Departementet har vurdert om det er nødvendig å lovfeste at reglane i domstollova kapittel 6 om ugildskap gjeld for det tekniske personalet ved jordskifterett (og lagmannsrett). Domstollova gjeld ikkje direkte for teknisk personale i jordskifteretten. Departementet foreslår derfor i lovforslaget § 2-3 andre ledd andre punktum ein regel om at domstollova kapittel 6 skal gjelde for teknisk personale.

Departementet har merka seg at jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme meiner at òg det administrative personalet kan nemnast i jordskiftelova. Fordi reglane i domstollova gjeld for jordskifterettane, så er det full likebehandling av det administrative personalet ved jordskifterett og ved tingrett. Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre særlege grunnar for å nemne det administrative personalet ved jordskifterettane i jordskiftelova.

7.4.6 Leiing av jordskifterett

7.4.6.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare ordninga med jordskifterettsleiar. Gruppa foreslår òg å lovfeste praksisen om at jordskifterettsleiaren fordeler sakene mellom dommarane ved retten.

Arbeidsgruppa foreslår at Domstoladministrasjonen kan bestemme at jordskifterett skal ha nestleiar. Gruppa foreslår dessutan å lovfeste praksis om kven som skal fungere som leiar i feriar og liknande.

7.4.6.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) spør om det ikkje er godt nok med ei tilvising til domstollova § 19 tredje ledd når det gjeld leiaren sin rett til å fordele sakene mellom dommarane. DA har ikkje merknader til forslaget om nestleiar. DA har heller ikkje merknader til forslaget om fungeringsregel når leiar har forfall. I samband med planlagt revisjon av domstollova har DA rådd til at den lova endrast slik at det skal vere mogleg å oppnemne fast stadfortredar.

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme meiner det ikkje er nødvendig å ha ein regel om kven som skal fungere som leiar om jordskifterettsleiaren og eventuell nestleiar har forfall. Jernbaneverket er av same meining. Dersom det skal vere ein slik regel, går det inn for slik ordlyd:

« …skal den med lengst erfaring som jordskiftedommar gjere teneste om ikkje nokon annan er oppnemnt.»

Jernbaneverket meiner at det ikkje er behov for reglane om nestleiar. Jernbaneverket viser til at det går fram av høyringsdokumentet at dei fleste jordskifterettane er så små at det ikkje vil vere behov for nestleiar.

7.4.6.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at det ikkje er behov for detaljerte reglar om leiing av jordskifterett i jordskiftelova. Det er nok å slå fast at jordskifteretten skal ha ein jordskifterettsleiar som òg skal vere jordskiftedommar. Det lovfestar både leiartittelen og kven som kan vere leiar.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 2-3 første ledd.

Departementet er samd med DA i at det ikkje er behov for ein eigen regel om fordeling av saker mellom jordskiftedommarane.

Departementet er òg samd med Jernbaneverket i at det ikkje er behov for reglar om nestleiar i jordskifterett i jordskiftelova. Departementet er vidare samd med jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme og Jernbaneverket i at det heller ikkje er behov for eigne reglar i jordskiftelova om fungering som leiar. Forslaget arbeidsgruppa har til reglar om nestleiar og tenestegjering som leiar ved forfall, er i all hovudsak regulering av interne tilhøve i jordskifteretten. Det er av heller lita interesse for partane i sakene, og departementet meiner at reglane om desse tilhøva i domstollova § 19 òg dekkjer behovet for jordskifteretten. Desse reglane gjeld for jordskifteretten, sjå lovforslaget § 2-2. Dette fører òg til fullgod harmonisering mellom tingrett og jordskifterett på området.

Lovforslaget inneheld ikkje føresegner om nestleiar i jordskifterett. Lovforslaget inneheld heller ikkje noko om fungeringsordning for leiar.

7.5 Krav til jordskiftedommarane

7.5.1 Lovregulering av krav til dømmande personell

7.5.1.1 Høyringsforslaget

Høyringsforslaget § 2-4 er ein eigen paragraf om kvalifikasjonskrav til jordskiftedommarane. Paragrafen inneheld krav til kva for utdanning dommarar i jordskifterett og jordskiftelagdommar skal ha, krav til alder for å kunne vere dommar og krav til kva for karakter dommarane skal ha.

I kapittel 7.5.1 i proposisjonen tek departementet opp behovet for krav til dømmande personell i seg sjølv. I kapittel 7.5.2 til 7.5.6 ser ein nærare på forskjellige sider ved det aktuelle og konkrete innhaldet i krava.

7.5.1.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) reiser spørsmål ved om § 2-4 i høyringsforslaget høyrer heime i jordskiftelova. Kan hende det er nok med ei tilvising til § 54 i domstollova. DA ber òg departementet om å vurdere om fullmakt til å fastsetje kvalifikasjonskrav bør leggjast til DA. DA grunngir dette med at DA har den nødvendige jordskiftefaglege og juridiske kompetanse, og at DA har eit godt utvikla kontaktnett inn mot dei forskjellige universitetsmiljøa.

Jordskiftedommarane i Eidsivating jordskiftedømme meiner krava bør vere prinsipielt like dei som domstollova inneheld for vanlege dommarar.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner at lova berre skal innehalde ein regel om krav til kvalifikasjonar. Den skal gå ut på at Kongen fastset utdanningskrava.

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme peiker på at det må gå klart fram at utdanningskrava til jordskiftedommar òg gjeld for jordskiftedommarfullmektig.

Samerettsgruppa ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø er samd i at det reelle innhaldet i utdanningskravet ikkje skal endrast, men presiserer at dette ikkje må stengje for andre kombinasjonar enn dagen si masterutdanning.

Norske Reindriftsamers Landsforbund uttaler seg òg om utdanning av jordskiftedommarar:

«Det må også foretas hensiktsmessige grep som sikrer rekruttering og utdanning av dommere til slike domstoler. Det må være en uttrykt målsetting å kunne rekruttere framtidige dommerkandidater fra reindriftsmiljø.»

7.5.1.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner det skal vere ein eigen paragraf om krav til jordskiftelagdommarar, jordskiftedommarar og jordskiftedommarfullmektigar i jordskiftelova. Departementet meiner det er nyttig å få fram at det dømmande personalet har ei utdanning på høgt nivå som er forskjellig frå dommarane ved tingrett.

Departementet meiner elles at fleire av dei meir konkrete krava til dømmande personell, bør vere dei same ved særdomstolen og ved dei alminnelege domstolane. Departementet meiner at denne harmoniseringa i praksis bør gjennomførast ved å unnlate å lage eigne reglar i jordskiftelova. Da gjeld reglane i domstollova òg for det dømmande personellet ved jordskifterettane.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 2-4.

7.5.2 Jordskiftefagleg utdanning

7.5.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at alle som blir tilsett i dommarstilling, skal ha jordskiftefagleg utdanning som skal fastsetjast av Kongen.

7.5.2.2 Høyringsinstansane

Fylkesmannen i Hedmark uttaler at kompetansen i jordskifterettane skal kunne bidra til å sikre gode og tenlege eigar- og rettstilhøve innan landbruket.

Norges skogeierforbund uttaler at:

«Jordskifterettens kompetanse er kritisk for at jordskifteordningen skal fungere. Norges Skogeierforbund mener derfor at det er viktig at partene kan kreve at retten settes med meddommere. Vår erfaring er at meddommere med sin praktiske tilnærming ofte kan bidra til å sikre gode resultater. Sett fra skogbrukets side har det vært en klar styrke for jordskifteretten at dommerne er jordskiftekandidater med landbruksfaglig grunnkunnskap. Selv om jordskifteretten etter hvert også blir tillagt oppgaver utenfor landbruket, oppfatter vi det som en svekkelse dersom dette kompetansekravet fjernes.»

Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) ber om å få ein jordskifterett som er fagleg kompetent på rettstilhøva i reindrifta. NRL skriv:

«Dagens jordskifterett har etter vårt skjønn ikke nødvendig kompetanse til å kunne utføre dette arbeidet med påkrevet forutsigbarhet og rettssikkerhet.»

Norske Samers Riksforbund uttaler:

«… Jordskiftedomstolen må inneha adekvat kunnskap og kompetanse innen reindrift, samisk kultur og sedvane …»

7.5.2.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at dommarane i ein særdomstol må ha reell fagleg kompetanse på eit høgt nivå i det som er oppgåvene og arbeidsmåtane til domstolen. Departementet meiner det er viktig å gjere dette synleg i jordskiftelova slik at partane enkelt kan få tilgang til dette.

Departementet meiner at erfaringane med utdanninga til jordskiftedommarane tilseier at det ikkje er nødvendig med nemnande endring. Departementet meiner at utdanninga må vere på mastergradsnivå. Utdanningsmonopolet som Norges Landbrukshøgskole hadde etter jordskiftelova § 7 blei oppheva ved ei lovendring i 2012, sjå Prop. 3 L (2012-2013) som er omtala under kapittel 7.5.5. Lovforslaget § 2-4 fører vidare denne løysinga.

