Prop. 9 L (2010–2011)

Endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (endringar relatert til ruspåverka køyring m.m.)

Til innhaldsliste

4 Innføring av straffeutmålingsreglar for køyring påverka av annan rus enn alkohol og forenkling av straffeutmålingsreglane.

4.1 Gjeldande rett

Brot på vegtrafikklova § 22 fyrste ledd for køyring under påverknad av alkohol eller anna rusande eller bedøvande middel har ei strafferamme på inntil eitt års fengsel, jf. vegtrafikklova § 31 fyrste ledd. Direkte gjeld straffeutmålingsreglane i vegtrafikklova § 31 flg. berre promillesaker. Gjennom rettspraksis er det likevel lagt til grunn at utmålingsreglane for promillesaker i vegtrafikklova § 31 andre ledd litra b) til og med d), vert nytta så langt det passar også i saker der påverknaden skuldas andre rusmiddel enn alkohol. Konkret skjer dette ved at domstolane gjer ei samanlikning av kva den aktuelle graden av stoffpåverknad ville svart til i promille, jf. til dømes Rt. 1963 s. 411. Langt på veg gjeld dette også tilfelle der påverknaden skuldast ein kombinasjon av alkohol og andre stoff, jf. Rt. 1990 s. 83. Høgsterett presiserar likevel at det skal gjerast ei heilskapeleg vurdering ut frå konkrete omstende i saka.

Mot brot på vegtrafikklova § 22 fyrste ledd, der graden av påverknad er over 0,5 promille, til området ikring 1,1 – 1,3 promille, vert det normalt reagert med fengsel på vilkår. Ved høgare grader av påverknad vert det som regel idømt fengsel utan vilkår i kombinasjon med bot, jf. vegtrafikklova § 31 andre ledd, bokstav c).

For brot på vegtrafikklova 22 fyrste ledd vil storleiken på bota i gjennomsnitt ligge noko lågare enn 1,5 brutto månadsløn, jf. Finn Haugen (2003) Strafferett – Håndbok, 3. utg. Oslo, Cappelen Akademisk forlag s. 614.

I gjentakingstilfelle vert føraren normalt straffa med bot og fengsel utan vilkår. Lengda på fengselsstraff idømd i gjentakingstilfella kan ligge på mellom 21 og 45 dagar. I høve til gjentakingstilfelle er det likevel slik at ein, i enda større grad enn ved fyrstegongs brotsverk, føretek ei konkret og individuell vurdering av sakstilhøvet.

Ved lov av 29. juni 2007 vart det vedteke endringar i straffelova og vegtrafikklova som medførte at ordninga med promilleprogram vart utvida til å gjelde også personar som køyrer påverka av annan rus enn alkohol. Samstundes vart ordninga gjort permanent. Endringane vart sette i verk 1. november 2008.

Endringane i vegtrafikklova § 31 og straffelova § 53 nr. 3 e) inneber at domstolane, som vilkår for å utsetje fullbyrding av straffa, kan avgjere at domfelte gjennomfører program mot ruspåverka køyring for personar som har forbrote seg mot vegtrafikklova § 22 fyrste ledd jf. § 31. Lova avgrensar ordninga til å gjelde personar som har problem med alkohol eller anna rusande eller døyvande middel. Ordninga gjeld også personar som har eit misbruksproblem i høve til medikament som kan føreskrivast ved resept, jf. forskrift 10. oktober 2008 nr. 1100 § 3. Det vert også stilt krav om at domfelte må samtykkje til at eit slikt vilkår vert stilt for å utsette fullbyrdinga. Ordninga sitt primære formål er å førebyggje ruspåverka køyring, jf. Ot.prp. nr. 31 (2006-2007).

4.2 Framand rett

4.2.1 Sverige

Brot på trafikbrottslagen § 4 («rattfylleri») vert vanlegvis straffa med bøter. Berre unntaksvis vert brotet straffa med fengsel på vilkår i kombinasjon med bøter, «skyddstilsyn» eller kort fengselsstraff (utan vilkår). Dei tilfella der brotet vert rekna som grovt etter § 4 a («grovt rattfylleri»), vert det som hovudregel nytta fengsel utan vilkår i ein til tre månadar. Det er også mogleg å gjere seg bruk av meir nyanserte sanksjoner, mellom anna ei form for oppfylgingsprogram og vilkårsdom i kombinasjon med samfunnsteneste. Det siste krev at det gjer seg gjeldande særlege tilhøve. Dersom vedkomande har vært særleg påverka, eller køyringa innebar særleg trafikkfare, er hovudregelen at det skal verte idømt fengselstraff utan vilkår.

