Prop. 14 L (2014–2015)

Endringar i folketrygdlova og einskilde andre lover (samleproposisjon)

Til innhaldsliste

11 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovforslaget

11.1 Merknader til endringane i folketrygdlova

Til § 4-12

Folketrygdlova § 4-12 gjeld storleiken på dagpengane. I tredje leddet vert det presisert at dagpengane maksimalt kan utgjere 90 prosent av grunnlaget, ikkje medrekna ferietillegget. Når ordninga med ferietillegget vert oppheva, er det heller ikkje naudsynt å presisere at ferietillegget ikkje vert rekna med her.

Til § 4-14

Gjeldande § 4-14 gjeld rett til ferietillegg, og vert oppheva som følgje av at ordninga med ferietillegg til dagpengane vert avvikla.

Til § 8-49 fjerde leddet

Regelen i § 8-49 fjerde leddet tredje punktum, gjeld rett til ferietillegg til dei som mottek sjukepengar på grunnlag av dagpengane, jf. § 8-49 første leddet. Når ordninga med ferietillegg til dagpengane vert oppheva, vert også denne ordninga oppheva.

Til § 15-6

Gjeldande hovudregel om at ein kan få overgangsstønad i inntil tre år, vert endra. Endringa inneber at ein som hovudregel berre kan få overgangsstønad i eitt år fram til barnet fyller åtte år, eventuelt i ein periode fram til barnet får rett til barnehageplass etter barnehageloven § 12 a. Dette inneber ikkje endringar i reglane om høve til utvida stønadsperiode.

Til § 22-8 første leddet

Endringa inneber at det skal gjerast frådrag i etterbetalinga til den forsørgde dersom forsørgjaren på grunn av forsørginga har fått utbetalt eit høgare pensjonstillegg etter § 19-9, eller eit høgare tillegg etter § 19-14 femte leddet, enn han eller ho elles ville ha rett til.

Til § 25-5 a

Departementet foreslår å oppheve reglane om sanksjonar ved sjukmeldars brott på plikt til å delta i dialogmøte.

11.2 Merknader til endringane i folketrygdlova, som vert endra ved lov 16. desember 2011 nr. 59 om endringer i folketrygdloven (ny uføretrygd og alderspensjon til uføre)

Til § 12-14

Paragrafen gjev reglar for reduksjon av uføretrygd mot arbeidsinntekt.

I andre leddet går det fram at uføretrygda skal reduserast når inntekta overstig inntektsgrensa fastsett etter første leddet. Reduksjonen skal svare til den overstigande inntekta multiplisert med ein brøk der uføretrygda ved 100 prosent uføregrad er teljar og inntekta før uførleiken er nemnar (kompensasjonsgraden). Det er tatt inn i føresegna at barnetillegget i slike tilfelle også skal reduserast. Barnetillegget skal likevel ikkje reknast med når kompensasjonsgraden vert fastsett etter § 12-14 andre leddet andre punktum.

Etter tredje leddet skal uføretrygda ikkje betalast ut når pensjonsgjevande inntekt er høgare enn 80 prosent av inntekta før ein vart ufør. Etter forslaget skal barnetillegget heller ikkje betalast ut i desse tilfella.

Til § 12-15

Føresegna er heilt omarbeida for å gi nye reglar om eit standardisert barnetillegg til uføretrygda. Det kan gis barnetillegg til mottakar av uføretrygd som har forsørgingsansvar for barn under 18 år. Etter andre leddet skal barnetillegget graderast med same uføregrad som uføretrygda og reduserast på grunn av arbeidsinntekt etter føresegnene i § 12-14 andre leddet. Barnetillegget skal avkortast tilsvarande dersom trygdetida er kortare enn 40 år.

Til opphevinga av § 12-16

Noverande føresegner gjev reglar om sjølve behovsprøvinga av barnetillegget. Nytt standardisert barnetillegg skal ikkje behovsprøvast, og departementet foreslår difor at paragrafen vert oppheva.

11.3 Merknader til endringane i lov 20. juni 2014 nr. 24 om endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (tilpasninger til ny uføretrygd i folketrygden og ny uførepensjonsordning for offentlig tjenestepensjon) del XVI

Til § 5 andre og tredje leddet

Etter endringslova 20. juni 2014 nr. 24 del XVI vert § 5 noverande andre og tredje leddet endra frå 1. januar 2014. Desse ledda gjeld berre spørsmålet om fastsetjing av forsørgingstillegg til ektemake og barn og vil ikkje lenger vere aktuelle etter avviklinga av desse tillegga. Ein foreslår difor at endringane i § 5 andre og tredje leddet vert oppheva, slik at avviklinga av forsørgingstillegga kan skje berre ved endringar direkte i lova om supplerande stønad, sjå merknaden til § 5 i endringslova avsnitt VI.

Til § 6 første leddet

Etter endringslova 20. juni 2014 nr. 24 del XVI vert noverande § 6 omformulert. I første leddet er det ei tilvising til § 5 første leddet bokstav c. Etter lovendringa som følgjer av avviklinga av forsørgingstillegga for ektemake og barn, vert bokstav c ny bokstav b, sjå merknaden til § 5 i endringslova avsnitt VI. Tilvisinga i § 6 første leddet i endringslova vert endra tilsvarande som ein konsekvens av dette.