Departementet foreslår at departementet skal ha heimel for å fastsetje fagkrinsen. Denne løysinga ligg til grunn for gjeldande reglar. Departementet kan leggje myndigheita til andre. Etter gjeldande reglar er myndigheita lagt til Domstoladministrasjonen.

7.5.3 Krav til karakternivå

7.5.3.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at Kongen fastset karakterkrav for jordskiftelagdommar, jordskiftedommar og jordskiftedommarfullmektig.

7.5.3.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) går mot at det skal kunne fastsetjast karakterkrav til dommarar og fullmektigar. DA viser til at det ikkje er fastsett slike krav med heimel i gjeldande jordskiftelov. Ei avvikling av utdanningsmonopolet vil føre til at ein må vurdere kandidatar med ein breiare og meir variert utdanningsbakgrunn. Dette vil føre til at søkjarar både vil ha jordskiftefaglege relevante og ikkje relevante fagkarakterar. Da blir det spørsmål om kva for fag som skal telje med i ein gjennomsnittskarakter. Dette kan igjen gjere det vanskeleg å bruke ein gjennomsnittskarakter. Det byr òg på problem å finne eit tilfredsstillande gjennomsnitt for dei bokstavkarakterane som nå blir brukt.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme går mot at det skal vere krav til karakterar for jordskiftelagdommarar, jordskiftedommarar og jordskiftedommarfullmektigar i lova. Dersom dei blir lovfesta, bør det heller vere i domstollova.

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme tviler på om det er rett å innføre ufråvikeleg krav til snittkarakter. Saman med jordskifteoverrettane meiner dei at innstillingsråd og utnemningsmyndigheit bør kunne vurdere konkret om ein søkjar er kvalifisert, eller ikkje.

Norges Bondelag meiner derimot at eit krav til karakterar er eit gode, og skriv slik i si uttale:

«Saker for jordskifterett har ofte stor økonomisk og bruksmessig interesse for partene. Det er derfor viktig å ivareta de rettssikkerhetshensyn som sikrer en forsvarlig behandling av saken. Norges Bondelag mener på den bakgrunn at det bør lovfestes karakterkrav for jordskiftedommere og jordskiftelagdommere.»

7.5.3.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner det ikkje er grunnlag for å lovfeste minstekrav til karakterar frå utdanninga til dei som skal gjere dommararbeid i jordskifterettane. Departementet viser til dei innvendingane mot dette som er komne i høyringane. Departementet viser vidare til at utnemning av jordskiftedommarar skjer etter ei grundig og velregulert saksbehandling. Departementet kan heller ikkje sjå at det er grunn til å reise tvil om det arbeidet som skjer i samband med tilsetting av jordskiftedommarfullmektigar.

Lovforslaget inneheld ikkje krav til karakterar frå utdanninga til dei som skal gjere dommararbeidet i jordskifterettane.

7.5.4 Krav til alder

7.5.4.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår ein regel om at jordskiftelagdommar skal ha fylt 30 år, jordskiftedommar 25 år og jordskiftedommarfullmektig 21 år.

7.5.4.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme meiner det er unødvendig med aldersgrense for jordskiftedommarfullmektigar. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme og jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme går òg mot at jordskiftelova skal ha ein regel om krav til alder. Dersom dette skal lovfestast, bør det vere i domstollova. Sør-Trøndelag jordskifterett meiner tilvising til ei tilpassa domstollov er eit alternativ til å ha eigne reglar om aldersgrenser i jordskiftelova.

Jordskifteoverrettane meiner det skal vere alderskrav til jordskiftedommar. Dei meiner at 21 år i praksis er umogleg for jordskiftedommarfullmektigar slik utdanninga av jordskiftekandidatar er lagt opp.

7.5.4.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner det ikkje er grunnlag for å ha eigne føresegner i jordskiftelova om nedre aldersgrenser for dømmande personale ved jordskifterettane.

Departementet meiner likevel at det er nødvendig med eit alderskrav. Dei same omsyna som ligg til grunn for dommarar i dei alminnelege domstolane gjer seg òg gjeldande for dommarar i jordskifteretten og jordskiftelagdommarane. Departementet foreslår at alderskravet skal gå fram av domstollova § 54 to nye punktum i andre og tredje ledd. Aldersgrensene i forslaget er dei same som for dømmande personell ved tingrettane og lagmannsrettane.

7.5.5 Oppheving av utdanningsmonopol

7.5.5.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å oppheve det gjeldande lovfesta kravet til ei spesiell utdanning ved Universitetet for Miljø- og Biovitenskap (UMB). Forslaget arbeidsgruppa har går fram av høyringsforslaget § 2-4.

7.5.5.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen stør forslaget om å fjerne utdanningsmonopolet til UMB:

«Det utdannes i dag for få kandidater til å dekke de reelle behov etter denne typen utdanning i arbeidslivet. Dagens rekrutteringssituasjon, særlig til dommerembetene, tilsier at dette er en viktig endring. Oppheving av monopolet vil også innebære at man kan rekruttere kandidater med en annen fagbakgrunn, som på sikt vil styrke jordskiftedomstolenes samlede kompetanse. Fjerning av monopolet krever imidlertid en tettere dialog med aktuelle utdanningsinstitusjoner for å sikre at det utvikles en tilfredsstillende fagkombinasjon for fremtidige jordskiftedommere.»

Jordskifteoverrettane og jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme er positive til forslaget om å oppheve utdanningsmonopolet. Jordskifteoverrettane viser til at dei er kjent med at det blir arbeidd med planar om ei alternativ utdanning i eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Høgskolen i Bergen. Jordskifteoverrettane skriv:

«Jordskiftefagmiljøet er lite og sårbart. Det er nå eit generasjonsskifte på UMB og ein ser av utviklinga at jordskiftefagmiljøet gradvis har blitt svekka både innanfor undervisning og forsking. Uavhengig av korleis lova blir til slutt må ein i større grad enn i dag få til eit samarbeid mellom jordskiftedomstolane og undervisningsinstitusjonane.»

Samerettsgruppa ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø og Avdeling for ingeniørutdanning ved Høgskolen i Bergen stør forslaget om å oppheve det lovfesta kravet til ei spesiell utdanning ved UMB.

7.5.5.3 Departementets vurderingar

Departementet viser her til Prop. 3 L (2012-2013) om endringar i jordskifteloven, som blei behandla av Stortinget 4. desember 2012, jf. Innst. 83 L (2012-2013). Det blei da gjort ei endring i gjeldande jordskiftelov § 7 femte ledd slik at utdanningsmonopolet ved Universitetet for miljø- og biovitenskap blei oppheva. Sjå om grunngivinga for dette i Prop. 3 L (2012-2013).

I innstillinga (Innst. 83 L (2012-2013)) sa komiteen mellom anna følgjande:

«Komiteen forutsetter at de utdanningsinstitusjoner som tilbyr denne type utdanning i fremtiden etter denne lovendring, innretter utdanningen på en slik måte at innholdet i utdanningen er overførbart mellom de ulike utdanningsinstitusjoner i tilfelle studenter velger å bytte mellom utdanningsinstitusjoner under utdanningsløpet.»

Departementet viser til proposisjonen, innstillinga og lovvedtaket i Stortinget. Endringa førast vidare i lovforslaget § 2-4. Føresetnaden frå komiteen er teken opp med Domstoladministrasjonen i eige brev.

Når det gjeld jordskiftelagdommar, går dette fram av forslaget til nytt andre punktum i domstollova § 54 andre ledd, der det blir vist til føresegna i § 2-4.

7.5.6 Samisk språk og kultur

7.5.6.1 Høyringsforslaget

Høyringsforslaget inneheld ikkje noko eksplisitt om samisk språk og kultur.

7.5.6.2 Høyringsinstansane

Samerettsgruppa ved det juridiske fakultet ved Universitetet i Tromsø og Norske Reindriftsamers Landsforbund meiner at omsynet til samisk språk og kultur må styrkast i sjølve lova. I den samanheng skriv fakultet mellom anna dette:

«I følge Grunnloven § 110 a har statlige myndigheter et ansvar for «at lægge Forholdene til Rette for at den samiske Folkegruppe kan sikre og udvikle sit Sprog, sin Kultur og sit Samfundsliv».»

Samerettsgruppa skriv òg:

«For jordskiftedomstolene har ikke grunnlovsbestemmelsen blitt fulgt opp i nevnbar grad. For å synliggjøre og lette oppfølgingen av ansvaret, bør det derfor inntas en lovbestemmelse som fastslår dette ansvaret i jordskifteloven. Det kan gjøres som en tilføying i utkastet § 2-4 eller i en egen paragraf i kapittel 2. Det vil da også sikre at ansvaret i større grad følges opp i utdanningen av framtidige jordskiftedommere.»