Ut fra den noverende statistikken kan ein ikkje sjå om dei som er dømde etter § 4 a har vore påverka av alkohol, andre stoff eller begge deler. Svenske styresmakter går likevel ut i frå at det er relativt uvanleg at førarar som kun har vore påverka av narkotika vert dømde etter trafikbrotslagen § 4 a («grovt rattfylleri»).

4.2.2 Danmark

Som straff for brot på nullgrenseregelen eller påverknadsregelen («førerevnekriteriet») vert det som regel gitt bøter. Dei danske lovførearbeida gir uttrykk for at straffa for brot på nullgrensa bør tilsvare straffa for eit fyrstegangstilfelle av køyring i alkoholpåverka tilstand med promille på 0,5, det vil seie bot på ei halv månadsløn. Ved andre gangs brot vil det bli idømt fengsel på vilkår og ved ytterlegare gjentakingar vil det bli gitt fengselsstraff utan vilkår. Brot på påverknadsregelen gir strengare straff, svarande til straffenivået for køyring med 1,0 og 2,0 promille, avhengig av om det ligg føre skjerpande omstende.

Straffenivået i Danmark for ruspåverka køyring er gjennomgåande lågare enn i Noreg.

4.2.3 Andre europeiske land

Straffenivået i andre europeiske land for ruspåverka køyring er i all hovudsak lågare enn i Noreg. I dei landa som har innført nulltoleransereglar for køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol, vert mindre graverande brot som regel berre straffa med bøter. I dei fleste land er det fyrst ved større grader av påverknad det vert reagert med vilkårslaus fengselsstraff.

4.3 Arbeidsgruppa sitt framlegg

4.3.1 Forslag til endring av vegtrafikklova § 31

Arbeidsgruppa sitt forslag til endring av vegtrafikklova § 31 andre ledd flg. inneber innføring av særskilte straffeskjerpande utmålingsreglar for køyring under påverknad av annan rus enn alkohol. Vidare medfører endringsforslaget ei forenkling av utmålingsreglane i promillesaker, prinsipiell likestilling av om påverknaden skuldast alkohol eller annan rus, samt ei konkretisering av prinsippet om at det er graden av påverknad som bør vere avgjerande for straffenivået - ikkje kva for rusmiddel som er årsak til påverknaden. Særleg for dei stoffa det vil kunne fastsetjast utmålingsgrenser for kan endringsforslaget hevdast å leie til raskare saksgang og meir effektiv ressursutnytting.

Arbeidsgruppa foreslår ei lovfesting av at konsentrasjonar i blodet av anna rusande eller døyvande middel svarande til og med 0,5 promille, skal straffast likt med promilletilfella i same påverknadssjikt, jf. gjeldande vegtrafikklov § 31 andre ledd, bokstav a.

Vidare foreslår arbeidsgruppa å endre og redusere talet på påverknadsintervall som går fram av gjeldande vegtrafikklov § 31 andre ledd. Arbeidsgruppa foreslår at ein berre skal operere med tre påverknadsintervall, og at desse påverknadsintervalla og korresponderande straffereaksjonar skal vere like uavhengig av om påverknaden skuldast alkohol eller andre stoff:

  • til og med svarande til 0,5 promille – skal som regel medføre bot

  • mellom svarande til over 0,5 promille til og med svarande til 1,3 promille – skal som regel medføre bot og fengsel på eller utan vilkår

  • over svarande til 1,3 promille – skal som regel medføre bot og fengsel utan vilkår.

