Prop. 9 L (2010–2011)

Endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (endringar relatert til ruspåverka køyring m.m.)

Til innhaldsliste

5 Forbetra kontrollmoglegheiter for politiet til å avdekke køyring påverka av andre stoff enn alkohol

5.1 Gjeldande rett

Gjennom vegtrafikklova § 22 a vert det gitt særlege reglar om politiet sin åtgang til å kontrollere om motorvognføraren er påverka av alkohol eller anna rusande eller bedøvande middel.

For å ta alkotest (førebels blåseprøve) er det tilstrekkeleg at vedkomande har blitt stansa i trafikkontroll. Det vert ikkje stilt krav om at det må ligg føre noko form for mistanke. Blodprøve og klinisk lækjarundersøking, med siktemål om å avdekke mogleg påverknad av andre rusmiddel enn alkohol, kan derimot berre gjennomførast når det ligg føre tilhøve som gir politiet «grunn til å tro» at føraren har brote reglane i vegtrafikklova § 22. Tilhøve som gir politiet grunn til å tru at føreren er påverka kan typisk vere at vedkomande «bles raudt» ved alkotest, har mistenksam åtferd, eller syner teikn og symptom på å vere påverka.

Ved framstilling for klinisk lækjarundersøking og blodprøve får mistenkte status som sikta.

Før mistenkte vert framstilt for blodprøve og klinisk lækjarundersøking, vil politiet i mange høve gjennomføre ein test av teikn og symptom på bruk av narkotika og andre rusmiddel, ofte nemnd som test av «teikn og symptom». Testmetoden er utvikla av amerikansk politi og baserer seg på farmakologisk kunnskap – kombinert med tenestemannen sine erfaringar om korleis rus kan avlesast, mellom anna på puls, balanse, augerørsler og pupillstorleik. Mistenkte må gå ut av køyretyet å gjennomføre nokre relativt enkle øvingar etter polititenestemannen sine instruksjonar. Formålet med gjennomføring av desse testøvingane vil i denne samanhengen typisk vere å avdekke om det ligg føre straffbare tilhøve, til dømes ulovleg bruk av narkotika eller køyring i ruspåverka tilstand. Testmetoden «teikn og symptom» kan likevel også vere veleigna i heilt andre situasjonar, til dømes når politiet treng haldepunkt for å vurdere om ein person kan reknast som skikka til å ta vare på seg sjølv eller tåle opphald i arrest.

Observasjonar som verken krev at mistenkte medverkar aktivt eller må tåle noko, kan politiet gjennomføre med grunnlag i den alminnelege handlefridom.

Når formålet er å undersøke om det ligg føre eit straffbart tilhøve, og vidare undersøkingar krev medverknad eller medfører at mistenkte må tåle noko, kan vidare undersøkingar berre gjennomførast når det på førehand ligg føre skilleg grunn til mistanke om handling som kan medføre fridomsstraff, og andre vilkår for slike undersøkingar ligg føre, jf. straffeprosessloven §§ 157 og 195. For å gjere undersøkingar for å avdekke om det ligg føre brot på vegtrafikklova § 22, må dermed vilkåra i straffeprosesslova §§ 157 og 195 vere oppfylt.

Når det vert gjennomført test av teikn eller symptom etter straffeprosesslova §§ 157 og 195, eller ein førar vert framstilt for lækjarundersøking og blodprøve i medhald av vegtrafikklova § 22 a andre ledd, får vedkomande status som sikta etter straffeprosesslova § 82 fyrste ledd.

5.2 Framand rett

5.2.1 Sverige

Lag 1999:216 § 2 flg. gir politiet og tollvesenet heimel til å gjennomføre augeundersøking med formål å avdekke om føraren er ruspåverka, dersom det kan mistenkast at føraren har gjort seg skuldig i ruspåverka køyring etter trafikbrottslagen § 4, jf. omtale under kapittel 4.2. Undersøkinga er avgrensa til ytre observasjonar av augo, likevel slik at det er høve til å nytte ein penn (for å kontrollere eventuelle rykkingar i augo), eit såkalla pupillometer (for å måle pupillstorleiken) og ei mindre lyskjelde til undersøkinga. Personar som ikkje let seg augeundersøke kan framstillast for blodprøve.

I tillegg til å kunne gjennomføre augeundersøking av personar som kan mistenkast for ruspåverka køyring, kan politiet, med heimel i den svenske straffeprosesslova (rättergångsbalken kapittel 28, § 12), ta blodprøve av person som kan mistenkast for eit brotsverk som kan gi fengselsstraff, til dømes ruspåverka køyring.

5.2.2 Danmark

Den danske færdselsloven gir politiet heimel til å kunne forlange at motorvognførarar gir frå seg spytt eller sveitte, eller let politiet få undersøke augo, for å kontrollere om vedkomande er påverka av andre rusmiddel enn alkohol. Politiet har høve til å utføre slik testing utan at det vert stilt krav om mistanke mot vedkomande. Testinga kan difor skje vilkårleg, typisk i samband med trafikkontrollar. Desse testane er berre av førebels karakter og vert ikkje nytta som bevis i straffesak. Positivt resultat i desse hurtigtestane vil typisk leie til at vedkomande vert framstilt for blodprøve.

5.2.3 Andre europeiske land

Mellom anna gir finsk, belgisk, tysk, spansk og portugisisk lovgiving heimel for politiet til å nytte hurtigtesting ved trafikkontroll utan krav til mistanke mot føraren. I desse landa inneber testen berre ein indikasjon på om føraren er påverka eller ikkje, testen vil ikkje i seg sjølv utgjere bevisgrunnlag for straffeforfylging.

5.3 Arbeidsgruppa sitt framlegg til lovendringar

5.3.1 Heimel til å nytte hurtigtesting ved trafikkontroll

Arbeidsgruppa har foreslått å gi politiet heimel til å kunne gjennomføre førebels testing av om motorvognførar er påverka av anna rusande eller bedøvande middel enn alkohol. Det vert foreslått at slik test skal kunne gjennomførast i samband med trafikkontroll, utan at det vert stilt krav om mistanke mot føraren for ruspåverka køyring eller anna brot på vegtrafikklovgivinga.