7.5.6.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at det er viktig at jordskifterettane har innsikt i samisk kultur og samisk oppfatning av eigedomsrett og bruksrett.

Departementet legg til grunn at jordskifterettane følgjer dei alminnelege reglane for domstolane når det gjeld språk. Det følgjer òg av at domstollova gjeld, jf. lovforslaget § 2-2.

Departementet viser elles til det som er sagt i kapitla 2.3 og 8.6 når det gjeld den vidare oppfølginga av spørsmål knytt til samisk kultur, sedvane og rettsforståing.

7.6 Utval av jordskiftemeddommarar

7.6.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at det skal vere eitt utval for saker for jordskifterett i kvar kommune. Høyringsforslaget har ikkje reglar for meddommarar i lagmannsrett.

7.6.2 Høyringsinstansane

Det er berre jordskiftedomstolane som uttaler seg om dette. Med unntak for jordskifteoverrettane går alle inn for at det skal vere eit felles utval for jordskiftemeddommarar og skjønnsmedlemmer.

Jordskifteoverrettane meiner at det bør vere eit eige utval for jordskiftemeddommarar i kvar kommune. Dei skriv:

«Vi er kjent med at mange ynskjer å slå saman dette utvalet med skjønnsmannsutvalet. Sistnevnte er eit utval valgt av fylkestinget med relativt få representantar frå kvar kommune. Vi meiner det er betre med eit eige jordskiftemeddommarutval. Då kan jordskifterettsleiaren fremje sine ynskjer direkte til kommunen både når det gjeld talet på meddommarar, kompetansekrav m.v.»

Dei som går inn for felles utval, har noko forskjellig syn på korleis det bør vere og kvifor dette er beste løysing. Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner at utvalet for saker for jordskifterett skal utgjere fellesutvalet. Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme viser til at eit felles utval ville gi ei monaleg forenkling av lovreglane om bruk av meddommarar. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner òg det vil gi enklare reglar og dermed mindre risiko for saksbehandlingsfeil. Dersom det framleis skal vere to utval, meiner jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme at ein bør lovfeste at dei kommunen foreslår som medlemmer i utvalet for skjønn, skal veljast inn i meddommarutvalet for jordskifterett. I så fall meiner jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme at ein kan stryke tredje ledd i § 2-9 høyringsforslaget.

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme kjem med denne uttalen:

«Vi er klar over at dette vil krevje nye reglar for oppnemning av skjønns/meddommar- utvalet, men finn likevel så store fordelar med eit felles utval at dette må vurderast nøye. Det felles utvalet må vere større enn dagens skjønnsmannsutval og betydeleg mindre enn noverande meddommarutval. Utvalet må ha medlemmer med relevant kompetanse for både rettslege skjønn og rettsendrande jordskiftearbeid. Eit felles utval vil sikre at lagmannsretten kan velje kompetente meddommarar ved ankebehandling, jfr. § 8-2.»

7.6.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner det er nødvendig med ei anna løysing i lova enn den arbeidsgruppa foreslår. Departementet meiner det bør vere eitt særskilt utval av jordskiftemeddommarar i kvart jordskiftesokn. Dette er nytt i høve til gjeldande jordskiftelov § 8 der utvalet høyrer til kvar kommune. Etter det departementet kjenner til, er det heller sjeldan at alle jordskiftemeddommarane i dei kommunale utvala blir brukt i løpet av valperioden. Det er vel knapt nokon hensikt i å velje folk inn i fagleg kvalifisert utval når det er såpass stor sjanse for at dei ikkje vil bli brukt. Departementet meiner at eit særskilt utval av jordskiftemeddommarar i kvart jordskiftesokn legg til rette for ein meir aktiv bruk av dei som er i utvala. Departementet meiner at det skal vere pårekneleg at alle i utvalet skal gjere teneste i jordskifteretten i løpet av valperioden.

Departementet er samd med jordskifteoverrettane i at det må vere eigne utval av jordskiftemeddommarar. På den måten kan ein sikre at jordskiftemeddommarane har dei kvalifikasjonane dei bør ha, når dei skal vere ein del av retten i ein særdomstol. I § 8 i gjeldande jordskiftelov er det eit krav om at dei som er med i utvalet, skal vere kunnige i saker jordskifteretten til vanleg har. Arbeidsgruppa fører vidare dette kravet i høyringsforslaget § 2-7. I prinsippet er dette same krav som ein finn i skjønnsprosesslova § 14. Departementet legg stor vekt på at meddommarane skal vere kunnige.

Departementet meiner at omsynet til likestilling mellom kjønna er viktig òg når det gjeld samansetjinga av utvalet for jordskiftemeddommarar. Derfor inneheld lovforslaget § 2-5 andre ledd ei føresegn om at alle kommunar i jordskiftesoknet skal peike ut minst ein medlem av kvart kjønn til utvalet, og alltid like mange av kvart kjønn. Dermed skulle sjølve utvalet av jordskiftemeddommarar leggje til rette for likestilling mellom kjønna.

Departementet meiner at alle kommunane i jordskiftesoknet skal vere representerte i utvalet av jordskiftemeddommarar. Leiaren av jordskifteretten fastset kor mange som skal sitje i utvalet frå kvar kommune. Dette fører vidare gjeldande jordskiftelov § 8 tredje punktum.

Departementet har merka seg at mange av jordskiftedomstolane går inn for å slå saman utvalet av jordskiftedommarar og utvalet av skjønnsmedlemmer. Departementet er samd i at dette ville gi enkle og greie reglar om meddommarar uansett kva for sakstype jordskifteretten skal behandle. Departementet gjer likevel ikkje framlegg om ei slik løysing. Departementet viser til at utvalet av skjønnsmedlemmer òg gjeld for andre skjønn enn dei som går for jordskifterett. Departementet viser òg til at lovforslaget mest truleg vil føre til at jordskifterettane held nokre fleire skjønn. Da vil det vere nærliggjande å stille noko meir like krav til medlemmane i utvalet av jordskiftemeddommarar og i utvalet av skjønnsmedlemmer. I tråd med dette er departementet samd med arbeidsgruppa i at medlemmane av skjønnsutvalet ikkje skal vere fritekne for å vere med i jordskiftemeddommarutvala.

Departementets forslag går fram av § 2-5 i lovforslaget.

7.7 Samansetjing av jordskifteretten i den enkelte sak

7.7.1 Jordskiftedommaren som einedommar

7.7.1.1 Høyringsforslaget

Jordskiftedommaren som einedommar er hovudregelen i forslaget til arbeidsgruppa, jf. høyringsforslaget § 2-8. I gjeldande jordskiftelov § 9 er hovudregelen at jordskifteretten skal setjast med ein jordskiftedommar og to meddommarar. Unntaksføresegnene om bruk av jordskiftemeddommarar finn ein i høyringsforslaget § 2-8 første og andre ledd.

Dette er eit forslag til endring som rører ved prinsippet om bruk av lekdommarar i norske domstolar.

7.7.1.2 Høyringsinstansane

Jordskifteoverrettane viser til at lekdommarprinsippet er eit sentralt grunnprinsipp i sivilprosessen. Dei er skeptiske til å svekkje lekdommarinnslaget i jordskifteretten. Dei ordlegg seg slik:

«Vår erfaring er at fleire og fleire saker blir styrt av jordskiftedommaren som einedommar. Dette gjeld særleg i rettsfastsetjande saker. I dei rettsendrande sakene blir retten oftast sett med meddommarar, men vi ser og her ei utvikling mot fleire einedommar-saker. Den endringa som er foreslått vil forsterke denne utviklinga og det må ikkje bli slik at retten blir satt utan meddommarar på grunn av at fagdommaren synes det då blir enklare å administrera. Meddommarar har ei viktig rolle i jordskiftesaker.»

Fylkesmannen i Hordaland, Jernbaneverket, jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme og Sør-Trøndelag jordskifterett stør forslaget om at hovudregelen skal vere jordskiftedommaren som einedommar. Sør-Trøndelag jordskifterett grunngir synet sitt slik:

«Det tilsvarer en praksis som allerede langt på veg er gjeldende og samsvarer med hvordan retten settes i tingretten.»

Norges Jordskiftekandidatforening ser det som positivt at ein søkjer å effektivisere saksbehandlinga med auka bruk av einedommar. Foreininga grunngir standpunkt sitt slik:

«Det legges vekt på at partene skal kunne være sjølprosederende i jordskifteretten. Mange parter er fremmede for å kunne legge fram sin sak/syn skriftlig eller forholde seg til skriftlige meddelelser frå en domstol. Det kan vise seg ved befaring at en god del saker er enklere enn kravformuleringen skulle tilsi og kan løses mer smidig, effektivt og billigere med jordskiftedommeren som enedommer.»

Justisdepartementet stør òg forslaget om at utgangspunktet og hovudregelen skal vere at jordskiftedommaren er einedommar. Justisdepartementet viser til at det kan bidra til at formålet i høyringsforslaget § 1-1 andre ledd takast betre vare på fordi jordskiftedommaren og partane oftare må foreta ei konkret vurdering av behovet for jordskiftemeddommarar.

