Prop. 14 L (2014–2015)

Endringar i folketrygdlova og einskilde andre lover (samleproposisjon)

Til innhaldsliste

2 Oppheving av ordninga med ferietillegg til dagpengane – folketrygdlova § 4-14 og § 8-49

2.1 Innleiing

Departementet foreslår å oppheve ordninga med ferietillegg til dei som mottek dagpengar under arbeidsløyse eller som får sjukepengar på grunnlag av dagpengane.

2.2 Gjeldande rett

Etter folketrygdlova § 4-14 får dei som har mottatt dagpengar i åtte veker eller meir, utbetalt eit ferietillegg på 9,5 prosent av brutto utbetalte dagpengar. Tillegget vert utbetalt etter årsskiftet i året etter at dagpengane var utbetalt. Bakgrunnen for ordninga med ferietillegg, er at dagpengemottakarar ikkje kan ta ferie i ordinær forstand, utan at dagpengane fell bort. Ein skal melde frå til Arbeids- og velferdsetaten dersom ein i ei meldeperiode ikkje har vore disponibel for arbeidstilbod, t.d. fordi ein har hatt ferie eller på anna måte ikkje har vore reell arbeidssøkjar.

Arbeidssøkjarar som vert sjuke medan dei mottek dagpengar, kan få sjukepengar etter folketrygdloven § 8-49 første ledd. Sjukepengegrunnlaget vert fastsett lik dagpengane. Dei som mottek sjukepengar etter desse reglane, kan også få ferietillegg på 9,5 prosent, sjå § 8-49 fjerde ledd tredje punktum.

2.3 Vurderingar og forslag

I utgangspunktet var dagpengesystemet utforma slik at dei dagpengemottakarane som meldte frå at dei pga. ferie ikkje var tilgjengelege for arbeid, ville miste dagpengane i det aktuelle tidsrommet. Sidan dagpengemottakarane plikter å vere aktive arbeidssøkjarar og disponible for arbeid, vart dagpengemottakarar på ferie ikkje vurdert som reelle arbeidssøkarar i den perioden han eller ho var på ferie. Av velferdspolitiske grunnar vart difor ferietillegget innført i ordninga i mai 1978, jf. Ot.prp. nr. 4 (1977–78). Tanken var at dagpengemottakarar burde kunne ta ferie frå den aktive arbeidssøkjaraktiviteten utan å lide eit økonomisk tap.

Ferietillegget gjer at bruttokompensasjonen i dagpengeordninga stig frå om lag 62,4 til 68,3 prosent for dei som får dagpengar i meir enn åtte veker. Korkje nivået eller inngangsvilkåret har særskilt arbeidsmarknadsfagleg grunngivning, og hadde det heller ikkje då ordninga vart innførd.

Ferietillegget vert utbetalt i januar året etter utbetalinga av dei dagpengane som dannar grunnlaget for berekninga, og for dei fleste kjem utbetalinga etter at dei har fått nytt arbeid. Ordninga er difor ei lite målretta overføring til personar i arbeid. Ferietillegget inneber dessutan at kompensasjonsgraden er høgare for dei som er ledige lengre enn åtte veker. Dette kan gi ein uheldig insentiveffekt. Det er heller ikkje heldig at dei som tar ferie utan å opplyse om dette til Arbeids- og velferdsetaten, og difor ikkje får dagpengane redusert, kjem betre ut enn dei som melder frå om ferien og får dagpengane stoppa i ferietida.

Ferietillegget til dei særskilde sjukepengane som er heimla i folketrygdlova § 8-49 fjerde ledd, vart grunngjeve på same måte som ferietillegget til dagpengane. Som følgje av at ferietillegget til dagpengane vert avvikla, bør difor det særlege ferietillegget til sjukepengane også avviklast. Departementet foreslår difor å oppheve folketrygdlova § 8-49 fjerde ledd tredje punktum. Departementet foreslår ikkje endringar i dei ordinære reglane for feriepengar av sjukepengar etter folketrygdlova § 8-33.

Departementet viser til lovforslaget.

2.4 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringa trer i kraft 1. januar 2015, men slik at dei som har tent opp rett til ferietillegg i 2014, får dette utbetalt som om reglane fortsett gjeld. Departementet kan gi nærmare reglar om dette i forskrift.

Endringa vil ikkje ha økonomiske konsekvensar i 2015, men vil føre til ein reduksjon av dagpengeutbetalingane for 2016 på om lag 1 milliard kroner. Avviklinga av ferietillegget inneber også ei administrativ forenkling.

Til forsida