Om vurderingane til grunn for utmålingsintervalla som regulerar påverknad høgvare enn svarande til 0,5 promille heiter det:

«Det er vitenskapelig godt dokumentert at en alkohol eller stoffkonsentrasjon i blodet svarende til 0,5 promille eller mer, medfører nedsatt kjøreferdighet og økt ulykkesrisiko. Ved en slik påvirkningsgrad kan det legges til grunn at den påvirkede fører utgjør en markert større ulykkesrisiko. Av den grunn bør det reageres strengere. Ved påvirkningsgrader i sjiktet fra opp i mot tilsvarende 1,0 promille til svarende til 1,3 promille, bør domstolene, når skjerpende omstendigheter foreligger vurdere bruk av ubetinget fengsel og streng bøtereaksjon.
Det skal presiseres at man selv ved lavere påvirkningsgrader etter omstendighetene kan være passende å reagere med ubetinget fengsel når det har foregått særlig farlig eller hensynsløs kjøring. Arbeidsgruppen mener videre at det er tilstrekkelig at loven angir én ytterligere påvirkningsgrad som det knyttes straffeutmålingskonsekvenser til. Et hensiktsmessig påvirkningsnivå å knytte straffeskjerpende utmålingskonsekvenser til, kan være påvirkning svarende til promille over 1,3. Ved overtredelse av dette påvirkningsnivået bør det i utgangspunktet reageres med bot og ubetinget fengsel.[…]
Det presiseres at forslaget ikke har til hensikt å skjerpe eller lempe eksisterende straffeutmålingspraksis, verken hva gjelder bøtenivå eller nivå på betingete eller ubetingete fengselsstraffer. Endringsforslaget har heller ikke til hensikt å gi regler som innebærer en mindre grad av nyansering i domstolenes utmålingspraksis. De foreslåtte utmålingsregler reflekterer at ulykkesrisikoen øker med graden av påvirkning. For eksempel øker ulykkesrisikoen betydelig ved en påvirkning fra svarende til 1,0 promille. Ved en påvirkningsgrad svarende til 1,5 promille eller mer, øker ulykkesrisikoen dramatisk.
Fra og med sistnevnte påvirkningsgrad vil det være særlig grunn til å reagere særlig strengt. Ved de høyeste grader av påvirkning vil det følgelig være særlig grunn til å reagere strengt med ubetinget fengsel og streng bøtereaksjon.
I lavpåvirkningstilfellene, med en påvirkningsgrad tilsvarende til og med 0,5 promille bør det i utgangspunktet, som i dag, fastsettes bøtestraff. Tilsvarene påvirkningsgrader som en følge av inntak av narkotika, bør straffes på samme måte. Arbeidsgruppen mener dette skaper konsekvens og sammenheng i regelverket, og understreker at graden av påvirkning – og dermed graden av ulykkesrisiko – bør være styrende for straffenivået. Hvilket eller hvilke rusmiddel som ligger til grunn for påvirkningen, blir av underordnet betydning.»

Arbeidsgruppa gjer framlegg om ei lovfesting av kva grad av påverknad som normalt skal medføre fengselsstraff utan vilkår:

«Arbeidsgruppen har valgt å foreslå at skillet mellom betinget og ubetinget fengsel som utgangspunkt settes ved et påvirkningsnivå svarende til 1,3 promille. I saker der det ikke foreligger konkrete skjerpende eller formildende omstendigheter, synes denne grensen å ligge i området 1,15 til 1,3 promille, jf. Finn Haugen, Strafferett – Håndbok, 3. utgave s. 614, Engstrøm s. 447 og Andenæs i LoR 2000, s. 483.

For stoff det kan setjast konkrete forskriftsfastsette påverknadsgrenser for, svarande til ovannemnde terskelverdiar, vil ein direkte på bakgrunn av analyseresultatet, og andre relevante omstend i saka, kunne ta stilling til straffeutmålinga. Per i dag forventar ein å kunne setje slike faste påverknadsgrenser for verkestoffet i cannabis, THC, for benzodiazepinar, zopiklon og kanskje også for amfetaminar. Desse stoffa er å finne i ein svært stor del av sakene.

For dei stoffa det ikkje kan setjast faste grenser for foreslår arbeidsgruppa presisering i lova av prinsippet om at lovfastsette grenser for alkohol og andre stoff, så langt det passar, også skal nyttast andsynes dei stoffa det ikkje kan setjast faste grenser for – då på bakgrunn av vurderingar gjort i sakkunnigfråsegn:

«Reglene om utmåling av straff for ruspåvirket kjøring, bør også gjelde for andre rusmidler enn alkohol. For de stoff det kan settes faste grenser for, mener arbeidsgruppen at straffeskjerpende grenser skal inntas i loven. For andre stoff mener arbeidsgruppen at de prinsipper og utgangspunkter de foreslåtte utmålingsreglene bygger på, skal anvendes så langt de passer. Man vil i slike tilfeller være avhengig av sakkyndiguttalelse for å fastslå graden av påvirkning.[…]
For de stoff det ikke kan settes faste grenser for, vil man måtte anvende en ordning lik dagens. Ved hjelp av sakkyndiguttalelse vil man få indikert vedkommendes grad av påvirkning. Lovens utmålingsregler vil deretter anvendes så langt de passer.
Tilsvarende vil gjelde for tilfellene av kombinasjonsrus. For å fastslå påvirkningsgrad må sakkyndiguttalelse innhentes. Det er likevel grunn til å anta at en ikke ubetydelig del av sakene om kombinasjonsrus vil bli avgjort på bakgrunn av analyseresultatet (som vil angi blodstoffkonsentrasjoner for aktuelle stoff og eventuelt blodalkoholkonsentrasjon). Dette vil blant annet gjelde i de sakstilfeller der analyseresultat og andre omstendigheter i saken ikke indikerer at vedkommende var mer påvirket enn det som kan utledes fra analyseresultatet.»

Arbeidsgruppa foreslår også ei lovfesting av at ein ved påverknadsvurderinga skal sjå vekk i frå eventuelt utvikla påverknadstoleranse, med mindre det aktuelle stoffet er brukt i medhald av og i samsvar med resept.

«Arbeidsgruppen foreslår at det sees bort fra eventuell toleranseutvikling også i straffutmålingsvurderingen. Dette utgangspunktet vil likevel ikke gjelde i forhold til stoff inntatt i henhold til og i overensstemmelse med gyldig resept. I slike tilfeller skal det tas hensyn til eventuell toleranseutvikling i det enkelte tilfellet. Dette faller sammen med den foreslåtte unntaksregel for stoff inntatt i henhold til og i overensstemmelse med gyldig resept, jf. kapittel 8. Unntaksregelen vil gjelde både de stoff det kan settes faste utmålingsgrenser for og resterende stoff. I de tilfellene der stoff er inntatt i henhold til og i overensstemmelse med gyldig resept vil man dermed få en ordning tilsvarende dagens; på bakgrunn av sakkyndigvurdering og andre forhold i saken tas konkret stilling til hvilken grad av påvirkning vedkommende hadde under kjøringen.»

Arbeidsgruppa presiserar vidare at passusen «som regel» i vegtrafikklova § 31 andre ledd vert foreslått ført vidare. Arbeidsgruppa understreka at lova sine utmålingsregler fylgjeleg berre er å rekne som eit utgangspunkt: «De utmålingsregler loven forskriver vil etablere et utgangspunkt, hvorfra domstolene skal ta i betraktning eventuelle skjerpende eller formildende omstendigheter ved den konkrete sak.»

Som for forslaget til endringar i vegtrafikklova § 22, vert det gjort framlegg om ei arbeidsdeling mellom lov og forskrift. For vegtrafikklova § 31 andre ledd flg. sin del inneber det at hovudprinsippa går fram av lova, medan dei underliggande grensene for kvart einskild narkotisk stoff vil gå fram av forskrift. Kva grad av påverknad som utløyser straffeskjerpande rettsverknader vil dermed gå fram av lova. Arbeidsgruppa finn ei slik løysing både akseptabel og mest praktikabel, jf. arbeidsgruppa sin rapport s. 51.

4.3.2 Omsyna bak forslaget om å forenkle straffeutmålingsreglane

I arbeidsgruppa sin rapport heiter det mellom anna fylgjande om bakgrunnen for forslaget om å forenkle utmålingsreglane:

«I norsk strafferett er det en tradisjon for at lovgiver angir relativt vide strafferammer og at domstolene gjennom utmålingspraksis fastsetter det nærmere straffenivået. Blant annet på denne bakgrunn har det ved flere anledninger vært rettet kritikk mot gjeldende straffeutmålingsbestemmelser i vegtrafikkloven § 31 annet til fjerde ledd. […]
Kritikken bør ses i lys av at da gjeldende straffeutmålingsregler for ruspåvirket kjøring ble inntatt i loven i 1988, ble det gitt detaljerte utmålingsbestemmelser for å endre fastlagt praksis på området. […]
Arbeidsgruppen mener [difor] at utmålingsreglene […] med fordel kan gjøres mindre differensierte, i den forstand at man angir færre påvirkningsnivå som regulerer straffeutmålingen. […]
Det bærende prinsipp for endringsforslagene vil være at graden av påvirkning etablerer utgangspunktet for vurderingen av forholdets grovhet. Slike utmålingsregler vil dermed, ved siden av å virke kostnadsbesparende som følge av at et redusert behov for sakkyndiguttalelser, bidra til at tilfeller med lik påvirkningsgrad behandles mest mulig likt. Endringsforslagene vil innebære at domstolene gis noe større skjønnsfrihet ved utmålingsvurderingen. Loven vil ikke lenger direkte regulere straffeutmålingen for så mange påvirkningsgrader – noe som i seg selv gir domstolene større rom til å foreta en totalvurdering av alle sakens omstendigheter.»

4.4 Høyringsinstansane sitt syn og departementet sine generelle vurderingar

4.4.1 Generelt

Bortsett frå Norges Taxiforbund går ingen høyringsinstansar i mot forslaget om å endre og forenkle vegtrafikklova § 31. Innspelet frå Norges Taxiforbund vil bli handsama under.

Aust-Agder tingrett uttalar at «Når det gjelder arbeidsgruppens forslag om at skillet mellom betinget og ubetinget fengsel i vegtrafikkloven § 31 bør knyttes til 1,3 promille ved kjøring i alkoholpåvirket tilstand, er retten enig i dette. Grensen har utkrystallisert seg i senere års rettspraksis og gir på denne bakgrunn en bedre veiledning for allmennheten enn dagens regel som differensierer mellom 1,0 og 1,5 promille. Retten har merket seg at intensjonen med forslaget ikke er å verken skjerpe eller lempe eksisterende straffeutmålingspraksis.»

Transportbedriftenes Landsforening (TL), ATL og Trygg trafikk støttar framlegget om forenkling av utmålingsreglane og innføring av utmålingsgrenser også for andre stoff enn alkohol, men presiserar alle at endringa ikkje må bli oppfatta som ei liberalisering.

Domstolsadministrasjonen uttalar at forslaget til endringar av vegtrafikklova § 31 «tiltres». DRK støttar forslaget og presiserar at dei heller ikkje har innvendingar til «de anførte promillegrensene». Politiets Fellesforbund «støtter» forslaget.

Riksadvokaten stiller seg bak både målet om å forenkle paragrafen og forslaget om å innføre faste utmålingsgrenser også for andre stoff enn alkohol, men har likevel, som vil bli handsama under, synspunkt på graden av forenkling av paragrafen.

Advokatforeininga seier uttrykkjeleg at dei ikkje har merknadar til dei føreslegne endringane av vegtrafikklova § 31, men presiserar likevel - som dei gjorde i høve til reglane om skuldspørsmålet etter vegtrafikklova § 22 – at ein i høve til påverknad som skuldast andre stoff enn alkohol bør legge vekt på eventuell utvikla påverknadstoleranse, også i relasjon til straffeutmålinga.

Samferdselsdepartementet meiner spørsmålet om ein skal legge vekt på eventuell påverknadstoleranse må vurderast likt uavhengig av om det gjer seg gjeldande i relasjon til skuldspørsmålet (vegtrafikklova § 22) eller straffeutmålinga etter vegtrafikklova § 31.

Norges Taxiforbund uttrykkjer det dei karakteriserar som sin «generelle skepsis til detaljerte instruksar til domstolane på dette området. Vi kan ikke se at det foreligger grunnlag for å fravike det generelle prinsipp om domstolenes frie stilling på dette området, etter at lovgiver har fastsatt de ytre rammer for reaksjonsfastsettelsen». Vidare uttalar Taxiforbundet at «å endre sanksjonssystemet frå fire intervaller til tre kan vi ikke se at det foreligger rettspolitisk grunnlag for».

Som vist til over i kapittel 4.1 er det i norsk strafferett tradisjon for at lovgivar nøyer seg med å gi relativt vide strafferammer, og at domstolane gjennom sin praksis fastsett det nærare straffenivået. Den relativt detaljerte lovreguleringa av straffenivået for promillekøyring har i så måte representert eit unntak frå hovudregelen, jf. særleg dei endringane som vart gjennomført ved lov 8. juli 1988 nr. 70 jf. Ot.prp. nr. 65 (1987-88) og Innst. O. nr. 96 (1987-88).