7.7.1.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at hovudregelen skal vere at jordskiftedommaren er einedommar.

Departementet er samd med jordskifteoverrettane i at prinsippet om lekdommarar er viktig. Departementet har likevel merka seg at tyngda av dei høyringsinstansane som uttaler seg om dette temaet, stør forslaget arbeidsgruppa har om at hovudregelen skal vere at jordskiftedommaren er einedommar. Departementet meiner at hovudregelen om einedommar er ei harmonisering sett i høve til sivile saker for tingrett. Einedommar høver godt for mange av dei rettsfastsetjande sakene for jordskifterett. Når hovudregelen blir slik, unngår ein å få med meddommarar dersom partane ikkje har eit særleg ønske om å ha med meddommarar. Ingen treng krevje eit unntak slik ein må etter gjeldande rett. Departementet ser hovudregelen om einedommar som ein måte å nærme seg småkravsprosessen på. I dei rettsendrande sakene er det vanskeleg å innføre ei verdigrense. Arbeidsgruppa fann det derfor meir hensiktsmessig å sjå etter andre måtar å implementere dei grunnleggjande ideane bak småkravsprosessen. Jordskiftedommaren som einedommar er eitt eksempel på dette. Departementet sluttar seg til argumentasjonen til arbeidsgruppa for denne hovudregelen.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 2-6 første ledd.

7.7.2 Bruk av jordskiftemeddommarar

7.7.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at jordskifteretten skal setjast med to jordskiftemeddommarar dersom ein part krev det, eller jordskiftedommaren meiner det er nødvendig av omsyn til ei forsvarleg behandling av saka.

7.7.2.2 Høyringsinstansane

Høyringsinstansane omtalar bruk av jordskiftemeddommarar og hovudregelen om jordskiftedommaren som einedommar under eitt. Departementet viser derfor til omtalen av synet som høyringsinstansane har i kapittel 7.7.1.2 ovanfor.

7.7.2.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at omsynet til prinsippet om lekdommarar er teke vare på på ein forsvarleg måte når det er nok at ein part krev jordskiftemeddommarar eller jordskiftedommaren bestemmer at dei skal vere med i retten. Departementet meiner at det er liten risiko for at innslaget av lekdommarar skal bli for lågt i høve til det synet som ligg til grunn for tvistelova.

Etter lovforslaget § 6-20 kan retten avslutte ei sak for ein del av det området saka gjeld. Det heiter òg at kvar del som blir avslutta for seg, reknast som ei eiga sak. Da må det òg vere mogleg å ta stilling til samansetjinga av jordskifteretten på nytt. I slike situasjonar kan altså den attverande delen av saka gå med jordskiftedommaren som einedommar sjølv om det var jordskiftemeddommarar med i retten i den delen av saka som er avslutta. Det omvende kan òg vere tilfellet.

Departementet har merka seg at det ikkje er nokon som uttaler seg om det å føre vidare regelen om at ein part kan krevje jordskiftemeddommarar.

Departementet meiner at det ikkje skal vere nokon tvil om at jordskiftedommaren kan avgjere at det skal vere meddommarar i saka.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 2-6 andre ledd.

7.7.3 Frist for å ta stilling til bruk av jordskiftemeddommarar

7.7.3.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår i høyringsforslaget § 2-8 siste ledd at jordskiftedommaren skal setje frist for å krevje jordskiftemeddommarar. Avgjerda om bruk av jordskiftemeddommarar må takast før innkalling til første rettsmøte.

7.7.3.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme og jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme hevdar at det ikkje er nødvendig å lovfeste ein fristregel.

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme uttaler at det kan vere lite formålstenleg å ta avgjerd om talet på meddommarar før innkalling til første rettsmøte. Det første rettsmøtet kan vere førebuande. Jernbaneverket er samd i dette. Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner at det heller ikkje er sikkert at jordskiftedommaren har nok oversikt over saka til å kunne ta avgjerd om meddommarar på eit så tidleg stadium i saka. Utan fristregel kan jordskiftedommaren oppnemne meddommarar undervegs i saka. Desse jordskifterettane meiner det er negativt for rettstryggleiken å vere avskoren frå dette.

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme meiner det er nok at det står i lova at jordskiftedommaren set frist for å krevje meddommarar. Dei går inn for å stryke siste punktum i § 2-8 i høyringsforslaget. Domstoladministrasjonen (DA )går òg inn for å stryke dette punktumet. DA stiller spørsmål ved om det er ønskjeleg ut frå omsynet til rettstryggleiken at det skal setjast ein absolutt frist for oppnemning av jordskiftemeddommarar.

7.7.3.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner det ikkje er grunnlag for å innføre ein frist for å kunne krevje jordskiftemeddommarar. Departementet er samd med dei høyringsinstansane som peiker på at det er eit rettstryggleiksgode å kunne utvide jordskifteretten med meddommarar når det under behandlinga av saka måtte oppstå eit behov for det. Dette er òg i samsvar med lekdommarprinsippet, sjå ovanfor under punkt 7.7.1.3.

Lovforslaget inneheld ikkje nokon regel som set frist for å krevje jordskiftemeddommarar.

7.7.4 Fleire enn to jordskiftemeddommarar

7.7.4.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at det skal vere fire meddommarar i tiltaks- og vernejordskifte. Arbeidsgruppa foreslår òg å redusere det maksimale talet på jordskiftemeddommarar frå seks til fire.

7.7.4.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme og jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme meiner at hovudregelen om to meddommarar må gjelde i tiltaks- og vernejordskifte.

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme meiner det bør vere mogleg å kunne utvide til fire meddommarar. Om dette skriv Sør-Trøndelag jordskifterett:

«Vi ser ikke grunn til at tiltaks- og vernejordskifter må settes med fire meddommere i utgangspunktet. I enkle saker bør det være anledning til å følgje normalen som er enedommer eller evt. to meddommere.»

7.7.4.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at øvre tal jordskiftemeddommarar i ei sak skal vere fire. Ingen høyringsinstansar går mot dette.

Departementet er samd med dei to høyringsinstansane som hevdar at jordskifteretten i tiltaks- og vernejordskifte i utgangspunktet skal setjast med to jordskiftemeddommarar. Departementet meiner at det i slike saker regelmessig vil vere behov for skjønnsmessige vurderingar. Derfor skal ikkje slike saker kunne gå utan jordskiftemeddommarar.

Departementet viser til at slike saker kan variere frå det små og enkle, til det omfattande og kompliserte. Departementet meiner det skal vere mogleg å utvide til fire meddommarar i slike saker. Departementet meiner at vilkåra for dette bør vere dei same som for utviding frå einedommar til meddommarar. Da blir det slik at ein part kan krevje fire meddommarar og jordskiftedommaren kan bestemme at det skal vere fire meddommarar. Departementet meiner at dette er fleksibelt og i godt samsvar med omsynet til lekdommarprinsippet. Departementet meiner at det er vesentleg meir å hente frå lekdommarsida ved å utvide frå to til fire meddommarar enn frå fire til seks. Fire meddommarar vil i praksis dekkje breidda i dei behova for kompetanse som saka reiser.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 2-6 tredje ledd.

7.7.5 Samansetjinga av jordskifteretten ved behandling av saker etter lovforslaget §§ 5-1 til 5-3 (skjønn og andre avgjerder i samband med sak for jordskifterett)

7.7.5.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at reglane om saksbehandling i kapittel 6 i høyringsforslaget skal gjelde for skjønn i samband med jordskifte. Arbeidsgruppa foreslår òg at når kapittel 6 i høyringsforslaget ikkje har reglar om samansetjinga av retten, skal skjønnsprosesslova gjelde. Korkje i kapittel 6 eller i andre delar av høyringsforslaget er det reglar om samansetjinga av retten ved behandling av skjønn i samband med sak for jordskifterett.

7.7.5.2 Høyringsinstansane

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme er bekymra over at høyringsforslaget kan føre til at det kan bli urimeleg mange meddommarar i skjønn i samband med sak for jordskifterett i høve til i resten av saka. Dei skriv:

«Etter skjønnsprosesslovens § 11 skal skjønn settes med 4 skjønnsmedlemmer, alternativt 2 dersom en av partene krever det og skjønnsbestyreren finner det ubetenkelig. Loven hjemler ikke at skjønn, selv ikke de enkleste, settes med dommeren alene. Etter § 2-8 i forslaget til ny jordskiftelov skal jordskifteretten som hovedregel settes med jordskiftedommeren som enedommer. I praksis medfører dette at en stor og komplisert jordskiftesak kan settes med enedommer. Skjønn i forhold av mindre betydning må derimot settes med minst 2 skjønnsmedlemmer, f. eks. skjønn etter beiteloven fordi en sau har spist tulipaner i en villahage. Etter det vi kan se forhindrer ikke lovforslaget slik ufornuftig sammensetning av retten.»