Konkret inneber forslaget at politiet vil få rett til å nytte eit apparat for hurtigtesting som, på kontrollstaden, vil analysere spytt frå motorvognføraren – og på den måten indikere om vedkomande er påverka av andre rusande eller bedøvande middel enn alkohol. Apparata som vert nytta til slik hurtigtesting vert i ein del samanhengar referert til som «narkometer».

Politiet vil dermed få tilsvarande heimelsgrunnlag for å ta førebels test av om føraren er påverka av andre stoff, som politiet har for å kontrollere om førarar er påverka av alkohol. Nett som for dei førebelse alkotestane, vil slike hurtigtestar, berre kunne gi ein indikasjon på om vedkomande er påverka eller ikkje. Hurtigtestane vil ikkje i seg sjølv kunne tene som bevismessig grunnlag for å straffe føraren for ruspåverka køyring. Hurtigtestar for å avdekkje køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol vil dermed få tilsvarande rettslege status og faktiske rolle som alkometertestane («foreløpig blåseprøve») har etter gjeldande vegtrafikklov § 22 a fyrste ledd.

5.3.2 Grunnlag for slik hurtigtesting

Som ein del av bakgrunnen for å ta i bruk hurtig testing som nemnt over i pkt. 5.3.1 syner arbeidsgruppa til empiri som syner at omfanget og konsekvensane av ruspåverka køyring er store, samt at forsking indikerar at auke i kontrollar for å avdekke ruspåverka køyring kan gi trafikktryggleiksgevinst:

«Økt oppdagelsesrisiko må antas å kunne virke preventivt og dermed redusere omfanget av ruspåvirket kjøring. Dette kan gi en viss trafikksikkerhetsmessig gevinst. Det vises i denne forbindelse til en svensk undersøkelse gjengitt i Trafiksäckerhetsutvecklingen i Sverige fram till år 2001, VTI rapport 486, Statens väg- og transportforskningsinstitut, Lindköping 2002. Undersøkelsen påviser en sammenheng mellom økning av tilfeldig alkotesting og reduksjon av dødsfall i trafikken. Undersøkelsen antyder at en økning med 100 000 tilfeldige utåndingsprøver per år kan gi en reduksjon med 3-4 trafikkdrepte per år.
Omfanget og konsekvensene av ruspåvirket kjøring taler isolert sett for at man iverksetter tiltak som kan bidra til økt oppdagelsesrisiko. Det foreligger etter arbeidsgruppens syn ingen prinsipielle innvendinger som taler mot at politiet skal ha tilsvarende hjemmelsgrunnlag for å gjennomføre rutinemessige tester også med henblikk på andre rusmidler enn alkohol.»

Vidare drøftar arbeidsgruppa eventuelle prinsipielle innvendingar mot bruk av slike hurtigtestar og trekkjer opp føresetnadar som gruppa meiner aktuelle testar må tilfredsstille:

«Det foreligger etter arbeidsgruppens syn ingen prinsipielle innvendinger som taler mot at politiet skal ha tilsvarende hjemmelsgrunnlag for å gjennomføre rutinemessige tester også med henblikk på andre rusmidler enn alkohol. Eventuelle innsigelser mot en ordning med «foreløpig narkotest» knytter seg i første rekke til testmetodene og dernest til mulige tekniske svakheter ved testinstrumentene. Spørsmålet i forhold til testmetodene er om disse fremstår som for inngripende for de motorvognførerne som kontrolleres. I forhold til testinstrumentene er spørsmålet om tilgjengelig tester er av tilstrekkelig god kvalitet, både i forhold til å kunne avdekke inntak av ulike stofftyper (faren for falske negative testresultater) og i forhold til å unngå å kaste falsk mistanke (faren for falske positive testresultater).[…]
Arbeidsgruppen forutsetter at det testutstyr som eventuelt tas i bruk må fungere tilfredsstillende og ikke medføre uforholdsmessig stor fare for falske positive resultater. […] Det bør også vurderes om det ved forskrift skal stilles nærmere krav til det aktuelle hurtigtestapparatet, jf. vegtrafikkloven § 22 a fjerde ledd.»

5.3.3 Om hurtigtestmetodane

Arbeidsgruppa omtalar ulike testmetodar og konkluderar med at testar basert på at førarane avgir spytt er meir fordelaktige enn testmetodar basert på at føraren skal avgi svette, verte lyst i augene med ei spesiell lykt eller utføre ein spesiell dugleikstest på datamaskin:

«Arbeidsgruppen har funnet at hurtigtest basert på avgivelse av spyttprøve vil være den best egnede testmetoden. Hurtigtesting basert på spyttprøve virker å både være den testformen som er til minst sjenanse for førerne og som også har best evne til å avdekke inntak av andre rusmiddel enn alkohol.
Etter dansk rett har politiet adgang til (ved trafikkontroll uten forutgående mistanke) å besiktige førerens øyne. Ved hjelp av en lommelykt lyser polititjenestemannen på førerens pupiller. Arbeidsgruppen stiller seg skeptisk til at politiet uten forutgående mistanke kan foreta slik testing. Til tross for at det ikke skjer et fysisk inngrep (føreren kan bli sittende ved rattet), fremstår slik lystesting etter arbeidsgruppens oppfatning som mer inngripende og ubehagelig ovenfor sjåføren enn avgivelse av svette- eller spyttprøve. Arbeidsgruppen legger videre vekt på at lystesten, til forskjell fra så vel spytt- som svetteprøve, forutsetter individuell vurdering og skjønnsutøvelse fra politiets side. Etter arbeidsgruppens oppfatning vil det trolig oppleves mer rettferdig for føreren, samt være mer kurant for tjenestemannen, at hurtigtesten analyseres av et apparat. Dersom politimannen selv skal foreta en skjønnsmessig vurdering åpnes i større grad for at det stilles spørsmål ved testresultatet.
Bruk av små håndholdte datamaskiner med ferdighetstester stiller arbeidsgruppen seg også noe skeptisk til. En slik testform vil legge et visst «press» på førerne til å prestere. For enkelte vil dette kunne være til sjenanse og ubehag. I tillegg kan det stilles spørsmål om slike ferdighetstester vil favorisere de førerne som «klarer å skjerpe seg» når de utfører testen, typisk som følge av toleranseutvikling. Testformen vil også kunne ha svakheter i forhold til å oppdage lavpåvirkningstilfellene. Det skal bemerkes at teknologien for denne type instrumenter må forventes å utvikle seg videre.
Testing ved hjelp av metoden tegn og symptomer er relativt tidkrevende og vil blant annet kreve at føreren går ut av kjøretøyet. I tillegg vil denne metoden bare kunne oppdage de som er så påvirket at det gir seg utslag i tegn og symptomer. Metoden vil dermed ikke være effektiv i forhold til å avdekke tilfeller av lavpåvirkning. Følgelig vil metoden være mindre egnet til bruk som hurtigtest ved trafikkontroll.
Forutsatt at det dreier seg om svette i ansiktet eller på hendene vil ikke tester basert på avgivelse av svetteprøve fremstå som særlig inngripende. Arbeidsgruppen mener likevel at spyttprøve fremstår som mer kurant og mindre ubehagelig for motorvognførerne. Det avgjørende er likevel at spytt-tester virker å ha best evne til å avdekke stoffpåvirkning. Etter dette mener arbeidsgruppen at avgivelse av spyttprøve per i dag er den best egnede testmetoden, og at den ikke kan sies å være mer inngripende eller tidkrevende overfor trafikantene enn foreløpig blåseprøve/alkotest.»

Vidare gjer arbeidsgruppa ei vurdering av om tilgjengelege hurtigtestar er av tilstrekkeleg kvalitet:

«En sentral egenskap ved en slik hurtigtest må være at den ikke i stor grad indikerer ruspåvirkning i tilfellene der sjåføren ikke har inntatt narkotika. Selv om en slik hurtigtest til bruk i vegkanten kun har en foreløpig funksjon, vil det for sjåføren oppleves ubehagelig å bli konfrontert med et uriktig positivt testutslag. Dersom tilgjengelige tester i for stor grad medfører at det rettes falsk mistanke mot førere, kan dette etter omstendighetene begrunne at man ikke bør tillate at slike brukes uten krav om forutgående mistanke.
Etter det man per i dag vet om tilgjengelig testapparatur anser man ikke faren for falske positive testresultater som et stort problem. Problemstillingen er imidlertid ennå ikke fullt utredet.
Arbeidsgruppen forutsetter at det testutstyr som eventuelt tas i bruk må fungere tilfredsstillende og ikke medføre uforholdsmessig stor fare for falske positive resultater. Denne forutsetningen bør fremgå tydelig i en eventuell lovproposisjon om innføring av hjemmelsgrunnlag for «narkometertesting» ved trafikkontroll. Det bør også vurderes om det ved forskrift skal stilles nærmere krav til det aktuelle hurtigtestapparatet, jf. vegtrafikkloven § 22 a fjerde ledd.
Spørsmålet blir om tilgjengelige testapparater m.m. er av en slik kvalitet at de i tilstrekkelig grad vil avdekke påvirkning av aktuelle stofftyper.
Tilgjenglige spyttester er gjennomgående godt egnet til å avdekke bruk av sentrale stofftyper som amfetamin, kokain og heroin.
Som et ledd i utviklingen av slike tester har Norge deltatt i USA/EU-prosjektet ROSITA II (Road Side Testing Assessment), avsluttet i 2006. ROSITA II-prosjektet avdekket at ingen av de tilgjengelige testene var av en slik kvalitet at de hadde evne til å avdekke påvirkning i forhold til alle aktuelle stoff. Hovedinnvendingen var at testene gav falske negative testresultat for THC og benzodiazepiner.
EU gjennomfører nå DRUID-prosjektet. Ett av formålene med prosjektet er å evaluere nøyaktigheten til spyttester på markedet. Etter arbeidsgruppens oppfatning bør funnene fra DRUID-prosjektet vies betydelig oppmerksomhet når disse foreligger.
Tilgjengelige måleinstrumenter har fortsatt svakheter knyttet til oppdagelsen av eksempelvis THC og benzodiasepiner. Det er likevel en viss utvikling å spore blant de nyeste instrumenter. Evnen til å oppdage THC synes forbedret. Det antas at den videre utvikling av instrumentene på sikt vil redusere falske negative testresultater.
Hovedinnvendingen knytter seg etter dette til tilgjengelige hurtigtesters manglende evne til å avdekke en del viktige stofftyper. Spørsmålet er om denne innvendingen er av en slik tyngde at hurtigtest basert på spyttprøve må anses uegnet til bruk ved rutinekontroller i vegkanten.
Arbeidsgruppen vil peke på at tilgjengelige testapparaters manglende evne til å oppdage en del stoffer, ikke går ut over den enkeltes rettssikkerhet. Ingen uskyldige vil bli straffet. Problemet ligger i at testene ikke vil ha like god oppdagelse i forhold til alle stofftyper. Dette siste er i seg selv uheldig. Først og fremst fordi testene da ikke vil gi så høy grad av oppdagelse som ønskelig og at oppdagelsesrisikoen i utgangspunktet da vil være større i forhold til enkelte stoff enn den er for andre. Arbeidsgruppen betviler at misbrukeres bruksmønster vil påvirkes av at et måleinstrument som «narkometer» lettere oppdager visse stoff ved at de innretter sitt valg av type narkotika forut for kjøring. Dette på tross av at slik innretting i prinsippet kan skje.
Arbeidsgruppen mener likevel at fordelene ved å innføre en slik kontrolladgang er større enn ulempene knyttet til manglende oppdagelse i relasjon til noen stoff. Selv om tilgjengelige hurtigtester ikke oppdager THC og benzodiazepiner i så stor grad som ønskelig, vil likevel en hjemmel til å gjennomføre rutinemessig hurtigtesting øke mulighetene for å oppdage påvirkede sjåfører også på annet vis enn gjennom narkometertesten. Ved at førerne må kjøre av og avgi spyttprøve, gis politiet verdifull tid og anledning til å observere førerne og deres fremferd.
Arbeidsgruppen viser til vurderinger som ble gjort i Danmark ved innføring av hjemmelsgrunnlag for rutinemessig hurtigtesting ved trafikkontroller.
Arbeidsgruppens konklusjon blir dermed at hurtigtesting er et godt egnet kontrolltiltak for å avdekke kjøring under påvirkning av flere rusmidler. At en del stoff pr i dag vanskelig lar seg avdekke, er av flere grunner ikke en avgjørende innvending mot innføring av hurtigtest.
Arbeidsgruppen finner dermed å tilrå at det innføres hjemmel for bruk av hurtigtest i vegtrafikklovens § 22 a (hjemmel for å teste uten krav om forutgående mistanke). Rettsteknisk gjennomføres dette enklest ved at det i vegtrafikkloven § 22 a første ledd tilføyes at politiet også kan gjennomføre foreløpig test av om vedkommende fører er påvirket av annet berusende eller bedøvende middel. Konsekvensen av manglende medvirkning til «narkotest» bør være den samme som konsekvensen av manglende medvirkning til alkotest. Arbeidsgruppen antar at hurtigtest ved bruk av spyttprøve er mest hensiktsmessig.»