Føreliggande forslag om endringar i vegtrafikklova § 31 andre ledd flg. inneber at domstolane sine rammer for straffeutmålinga vert noko friare. Reduksjonen i talet på påverknadsintervall frå fire til tre utgjer ei forenkling.

I lys av den tradisjon som har utvikla seg for at vegtrafikklova regulerar straffeutmålinga i saker om ruspåverka køyring, finn departementet det mest tenleg at lova framleis regulerar hovudprinsippa og gir overordna retningsliner for straffeutmåling i slike saker.

Dei tre føreslegne påverknadsintervalla gir uttrykk for ulike grader av påverknad som det prinsipielt er grunn til å skilje mellom, jf. arbeidsgruppa sine vurderingar, kapittel 4.3

Riksadvokaten er positiv til realiteten i endringsforslaget, men gir uttrykk for at han ynskjer ei ytterlegare lovteknisk forenkling av paragrafen. Han uttalar at innføringa av korresponderande utmålingsreglar for andre stoff enn alkohol vil gjere paragrafen ytterlegare tung og ordrik, og at «en bør benytte anledningen til å gjennomføre en forenkling av bestemmelsen, og atskillig mer radikalt enn det som foreslås av gruppen». Riksadvokaten viser til at han har teke opp dette spørsmålet tidlegare, ved sitt høyringssvar av 1. oktober 1999 (høyring i forkant av lovendring ved innføring av promillegrense på 0,2). Riksadvokaten foreslo då ei deling i over og under 1,0 promille. I den etterfylgjande odelstingsproposisjonen uttrykte Samferdselsdepartementet støtte til intensjonen bak Riksadvokaten sitt forslag, men utan å fylgje det vidare opp.

Høyringsinnspelet frå Riksadvokaten kan dermed lesast slik at han, med naudsynte tilpassingar for etablering av korresponderande utmålingsgrenser for andre stoff enn alkohol, meinar at paragrafen berre bør innehalde to utmålingsintervall - over og under 1,0 promille, jf. systematikken Riksadvokaten foreslo i ovannemnde høyringssvar frå 1999.

Frå eit lovteknisk synspunkt er større ordrikdom ofte noko ein vil søkje å unngå.

Departementet er einig med Riksadvokaten i at forslaget til nytt tredje ledd i vegtrafikklova § 31, kan gjerast mindre ordrikt. Desse presiseringane må ein kunne gå ut i frå at allereie fylgjer av vegtrafikklova § 22 – slik bestemmelsen er foreslått endra i denne proposisjonen, samt i forarbeid og rettspraksis etter gjeldande vegtrafikklov. Det er dermed ikkje tvilsamt at utmålingsreglane i § 31 andre ledd gjeld så langt dei passar også der påverknaden er forårsaka av stoff som det ikkje er sett særlege utmålingsgrenser for i forskrift. Det er heller ikkje tvilsamt at ein skal sjå vekk i frå eventuelt utvikla påverknadstoleranse, slik ein gjer i høve til skuldspørsmålet. For påverknadstoleranse utvikla overfor reseptføreskrivne medikament inntekne i medhald av og i samsvar med resept, vert det likevel gjort unntak frå dette utgangspunktet, jf. unntaksregelen i forslaget til endringar i vegtrafikklova § 22 og § 31 nytt tredje ledd.

Sjølv om departementet deler Riksadvokaten sin intensjon om å forenkle vegtrafikklova § 31 andre ledd, finn departementetgrunn til å behalde tre utmålingsintervall. All den stund vegtrafikklova § 31 føretek ei særleg regulering av straffeutmålinga i saker om ruspåverka køyring verkar det tenleg å skilje mellom lågpåverknadstilfella (påverknad inntil 0,5 promille) og høgare grader av påverknad.

Dei fleste personar som ikkje har utvikla påverknadstoleranse vil med alkohol- eller narkotikapåverknad svarande til over 0,5 promille vere påverka i slik grad at køyredugleiken er sett ned. Den fare for uhell som vert skapt ved påverknad svarande til under 0,5 er relativt liten samanlikna med faregraden når graden av påverknad er høgare, jf. Ot.prp. nr. 26 (1999-2000) s. 26. Av den grunn har det også ein pedagogisk funksjon at ein knyt skjerpande straffeutmålingskonsekvensar til køyring med påverknad over svarande til 0,5 promille. At ein knyt visse rettsverknadar til ei grense svarande til 0,5 promille kan også hevdast å ha ei viss historisk forankring.

