Prop. 9 L (2010–2011)

Endringar i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk (endringar relatert til ruspåverka køyring m.m.)

Til innhaldsliste

2 Endringar i vegtrafikklova relatert til ruspåverka køyring

2.1 Bakgrunn for lovframlegget

2.1.1 Innleiing

Ved sidan av Sverige, Storbritannia og Nederland, har Noreg over tid hatt dei beste resultata i trafikktryggleiksarbeidet. Norsk politi vert rekna for å vere dugande til å avdekke køyring påverka av andre stoff enn alkohol, typisk gjennom politiet sine kunnskapar om og erfaring i å vurdere teikn og symptom på ruspåverka køyring hjå førarane. Samanlikna med andre land vert det i Noreg straffa mange for køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol.

For ytterlegare å nærme seg visjonen om null hardt skadde og drepne i vegtrafikken, trengs likevel nye og forbetra trafikktryggleikstiltak. Empiri syner at køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol er eit monaleg trafikktryggleiksproblem og at omfanget av slik køyring har auka dei siste 10-20 åra.

Statistikk

Ei norsk undersøking av førarar som omkom i ulukker i tidsrommet 1994-99, indikerte at ca. 20 % av førarane var påverka av alkohol, medan 27 % var påverka av andre stoff, illegal narkotika eller medikament innteke i medhald av resept. I ein norsk studie frå 1989-90, som undersøkte ulukker der berre eit køyrety var innblanda, vart alkohol eller andre rusmiddel påvist hjå cirka 50 % av dei drepne førarane. Ved tilsvarande undersøking utført i 2001-02, vart alkohol og stoff påvist hjå 2 av 3 drepne førarar i slike eineulukker. Desse studiane indikerar også at førekomsten av andre rusmiddel enn alkohol auka markert i denne tiårsperioden, frå å verte påvist i om lag 20 % av dei drepne førarane i 1989-90, til å verte påvist i om lag 40 % av dei drepne førarane i 2001-02.

Frå april 2005 til mars 2006 gjennomførte Nasjonal Folkehelseinstitutt (FHI), Transportøkonomisk institutt (TØI) og Utrykkingspolitiet (UP) ei større vegkantundersøking. Undersøkinga hadde til formål å kartlegge kor stor del av sjåførane som køyrde med alkohol og/eller andre rusmiddel i kroppen. Innhentinga av prøvemateriale var basert på at førarane friviljug gav ei spyttprøve. Undersøkinga indikerte at 0,5 % av førarane hadde alkoholkonsentrasjon i kroppen høgare enn 0,2 promille. Ein prosent av førarane hadde illegale narkotika i kroppen, til dømes fanst THC (verkestoffet i cannabis) i 0,7 % av prøvene - medan 4,5 % av førarane hadde minst eitt potensielt rusgivande reseptpliktig medikament i kroppen. Til sistnemnde opplysing skal likevel poengterast at det er grunn til å tru at ikkje alle som hadde reseptpliktige medikament i kroppen brukte og/eller hadde skaffa desse til vege på lovleg vis. FHI estimerar at om lag 1 % av dei som hadde andre stoff enn alkohol i kroppen kan ha vore under slik påverknad at dei utgjorde ei trafikkfare.

Medan omfanget av køyring påverka av andre stoff enn alkohol verkar å ha gått opp siste 10-20 år, indikerer vegkantundersøkinga at omfanget av alkoholpåverka køyring kan ha gått noko ned. Denne tendensen vert også underbygd av politiet og påtalemakta sine statistikkar over pågripne og domfelte for ruspåverka køyring.

Ei ny tilsvarande vegkantundersøking vart gjennomført mars 2008 til april 2009. Førebels tal frå denne verkar å stadfeste tendensane frå vegkantundersøkinga av 2005-2006.