5.3.4 Heimelsgrunnlaget for bruk av metoden «teikn og symptom»

Arbeidsgruppa gir uttrykk for fylgjande vurderingar og tilråding:

«Når formålet med undersøkelsen er å avdekke et mulig straffbart forhold, vil man etter gjeldende rett måtte søke hjemmelsgrunnlag i straffeprosesslovens regler for å anvende metoden – nærmere bestemt straffeprosesslovens bestemmelser om kroppslig undersøkelse og personransaking. Dette innebærer at metoden kan benyttes i tilfeller hvor det foreligger skjellig grunn til mistanke om overtredelse av vegtrafikklovens bestemmelser.
Arbeidsgruppen har drøftet om det vil være hensiktsmessig å presisere politiets hjemmelsgrunnlag for å benytte metoden i relasjon til mistanke om ruspåvirket kjøring. For eksempel ved at bruk av metoden hjemles direkte i vegtrafikkloven.
I denne sammenheng peker arbeidsgruppen på at vegtrafikklovens § 22 a gir grunnlag for å ta blodprøve og for å fremstille mistenkte for klinisk legeundersøkelse. Hjemmelsgrunnlag følger av vegtrafikkloven og straffeprosesslovens §§ 157 og 195. Det må antas at lovgiver har ønsket at vegtrafikklovens § 22 a skal være mest mulig uttømmende i forhold til de etterforskningsbeføyelser politiet har ved mistanke om ruspåvirket kjøring. Etter arbeidsgruppens oppfatning tilsier dette at også bruken av metoden «tegn og symptomer» bør hjemles i vegtrafikkloven.
Den oversikt arbeidsgruppen har over metoden og bruken av denne viser at metoden benyttes i stort omfang og at den er effektiv i forhold til å avdekke påvirkning. Med påvirkning siktes her til de grader av påvirkning som gir seg utslag i aktuelle tegn og symptomer. Normalt vil dette forekomme når vedkommende har en grad av påvirkning svarende til 0,5 promille eller mer. Metoden vil dermed være mindre effektiv i forhold til å oppdage lavpåvirkningstilfeller (med påvirkningsgrad mindre enn svarende til 0,5 promille). Tegn og symptomer bør derfor i mange situasjoner benyttes i kombinasjon med hurtigtest. Det minnes om at når vilkårene for å bruke tegn og symptomer er oppfylt, vil det samtidig være grunnlag for å fremstille vedkommende for blodprøve og klinisk legeundersøkelse.
Selv om bruken av metoden etter straffeprosessloven krever skjellig grunn til mistanke, mener arbeidsgruppen at det ved hjemling i vegtrafikkloven vil være tilstrekkelig og mest hensiktsmessig at politiet har «grunn til å tro» at vedkommende har overtrådt forbudet mot ruspåvirket kjøring. Selv om dette er et noe svakere krav enn skjellig grunn til mistanke, vil det likevel være tilsvarende krav som stilles for å fremstille noen for utåndingsprøve, blodprøve og klinisk legeundersøkelse. For det første kan det hevdes at gjennomføring av «tegn og symptomer» i veikanten, etter omstendighetene vil være et mindre inngripende tiltak enn for eksempel å fremstille noen for klinisk legeundersøkelse. For det annet vil det selvsagt knytte seg rettstekniske fordeler til at samme vilkår og formulering benyttes.
Arbeidsgruppen foreslår at hjemmelsadgangen til å bruke metoden for testing av tegn og symptomer, eller liknende metode, lovfestes i vegtrafikkloven § 22 a. Vilkåret for å benytte slik metode bør være at politiet har grunn til å tro at vedkommende har overtrådt forbudet mot ruspåvirket kjøring.»

5.3.5 Spyttprøve som supplement til blodprøve og lækjarundersøking

Arbeidsgruppa gjer også framlegg om å endre vegtrafikklova § 22 andre ledd slik at politiet vert gitt heimel til å avkrevje spyttprøve av den sikta i samband med at han vert framstilt for blodprøvetaking og klinisk lækjarundersøking. Det skal presiserast at arbeidsgruppa då siktar til den blodprøvetakinga og lækjarundersøkinga politiet kan framstille ein førar for når dei har «grunn til å tro» at vedkomande har gjort seg skuldig til ruspåverka køyring.

