Prop. 9 L (2010–2011)

Endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (endringar relatert til ruspåverka køyring m.m.)

Til innhaldsliste

8 Tiltak som ikkje medfører forslag til lovendringar

8.1 Krav om framlegging av lækjarattest ved søknad om gjenerverv

Etter førarkortforskrifta § 5-1 er det berre dei som skal ha førarkort på tyngre køyrety som må framleggje lækjarattest ved ein søknad om førarkort. For dei andre førarkortklassene, som klasse B (personbil) og klasse A (motorsykkel), vert det i utgangspunktet berre stilt krav om at søkaren leverer ei eigenerklæring om helsetilstanden sin. Dersom politiet eller regionvegkontoret meiner det er naudsynt har dei likevel heimel til å stille krav om lækjarattest, jf. førarkortforskrifta § 5-1 fyrste ledd. Lækjarattesten vil gi uttrykk for undersøkande lækjar si vurdering av om førarkortsøkjaren oppfyller førarkortforskrifta sine helsekrav – inkludert kravet etter førarkortforskrifta, vedlegg 1, § 2 nr. 5, som krev at det «ikke må være misbruk av alkohol eller andre rusmidler, og ikke bruk av beroligende eller bedøvende midler i doser som reduserer årvåkenhet eller kjøreevne».

Tilsvarande reglar gjeld ved søknad om å få førarkort på nytt (gjenerverv) etter å ha mista det som fylgje av straff for ruspåverka køyring eller som fylgje av administrativt tilbakekall på grunn av manglande edruelegheit, jf. vegtrafikklova § 34 femte ledd. Førarkortstyresmaktene har med andre ord rett til, men ikkje plikt til, å krevje framlegging av lækjarattest når personar som har mista førarkortet på bakgrunn av rusproblematikk, søkjar om å få det att.

Arbeidsgruppa har foreslått å endre førarkortforskrifta, vedlegg 1, § 5, slik at det i andre ledd blir teke inn ein regel som slår fast at dei som søkjar om førarkort på nytt, etter å ha tapt føreretten som fylgje av straff for ruspåverka køyring, eller fått føreretten kalla attende på grunn av manglande edruelegheit, skal måtte leggje fram lækjarattest. Forslaget frå arbeidsgruppa vert grunngitt slik:

«Studier indikerer at det foreligger betydelige holdepunkter for at en stor andel av motorvognførere som pågripes for ruspåvirket kjøring har alkohol- eller andre rusproblemer. En undersøkelse som bare gjaldt promillekjørere, viste at minst 60 % av de pågrepne førerne hadde forhøyete verdier av CDT, en biomarkør som indikerer regelmessig og omfattende bruk av alkohol. Et annet studium indikerer høyere dødelighet blant 20-39 åringer pågrepet for ruspåvirket kjøring av samme størrelsesorden som for personer med alvorlige rusproblemer og langt høyere enn for resterende del av befolkningen i denne aldersgruppen. For personer pågrepet for kjøring påvirket av annen rus enn alkohol var dødeligheten noe høyere enn for promillekjørere. Det vises også til at det i andre europeiske land kreves fremleggelse av helsemessig dokumentasjon på tilfredsstillende edruelighet før man tillater gjenerverv av førerett (se henvisning over til krav om blant annet hårprøve i Tyskland og Italia).
Selv om politiet eller vegvesenet etter gjeldende rett vil ha adgang til å kreve legeattest i slike tilfeller kan det stilles spørsmål ved om gjeldende adgang praktiseres tilstrekkelig bevisst. Etter arbeidsgruppens oppfatning trekker både det og funn fra ovennevnte studier i retning av at det foretas en rutinemessig vurdering av vedkommende i relasjon til vegtrafikklovens krav om at man for (gjen)erverv av førerett skal være edruelig og ikke misbruke rus- eller legemidler.
Arbeidsgruppen kan ikke se at det gjør seg gjeldende tilstrekkelig tungtveiende innvendinger mot rutinemessig legeattest i slike gjenervervesituasjoner. Det bemerkes at et slikt krav bare vil ramme de som har tapt føreretten på grunn av ruspåvirket kjøring.»

Ingen høyringsinstansar går i mot framlegget frå arbeidsgruppa. TL, Trygg Trafikk, NAF og FHI gir si uttrykkelege støtte til forslaget.

Samferdselsdepartementet sluttar seg til arbeidsgruppa si tilråding og vil førestå at naudsynte endringar i førarkortforskrifta, vedlegg 1, § 5 andre ledd vert gjort.

