Prop. 9 L (2010–2011)

Endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (endringar relatert til ruspåverka køyring m.m.)

Til innhaldsliste

10 Heimel for Statens vegvesen til å fjerne og ta i forvaring køyrety som er til hinder for trafikken

10.1 Innleiing

Spørsmålet om å gi regionvegkontoret fullmakt til fjerning og forvaring av køyrety vart aktualisert av erfaringane frå vinteren 2006/2007 der mellom anna delar av vegnettet på Sørlandet var lamma i meir enn eitt døgn pga. sterkt snøfall. Mange sat innesnødde i køyretya sine med den risikoen dette innebar for liv og helse.

I situasjonar med høg nedbørsintensitet er det umogeleg å oppretthalde normal vinterstandard så lenge snøvêret varer. Friksjonsforbetrande tiltak i form av salting eller sandstrøing har liten eller ingen effekt. Det vil i tillegg måtte gå noko tid etter at nedbøren er slutt fram til normal vinterstandard blir gjenoppretta (for høgtrafikkerte vegar er tiltakstida etter dagens standardkrav 2 timar). I denne perioda vil – i tillegg til føraren sine kunnskapar om og erfaring med å køyre på vinterføre – eigenskapane til køyretyet og hjulutrustinga vere kritisk for framkoma. Særleg gjeld dette ved passering av fjellovergangane. Særleg utsette er køyretykombinasjonar etter Europastandard med toaksla trekkvogn og tilhengjar/lastkombinasjon som inneber ei totalvekt på 50 tonn.

Når tunge køyrety fyrst køyrer seg fast, er det viktig at dei raskt blir fjerna frå vegen. Dette av omsyn til framkoma for trafikken elles, men også av omsyn til ei mest mogeleg effektiv snørydding. Erfaringane frå Sørlandet vinteren 2006/2007 syner at ei viktig årsak til at entreprenørane som driftar vegane ikkje klarde å halde desse opne, var fastkøyrde tungbilar som hindra effektiv snørydding.

Sjølv med effektiv og målretta innsats i tilsynet med og kontrollen av tunge køyrety i bruk (kontroll av hjulutrusting, fordeling av nyttelast o.a.), vil det oppstå tilfelle der tunge køyrety køyrer seg fast og er til hinder for annan trafikk og for vinterdrifta.

Statens vegvesen har registrert at fjerninga av fastkøyrde tunge køyrety i somme tilfelle tek lang tid fordi sjåføren ikkje har evne eller vilje til å betale for oppdraget, eventuelt framskaffe garanti frå eigar, speditør eller liknande. Dette gjer igjen at bergingsselskapa vegrar seg mot å utføre oppdraga. I slike tilfelle er Statens vegvesen avhengig av hjelp frå politiet for å få fjerna køyretya og gjenoppretta framkoma.

På oppfordring frå Vegdirektoratet har Politidirektoratet gitt ei fråsegn om ansvarsforhold i samanheng med bilberging, der det bl.a. står:

«[...] Det er politiet som er tillagt myndighet når det gjelder fjerning og forvaring av kjøretøy, jf vegtrafikkloven § 37. I tilfelle der politiet får anmodning/begjæring om fjerning av kjøretøy, for eksempel fra Vegvesenet, må politiet foreta en selvstendig vurdering av om kjøretøyet skal fjernes. Dette kan gjøres ved at en politipatrulje ved selvsyn vurderer den aktuelle situasjon. Politiet kan alternativt pålegge vegholder å bedre kjøreforholdene ved f. eks å strø i tillegg til/eller i stedet for å fjerne kjøretøyet.
Vi vil understreke forskjellen mellom redning (behov for øyeblikkelig handling for å redde eller å ivareta samfunnets interesser) eller berging. Fjerning av kjøretøy som er til vesentlig hinder for annen trafikk, kommer etter vår oppfatning normalt i førstnevnte kategori. Eksempel på berging kan være tauing opp en bratt og glatt bakke, hvor kjøretøyet i utgangspunktet ikke står til vesentlig hinder for annen ferdsel. Sistnevnte vil normalt være et forhold bileier selv må ordne.
I de tilfeller hvor politiet krever kjøretøyet fjernet, er det kjøretøyets eier som er ansvarlig for å dekke de utgifter politiet har i forbindelse med fjerningen.
Kjøretøyet kan eventuelt tas i forvaring til eier har betalt de utgifter politiet har hatt i forbindelse med fjerningen og forvaringen. Et kjøretøy som er tatt i forvaring kan selges etter 3 måneder for å dekke utgiftene dersom det ikke er hentet eller det er blitt stilt garanti. Det er politiet som bærer risikoen for eventuelle utgifter som ikke blir dekket […]».

