Prop. 9 L (2010–2011)

Endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (endringar relatert til ruspåverka køyring m.m.)

Til innhaldsliste

11 Særlege merknader til lovforslaga

Til § 22:

Innføringa av låge nulltoleransebaserte grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av andre rusande eller døyvande middel enn alkohol, skjer gjennom eit nytt tredje ledd.

Denne regelen vert avgrensa til å gjelde andre rusande eller døyvande middel enn alkohol som det er fastsett faste grenser for i forskrift gitt i medhald av vegtrafikklova.

Nytt sjette ledd i paragrafen gir departementet ei uttrykkeleg fullmakt til å gi slike forskrifter, inkludert fullmakt til å fastsette forskrifter om grenseverdiar som skal utgjere ei retningsline for straffeutmålinga etter vegtrafikklova § 31 andre ledd. Departementet sin fullmakt til å gi forskrifter omfattar både ei opprekning av kva for «berusende eller bedøvende middel» som vert omfatta av ordninga med lovfastsette forbodsgrenser, og fastsetting av grenseverdiar for kvart einskild av desse stoffa. Dersom konsentrasjonane i blodet overstig grenseverdiane vil ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av andre rusande eller døyvande middel enn alkohol.

I nytt fjerde ledd har det blitt teke inn at villfaring med omsyn til påverknad forårsaka av andre rusande eller døyvande middel enn alkohol, i utgangspunktet ikkje fritek frå straff. Endringar vert grunngitt med at ruspåverknad bør handsamast mest mogleg likt, uavhengig av om påverknaden skuldast alkohol eller annan rus. Det er difor naturleg å gjere nytt fjerde ledd gjeldande også for tilfella der påverknaden skuldast andre stoff enn alkohol. Departementetfinn grunn til uttrykkleg å avgrense regelen til å berre gjelde utanfor resepttilfella. Regelen vert dermed ikkje gjort gjeldande for tilfelle der ruspåverknaden skuldast inntak av reseptføreskrivne lækjarmiddel inntekne i «henhold til gyldig resept». For desse tilfella vert det - også i relasjon til storleiken og mengda av medikamentinntaket – ei alminneleg vurdering av om den objektivt sett påverka føraren handla aktlaust eller forsetteleg, jf. vegtrafikklova § 31 fyrste ledd og nytt tredje ledd.

I tillegg til dei materielle endringane vert det også gjort redaksjonelle endringar i paragrafen. Noverande § 22 fyrste ledd, andre punktum blir nytt andre ledd, noverande fyrste ledd, siste punktum blir nytt fjerde ledd og noverande andre ledd blir nytt femte ledd. Det vert gjort endring i paragrafen si overskrift ved at ordet «alkoholpåvirkning» blir erstatte med «ruspåvirkning».

I nytt andre ledd har presiseringa, i gjeldande lov § 22 fyrste ledd, fyrste og andre punktum, av at den som er alkoholpåverka er «(ikke edru)», blitt sløyfa, då den er overflødig.

Departementet finn grunn til å kommentere at omsynet til den indre samanhengen i regelen kunne tale for at reglane som no er foreslått i fyrste til og med fjerde ledd blir samla i eitt ledd, slik gjeldande korresponderande reglar no er samla i noverande § 22 fyrste ledd. Dei føreslegne materielle endringane medverkar til å gjere paragrafen meir ordrik.Departementet har difor funne å leggje avgjerande vekt på omsyna til at paragrafen skal vere oversiktleg og lettast mogleg å forstå – og gjer difor framlegg om å dele paragrafen opp i fleire ledd.

Før ein kan setje i kraft ny straffelov vil ein måtte gjere endringar i tilvisinga til forsøk på overtreding av vegtrafikklova § 22, som ved lov 19. juni 2009 nr. 74 vart gjort i vegtrafikklova § 31 fyrste ledd, nytt tredje punktum. I denne regelen vert det slått fast at forsøk på overtreding av vegtrafikklova ikkje er straffbart, med unntak for forsøk på ruspåverka køyring. Ved inndeling av det som i dag vert regulert av vegtrafikklova § 22 fyrste ledd i fleire ledd, vil ein i vegtrafikklova § 31 fyrste ledd, nytt tredje punktum, også måtte vise til fleire ledd i vegtrafikklova § 22.