Analyse av føraren sitt blod kan nyttast som ein del av det bevismessige grunnlaget for straffesaka. Sjølv om det er foreslått at vilkår for å innhente spyttprøve på dette stadium av etterforskinga skal vere tilsvarande som for blodprøve («grunn til å tro»), understrekar arbeidsgruppa at slik spyttprøve ikkje er tiltenkt å ha sjølvstendig bevisverdi. Spyttprøve vil likevel kunne vere til monaleg hjelp ved «screening» av prøva, særleg i høve til oppdaging av stoff som skil seg raskt ut av blodet, til dømes heroin. Arbeidsgruppa peikar på at innhenting av spyttprøve «på dette stadiet av saken vil dermed utelukkende være et verktøy for lettere å kunne avdekke ruspåvirkning gjennom blodprøve».

Forslaget om å innføre heimel til å innhente spyttprøve av den sikta føraren, saman med blodprøve, vert grunngitt med at spyttprøva vil kunne gjere det lettare å skaffe seg oversyn over kva for stoff ein ved analysen skal freiste å påvise.

I sin rapport gjer arbeidsgruppa ei samanlikning med bruk av urinprøver, og peikar på fordelane ein oppnår ved å bruke spyttprøve for å kartlegge («screene») kva for stoff den sikta føraren kan ha teke:

«Ved mistanke om kjøring i påvirket tilstand fremstilles mistenkte for klinisk legeundersøkelse og blodprøve, jf. vegtrafikkloven § 22a annet ledd. Dersom politiet ønsker å avkreve urinprøve av mistenkte må det etter gjeldende rett finnes adgang til dette etter straffeprosessloven. Siden formålet med urinprøven vil være å avdekke om det foreligger et straffbart forhold, vil samtykke neppe utgjøre tilstrekkelig grunnlag for å innhente urinprøve fra mistenkte, jf. uttalelse fra Riksadvokaten.
For å vurdere om en person er påvirket i henhold til vegtrafikkloven av andre rusmidler enn alkohol er det nødvendig med blodprøve. Påvisning av stoffer i urin kan ikke benyttes til vurdering av påvirkning alene. Urinfunn kan imidlertid gi informasjon om hvilke stoffer som er inntatt, og dette kan ha betydning for påvirkningsvurderingen. Enkelte stoffer skilles svært raskt ut av blodet, for eksempel heroin som kun kan påvises få timer i blod. I urin kan heroininntak påvises noe lenger.
I tillegg til at man kan benytte urin til vurdering av hvilke stoffer som er inntatt, kan man i saker hvor det er lite blod, bruke urinprøven til screeninganalyse slik at det tilgjengelige blodvolumet kun benyttes til å bekrefte at aktuelle stoffer finnes i blodet. På denne måten øker sjansen for å påvise stoffer som kan ha hatt betydning for påvirkningen.
Et alternativ til bruk av urinprøver, er spyttprøver. Empiri viser at for eksempel heroin kan påvises betydelig lenger i spytt enn i urin, noe som gir en fordel med hensyn til fortolkningen av analysesvarene. Bruk av spyttprøver i forbindelse med klinisk legeundersøkelse og blodprøvetaking vil kunne medføre at man i flere tilfeller kan avdekke at det har funnet sted heroininntak. Spyttprøvene må på samme måte som urin sendes til Divisjon for rettstoksikologi og rusmiddelforskning ved Nasjonalt folkehelseinstitutt for screening og eventuelt bekreftelsesanalyser. Svartiden vil således bli som i dag. Som for urin, kan spytt benyttes til screening i saker hvor det er lite blod.
I tillegg til fordelen når det gjelder påvisningstid i spytt etter heroininntak har spyttprøver en stor fordel når det gjelder selve prøvetakingen. Avgivelse av spyttprøve må kunne karakteriseres som en relativt enkel og lite tyngende prøveform.
Sammenlignet med urinprøve under tilsyn vil det være en mye enklere og mer kurant form for prøve. I en del saker går det dessuten med mye tid for å vente på at prøvegiver kan avgi urinprøve, og dette slipper man ved bruk av spyttprøver.
Arbeidsgruppen foreslår at det i vegtrafikkloven § 22 annet ledd inntas et hjemmelsgrunnlag for politiet til, i forbindelse med blodprøve eller klinisk legeundersøkelse, å avkreve spyttprøve når det er grunn til å tro at vedkommende har overtråd vegtrafikkloven § 22 første ledd. Arbeidsgruppen har ved denne anledning sett hen til at det foreligger et saklig behov for å benytte spyttprøver som hjelpemiddel for å avdekke påvirkning av andre rusmiddel enn alkohol, særlig i forhold til å avdekke her[oin]påvirkning i strid med vegtrafikkloven. Videre er prøveformen lite inngripende og tyngende.
I vegtrafikkloven § 22 a tredje ledd bør det presiseres at slik spyttprøve skal tas av lege, sykepleier eller bioingeniør, jf. gjeldende § 22 a tredje ledd annet punktum.»

5.4 Høyringsinstansane sitt syn og departementet sine generelle vurderingar

Ingen av høyringsinstansane går i mot arbeidsgruppa sine forslag til endringar i vegtrafikklova § 22 a. Med få unntak er det berre forslaget om innføring av lovheimel til å nytte hurtigtesting ved trafikkontroll som har resultert i merknadar frå høyringsinstansane. Innspela frå høyringsinstansane vil verte handsama under.

Samferdselsdepartementetsluttar seg i hovudsak til arbeidsgruppa sine vurderingar og tilrådingar om endringar i vegtrafikklova § 22 a. Departementet finn likevel grunn til å knytte nokre presiserande merknadar til arbeidsgruppa sitt lovforslag, samt foreslå nokre mindre ordlydsendringar, samanlikna med forslaget frå arbeidsgruppa.

5.4.1 Heimel til å nytte hurtigtesting ved trafikkontroll for å avdekke påverknad av andre stoff enn alkohol

Fylgjande høyringsinstansar har kommentert dette framlegget særskilt i sine høyringsfråsegner:

Riksadvokaten, TL, Norsk Motorcykkel Union (NMCU), Trygg Trafikk, MA, Politiets Fellesforbund og Statens Havarikommisjon (SHT) støttar forslaget.