Fråsegna vart gitt som kommentar til eit brev frå Troms politidistrikt til Statens vegvesen, der det bl.a. blei uttalt at politiet, når det etter vegvesenet si meining hasta med å opne vegen att og eigar/speditør ikkje er i stand til å betale eller stille garanti rask, fant det naudsynt å be om garanti for bergingsutgiftene frå vegvesenet før fjerning kunne avgjerast. Føremålet med dette var å unngå å bli sitjande med ansvaret for utgiftene når det oppstod praktiske problem med inndriving av desse.

På bakgrunn av politiet sitt syn på ansvarsforhold og rutinar ved oppmoding om fjerning av fastkøyrde køyrety vil det – spesielt i situasjonar med uvêr/store nedbørmengder – kunne vere behov for ressursar utover dei politiet kan stille. Gjennom sine tenestemenn i utekontrollen vil vegvesenet ha ein ikkje ubetydeleg ressurs som kan nyttast som supplement til politiet på dette området. Det å gi vegvesenet mynde til fjerning av og tilbakehaldsrett i køyrety vil i nokon grad kunne avlaste politiet, slik at dei i ein vernebuingssituasjon får frigjort ressursar til andre viktige politioppgåver.

10.2 Høyringa

Med samtykke frå Samferdselsdepartementet sende Vegdirektoratet på høyring, med tre månaders høyringsfrist, eit forslag til endring i vegtrafikklova § 37. Føremålet med endringa er å gi regionvegkontora tilsvarande mynde som politiet til å fjerne og eventuelt ta i forvaring køyrety som er til hinder for trafikken eller arbeid på veg, samt heimel for å kunne krevje utgiftene som Statens vegvesen har hatt til fjerning og forvaring dekt av eigar før køyretyet blir levert tilbake.

Forslaget blei 21. januar 2008 sendt til fylgjande instansar:

  • Departementa

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Direktoratet for Arbeidstilsynet

  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

  • Forsvarsstaben

  • Færdselsstyrelsen, Trafikministeriet, Danmark

  • Justisministeriet, Danmark

  • Justisministeriet, Island

  • Kommunikationsministeriet, Trafikpolitiska avdeling, Finland

  • Konkurransetilsynet

  • Kystverket

  • Näringsdepartementet, Enheten för Transportpolitik, Sverige

  • Politidirektoratet

  • Sosial og helsedirektoratet

  • Statens vegvesen, landsdekkende enhet

  • Statens vegvesen, Veg- og trafikkfaglig senter

  • Statens vegvesen sine regionvegkontor

  • Toll- og avgiftsdirektoratet

  • Utlendingsdirektoratet

  • Vejdirektoratet, Danmark

  • Vägverket, Sverige

  • Advokatfirmaet Tøtdal MNA

  • Autobransjens Leverandørforening

  • Bilbransjeforbundet

  • Bilimportørenes Servicekontor

  • Dekkimportørenes forening

  • Frie Bilimportørers Forening

  • Lastebileiernes Forening

  • Norges Automobil-Forbund

  • Norges Bilbransjeforbund

  • Norges Lastebileier Forbund

  • Motormannens Riksforbund, Sverige

  • STOR, Sverige

  • Traktor- og landbruksmaskinimportørenes forening

  • Transportbedriftenes Landsforening

  • Transportbrukernes Fellesorganisasjon

  • Transportøkonomisk institutt

  • Yrkesorganisasjonens Sentralforbund

Følgjande instansar har realitetsmerknadar:

  • Justis- og politidepartementet

  • Politidirektoratet

  • Utrykningspolitiet

  • Dekkimportørenes forening

  • Autobransjens Leverandørforening

  • Transportbedriftenes Landsforening

10.3 Gjeldande rett

Etter gjeldande § 37 i vegtrafikklova er heimel til fjerning og forvaring av køyrety lagt til politiet. Statens vegvesen har ingen tilsvarande kompetanse.