Mange av dei som vert pågripne mistenkte for ruspåverka køyring er gjengangarar, særleg gjeld dette når påverknaden skuldast andre rusmiddel enn alkohol. Det er personar i aldersgruppa under 35 år som oftast vert pågripne mistenkte for ruspåverka køyring – særleg personar i aldersgruppa 18-22 år. Fleire menn enn kvinner vert pågripne mistenkte for ruspåverka køyring. Studiar indikerar at ein stor del av dei som vert pågripne mistenkte for ruspåverka køyring nyttar rusmiddel regelmessig og omfattande. Talmateriale syner at det svært ofte gjer seg gjeldande tilfeller av kombinasjonsrus – det vere seg kombinasjon av alkohol og eitt eller fleire andre stoff, eller kombinasjonar av andre stoff enn alkohol.

2.1.2 Formålet med lovendringane

Promillegrensa på 0,2 gjeld utan omsyn til eventuell individuell utvikling av påverknadstoleranse hjå føraren. Det kan difor synast paradoksalt at det etter gjeldande rett vert teke høgde for påverknadstoleranse hjå førarar som har innteke ulovleg narkotika. Etter gjeldande vegtrafikklov vert ein berre straffa for køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol når ein etter ei individuell vurdering finn at inntaket av slike middel må ha ført til nedsetjing av køyredugleiken.

Etter gjeldande rett kan politiet berre ta etterforskingssteg mot førarar som ein har grunn til å tru er påverka av andre stoff enn alkohol. Mogleg alkoholpåverking kan ein kontrollere utan at det vert stilt krav til mistanke mot vedkomande. Dette mistilhøvet i regelverket har samanheng med at det tidlegare ikkje har funnest tenlege apparat til bruk for hurtigtesting av mogleg påverknad av andre stoff enn alkohol.

Erfaringane ein har hausta etter at promillegrensa vart seinka frå 0,5 til 0,2 er positive. Lovendringa har medført at færre køyrer med lågpromille i området 0,5 til 0,2 promille – noko som sannsynlegvis har samanheng med at promillegrensa på 0,2 i praksis utelukkar at ein kan drikke sjølv små mengder alkohol og køyre etterpå. Ei slik markering av at alkohol og føring av motorvogn ikkje høyrer saman, var tilsikta frå lovgivar si side ved innføring av 0,2-grensa, jf. Ot.prp. nr. 26 (1999-2000).

Hovudføremålet med lovendringane i denne proposisjonen er å forbetre trafikktryggleiken.

Ved innføring av svært låge lovfastsette grenser for når ein i alle tilfelle vert rekna som påverka av andre rusande eller døyvande middel enn alkohol, vert forbodet mot køyring under påverknad av andre rusmiddel etter vegfrafikklova innskjerpa. Dei låge lovfastsette grensene vil vere baserte på eit utgangspunkt om nulltoleranse for føring av motorvogn under påverknad av andre rusgivande stoff enn alkohol. Lovendringa inneber at terskelen for kva som vert rekna som ulovleg påverknad etter vegtrafikklova vert monaleg seinka. Det vert foreslått at ein ved vurdering av om vedkomande er påverka, ikkje lenger skal ta høgde for eventuell utvikla påverknadstoleranse.

Innføringa av ei slik nulltoleransetilnærming vil vonleg styrke ålmennprevensjonen. Lovfastsette grenser basert på eit nulltoleranseprinsipp vil innebere ei tydeleg markering av at bruk av rusmiddel og føring av motorvogn ikkje høyrer saman. Lovendringa har fylgjeleg også som siktemål å forhindre at det vert ført motorvogn med låg grad av stoffpåverknad, til dømes som fylgje av at ein «spekulerer» i at eit lågt stoffinntak vil vere mogleg utan å verte ramma av vegtrafikklova. Ein vonar at innføring av låge legalgrenser baserte på ei nulltoleransetilnærming, vil skape ein signaleffekt som gir trafikktryggleiksgevinstar.

Fleire av formåla som ligg til grunn for lovforslaga i denne proposisjonen, låg også bak seinkinga av promillegrensa til 0,2, jf. Ot.prp. nr. 26 (1999-2000).