Departementet finn det tenleg at utmålingsreglane i § 31 andre ledd gir retningsliner for når graden av påverknad er så stor at køyringa i utgangspunktet bør medføre vilkårslaus fengselsstraff. Det er grunn til å markere på kva nivå faregraden ved køyringa har blitt så stor at det i alminnelegheit er grunn til å reagere med fengsel utan vilkår.

Dersom ein skulle forenkle vegtrafikklova § 31 andre ledd ytterlegare gjennom å redusere talet på utmålingsintervall til berre to utmålingintervall – ville det etter departementet sitt syn vere grunn til å problematisere om ei slik særleg lovregulering av straffeutmålinga ville ha nemneverdig realitet som styringssignal for domstolane si straffeutmåling.

Departementet ynskjer å framheve at innføring av korresponderande utmålingsretningsliner for tilfelle der påverknaden skuldast andre stoff enn alkohol kan forventast å gi prosessøkonomisk gevinst. Lovendringa vil mogleggjere at ein også ved utmåling av straff for køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol oppnår at det i den einskilde sak kan utmålast passande straff utan å måtte innhente erklæring frå sakkunnige. I saker der påverknaden er forårsaka av stoff som ein kan setje faste utmålingsgrenser for, vil ein i mange tilfelle kunne ta stilling til utmålingsspørsmålet berre på grunnlag av analyseresultatet, jf. framlegget om endringar i vegtrafikklova § 31 andre ledd, der straffeskjerpande utmålingsreglar også for andre stoff vert foreslått.

4.4.2 Kva grad av påverknad bør som regel medføre fengsel utan vilkår

MA støttar arbeidsgruppa sitt forslag om å endre vegtrafikklova § 31 og dei prinsippa endringsforslaget byggjer på, men verkar å foreslå 1,0 promille som grense for når ein i utgangspunktet skal reagere med vilkårslaus fengselsstraff.

Samferdselsdepartementet finn det ikkje tenleg med ei så markert senking av utgangspunktet for når det skal reagerast med vilkårslaus fengselsstraff. Verken arbeidsgruppa sin rapport eller dei andre høyringsinstansane gir uttrykk for eit ynskje om eller behov for ei skjerping av terskelen for når (ved kva for grad av påverknad) ruspåverka køyring bør leie til vilkårslaus fengselsstraff. I det alt overvegande verkar det å vere semje om at denne terskelen bør ligge i det påverknadsjiktet som gjennom rettspraksis har utkrystallisert seg for når det normalt vert reagert med vilkårslaus fengselsstraff i saker der det ikkje gjer seg gjeldande særlege skjerpande eller formildande omstende.

I lys av høyringssvaret frå MA skal det understrekast at når det i den konkrete sak ligg føre tilstrekkeleg skjerpande omstende, vil domstolane uansett ha høve til å fastsetje vilkårslaus fengselsstraff, også ved promille ikring 1,0, jf. bruken av passusen «som regel» i vegtrafikklova § 31 andre ledd, som med det syner at reglane i § 31 andre ledd berre er ei retningsline og eit utgangspunkt for domstolane si utøving av skjøn i straffeutmålingsspørsmålet.

Som lagt til grunn av arbeidsgruppa, og i Ot.prp. nr. 65 (1987-88), skjer det ei monaleg auke i ulukkesrisiko når ruspåverknaden kjem opp i mot svarande til 1,0 promille. Ved ulike grader av påverknad svarande til høgare enn 1,0 aukar ulukkesfaren suksessivt. Ein person med promille på 1,0 utgjer 25 gongar høgare ulukkesrisiko enn ein person utan alkohol i blodet. Ved promille over 1,5 vert ulukkesrisikoen rekna for å vere 65 gongar høgare, jf. Trafikksikkerhetshåndbok ((Elvik, R. et al. 2010).