Advokatforeningen «har ingen spesielle kommentarer til de foreslåtte endringene i reglene om rutinemessige rustester også uten direkte mistanke om påvirkning slik man pr. i dag har for tilfelle med hensyn til alkotest»

NLF tykkjer at «et regelverk som gjør det enklere å kontrollere og luke ut ruspåvirkede kjørere er positivt».

NAF seier seg «ikke minst ut fra et trafikksikkerhetssynspunkt […], enig i at det gis tilsvarende hjemmel når det gjelder avdekking av kjøring under påvirkning av andre rusmidler enn alkohol.»

FHI er «positive til at det gis hjemmel til kontroll av motorvognførere uten krav til mistanke om påvirkning, tilsvarende som ved mistanke om alkoholbruk». FHI viser samstundes til, nett som arbeidsgruppa sjølve gjer, at tilgjengelege hurtigtestar ikkje har like god oppdaging i høve til alle stoff.

Politidirektoratet «støtter» forslaget, men peikar på at bruk av hurtigtestar (spyttestar) ved trafikkontrollar kan by på utfordringar, då det med tilgjengelege testar kan ta lengre tid å gjennomføre kvar einskild test enn ynskjeleg.

Legemiddelverket har ikkje innvendingar til innføring av eit slikt heimelsgrunnlag, men peikar på at hurtigtestar også vil kunne gi utslag overfor personar som tek føreskrivne lækjarmiddel.

NTNU er samde med arbeidsgruppa i forslaget, men meiner likevel at rapporten i enda sterkare grad skulle framheva at spyttprøver er «beheftet med betydelig feilmargin». NTNU meiner vidare at arbeidsgrupperapporten også burde ha presisert tydlegare at politiet vil kunne ha moglegheit til å foreta vidare etterforsking sjølv om hurtigtesten er negativ. Også DRK etterlyser ei klar presisering av at negativ hurtigtest ikkje er til hinder for vidare kontrolltiltak. DRK støttar elles innføring av eit slikt heimelsgrunnlag, men syner til nokre kvalitetsføresetnadar som dei meiner bør oppfyllast. Kvalitetsføresetnadane som DRK syner til felle i stor grad saman med dei føresetnadane for bruk av hurtigtestar som også arbeidsgruppa legg til grunn.

Samferdselsdepartementet sluttar seg til arbeidsgruppa sin føresetnad om at hurtigtestapparat som vert tekne i bruk ikkje må medføre uforholdsmessig stor fare for falske positive resultat, og at dei i størst mogleg grad må ha evne til å avdekke påverknad forårsaka av flest mogleg relevante rusande eller døyvande middel

Departementethar merka seg at arbeidsgruppa uttalar at «[e]tter det man per i dag vet om tilgjengelig testapparatur anser man ikke faren for falske positive resultater som et stort problem». Likeeins har departementet merka seg at arbeidsgruppa også peikar på at denne problemstillinga enno ikkje er heilt greidd ut. Dersom bruk av hurtigtestar hadde den konsekvens at det i monaleg grad vart retta falsk mistanke mot førarar som ikkje hadde rusgivande stoff i kroppen (falske positive testar), kunne dette etter omstenda grunngi at ein var tilbakehaldne med å opne for hurtigtesting utan krav til mistanke mot føraren.

Arbeidsgruppa syner i sin rapport til arbeidet som vert gjort i det EU-finansierte prosjektet, DRUID, jf. omtale under kapittel 5.3.3. Eit av delprosjekta i DRUID har prøvd ut og vurdert fleire tilgjengelege apparat for slik spyttesting. Diverre ligg det enno ikkje føre sluttrapport frå dette delprosjektet. Førebelse vurderingar gjort i DRUID-delprosjektet verkar likevel å stadfeste at faren for falske positive testar ikkje kan reknast som eit stort problem. Faren for falske positive testar verkar ikkje vere særleg større for slike hurtigtestar enn den er for alkometertestar. Det skal for ordens skuld gjerast merksam på at ein ved politiet sin bruk av alkometer (førebelse blåseprøver) - som tenar same funksjon for å kontrollere og eventuelt indikere promillekøyring - opplever at ein marginal del av testane er falske positive.

Dersom ein falsk positiv test medverkar til at ein ikkje-påverka førar vert framstilt for vidare prøvetaking, blodprøve eller utandingsprøve, er det sjølvsagt i seg sjølv uheldig. For den som vert framstilt på uriktig grunnlag vil det kjennest stigmatiserande og urettvist. Per i dag verkar likevel omfanget av dette problemet alt i alt å vere lite. Som synt til over, ligg det heller ikkje føre haldepunkt som tilseier at dette problemet i særleg grad vil bli større ved bruk av hurtigtestar for å kontrollere mogleg påverknad av andre stoff enn alkohol. Alkometertest og hurtigtest for å kunne avdekke køyring påverka av annan rus enn alkohol har berre ein førebels funksjon. Testane tenar berre som ein indikator for mogleg påverknad. Det er uansett etterfylgjande blodprøve eller utandingsprøve som vert lagt til grunn ved bevisvurderinga. Uriktige førebelse testar medfører ikkje fare for at nokon vert straffa på uriktig grunnlag.

Den objektive og subjektive risikoen for å verte oppdaga når ein utfører ei straffbar handling har innverknad på kor mange brot på vegtrafikklova som vert gjort. Som synt til av arbeidsgruppa indikerar ei svensk undersøking at auke i omfanget av tilfeldig alkotesting hadde positiv trafikktryggleikseffekt. Det er grunn til å tru at innføring av heimel for politiet til å kunne gjennomføre tilfeldig hurtigtesting (utan krav til mistanke) også vil gi positiv trafikktryggleiksgevinst.