Lovendringa har også til formål å skape betre samsvar mellom vegtrafikklova sine reglar om alkoholpåverka køyring og lova si regulering av køyring under påverknad av andre stoff. Ein ynskjer å fjerne det mishøvet som i visse situasjonar har gjort seg gjeldande mellom terskelen for å bli straffa for promillekøyring (promillegrensa på 0,2) og terskelen for å bli straffa for køyring påverka av andre stoff. Innføring av faste grenser for når ein i alle tilfeller vert rekna som påverka av andre rusande eller døyvande middel i vegtrafikklova sin forstand, vil gi ei lovordning som på mange måtar vil ha mykje til felles med promillegrensa på 0,2.

Innføring av lovfastsette grenser har også til formål å redusere prosesskostnadane knytt til etterforsking av og gjennomføring av straffesaker om køyring påverka av andre stoff enn alkohol. Mellom anna forventar ein at lovendringa vil medføre ein reduksjon i politiet sitt behov for å innhente sakkunnigfråsegner og at fleire sakstilhøve kan avgjerast som tilståingssaker for tingretten.

For betre å kunne avdekke køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol vert det gjort framlegg om å endre vegtrafikklova § 22 a. for å gi politiet heimel til å kunne utføre spyttbasert hurtigtesting. Forslaget inneber mellom anna at ein andsynes førarar som vert stogga ved trafikkkontroll skal kunne gjennomføre slik hurtigtesting utan krav til mistanke mot vedkomande. Slik hurtigtesting vil forbetre politiet sine moglegheiter til å kunne avdekke køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol, og med det auke risikoen for å bli oppdaga dersom ein fører motorvogn etter inntak av rusgivande stoff.

Skjerping av forbodet mot ruspåverka køyring gjennom innføring av lovfastsette grenser, i kombinasjon med noko auka oppdagingsrisiko som fylgje av at politiet tek i bruk hurtigtesting, vil saman medverke til at trusselen om straff for ruspåverka køyring vert meir nærliggande for motorvognførarane. Det er grunn til å tru at ein meir nærliggande trussel om straff for ruspåverka køyring vil gi trafikktryggleiksgevinst.

Førarar under 25 år er overrepresenterte både i ulukkesstatistikken og i statistikken over dei som vert straffa for ruspåverka køyring. Ein finn difor grunn til å treffe særlege tiltak ovenfor yngre og nyare førarar. Det gjerast framlegg om å senke terskelen for tap av føreretten ved straff for ruspåverka køyring for personar med føreretten på prøve. Lovforslaget har til formål å redusere talet på unge førarar og passasjerar som er innblanda i rusrelaterte trafikkulukker og redusere talet på unge førarar som vert straffa for ruspåverka køyring.

Vegtrafikklovgivinga krev at den som skal ha førarkort ikkje skal misbruke alkohol, narkotika eller lækjarmiddel. Undersøkingar indikerer at førekomsten av rusproblem er høgare mellom dei som vert straffa for ruspåverka køyring enn mellom folk elles.

Etter vegtrafikklova har politiet heimel til å påleggje lækjarundersøking når det ligg føre skilleg grunn til å mistenke at førarkorthavaren ikkje fyller krava til helse. Det synest likevel å ha vore noko uklart for politiet om dei har rett til å påleggje lækjarundersøking ved mistanke om at førarkorthavaren misbrukar rusgivande stoff.

Gjennom lovendring vil ein difor presisere politiet sin heimel til å påleggje førarkorthavaren lækjarundersøking ved skilleg grunn til mistanke om misbruk av rus- eller lækjarmiddel. Ein klar tilgang for politiet til å undersøke nærare om sannsynlege rusmisbrukarar oppfyller vilkåra for å ha førerett, vil kunne medverke til forbetra trafikktryggleik ved at fleire potensielle rusa førarar vert tekne ut av trafikken. Denne endringa må sjåast i samanheng med at ein også tek sikte på å endre førarkortforskrifta, slik at framlegging av lækjarattest vert obligatorisk for alle som søkjer om å få føreretten attende, etter å ha mista den som fylgje av rusrelaterte tilhøve.