Med noko forskjell i ordval og i noko forskjellig grad gir jordskifterettane i Agder jordskiftedømme, jordskifteleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme, Sør-Trøndelag jordskifterett og DA uttrykk for same syn som jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme.

7.7.5.3 Departementets vurderingar

Samansetjinga av jordskifteretten er omtala i kapittel 7.7.1, 7.7.2 og 7.7.4. Hovudregelen er at jordskiftedommaren er einedommar. Dersom ein part krev det, eller jordskiftedommaren meiner det trengst, skal retten setjast med to jordskiftemeddommarar. Lovforslaget § 5-7 fastset at kapittel 2 i lovforslaget skal gjelde for skjønn og andre avgjerder i samband med sak for jordskifterett.

Departementet er samd med dei høyringsinstansane som har uttalt seg i at det fort kan bli altfor mange meddommarar i ei sak som gjeld skjønn og andre avgjerder i samband med jordskifte dersom slike saker skal følgje reglane i skjønnsprosesslova. I nokre høve kan spørsmålet om skjønn kome opp etter at arbeidet med saka har starta, og ulike reglar om samansetjing av retten kan gjere det vanskeleg å behandle både jordskifte og skjønn i same sakskompleks. Det er uheldig. I tillegg kan saka vere lita, slik at det er fordyrande og lite effektivt å leggje opp til ei løysing som krev mange meddommarar.

Departementet foreslår difor at hovudregelen for samansetjing av retten i jordskiftesaka òg bør gjelde for skjønn og andre avgjerder i samband med jordskiftesaka. Sjå lovforslaget § 2-6 første og andre ledd. Departementet meiner at jordskiftedommaren har spesialkompetanse som gjer at han i mange høve kan gjere dei vurderingane som ligg til meddommarane i saker etter skjønnsprosesslova. Særleg dei skjønna og dei avgjerdene jordskifteretten kan ta etter lovforslaget kapittel 5 i samband med sak for jordskifterett, har likskap med fleire av dei vurderingane retten gjer i eit jordskifte. Verdsetjinga for byte av areal og rettar er kanskje det mest nærliggjande eksempelet, men òg taksering av skog og anna som følgjer grunnen ved byte av teigar, er aktuelle eksempel. Sjølv om eksemplet om ein sau og nokre tulipanar kan vere ei spissformulering, er det ikkje upraktisk med ein kombinasjon av store og krevjande jordskifte og enkle og oversiktlege skjønn i samband med slike jordskifte. Departementet meiner òg at det vil vere slik at jordskiftedommarar har god fagleg innsikt i dei sakene jordskifterettane vil behandle etter kapittel 5 i samband med sak for jordskifterett.

Løysinga departementet foreslår inneber at dersom ein part krev det, eller om jordskiftedommaren meiner det trengst, kan retten setjast med to jordskiftemeddommarar. Dette betyr at partane kan velje å utvide retten dersom dei meiner det er ønskjeleg. Jordskiftedommaren kan òg gjere dette om han meiner det trengst, for eksempel i større eller vanskelege saker. Departementet legg til grunn at følgjen av denne regelen vil vere at det i saker som gjeld skjønn og andre avgjerder i samband med sak for jordskifterett oftast vil vere ein jordskiftedommar og to jordskiftemeddommarar.

Løysinga fører elles til at sjølv om spørsmåla om skjønn og andre avgjerder etter kapittel 5 kjem opp mot slutten av jordskiftet, vil saka kunne førast vidare med den samansetjinga som er vald. Dersom saka har gått med to jordskiftemeddommarar, vil dei ha innsikt i jordskiftet og det vil vere prosessøkonomisk at dei òg deltar som meddommarar i skjønnet. Departementet kan ikkje sjå at det kan vere noko særleg å vinne ved å skifte ut jordskiftemeddommarane til fordel for to frå utvalet av skjønnsmedlemmer.

Med dette meiner departementet at jordskiftelova har tilstekkeleg fleksible reglar for samansetjinga av jordskifteretten.

Departementet foreslår i kapittel 7.7.4.3 og i lovforslaget § 2-6 tredje ledd eigne reglar om samansetjinga av retten i tiltaks- og vernejordskifte. I slike høve skal retten setjast med to jordskiftemeddommarar. Dersom ein part krev det eller jordskiftedommaren meiner det trengst, skal retten setjast med fire jordskiftemeddommarar. Samansetjinga ved skjønn og andre avgjerder i samband med slike saker må følgje denne regelen.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 2-6 første til tredje ledd og kapittel 5.

7.7.6 Varajordskiftemeddommar og varajordskiftedommar kan følgje saka

7.7.6.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å gi jordskiftedommaren heimel til å fastsetje at inntil to varajordskiftemeddommarar og ein varajordskiftedommar skal følgje forhandlingane for å ta sete i jordskifteretten ved forfall. Vilkåret er at saka er vidløftig.

7.7.6.2 Høyringsinstansane

Ingen høyringsinstans ytrar seg om dette.

7.7.6.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at jordskifteleiaren skal kunne bestemme at ein eller to varameddommarar og ein varajordskiftedommar kan følgje forhandlingane i visse saker. I høyringsforslaget er avgjerda av dette lagt til jordskiftedommaren. Departementet meiner det er ei avgjerd som skal liggje til jordskifterettsleiaren. Det er i samsvar med domstollova § 21 som elles er grunnlaget for at denne ordninga er i bruk.

Det er eit særmerke ved jordskifte at samansetjinga av jordskifteretten kan endrast i tida som går frå saka tar til, og fram til ho avsluttast. Regelen om at ekstra meddommarar og jordskiftedommar kan følgje saka, er eit verkemiddel retta mot at utskifting i samansetjinga i jordskifteretten skal få unødig uheldige følgjer. Departementet meiner at det ikkje vil by på nemnande problem å avgjere kva for saker som er så omfattande at dette er aktuelt.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 2-6 fjerde ledd. I dette leddet blir ordet «omfattande» brukt i staden for ordet «vidløftig» som er brukt i domstollova § 21 andre ledd. Dette er gjort av språklege grunnar.

7.7.7 Skjønn som eiga sak etter §§ 5-4 og 5-5 kan ikkje utvidast til å omfatte sak etter kapittel 3

7.7.7.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at saker for jordskifterett skal gå med meddommarar frå utvalet for saker for jordskifterett. Unntaket er sak etter kapittel 5 i høyringsforslaget som går som eiga sak. Der skal meddommarane hentast frå utvalet av skjønnsmedlemmer. Arbeidsgruppa har òg med ein regel som skal gjelde dersom det blir slik at ei sak etter kapittel 5 blir utvida til å omfatte noko meir som jordskifteretten kan behandle. I så fall kan jordskifteretten halde den sistnemnde delen med dei meddommarane som er oppnemnde, eller jordskiftedommaren kan ta utvidinga som einedommar.

Arbeidsgruppa går i realiteten òg inn for at dei som blir vald inn i utvalet for skjønnsmedlemmer, òg skal veljast inn i utvalet for meddommarar for jordskifterett, men det kom ikkje direkte fram i nokon av dei aktuelle paragrafane i høyringsforslaget.

Forslaget til arbeidsgruppa går fram av § 2-9 i høyringsforslaget.

7.7.7.2 Høyringsinstansane

Jordskifteoverdommarane og Domstoladministrasjonen (DA) peikar på at høyringsforslaget legg opp til at det skal vere mogleg å veksle mellom skjønn og jordskifte kva gjeld samansetjinga av retten utan at det skal vere nødvendig å starte opp saka heilt på nytt. Dei meiner at § 2-9 i høyringsforslaget ikkje regulerer dei situasjonane der ei jordskiftesak blir endra til å vere ei sak etter kapittel 5 i høyringsforslaget. DA etterspør ei regulering av dette.

Jordskifteoverdommarane går inn for denne løysinga:

«Vi meiner det bør vurderast ei ordning der jordskifteretten i alle saker, også i dei reine skjønn, oppnemner både meddommarar og skjønnsmenn frå utvalet av jordskiftemeddommarar. Det vil då vere langt enklare å kunne skifte mellom jordskifte og skjønn, t.d. fordi dei materielle vilkåra for å setje i gang eit jordskifte ikkje er oppfylt og rekvirenten heller ynskjer spørsmålet løyst ved skjønn.»

7.7.7.3 Departementets vurderingar

Departementet er ikkje samd med jordskifteoverdommarane i at jordskifteretten skal setjast med meddommarar frå utvalet for saker for jordskifteretten i skjønn som går som sjølvstendig sak etter § 5-4 i lovforslaget. Både etter høyringsforslaget og etter lovforslaget skal slike skjønn gå etter skjønnsprosesslova. Det må òg gjelde for bruken av skjønnsmedlemmer. Forskjellen mellom slike skjønn for tingrett og jordskifterett, vil berre bli kven som styrer skjønnet.