Regionvegkontoret har rett nok høve til å forby vidare bruk av køyrety i dei tilfella der køyretyet ikkje er i forsvarleg stand, eller køyretyet sin last ikkje er forsvarleg sikra, samt i tilfella der hjula på køyretyet ikkje er sikra tilstrekkeleg veggrep ved bruk av piggar, kjettingar eller liknande når føretilhøva gjer det nødvendig, jf. vegtrafikklova § 36 nr. 1, bokstavane c) og d), jf. § 13, jf. forskrift om køyrety § 1-4. Regionvegkontoret har også høve til å påleggje gebyr for ikkje å ha med seg påbodne kjettingar, jf. vegtrafikklova § 31, sjuande ledd, jf. § 31 a, jf. forskrift om gebyr for visse brot av vegtrafikklovgivinga § 1 bokstav e. Desse føresegnene gir likevel ingen rett for regionvegkontoret – i dei tilfella der ein mottek melding om køyrety som står fast, til hinder for framkoma og vinterdrifta – å sjølve setje i verk tiltak for å fjerne og ved behov halde køyrety i forvaring til utgiftene knytte til fjerninga og forvaringa er dekte.

Vegtrafikklova § 36 a., (Gebyr for overlasting) gir regionvegkontoret mynde til å ta køyrety i forvaring for eigar si rekning og risiko, eller forby bruk av køyretyet inntil gebyr er betalt eller sikkerheit for betalinga av gebyret er stilt. Denne heimelen er likevel avgrensa til dei tilfella der køyrety blir treft på med gebyrpliktig overlast, og kan ikkje brukast i dei tilfella der det er behov for å få fjerna køyrety som står fastkøyrde på veg.

Forfalle gebyr etter vegtrafikklova § 31 a., og § 36 er sikra ved legalpant i vedkomande køyrety, jf. vegtrafikklova § 38.

10.4 Rettstilstanden i andre europeiske land

Den danske færdselsloven § 123 har regler om «politiets fjernelse og salg av køretøjer» som i form og innhald har mange likskapstrekk med vegtrafikklova § 37. Det er berre politiet som vert gitt slik kompetanse. Føresegna er etter sin ordlyd noko smalare enn den norske ved at den, forutan å gi heimel til fjerning av defekte og registreringspliktige køyrety utan kjennemerke, blir avgrensa til køyrety som er «henstillet i strid med gældende bestemmelser om standsing eller parkering».

Regelverket i Sverige og Tyskland fylgjer i store trekk same mønster som gjeldande rett i Noreg og Danmark ved at det berre er politiet som har kompetanse til å handheve fjerning og forvaring av køyrety til hinder for trafikken o.a. I samanlikninga med Sverige og Danmark må det likevel takast omsyn til at det berre er politiet som er kompetent styresmakt til å føre kontroll med tunge køyrety i bruk. I Sverige deltek rett nok andre styresmakter (utan politimynde) i kontrollen av tunge køyrety i bruk, men desse har ingen sjølvstendig kontrollmyndigheit. I utøvinga av kontrollane inngår dei som ein del av politiet sine ressursar. I Noreg blir tunge køyrety kontrollerte både av politiet og Statens vegvesen, og vegvesenet har sjølvstendig kontroll- og sanksjonskompetanse.

10.5 Arbeidsgruppa sitt forslag til lovendringar

I høyringsnotatet vart det foreslått å føye eit nytt anna ledd til vegtrafikklova § 37, med slik ordlyd:

«Myndighet etter første ledd, bokstav b) kan også utøves av regionvegkontoret».

Det vart vidare foreslått å føye til «eller regionvegkontoret» etter «politiet» i noverande fjerde ledd siste punktum (som blir til femte ledd siste punktum etter forslaget), slik at regionvegkontoret får same mynde som politiet til å fråvike fristar og varsling når køyretyet blir rekna som vrak. Det same ble foreslått i noverande sjuande ledd(...)» noverande sjuande ledd (åttande ledd etter forslaget) slik at regionvegkontoret får same trygging for dekning av nødvendige utgifter til fjerning og forvaring som politiet.

