Prop. 101 L (2012–2013)

Lov om fastsetjing og endring av eigedoms- og rettshøve på fast eigedom m.m. (jordskiftelova)

Til innhaldsliste

4 Rettstilstanden i andre land

I Noreg er jordskiftearbeidet lagt til ein domstol. Ved Stortinget si behandling av Ot.prp. nr. 106 (2002–2003) blei det tatt ei prinsippavgjerd om at det framleis skal vere slik. Elles i Europa er det mest vanleg å finne jordskifteverksemda lagt til frittståande forvaltingsorgan som ligg under landbruksdelen av statsadministrasjonen. Dette er ein så vesentleg forskjell mellom norsk og framand rett at framand rett får avgrensa relevans. Dette gjeld særleg for reglane for saksbehandling. Det er større likskap når det gjeld kva for oppgåver som ligg til jordskifteverksemda i land som det er nærliggjande å samanlikne Noreg med.

Når det gjeld endringsoppgåvene, er det mykje som er felles i land som Sverige, Tyskland, Frankrike og Noreg. Det kjem av at behova er av same art. Ny teknologi i landbruket, vekst i arealstorleiken til landbruksføretaka, behov for effektiv infrastruktur for kommunikasjon, aukande krav til vern av dyrka jord og tiltakande mangel på anna byggjegrunn i vekstområda, er berre nokre av dei utviklingstrekka som er like. Slike endringar fører ofte til behov for å tilpasse dei faste eigedommane til ein ny situasjon. I eit politisk system som byggjer på privat eigedomsrett og etter måten fri handel med og danning av grunneigedommar, skjer mykje av tilpassinga ved handel med eksisterande eigedommar og ved utskilling av og omsetjing av nye eigedommar. I tillegg kan ein ta omsyn til behova for ny eigedomsutforming ved ekspropriasjon. Likevel er det lang og sikker erfaring for at dette ikkje er tilstrekkjeleg for å få til ei tilpassing av fast eigedom som ikkje berre eigarane, men òg samfunnet i stort er tent med.

Dette er bakgrunnen for at det meste av kjerneoppgåvene i endringsarbeidet til jordskifteverksemdene i desse landa er like. Staten stiller eit apparat til disposisjon for at transaksjonskostnadene med endringsarbeidet ikkje skal bli så store at dei blir til uhaldbare hindringar for ei tenleg utvikling av landa sine faste eigedommar når det gjeld utforming og bruksrettshøve. I det alt vesentlege finn ein òg dei same grunnleggande vilkåra. Eigedommane skal ikkje bli dårlegare og den samla nytten av eit jordskifte må stå i eit rimeleg samsvar med kostnadene. Verkemidla er òg mykje godt dei same som ein finn i Noreg.

Det er større skilnader mellom landa når det gjeld andre oppgåver enn dei rettsendrande. Den tyske jordskiftverksemda har dei same oppgåvene som i Noreg. I tillegg har dei nok noko meir oppgåver knytt til vassressurslovgivinga og er meir brukt i samband med ekspropriasjon. I Sverige har ikkje jordskifteverksemda skjønn. Elles er det stort sett likearta oppgåver som her. I Frankrike kan ikkje jordskifteverksemda avgjere tvist om materielle rettar som grenser og bruksrettar.

Det er særleg på eitt grunnleggjande område at det er forskjell mellom Noreg og dei andre tre landa. I Noreg må jordskifteretten i gjennomsnitt seie dom, få i stand rettsforlik eller gjere eit rettsfastsetjande vedtak litt over ein gong i kvar einaste sak. I dei andre landa er det berre unntaksvis nødvendig å gjere dette. Årsaka til dette er forskjellen i matrikkelsystemet. I dei fleste europeiske landa finn ein velutvikla matrikkelsystem med røter tilbake til 1700- og 1800-talet. Eigedomsdelingar med grensebeskriving, eigedomskart, registrering og tinglysing skapte notoritet og publisitet om eigedomsgrenser og bruksrettar. Over tid førte dette til få tvistar. I Noreg har ein berre hatt eit rimeleg godt matrikkelsystem i om lag 30 år.

Den store forskjellen i behovet for avgjerd i materielle spørsmål om grenser og bruksrettar var – og er – eit tungtvegande argument for at jordskifteverksemda i Noreg er organisert som ein domstol. Prosessøkonomisk er det mykje å vinne på denne organiseringa. I dei land der jordskifteverksemda kan ta avgjerd om grenser og bruksrettar, er det vanleg at anke over avgjerda går til domstolane. I prinsippet fører det til at desse avgjerdene kan prøvast i fleire instansar enn i Noreg. Departementet meiner det er ei fullgod løysing at slike avgjerder kan prøvast i like mange instansar som andre spørsmål av same art som kjem opp for dei alminnelege domstolane i Noreg.

Departementet viser elles til framstillinga av utanlandsk rett i kapittel 8 i NOU 2002: 9 Jordskifterettens stilling og funksjoner. Ei framstilling av svensk rett er gitt i høyringsnotatet vedlegg 4.

Til forsida