2.1.3 Arbeidsgruppe

Ved brev av 23. mai 2007 sette Samferdselsdepartementet, i samråd med Justis- og politidepartementet, ned ei arbeidsgruppe som skulle greie ut og vurdere moglege endringar i vegtrafikklova relatert til andre rusmiddel enn alkohol. Arbeidsgruppa var sett saman av representantar frå Samferdselsdepartementet (leiar og sekretær), Justis- og politidepartementet, Utrykkingspolitiet (representerte Politidirektoratet), Oslo politidistrikt (påtalemakta sin representant) og Nasjonalt folkehelseinstitutt. Arbeidsgruppa vart gitt fylgjande mandat:

«Arbeidsgruppen skal utrede følgende forslag til endringer i vegtrafikkloven:
  • innføre nullgrense for illegal narkotika samt faste grenser for en del andre stoffer (narkotikaklassifiserte legemidler og ordinære legemidler),

  • innføre hjemmel til kontroll av motorvognfører ved bruk av «narkometer» eller lignende uten krav til mistanke om påvirkning (jf. vegtrafikkloven § 22 a,

  • innføre særlige straffebestemmelser knyttet til føring av motorvogn i strid med grenser som nevnt i første strekpunkt,

  • utvide hjemmelen til å nedlegge bruksforbud (avskilte kjøretøyet) som følge av føring av motorvogn i strid med grenser som nevnt i første strekpunkt (jf. vegtrafikkloven § 36 nr. 2 c).

  • se på konsekvensene for førerett og løyve knyttet til føring av motorvogn i strid med grenser som nevnt i første strekpunkt.

Arbeidsgruppen skal videre se på politiets bruk av vegtrafikkloven § 34 femte ledd - bruk av hjemmelen til å tilbakekalle føreretten på grunnlag av manglende edruelighet mv. Det vil si vurdere muligheten for en innskjerping av håndhevingen innenfor gjeldende regler».

Den 19. mars 2009 overleverte arbeidsgruppa rapporten «Kjøring under påvirkning av andre rusmidler enn alkohol. Forslag til endringer i vegtrafikkloven» til Samferdselsdepartementet. Arbeidsgruppa sin rapport inneheldt fleire framlegg til endringar av vegtrafikklova sine reglar om ruspåverka køyring, mellom anna innføring av nulltoleranse for narkotikapåverka køyring og innføring av lovheimel for politiet til hurtigtesting ved trafikkontroll for å avdekke køyring under påverknad av andre rusmiddel enn alkohol.

2.1.4 Generelt om høyringa

Rapporten vart sendt på høyring 30. mars 2009, med høyringsfrist 30. juni 2009, til desse instansane:

  • Departementa

  • Høgsterett

  • Lagmannsrettane

  • Bergen tingrett

  • Oslo tingrett

  • Trondheim tingrett

  • Domstolsadministrasjonen

  • Bioteknologinemnda

  • Datatilsynet

  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

  • Forbrukerombudet

  • Helsedirektoratet

  • Nasjonalt Folkehelseinstitutt

  • Oslo politidistrikt

  • Politidirektoratet

  • Riksadvokaten

  • Sivilombudsmannen

  • Statens havarikommisjon for transport

  • Statens vegvesen, Vegdirektoratet

  • Statistisk sentralbyrå

  • Utrykningspolitiet

  • Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund

  • Bilimportørenes Landsforening

  • Den norske advokatforening

  • Den norske dommerforening

  • Forsvarergruppen av 1977

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

  • Høgskolen i Nord-Trøndelag, avdeling for trafikklærerutdanning

  • Kommunenes Sentralforbund

  • Kongelig Norsk Automobilforbund

  • Landsforeningen for trafikkskadde

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Motorførernes Avholdsforbund