Endringsforslaget vart nærare grunngitt slik:

«Behovet for klar lovhjemmel for Staten vegvesen til å kunne påby fjerning, evt. fjerne eller ta i forvaring kjøretøy som er til hinder for trafikken eller snøbrøyting eller annet arbeid på veg, er i første rekke knyttet til situasjoner med uvær og vanskelige føreforhold. Vegdirektoratet har derfor vurdert å begrense myndigheten til regionvegkontoret etter vegtrafikkloven § 37 til såkalte beredskapssituasjoner; situasjoner som kan medføre fare for liv og helse for brukerne av vegnettet. Vi har likevel valgt ikke å foreslå en slik begrensning. Dette både fordi det synes vanskelig innenfor rammene av § 37 å gi en klar og entydig legaldefinisjon av uttrykket «beredskapssituasjoner», men også fordi behovet for en slik hjemmel kan være til stede også under normale vinterforhold (bl.a. i tilfeller politiet er opptatt med andre viktige politioppgaver).
Vi har også vurdert å foreslå regionvegkontorets evt. hjemmel for å påby fjernet, evt. fjerne eller ta i forvaring kjøretøy som en ny § 37 A til vegtrafikkloven. Vegdirektoratet er imidlertid kommet til at det både av prinsipielle og lovtekniske hensyn er mer riktig at regionvegkontorets hjemmel fremkommer gjennom tilføyelser i dagens § 37, og slik at offentlige myndigheters hjemmel til å fjerne og ta i forvaring kjøretøy fremkommer samlet i en og samme bestemmelse.
I forslaget til endring av vegtrafikkloven § 37 er det valgt «regionvegkontoret» som betegnelse for hvem som skal ha kompetanse til å treffe vedtak om fjerning og forvaring. Dette er mønsteret ellers i vegtrafikkloven og forskrifter gitt med hjemmel i denne. I praksis vil det være tjenestemenn i utekontrollen ved vegvesenets trafikkstasjoner som - etter intern delegasjon fra regionvegsjefen - utøver myndigheten.
Det legges til grunn at regionvegkontorets fjerning og evt. forvaring etter vegtrafikkloven § 37 kan gjennomføres uavhengig av eiers/førers skyld, og at vedtak om fjerning og forvaring er et enkeltvedtak i forvaltningslovens forstand, jfr. forvaltningsloven § 2 første ledd bokstav b, som det kan klages på til Vegdirektoratet.»

10.6 Høyringsinstansane sitt syn

Fem instansar (av 57) har kommentert forslaget til endring i vegtrafikklova § 37.

Politidirektoratet stiller seg i utgangspunktet positiv til endringsforslaget, og opplyser at fleire politidistrikt ikkje har merknader til forslaget. Direktoratet viser likevel til at Utrykningspolitiet (UP) har stilt seg tvilande til at endringa vil innebere ei fornuftig tildeling av nye oppgåver til vegvesenet. Etter UP si oppfatning er verken behovet for lovendringa, konsekvensane den vil ha for etatane, eller vinsten for trafikktryggleik framkome utgreidd i tilstrekkeleg grad. Organet stiller mellom anna spørsmål om vegvesenet, etter at vintervedlikehaldet vert sett bort til private aktørar, er til stades på aktuelle vegstrekningar i slik grad at handtering av denne typen hendingar kan sjåast på som ein naturleg del av deira arbeidsoppgåver. Ei ordning der tungbilkontrollørar frå vegvesenet rykkjer ut for å få fjerna køyrety som hindrar annan trafikk eller vegvedlikehald vil etter UP si meining vere lite praktisk, og kunne vere både tungvint og kostbart. For politiet vil ein deling av mynde kunne innebere ei avlastning, men politiet vil likevel i mange høve måtte rykkje ut for å sørgje for avvikling av trafikken. Ei ytterlegare spreiing av ansvaret for dei omhandla trafikkhendingane vil også lett resultere i ei pulverisering av ressursane og dermed gå ut over den totale vernebuinga i distrikta.

Justis- og politidepartementet gjer merksam på at forskrift 10. november 1993 nr. 1018 om vegtrafikkloven om forskrifters gyldighet på Svalbard fastset at vegtrafikklova § 37 andre og tredje ledd ikkje gjeld på Svalbard. Det blir peika på at det i forslaget blir foreslått innført eit nytt tredje ledd i § 37, noko som gjer det naudsynt med ei konsekvensvurdering av denne forskrifta.