Som nemnt over knyt det seg større problematikk til tilgjengelege testapparat si evne til oppdaging av nokre viktige stoff. Førebelse resultat frå det europeiske forskingsprosjektet DRUID tyder på at tilgjengelege apparat syner ei viss betring i oppdaginga av THC, verkestoffet i cannabis. Dei seinare års norske vegkantundersøkingar indikerar at sovemedisinane zopiklone, zolpidem, og benzodiazepinar (ei gruppe avslappande stoff) vert nytta av mange motorvognførarar. Diverre har ikkje tilgjengelege hurtigtestar si evne til å oppdage desse sovemedisinane vorte særskilt vurdert av det aktuelle DRUID-delprosjektet. Aktuelle testapparat si evne til å oppdage også desse nemnde stoffa vil bli teke høgde for i samband med justisstyresmaktene sine innkjøp og kvalitetsvurderinger av hurtigtestar.

Vidare skal gjerast merksam på at bruk av dei hurtigtestapparata som per i dag er tilgjengelege på marknaden, vil innebere at gjennomføring av kvar einskild test vil ta noko lenger tid enn gjennomføring av alkometertest tek i dag. Dette kan tenkast å få visse praktiske konsekvensar for korleis politiet mest mogleg effektivt kan nyttiggjere seg hurtigtestane. Det er ikkje gitt at bruken til alkometra og hurtigtestane vil falle heilt saman.

Departementet sluttar seg til arbeidsgruppa si vurdering av at hurtigtestapparata sine eventuelle veikskapar i høve til oppdaging av visse stofftypar ikkje bør vere ei avgjerande innvending mot at ein innfører lovheimel for og tek i bruk slike hurtigtestar.

I høyringa vart det av NTNU og DRK peikt på at hurtigtestane si eventuelle manglande evne til oppdaging av visse stofftypar ikkje må få negative trafikktryggleikskonsekvensar gjennom at politiet «stolar blindt» på testane, og dermed let sjåførar køyre vidare utan nærare kontroll dersom hurtigtesten er negativ. Ved kontroll av ein motorvognførar skal politiet gjere ei totalvurdering av alle relevante omstende. Sjølv om ein hurtigtest gir negativt resultat kan likevel andre tilhøve, typisk observasjonar av køyreåtferd, lukt, ytre teikn og symptom, gi politiet «grunn til å tro» at vedkomande har gjort seg skuldig i brot på vegtrafikklova § 22. Politiet kan då likevel framstille vedkomande for vidare etterforskingssteg, gjennomføring av test av teikn og symptom og/eller blodprøve og klinisk lækjarundersøking.

Heimel til å gjennomføre hurtigtest ved trafikkontroll gir også politiet høve til å observere fleire førarar på nært hald og over ei viss tid. Dette aukar politiet sine moglegheiter til å avdekkje ruspåverka køyring gjennom observasjonar. Ein relativt sett stor del av norske polititenestemenn har opplæring i å identifisere stoffpåverknad gjennom observasjon av teikn og symptom. Trass i at ein i Noreg til no ikkje har hatt heimel til å foreta særskilt kontroll av køyring under påverknad av andre rusmiddel enn alkohol utan grunngitt mistanke, avdekker Noreg, samanlikna med andre land, eit relativt sett stort tal førarar påverka av andre rusmiddel enn alkohol. Negativ hurtigtest vil difor ikkje i seg sjølv medføre at den kontrollerte føraren ikkje vert gjenstand for ytterlegare vurdering og eventuelle vidare etterforskingssteg, jf. omtale over.

Departementetser heller ikkje at dei operative utfordringane politiet måtte møte, til dømes i form av at gjennomføring av kvar einskild hurtigtest vil ta noko lenger tid enn gjennomføring av alkometertest, kan vere avgjerande innvendingar mot innføring av lovheimel for bruk av hurtigtestar. Slike hurtigtestar vil uansett representere ei forbetring i politiet sine moglegheiter til å avdekke køyring påverka av andre stoff enn alkohol. Politiet vil sjølve kunne tilpasse bruken av hurtigtestane slik at desse vert nytta på ein mest mogleg ressurseffektiv måte, mellom anna med omsyn til både trafikktryggleiken og trafikkavviklinga.

Utviklinga av hurtigtestapparat er i ein relativt tidleg fase. Det er ikkje usannsynleg at det om relativt få år vil vere tilgjengeleg apparat som er enda meir pålitelege, som har enda betre evne til å oppdage dei ulike stofftypane, og som gjennomførar kvar test enda raskare. Departementet meiner likevel at ein allereie på noverande tidspunkt bør etablere naudsynt heimelsgrunnlag og ta i bruk slik hurtigtesting. Allereie no kan ein forvente at tiltaket vil gi trafikktryggleiksgevinst. Etter kvart som utviklinga aukar kvaliteten på hurtigtestapparata vil ein kunne heve ambisjonsnivået og kvalitetsforventingane.

Politidirektoratet har nedsett ei arbeidsgruppe som gjer vurderingar i høve til potensielle hurtigtestapparat og utarbeiding av tilbodsutlysing med kravsspesifikasjon til aktuelle hurtigtestapparat. Denne arbeidsgruppa fylgjer utviklinga i det tidlegare nemnde DRUID-prosjektet. Dersom Stortinget fylgjer opp regjeringa sitt forslag om å innføre lovheimel for å ta i bruk slik hurtigtesting, vil Politidirektoratet lyse ut ein tilbodskonkurranse for innkjøp av hurtigtestapparat til politiet. Departementet legg til grunn at den type hurtigtestapparat som måtte bli kjøpt inn vil tilfredsstille ovannemnde kvalitetsføresetnader.

Vidare syner departementet til at Politidirektoratet har utarbeidet en instruks for bruk av alkotest (førebels blåseprøve) i vegtrafikk- og sjøsaker (instruks GP-4020). Departementet legg til grunn at ein tilsvarande instruks, med naudsynte tilpassingar, vil bli utarbeidd for bruk av aktuelle hurtigtestar.