  • Norges Automobil-Forbund

  • Norges Bilbransjeforbund

  • Norges Forsikringsforbund

  • Norges Handikapforbund

  • Norges Juristforbund

  • Norges Lastebileier Forbund

  • Norges Lensmannslag

  • Norges Taxiforbund

  • Norges Turbileierforbund

  • Norsk Bilsportforbund

  • Norsk Motorcykkel Union

  • Norsk Trafikkmedisinsk Forening

  • Norsk Transportarbeiderforbund

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Opplysningsrådet for vegtrafikken

  • Politiembetsmennenes Landsforening

  • Politiets Fellesforbund

  • Statens institutt for rusmiddelforskning

  • Statens legemiddelverk

  • Transportbedriftenes Landsforening

  • Transportøkonomisk institutt

  • Trygg Trafikk

  • Yrkestrafikkforbundet

  • Universiteta i Oslo, Bergen og Tromsø

Følgjande instansar har uttala at dei ikkje har realitetsmerknadar:

  • Høgsterett

  • Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

  • Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Miljøverndepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

  • Statistisk sentralbyrå

Følgjande instansar har realitetsmerknadar:

  • Finansdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Justis- og politidepartementet

  • Borgarting lagmannsrett

  • Aust-Agder tingrett

  • Domstolsadministrasjonen

  • Datatilsynet

  • Den Rettsmedisinske Kommisjon

  • Helsedirektoratet

  • Nasjonalt Folkehelseinstitutt

  • Politidirektoratet

  • Riksadvokaten

  • Statens havarikommisjon for transport

  • Statens vegvesen, Vegdirektoratet

  • NTNU

  • Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund

  • Den norske advokatforening

  • Motorførernes Avholdsforbund

  • Norges Automobilforbund

  • Norges Lastebileier-Forbund

  • Norges Taxiforbund

  • Norsk Motorcykkel Union

  • Politiets Fellesforbund

  • Statens legemiddelverk

  • Transportbedriftenes Landsforening

  • Trygg Trafikk

Høyringsinstansane som har uttala seg er i det alt overvegande positive til arbeidsgruppa sin rapport og tilhøyrande endringsforslag. Dei fleste helsar forslaga velkomen, og vurderer endringsforslaga som viktige tiltak for betre trafikktryggleik og meir effektiv ressursbruk hjå politi, påtalemakt og domstolar.

Dei konkrete merknadane frå høyringsinstansane vil bli handsama i samband med proposisjonen si drøfting av kvart forslag til endringar i vegtrafikklova.

2.2 Historikk

2.2.1 Forbodet mot ruspåverka køyring

Promillekøyring vart kriminalisert i Noreg i 1912. Føraren vart straffa dersom han hadde vore rusa («drukken») under køyringa. Motorvognlova av 1926 senka terskelen for å straffe for promillekøyring, ved at «påverka av alkohol» vart innført som lova sitt kriterium. Dersom føraren var «drukken» gav det grunnlag for straffeskjerping. Strafferamma etter 1926-lova var bøter eller fengsel i inntil 3 månader.

Ved lovendring i 1936 vart ei promillegrense på 0,5 innført. Braut ein denne grensa vart ein i alle tilfelle rekna som påverka. På dåverande tidspunkt hadde ein ikkje eit fyllestgjerande vitskapleg grunnlag for å legge til grunn at førarar med promille på 0,5 var påverka i slik grad at det medførte auka ulukkesrisiko.

Forbodet mot å føre motorvogn påverka av «annet berusende og bedøvende middel» enn alkohol vart innført ved endring av motorvognlova 19. juni 1959. Etter dette stod vegtrafikklovgivinga sitt forbod mot ruspåverka køyring i praksis uendra fram til innføringa av promillegrensa på 0,2 i 2001.

2.2.2 Tidlegare utgreiingar

I Ot.prp. nr. 26 (1999-2000) synte Samferdselsdepartementet til vurderinga gitt i St.prp. nr. 1 (1998-99), der departementet - mellom anna under tilvising til at det i Noreg vart avdekt og straffa fleire tilfeller av køyring under påverknad av andre rusmiddel enn alkohol enn i Sverige og Danmark - konkluderte med at eksisterande system fungerte tilfredsstillande. Samferdselsdepartementet varsla likevel at dei ville fylgje utviklinga nøye framover, mellom anna gjennom deltaking i og støtte til arbeid på europeisk plan.