Hovudregelen ved rettsleg skjønn er fire skjønnsmedlemmer. Hovudregelen ved sak etter kapittel 3 i lovforslaget er jordskiftedommaren som einedommar.

I praksis kan det bli aktuelt med ei etter måten enkel bruksordning i etterkant av eit skjønn etter § 5-4 i lovforslaget. Departementet meiner det er best å sjå på kravet om bruksordning som ei sjølvstendig sak. Det er ikkje noko i vegen for at ei slik bruksordningssak kan takast opp til behandling straks skjønnet etter § 5-4 i lovforslaget er avheimla. På den måten er det lite å tape tidsmessig. Ein oppnår òg den fordelen at samansetjinga av jordskifteretten skal følgje hovudreglane.

Gebyrkostnadene med to saker vil vere større enn med ei sak. Meirkostnadene kan fort sparast inn gjennom mindre kostnader til meddommarar ved to separate saker.

DA etterspør reglar for det tilfellet at ei sak som er kravd som jordskifte, går over til å bli ei sak etter kapittel 5 i den nye jordskiftelova. Departementet legg til grunn at dette gjeld dei tilfella der det ikkje skjer noko med heimel i kapittel 3 i lovforslaget. Da står jordskifteretten overfor eit sjølvstendig skjønn etter §§ 5-4 til 5-6i lovforslaget. Til vanleg vil dette avdekkjast under førebuinga av saka. Da vil saka gå etter skjønnsprosesslova på vanleg måte.

I dei tilfella ei sak for jordskifterett fører med seg skjønn og andre avgjerder etter andre lover etter kapittel 5 i forslaget til ny jordskiftelov, er samansetjinga til retten regulert i § 5-7 i lovforslaget.

Departementet meiner i det heile at ein får den mest ryddige ordninga når utgangspunktet er at retten er samansett ut frå dei reglane som spring ut av saka sitt innhald etter at førebuinga av saka er gjennomført.

Lovforslaget inneheld ikkje nokon heimel til å kunne gå frå skjønn som eiga sak etter § 5-4, til sak etter kapittel 3 utan å krevje ny sak.

7.7.8 Avgjerd om bruk av jordskiftemeddommarar, varajordskiftemeddommarar og varajordskiftedommarar kan ikkje ankast

7.7.8.1 Høyringsforslaget

Avgjerd om anke over bruk av jordskiftemeddommarar, varajordskiftemeddommarar og varajordskiftedommarar var ikkje framme som eit sjølvstendig tema i høyringsforslaget.

7.7.8.2 Høyringsinstansane

Ingen høyringsinstans har uttalt seg om dette.

7.7.8.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at det er sjølve avgjerda om bruk av jordskiftemeddommarar, varajordskiftemeddommarar eller varajordskiftedommarar som ikkje skal kunne ankast. Prøving av om den enkelte ikkje er inhabil, eller av andre årsaker må vike sete, er ikkje omfatta av lovforslaget § 2-6 femte ledd.

Dersom jordskiftedommaren meiner det trengst jordskiftemeddommar, er avgjerdsforma vedtak etter § 6-23 tredje ledd i lovforslaget. Med vedtak er meint det same som «beslutning» i tvistelova. Det er ikkje krav om å grunngi slike vedtak.

Departementet meiner dette er avgjerder som tyder så lite for saka at det ikkje er rimeleg at dei skal kunne ankast i seg sjølve. Regelen i tvistelova § 29-3 tredje ledd («En beslutning kan bare ankes på det grunnlag at retten har bygd på en uriktig generell lovforståelse av hvilke avgjørelser retten kan treffe etter den anvendte bestemmelse, eller på at avgjørelsen er åpenbart uforsvarlig eller urimelig») gjer det òg lite sannsynleg at anke over vedtak om samansetjinga av retten vil kunne nå fram.

Dette er likevel ikkje til hinder for at slike avgjerder kan trekkjast inn ved bruk av rettsmiddel mot andre tema. For eksempel kan ein part påstå at det var feil å bruke jordskiftemeddommarar i ei så enkel sak for sin eigedom, og at den som kravde det, må bere kostnadene med jordskiftemeddommarane. I dette eksempelet kan bruken av rettsmiddel primært rette seg mot fordelinga av kostnadene i saka.

Dersom ein part krev bruk av jordskiftemeddommarar, skal det berre leggjast til grunn som ein føresetnad for konstitueringa av jordskifteretten. Det krev ikkje noko form for avgjerd i jordskifteretten.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 2-6 femte ledd.

7.8 Oppnemning av jordskiftemeddommarar og varajordskiftemeddommarar

7.8.1 Oppnemning av jordskiftemeddommarar og varajordskiftemeddommarar

7.8.1.1 Høyringsforslaget

Høyringsforslaget fører vidare ordninga med at jordskiftedommaren nemnar opp jordskiftemeddommarar og varajordskiftemeddommarar. Oppnemning er same løysing som ved skjønn. I vanlege sivile saker for tingrettane skal meddommarane trekkjast frå to kjønnsdelte utval.

Arbeidsgruppa foreslår òg å føre vidare ordninga med å oppnemne vararepresentantar for jordskiftemeddommarar, jf. gjeldande jordskiftelov § 9 fjerde ledd.

7.8.1.2 Høyringsinstansane

Ingen høyringsinstansar uttaler seg om dette.

7.8.1.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner oppnemning av jordskiftemeddommarar og varajordskiftemeddommarar er ei betre løysing enn trekking fordi det gir best kontroll på at dei er kunnige i det saka gjeld.

Departementet viser til at det etter skjønnsprosesslova § 14 andre ledd er slik at skjønnsmedlemmene som blir vald, skal vere kunnige i det skjønnet gjeld. Valet av skjønnsmedlemmer må òg bidra til å sikre ei allsidig vurdering og eit tilstrekkeleg kjennskap til lokale tilhøve. Mykje av dette vil gjelde på same måte for dei rettsendrande sakene. Da har det lite for seg å ha ei ordning med trekking av meddommarar.

Det har ikkje kome kritikk mot å føre vidare ordninga med å oppnemne jordskiftemeddommarar og varajordskiftemeddommarar.

Departementet kan ikkje sjå at omsynet til harmonisering med reglane for tingrett skal vege så tungt at ein skal ha forskjellige reglar om oppnemning eller trekking av jordskiftemeddommarar og varajordskiftemeddommarar i dei rettsendrande sakene etter kapittel 3 i lovforslaget og dei rettsfastsetjande sakene etter kapittel 4. Da slepp ein òg problem med oppnemning i saker som både har rettsfastsetjing og rettsendring i seg.

Likestillingslova § 1 a inneber at jordskifteretten skal arbeide aktivt, målretta og planmessig for likestilling mellom kjønna på sitt område. Av dette følgjer det at dersom jordskifteretten skal setjast med to jordskiftemeddommarar, bør det nesten alltid vere ein av kvart kjønn. Dette er i samsvar med gjeldande praksis.

Ansvaret for likestillinga i stort ligg til jordskifterettsleiaren. Ansvaret for oppnemning av jordskiftemeddommarar ligg til den enkelte jordskiftedommar. Departementet meiner lovforslaget § 2-5 om val av like mange jordskiftemeddommarar av kvart kjønn til utvala av jordskiftemeddommarar, og føringa i same paragraf om at det skal vere pårekneleg at alle i utvala kan brukast i løpet av valperioden, saman med likestillingslova § 1 a, vil føre til god likestillingspraksis når det gjeld bruk av jordskiftemeddommarar. Departementet viser òg til at det ikkje er kjent med at dette er eit problem etter gjeldande jordskiftelov.

Ved fråfall frå jordskiftemeddommar inneber likestillingslova § 1 a at mann bør erstattast med mann, og kvinne med kvinne.

Departementets forslag til reglar om oppnemning av jordskiftemeddommarar, går fram av lovforslaget § 2-7.

7.8.2 Oppnemning av jordskiftemeddommar for eitt rettsmøte på visse vilkår

7.8.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare ordninga med å kunne nemne opp jordskiftemeddommar for det enkelte rettsmøtet når ein jordskiftemeddommar får forfall og varajordskiftemeddommarane ikkje kan møte innan rimeleg tid.

7.8.2.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme meiner det er prosessøkonomisk å kunne fortsetje saka utan avbrot sjølv om ein meddommar plutseleg fell frå i sak der det er mange meddommarar. Dei går derfor inn for å gjere skjønnsprosesslova § 11 tredje ledd gjeldande i sak for jordskifterett.

Norges Bondelag meiner at nødløysinga med å kunne oppnemne meddommar som ikkje står i utvalet, er lite heldig. Bondelaget skriv òg:

«Et mer betryggende alternativ kan imidlertid være å tilkalle meddommere fra utvalg i andre domssogn, i det tilfellet som er nevnt i loven.»