Justis- og politidepartementet gir uttrykk for at den foreslåtte lovendringa verkar å medføre ei utviding av regionvegkontoret sin kompetanse, og peikar på at høyringsnotatet ikkje omtaler i kva grad lovendringa vil føre til ei endring av regionvegkontoret sitt ansvar og oppgåver. Justis- og politidepartementet ber om at det blir vurdert i kva grad lovendringa vil påverke Statens vegvesen, Region nord og Sysselmannen sine oppgåver på Svalbard, etter nemnde forskrift.

Dekkimportørenes forening og Autorbransjens leverandørforening har ingen kommentarar til forslaget til endring av vegtrafikklova § 37, ut over å peike på behovet for klare og eintydige retningslinjer som gjer praktiseringa av regelverket lik over heile landet.

Transportbedriftenes landsforening ser at det kan vere situasjonar der det er behov for at Statens vegvesen har mynde til å fjerne og ta i forvaring køyrety, men kan likevel ikkje sjå at det er sannsynleggjord et reelt behov for dette. Det blir vist til at registreringar gjennomførde i 2006 og 2007 ikkje gir opplysningar om kor stor del av timane med stengde vegar eller vegar med redusert framkome skuldast at politiet ikkje kom eller kom for seint til åstaden etter å ha blitt rekvirert.

Foreininga meiner i tillegg at fjerning og forvaring av køyrety er eit så vidt alvorleg inngrep i yrkessjåførane og transportselskapa si verksemd, at oppgåva bør halde frem med å liggje til politistyresmaktene. Det visast i den samanhengen til at regelverket både i Sverige, Danmark og Tyskland fastslår at fjerning og forvaring av køyrety berre kan krevjast av politistyresmaktene.

10.7 Departementet sine vurderingar

Utgangspunktet for endringsforslaget er at det i alle regionar er etablert eigne utekontrolleiningar som jamnleg, og etter fastlagd planverk, fører tilsyn med tungtrafikken. Det skal i tillegg fokuserast på å ytterlegare målrette tungbilkontrollen slik at denne kan brukast som ein reiskap i vegvesenet sin byggherrevernebuing. Det er eit ynske at vegvesenet sine tenestemenn skal dirigerast til kritiske strekningar slik at ein gjennom dekk- og kjettingkontrollar kan førebyggje fast- og utforkøyringar.

Fullmakt til regionvegkontoret til fjerning av køyrety som er til hinder for trafikken eller drifta av vegen, vil gi høve til å fjerne køyrety utan at det i nemneverdig grad blir brukt ekstra ressursar frå vegvesenet sin side. Det er ynskeleg å gjere bruk av tenestemenn som likevel er i kontrollteneste eller varetek byggherrevernebuinga på strekningar der det av erfaring skjer fast- og utforkøyringar. Det er ikkje ein føresetnad for gjennomføring av forslaget at det blir etablert eit eige vernebuingsopplegg for oppgåva.

Samferdselsdepartementetkan vanskeleg sjå at det å gi vegvesenet ein slik avgrensa kompetanse, mellom anna til å fjerne køyrety til hinder for trafikken og/eller drifta av vegen, vil føre til at ansvar for, og ressursar til, redning og vernebuing blir pulveriserte. Vegvesenet har allereie i dag eit definert vernebuingsansvar og vernebuingsopplegg for vinterdrifta av riks- og fylkesvegar. Regionvegkontoret sin kompetanse til å fjerne og ta i forvaring køyrety til hinder for trafikken og vegvedlikehaldet vil uansett berre vere eit supplement til politiet sitt mynde og politiet sin innsats på området.

Allereie i dag kan andre organ enn politiet få mynde til å fjerne og ta i forvaring køyrety etter vegtrafikklova § 37, jf. forskrift 1. oktober 1993 nr. 921 om offentlig parkeringsregulering mv. Paragraf 21 i nemnde forskrift gir til dømes Vegdirektoratet heimel til å gi kommunane slik mynde.