I utgreiinga frå 2000, gjort på oppdrag frå Justis- og politidepartementet, «Arbeidsgruppe I. Prosjekt hurtigere straffesaksbehandling», blir det på s. 109 flg. drøfta om det var mogleg og tenleg å innføre faste grenser for køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol. I innstillinga frå denne arbeidsgruppa heiter det mellom anna at:

«[…] basert på opplysninger fra Statens rettstoksikologiske institutt legger arbeidsgruppen til grunn at det i dag vanskelig kan konstateres på sikkert vitenskaplig grunnlag hvilke verdier som fører til påvirkning av de enkelte stoff. For en rekke av rusmidlene er kunnskapen for mangelfull til at det kan settes en faglig forsvarlig grense».

Arbeidsgruppa såg det som problematisk at ein med faste grenser ville sjå vekk frå toleranseutvikling og andre tilhøve relatert til stoffet sin verknad på den einskilde.

Det vart likevel lagt til grunn at faste påverknadsgrenser kunne gi prosessøkonomisk gevinst i form av mindre etterforskingsbehov og mindre behov for sakkunnigfråsegner, samt at fleire saker kunne avgjerast som tilståingssaker for domstolane.

Arbeidsgruppa konkluderte i utgreiinga med at dei såg innvendingane mot faste grenser som vesentleg større enn effektiviseringsgevinstane ein kunne oppnå. Utan eksplisitt å drøfte ei nullgrense, vart det også uttalt at det «ikke er noen god ordning å velge så lave grenseverdier at personer som ikke er påvirket, blir straffet».

Mandatet til denne utgreiinga var å vurdere lovendringar som kunne medverke til meir effektiv straffesakshandsaming. Ovannemnde problemstillingar vart difor ikkje primært drøfta i eit trafikktryggleiksperspektiv.

I St.prp. nr. 67 (2002-2003) vart det framlagt forslag frå Samferdselsdepartementet om ulike tiltak mot køyring under påverknad av annan rus enn alkohol. Spørsmålet om å innføre ei nullgrense for andre stoff i vegtrafikklova blei også drøfta i proposisjonen, men det blei konkludert med at dette ikkje er eit føremålsteneleg verkemiddel i dag. Stortinget gav ikkje utrykk for noko anna vurdering av nullgrensespørsmålet, jf. Innst. S. nr. 272 (2002-2003), men ba Regjeringa leggje fram «tiltak mot kjøring i narkorus» som ei eiga sak.

I 2005 leverte ei arbeidsgruppe leia av Samferdselsdepartementet ein rapport med framlegg til ei rekkje ulike tiltak mot køyring påverka av andre rusmiddel enn alkohol. Det vart mellom anna tilrådd betre og meir målretta informasjon, auka fokus på andre rusmiddel enn alkohol i føraropplæringa, målretting av trafikkontrollar til tidspunkt og stader der ruspåverka køyring ofte førekjem og satsing på forsking om ruspåverka køyring. Arbeidsgruppa av 2005 tilrådde også at det «innføres legale påvirkningsgrenser for en del hyppig forekommende stoffer, og at grensene settes relativt lavt».

Som eit ledd i oppfylginga av rapporten frå arbeidsgruppa av 2005, jf. St.prp.nr. 1 (2006-2007) (SD) kap. 5.5, sette Samferdselsdepartementet i 2007 ned ei ny arbeidsgruppe som skulle gjere ei nærmare vurdering av moglege tiltak etter vegtrafikklova – eit arbeid som resulterte i rapporten «Kjøring under påvirkning av andre rusmidler enn alkohol. Forslag til endringer i vegtrafikkloven», overlevert til Samferdselsdepartementet 19. mars 2009. Denne proposisjonen er ei oppfylging av tilrådingane gitt i rapporten.