11.4 Merknader til endringane i lov 29. april 2005 nr. 21 om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg

Til § 5

Endringa inneber at forsørgingstillegg til ektemake/sambuar og/eller barn fell bort. Etter endringa er det berre to stønadsnivå i ordninga, minste pensjonsnivå med høg sats for einslege stønadstakarar og for stønadstakarar med ektemake som ikkje har fylt 67 år (bokstav a), og minste pensjonsnivå med ordinær sats for kvar av ektemakane når begge har fylt 67 år. Nivået for personar med ektemake under 67 år vert det same som for einslege og går fram av § 5 bokstav a. Noverande bokstav c om nivået for ektemakar/sambuarar som begge har fylt 67 år, vert ny bokstav b.

Noverande § 5 andre, tredje og fjerde leddet er ikkje tekne med i forslaget til endra § 5 og fell dermed bort.

Ein viser også til merknadene til endringane i lov 20. juni 2014 nr. 24 del XVI.

Til § 9

Endringa inneber at ei tilvising til § 5 vert oppdatert som følgje av endringane i denne paragrafen.

Til § 13 fjerde leddet

Endringa inneber at tilvisinga til forsørgingstillegg i noverande § 5 vert tatt bort, som følgje av at forsørgingstillegg til ektemake/sambuar og/eller barn no vert avvikla.

Til § 21 andre leddet

Endringa er ein konsekvens av lovendringa i § 5. Noverande § 21 har reglar om personleg frammøte for å kontrollere at den det ytast stønad til eller forsørgingstillegg for, ikkje har hatt opphald i utlandet utover grensa i lova. Etter forslaget til endringar i lova § 5 spelar det inga rolle for storleiken på stønaden om den som får supplerande stønad har ein ektemake under 67 år. Det er da heller ikkje grunn til å kontrollere opphald i utlandet for ein slik ektemake.

11.5 Merknader til endringane i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott

Til § 4 første leddet bokstav b

Paragrafen inneheld reglar om opphøyr av retten til bidragsforskott. I noverande § 4 første leddet bokstav b fell retten til bidragsforskott bort om ein einsleg forsørgjar tek i mot ytingar «til livsopphold», mellom anna ytingar etter kapittel 10. Folketrygdlova kapittel 10 hadde tidlegare reglar om rehabiliteringspengar, som no er erstatta av arbeidsavklaringspengar etter folketrygdlova kapittel 11. Ytingane etter kapittel 10 omfattar ikkje lenger ytingar av denne arten. Om ein einsleg forsørgjar mottek yting etter noverande folketrygdlova kapittel 10, skal retten til bidragsforskott ikkje falle bort. Kapittel 10 vert difor fjerna i opprekninga i forskotteringslova § 4 første leddet bokstav b.

Det er også behov for ei oppdatering av formålet med ytingane som gjer at retten til bidragsforskott fell bort. Uttrykket «ytelser til livsopphold» i denne føresegna vert endra til «ytelser som har til formål å sikre inntekt», som er i tråd med formålet med dei aktuelle ytingane slik dette er formulert i folketrygdlova i dag.

Til § 9 fjerde leddet

Paragrafen inneheld reglar om bidragsfuten sin rett til å hente inn opplysningar frå arbeidsgjevar m. fl. etter reglane i barnelova. Barnelova sin regel om dette var tidlegare i barnelova § 10 andre leddet, men er flytt til same lova § 70 sjuande leddet. Forskotteringslova § 9 fjerde leddet vert endra for å vise til regelen om innhenting av opplysningar der den er å finne no.

11.6 Merknader til endringa i arbeids- og velferdsforvaltningslova § 16

Overskrifta i § 16 vert endra for å reflektere at føresegna får eit større verkeområde. Nytt andre punktum inneber at einskilde sentrale opplysningar om individuelle kommunale stønadssaker kan gjerast tilgjengelege for tilsette ved Arbeids- og velferdsetaten si kontaktsenterteneste. Føresegna gjeld berre eit utval sentrale opplysingar om den einskilde brukar og opnar ikkje for full tilgang til dei kommunale sakshandsamarsystema. Døme på opplysingar som gjerast tilgjengelege, er vedtak om stønad, opplysingar om utbetaling, vilkår for utbetaling samt ei oversikt over mottekne dokument i saka.

11.7 Merknader til endringa i konkurslova § 67

Tilvisninga til lønnsgarantilova § 1 vert endra frå tredje leddet andre og tredje punktum til fjerde leddet nr. 1 og nr. 2 første punktum. Dette inneber ikkje nokon endring av det materielle innhaldet i føresegna.

11.8 Merknader til endringane i dekningslova § 9-3

Tilvisninga i dekningslova § 9-3 første leddet nr. 1 andre leddet tredje punktum vert endra frå lønnsgarantilova § 1 tredje leddet andre punktum til lønnsgarantilova § 1 fjerde leddet nr. 1, og frå lønnsgarantilova § 1 tredje leddet tredje og femte punktum til lønnsgarantilova § 1 fjerde leddet nr. 2. Det materielle innhaldet i føresegna endrast ikkje.

Til forsida