Prop. 9 L (2010–2011)

Endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (endringar relatert til ruspåverka køyring m.m.)

Til innhaldsliste

9 Økonomiske og administrative konsekvensar

9.1 Konsekvensar for trafikktryggleiken

Forventa konsekvensar for trafikktryggleiken har blitt løpande omtalt over, tilknytt omtalen av kvart einskild lovframlegg. Samferdselsdepartementet ynskjer likevel å trekkje særleg fram forventa positive trafikktryggleikskonsekvensar ved at lovendringane vil kunne gi ein meir nærliggjande straffetrussel ved at det saklege verkeområdet for forbodet mot køyring påverka av andre rusmiddel enn alkohol vert utvida, og som fylgje av auka oppdagingsrisiko som konsekvens av innføring av hurtigtesting. Innføring av nulltoleranse for køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol kan også forventast å ha signaleffekt andsynes borgarane og auke medvitet om at rus og køyring ikkje høyrer saman. Einskildvis og samla vil desse faktorane kunne gi positiv trafikktryggleiksgevinst.

Til illustrasjon vises det også til ei svensk undersøking trykt i Trafiksäckerhetsutvecklingen i Sverige fram till år 2001, VTI rapport 486, Statens väg- og transportforskningsinstitut, Lindköping 2002. Undersøkinga indikerar ein samanheng mellom auke i talet på gjennomførte tilfeldige alkotestar langs svenske vegar og reduksjon i talet på trafikkdrepne. Undersøkinga indikerar at ei auke på 100 000 tilfeldige alkotestar (førebels blåseprøve) kan gi ein reduksjon på 3-4 trafikkdrepne per år. Innføring av tilfeldig hurtigtesting for å avdekkje køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol kan difor, avhengig av kor mange testar ein gjennomfører, gi ein reduksjon i talet på trafikkskadde og -drepne (sjå omtale i kapittel 5.3.2).

I kapittel 2 vert det gjort greie for omfanget av køyring påverka av andre rusmiddel enn alkohol og kor stor del av trafikkulukker som skuldast ruspåverknad. Departementet finn det likevel vanskeleg å skulle talfeste dei forventa positive trafikktryggleikskonsekvensane, til dømes i form av forventa nedgang i talet på trafikkulukker, i talet på hardt skadde eller drepne, eller i eventuelle forventa kostnadsreduksjonar for helsevesenet og sparte ressursar for samfunnet generelt, jf. høyringsinnspela frå Finansdepartementet og Helse- og omsorgsdepartement, der det vert etterlyst berekningar av eventuelle nytteeffektar av betra trafikktrykkleik, overslag over kor mange færre trafikkulukker lovendringane kan medverke til, samt eventuelle kostnadsreduksjonar for helsevesenet.

Lovendringane som det vert gjort framlegg om i denne proposisjonen er av ein slik karakter at det på førehand er vanskeleg å gjere treffande berekningar av ovannemnde potensielle positive konsekvensar for trafikktryggleiken.

9.2 Konsekvensar for politi og påtalemakt

For politiet og påtalemakt vil etterforsking og straffeforfølging av mange saker om køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol bli enklare og mindre ressurskrevjande.

Innføringa av faste grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av andre stoff enn alkohol (og straffeskjerpande utmålingsgrenser etter vegtrafikklova § 31) vil sannsynlegvis føre til ei monaleg auke i talet på straffesaker som kan gjennomførast som tilståingssak for tingretten. Behovet for utvida erklæring frå sakkunnige og behovet for å føre sakkunnige som vitne ved hovudforhandling for domstolane kan også forventast å gå ned. Omfanget av desse kostnadsreduserande konsekvensane vil sjølvsagt avhenge av talet på straffesaker. Dersom regelendringane fører til fleire straffesaker vil dette sjølvsagt gi noko mindre reduksjon i kostnader.

Som gjort greie for i kapittel 5 vil slike hurtigtestapparat verte kjøpt inn etter ein tilbodsutlysingsprosess. Dei eksakte totale innkjøpskostnadane er difor noko usikre. Justis- og politidepartementet legg til grunn at Politidirektoratet, innan-for budsjettramma for 2010, skal kunne kjøpe inn hurtigtestapparat for å kunne starte med slik testing innan utgangen av 2010.