7.8.2.3 Departementets vurderingar

Departementet ser ingen grunn til å la vere å føre vidare reglane for det tilfellet at oppnemnt jordskiftemeddommar ikkje møter.

Departementet er samd med Norges Bondelag i at det er trygt å tilkalle jordskiftemeddommar frå anna jordskiftesokn. Det er ikkje noko i lovforslaget § 2-7 som er til hinder for dette.

Dersom det ikkje let seg gjere på rimeleg tid, meiner departementet at det er nyttig å ha ei så fleksibel ordning som det ein finn i gjeldande jordskiftelov § 9 sjette ledd. Departementet er ikkje kjent med at dette har valda nemnande problem.

Departementet er ikkje samd med jordskiftedommarane i Eidsivating jordskiftedømme når det gjeld å opne for at jordskifterett sett med fire meddommarar kan halde fram sjølv om ein meddommar plutseleg fell frå. I realiteten er dette å opne for færre lekdommarar enn det anten minst ein part har kravd, eller jordskiftedommaren har bestemt.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 2-7 andre ledd.

7.8.3 Krav til jordskiftemeddommarane

7.8.3.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å føre vidare kravet til at så langt råd er, skal det nemnast opp meddommarar som er særleg kunnige i det saka i hovudsak gjeld.

7.8.3.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme og Domstoladministrasjonen (DA) meiner det er behov for at jordskifteretten i spesielle tilfelle skal kunne gå utanfor utvalet for hente kunnige jordskiftemeddommarar. Desse jordskifterettane viser til regelen i skjønnsprosesslova § 12. Dei viser til at dette kan redusere behovet for å oppnemne sakkunnige. Dei meiner at beste lovtekniske løysing er å ta inn ei tilvising til regelen i skjønnsprosesslova.

7.8.3.3 Departementets vurderingar

Departementet foreslår å føre vidare kravet til kunnige jordskiftemeddommarar.

Departementet er samd med jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme og Domstoladministrasjonen (DA) i at jordskiftedommaren i spesielle tilfelle skal kunne gå utanfor utvalet for hente kunnige jordskiftemeddommarar. Det kan redusere behovet for å oppnemne sakkunnige. Desse jordskifterettane viser til regelen i skjønnsprosesslova § 12. Av omsyn til sjølvprosederande partar har departementet vald å skrive inn innhaldet i skjønnsprosesslova § 12 tredje ledd i lovforslaget § 2-7 første ledd siste punktum.

I slike spesielle tilfelle meiner departementet at kravet til kunnige må få prioritet framfor kravet til likestilling mellom kjønna dersom ein må velje.

7.8.4 Binding til administrative grenser ved oppnemning

7.8.4.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at jordskiftedommaren skal nemne opp jordskiftemeddommarar ubunden av kommunegrenser og skjønnsmedlemer uavhengig av fylkesgrenser.

7.8.4.2 Høyringsinstansane

Jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme uttaler:

«Ved felles utval er det naturleg at både første og andre instans vel meddommarar innafor fylket. I alle fall bør det gå fram av paragrafen om retten er bunden til soknegrensene for oppnemning.»

7.8.4.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at oppnemninga ikkje skal vere bunden av kommunegrenser og fylkesgrenser. Departementet meiner òg at heller ikkje soknegrenser skal vere ei sperre for oppnemning. I praksis vil det vere saker som ligg i ytterkant av eit jordskiftesokn. Frå tid til annan kan det da vere hensiktsmessig å hente kunnig meddommar frå utvalet i nabosoknet. Dette er ikkje til hinder for at det vanlege vil vere å bruke medlemmer frå dei lokale utvala. Departementet meiner dette er ei løysing som fell rimeleg godt saman med utsegna til jordskifterettsleiarane og jordskifteoverdommaren i Frostating jordskiftedømme.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 2-7 første ledd første punktum.

7.9 Innprenting og lovnad

7.9.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å ta inn domstollova § 100 i ny jordskiftelov i staden for den spesialtilpassa lovnaden for jordskiftemeddommarane i gjeldande jordskiftelov.

7.9.2 Høyringsinstansane

Jordskiftedommarane i Gulating jordskiftedømme skriv:

«Forsikringa i domstollova § 100 er mykje retta mot dom og straff, og høver dårleg med pliktene i jordskiftelova. Vårt forslag vil vera å syne til skjønnsprosesslova § 20, eller å vidareføre dagens jskl. § 11.»

Jordskifterettane i Agder jordskiftedømme, jordskifterettane i Eidsivating jordskiftedømme, jordskifterettane i Hålogaland jordskiftedømme og Domstoladministrasjonen (DA) har same syn.

7.9.3 Departementets vurderingar

Sjølv om reglane om lovnad i domstollova § 100, skjønnsprosesslova § 20 og jordskiftelova § 11 inneheld vesentlege og like element, er det nokre nyansar. Dei er spesialtilpassa for tvistebehandling, skjønn og saker for jordskifterett.

Departementet konstaterar at etter gjeldande reglar må jordskifteretten bruke både jordskiftelova § 11 og skjønnsprosesslova § 20.

Gjeldande jordskiftelov § 11 første punktum seier at første gongen nokon gjer teneste som jordskiftemeddommar, skal jordskiftedommaren gjere han kjend med dei pliktene ein jordskiftemeddommar har. Departementet meiner det ikkje er grunnlag for å endre på plikta jordskiftedommaren har til å innprente jordskiftemeddommaren. Departementet foreslår å føre vidare plikta til å innprente i lovforslaget § 2-8.

Departementet meiner at forslaget til arbeidsgruppa når det gjeld lovnad, har ein god intensjon, men at innhaldet i domstollova § 100 er for direkte tilpassa til tvistebehandling til å vere fullgodt eigna til å dekkje behova ved jordskifte der det ikkje treng vere tvist. Etter andre ledd i § 100 i domstollova skal alle som er til stades, reise seg når meddommar gir lovnad. Det er ikkje tilfellet etter reglane i dei to andre lovene. Departementet meiner at hovudinnhaldet i dei gjeldande reglane er beste løysing når det gjeld lovnad. Departementet har likevel vald å ta ut orda «ærleg» og «med truskap» og erstatte dei med «samvitsfullt» og «etter beste overtyding». Departementet meiner òg at lovnaden skal givast i rettsmøte umiddelbart etter at jordskiftedommaren har informert om pliktene. Da er det nok at det står i rettsboka at det er lovnad. Det er ikkje grunn til å føre vidare regelen om at sjølve lovnaden skal inn i rettsboka og underteiknast av meddommaren.

Etter gjeldande jordskiftelov er ordlyden i lovnaden konkret fastsett i Rettleiing for utføring av jordskiftesaker av 1. mars 1991 punkt 11.2. Departementet meiner det er eit gode at den konkrete ordlyden òg etter ny jordskiftelov skal fastleggjast konkret slik at det ikkje skal kunne vere nokon tvil om at lovnaden er lik i alle jordskifterettar. Departementet meiner dette er noko DA kan fastsetje.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 2-8.

7.10 Organisatoriske følgjer av overgangen til èin rettsmiddelinstans

I denne lovproposisjonen blir mykje av stoffet om ankeinstansen behandla i samband med ankeordninga. Resten blir omtalt her. Det er aktuelt med to typar av opprydding. Det er behov for tilføyingar i domstollova for å innarbeide jordskiftedelen i føresegnene om lagmannsretten. Tilsvarande er det behov for å ta bort ord og vendingar som gjer at reglane i domstollova gjeld for jordskifteoverrettane. Arbeidsgruppa kjem dessutan med eit par forslag til endring som departementet ikkje finn grunn til å ta inn i lovforslaget. Desse omtalar departementet nedanfor.

7.10.1 Kvar reglane om lagmannsretten skal stå

7.10.1.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår at dei fleste reglane om endring i lagmannsretten skal stå i domstollova. Høyringsforslaget inneheld likevel ein regel i § 2-4 om alderskrav til jordskiftelagdommar, og i § 2-6 om utdanninga til det tekniske personalet ved lagmannsrett.

7.10.1.2 Høyringsinstansane

Domstoladministrasjonen (DA) peiker på at det er nødvendig å endre fleire paragrafar i domstollova når jordskifteoverrettane fell bort.

7.10.1.3 Departementets vurderingar

Departementet meiner at reglane om organisering av jordskiftedelen av lagmannsrettane skal stå i domstollova. Grunnen er at resten av reglane om lagmannsretten står i domstollova. Departementet foreslår derfor å flytte dei to attståande reglane om ankeinstansen som arbeidsgruppa hadde teke inn i §§ 2-4 og 2-6 i høyringsforslaget.

Departementets forslag er tekne inn i samband med den konkrete omtalen av konkrete tilføyingar i domstollova, sjå nedanfor.

7.10.2 Tilføyingar i domstollova som følgje av ny rettsmiddelordning

7.10.2.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår å skrive inn tittelen jordskiftelagdommarar i domstollova § 10 første ledd. Arbeidsgruppa foreslår òg eit nytt punktum om krav til alder og jordskiftefagleg utdanning for jordskiftelagdommarar i domstollova § 54 andre ledd.