Til § 31 andre ledd:

Endringane i vegtrafikklova § 31 andre ledd reduserer talet på påverknadsintervall som er av relevans for straffeutmålinga frå fire til tre. Det vert gjort framlegg om lovfesting av korresponderande faste grenser for andre stoff enn alkohol. Dei stoffa det kan setjast slike faste utmålingsgrenser for, og dei konkrete grenseverdiane, vil gå fram av ei eiga forskrift fastsett av Samferdselsdepartementet i medhald av vegtrafikklova. Fullmakt for departementet til å fastsetje slik forskrift vert gitt i nytt siste ledd i vegtrafikklova § 22.

Det blir elles vist til Samferdselsdepartementet sine vurderingar gitt i kapittel 4. Det vil fylgje av vegtrafikklova § 31, lest i samanheng med vegtrafikklova § 22, forarbeid og rettspraksis etter gjeldande vegtrafikklov, at utmålingsreglane i nytt § 31 andre ledd vil gjelde så langt dei passar, også der påverknaden er forårsaka av stoff det ikkje er sett faste utmålingsgrenser for i forskrift.

Til § 31 nytt tredje ledd:

Departementet legg til grunn at det vil fylgje føresetnadsvis av vegtrafikklova § 31 andre ledd, lest i samanheng med grensene som blir meld i forskrifta i medhald av § 22 siste ledd, at ein ved straffeutmålingsvurderinga etter vegtrafikklova § 31 skal sjå vekk i frå eventuell påverknadstoleranse utvikla for rusande eller døyvande middel.

For påverknadstoleranse utvikla andsynes reseptføreskrivne medikament inntekne i medhald av og i samsvar med resept vert det likevel gjort unntak frå dette utgangspunktet, jf. unntaksregelen i forslaget til endringar i vegtrafikklova § 22. Departementet legg til grunn at det er formålstenleg å klargjere dette unntaket i forslag til § 31 nytt tredje ledd slik at det går fram at påverknadsgraden hjå førare som har innteke lækjemiddel i samsvar med gyldig resept, framleis skal vurderast konkret.

Til § 22 a.:

Ved endring av fyrste ledd vert politiet gitt heimelsgrunnlag til å gjennomføre førebels test av om motorvognførar er påverka av anna rusande eller døyvande middel enn alkohol. Slik test kan gjennomførast i dei situasjonane som er rekna opp i fyrste ledd nr. 1 til og med nr. 4. I denne proposisjonen er slik førebels testing oftast omtalt i relasjon til testing av førarar som vert stogga i trafikkontroll (jf. fyrste ledd nr. 4). Det skal likevel presiserast at utvidinga av heimelsgrunnlaget etter § 22 a., fyrste ledd, til å gjelde også førebels test av om føraren er påverka av andre stoff enn alkohol, gjeld alle situasjonane regulert i fyrste ledd nr. 1 til og med nr. 4.

Som synt til i kapittel 5 ser ein føre seg at slik testing vil bli gjennomført ved at testapparat analyserer spytt som føraren gir frå seg ved å stikke ein særskilt testpinne i munnen. Departementet ser likevel ikkje grunn til å presisere dette særskilt i ordlyden. Dersom det under tida gjer seg gjeldande metodar for slik førebels testing som er lite inngripande for motorvognførarane, samstundes som testane held like god eller betre kvalitet, og kan gjennomførast effektivt, så bør ein etter departementetsitt syn også kunne gjennomføre førebels testing som ikkje nødvendigvis er spyttbasert med grunnlag i dette heimelsgrunnlaget.

I andre ledd vert det gitt heimel til gjennomføring av testmetoden «teikn og symptom» når politiet har grunn til å tru at føraren har brote reglane i vegtrafikklova § 22. Heimelsgrunnlag for å nytte denne metoden i saker der det ligg føre mistanke om ruspåverka køyring må i dag finnast i straffeprosesslova sine reglar.

Ved endring av andre ledd vert det også lovfesta rett for politiet, i samband med lækjarundersøking og taking av blodprøve, til å innhente spyttprøve. Denne spyttprøva må skiljast frå den spyttbaserte førebelse hurtigtesten som kan gjennomførast i medhald av fyrste ledd. Spyttprøve innhenta i medhald av andre ledd skal nyttast til å kartlegge dei stoffa vedkomande kan ha i blodet, og slik gjere den etterfylgjande analysen av blodprøva meir målretta. Spyttprøva vil ikkje i seg sjølv bli ført som bevis i straffesaker.