2.2.3 Kontroll av ruspåverka køyring

Vegtrafikklova § 22 a vart føya til ved ei lovendring i 1981. Politiet vart då gitt høve til å ta førebels blåseprøve (alkotest) av motorvognførarar ved trafikkontroll, utan at det vart stilt krav om mistanke. Fram til 1988 var denne kontrollåtgangen avgrensa av at politimeisteren på førehand måtte avgjere at slik alkotesting kunne gjennomførast i samband med den konkrete trafikkontrollen. Ved lovendring av 1988 vart denne avgrensinga oppheva og det har etter dette vore høve til å ta førebels blåseprøve ved alle trafikkontrollar. Ein har ikkje hatt tilsvarande rettslege åtgang til å kontrollere køyring påverka av andre rusmiddel enn alkohol, noko som i hovudsak har hatt samanheng med at ein ikkje tidlegare har hatt testapparat som ein har rekna som tilstrekkeleg pålitelege og operasjonelt eigna.

2.2.4 Ruspåverka køyring og konsekvensar for føreretten

Allereie motorvognlova 1912 inneheldt reglar om inndraging av føreretten når førarkorthavaren vart straffa for brot på motorvognlovgivinga. Motorvognlova 1926 innskjerpa reglane, særleg for promillekøyring. Beslag vart obligatorisk ved mistanke om promillekøyring, og ved straff for promillekøyring skulle førarkortet inndragast for «alltid». Etter tre år kunne Justisdepartementet avgjere at førarkortet skulle leverast attende. I 1959 vart lova endra slik at straff for etterfylgjande alkoholnyting og nekting av blodprøve eller lækjarundersøking vart gjort til grunnlag for tap av føreretten. Same år vart motorvognlova endra slik at også køyring under påverknad av andre stoff enn alkohol vart gjort straffbart, jf. omtale over. Straff for køyring påverka av andre stoff enn alkohol vart dermed også grunnlag for tap av føreretten.

Senkinga av promillegrensa frå 0,5 til 0,2 medførte berre ei mindre senking av terskelen for tap av føreretten. Før senking av promillegrensa skulle føreretten gå tapt i minst eitt år ved straff for ruspåverka køyring. Den tvingande regelen som stilte krav om inndraging i minst eitt år ved straff for ruspåverka køyring, vart ikkje vidareført for promillekøyring i området 0,2 til 0,5 promille. For desse tilfella skulle ein falle attende på regelen i det som no er vegtrafikklova § 33 nr. 1 fyrste ledd. I Ot.prp. nr. 26 (1999-2000) vart det likevel lagt til grunn at inndraging berre skal nyttast i dei grovare tilfella av lågpromillekøyring – «anslagsvis fra 0,4 – 0,45 promille, med mindre det foreligger andre skjerpende omstendigheter». Regelen i forskrift 19. desember 2003 nr. 1164 om tap av retten til å føre motorvogn mv. § 3-1 andre ledd, gir uttrykk for at dersom alkoholkonsentrasjonen under køyringa har vore frå 0,4 til og med 0,5 promille, «bør» tap av føreretten fastsetjast til minst 6 månader.

Motorvognlova 1926 gav uttrykk for at dersom førarkorthavaren sin manglande edruskap gjorde vedkomande mindre skikka til å vere sjåfør, var det grunnlag for tilbakekall. Førearbeida til vegtrafikklova 1965 opplyser at det, trass ordlydsendringar, ikkje var meininga å endre dette. Før lovendring i 2003 var regelen plassert i vegtrafikklova § 33 nr. 1 andre punktum.

Sjølv om gjeldande vegtrafikklov § 34 er meir spesifikk, har det heilt sidan motorvognlova 1926 vore høve for politiet til å påleggje førarkorthavar å underkaste seg lækjarundersøking ved skilleg grunn til å tru at vedkomande ikkje oppfyller vegtrafikklovgivinga sine helsekrav. Frå og med førarkortforskrifta av 1979 har fråver av misbruk av alkohol og andre rusmiddel uttrykkeleg vorte rekna som ein del av helsekrava. Dette kravet vart vidareført ved førarkortforskrifta av 2004.

Til forsida