8.2 Edrueleg-kravet etter vegtrafikklova § 34 femte ledd

I fylgje arbeidsgruppa sitt mandat skulle arbeidsgruppa vurdere politiet sin bruk av heimelsgrunnlaget etter vegtrafikklova § 34 femte ledd, til å kalle attende føreretten på grunnlag av at førarkorthavaren «ikke er edruelig» (og omsynet til trafikktryggleiken eller ålmenne omsyn elles krev det). Mandatet gav uttrykk for at arbeidsgruppa skulle vurdere moglegheitene for innskjerping av handhevinga innanfor gjeldande reglar. Arbeidsgruppa har i tillegg vurdert om det ville vere tenleg å endre vegtrafikklova § 34 femte ledd, for å gjere lovregelen meir effektiv, til dømes ved å gjere lovendringar som ville gjere det lettare for politiet å godtgjere tilstrekkjeleg at førarkorthavaren «ikke er edruelig».

Arbeidsgruppa konkluderar med at edrueleg-omgrepet etter vegtrafikklova § 34 femte ledd har eit tenleg innhald. Det vert likevel understreka frå arbeidsgruppa si side at det synest å vere noko uklåre yttergrenser for når ein i lova sin forstand kan leggje til grunn at ein person «ikke er edruelig». Arbeidsgruppa meiner gjeldande vegtrafikklov § 34 femte ledd gir eit visst rom for å praktisere lovregelen strengare enn det som verkar å ha vore praksis. Det vart frå arbeidsgruppa si side peika på at vektige trafikktryggleiksomsyn tilseier ei streng praktisering av denne heimelsåtgangen, og at trafikktryggleiksomsyn såleis bør få enda sterkare gjennomslag enn tidlegare. Arbeidsgruppa peikar også på at politiet i ein del tilfelle synest å ha behov for eit breiare faktisk grunnlag for å ta stilling til om førarkorthavaren er edrueleg eller ikkje.

Samferdselsdepartementet er samde med arbeidsgruppa i at gjeldande lovregel i vegtrafikklova § 34 femte ledd synest å ha eit tenleg innhald. Det er difor ikkje behov for å endre vegtrafikklova § 34 femte ledd. Departementeter også samde med arbeidsgruppa i at politiet bør freiste å nytte det rettslege rom lovregelen måtte gi for eventuell innskjerping av praksis. Departementet vil likevel minne om at dette heimelsgrunnlaget må nyttast på ein balansert måte i tråd med formåla bak regelen.

I tida som har gått etter at arbeidsgruppa leverte sin rapport, meiner Departementet å sjå tendensar til auka medvit i kring, og større bruk av, heimelsgrunnlaget i vegtrafikklova § 34 femte ledd. Når det gjeld eventuelle bevismessig vanskar politiet måtte ha i saker der heimelsåtgangen etter vegtrafikklova § 34 femte ledd vert vurdert brukt, synerdepartementet til at lovforslaget om å presisere politiet sin åtgang til å påleggje lækjarundersøking ved skilleg grunn til å tru at førarkorthavaren misbrukar rusmiddel og den føreslegne innføringa av krav om obligatorisk levering av lækjarattest ved søknad om gjenerverv av førarkort etter tap som fylgje av rusrelaterte tilhøve, jf. kapittel 7. Desse regelendringane vil i mange tilfelle kunne gi politiet eit breiare faktisk grunnlag for å ta stilling til om førarkorthavaren er edrueleg.

8.3 Bruksforbod etter vegtrafikklova § 36 nr. 2 c)

Vegtrafikklova § 36 nr. 2, bokstav c), gir politiet heimel til å forby bruken av eit køyrety dersom eigaren eller nokon som stadig nyttar køyretyet med eigaren sitt samtykke, gjer seg skuldig i gjentekne brot på vegtrafikklovgivinga. For å kunne nytte dette heimelsgrunnlaget må vedkomande førar tidlegare ha vorte straffa for det same vegtrafikkbrotet som politiet på vedtakstidspunktet går ut i frå at han på nytt har gjort seg skuldig i. Til dømes vil det kunne nedleggast bruksforbod i tilfelle der politiet treff på ein rusa førar og denne tidlegare er straffa for ruspåverka køyring.

Dersom ikkje føraren sjølv er registrert som bileigar krev lova fleire gjentekne brot på vegtrafikklova utført med same køyrety, jf. lova sitt uttrykk «stadig bruker» – noko som i praksis inneber at vedkomande må ha vorte straffa to gongar tidlegare for same brot på vegtrafikklova før ein kan nedleggje bruksforbod. I fylgje lova kan vedtak om bruksforbod berre treffast når omsynet til trafikktryggleiken krev det. Det vilkåret vil normalt vere rekna for oppfylt når det ligg føre tidlegare ruspåverka køyring. Bruksforbod vil i praksis seie at køyretyet vert avskilta. I tillegg opnar vegtrafikklova § 36 nr. 6 for at politiet kan ta køyretyet i forvaring når dei finn det «nødvendig». Det vert nedlagt bruksforbod for ei «bestemt tid», inntil eitt år.