Det har ikkje vore tanken at den føreslåtte lovendringa skal medføre endringar i Statens vegvesens sitt ansvar eller påverke Sysselmannen sine oppgåver på Svalbard. Behovet for at vegvesenet skal ha mynde til fjerning og forvaring av køyrety på Svalbard er heller ikkje til stades.

Forslaget i høyringsnotatet vil – som Justis- og politidepartementet peikar på – få konsekvensar for utøvinga av vegtrafikkmynde på Svalbard, med mindre det vert gjort endringar i forskrift om vegtrafikkloven med forskrifters gyldighet på Svalbard blir endra. Bakgrunnen er at det i forskrifta sin kap. II er bestemt at Statens vegvesen, Region nord utfører vegtrafikktilsyn på Svalbard. Ei naturleg språkleg tolking tilseier at mynde til å fjerne og om nødvendig ta i forvaring køyrety vil vere ein del av dette tilsynet. Det materielle innhaldet i forskrifta sin kap. I, «Til lova § 37», som fastset at anna og tredje ledd ikkje gjeld, vil i tillegg bli endra som følgje av tilføyinga av nytt andre ledd i vegtrafikklova § 37 som forslaget legg opp til.

For å unngå ei utilsikta utviding av vegvesenet si mynde på Svalbard, vil departementet endre forskrift om vegtrafikkloven med forskrifters gyldighet på Svalbard kap. I «Til lova § 37» slik at den får følgjande ordlyd:

«Annet, tredje og fjerde ledd gjelder ikke.»

Vert dei foreslåtte endringane i vegtrafikklova § 37 vedteke, vil det bli utarbeidd nærare retningsliner for forvaltningspraksis. Desse vil bli tekne inn i «Veiledning for Statens vegvesens utekontrollvirksomhet». Formålet med desse retningslinene vil vere å sikre einsarta praktisering av regelverket og lik handsaming på tvers av regionane i Statens vegvesen.

Registreringa av hendingar med tungbilar i 2006 og 2007 fortel ikkje noko om kor mykje av tida med stengde vegar, eller vegar med redusert framkome, som må tilskrivast politiet sin tidsbruk frå melding om fast- eller utforkøyring med behov for å gripe inn blir motteke, til oppdraget er effektuert. Etter departementetsitt syn er det likevel ikkje tvilsamt at dersom også vegvesenet får mynde til å fjerne og ta i forvaring køyrety til hinder for trafikken eller drifta av vegen, vil dette samla sett betre moglegheitene for rask og effektiv handsaming frå styresmaktene sin side.

Det å fjerne og eventuelt også ta i forvaring køyrety, er eit inngripande vedtak. Ein merkar seg at tiltaket er eit administrativt tiltak som ikkje har pønal grunngiving. Vegvesenet har allereie kompetanse til å treffe inngripande tiltak på ei rekkje område. Det kan her mellom anna visast til vegtrafikklova § 36 nr. 1, som gir regionvegkontoret høve til å forby bruken av motorvogn.

Ved vedtaking av endringsforslaget vil omsynet til ei forsvarleg praktisering av regelverket mellom anna bli vareteke ved at også denne delen av vegtrafikktilsynet vil inngå i det obligatoriske opplæringsprogrammet som Statens vegvesen har for sine kontrollørar, «køyrety- og kontrollstudiet». Studiet svarar til eit eittårig studium på høgskulenivå og er obligatorisk for tenestemenn i utekontrollen.

10.8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei foreslåtte endringane i vegtrafikklova § 37 vil ikkje gi budsjettmessige eller andre særlege økonomiske konsekvensar for den offentlege administrasjonen. Regionvegkontoret sin bruk av heimelen vil skje innanfor rammene av dei ressursane ein har til disposisjon for kontroll med køyrety på veg og til tilsyn med drifta av riks- og fylkesvegane. Regionvegkontoret sin handheving av føresegna vil likevel kunne frigje politiressursar til anna, prioritert politiarbeid.

Dei foreslåtte endringane i vegtrafikklova § 37 vil medverke til at fastkøyrde køyrety som stengjer eller reduserer framkoma på offentleg veg, kan fjernast raskare enn det som er tilfelle i dag. Forslaget vil på denne måten medverke til reduserte tidskostnader og reisekostnader for trafikantane generelt og for nyttetransporten spesielt.

Til forsida