Gjennom endring av tredje ledd vert det presisert at spyttprøve innhenta etter andre ledd til bruk for screening, berre kan innhentast av lækjar, sjukepleiar eller bioingeniør. Nemninga «offentlig godkjent» blir føreslegen fjerna, og tittelen «sykepleier» blir føreslegen nytta på tilsvarande måte som tittelen «bioingeniør». Spyttprøve innhenta for å gjennomføre førebelse test av påverknad i medhald av fyrste ledd, kan utførast av polititenestemann. Siste punktum i andre ledd slår fast at også i tilfelle der føraren nektar å medverke til førebels testing av om vedkomande er påverka av anna rusande eller døyvande middel enn alkohol, kan politiet framstille vedkomande for dei etterforskingssteg som kan takast etter andre ledd.

Til § 33 nr. 1 andre ledd:

Endring i § 33 nr. 1 andre ledd innfører ei særleg regulering andsynes dei med førerett på prøve.

Reglane om prøvetid har sitt heimelsgrunnlag i vegtrafikklova § 24. Førarkortforskrifta § 4-2 gir føresegner om at den som for fyrste gong får førarkort klasse B, får det med ei prøvetid på to år. Dette skal gå frem av førarkortet.

Paragraf 33 nr. 1 andre ledd gjer i utgangspunktet unntak frå utgangspunktet om tap av føreretten for tilhøve som fell inn under vegtrafikklova § 31 andre ledd, bokstav a.

Den nye regelen i § 33 nr. 1 andre ledd, andre punktum avgjer at dette unntaket likevel ikkje skal gjelde dei som har føreretten på prøve. For dei med føreretten på prøve vil også brot på vegtrafikklova § 22 som fell inn under vegtrafikklova § 31 andre ledd, bokstav a, medføre tap av føreretten.

Det avgjørende er at ruspåverkinga har skjedd i prøveperioden. Det har inga betyding at prøveperioden er over når saka blir avgjort.

Etter ordlyden kan det i slike tilfelle fastsetjast tap av føreretten for inntil eitt år. Med mindre det gjer seg gjeldande særleg skjerpande omstende vil tapstida vere kortare enn i år, jf. omtale i kapittel 6.

Lovteknisk vert det gjort framlegg om å fjerne ordet «likevel» i andre punktum.

Til § 34 fyrste ledd:

Lovendringa presiserar politiet sin rett til å påleggje førarkorthavaren å underkaste seg lækjarundersøking ved skilleg grunn til å tru at førarkorthavaren ikkje lenger fyller førarkortforskrifta sine helsekrav om at det for den som skal ha eller har førerett, ikkje må ligge føre misbruk av alkohol eller anna rusande eller døyvande middel. Paragraf 34 fyrste ledd syner til helsekrav som ligg utanfor sjølve lova, jf. formuleringa «de krav som er fastsatt» i fyrste punktum. Det blir elles vist til omtalen i kapittel 7.

Til § 34 femte ledd:

Endringa er i praksis berre av språkleg karakter og har liten realitet. Formålet med endringa er å bringe ordlyden i regelen mest mogleg i samsvar med korleis regelen vert praktisert, jf. at det sjølv om tap kan fastsetjast for alltid, vert praktisert slik at ein etter søknad likevel kan få føreretten attende dersom politiet finn at vedkomande er edrueleg og elles oppfyller også andre vilkår for å ha førerett. Departementet finn difor grunn til å erstatte formuleringa «for alltid» med «inntil videre». Det blir blir elles vist til omtale i kapittel 8.2.

Til § 37:

Ved tilføying av eit nytt andre ledd får regionvegkontoret, ved tenestemenn som regionvegsjefen gir slik fullmakt til, same mynde som politiet til å krevje fjerna, eller sjølv fjerne eller ta i forvaring køyrety som er til hinder for trafikken eller arbeid på veg. Utvidinga av regionvegkontoret sin kompetanse gjeld ikkje på Svalbard, sidan det i forskrift 10. november 1993 nr. 1018 om vegtrafikkloven med forskrifters gyldighet på Svalbard kap. I «til loven § 37» blir fastslått at dette leddet ikkje gjeld på Svalbard.

Ved tilføying av utrykket «eller regionvegkontoret» i det som etter lovendringa vert nytt femte ledd tredje punktum får tenestemenn i vegvesenet som regionvegsjefen gir slik fullmakt til, tilsvarande heimel som politiet til å avhende køyrety som blir vurdert som vrak, utan omsyn til reglane om frist og varsling av eigaren som er gitt i fyrste og anna punktum i same leddet.

Tilføyinga av «eller regionvegkontoret», i det som etter lovendringa vert nytt åttande ledd, inneber at regionvegkontoret får heimel til å krevje at utgiftene ved fjerning og forvaring av eit køyrety blir dekt av eigaren av køyretyet, før tilbakelevering finn stad.

Til forsida