I tråd med dei føresetnadane som er nedfelt gjennom forsking og lovførearbeid, har domstolane gradvis funne større grunn til å reagere med vilkårslaus fengselsstraff, når påverknaden og graden av ulukkesfare ved køyringa har vore markert høgare enn 1,0 promille. Ovannemnde vitskaplege materiale tilseier at graden av ulukkesfare er markert høgare ved påverknad svarande til omkring 1,2 til 1,3 promille, enn den vil vere i området 1,0 promille. Denne gradvise auken i faregrad er også reflektert gjennom domstolane sin utmålingspraksis, jf. omtale over. Etter departementetsi oppfatting burde arbeidsgruppa i større grad ha framheva at gjeldande straffeutmålingspraksis er fundert på slike underliggande resonnement om kva grad av ulukkesfare som generelt, og i det einskilde tilfelle, vert forårsaka ved ruspåverka køyring. Departementet sluttar seg likevel i hovudtrekka i arbeidsgruppa sin konklusjon om å lovfeste at ruspåverka køyring i området svarande til promille 1,3 promille, som regel skal medføre vilkårslaus fengselsstraff.

Lovendringa har i utgangspunktet ikkje til formål verken å skjerpe eller lempe domstolane sin praksis for når vilkårslaus fengselsstraff vert dømd. Departementetvonar likevel at ei lovfesting av terskelen for når det som regel skal reagerast med fengsel utan vilkår vil kunne ha ein viss signaleffekt, og samstundes tene informasjonsomsyn. På bakgrunn av desse momenta finn departementet det mest tenleg å gjere framlegg om at det lovfastsette utgangspunktet for når det som regel skal dømast vilkårslaust fengsel skal setjast til 1,2 promille.

Departementet finn det mest tenleg at ein ved ei slik lovfesting legg seg i det nedre sikt av det området domstolane normalt reagerer med vilkårslaus fengselsstraff. Særleg gjeld dette når ei lovendring av ein slik karakter ikkje har til formål å skjerpe eller lempe domstolane sin utmålingspraksis. Eit utgangspunkt om et påverknad svarande til 1,2 promille som regel skal medføre vilkårslaus fengselsstraff, vil vonleg, samanlikna med 1,3 promille som grense, ha størst ålmennpreventiv effekt. I lys av gjeldande domstolspraksis ville ein til ei viss grad også kunne ha oppfatta ei lovfesting av 1,3 promille som slik grense, som ei viss liberalisering.

Arbeidsgruppa har gitt uttrykk for at den føreslegne lovendringa vil gi domstolane noko større skjønsfridom ved straffeutmålinga. Når det gjeld spørsmålet om når ruspåverka køyring skal medføre vilkårslaus fengselsstraff, kan det likevel problematiserast om lovendringa vil få ein slik konsekvens. Ved at ein i framlegget til ny vegtrafikklov § 31 andre ledd, bokstav c) gir uttrykk for at domstolane «skal» fastsetje bot og «ubetinga fengsel» ved påverknad svarande til 1,2 promille, vert det framleis gitt ei klar retningsline for domstolane si straffeutmåling. Ein viser i den samanhengen til at gjeldande § 31 andre ledd, bokstav c - ved promille over 1,0 til og med 1,5 promille, i tillegg til bøtestraff, til samanlikning gir domstolane valet mellom fastsetjing av «betinget eller ubetinget fengsel». Når det gjeld påverknad i området svarande til over 0,5 promille til og med 1,2 promille stiller det seg annleis. I dette påverknadssiktet vil lovendringa gi domstolane større skjønsfridom ved utmåling av straff. Etter departementet sitt syn er det i dette siktet det er størst grunn til å la lovgivinga gi mindre detaljerte føringar. Domstolane vil med dette få eit enda større spelerom til å utmåle straff etter ei totalvurdering i tråd med dei overordna prinsippa til grunn for utmåling av straff for ruspåverka køyring.

Departementet nemner at opphevinga av regelen i § 31 andre ledd, bokstav d) ikkje er tilsikta å innebere ei realitetsendring. Det fylgjer av rettspraksis at påverknad over svarande til 1,5 promille som regel medfører fengsel utan vilkår.

Departementet presiserer at lovendringa ikkje har til formål å endre eksisterande bøtenivå. Gjeldande bøtenivå bør vidareførast. Ved utmåling av bøtestraff for køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol bør det takast utgangspunkt i ei samanlikning med alkohol, og kva tilsvarande alkoholpåverknad ville medført av bøtestraff.

Til forsida