Arbeidsgruppa har gjort framlegg om å seinke terskelen for når denne lovregelen kan kome til bruk. Det vert foreslått at det ikkje lenger skal stillast krav om at føraren skal vere tidlegare straffa for tilsvarande lovbrot, men at det på nærare vilkår skal vere tilstrekkeleg om føraren på tidspunktet for det andre lovbrotet, er sikta eller tiltalt for det fyrste av dei to brota på «slik bestemmelse», jf. arbeidsgruppa sin rapport s. 70 flg.

Arbeidsgruppa ser at det kan rettast innvendingar mot å byggje på eit tilhøve som motorvogneigaren ikkje er straffa for, og det vert erkjent at nedlegging av bruksforbod er eit inngripande tiltak som etter omstenda kan gå ut over andre husstandsmedlemmar. Arbeidsgruppa har likevel valt å leggje avgjerande vekt på at vektige trafikktryggleiksomsyn tilseier at samfunnet treff ytterlegare tiltak for å avgrense moglegheitene for gjentekne tilfeller av ruspåverka køyring. Det vert peika på at bruksforbod fyrst vil verte nedlagt når det ligg føre to tilfelle av sannsynleg ruspåverka køyring og at det til saman kan gi grunn til å tru at det ligg føre ytterlegare gjentakingsfare. I forlenginga av det vert det peikt på at det ikkje er upraktisk at det for førarar som vert pågripne for ruspåverka køyring, på same tid også har andre uavgjorte tilhøve av ruspåverka køyring på seg. Særleg kan dette vere eit problem i høve til køyring påverka av andre stoff enn alkohol der blodprøve må sendast inn til analyse og eventuell vurdering av sakkunnige. Arbeidsgruppa meiner difor at det ligg føre sakleg behov for å endre lova, slik at sikting eller tiltale for tidlegare brot på slik regel er tilstrekkeleg for nedlegging av bruksforbod. Mellom anna peikar arbeidsgruppa på at bruksforbod er ein administrativ reaksjon og det på mange forvaltingsområde vert fatta inngripande og tyngande forvaltingsvedtak med grunnlag i eit faktum som ikkje er stadfesta gjennom ein straffereaksjon.

Det er berre Advokatforeningen som har sett fram merknadar til dette endringsforslaget frå arbeidsgruppa. Advokatforeningen peikar mellom anna på at bruksforbod er eit «alvorlig inngrep i den enkeltes livsutfoldelse […], kan ha økonomiske konsekvenser [og] vil i for stor grad ramme uskyldige. I forlenginga av dette vert det vist til at det ikkje er sjeldan at saker vert lagde bort utan ytterlegare påtalesteg.

Samferdselsdepartementet ynskjer ikkje å gå vidare med dette forslaget frå arbeidsgruppa. I denne problemstillinga kan ein seie at effektivitets- og trafikktryggleiksomsyn talar for ei slik regelendring, medan omsynet til at inngrep i individet sine rettar bør ha eit mest mogleg tillitsvekkjande faktisk grunnlag kan seiast å tale i mot. Det kan rettast innvendingar mot at det vert sett i verk eit så inngripande tiltak utan at ein enno har funne det strafferettsleg bevist at vedkomande har gjort seg skuldig i det fyrste brotsverket. At bruksforbod og avskilting i mange tilfelle også vil ramme «uskuldige» husstandsmedlemmar, typisk ektefelle og born, kan også hevdast å heve terskelen for når det kan forsvarast å treffe eit så vidt tyngande tiltak.

I valet mellom å endre lova i tråd med arbeidsgruppa sitt framlegg og vidareføring av gjeldande regel, kan ein seie at ulike omsyn til ei viss grad står i mot kvarandre. Tilhøve knytt til praktiseringa av gjeldande regel i vegtrafikklova § 36 nr. 2 c) gjer likevel at Samferdselsdepartementet ikkje finn det naudsynt å setje ovannemnde problemstilling på spissen. Etter detdepartementet har inntrykk av varierar det i kva grad politiet utnyttar det allereie eksisterande handlingsrommet vegtrafikklova § 36 nr. 2 c) gir til å reagere mot gjenteken ruspåverka køyring.

Departementet meiner difor at ein, før ein eventuelt vurderer lovendringsspørsmålet på ny, freistar å nyttiggjere seg eksisterande heimelsgrunnlag fullt ut. Departementet vil difor be Justis- og politidepartementet ta problemstillinga opp med politiet, med det formål å sikre ei mest mogleg tenleg, effektiv og balansert utnytting av heimelsgrunnlaget i vegtrafikklova § 36 nr. 2 c).

Til forsida