Sjølv om det ikkje står i domstollova, er forslaget arbeidsgruppa har til § 2-6 første ledd andre punktum eit krav til utdanning til det jordskiftefaglege tekniske personalet ved lagmannsrettane.

7.10.2.2 Høyringsinstansane

Justisdepartementet og Agder lagmannsrett er samde i at jordskiftelagdommar er ein hensiktsmessig tittel. Når det gjeld kva for utval meddommarane i samansette ankesaker skal kome frå, er det ikkje klare signal i høyringsnotatet. Justisdepartementet peiker på dette og legg til grunn at lagmannsretten bør kunne oppnemne meddommarar frå utvala for jordskifterettane.

Jordskifteoverrettane skriv om kravet til utdanning til det tekniske personalet ved lagmannsrettane skal vere som for jordskiftedommar:

«Det er viktig å vere klar over at dagens jordskiftekandidatar har svært lite landmålings- og kartfag og at det ikkje er naturlig at desse utfører det tekniske arbeidet. Vi foreslår at paragrafen blir endra slik at det står at personalet bør ha relevant utdanning. Valet av kva utdanning som vil passe best i dei enkelte tilfelle vil mellom anna avhenge av den administrative organiseringa av lagmannsretten etter den nye ankeordninga.»

7.10.2.3 Departementets vurderingar

Departementet er samd med dei som har uttalt seg om at tittelen jordskiftelagdommar er brukande, og at den må inn i § 10 første ledd i domstollova.

Departementet meiner det ikkje er grunn til å skipe eigne utval av jordskiftemeddommarar til bruk for lagmannsretten. Etter gjeldande jordskiftelov brukar jordskifteoverretten meddommarar frå same utval som jordskifteretten, men sjølvsagt ikkje dei som har vore med i saka i første instans. I dei seinare åra har det årleg vore om lag 50 saker for jordskifteoverrettane. Med fire meddommarar i kvar sak blir det om lag 200 meddommarar som kvart år oppnemnast til å vere med i eit overjordskifte. Med ein valperiode på fire år blir det brukt omlag 800 jordskiftemeddommarar. Dersom dette fordelar seg noko så nær likt på alle 430 kommunane, blir det brukt om lag to jordskiftemeddommarar frå kvar kommune i overjordskifte i valperioden.

Etter lovforslaget § 8-7 vil bruken av jordskiftemeddommarar truleg reduserast noko.

Departementet meiner at reglane om bruk av sakkunnige meddommarar skal gjelde på same måte ved ankesak frå jordskifterett og frå tingrett. Når tvistelova kapittel 29 er gjort gjeldande, er det på plass.

Departementet meiner det er behov for fleire tilføyingar. Mellom anna meiner departementet at det bør stå i klartekst i domstollova § 10 andre ledd at førstelagmannen kan tilkalle jordskiftelagdommar frå eit anna lagdømme.

Departementet meiner at § 15 i domstollova må endrast slik at det går klart fram at forfall frå jordskiftelagdommar ikkje er akseptabelt ved behandling av ankebehandling over jordskifteavgjerd. Om ein ikkje fastset ein slik regel, ser ein bort frå det grunnleggjande omsynet til fagkompetanse som ligg til grunn for forenklinga av rettsmiddelordninga som er ein sentral del av dette lovforslaget.

Når det gjeld krav til alder, kan ikkje departementet sjå at det skal vere nokon forskjell mellom jordskiftelagdommar og lagdommar. Derfor må det inn eit nytt punktum i domstollova § 54 andre ledd som har same krav til alder for jordskiftelagdommar som for lagdommar.

Når det gjeld krav til fagleg utdanning, kan ikkje departementet sjå at det skal vere nokon prinsippforskjell mellom jordskiftelagdommar og lagdommar. Kravet må vere det same som for jordskiftedommar. Da blir det ikkje nokon prinsippforskjell på kravet til nivået på utdanninga til lagdommarar og jordskiftelagdommarar.

Departementet meiner at § 55 a i domstollova må tilpassast den nye rettsmiddelordninga. Departementet ser at opphevinga av monopolet på utdanning som ligg i dette lovforslaget, kan føre til at tittelen jordskiftekandidat ikkje blir heilt presis i framtida. På forskjellig vis er Domstoladministrasjonen (DA) involvert i utnemning av jordskiftelagdommarar og jordskiftedommarar og i tilsetjing av jordskiftedommarfullmektigar. Departementet legg til grunn at DA vil ha nødvendig kompetanse til å bruke denne regelen i samsvar med intensjonen til lovgivar. Departementet ser derfor ikkje grunn til å gå bort frå tittelen jordskiftekandidat.

Departementet er samd med Justisdepartementet i at det skal gå klart fram kva for utval meddommarane i samansette sakar skal hentast frå. Departementet meiner at dei skal hentast frå utvala av jordskiftemeddommarar. Departementet meiner òg at det er nødvendig å endre domstollova § 14 slik at det går klart fram at det skal vere meddommarar med i ankesaker som kjem frå jordskifteretten.

Departementet meiner det er like stort behov for kunnige meddommarar ved prøving av ei jordskifteavgjerd i lagmannsretten, som ved utforminga av den same jordskifteavgjerda i jordskifteretten. Departementet viser til at lovforslaget § 8-7 andre ledd tek vare på dette omsynet.

Departementet er samd med jordskifteoverrettane når det gjeld kravet til utdanning for det tekniske personalet ved lagmannsrettane. Departementet går derfor mot å foreslå krav til slik utdanning som arbeidsgruppa har teke inn i høyringsforslaget § 2-6. Departementet meiner samanslåing av jordskifteoverrett og lagmannsrett ikkje endrar behovet for jordskifteteknisk personale ved ankeinstansen. Oppgåvene vil vere noko så nær like i innhald og omfang når det ikkje blir gjort vesentlege endringar i reglane om overprøving. Domstollova har få føresegner om anna personale ved lagmannsrettane. Departementet meiner dette kan løysast ved å lage ein eigen regel i domstollova, sjå forslaget til ny § 62 a.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 9-7 endringar i andre lover nr. 1. domstollova §§ 10, 14, 15, 54, 55 a og ny 62 a.

7.10.3 Endringar i domstollova som følgje av at jordskifteoverrettane fell bort

7.10.3.1 Høyringsforslaget

Arbeidsgruppa foreslår ikkje endringar i domstollova som følgje av at jordskifterettane fell bort.

7.10.3.2 Høyringsinstansane

Det er berre Domstoladministrasjonen (DA) som er inne på dette i sin generelle merknad til behovet for endringar i domstollova, sjå punkt 1.10.1.2 ovanfor.

7.10.3.3 Departementets vurderingar

Ordet «jordskifteoverrettane» må ut av lovtekst når dei blir borte. Det fører til endring i domstollova §§ 55 første ledd, 55 b andre ledd, 55 d og 55 e første og andre ledd, 121 b, 121 c, 121 e, 235 og 236. Departementet meiner at det ikkje er grunn til opne for at jordskiftelagdommaren skal kunne vigsle ektepar. § 55 e er tilpassa dette.

Departementet meiner at det er nødvendig å tilpasse reglane i domstollova om Innstillingsrådet for dommarar til dei nye organisatoriske tilhøva. Det betyr at domstollova § 55 a første ledd tredje punktum må skrivast om slik at ein jordskiftelagdommar kjem i staden for ein jordskifteoverdommar.

Departementet meiner òg at det er nødvendig å endre reglane i domstollova om Tilsynsutvalet for dommarar på same måte som for Innstillingsrådet. Det betyr at domstollova § 235 første ledd tredje punktum må endrast slik at jordskiftelagdommar kjem i staden for jordskifteoverdommar.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 9-7 endringar i andre lover nr. 1. domstollova §§ 55, 55 a, 55 b, 55 d, 55 e, 121 b, 121 c, 121 e, 235 og 236.

7.10.4 Godkjenning av utdanning i utlandet

7.10.4.1 Høyringsforslaget

Høyringsforslaget tek ikkje opp spørsmål om godkjenning av utdanning i utlandet.

7.10.4.2 Høyringsinstansane

Ingen høyringsinstans uttaler seg om dette.

7.10.4.3 Departementets vurderingar

Departementet har merka seg at det er ei ordning for godkjenning av utdanning i utlandet for dommarar ved dei alminnelege domstolane, sjå domstollova § 241. Departementet meiner at omsynet til harmonisering gjer at denne ordninga òg bør gjelde for jordskiftedommarar og jordskiftelagdommarar. Ordninga er ikkje upraktisk i ei tid der det blir stadig meir vanleg at studentane tek delar av studiet i utlandet.

Departementets forslag går fram av lovforslaget § 9-7 endringar i andre lover nr. 1, domstollova § 241 nytt tredje ledd.

Til forsida