Vegtrafikklova § 22 a fjerde ledd gir heimel for utarbeiding av nærare reglar om dei testmetodar som paragrafen sine andre ledd nemner. Dette inneber at dersom ein i arbeidet med å ta i bruk slike hurtigtestar, eller gjennom erfaring med bruken av slike testapparat, kjem til at det er behov for ei slik forskriftsregulering, vil Samferdselsdepartementet og/eller Justis- og Politidepartementet fylgje det vidare opp.

Departementet vil ha kontakt med justisstyresmaktene i førebuingane med å legge til rette for å ta til med bruk av slik hurtigtesting.

Departementetsluttar seg til arbeidsgruppa sitt forslag om at konsekvensen av manglande medverknad til hurtigtest for å avdekke køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol, bør vere tilsvarande som for manglande medverknad til alkotest. Dette inneber at manglande medverknad til hurtigtest normalt vil medføre framstilling etter vegtrafikklova § 22 a andre ledd.

5.4.2 Heimelsgrunnlaget for bruk av metoden «teikn og symptom»

Det er berre Riksadvokaten som har kommentert dette endringsforslaget frå arbeidsgruppa. Riksadvokaten uttalar:

«En ser ikke tungtveiende betenkeligheter ved at bestemmelsen innfører et hjemmelsgrunnlag for å avdekke påvirkning av andre stoffer enn alkohol etter kriteriet «grunn til å tro» at det foreligger overtredelse av vegtrafikkloven § 22. Som påpekt av arbeidsgruppen, er det tilsvarende krav som stilles for å fremstille noen for utåndingsprøve, blodprøve og klinisk legeundersøkelse. Noen saklig grunn til å sette strengere krav til testing av tegn og symptomer foreligger neppe, og det synes upraktisk å operere med forskjellige vilkår for de ulike undersøkelsene.»

5.4.3 Spyttprøve som supplement til blodprøve og lækjarundersøking

Oslo politidistrikt og DRK har sett fram merknadar til dette forslaget til endring av vegtrafikklova § 22 a andre og tredje ledd.

Via Politidirektoratet gir Oslo Politidistrikt uttrykk for fylgjande:

«I forslaget er det lagt til grunn at spyttprøve kan tas av lege, sykepleier eller bioingeniør. I forbindelse med deltagelse i forskjellige prosjekter har tjenestemenn ved Oslo pd bistått FHI med å samle spyttprøver (referanseprøver). Utstyret man har fått tildelt av FH1 til dette bruk har vært meget enkelt å bruke. I disse dager pågår det et nytt prosjekt med innsamling av spyttprøver. Denne gangen er det riktig nok leger som forestår innsamlingen, men utstyret som benyttes er så enkelt å bruke at enhver tjenestemann kunne foretatt innsamlingen. Systemet har til og med en egen indikasjon som viser når det er avgitt tilstrekkelig spytt. Det anbefales derfor at det legges til rette for at tjenestemenn kan foreta spyttprøver spesielt med tanke på muligheten for at man i framtiden kan bruke spytt på lik linje med blod for domfellelse. Å bruke spytt vil være svært ressursbesparende, i tillegg til at det vil være en lite inngripende måte å innhente bevis på.»

DRK uttalar at:

«det er hensiktsmessig at spytt brukes som analysemedium, noe som er lite inngripende. Andre medier, herunder urin, virker i dag mindre egnet som screeninganalyse ved vegtrafikk-kontroller m.m. Vi støtter også forslaget om at spyttprøver kan benyttes som et supplement til blodprøver for å avdekke inntak av gitte substanser som har lengre påvisningstid i spytt enn i blod og/eller urin. Vi mener at det fortsatt bør være aktuelt å innhente urinprøve sammen med blodprøven.»

Samferdselsdepartementet finn det tenleg å presisere at det må skiljast mellom spyttprøve innhenta ved hurtigtesting etter vegtrafikklova § 22 a fyrste ledd og den spyttprøva som vert foreslått skal kunne innhentast med heimel i vegtrafikklova § 22 a andre ledd, i samband med at den sikta vert framstilt for blodprøve og klinisk lækjarundersøking.

Departementet understreker at det her er tale om innhenting av spytt til bruk ved ein innleiande screening/kartlegging av kva for stoff den sikta føraren verkar ha i kroppen. Departementet sluttar seg til føresetnaden lagt til grunn av arbeidsgruppa, om at spyttprøve innhenta med heimel i vegtrafikklova § 22 a andre ledd ikkje bør ha sjølvstendig bevisverdi. Innhenting av spyttprøve etter vegtrafikklova § 22 a vil utelukkande vere eit verkty for lettare å kunne avdekke påverknad av andre rusmiddel enn alkohol ved etterfylgjande analyse av blodprøve. Ei slik kartlegging vil særleg kunne vere nyttig for lettare å kunne avdekke heroinpåverknad.

Innhenting av spyttprøve etter vegtrafikklova § 22 a andre ledd vil berre skje i saker der det også vert innhenta blodprøve. Det er dermed praktisk for både lækjar, politi og sikta at blodprøvetaking og innhenting av spyttprøve skjer samstundes. Fylgjeleg vil det ikkje vere meir ressurskrevjande at lækjar, sjukepleiar eller bioingeniør innhentar spyttprøva, enn om ein polititenestemann gjer det. Ei slik løysing kan til og med hevdast å vere mest ressurseffektiv.

Funn i spyttet vil indirekte eller direkte kunne ha innverknad på kva for stoff og stoffmengder ein gjennom analyse av blodprøva kan påvise i kroppen til vedkomande førar. At desse spyttprøvene vert innhenta av lækjar, sjukepleiar eller bioingeniør er i tillegg med på å sikre tillita til denne testforma. På denne bakgrunn finn departementet det er mest tenleg å vidareføre arbeidsgruppa sitt forslag til regel i vegtrafikklova § 22 a tredje ledd, om at spyttprøve etter vegtrafikklova § 22 a andre ledd berre skal kunne innhentast av lækjar, sjukepleiar eller bioingeniør.

Til forsida