Det vert gjennomført om lag 1 million testar med alkometer (førebels blåseprøve) årleg. Sannsynlegvis vil omfanget av hurtigtesting for å avdekkje køyring påverka av andre stoff vere mindre i starten, då operative tilhøve knytt til bruk av hurtigtestar som per i dag er tilgjengelege på marknaden, gjer det mindre realistisk å nytte testane i same omfang som alkometertestane vert nytta. Gjennomføring av kvar hurtigtest reknar ein med vil koste cirka 150 kroner. Dersom ein til dømes gjennomfører om lag 10 000 hurtigtestar i året vil dette gi politiet ein meirkostnad på cirka 2 millionar kroner årleg.

Opplysingar frå FHI indikerar at analyse av kvar einskild blodprøve vil bli knapt 1000 kroner dyrare, noko som vil innebere ein stykkpris på cirka 3800 kroner. Tal frå 2008 syner at om lag 5000 blodprøver vart sende til analyse. Med dette talet på blodprøver til analyse per år vil prisauken (for kvar analyse) innebere ein auka kostnad for politiet på 4,5 millionar kroner årleg. Ved ein auke i talet på personar sikta for køyring påverka av andre stoff enn alkohol på til dømes 1000 til 1500 personar per år, vil kostnadsauken for kvar blodprøveanalyse innebere ei ytterlegare kostnadsauke på 3,8 – 5,7 millionar kroner. Ein reknar med at dei samla auka kostnadane vil bli mellom 8,3 og 10,2 mill. kroner, avhengig av talet på mistenkte.

Innføring av faste grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av andre stoff enn alkohol kan forventast å medføre ein reduksjon i behovet for sakkunnigfråsegner med 50-70 %. Dersom ein tek utgangspunkt i dagens nivå for talet på blodprøver medfører dette ein kostnadsreduksjonen for politiet estimert til cirka 5,35 millionar kroner. Lovendringane vil likevel vonleg resultere i at fleire tilhøve av køyring påverka av andre stoff enn alkohol vert avdekt, noko som inneber at denne utgiftsreduksjonen då vil bli mindre som fylgje av ein må sende fleire blodprøver til analyse. Gjennomsnittsprisen per sakkunnigfråsegn frå FHI er 4300 kr. Reduksjonen i talet på saker der det verte henta inn sakkunnigfråsegn vil også gi ein tilsvarande reduksjon i talet på saker der Den Rettsmedisinske Kommisjon må kontrollere sakkunnigfråsegna.

Ein reknar med at totalkostnadane for politiet vil bli mellom 12,3 mill. kroner og 14,2 mill. kroner. Desse kostnadane vil politiet dekke innanfor eiga ramme. Endringane i vegtrafikklova utløyser noko endringar i forskrift om tap av førerett. Dette vil medføre noko arbeid for Politidirektoratet og Justis- og politidepartementet.

9.3 Konsekvensar for Nasjonalt Folkehelseinstitutt

Ein forventar at lovendringane vil resultere i at FHI vil få auka utgifter til utstyrsinvesteringar (fleire analyseparallellar), eingongskostnadar til analyseutstyr, metodeutvikling, statistiske berekningar, akkrediteringar, omlegging av rutinar, oppgradering av datasystemet som skal handtere prøver og utarbeiding av svar på blodprøveanalysar og sakkunnigerklæringar. FHI bereknar dei samla eingongskostnadane ved dette til 21,25 millionar kroner.

Lovendringane vil også kunne medføre at FHI gir færre sakkunnigfråsegner per år, noko som i seg sjølv vil innebere eit inntektstap. Samstundes kan lovendringane kome til å medføre at FHI vil gjennomføre fleire årlege analyser av innsendte blodprøver, noko som vil gi inntektsauke. Dei nærare moglege økonomiske og administrative konsekvensane for FHI av dette er vanskelege å berekne.

9.4 Konsekvensar for Samferdselsdepartementet

Som synt til i kapittel 3 vert det sett ned ei fagleg rådgivingsgruppe som skal gi Samferdselsdepartementet faglege råd som grunnlag for fastsetjing av forskrift med faste grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av andre stoff enn alkohol og når det gjeld faste utmålingsgrenser etter vegtrafikklova § 31. Dette medførte noko arbeid for Samferdselsdepartementet. Økonomisk godtgjersle til nokre av medlemmane i rådgivingsgruppa vil verte dekte innanfor Samferdselsdepartementet si budsjettramme for 2010. Samferdselsdepartementet vil og førestå at naudsynte endringar i førarkortforskrifta, vedlegg 1, § 5 andre ledd vert gjort.

Til forsida